Vedlegg 3 A Framlegg til reguleringsføresegner for Kvinnherad kommune Alternativ S1/S6 datert 02.02.2004, revidert 02.06.2004 og 21.11.2008.
FV 107 JONDALSTUNNELEN MED TILKOMSTVEGAR ALTERNATIV S1/S6 REGULERINGSFØRESEGNER revidert 02.06.2004 og 21.11.2008 KVINNHERAD KOMMUNE 1. GENERELT 1.1 Desse reguleringsføresegnene gjeld for det området som på plankartet er markert med plangrense (Sjå teikning nr. 1 5 og nr. 7 i M 1:1000 og teikning nr. 6 og nr. 8 i M 1:5000, datert 26.01.2004, siste revisjon 21.11.2008). I samsvar med 25 i Plan- og bygningslova er areala regulert til følgjande formål: Offentleg trafikkområde Vegar/gater. Parkeringsplass Gang-/sykkelveg, fortau. Anna trafikkområde. Spesialområde Frisiktssone. Private avkøyrsler/vegar. Anna anlegg i sjø, vegfylling/massedeponi Fellesområde Felles avkøyrsle/tilkomstveg. Kombinerte føremål Offentleg køyreveg/skogbruksområde
2. FELLESFØRESEGNER 2.1 Desse fellesføresegnene gjeld innafor ramma av Plan- og bygningslova med tilhøyrande vedtekter for Kvinnherad kommune. 2.2 Kommunen kan, når særlege grunnar talar for det, tillate mindre vesentlege endringar i reguleringsplanen og/eller desse reguleringsføresegnene. 2.3 Etter at reguleringsplanen med tilhøyrande reguleringsføresegner er stadfesta, er det ikkje høve til å inngå privatrettslege avtaler som er i strid med reguleringsplanen og reguleringsføresegnene. 2.4 Omsynet til landskapet skal sikrast gjennom utarbeiding av byggeplanar og gjennom vidare arbeid i anleggsfasen. Ulike prinsipp for utforming av det nye terrenget på ulike deponi, fyllingar m.v., krav til utforming av tekniske anlegg og revegetering, skal framgå av planane. Alle inngrep som vert gjort i samband med veganlegget skal utførast mest mogeleg forsiktig og med omtanke for terreng og utsjånad. Noverande vegetasjon skal takast vare på i størst mogeleg utstrekning. Terrenghandsaming skal gjerast ferdig samtidig som resten av veganlegget. 2.5 Riggareal for veganlegget kan opparbeidast i anleggstida innafor regulert areal. Etter bruk skal området som blir nytta til riggområde opparbeidast og setjast i stand i samsvar med føresegnene i reguleringsplanen. 2.6 Tiltak i sjø som fell inn under Hamne- og farvasslova sine bestemmingar skal godkjennast av Kystverket. 2.7 3. LANDBRUKSOMRÅDE, JORD-/SKOGBRUK 3.1 I regulert landbruksområde langs fylkesvegen kan det anleggast riggareal i anleggsperioden. Desse områda skal og kunne nyttast til deponering av overskotmassar. Før anleggsarbeidet er avslutta skal areala dekkast til med jord og settast i stand slik at dei kan nyttast til jord-/skogbruks-/beiteareal som tidlegare.
4. FRILUFTSOMRÅDE 4.1 L1: Frå Bussevika ved om lag profil 550 og til om lag profil 1350 skal noverande fylkesveg 51 kunne nyttast som del av 1. byggetrinn og utvidast med naudsynte møteplassar. Når den nye fylkesvegen er bygd på denne strekninga, skal dekket på den gamle vegen fjernast og vegen tildekkast med jordmassar dersom slike massar er tilgjengelege. 4.2 L2: I byggefasen for Jondalstunnelen skal det kunne opparbreiast midlartidig tilkomstveg framom tunnelpåhogget på sørsida. Denne midlartidige tilkomsten skal fjernast når permanent ny veg til fjellet er lagt opp på tunnelportal for Jondalstunnelen. 5. OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE 5.1 Trafikkområdet kan nyttast til: Køyreveg. Parkeringsplass Gang-/sykkelveg, fortau. Anna trafikkareal. 5.2 Køyrevegane, parkeringsplass og fortau skal opparbeidast med den linjeføring og inndeling av dei respektive føremål som er vist i planen. 5.3 Det er ikkje høve til å opparbeide andre avkøyrsler enn dei som er viste på planteikningane. Avkøyrslene skal utformast og vedlikehaldas i samsvar med Statens vegvesen sine normalar og føresegner til Veglova 43. Frisiktsoner er regulert til spesialområde (sjå 6). 6. SPESIALOMRÅDE, FRISIKTSONE 6.1 I spesialområdet kan følgjande etablerast: Private vegar. Frisiktsone. Anna anlegg i sjø, vegfylling/massedeponi
6.2 I området mellom frisiktslina og vegføremål (frisiktsoner) skal det vere fri sikt over ei høgd på 0,5 meter over vegen sitt planum. Områda skal elles kunne nyttast som i dag. 7. FELLESOMRÅDE 7.1 Regulerte felles avkøyrsler skal vera felles for følgjande eigedomar: F1: Avkøyrsle i Austrepollen (profil 225) for eigedomane: Gnr. 58 bnr. 1 og gnr. 56 bnr. 1 F2: Avkøyrsle i Austrepollen (profil305) til naustområde for eigedomane: Gnr. 56 bnr. 1, gnr. 57 bnr. 2, bnr. 3, bnr. 4, bnr. 5,7. 8 KOMBINERTE FØREMÅL 8.1 Areal avsett til kombinerte føremål kan nyttast til deponering av massar/rigg i anleggsperioden. Før anlegget er avslutta skal areala dekkast til med jord og settast i stand slik at dei kan nyttast til jord-/skogbruks-/beiteareal. Etter avslutta anlegg går areala over til reguleringsføremålet landbruks-/skogbruksområde. 8.2 Området over tunnelen er regulert til offentleg køyreveg/skogbruksområde. Det er ikkje tillete å grava, sprengja eller bygga innanfor dette området. Rosendal, 2. februar 2004 Kvinnherad kommune Administrasjonssjefen