Dag Einar Bakketun Austredalen 1095 6829 HYEN Trondheim, 27.06.2019 Dykkar ref.: [Deres ref.] Vår ref. (oppgje ved svar): 2017/5597 Saksbehandlar: Hege Langeland Avgjerd i klagesak gjetarhytte i Naustdal Gjengedal landskapsvernområde Miljødirektoratet har på bakgrunn av uttale frå Sivilombodsmannen 27.11.2018 gjort ei ny vurdering av vedtak 28.09.2017 om avslag på gjetarhytte. Miljødirektoratet har kome til at tidlegare vedtak om avslag på gjetarhytte vert omgjort etter forvaltningslova 35 første ledd a). Miljødirektoratet gir løyve til gjetarhytte ut frå ei vurdering av alle omsyn i saka, kor særleg behovet for gjetarhytte er vektlagt. Miljødirektoratet viser til Sivilombudsmannen sin uttale 27.11.2018 i saka om gjetarhytte i Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde. Sivilombudsmannen meiner det er tvil om Miljødirektoratet i vedtaket 28.09.2017 har lagt riktig rettsoppfatning til grunn og om det er gjort ei tilstrekkeleg vurdering i saka. Sivilombodsmannen bad Miljødirektoratet vurdere saka på nytt. Ombodsmannen understreka at han ikkje hadde noko meinig om kva utfallet av den nye vurderinga bør bli. Miljødirektoratet gjennomførte synfaring i saka 05.06.2019 og dette er orsaka til at saka ikkje er handsama tidlegare. Bakgrunn for saka Naustdal Gjengedal verneområdestyre gav i vedtak 06.04.2017 Dag Einar Bakketun løyve til å bygge gjetarhytte i Risbotnen i Naustdal Gjengedal landskapsvernområde. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane påklaga vedtaket i klage 24.04.2017. Klaga er grunngjeve med at det ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til sårbare naturverdiar i saka. Risbotnen og nærliggande fjellområde er sentrale sumarbeite i Førdefjella villreinområde, og dei er ein del av kjent kalvingsland. Det er vist til at hytta er tenkt plassert sentralt i høve til reinen sine trekkruter mellom ulike delar av villreinområdet. I klagen er det vidare peika på at hytta er tenkt plassert i eit område som pr. i dag er roleg og med lite menneskeleg forstyrring. Villreinnemnda meiner at ei open hytte vil ha attraksjon som turmål og at ein difor må nytte føre-var-prinsippet ettersom villreinen er sårbar for slik uroing. Miljødirektoratet oppheva 28.09.2017 verneområdestyret sitt vedtak og søknaden om gjetarhytte vart avslått. Vedtaket blei grunngjeve med at det ikkje var heimel i føresegna 3 pkt. 1.3 bokstav c) til oppføring av gjetarhytte. Dag Bakketun klaga 05.01.2018 Miljødirektoratet sitt vedtak inn for Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen har tatt saka opp og har i brev 15.05.2018 og 16.08.2018 Postadresse: Postboks 5672, Torgarden, 7485 Trondheim Telefon: 03400/73 58 05 00 Faks: 73 58 05 01 E-post: post@miljodir.no Internett: www.miljødirektoratet.no Organisasjonsnummer: 999 601 391 Besøksadresser: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim Grensesvingen 7, 0661 Oslo Besøksadresser Statens naturoppsyns lokalkontorer: Se www.naturoppsyn.no 1
stilt spørsmål og bedt om ei nærare grunngjeving for vedtaket. Miljødirektoratet har svart i brev 12.06.2018, 31.07.2018 og 29.08.2018. Dag Bakketun har uttalt seg i brev 26.06.2018. Sivilombodsmannen ga uttale i saka 27.11.2018. Det blei peika på at beite ikkje er i strid med verneformålet for landskapsvernområdet, at det er eit mål å halde denne aktiviteten oppe og at gjetarhytte er ein type bygning som det kan gjevast løyve til etter 3 punkt 1.3 c). Ombodsmannen kunne ikkje sjå at ordlyden i verneforskrifta 3 punkt 1.3 bokstav c eller forvaltningsplanen punkt 4.6.3 innebar at utleige av utmark til beitebruk med eller utan gjetarhytte fell utanfor omgrepet "landbruksdrift" i forskrifta 3 punkt 1.3 bokstav c eller at det er et krav om at grunneigar har beitedyr. Sivilombodsmannen meiner Miljødirektoratet burde vurdert saka i høve til verneformålet om å ta vare på kulturlandskapet, forvaltningsplanen sitt mål om å halde talet på beitedyr oppe, beitelaget sitt behov og eventuelle negative konsekvensar for verneområdet dersom det ikkje vert gjeve løyve. Ombodsmannen uttalte at vedtaket tyder på at Miljødirektoratet ikkje har gjort ei tilstrekkeleg heilskapleg vurdering av saka. Lovgrunnlaget Forskrift om vern av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde 3 pkt. 1.1 har forbod mot inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter, som m.a. oppføring av nye bygningar. Etter 3 pkt. 1.3 c) kan forvaltninga gi løyve til "oppføring av nye bygningar som er naudsynte i samband med landbruksdrift som ikkje er i strid med verneformålet i samhøve med forvaltningsplanen etter 5". Formålet med landskapsvernområde går fram av 2: "Formålet med vernet er å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde som er så godt som fritt for tyngre tekniske inngrep, og som har stor variasjon i natur frå lågland og stølsdalar til fjellområde med brear, mange dalar med elvar og store og mindre vatn. Det er vidare eit formål å ta vare på kulturlandskapet med dei kulturminna det inneheld. Området skal også kunne nyttast til tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging". Miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova 8-12 er retningsliner for forvaltninga, jf. naturmangfaldlova 7. Etter 8 skal forvaltninga sine avgjerder bygge på vitskapeleg kunnskap om naturverdiar, samt erfaringsbasert kunnskap. Vidare skal ein mellom anna legge vekt på føre-varprinsippet ( 9) og prinsippet om samla belastning ( 10), og vurdere kva for teknikk, drift og lokalisering som gir best resultat ( 12). Miljødirektoratet si nye vurdering Miljødirektoratet har i tråd med Sivilombodsmannen sin uttale vurdert saka på nytt. Løyve til gjetarhytte kan gjevast når vilkåra i verneforskrifta for Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde 3 pkt. 1.3 c) er oppfylt. Gjetarhytta må vere naudsynt i samband med landbruksdrift som ikkje er i strid med verneformålet. Miljødirektoratet er samd med Sivilombodsmannen i at det ikkje er eit vilkår for løyve etter verneforskrifta at gjetarhytta er til grunneigaren sin eigen bruk. Dersom vilkåra er oppfylde, må forvaltninga gjere ei skjønnsmessig vurdering av om det bør gjevast løyve. Vurdering av om gjetarhytta er naudsynt Det går fram av ordlyden i 3 pkt. 1.3 c) at bygningen må vere naudsynt. I forvaltningsplanen er dette presisert ved at det står at bygninga må vurderast som naudsynt for å kunne halde landbruksdrift og beitebruk på eit ønska nivå. I forvaltningsplan for Naustdal Gjengedal landskapsvernområde er det gjeve slike retningsliner for vurdering av søknader etter 3 pkt. 1.3 c: "Denne regelen vil i hovudsak gjelde oppføring av stølshus i eksisterande stølsmiljø og oppføring av gjetarhytter. Stølshus og hytter må vere knytt til aktiv landbruksdrift og bygningane må vurderast som naudsynte for å kunne halde landbruksdrift (som regel snakk om beitebruk) på eit ønska nivå. 2
Bygningane bør lokaliserast til områder kor der er bygningar frå før. Gjetarhytter skal vere knytt til sankelag/beitelag eller liknande." Grunneigar leiger ut beiteområde til Risbotnen sankelag og gjetarhytta er grunngjeve i sankelaget sitt behov. Naustdal Gjengedal verneområdestyre har i saksutgreiinga vurdert at gjetarhytta er viktig for beitebruk i området og naudsynt for landbruksdrifta. Det følgjer av forskrift om velferd for småfe 19 tredje ledd at dyr på utmarksbeite skal sjåast etter minst ein gong pr. veke i område utan særskilt risiko. Det er omlag 1,5 time å gå frå veg til området kor det er ynskje om å sette opp gjetarhytta. Plasseringa som det vert søkt om, ligg sentralt i beiteområdet. Beiteområdet er etter det vi har fått opplyst omlag 15 km 2. Det er omlag 700 sau som beiter i området gjennom beitelaget. Det er vidare opplyst at dei som har sau i beitelaget, bor omlag ein times køyring frå området. Med ei gjetarhytte vil det vere mogleg å utføre tilsynet meir rasjonelt og overnatte for å gjennomføre tilsyn også dagen etter. Ei gjetarhytte vil samstundes lette tilsynet ved at ein har ein plass å vere dersom veret skulle bli dårleg eller andre høve gjer at det er behov for ei bu. Gjetarhytta vil også kunne lette arbeidet med sanking av dyr på hausten. Miljødirektoratet er samd i verneområdestyret si vurdering om at det er eit tilstrekkeleg og konkret behov for ei gjetarhytte i dette tilfellet og at gjetarhytta soleis må vurderast som "naudsynt", jf. verneforskrifta. Vurdering av om gjetarhytta er i strid med verneformålet Det er eit vilkår for løyve at gjetarhytta ikkje er i strid med verneformålet. Dette er ei vurdering av om oppføring av ei ny gjetarhytte i denne saka vil vere så skadeleg for verneverdiane at gjetarhytta vil vere i strid med verneformålet. Formålet med landskapsvernområdet er å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde som er så godt som fritt for tyngre tekniske inngrep og området skal kunne nyttast til tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging. Det er søkt om å plassere gjetarhytta i eit område kor det ikkje er bygningar frå før. Dette vil føre til ei endring av landskapet på staden, som i dag er eit landskap utan tekniske inngrep. Miljødirektoratet meiner at dette er den største ulempa med gjetarhytta. Miljødirektoratet meiner samstundes at når verneforskrifta opnar for å kunne gi løyve til naudsynte gjetarhytter, inneber dette at det også er opna for å kunne gi løyve til nye bygningar på stader kor det ikkje er tekniske inngrep (som til dømes bygningar) frå før. Det er likevel ikkje ønskeleg å legge til rette for ei utvikling kor det vert bygd mange nye bygningar i landskapsvernområdet, då dette vil kome i strid med målet om å ta vare på eit naturområde utan for mange inngrep. Det er i denne samanhengen ein fordel at det er eit sankelag som står bak søknaden, slik at ein får redusert den samla belastninga gjennom ei fellesløysing. Miljødirektoratet har bedt forvaltar vurdere om det er mange andre som kan ha tilsvarande behov i verneområdet. Det er opplyst at søknaden er første søknad om gjetarhytte som har kome sidan 2011 og forvaltar antar difor at behovet for nye gjetarhytter er lite. Det er forvaltar sitt inntrykk at dei fleste får dekka behovet for husvære med allereie eksisterande bygningar, i alle fall gjeld dette når det er grunneigaren som er beitebrukar. Samstundes kan det kome nye søknader, særleg dersom grunneigarar sluttar med beitedyr sjølv og leiger ut beite til andre som bur langt vekke (slik som i dette tilfellet). Miljødirektoratet finn det vanskeleg å vurdere den samla belastninga på naturen etter naturmangfaldlova 10 ettersom det er usikkert kor mange som vil ha liknande behov i framtida. Ut frå vurderingane over, finn Miljødirektoratet det likevel lite sannsynleg at det vil kome mange nye søknadar om gjetarhytter i verneområdet. Miljødirektoratet er kjent med at det er omlag 8-10.000 dyr på beite i og rundt verneområdet kvar sommar. I forvaltningsplanen er det er eit mål å halde talet på beitedyr oppe for å ta vare på kulturlandskapet og ta vare på kulturhistoria kring beitebruk. Ei gjetarhytte vil kunne stimulere til vidare drift i framtida og vere med på å ta vare på kulturlandskapet på sikt, noko som er i tråd med verneformålet. 3
Det er i denne vurderinga også vurdert om det er mogleg å plassere gjetarhytta på ein måte som gjer at den ikkje blir for eksponert og synleg i landskapet. Etter synfaring og rådføring med forvaltar har ein funne at det er mogleg å plassere gjetarhytta slik at den ikkje blir særleg synleg. Ut frå vurderingar på staden under synfaringa og vurderingar frå forvaltar i etterkant, kan gjetarhytta plasserast slik at ho ikkje blir synleg i silhuett og svært lite synleg frå omkringliggande område ved val av plassering som vist på kartutsnittet under. Det vidare telefondekning på staden, noko som er ein fordel mellom anna for å kunne kontakte andre ved behov, særleg i sanketida. Miljødirektoratet har ut frå vurderingane over kome til at ei gjetarhytta på denne staden ikkje vil vere i strid med verneformålet. Skjønnsvurdering av om løyve bør gis Miljødirektoratet meiner at vilkåra for å kunne gi løyve er oppfylde. Miljødirektoratet går da over til å vurdere om det bør gjevast løyve. I den skjønnsmessige vurderinga av om ein bør gje løyve, legg Miljødirektoratet vekt på nytta ei gjetarhytte vil gi for beitenæringa sett opp mot kor stor negativ påverknad ei gjetarhytte vil ha på verneverdiane som går fram av verneformålet og andre naturverdiar i området. Det er vurdert over at det er eit behov for gjetarhytta og at ulempene ikkje er så store at gjetarhytta vil vere i strid med verneformålet. I den skjønnsmessige vurderinga må ein og legge vekt på omsynet til villreinstamma i området. Ivaretaking av villreinen er ikkje ein del av verneformålet. Omsynet til villreinen skal likevel vurderast og vektleggast i saka, jf. naturmangfaldlova 7 og 8. Villreinstammen i Førdefjella villreinområde er liten, med ein vinterstamme på knapt 100 dyr. Villreinen i området har opphav i utsetting av tamrein i 1948 og 1950. Leveområda for villreinen i Noreg er under aukande press på grunn av samfunnet sitt arealbruk og menneskeleg ferdsel i fjellet. Villreinstammen i Førdefjella er ikkje mellom dei ti nasjonale villreinområda kor ein særleg skal ta vare på villreinstammane. Kor stor vekt ein skal leggja på omsynet til villreinen i denne saka må sjåast i lys av dette og i kor stor grad det er sannsynleg at tiltaket vil vere skadeleg for villreinen. Det aktuelle området ligg i trekk- og sommerbeiteområde og i kalvingsområde. Det er i kalvingsperioden at villreinen er mest sårbar. Aktuell plassering er i utkanten av kalvingsområdet. Villreinnemnda har sagt at hytta i seg sjølv truleg ikkje vil vere problematisk i høve til villreinen sin bruk av området, men har peika på at hytta kan bli eit turmål. Dette vil i tilfelle auke ferdselen i villreinen sitt leveområde og slik fortrenge villreinen. 4
Miljødirektoratet har vurdert om det er sannsynleg at hytta vil bli eit turmål og slik føre til forstyrring av villreinstammen. Det er ikkje planar frå forvaltninga om å informere eller legge til rette for at området skal bli eit turmål, tvert imot er det andre område som vert framheva for dette formålet. Det er vidare ikkje sti heilt inn/opp til det aktuelle området og det er andre turmål i området som difor kan vere meir attraktive. Forvaltninga kan vidare sette vilkår om at hytta skal vere låst eller ikkje vere ei open bu og slik sett redusere sjansen for at gjetarhytta skal bli eit eige turmål. Samla sett meiner Miljødirektoratet det ikkje er sannsynleg at hytta vil føre til særleg auka ferdsel i området og finn difor ikkje grunn til å leggje særleg vekt på føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova 9. Ei gjetarhytte vil kunne auke sankelaget sin aktivitet akkurat på denne staden (sjølv om sankelaget uansett vil vere i området også utan ei gjetarhytte). Kalvingsperioden for villreinen skal vere avslutta når det er tid for å sende dyr på beite. Det er difor ikkje stort potensiale for å uroe villreinen akkurat i denne sårbare perioden sjølv om ein etablerer ei gjetarhytte her. Oppsummert meiner Miljødirektoratet at gjetarhytta vil vere nyttig for sankelaget, hytta kan gje grunnlag for at sauebeite i området held fram og hytta kan plasserast på ein stad kor den blir lite synleg frå områda rundt. Ulempene er at det vert etablert ein ny bygning i eit område kor det ikkje er bygningar frå før og at ein får ein ny bygning i leveområdet for villreinstammen. Ulempe for villreinstammen kan avbøtast med vilkår om at gjetarhytta skal vere låst, slik at ein reduserer sjansane for at hytta vert eit eige turmål. Ut frå ei totalvurdering av alle moment i saka, har Miljødirektoratet kome til at det bør gjevast løyve til gjetarhytte i denne saka. Gjetarhytta skal vere låst når den ikkje er i bruk, dvs. at det ikkje skal vere ei open bu. Heimel for omgjering Omgjering av Miljødirektoratet sitt tidlegare vedtak krev heimel. Forvaltningslova 35 første ledd a) seier at eit forvaltningsorgan kan gjera om sitt eige vedtak utan at vedtaket er påklaga dersom endringa ikkje er til skade for nokon som vedtaket rettar seg mot eller "direkte tilgodeser". "Direkte tilgodeser" gjeld ikkje alle som indirekte har fordel eller interesse i at vedtaket vert oppretthalde. Utgangspunktet er å verne om interesser som det var meninga å gje ein fordel eller posisjon gjennom vedtaket. Miljødirektoratet har vurdert om vilkåra i 35 første ledd a) er til hinder for ei omgjering av vedtaket til skade for dei omsyna som Villreinnemnda for Sogn og Fjordane representerer. Formålet med regelen i forvaltningslova må vere å sikre at rettar gjeve til private og som dei private har innretta seg etter, ikkje utan videre vert omgjort av eige tiltak av forvaltningsorgan. Villreinnemnda har offentlegrettslege oppgåver og det er etter vårt syn ikkje naturlig å vurdere det slik at Miljødirektoratet sitt vedtak "retter seg mot eller direkte tilgodeser" Villreinnemnda. Miljødirektoratet finn på denne bakgrunnen at tidlegare vedtak kan verta omgjort av eige tiltak ettersom omgjeringa ikkje er til skade for Dag Einar Bakketun eller beitelaget. Vedtak Miljødirektoratet sitt vedtak 28. september 2017 vert omgjort med heimel i forvaltningslova 35 første ledd a). Miljødirektoratet gjev løyve til oppføring av gjetarhytte etter forskrift om vern av Naustdal Gjengedal landskapsvernområde 3 pkt. 1.3 c). Løyve vert gjeve på følgjande vilkår: - Gjetarhytta skal byggast slik som teikningane syner, med grunnflate på inntil 5,2 x 3,4 m, saltak, liggjande kledning og takplater. - Gjetarhytta skal plasserast som vist på kartbilde over, nærare bestemt på følgande koordinatfesta posisjon: UTM 32 V 0348675 6839415. - Hytta skal ha farge som gjer at den skil seg minst mogleg frå terrenget - Tiltakshavar er ansvarleg for å rydde opp etter byggearbeida. - Tiltakshavar må søkje om løyve dersom det skal nyttast motorisert transport av material og utstyr i samband med bygginga. - Når bygginga er ferdig, skal det sendast kort rapport til verneområdeforvaltar med fotodokumentasjon. 5
-Gjetarhytta skal ikkje vere ei open hytte, men vere stengt når den ikkje er i bruk. -Løyvet gjeld fram til 1.oktober 2022. Dersom det ikkje levert rapport om at hytta er ferdig bygd innan denne datoen, fell løyvet bort. - Oppføring av gjetarhytta skal ikkje skje i kalvingsperioden for villrein. - Når gjetarhytta ikkje lenger er i bruk til formålet som gjetarhytte, skal hytta fjernast. Det skal gjevast melding til verneområdestyret når hytta ikkje lenger er i bruk til dette formålet. Løyvet gjeld berre etter forskrift om vern av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og fritar ikkje for krav om løyve etter anna regelverk som plan- og bygningslova. Vedtaket kan påklagast til Klima- og miljødepartementet innan 3 veker av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. forvaltningslova 29. Ein eventuell klage skal i tilfelle sendast til Miljødirektoratet for førebuande klagehandsaming. Helsing Miljødirektoratet Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen signatur Knut Fossum seksjonsleder Hege Langeland Tenk miljø - vel digital postkasse fra e-boks eller Digipost på www.norge.no. Kopi til: Naustdal - Gjengedal verneområdestyre Sivilombudsmannen Villreinnemnda for Sogn og Fjordane v/siri Bøthun Naturforvaltning Førdefjella villreinutval Risbotnen sankelag Fresvikvegen 995 6890 Fresvik 6