OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2015



Like dokumenter
Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

OPPSUMMERING FØRSTE HALVÅR 2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kvalitetsplan mot mobbing

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJON om førestellinga:

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

MØTEBOK Tysnes kommune

Program for. Sykkylven Venstre

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Brødsbrytelsen - Nattverden

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

Månadsplan for Hare November

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Forslag frå fylkesrådmannen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innspell til samfunnsdelen til kommuneplanen

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: Møtestad: Tingsalen Møtedato: Tid: 15:00. Tittel

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Saksprotokoll. Sak: 101/15 SAKSPROTOKOLL: BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

I N N H O L D. Forord

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

M/S NYBAKK SI HISTORIE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Finansiering av dei offentlege fagskolane

«Ny Giv» med gjetarhund

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

10/60-14/N-211//AMS

Barnehageplan for Vinje kommune

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Transkript:

OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2015 Juli og august Sprengde ut Færøyfluene Arbeidet med å sprengja ut 27 tusen kubikk masse i sjø ved Færøyfluene i Askøy kommune aust for Anglavika i Fjell var i full gang tidleg i juli. - Vi reknar med å vera ferdig med oppdraget seinast 1. september, sa assisterande anleggsleiar Henrik Rakkestad i Sjøentreprenøren AS. Opna hurtigladestasjon ved MIXen på Straume Fredag den 10. juli var ei gruppe menneske samla utanfor MIXen på Straume. Det var duka for den etterlengta opninga av hurtiggladestasjonen for elbilar. Ladestasjonen er etablert av fylkeskommunen i samarbeid med BKK, Enova, Straume eigedomsselskap og Fjell kommune, (foto: BKK). Hylla Sartor-skyttarar Det var fest på skyttarhuset til Sartor Skyttarlag i Bjørkedalen i midten av august då den fantastiske innsatsen til Sartor-skyttarane på Landsskyttarstemnet 2015 vart markert. Biletet viser ordførar Eli Årdal Berland saman med vinnarar og deltakarar. Frå venstre; Eli Årdal Berland, John Olav Ågotnes, Eileen Torp, Anita Bjørkedal, Thore Larsen og Elisabeth Skudalsnes. Skulestart for 343 førsteklassingar Rektor på Brattholmen skule, Anja Solli, hadde kledd seg i bunad for å markera at dette var ein stor festdag. På Tellnes skule var det rektor Lisbeth Hjelle som helsa på dei 12 førsteklassingane som var klare til skulestart. Foto: Kristin Mykkeltveit og Monica Hovland. Svingen barnehage 20 år Torsdag 27. august markerte Svingen barnehage sitt 20 års jubileum med storstilt bursdagsfest for barn og personale. Svingen barnehage vart opna i august 1995 som ein toavdelings open barnehage med 30 barn. No har barnehagen vakse seg større med rundt 60 barn og 14 tilsette fordelt på fire avdelingar.

September Rekordmange lærlingar er i gang Tidleg i september fekk 32 nye læringar opplæring i rådhuset og kunnskap om korleis det er å vera medarbeidar i Fjell kommune. - Med 15 lærlingar som barne- og ungdomsarbeidarar, 13 lærlingar innan helsefag, to kontorfaglærlingar og to lærlingar i IKT, er dette rekord, seier lærlingkoordinator i Fjell kommune, Evelyn Persson. Koordinatoren snakka om haldningane til arbeidslivet og kva som er forventa av oss når vi tek til i arbeid. Stor miltærøving i Fjell Nærare 1 600 kvinner og menn frå Bergenhus heimeverns distrikt 09 (HV-09) deltok på "Øving Bjørgvin 2015" i perioden 2. til 10. september. Fjell kommune stilte parkeringsareal til disposisjon ved Ågotneshallen. På biletet ser du mannskap på plass ved grusbanen på Ågotnes. Hovudoppgåva i øvinga var vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekt, nasjonal krisehandtering, hjelp til politiet og elles støtte til det sivile samfunnet. Fjell gjekk heilt til topps Seint om kvelden den 10. september utropte tidlegare toppsyklist Dag Otto Lauritzen Fjell til årets beste Lokalsamfunn med MOT. Dei stolte representantane frå Fjell med ordførar Eli Årdal Berland i spissen tok imot prisen på ildsjelsamlinga til MOT i Stjørdal. - Dei har stålfokus på at det er ungdomane som skal stå i sentrum. Det skal vera godt å vera ungdom i Fjell, sa prisutdelar Dag Otto Lauritzen før Fjell-representantane kunne stiga opp på podiet. Arbeidarpartiet kraftig fram i valet Når alle røystene i Fjell var talde opp ved kommunevalet i september, var det klart at Arbeidarpartiet vart den store sigerherren med ein oppslutnad på 27,6 prosent. Høgre og Framstegspartiet gjekk tilbake. Mandatfordelinga viste av Arbeidarpartiet fekk 10 representantar i kommunestyret, medan Høgre enda opp med åtte representantar. Nytt parti i kommunestyret vart Miljøpartiet dei Grøne med eín representant.

Oktober Tjuvstarta TV-aksjonen Måndag 12. oktober slo fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen Hordaland, Heidi Kristina Westli, i gongongen i komitésalen i Fjell rådhus. Då markerte ho starten på telefonaksjonen næringslivet og kommunane Fjell, Sund og Øygarden står saman om. Klokka 15.10 vart det slått fast at det kom inn om lag 130 tusen kroner på telefonaksjonen. Den store TVaksjonsdagen var sundag 18. oktober. Inklusive innsamlinga frå næringslivet kom det inn om lag 450 tusen kroner til Regnskogfondet. Marianne Sandahl Bjorøy vald som ny ordførar Den 15. oktober kunne avtroppande ordførar Eli Årdal Berland på det konstituerande kommunestyremøtet slå klubba i bordet for å stadfesta at Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) samrøystes vart vald som ny ordførar i Fjell. - Eg er utruleg glad for at det er ei dame som overtek som ordførar. Eg ønskjer deg lukke til. Dette er ein fantastisk jobb, sa avtroppande ordførar Eli Årdal Berland (H) før ho lyfta ordførarkjedet over på Marianne Sandahl Bjorøy. med sigeren i "Det store Korslaget". Perfekt arrangement - Eg trur eg må få seia at MOT-festivalen var eit perfekt arrangement. Dette seier MOT-koordinator Ivar Einarsen etter at to tusen ungdomar hadde funne vegen til storsamlinga i Sotra Arena 16.-18. oktober. På konserten laurdag kveld var det samla sju hundre ungdomar. På gudstenesta sundag var rundt 1 200 på plass. Øygarden ungdomsskule gjekk av Kommunestyret debatterte politisk plattform Kommunestyret vedtok i slutten av oktober å ta den politiske plattforma for perioden 2015-2019 til orientering. Det er Arbeidarpartiet og Høgre som har utarbeidd ein kort samarbeidsavtale som skisserer ny politisk plattform for denne kommunevalperioden. Dei tre hovudområda som er omtalt i plattforma er økonomi, Sotrasambandet og arbeid til alle. På biletet; varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

November 178 flyktningar til Fjell I november kom det 250 flyktningar til Fjell for innkvartering i brakker i Ågotnes Næringspark. Den 2. november var det folkemøte på Ågotnes der kommunen, UDI, driftsoperatør Lopex og representantar frå Ågotnes Næringspark var på plass for å svara på spørsmål frå innbyggjarane. Schizofrenipris til Fjell kommune Den 4. november vart Fjell kommune tildelt den prestisjefulle prisen "Schizofrenidagenes ærespris" på Schizofreni-dagane i Stavanger. Kommunepsykolog Anja Høye Rogde tok imot prisen på vegner av kommunen. I grunngjevinga vert det lagt vekt på den langsiktige og målretta satsinga på tiltak som skal fremja god psykisk helse for innbyggjarane i kommunen. 50 tusen til digital-prosjekt på Knappskog skule Knappskog skule fekk den 5. november tildelt 50 tusen kroner til Digg Læring-prosjektet på Knappskog skule frå VNR-fondet - Sparebanken Vest. - Vi er svært glade for denne prisen. Dette handlar om barn som om 15 år skal ut i næringslivet og framtidas skule, sa rektoren Odd Erik Kjeldstad. Snakka om flyktningar til ordførarar og rådmenn Rådmann Steinar Nesse talte til ordførarane og rådmennene i fylket på Solstrand den 19. november. Nesse sitt tema var "Erfaringar frå ein asyl- og busettingskommune". Han snakka om akuttmottaket på Ågotnes, men mest om busetjing av flyktningar i Fjell. Kommunestyret kritisk til fylkeskommunal areal- og transportplan Fjell kommunestyre er kritisk til fylkeskommunen sitt framlegg til regional areal og transportplan. Kommunestyret uttalte den 26. november at det er uklart om høyringsutkastet vil kunna fungera som eit konstruktivt styringsverktøy. Andre saker: Uttale om omlegging av kraftleidningar på 300/132 kilovolt Fana/Breivik-Litlesotra og økonomirapport. Informasjonsblad om helse og omsorg I november distribuerte Fjell kommune eit blad til alle husstandane med informasjon om helse og omsorg i notid og framtid. Seminar om alkoholhandtering 60 deltakarar var på plass i kultursalen i november på temaseminar om ansvarleg alkoholhandtering. På seminaret var det representantar frå bransjen, næringslivet, Fylkesmannen, Securitas, KoRus/Bergensklinikkene, politiet og dei fire kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Desember Møtte hordalandsbenken på Stortinget Den 1. desember møtte den politiske leiinga i kommunane Bergen, Fjell, Sund og Øygarden hordalandsbenken på Stortinget for å snakka om Sotrasambandet. Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, var godt nøgd med å få møta stortingspolitikarane frå fylket på denne måten. Hovudbodskapen frå delegasjonen var å synleggjera kor viktig Sotrasambandet er og at det er nødvendig å få ei solid statleg medfinansiering. (Foto: Tom Georg Indrevik) Endra innfartsparkering på Ågotnes For å betra forholda for pendlarane som tek buss, er innfartsparkeringa (Parker og reis) flytta frå området ved Ågotnes grasbane til parkeringsplassen ved bussterminalen. Tanken bak "parker og reis"-tilbodet er at kollektivreisande kan parkera bilen gratis på parkeringsplassen ved terminalen på Ågotnes og ta buss vidare mot Straume og Bergen. Dette er eitt av fleire tiltak for å redusera biltrafikken og kødanninga på innfartsåra mot Bergen. Budsjettet: Ja til eigedomsskatt, nei til kontantstøtte Den 16. desember vedtok kommunestyret budsjettet for 2016. Det vart vedteke å innføra eigedomsskatt på verk, bruk og næringseigedom frå 1. januar 2016 og å avvikla kommunal kontantstøtte for to-åringar frå januar 2016. Driftsbudsjettet balanserer med om lag 1,6 milliardar kroner. Det skal brutto investerast for 266 millionar kroner i 2016. Kommunestyret vedtok også å busetja 10 nye einslege mindreårige flyktningar. Tranevågen runda av med stil i Sotra Arena For sjette gong kunne alle elevane på Tranevågen ungdomsskule presentera seg med Ung-prosjekt. Og det skjedde med stil då dei framførte Ungprosjekt 2015 i Sotra Arena fredag den 18. desember. - Dette var overveldande. Eg er mektig imponert. Eg opplever at det er ein kvalitét som er så høg at de kunne ha opptredd på kva scene som helst, sa ein stolt rektor Johnny Eide like før det 90 minutt lange programmet skulle rundast av. Tema for Ung-prosjekt 2015 var "Vi bryr oss".