MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtested: Rådhuset Møtedato: 03.10.2007 Start kl.: 11.15 Slutt kl.: 15.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Fra adm. (evt. andre): Torodd Urnes, Kjellfred Weum, Sølvi Fretheim Steig, Erling S Vigdal, Ernst Veum, Anders Bolstad, Marit Vee-Haugen Myklemyr. Ass rådmann John Olaf Røhme, politisk sekretariat v/ruud. Steinulf Skjerdal sak 98 og 99. Erling Bjørnetun sak 102. Jan Kåre Norberg sak 103-106. Jarle Skartun sak 103-106. Arne I Lerum, sak 105. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 97/07 07/2759 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 98/07 07/2743 Konsesjonssøknader kraftutbygging - sakshandsamingsrutinar 99/07 07/2212 Forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag - Høyring 100/07 07/2564 Søknad om tilskot til TV-aksjonen 2007 "Saman for born". 101/07 07/2676 Søknad om dispensasjon frå alkoholforbodet i off. bygg - servering av alkohol Luster ungdomsskule 102/07 07/1504 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2007-2019 103/07 07/2741 1
Rekneskapsrapport 2. tertial 2007 / budsjettendringar. 104/07 07/2268 Sal av fast eigedom Gnr. 207 Bnr. 28 i Luster kommune Bustad i Haugåsen, Jostedal. 105/07 07/2759 Referat- og drøftingssaker 106/07 07/2253 Leigeavtale tannklinikk Gaupne og Dale Oppseiing pr 01.06.2008 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
97/07 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 12.09 og 20.09.07 vert godkjend. Underskrifter: Erling S Vigdal og Kjellfred Weum. 98/07 Konsesjonssøknader kraftutbygging - sakshandsamingsrutinar Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Frå 25.10.2007 vert følgjande handsamingsreglar i samband med konsesjonssøknader for kraftutbygging gjort gjeldande i Luster kommune: 1. Kommunen sin medverknad i kraftutbyggingssaker, før NVE har teke avgjerd om konsesjonsplikt, vert utført av administrasjonen. 2. Formannskapet gjev uttalar til konsesjonssøknader i område som i kommunedelplanen for småkraftverk er plasserte i grøn konfliktsone. 3. Kommunestyret gjev uttalar til konsesjonssøknader i område plasserte i gul og raud konfliktsone. 4. Handsaming av kraftutbyggingssaker etter lovverk der kommunen har avgjerdsmynde, som jordlova, konsesjonslova av 2003 nr. 98, plan- og bygningslova, følgjer vedteke delegeringsreglement i kommunen.
99/07 Forslag til nytt regelverk for motorferdsel i utmark og vassdrag - Høyring Framlegg om at pkt. 2 vert endra til å lyde slik: Det bør vere mogleg å frakte eldre og rørslehemma med helikopter når føremålet er viktig, og der det ikkje er andre alternativ. Det bør også gjevast løyve til persontransport med helikopter i næringssamanheng. Det nye framlegget vart vedteke med 6 mot 1 røyst. Framlegg om nytt pkt. 7: Det bør vere høve for kommunar å regulere område til snøskuterkøyring. Framlegget vart samrøystes vedteke. Forenkling og klargjering av gjeldande lovverk er naudsynt og Luster kommune støttar i hovudsak grunngjevinga for nytt regelverk og intensjonen med lovframlegget. Kommunen har likevel fylgjande kommentar til framlegget: 1. Definisjonsendringa der snødekt innmark vert rekna for utmark, går kommunen imot. Dei i vår kommune som har snøskuter og som ikkje kan køyre i utmark med heimel i regelverket, vert synt til innmarka. Vert dette forbode vil det skape stor missnøye og føre til mykje meirarbeid for naturoppsyn, politi og påtalemyndigheit. 2. Det bør vere mogleg å frakte eldre og rørslehemma med helikopter når føremålet er viktig, og der det ikkje er andre alternativ. Det bør også gjevast løyve til persontransport med helikopter i næringssamanheng. 3. Kravet om å berre nytte leigekøyrar ved transport med snøskuter for dei som ikkje har løyve direkte i lova, kan kommunen støtte dersom det vert gjeve unntak for dei som har fleirårig dispensasjon grunna funksjonshemming. Det er urimeleg dersom dei få som fell i denne gruppa må tinge leigekøyrar når dei skal på hytta. Det set krav om ei heilt anna planlegging og heile turen vil avhenge av om leigekøyrar er tilgjengeleg. Må ein nytte seg mykje av leigekøyrar, vert det også eit økonomisk spørsmål. 4. Ein vil støtte kravet frå sankelaga i Luster der køyring i samband med lisensjakt og skadefelling av rovdyr vert rekna som næring. Som minimum bør det vere høve til å nytte snøskuter til ettersyn av bås og fangsplass for registrerte jegerar etter faste trasear. 5. Til spørsmål om kva offentleg organ som skal vere forvaltningsmynde, vil kommunen peike på at kommunen driv arealforvaltning og samstundes handsamar ei rekke lover som både kan vere omstrida og gje konsekvens for overordna nasjonale mål. Det er også eit poeng at offentleg mynde skal utøvast på lågast mogleg nivå. Det er dermed naturleg at kommunen framleis handsamar alle søknader om dispensasjon frå lova og at Fylkesmannen tek seg av ankehandsaming. 6. Kommunen har vidare ingen innvending mot krava til medbrakt dokumentasjon, utarbeiding av motorferdselsplan og framlegget til aksepterte nytteformål. 7. Det bør vere høve for kommunar å regulere område til snøskuterkøyring.
100/07 Søknad om tilskot til TV-aksjonen 2007 "Saman for born". Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster kommune løyver kr. 10 000,- til TV-aksjonen 2007, Saman for born. Midlane vert løyvt av konto: 1.100101.4740.107 tilskot. 101/07 Søknad om dispensasjon frå alkoholforbodet i off. bygg - servering av alkohol Luster ungdomsskule Rådmannen si tilråding vart vedteken med 6 mot 1 røyst. Formannskapet viser til ruspolitisk handlingsplan pkt. 6.1.3 nr. 3 og gjev løyve til servering av alkohol på Luster ungdomsskule i samband med at Gunn og Audun Sviggum feirar bursdag den 24. november 2007. 102/07 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2007-2019 Framlagt i møtet: Skriv dat. 4.8.07, motteke 1.10.07: Ballbingar i Luster kommune. Framlegg i møtet: Dei nemnde ballbingane i skriv av 4.8.07 og ballbinge på Indre Hafslo blir tekne inn i planen under nærmiljøanlegg, før utlegging. Rådmannen si tilråding og framlegg i møtet vart samrøystes vedteke. Framlegg til kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet for perioden 2007 19 vert lagt ut til offentleg høyring med frist 1. november 2007. Endring før utlegging: Dei nemnde ballbingane i skriv av 4.8.07 og ballbinge på Indre Hafslo blir tekne inn i planen under nærmiljøanlegg, før utlegging. 103/07 Rekneskapsrapport 2. tertial 2007 / budsjettendringar.
Framlegg i møtet: Pkt. om løyving på kr. 100.000 på kommunale vegar går ut. Rådmannen si tilråding med endringsframlegg i møtet vart samrøystes vedteken. 1. Kommunestyret har ikkje merknader til rekneskapsrapport 2. tertial 2007. 2. Kommunestyret vedtek på driftssida slike budsjettendringar: Løn Det vert gjeve ei auka løyving til løn på kr. 1.900.000. Løyvinga vert dekka ved tilsvarande reduksjon i avsetjingar til disposisjonsfond. Funksjon 201 Grunnskule: Det vert gjeve ei auka løyving på kr 104.000 til ordninga frukt og grønt ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster ungdomsskule. Løyvinga vert dekka ved auke i rammetilskot for 2007. Funksjon 202 Barnehage. Kommunestyret har ikkje merknader til dei endringar som er gjort i samband med utvida barnehagetilbod for barnehageåret 2007/2008 jf saksutgreiinga. Funksjon 222 Grunnskular bygg. Det vert gjeve ei auka løyving på kr. 200.000 til ombygging gamle gymsalen Luster ungdomsskule for tilrettelegging av større lokale for SFO. Løyvinga vert dekka av posten tilleggsløyvingar og nye løvingar. Funksjon 253 Pleie og omsorg institusjonsdrift Løyvinga til institusjonsdrift vert auka med kr 500.000,- i høve meirkostnader med overbelegg spesielt ved Luster omsorgsenter. Løyvinga vert dekka av tilleggsløyvingar og nye løyvingar. Funksjon 320 Konsesjonskraftsal. Kommunestyret vedtek at ev svikt i inntekter frå sal av konsesjonskraft for 2007 vert dekka ved forbruk av avsett bufferfond. Funksjon 320 Yrkesskulebygget. Det vert gjeve ei auka løyving på kr 125.000,- til opprusting av Yrkesskulebygget i samband med utleige til Sogndal vidaregåande skule. Løyvinga vert finansiert ved leigeinntekter. Funksjon 325 Landbruk tilskotsordningar Det vert gjeve ei auka løyving på kr 275.000,- for å dekka overskridingar på posten tilskot til jordbruksføremål. Løyvinga vert dekka ved forbruk av næringsfondet. 3. Kommunestyret vedtek på investeringssida - slike budsjettendringar:
Utvida barnehagetilbod: Det vert gjeve ei auka løyving på kr 1.850.000,- til opprusting av barnehagar i samsvar med spesifikasjon i saksutgreiinga. Løyvinga vert finansiert av skjønnsmidlar til barnehagar. Vassverk Veitastrond. Det vert gjeve ei auka løyving kr. 200.000 til vassverk Veitastrond. Midlane vert dekka av løyving til kommunedelplan for vassforsyning. 104/07 Sal av fast eigedom Gnr. 207 Bnr. 28 i Luster kommune Bustad i Haugåsen, Jostedal. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster Kommune sel kommunal eigedom Gnr.207 Bnr.28 Bustad i Haugåsen til Even Loe og Marit Aa.Tennø. 105/07 Referat- og drøftingssaker Framlagt: Rapport over delegerte vedtak. Skriv dat. 24.09.07 til Gudny Alme. Evt bygging av støttemur, grensejustering mv Framlagt i møtet: 1. Brev dat. 4. august, motteke 1. oktober 2007. Ballbingar i Luster kommune. 2. Brev dat. 2.10.07 frå Sogn Motorsport Senter. Kommentar til forslag om lovendring ang. motorferdsel i utmark. 3. Notat dat. 2. oktober vedkomande PC til formannskapet. Konklusjon. Det nye formannskapet tek standpunkt i saka. Anders Bolstad stilte spørsmål vedk. opprusting i Skjolden sentrum. Administrasjonen undersøkjer saka til neste møte. Anders Bolstad etterlyste svar på spørsmål om konsekvensar i høve innføring av digitalt bakkenett. Ordførar informerte frå møte i Sogn Regionråd. Administrasjonen vil sjå nærare på saka. Rådmannen orienterte om at samarbeidet med NAV på fylkesnivået no er kome så langt at vi må lyse ut leiarstillinga ved NAV Luster. Det er semje mellom "partane" om at vedkomande leiar bør vere fagleg og administrativ leiar for det samla NAV-kontoret. Leiaren vil rapporere til rådmannen så langt det gjeld den kommunale delen av arbeidsoppgåvene. Det nærare samarbeidet vil bli regulert i ein samarbeidsavtale, som kommunestyret vil få til godkjenning når
denne er klar. Dette vil skje utpå nyåret. Målet er at vi skal ha NAV Luster oppe å gå i 2.kvartal 2008. Det kan vere ønskjeleg at den nye leiaren tiltrer og overtek prosjektansvaret før kontoret opnar. I så fall kan det bli ein mindre ekstrautgift, som kommunen må vere med å dekke. Vi ser det elles som naturleg at stat og kommune delar utgiftene med den nye leiarstillinga, dette for å understreke at partane skal vere likeverdige. Pr dato ser det ut som om det nye kontoret får knapt 7 årsverk - 2,8 frå kommunen og ca 4 frå staten. Ingen merknader. Rådmannen informerte om lokale lønsforhandlingar. Ingen merknader. Formannskapet, som kommuneplannemnd, gjekk gjennom arealbruk for bustadbygging og hyttebygging. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 106/07 Leigeavtale tannklinikk Gaupne og Dale Oppseiing pr 01.06.2008 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster kommune løyser Sogn og Fjordane fylkeskommune frå leigeavtale dagsett 02.02.1995 om lokale for tannklinikkar i Gaupne og Dale frå og med 01.06.2008.