Årgang: 33 Nr. 1 2007 ISSN 1502-3273 www.hordaland.no/fylkesbibl/



Like dokumenter
konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

Les for livet - del 2 (Ref # )

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Poesislam i UKM (Ref # )

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

Nytte og hygge (Ref #1075)

Frå novelle til teikneserie

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Breiband til. alle i Hordaland

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 33 Nr ISSN

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)

Prosjektrapport nr.14/2010

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Fear in a librarian s heart

Team Hareid Trygg Heime

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

HØYRING - ENDRINGAR I LOV OM FOLKEBIBLIOTEK

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek.

Handlingsprogram og økonomiplan

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Forslag frå fylkesrådmannen

Fordeling av støtte til bibliotekprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland 2017

Rådgjevarkonferanse 2009

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kurstilbod Hausten 2009

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

( ) * +,,, Torsdag 19. januar 2006, Radisson SAS Hotel Norge i Bergen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

8 tema for godt samspel

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Informasjon til pasientar og pårørande

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Årgang: 33 Nr ISSN

Saman for framtida (Ref # )

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

STRATEGISK HANDLINGSPLAN FOR SKOLEBIBLIOTEK, STATUS OG VIDARE ARBEID

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Årsmelding for biblioteka i Lom 2009

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Lønnsundersøkinga for 2014

Transkript:

Årgang: 33 Nr. 1 2007 ISSN 1502-3273 www.hordaland.no/fylkesbibl/

Det store fleirtalet av høyringsfråsegner frå kommunane helsar velkomen og sluttar seg til innhaldet i framlegg til fylkesdelplan. Fleire kommunar refererer til tidlegare planar og samarbeid om vellukka prosjekt og tiltak. Frå fag- og forskingsbiblioteka sin ståstad har planen eit folke- og skulebibliotekperspektiv. Den grip ikkje inn i dei viktigaste problemstillingane deira og er marginal i høve til dei utfordringane desse har merksemda si retta mot. Likevel er dei godt nøgde med at planen legg opp til fleire samarbeidstiltak og kjem med fleire konstruktive innspel. Det same gjeld organisasjonane som har uttalt seg. Fleire kommunar trekkjer fram at etablering av ei ordning med regional støtte til bibliotekprosjekt, vil styrkje bibliotekutviklinga i fylket. Økonomisk støtte vil stimulere utviklingsarbeid og gi ekstra motivasjon til utvikling av biblioteka - i tillegg til at det vil kunne utløyse midlar frå andre interessentar i lokalsamfunnet. Nordhordlandskommunane peiker på at statlege prosjektmidlar ikkje har vore retta inn mot interesseområda til lokale bibliotek. Planframlegget mangla ein fylkeskommunal politikk på bokbuss og tiltak for styrking av kommunale og interkommunale bibliotekbussar. NOKU-Hordaland er oppteken av at mobile bibliotektenester er gode løysingar for kommunar med spreidd busetnad og er særleg viktig for eldre, barnehagar og skular der ein ikkje har gode bibliotektenester. Fusa kommune peiker på at fylkeskommunen bør spele ei rolle i utvikling av tenesta og koordinering av tilbodet i kommunane. Nordhordland meiner at innkjøp av bokbussar må få støtte på line med kulturbygg og støtte til drift på same måte som det blir gjort i Nordland fylkeskommune. Planen som blir lagt fram til politisk handsaming, har på bakgrunn av høyringsfråsegnene, saman med meir uformelle innspel, blitt justert og tiltaka prioritert. Det er også laga ein ny strategi om utvikling av mobile bibliotektenester. Vi på fylkesbiblioteket har tatt til med å setje i verk den nye planen, og vi gler oss til å samarbeide med biblioteka i fylket om mange spanande tiltak i tida framover. Ein del tiltak avheng av budsjettet for 2008, som skal vedtakast før i desember. Følg med, følg med! Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007-2010 har vore på høyring og skal handsamast i fylkestinget 16.oktober. Målet har vore å utforme ein regional bibliotekpolitikk som heng saman med regional politikk på andre felt og nasjonal politikk, nedfelt i regionale og statlege planar. Det kom inn 20 høyringsfråsegner. Fordi fleire har levert felles fråsegn, har i alt 22 kommunar/bibliotek uttalt seg, dessutan tre regionråd, Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen, Norges handelshøy, tre organisasjonar (Hordaland fylkeslag av Hørselshemmedes landsforbund, Norsk fagbibliotekforening, avd. Bergen og NOKU - Hordaland) og to vidaregåande skular. Ruth Ørnholt fylkesbiblioteksjef

Intervju med biblioteksjef i Os kommune; Elisabeth Bochkon Tøsdal Ei av dei største utfordringane i Os folkebibliotek framover trur eg blir å overleva glad og blid i kvardagen! Os er eitt av mange bibliotek med dyktige, kreative tilsette, - og her er plass for og ønske om mange fleir I samband med at biblioteket opna i nye lokale i vår, vart dei siste filialane lagde ned. Det vil seia at hovudbiblioteket no er den einaste folkebibliotekavdelinga i kommunen. Stillingsressursen ved filialane vart inndratt i samband med nedlegginga, og realiteten er no større aktivitet og færre stillingar. Nye lokale og boblande aktivitet det er ein ønskesituasjon! Måtte vi fortsatt finna tid til å inspirera og lokka gjennom utstillingar og munnleg formidling, skapa kunnskapstørst og gi opplevingar til alle som kjem innom biblioteket. Det er ei utfordring å halda på gløden når dagane er så travle at det sjeldan vert tid til å sitja ned og fordjupa seg i interessante oppgåver. Fort og gale kan ofte vera bra nok, men det vert eit sakn å ikkje ha tid når noko skal skrivast, utredast eller førebuast! (Nokon som kjenner seg att?) I år jobbar vi særleg med å fylla det nye biblioteket vårt med opplevingar. No er alt ryddig, oversiktleg og innbydadende. Det er folk i alle krokar, og alt fungerer fint. Det som står att er overraskingane, det uventa, utstillingane som skal engasjera og sjarmera. Noko uventa i ein krok, ei lita bombe eller noko hyggeleg. Vi er òg veldig opptekne av formidling! Formidling av leseglede, bokglede og kunnskapstørst. Både i møte med den einskilde i biblioteket og formidling av bøker for grupper av ulike slag. Dette driv bibliotekfolk med heile tida, og det er mange måtar å gjera det på. Forteljarkurs har inspirert oss til å verta flinkare og modigare, og vi får stadig nye bibliotekbrukarar m.a. som eit resultat av formidling og informasjon. Vi samarbeider med skulane i Os. Samarbeidsavtalen vart utarbeidd for fleire år sidan, og er sidan evaluert. Vi synst vi har ein grei avtale med realistiske mål. Vi samarbeider om bibliotekfagleg rettleiing, faste klassebesøk for faste klassetrinn, besøk på foreldremøte, planleggingsdagar, leseprosjekt, utstillingar, bokkasser i klasseromma m.m.! I eit slikt samarbeid er det biblioteket som yter og skulen som nyter, og det er ei utfordring å setja grenser. Skulen ønskjer mykje og vi vil gjerne, men her som i mykje anna har vi ikkje tid til å gjera alt begge partar vil! Likevel, dette er viktig og morosamt arbeid. Her har vi brukarane servert på sølvfat, og det er vår oppgåve å gi dei bøker og begeistring. Ei festleg utfordring! " #$#%" &'"% %" " &( " "% ") Os folkebibliotek sin nettstad: http://os.bibliotekivest.no/

* % +,&&

Baiba Børslien er tilsett som skulebibliotekar i Øygarden kommune. Bente Fosse er tilsett som ny biblioteksjef i Sund kommune. Ho tar til i stillinga 1. desember. Ritha Helland er tilsett som rådgjevar ved Hordaland fylkesbibliotek, frå 1. september. Ho skal arbeide med drift og utvikling av bokbåttenesta og transportordninga. Ritha har tidlegare vore tilsett i prosjektstilling på fylkesbiblioteket. Eli Torsnes er tilsett som avdelingsleiar for Jondal folkeboksamling i 50% stilling. Sjå elles saka om samarbeid mellom biblioteka i Kvam og Jondal. Anna Elisabeth Waage er tilsett som ny biblioteksjef i Radøy kommune. Ho starta 1. august.,& Askøy vgs. - Eva Mostraum, 100% Bergen maritime vgs. - Silje Monsen Solsvik, 50% Laksevåg vgs. - Barbro Mandelid, 100% Olsvikåsen vgs. - Eva Gjuvsland, 100% Sotra vgs. avd. Bildøy - Helene Eriksen, 100% Tanks vgs. - Silje Monsen Solsvik, 50% Til: Eva Frå: Fylkesbiblioteket Takk for laget og hjartens lukke til! Til: Ritha Frå: Fylkesbiblioteket Hjartens velkomen til oss! - Har du gode idear til å bruke mashup eller om korleis biblioteket skal sjå ut på nett? På Biblioteklaboratoriet er det lyst ut konkurransar om dette med frist 1. oktober. http://www.biblioteklaboratoriet.no/ " (. / Fristen for å søke om utviklingsmidlar frå ABM-utvikling for 2008 er 15. oktober. Tiltaka i Bibliotekreform 2014 er sentrale for å søke om prosjektmidlar. Eit anna stikkord er Mangfaldsåret. Her finn du søknadsskjema og meir informasjon: http://www.abm-utvikling.no/soknadsmidler 0 Samsøket for Hordaland fungerer ikkje som det skal. Grunnen til dette er samansett. Vi beklager! Så snart utlånsordninga for lærebøker i vidaregåande skule er gjennomført, vil Laila Rene på fylkesbiblioteket kaste seg over oppgåva med å få det i orden og gjere tenesta meir brukarvenleg.

1223 Teikneseriar for ungdom/vaksne haust 07 Leirvik og Bergen Bibliotekkompetanse i framtida 23.10.07 Bergen Samarbeid med Hordaland BF og NBF Hordaland Samling for bibliotekarar i vgs. 06.- 07.11.07 Solstrand Biblioteklabseminar for deg som vil vere Digital og Sosial med 12. 13.11.07 Bergen Mashups, biblioteket i Facebook med meire. Samarbeid med Thomas Brevik Regional bibliotekpolitikk 27.11.07 Bergen Årets bøker 04.12.07 Bergen 4 1225 23 ting om bibliotek 2.0 Januar - mars Regionale samlingar, tre på kvar plass Det norske bibliotekmøtet 2008 05.-08.03.08 Bergen Arr.: Norsk Bibliotekforening og BIBSYS 23 ting om bibliotek 2.0 - oppsummering April Bergen Merk også at bibliotekleiarmøte til neste år blir i Ulvik under litteraturfestivalen september 2008, og hovudtema blir litteraturformidling. * ) Frå januar til mars neste år kan du følge elæringsopplegget 23 ting om bibliotek 2.0 også i Hordaland. Opplegget er basert på sjølvstudium og regionale samlingar med to frå fylkesbiblioteket. I april oppsummerer vi og feirer bragdene! 23 ting er omsett til norsk gjennom eit samarbeid med Buskerud fylkesbibliotek, Drammensbiblioteket og Nasjonalbiblioteket. Fylkesbiblioteka i Vestfold, Østfold og Buskerud har gått saman om å lage kursopplegget kring elæringsprogrammet. Målet er at deltakarane skal få hjelp til å utforske 2.0-teknologiane, bli i stand til å bruke desse i arbeidet sitt og dessutan prøve ein ny måte å lære på i fellesskap med andre bibliotektilsette. Meir informasjon og påmelding kjem seinare, men ta ein kikk på 23 ting og sjå at dette er ikkje er avskrekkande! http://23tingom2null.blogspot.com/ Ta kontakt om du har spørsmål om opplegget: lena.glesnes@post.hfk.no

0 6 I fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007-2020, er eit av måla å etablere forpliktande samarbeid mellom folkebiblioteka i fylket gjennom ulike samarbeidsmodellar, ut frå lokale tilpassingar og føresetnader. I samband med at Jondal kommune våren 2007 lyste ut 50% biblioteksjefstilling, drøfta fylkesbiblioteket ei ordning med kjøp av biblioteksjeftenester frå Kvam, dersom ein ikkje fekk kvalifiserte søkarar til stillinga. Dette blei også drøfta med biblioteksjefen i Kvam, som meinte at ei slik løysing også kunne vere fagleg nyttig for bibliotektenestene i Kvam herad. Jondal kommune fekk ikkje søkjarar med biblioteksjefkompetanse til stillinga og har tilsett Eli Torsnes som avdelingsleiar for biblioteket i 50%, under føresetnad av at ein kan kjøpe biblioteksjeftenester frå Kvam. På bakgrunn av dette vil fylkesbiblioteket dekkje utgiftene til frikjøp av Siv Røyneland i 20% stilling, i perioden 1.08.07 31.12.07. Jondal kommune skal leggje inn ein refusjon til Kvam i budsjettet for neste år. Fylkesbiblioteket ønskjer også å støtte eit utviklingsprosjekt der det blir arbeidd med tenesteutvikling og samarbeid mellom bibliotek i vidaregåande skule. I tillegg skal det arbeidast med ein prosjekt søknad til ABM-utvikling i haust. 77 Fem bibliotekarar frå folkebibliotek i Hordaland får støtte til kursavgifta for å delta på to kurs 24. og 25.september i Oslo, med kurshaldarar frå engelske "Opening the book". Det eine kurset er eit halvdagskurs med tema lesesirklar i bibliotek. Kurshaldar er Fiona Edwards, som er "reading development co-ordinator". Det andre kurset er eit heildagskurs som handlar om bibliotek og innreiing, med fokus på å gjere biblioteka mest mogleg brukarvennlege ("custom-centered library design"). Kvar deltakar vil før kurset levere inn foto og ei skisse over ein del av eige bibliotek. Desse "problemområda" vil bli diskutert i grupper, i tillegg til foredrag av kurshaldar Rachel van Riel, direktør for "Opening the book". Fylkesbiblioteket vil gjerne bidra til at bibliotektilsette i fylket får ny inspirasjon og kunnskap om bibliotekutvikling. Vi ønskjer å få til fleire slike "sponsingar" dersom vi kan finne midlar og eigna kurs. Fylkesbiblioteket skal også delta på desse to kursa. Vi håper at satsinga vil vise igjen i bibliotek i Hordaland, og kan inspirere også andre enn dei som går på kurset. Meir om "Opening the book" www.openingthebook.com http://www.bokogbibliotek.no/gamlebob/2006/0601/london-rachel.html Kurs om lesesirklar http://www.bibsent.no/kurs/lesesirkler.shtml Kurs om innreiing http://www.bibsent.no/kurs/bibliotekinnredning.shtml Ta kontakt om du har spørsmål: helge.skurtveit@post.hfk.no

8 Fylkesbiblioteket arbeider med prosjektet Felles standard for biblioteknettstader, der målet er å tilby kommunane eit godt og billig publiseringsverkty med design og innhaldsmal spesielt for bibliotek. Dette vil heve det nettbaserte bibliotektilbodet i kvar kommune og gjere det enklare å bruke nettet i kommunikasjonen med brukarane! Målsettinga er at dette skal vere ei enkel pakkeløysing å ta i bruk både for dei som har ein biblioteknettstad dei ønskjer å oppgradere, og dei som ikkje har, - for enkeltkommunar og samarbeidande regionar. Verktyet er webbasert med open kjeldekode. Kommunane skal kun betale for si lokale tilpassing. Pakken omhandlar også hjelp til overføring/ oppstart. Tilbodet skal gå ut før nyttår. Vi har invitert seks kommunar til å vere i referansegruppa. Har du innspel / ønskjer du å vere med? Ta kontakt med lena.glesnes@post.hfk.no I dag er det mange innbyggjarar i fylket som ikkje kan vende seg til sitt lokale bibliotek på nettet for å finne oppdatert informasjon om tilboda, ta i bruk digitale bibliotektenester eller kommunisere med bibliotekarar. Samstundes har dei tilsette i folkebiblioteka eit stort formidlings- og kommunikasjonsbehov med brukarane sine. Anten folkebiblioteket er stort eller lite, kan brukarane få tilgang til rike kjelder, deltaking og inspirasjon frå biblioteknettstaden. Brukarane har behov for ein god lokal inngang til bibliotektilboda, ikkje minst i dei små kommunane der opningstidene er dårlegast. I dette prosjektet blir det utvikla eit enkelt publiseringsverkty laga spesielt for å formidle folkebiblioteket sine tenester. 9 :*8(' IFLA-konferansen i år var i Durban, Sør- Afrika 19.-23. august. Det var om lag 3000 delegatar på konferansen. Av desse var over 1/3 frå Afrika. Her er to bibliotekarar frå Sør- Afrika på kulturkvelden. Kvelden var eit intenst møte med musikk og mat frå regnbogenasjonen Sør-Afrika. Nokon som hugsar norske bibliotekarar i bunad frå kulturkvelden på Bygdøy i 2005?

. 9 Kulturnett Norge har sikra at kulturinstitusjonane er på plass i den norske versjonen av Google Maps. Tenesta blei lansert 28. juni. Dei regionale kulturnetta har samla informasjonen om institusjonane, og no kan brukarane nyttiggjere seg den nasjonale dugnaden også på Google Maps. På Google Maps kan ein mellom anna finne vegskildringar, dele kart og lagre eigne kart. Du kan også finne adresser i kart eller på satellittbilde, som i bildet under av Bergen Offentlige Bibliotek. Kartgrunnlaget er det same som ligg til grunn for karttenesta i Kulturnett Norge. I Hordaland manglar vi fortsatt kartfesting av enkelte filialar. Fylkesbiblioteket vil ta kontakt med dei biblioteka det gjeld for å innhente data og oppdatere informasjonen. Dette er ei nyttig teneste å spreie til brukarane, til dømes frå biblioteknettstaden. Ein kan også lage lenke direkte til kartsøket for det enkelte bibliotek for dei som leiter etter adressa og vegen til biblioteket. Her finn du Google Maps: http://maps.google.no/maps Meir om tenesta på Forbruker.no: http://forbruker.no/digital/nyheter/data/article1860420.ece

.!" #"$ - 20. 21.09 Notodden: Bildebokkonferansen "Dobbelt Nytelse - et dypdykk inn i bildeboka" http://home.hit.no/~dborgen/pameldingbbk.html - 24.09 Oslo: Lesesirkler - hvordan starter og driver vi disse? (engelsk) http://www.bibsent.no/kurs/lesesirkler.shtml - 25.09 Tønsberg og 05.12 Trondheim: Språkstimulering gjennom leseaktiviteter http://lesesenteret.uis.no/category.php?categoryid=2861-25.09 Oslo: Bibliotekinnredning - sett med brukerens øyne (engelsk) http://www.bibsent.no/kurs/bibliotekinnredning.shtml - 10. 11.10 Sandefjord: Ung 3.0 http://ung3null.wordpress.com/ - 15.10 16.10 Tromsø: Mikromarc brukermøte for folkebibliotek http://www.bibits.no/arrangementer/arrangementer/brukermote_for_folkebibliotek.html - 16.10 Oslo: Skolebibliotekkonferanse - 17.10 18.10 Oslo: Bibliofil biblioteksjefmøte http://www.bibsyst.no/ - 1. 2. 11 Oslo: ALEPH brukermøte - 12.11 Oslo: Mangfoldsåret 2008 Kjem program på http://www.abm-utvikling.no/ - Biblioteksentralen Web 2.0 skolen http://www.bibsent.no/kurs/web2.shtml

9 ;&$<&"&0" &!"!##$$$!%%#&"# ' " ()* +,, + - "!##$$$!%%#&"#