Sogn og Fjordane Arbeidarparti Representantskapsmøte på Sogndal Hotell, Sogndal 6. nov 10. SAK 6/10: PROGRAM 2011-2014 Programnemnda sitt forslag: MÅLSETJING Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha eit samfunn som tek vare på alle. Dei som treng hjelp, skal få det, og vi skal løyse dei viktigaste oppgåvene saman og i fellesskap. Vi vil byggje ut velferda i staden for å gi skattelette. Vi vil gjere fellesskapsløysingane betre i staden for å privatisere. Sogn og Fjordane Arbeidarparti har som målsetjing at folketalet i fylket skal auke med minst 2 % eller 2100 dei neste fire åra. Dette skal vi oppnå gjennom å leggje til rette for at det vert skapt nye arbeidsplassar og ny næringsverksemd, og ved at arbeidslivet skal ha plass til alle. Menneske skaper verdiar. Dess fleire menneske vi har i fylket dess fleire verdiar kan vi skape. For å få til folketalsvekst må vi sikre velferdsordningane og fellesskapsløysingane. Sogn og Fjordane Arbeidarparti set menneska, miljøet og fellesgoda i sentrum, og byggjer politikken på følgjande prinsipp: FRIDOM, LIKSKAP OG SOLIDARITET Dette er hovudprinsippa i det sosialdemokratiske verdigrunnlaget. Desse prinsippa ligg til grunn for Arbeidarpartiet si tenking og utforminga av den praktiske politikken. FRIDOM Kvart einskilt menneske må få høve til å styre sin eigen kvardag. Fridom frå undertrykking er grunnleggjande for sosialdemokratiet. Fridom til å røyste, tenkje, tru, ytre seg og organisere seg er, saman med sosial likskap og rettferd, ein føresetnad for eit reelt demokrati. LIKSKAP Alle har noko å gje til fellesskapet. Alle menneske er ikkje like, men likeverdige. Alle skal få same sjansen til menneskeleg utfalding og vekst, uavhengig av bakgrunn. SOLIDARITET
Solidaritet betyr at alle skal med. I eit solidarisk samfunn tek vi ansvar for kvarandre, og alle yter etter evne. Solidaritet er uavhengig av grenser og bakgrunn. UNG i SOGN OG FJORDANE DU som er ung er Sogn og Fjordane sin viktigaste ressurs og vi vil vere ein pådrivar for at du skal trivast i fylket vårt. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at å investere i ungdom er å investere i framtida. For å få til ein god og framtidsretta ungdomspolitikk, meiner Sogn og Fjordane Arbeidarparti at vi må tenkje og setje i verk tiltak på tvers av dei ulike samfunnsområda. For at du som er ung skal vite kva moglegheiter du har i Sogn og Fjordane må fylkeskommunen og næringslivet i større grad vere aktive for å få ut informasjon om kva tiltak som finst og synleggjere dei satsingane vi allereie har. arbeide for betre transportordningar for ungdom, som til dømes Trygt heim for ein 50- lapp, fleksibel skuleskyss og ungdomskort, og lokale transporttilbod innføre studentrabatt for lærlingar ikkje auke prisen på ungdomskort samarbeide med andre fylkeskommunar for å få til eit felles ungdomskort på tvers av fylkesgrenser prioritere kulturarrangement for ungdom ved utdeling av kulturmidlar at Fylkeskommunen skal vere aktiv på sosiale medier som Facebook, Origo og Twitter. vidareutvikle og styrke ungdommens kulturmønstring (UKM) innføre og utvikle ordninga med kulturkort for ungdom satse på utvekslingsprogram for ungdom at fylkeskommunen deltek aktivt på rekrutteringsmessene for å sikre rekruttering av arbeidskraft til fylket leggje til rette for ungdom som ønskjer å etablere seg i fylket stimulere til godt ungdomsdemokrati, mellom anna gjennom ungdomsråd i alle kommunane, fylkesting for ungdom og tverrpolitiske samlingar KULTUR Kultur er ei offentleg oppgåve. Vi ønskjer eit breitt kulturtilbod for heile fylket uavhengig av bustadadresse og lommebok. Vi vil særleg styrkje kulturaktivitetar for born og unge. Framveksten av arbeidsplassar knytt til kulturell entreprenørskap har vore stor i fylket vårt dei
siste åra. Næringslivet spør i aukande grad etter kulturopplevingar og kreativ tenking. Dette har blitt ein viktig del av verdiskapinga vår. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil støtte opp under kulturtiltak og arbeidsplassar i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Det er viktig å ta vare historia ved å sikre ansvarsmusea. Fylket har ei rik kulturhistorie som m.a. vert teken vare på og formidla av musea og fylkesarkivet. Naturen og kulturen i fylket gir oss tilgang til store opplevingar. Nærøyfjord-området, som er på UNESCO si verdsarvliste, er eit døme på dette. Naturen og kulturen vil også vere ein av dei viktigaste vekstpilarane i reiselivet framover. gi alle tilgang til eit spennande og breitt kulturtilbod leggje til rette for at born og unge kan utvikle seg gjennom idrett, musikk, teater og andre eigenutviklande aktivitetar støtte ulike festivalar prioritere bruk av kulturaktivitetar i samband med integrering av innvandrarar støtte opp om samfinansieringsinstitusjonane vi har i fylket, som Sogn og Fjordane teater, Førdefestivalen, Opera Nordfjord og musea i fylket byggje fellesmagasin ved musea for betre å ta vare på gjenstandane gje støtte til idrettsaktivitet i fylket, og halde fram med å gje tilskot til fylkesidrettsanlegga støtte og vidareutvikle den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken støtte distriktsmusikarordninga ARBEIDSLIV, PLAN OG NÆRING Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil føre ein aktiv næringspolitikk som skaper nye og vidareutviklar etablerte arbeidsplassar. Vi vil arbeide offensivt og søkje nye løysingar tilpassa våre utfordringar og moglegheiter. Heile fylket har god plass og rikeleg ressursgrunnlag. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil leggje til rette for og arbeide aktivt for at heile fylket skal vere attraktivt for nasjonale og internasjonale selskap. Fylket skal vere godt kjent og eit reelt val for etablering og utvikling. Det er viktig å utvikle robuste bu- og arbeidsområde. Døme på dette er å styrkje grunnlaget for auka aktivitet innafor olje og gass ved basen i Florø, prosessindustri i Svelgen, Høyanger og Årdal, etablere industri på Lutelandet og i Sløvåg, samt etablere Måløy i internasjonal klasse i arbeidet med utvikling av vindkraft. Det meste av næringsutviklinga i fylket skjer i byar og tettstader. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil i sterkare grad vektleggje og stimulere til sentrumsutvikling. Dette meiner vi
igjen vil føre til folketalsvekst og meir verdiskaping. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at det offentlege høgskule- og forskingsmiljøet i fylket skal ha eit tettare samarbeid med arbeidslivet. Like viktig som nyetablering er det å sikre at etablert verksemd får utvikle seg. Endringar i m.a. marknaden, etterspurnad og teknologisk utvikling krev at næringslivet må kunne tilpasse seg og omstille seg på ein effektiv måte. FoU er viktig for å kunne få til omstilling og dermed betre konkurranseevna til næringslivet. Løyvingane til Innovajson Norge samt tilgangen og bruken av risikovilleg kapital vil vere avgjerande for å lukkast med omstillingar i næringslivet. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil stø opp under arbeidet med å vidareutvikle destinasjonen Sogn og Fjordane. Vi vil støtte tiltak og utvikling av reiselivsverksemder som skaper sunn økonomi og heilårs arbeidsplassar. Vi vil arbeide for å få etablert minst ein heilårsdestinasjon innan kvardagsturisme og stø opp om kurs- og konferansehotell slik at dei kan konkurrere nasjonalt og internasjonalt. Primærnæringane landbruk, fiskeri og havbruk er viktige ressursar i fylket vårt. Jord- og konsesjonslovgjevinga må forvaltast slik at dei som vil drive aktivt landbruk får tilgang til jorda. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil jobbe for at det vert stimulert til samdrift og samarbeidstiltak gjennom eit framtidsretta og fleksibelt regelverk. Det er viktig å motivere til drift og utvikling av husdyrhald, å ha eit variert landbruk og ivareta kulturlandskapet, samt å auke avvirkninga i skogbruket. Fiskeri- og havbruksnæringane skal få vilkår som gir moglegheit for vekst, berekraftig utvikling og lokal verdiskaping. I tillegg er det viktig med meir foredling i fylket. krevje at industrien får langsiktige, stabile og konkurransedyktige rammevilkår støtte arbeidet til Skognæringsforum at fylkeskommunen skal vere ein aktiv aktør og behalde eigarskapen i Fjord1 og Sogn og Fjordane Energi arbeide for meir risikokapital til fylket og auka støtte til Innovasjon Norge leggje tilhøva betre til rette for utvikling av arbeidsplassar innan design motarbeide alle former for sosial dumping, bl.a. gjennom krav om ordna arbeids- og lønsforhold ved offentlege oppdrag sikre at offentlege arbeidsplassar vert tilrettelagt for heiltidsarbeid til dei som ynskjer det arbeide for meir likestilling mellom anna ved å få fleire kvinner i leiande stillingar arbeide for å ivareta og styrke tiltaksplassar i arbeidsmarknadsverksemder arbeide for å utvikle helsearbeidsplassar knytt til Helse Førde (t.d. Førde
Helseinkubator) KLIMA, MILJØ OG ENERGI Sogn og Fjordane Arbeidarparti byggjer sin miljøpolitikk på prinsippet om berekraftig utvikling. Det betyr at vi må ha ei forsvarleg og langsiktig forvaltning av naturressursane våre. Vi har ansvar for komande generasjonar og må difor i større grad setje i verk tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar når vi planlegg for framtida. Sogn og Fjordane er eit fylke som er rikt på natur og ressursar. Vi har viktig industri og mange arbeidsplassar knytt til utvinning og bruk av energi. Naturressursane i fylket må nyttast på ein berekraftig måte. Som eit fylke med mykje energi må Sogn og Fjordane ta eit ekstra ansvar for klimaarbeidet. Vi må handle lokalt og tenkje globalt. at fylkeskommunen skal vektleggje klima- og miljø sterkare ved anbod og kontraktar arbeide for omlegging til miljøvenlege energiformer i fylkeskommunale bygg auke den fornybare energiproduksjon i fylket gjennom utbygging av vasskraft, vindkraft, bioenergi, solenergi og fjordvarme arbeide for utnytting av naturressursar som olje, gass og mineral arbeide for omlegging til miljøvenleg drivstoff i kollektivtrafikken vere pådrivar for meir forsking og bruk av miljøvenleg teknologi som t.d. CO2-fangst arbeide for at vindkraftkompetansen i fylket får høve til utvikling gjennom prosjekt i kystnære strok sikre samfunnsnyttig bruk av vasskraft gjennom offentleg eigarskap arbeide for å stette den kraftintensive industriens langsiktige kraftbehov arbeide for å få bygd kraftlinja mellom Fardal og Ørskog leggje til rette for overgang av godstransport frå veg til sjø styrkje oljevernberedskapen langs kysten SAMFERDSLE OG KOMMUNIKASJON Samferdsle er viktig for å sikre busetnad og få til næringsutvikling. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha eit sterkt offentleg transporttilbod både på land og sjø. Vegstandarden og vedlikehaldet må betrast. Det er viktig at dei som ferdast på vegane våre kan kjenne seg trygge. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at oppstarta prosjekt og prioriterte veganlegg i
Nasjonal Transportplan vert fullførte som planlagt. Vi vil arbeide for at det vert auka rammer til vegbygging i fylket. Rassikring er ei stor lokal og nasjonal oppgåve. Det er viktig å sikre at den årlege øyremerka ramma på minst ein milliard vert vidareført. Målsettinga om 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken (0-visjon) må stå fast. Arbeidarpartiet vil prioritere løyvingar til trafikktrygging, samt gang- og sykkelvegar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil at den parsellvise opprustinga av E16 og E39 skal halde fram som planlagt gjennom heile fylket. I tillegg er det naudsynt å få ei opprustning av RV 15 over Strynefjellet og heilårsveg over Vikafjellet, RV 13. Her føregår det for tida utgreiingsarbeid som må følgjast opp med løyvingar. arbeide for at heile fylket får mobildekning og breiband, samt byggje ut fiber oppretthalde flyplasstrukturen og arbeide for betre og billegare rutetilbod arbeide for realisering av Stad skipstunnel gjennom ei særskild statleg finansiering arbeide for betre sikring og merking av skipsleiene vidareutvikle arbeidet for betre kollektivtransport og rabattordningar for pendlarar i fylket og betre korrespondanse mot andre deler av landet at skulebussane må vere utstyrt med setebelte at offentlege kommunikasjonsmidlar skal utformast slik at alle har tilgang (universell utforming) arbeide for auka løyvingar til aksjon skuleveg og vidare utbygging av gang- og sykkelvegar rassikre/oppruste Fv 60 Olden - Innvik oppruste Fv 60 Hornindal Møre grense arbeide for Fv 57 med bru over Svesundet arbeide for Fv 606 bru over ytre Steinsund og Fv 609 Atløysambandet m.a. gjennom bruk av ferjeavløysingsmidlar arbeide for realisering av Kystvegen Ålesund - Bergen, med vektlegging av strekninga Florø - Måløy (45-minuttsregionen) vidareføre arbeidet for å få realisert Førdepakken støtte utgreiing av ny stamvegtrase Stavanger/Bergen Trondheim gjennom Årdal/ Luster OPPLÆRING EIN SKULE FOR FRAMTIDA Sogn og Fjordane Arbeidarparti ser på grunnskulen og vidaregåande opplæring som ei heilskapleg grunnopplæring. Vi vil sikre born og ungdom dei beste moglegheiter for vegen vidare i utdanning og yrkesval.
Vårt mål at den vidaregåande opplæringa skal vere den beste i landet med sterkt fokus på innhald, kvalitet og breidde i utdanningstilbodet. Vi vil ha sterk politisk styring som sikrar gode resultat, god oppfølging av kvar enkelt elev, og tilpassa opplæring for alle. Det er viktig at ungdom i større grad vert motivert til å velje yrkesfag, samt å sikre eit løft for fagopplæringa og fagskulen. Dei vidaregåande skulane må i større grad vere ein arena for livslang læring. Tilbodet innan opplæringa må reflektere både næringslivet sine behov og elevane sine ønskje. styrkje utdannings- og yrkesrådgjevinga ha eit levande opplæringstilbod som gjenspeglar endringane i samfunnet og næringslivet. oppretthalde ein desentralisert skulestruktur tilpassa dagens behov at fylkeskommunen skal vere ei aktiv lærlingverksemd, og at private og offentlege verksemder skal stimulerast til å ta inn fleire lærlingar styrkje samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane arbeide for å opprette frivilleg vertsfamilieordning for hybelbuarar ha fokus på etter- og vidareutdanning av lærarar, og sikre rekruttering av nye lærarar ha nulltoleranse mot mobbing og at alle skular skal ha eigne (anti)mobbeplanar arbeide for tiltak som hindrar fråfall, og sørgje for at flest mogleg fullfører utdanninga si på normert tid bruke elevstyring som verktøy for at elevar i den vidaregåande skulen skal få eit tilbod nærast mogleg heimstaden at entreprenørskap skal vere ein del av undervisninga heile utdanningsløpet vurdere vidareføring av ordninga med opplæringsfartøy ved Måløy vgs ha eit sterkt fokus på fysisk aktivitet, ernæring, psykisk helse og folkehelse at dei vidaregåande skulane tek del i den digitale utviklinga vidareføre ordninga med miljøkoordinator og arbeidslivskontakt ved alle skulane at fylkeskommunen i lag med kommunane skal styrke skulehelsetenesta gje rom for fleire estetiske fag, og meir praktisk opplæring i den vidaregåande skulen sikre Fagskulen gode rammer arbeide for at Høgskulen i Sogn og Fjordane får gode nok rammer og arbeide for fleire studieplassar bidra til realisering av forskingssenter for Geofare ved høgskulen i Sogn og Fjordane HELSE OG OMSORG Alle skal ha tilgang til gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av personleg økonomi og bustadadresse. Dette er eit offentleg ansvar. Folk skal oppleve at dei får tilbod om behandling og pleie med kort ventetid og med størst mogleg nærleik til
brukaren. Tenestene skal vere prega av kvalitet og brukarmedverknad. Fylkeskommunen har ansvar for tannhelse og folkehelse. Arbeidarpartiet sitt mål er at tannhelse skal bli det offentlege sitt ansvar på lik linje med anna helsetilbod. Arbeidarpartiet vil først løyse utfordringane for dei som har dei største behova, som t.d. ungdom og eldre. Sogn og Fjordane har god erfaring med å jobbe aktivt med folkehelse. Vi vil fremje dette viktige arbeidet for å motverke sosial ulikskap i helse og for å gje betre livskvalitet for innbyggjarane i fylket. Dette arbeidet må femne breitt: alt frå fysisk aktivitet, ernæring, grøne område, universell utforming, fokus på rus og tobakk, trygge eldre, ernæring, ungdomsfokus til trafikktryggleik. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at vi må ha eit sterkt sentralsjukehus og lokalsjukehus som stettar behovet til dei store pasientgruppene. Sentralsjukehuset er viktig for å halde oppe eit robust fagmiljø, og for å sikre opplæring og rekruttering til heile helsesektoren i fylket. Sentralsjukehuset og lokalsjukehusa er viktige velferds- og tryggleiksfaktorar, og det er naudsynt med ein desentralisert sjukehusstruktur med nærleik til akuttberedskap og fødetilbod. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha særskild fokus på å utvikle tilbodet innan rusbehandling, psykiatri, geriatri og rehabilitering. Førebyggjande arbeid, læringsog meistringstilbod, psykisk helsevern og rusbehandling må få nye kommunale og interkommunale tilbod. Spesielt vert det viktig med gode kommunale helsetenester for ei sterkt veksande eldre folkesetnad med fleire kroniske lidingar. Innan rusomsorga er det trong for å betre kapasiteten både når det gjeld førebygging, behandling og ettervern gjennom opning av rusposten på Eid og vidareutvikling av tilboda på Tronvik og i Førde. arbeide for å styrkje økonomien til sjukehusa, slik at fleire pasientar får behandling og at ventetida vert kortare. Det er også viktig at bygningar og teknisk utstyr vert fornya og oppgradert styrkje samarbeidet mellom sjukehusa og kommunehelsetenesta m.a. gjennom samhandlingsreforma at ambulansetenesta vert utvikla vidare og vert sikra ein desentralisert struktur arbeide for å utvikle omsorga for pasientar i sluttfasen i livet arbeide for å sikre god rekruttering av legar, tannlegar og anna helsepersonell medverke til å få stabile og gode spesialisttenester innan tannhelse bidra til at Sogn og Fjordane skal vere eit føregangsfylke innafor WHO sine trygge lokalsamfunn at ingen skal ha ufrivilleg deltidsstillingar innan helse- og omsorgssektoren ha større fokus og satsing på barnevernsarbeid gjennom at det vert etablert barnevernsvakter og at det vert auka ressursar i tiltaksarbeidet overfor familiane
21.10.2010