SULDAL KOMMUNE KONKURRANSEGRUNNLAG BUSTAD FOR VANSKELIGSTILTE TOTALENTREPRISE INNLEVERINGSFRIST: 01.03.2015 kl.12 Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 1 av 11
INNHOLDSFORTEGNELSE 1 OM KONKURRANSEN... 3 2 KVALIFIKASJONSKRAV... 6 3 TILDELINGSKRITERIER... 7 4 FUNKSJONSBESKRIVELSE... 9 5 KONTRAKTSVILKÅR... 10 Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 2 av 11
1 Om konkurransen 1.1 Generelt Me inviterer til konkurranse med forhandling for oppføring av 4 bustader for vanskeligstilte på bnr/gnr 103/238 i Maleniusåsen på Sand i Suldal kommune. Tomta er kommunal og er regulert til bustadføremål. Det vil vere opp til anbydar å kome med forslag til løysing. Bilete i frå Statens kartverk. Bygget på tomta er riven. Tomta er byggeklar. Bueingane skal leverast nøkkelferdige. Det er ein føresetnad at einingane oppfyller Husbanken sine krav, jfr Retningslinjer om tilskudd til utleieboliger fra Husbanken. 1.2 Synfaring Det blir felles synfaring og møte tysdag 2. februar kl 10:00-14:00. Oppmøte på kommunehuset på Sand. Det vil bli ført referat frå synfaringa og møte. Referatet vil bli rekna som ein del av konkurransegrunnlaget. 1.3 Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar er Suldal kommune. All kontakt som gjeld denne avtalen skal rettast til: Kontaktperson Tittel Tlfnr E-post Lauritz Lauritzen Bygg- og eigedomssjef 91379139 Lauritz.lauritzen@suldal.kommune.no Ronny Mehus Rugland Økonomirådgjevar 95731667 Ronny.rugland@suldal.kommune.no Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 3 av 11
1.4 Regel og prosedyre Denne konkurransen blir handsama som anbodskonkurranse del II, i høve Lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Vi har valt å gå for konkurranse med forhandling, som vil blir gjort i samsvar med 11-8 i forskriften. Anbodskonkurransen er kunngjort i Doffin-basen. Dei 3 beste tilboda går vidare til forhandling. Tilboda blir vurdert ut i frå tildelingskriteria. 1.5 Avvising av tilbod Kommunane er ikkje forplikta til å godta nokon av tilboda dersom ingen av dei innkomne tilboda er rimelege. Eit tilhøve kan vere tilbod utover kommunane sine budsjettmessige rammer. Det gjeld òg når det etter utsending av konkurransegrunnlaget har oppstått tilhøve som gjer kjøp uaktuelt. Tilbodet skal vera gyldig i 90 dagar frå tilbodsfrist. 1.6 Verdi på leveransen Kontrakten har ein verdi på NOK 5,3 millionar eksklusiv mva, men inkludert kommunale avgifter, for 4 nøkkelferdige bustader. Berekninga er gjort ut i frå kjøp av tilsvarande bustad siste år. Verdien er rettleiande og skal ikkje føre til nokre pliktar for kommunane eller rettar for tilbydar. 1.7 Endringar Oppdragsgjevar kan pålegge leverandøren endringsarbeid. Endringar vil bli varsla skriftleg. Pris for meirarbeid må budsjetterast, og blir fakturert etter punkt 3.6.2. 1.8 Levering av tilbod Tilbodet skal leveras til: Postadresse: Suldal kommune v/innkjøpsansvarlig Eidsvegen 7 4230 SAND Påskrift: Tilbod på bygging av bustad til vanskeligstilte Tilbodet skal leverast i 1 eksemplar utan nokon form for innbinding eller stifting, innsett i ringperm med skiljekort. I tillegg skal tilbodet leverast elektronisk på minnepenn. Siste frist for levering av tilbod er satt til 01.03.2016 Kl.:12:00. For seint innkomne tilbod vil bli avvist. Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 4 av 11
1.9 Språk Dokumentasjonen skal vere på norsk. Norsk skal og vere språket for drift og oppfølging av avtalen. 1.10 Utelukking Tilbydar som ikkje leverer godkjente dokumentasjonar eller skildringar, vil kunne verta utelukka for tildeling av kontrakt. 1.11 Dekning av utgifter Utgifter til utarbeiding av tilbod blir ikkje dekka. 1.12 Innsynsrett Suldal kommune har rett til å inspisere og kontrollere alle forhold ved valte leverandør og underleverandører før kontrakt blir inngått. Dette gjelder før og i heile avtaleperioden. 1.13 Organisering Totalentreprenør skal stå for all organisering av forhold på byggeplass. Plan for rigg og sikring skal leggjast frem for byggherre. Totalentreprenør skal utarbeide HMS-plan for prosjektet. Totalentreprenør plikter å sende melding og endringsmeldingar til arbeidstilsynet. Det skal vere faste møter mellom byggherren og leverandøren. Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 5 av 11
Kvalifikasjonskrav Nødvendig dokumentasjon for å kunne delta i konkurransen: 1.14 Firmaattest Attest for registrering i det faglige register som avgjort ved lovgivinga i det land kor leverandøren er etablert, eller festa ved ed og bekrefta erklæring. (Register for føretak, Brønnøysund ) 1.15 Årsrapport / årsrekneskap 2014 Rekneskapet må vere godkjent av revisor. Det er eit krav om at firmaet må ha tilfredsstillande likviditet. Kven som eigar, og kven som driv selskapet må kome frem av presentasjonen. Dersom leverandøren gjer vesentlige organisasjonsmessige endringar eller endrar eigarstrukturen i avtaleperioden, skal dette rapporterast snarast. 1.16 Tiltaksklasse Stadfesting på sentral eller lokal godkjenning i tiltaksklasse 2 skal vedleggas. 1.17 Nødvendige godkjenningar Tilbyder skal dokumentere at ansvarlig firma har godkjenning som søker (SØK), prosjekterande (PRO), kontroll av prosjekt (KPR), utførande (UTF) og kontroll av utføring (KUT) for alle funksjoner. Alle funksjoner skal være dokumenterte med ansvar etter godkjenningsforskrifter. 1.18 Skatteattest og mva-attest Leverandøren og underleverandøren må levere skatteattest utan restansar. Attesten skal ikkje være eldre enn 6 månadar. 1.19 Løn og arbeidsvilkår Løn og arbeidsvilkår til dei tilsette hjå leverandøren og dei tilsette hjå underleverandørane må oppfylle 5 i Forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter. Oppdragsgjevar vil gjennomføre kontroll. 1.20 Erfaring Leverandøren må ha god erfaring i frå tilsvarande oppdrag. Legg ved 3 referanser i frå tilsvarande oppdrag som inneheld minimum kontraktens verdi, leverandøren si rolle og namn på oppdragsgjevar. Oppdraga må vere av nyare dato (ikkje meir enn 10 år gamle). Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 6 av 11
2 Tildelingskriterier Tilbydar som har levert korrekt tilbod og som tilfredsstillar kvalifikasjonskrava vil verta vurdert på bakgrunn av følgjande tildelingskriterium: Kriteria Vekttal Produkt og funksjon 40 Pris 50 Leveringstid 10 2.5 Produkt og Funksjon Det er nedsett ei bustadsosial gruppe som skal vektleggje tilboda. Plan for gjennomføring av oppdrag med framdriftsplan og teikningar samt aktuelle underleverandørar skal leggjast ved. Score for tildeling: Løysningar som ressursgruppa meiner vil gje høgare tryggleik og betre livskvalitet blir tillagt score. Gruppa vil blant anna vurdere grad av innsyn. Løysningar som gjer lettare vedlikehald og lengre levetid blir tillagt score. Gruppa vil blant anna vurdere materialval. 2.6 Pris og betingelser 2.6.1 Generelt Prisar skal vera i norske kroner (NOK) og eksklusiv mva. Prisen skal vere fast og gjelde i heile byggeperioden. Alle kostnader skal vere inkludert i tilbodet (planlegging, adminstrasjon, rigging, grunnarbeid, bygging, dokumentasjon, avgifter med meir). Totalpris 4 bustader med 2 soverom (min 55kvm boareal) Prosjektering / adm Grunnarbeid Betongarbeid Bustad Uteområde Avgifter Totalt Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 7 av 11
2.6.2 Arbeid Pris dersom tileggsarbeid Type personell Fagarbeider Hjelpearbeider Timepris Påslagsprosent på materialar må kome frem av tilbodet. 2.6.3 Betaling 10% vil bli utbetalt etter rekning ved start på oppdraget. 80% vil bli fakturert månedlig etter utført arbeid og 10% vil bli utbetalt etter synfaring ved ferdigstilling når feil og manglar er utbedra. Kommunen sitt vilkår for betaling er fri leveringsmåned + 30 dagar. Leverandøren må sende EHF-faktura. 2.7 Leveringstid Leveringstid i ukar frå kontraktsinngåing og kommunal godkjenning til nøkkelferdige bustadar: Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 8 av 11
3 Funksjonsbeskrivelse Suldal kommune ønskjer å bygge 2 bustader på ca 65kvm (BOA) med 2 soverom og 2 bustader på ca 40 kvm (BOA) med 1 soverom. Vatn og avløp er tilrettelagt inn på tomt. Tomta er regulert til bustadformål. Leverandøren skal prosjektere og utforme einingane i samsvar med gjeldande krav, forskrifter og retningslinjer (TEK10 og krava i frå Husbanken for utleigebustader). Leverandøren overtar tomten slik den er, og skal levere nøkkelferdige einingar og ferdig uteområde. Alle kommunale avgifter i forbindelse med tiltaket skal kome frem av tilbodet (sakshandsaming bygg, tilkopling og liknande). All prosjektering skal inngå og gjennomførast av totalentreprenøren. Totalentreprenøren er ansvarlig søker (SØK). Ved innlevering av tilbod må det følgje med teikningar som viser bygg til prosjektnivå for byggemelding inkludert plassering på situasjonskart, forslag til kotehøgder og veg, parkering, uteområde med meir. Alle rom skal vere påført romfunksjon og areal. Det skal med sirkel vise at krav til rullestolbruker er oppfylt. Før start skal leverandøren kvalitetssikre og detaljprosjektere alle nødvendige fagområder. Når einingane er ferdige skal leverandøren søke om brukstillatelse for samla tiltak. Leverandøren skal leggje til grunn det som kjem frem i vedlegg Kommunale utleigebustader Bygging av nye kommunale utleigebustader til bustadsosiale formål. Sjå spesielt punkt 3.2, 3.3, 3.4 og 3.5. I tillegg må leverandøren ta omsyn til følgjande Grunnarbeid Entreprenøren skal sjølv vurdere grunnforholda, og leverandøren skal tilpasse fundamentering og masseuttak. Grunnarbeid omfattar fundamentering til 4 bustader med veg, 4 parkeringsplassar og uteområde Uteområde Gangveg, køyreveg og parkeringsplass skal ha asfalt, og avsluttas med kantstein mot andre areal. Belegningsstein nyttas i passande utstrekning foran inngangsdører. Bustad skal ha ei platting på minimum 15 kvm med beleggningstein. Strømuttak utvendig ved inngangsdør. Den resterande delen av uteområde vil kommunen sjølve ta seg av. Bustadane Trinnfri tilkomst til bustad og utvendig bod. Utvendig bod skal vere på minimum 8 kvm med dør. Inngangsparti skal ha eit lite overbygg. Takhelling Utan kvitevarer Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 9 av 11
Det er ønskeleg med (felles) teknisk rom som er tilgjengelig for kommunal vaktmester for alle bustadane. Vi ønskjer forslag til løysing. Garderobeskap soverom må tåle hard behandling Betong i etasjeskille og mellom bustadane (avhengig av forslag til løysning). Vegghengt toalett bør vere 5cm høgare på vegg enn standard. Overlevering Leverandøren skal levere fullstendig FDV-dokumentasjon og attestar og teikningar. Byggherre skal ha kopi av all kontrolldokumentasjon. 4 Kontraktsvilkår Vi legg til grunn NS 8407. Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 10 av 11
TILBYDER FIRMANAVN: Adresse: Foretaksnr.: KONTAKTPERSON: Navn Stilling Tlf/Fax E-mailadresse: VEDSTÅELSE: Deres firma vedstår seg dette tilbud i 90 dager fra signeringsdato. Sted/dato: Tilbyders underskrift Konkurransegrunnlag bustad til vanskeligstilte side 11 av 11