Eksamen i NORD6106 - Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester 2012. Kandidatnummer: 10025 Sidetal minus forside: 7



Like dokumenter
Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Valdres vidaregåande skule

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

Utdrag frå boka Ord te gagns

APPENDIKS D Geminittisk språk/grammatikk

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Tale, Ivar Aasen-stemnet

mmm...med SMAK på timeplanen

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Jon Fosse. For seint. Libretto

Vurdering av allianse og alternativ

Til deg som bur i fosterheim år

Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske

11 Omformingar. Bakgrunn. Utelating av setningsledd

Grammatisk ordliste Los geht s!

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Finansiering av søknaden

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Den nye seksjon for applikasjonar

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben


Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kva er økologisk matproduksjon?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

6. trinn. Veke 24 Navn:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Ståstadsanalysen nokre erfaringsbaserte kommentarar.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?


VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Samansette tekster og Sjanger og stil

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Transkript:

Eksamen i NORD6106 - Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester 2012 Kandidatnummer: 10025 Sidetal minus forside: 7 1/8

Innleiing Omsetjinga i denne eksamensoppgåva er svært tekstnær, slik at tydinga av dei forskjellige orda i originalteksten skal komme godt fram. Nokre omskrivingar/tolkingar førekjem imidlertid. Alle referansar til paragrafar ( ) er til Haugen (2009). Fullstendig referanse er ikkje teken med i teksten av omsyn til lesbarheita. a) Omsetjing Frå den tid 1 Thorvard Kråkenebb ville gje segl til kong Harald Thorvard Kråkenebb heitte ein mann, vestfjordsk mann av slekt, rik mann og godt menneske. Han fór mellom landa og vart vél akta 2 der som han kom. Han kjem no ein sommar med skipet sitt nord i Nidaros, og kong Harald var i byen, og Eystein Orre, svogeren hans, sonen til Thorberg Arnason, som av alle menn var djervast og mest verdsatt av kongen. Thorvard tømde skipet og leigde seg hus. Sidan gjekk han og fann kong Harald der som han drakk. Kjem slik til huset, kongen var utanfor attmed huset 3, og då han vil vende inn, sa Thorvard: Heil 4, herre. Her er eit segl nede på skipet som eg gjerne ville at De tok imot. 5 1 Heggestad et. al (2008, s. 667): frá Þvi er = frå den tid, sidan 2 Eg antek at dette er preteritum + forenkla refleksivform av meta = verdsetje, vurdere, dømme om; vørde, akte. Preteritum: mat. Refleksivform: mat + sk = matzk -> mazt. Ei endå meir tekstnær omsetjing kunne vere at han vyrda seg vél, men eg er usikker på om dette er korrekt nynorsk. 3 I følge Heggestad et al (2008) tyder úti gjerne utanfor huset. Ordet at tolker eg her er som attmed. Ordrett blir omsetjinga attmed kongen var utanfor, og eg kan tenke meg at det er eit underforstått subjekt her: attmed [hvilket] kongen var utanfor. 4 Helsing: gjev du må vere frisk og lykkeleg - jfr. heil (20012-05-11). 5 at þér þegið er ikkje beint fram å oversette. Når det gjeld þegið, er dette ei mangetydig form. Eg antek at det er verbet þiggja, som er eit sterkt verb av 5. klasse ( 88.2). Eg har ikkje funne fullstendig bøygingsskjema for dette verbet, men Heggestad et al (2008) skriv at konj. 3. p. er þiggi og þegi, og 88.2 angjev at pret. konj. er þægið. Kanskje skulle det i teksten stått þægið (med æ), altså preteritum, konjunktiv? Dette støs av at minst ei anna kilde (Þorvarðar þáttr krákunefs, 2012-05-11) skriv þægið, og ikkje þegið. Men kvifor nyttast preteritum, og ikkje presens? Endinga -ið har også forvirra meg. Den førekjem i imperativ, i presens indikativ, og i konjunktiv, men alltid berre i 2. person fleirtal ( 94), mens eg her forventa 2. person eintal. Eg kan berre gjette at det her er snakk om ei høfleg tiltaleform, der kongen tiltalast i fleirtal. I så fall antek eg at þér her ikkje er dativ-form av 2. person sg. pronomen, men derimot 2.p. pl. nominativ. Dette motseiast igjen av preposisjonen at, som nesten alltid styrer dativ ( 108.3). At þér er difor naturleg å omsetje med til deg. Dette skurrer igjen i høve til verbet þiggja, som er angjeve med kasusmarkørar slik: þiggja e-t at e-m - altså ta imot noko av nokon, der nokon skal stå i dativ. Ein kunne altså vente at det stod at mér þægið, altså at Thorvard ber kongen ta imot av meg. Men at kan óg vere ein konjunksjon (=at), og då passer det betre. Difor konkluderer eg med at ei sannsynleg tolking er at vi her har å gjere med konjunksjonen at, samt høfleg tiltale og konjunktiv (þér þegið), men konklusjonen er uviss. 2/8

Kongen var ganske så morsk og seier: Ein gong tok eg imot segl av dykk islendingar, seier han, og det laga 6 seg då til at det ville verte meir til skade. Det gjekk i sund under seglinga, og eg vil ikkje ta imot. Eystein sa: Gå dit, herre, seier han, og sjå, og kan vere at det synes Dykk 7 vél, og det er meir von til det, at De då tek imot 8 stykker som er uvurderlegare 9. Difor kan han ha tiltenkt deg [dei]. Kongen seier: Eg ser råd for meg, og du for deg, - vender så inn i stova, og [Thorvard] får ikkje tale med han. Thorvard ber då Eystein ta imot seglet, - og gå med meg, seier han. Eysteinn gjer så og synest ikkje å ha sett meir dyrverdig ting 10 i eit segl og takkar fint for gåva og seier at han må koma til han om vinteren og sjå gården hans på Nordmøre, på Giske. [Det] er no stille om vinteren. b) Kasusbruk vestfirzkr maðr at kyni Maðr er eit maskulint substantiv som her står i nominativ fordi det står som subjekt i setninga, og som her står i eintal, bestemt form ( 29.1: maðr har eintalsbøying som dei sterke, maskuline a- typane). Adjektivet vestfirzkr er samsvarsbøygd med substantivet (nom, m, sg). Kyn er eit sterkt, nøytralt substantiv ( 35.3), som alltid har endinga -i i dativ. Her har vi dativform som er styrt av preposisjonen at, som nesten alltid styrer dativ ( 108.3). Merk at vestfirzkr er styrt av maðr, ikkje kyni, det ser vi av endinga (altså vestfjordsk mann, ikkje vestfjordsk ætt). 6 Eg antek at bjósk er preteritumsform av búa (altså bjó) + refleksivpronomen sk = bjósk 7 Igjen ser vi at fleirtalsforma av pronomenet er brukt i høfleg tiltale (i dette tilfellet yðr). 8 Forma þiggið må vere imperativ fleirtal, sjølv om konjunktiv kunne ha vore ei vel så naturleg modus her. Igjen tolker eg þér som nominativ pl. 2. person (høfleg form) og at som konjunksjonen at. 9 Omsetjinga av dette ordet har volda meg mykje hovudbry. Ord som byrjar på ó, er i ordboka førte opp under ú-. Oppslagsordet úvirdiligr tyder imidlertid vanærande, svivørdeleg, skammeleg. Ut i frå samanhengen elles, vil eg likevel tru at uvurderleg er ein riktig omsetjing. Bøyginga til óvirðiligri er heller ikkje lett å forklare, sidan ingen adjektiv har endinga -i når dei samsvarsbøygast med m. pl. substantiv. Eg har difor konkludert med at dette må vere ei komparativsform, sjølv om det kanskje synest litt merkeleg i samanhengen. 10 gørsemi = dyrverdig ting, ifølge Heggstad et. al. (2012). Eg antek at gørsimi er same ordet. 3/8

eitthvert sumar Dette kan vere enten nominativ eller akkusativ. Eitthvert er forma både i nominativ og akkusativ ( 58, 58.1). Sumar er sterkt, nøytralt substantiv ( 35.1) utan ending i nominativ og akkusativ. Eg vil tippe at dette er nominativ, då eg ikkje kan sjå noko som skulle tilseie akkusativ (det måtte i så tilfelle vere at det er uttrykk for tid, jfr. 143.2, men slik eg har oppfatta denne regelen, gjeld dette tidsrom, og ikkje tidspunkt). skipi sínu Dette er instrumental dativ ( 144.2) fordi det uttrykkjer måten eller reiskapet for Thorvard si reise til Nidaros. Skip er sterkt, nøytralt substantiv med i-ending i dativ. Determinativet sinn samsvarsbøygast med substantivet og har forma sínu i sg. n. dativ ( 56). allra manna Manna er genitiv fleirtal av maðr ( 29.1), allra er genitiv fleirtal av allr ( 58). Grunnen til at vi får genitiv her, er som uttrykk for samhøyrsle ( 145.3 a), på moderne norsk uttrykt med preposisjonen av (allra manna var vaskastr = var djervast av alle menn). á fund Haralds konungs Fundr er eit maskulint substantiv, og i Heggestad et. al (2008) står uttrykket fara á fund e-s (= fara og finne ein), som altså styrer genitiv. Derfor står begge orda Haralds konungs i genitiv (sterk maskulin a-type, 26.1). Preposisjonen á styrer akkusativ ved rørsle til staden, slik at fund her må stå i akkusativ (fund er sterk maskulin i-type utan ending i både akkusativ og dativ, 27.1). at stofunni Stofunni er bestemd form, eintal, dativ av stofa (svakt, feminint substantiv). (Stofu + inni = stofunni). Kasusen er styrt av preposisjonen at, som nesten alltid styrer dativ ( 108.3). þá hluti Verbet þiggja tar akkusativ (þiggja e-t). Hluti må enten komma av hlutr eller hluti, men hluti har kun denne forma i nominativ. Hlutr, derimot, bøygast til hluti i akkusativ fleirtal ( 27.1). At det er snakk om fleirtal her, støs av at eru til slutt i same setning er ei fleirtalsform (pl. 3. pres. ind.) av vera. Her er det altså snakk om akkusativ (fleirtal) på grunn av verbet þiggja. (Eg må bemerke at 4/8

eg ikkje har tolka þá som preteritum av þiggja, men som adverbet då. Imidlertid står verbet þiggja foran der igjen:...þiggið þá hluti ). gjǫfina gjǫfina er bestemd form akkusativ av gjǫf (sterkt, feminint Ar1-type substantiv, 31.1). Bestemd artikkel inn bøygast til ina i sg. f. akkusativ ( 57), og blir hengt på substantivet, slik at vi får gjǫf + ina = gjǫfina. Verbet þakka tar akkusativ (þakka e-m e-t), og difor får vi akkusativ her. c) Omlyd og avlyd Omlyd og avlyd er former for vokalskifte som er med på å skape variasjon i bøyginga, særleg av verb og substantiv. Avlyd er ei form for vokalskifte som vi ikkje har sikker kunnskap om bakgrunnen for, men vi finn restar av den i alle dei germanske språka, og i norrønt mellom anna i bøyinga av sterke verb. I følge Torp og Vikør (2003: 40) finn vi innanfor bøyingssystemet i norrønt avlyd kun i sterke verb. I desse verba markerer vi tempusskifte ved avlyd, medan svake verb ikkje har dette vokalskiftet. Haugen (2009, s. 24) lister opp 6 ulike avlydsrekkjer, som er referert i tabellen nedanfor, saman med nokre døme frå teksten. Avlydsrekkje Døme frå teksten 1. í - ei - i - i 2. jú/jó - au - u - o 3. e - a - u - o l 11: þar sem han drakk. (drekka - drakk - drukku - drukkin) (merk at perfektum partisipp-forma her ikkje samsvarer med opplistinga) 4. e - a - á - o 5. e - a - á - e l. 5: mazk vél (meta - mat - mátu - metit) l. 7: ok var Haraldr konungr (vera - var - váru - verit) 6. a - ó - ó - a l. 4: Han fór milli landa (fara - fór - fóru - farit) Omlyd er ei anna form for vokalskifte som vi finn igjen i orddanningar og i mange bøygingar i norrønt. Vokalen i ei staving vert påverka av ein vokal eller halvvokal i ei etterfølgjande staving og assimilerast til denne. Dette kallast regressiv fjernassimilasjon (Torp og Vikør, 2003:35). 5/8

Omlyden oppstod under overgangen frå urnordisk til norrønt, og er delt i tre hovudgrupper alt etter kva for vokal som har utløyst omlyden. Ved a-omlyd vert i og u senka av ein etterfølgjande a. Ved i- omlyd vert bakre rotvokalar fremja under påverknad av ein etterfølgande i eller j. Ved u-omlyd vert urunda vokalar runda under påverknad av ein etterfølgande u eller v. Vi skil mellom morfologisk og fonologisk omlyd. Fonologisk omlyd er verksam når dei lydlege omgjevnadane litt til rette for det, til dømes når a blir runda på grunn av ein u i bøyingsendinga, som i lǫndum (fonologisk u-omlyd). Morfologisk omlyd ser vi derimot ingen grunn for i omgjevnadane, til dømes fordi den omlydsskapande vokalen har falle bort, som i lǫnd (morfologisk u-omlyd). Morfologisk omlyd kan altså seiast å ha opphav i ein fonologisk omlyd som ikkje lenger er aktiv. Den aktive, fonologiske omlyden finn vi i norrønt berre i u-omlyd, som kan vere enten fonologisk eller morfologisk. U-omlyden er framleis er aktiv i samband med dei låge vokalane a og á, og derfor vi ikkje finne ord i norrønt med a i i éi staving og u i neste staving. A- og i-omlyd finn vi derimot kun morfologisk, slik at former som t.d. armi er moglege (Torp og Vikør, 2003: 39-40). I følge Torp og Vikør (2003: 40) finn vi omlyd både i svak og sterk verbbøying, samt i nominalbøyging, det vil seie substantiv og adjektiv. Tabellen under lister dei forskjellige typane omlyd saman med nokre døme frå teksten. Type omlyd Vokalar Døme frå teksten A-omlyd (senking) i > e í > é u > o ú > ó l 12: stofunni Ordet stofa finst både som stufa og stofa, og eg antar at det kan vere a-omlyd som har endra u til o. Skiljet finst og i moderne norsk, der det heiter stue på bokmål og stove på nynorsk. l 10: gekk Eg kan berre tippe at gikk har vorte til gekk, sidan dette er eit skilje i moderne norsk (nynorsk/bokmål). Kanskje har det ein gong vore ein a der, som har falle bort t.d. i synkopetida? (Eller kanskje denne burde vore plassert under i-omlyd: ganga - gengr - gekk?) l 13: segl Eg registerer at orda sigla og segl har eit felles opphav, og tenkjer at det kan vere a-omlyd som har ført til at dei har forskjellig rotvokal. 6/8

Type omlyd Vokalar Døme frå teksten I-omlyd (fremjing) u > y ú > y o > ø ó > ǿ a > œ > e á > œ au > ey l 3 vestfirzkr firzkr kjem her av firði, som er eit resultat av morfofonologisk i-omlyd (regel 13 i Haugen 2009: 41). Trykklett i fremjer trykksterke bakre vokaler og vi får *fjarði -> *fjerði -> firði (av fjorðr.) (Forma firði er eit resultat av vidare fonologisk utvikling der je -> i (regel 7 i Haugen 2009: 39)) l 17 myndi Dette er preteritum konjunktiv av munu, og i følge regel 17 i Haugen (2009: 42-43), har alle sterke verb og enkelte svake verb i preteritum konjunktiv i-omlyd. l 28 skyli av skulu er eit døme på det same. l 16 Íslendingum Her går eg ut i fra at det er i-omlyd som får a i Ísland til å gå til e i íslendingr. l 6 kemr Dette kan vere eit døme på at sterke verb har i-omlyd i presens i norrønt, men eg er litt usikker på denne. Det fins óg ei alternativ form, kømr, som heilt klart er eit tilfelle av morfologisk i- omlyd o > ø (koma - kømr) (regel 17 i Haugen 2009: 42-43). l 23 fyr Den semantiske slektskapen med ordet furða gjer at eg tenker at det ikkje er usannsynlig at vi her har med i-omlyd å gjere. Den alternative forma fyrir stør dette. l 4 drengr Dette er eit sterkt maskulint substantiv av i-klassa. Mange i-typar har fått ny rotvokal som følgje av i-omlyden ( 27), men om drengr er ein av desse, kan eg berre spekulere i. Det same gjeld l 7 bǿnum/ l 29 bǿ, då også bǿr er sterkt m i-klasse substantiv. l 26 þykkisk Dette er eit uregelrett, svakt verb (þykkja), men det høyrer typologisk til dǿma-klassen, der mange verb har i-omlydd rotvokal ( 80, 82). Om rotvokalen i þykkisk faktisk er eit resultat av i-omlyd, veit eg deriomt ikkje. l 24 festa Her har vi eit semantisk slektskap med ordet fast, så det er ikkje urimeleg å tur at det kan vere snakk om i-omlyd fra fast til festa. 7/8

Type omlyd Vokalar Døme frå teksten U-omlyd (runding) i > y e > ø a > ǫ el u á > ǫ l 27: gjǫfina er eit sterkt, feminint ar1-type substantiv. Ord i denne klassa har morfologisk u-omlyd i heile eintal unntatt genitiv, samt dativ fleirtal ( 31.1) (gjǫf - gjafar - gjǫf - gjǫf - gjafar/gjafir - gjafa - gjǫfum - gjafar/gjafir). l 15 nǫkkut I 58.4 blir det fortalt at denne kvantoren førekjem i eldre språk med stamma nakkvar. Om det er u-omlyd som har verka her og gjort a til ǫ står det ikkje noko om, men eg synest det er rimeleg å anta dette. l 1 krákunef Her stussa eg først over at á ikkje har blitt omlydt til ǫ sidan det er ein u i påfølgjande staving. Men i følge 17.3 har norrøn normalortografi valt å bruke teiknet á for samanfallet av á og ǫ, slik at u-omlyd av á vert usynleg. l 16 Íslendingum Her stusser eg over at i ikkje har blitt omlydt til y. Til vanleg skal sterk maskulin a-type ha u-omlyd i dativ fleirtal ( 26.1), men det gjeld kanskje berre dei låge vokalane. Litteraturliste Haugen, Odd Einar (2009) Norrøn Grammatikk i hovuddrag. Trondheim: Kompendieforlaget. Heggstad, Leiv, et. al. (2012) Norrøn Ordbok. 5. utgåva. 2. opplaget. Oslo: Det Norske Samlaget. heil (20012-05-11) I Nynorskordboka. Henta fra: http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi? OPP=heil&nynorsk=+&ordbok=nynorsk Torp, Arne og Vikør, Lars S. (2003) Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo: Gyldendal akademisk. Þorvarðar þáttr krákunefs (2012-05-11) I Heimskringla.no. Henta fra: http://www.heimskringla.no/ wiki/þorvarðar_þáttr_krákunefs 8/8