Avdeling for lærerutdanning Møtereferat Dato: 14.05.2014 Tilstades Rådets medlemmar: Torstein Selvik, leiar Randi Moe Oddrun Hallås Jeanette Haukeland Bakke Hege Mari Støfring Marius Eidem Per Arne Michelsen Elles møtte: Eli Borsholm (Sak 34 13/14) Marianne Røskeland (Sak 34 13/14) Ida Austgulen (Sak 34 13/14) Tone Nybakken (Sak 35 13/14) Nina Grieg Viig (Sak 36 13/14) Forfall Referent Kåre Rugesæter, Else Berit Kyte og Lorentz Reitan Håvard Ulstein Gjeld Referat avdelingsråd AL 13.05.2014 Sak 2008/3955 Møtetid 09.00-12.00 Møtestad: A337 Sak 31 13/14 Godkjenning av møteinnkalling. Godkjenning av saksliste. Sak 32 13/14 Godkjenning av referat frå møtet 08.04.2014 (Vedlegg 1). Sak 33 13/14 Orienteringssaker. Orientering ved dekanen. Orientering ved studentrepresentantane. Sak 34 13/14 Tema: Praksis og praksisorganisering. Sak 35 13/14 Rekneskap 2013 og budsjett 2014. Sak 36 13/14 FoU-tildeling.
Sak 37 13/14 Eventuelt. Sak 31 13/14 Godkjenning av møteinnkalling og saksliste. Møteinnkallinga og sakslista vart godkjent. Sak 32 13/14 Godkjenning av referat frå møtet 08.04.2014 Referatet vart godkjent med ein merknad om at namnet på den nye masteren i fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø var skrive feil i sakspapira som var sendt ut. Det stod fysisk fostring, medan det rette er fysisk aktivitet. Sak 33 13/14 Orienteringssaker Dekanen orienterte om: Utnemning av phd-utval. Styret godkjente to phd-utval i sist møte, eit sentralt for HiB og eit for AL. Apparatet er dermed på plass og ein kan starte planlegging for oppstart i januar 2015. Ein del av finansieringa til HiB/AL er øyremerka stipendiatar. Det er eit fastsett tal på stipendiatar, så når ein blir ferdig kan ein lyse ut ny. Dekanen viste til at fleire stipendiatar ser ut til å bli ferdig i løpet av rimeleg kort tid og at ein i dag har to utlyste stipendiatstillingar. Det er stor sjanse for fleire i januar. Det lokale phd-utvalet blir leia av professor Thorolf Krüger. Utvalet er professorstyrt og det er satte kriterium for kven som skal vere med. Utvalet har allereie starta arbeidet. Det sentrale phd-utvalet. Her har AL ein professor og ein phd-student med. Dei skal ta føre seg dei store spørsmåla som t.d. reglar for kven som skal få starte på ein phd. I diskusjonen vart det spurd om avdelinga kan risikere å binde opp professorane til phd-utdanninga i så stor grad at dei ikkje blir tilgjengelege for lavare nivå og ulike forskargrupper. Her viste dekanen til at det er ei viss fare for det i og med at
kvar stipendiat skal ha 30 sp undervisning gitt av ein professor og 200 timar rettleiing. Samtidig har avdelinga eit prinsipp om at professorane skal nyttast på alle utdanningsnivå. Kronstad/Møllendalsveien. Innplassering. Fagmiljøa vart plassert for lenge sidan. Direktøren har plassert administrasjonen. Stipendiatane vart flytta til Møllendalsveien og studieadministrasjonen på avdelinga tok over lokalet stipendiatane hadde. Det er ei bekymring knytt til om det er nok plass til avdelingsadministrasjonen og prosessar er sett i gong for å finne ei funksjonell ordning. Skal plassere så mange som mogleg, men i følgje direktøren vil det kome nokre ad.hoc.-løysingar. På lengre sikt blir det fleire plassar i Møllendalsveien. Onninen-bygget og nokre andre lokale skal vere klare til nyttår. Situasjonen ved studiestart er framleis litt uklar. Høgskulen har fått overrekt nøklane, men alt er ikkje klart endå. Det kan få ringverknadar, særleg for dei som skal installere AV-utstyr og liknande. I diskusjonen kom følgjande fram: - Svømmehall? Svømmeundervisning skal starte opp i august, men det er framleis uvisst kvar. Dekanen nemnde at det kan vere aktuelt at høgskulen leiger svømmehallen på Landås fram til nyttår. Han skulle undersøke dette nærare. - Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. I følgje avtalen HiB har med departementet, skal dette senteret bli plassert på Kronstad. No er det plassert i Møllendalsveien. - Plassering av avdelingsadministrasjonen i landskap. Bekymring knytt til at dei fleste av dei som er plassert i landskap skal ha studentsamtalar på ein dagleg basis. Korleis det skal skje er eit uavklart spørsmål. - Nytilsette/vikarar. Dei nytilsette og vikarane som kjem har ein ikkje oversikt over. Nye studietilbod har kome til. Kvar skal desse ha kontor? Brakker? Studentrepresentantane orienterte om: Studentrådet har valt nytt styre. Ida Austgulen blir ny leiar og Hege Mari Støfring nestleiar. NSO kjem til å vedta eit dokument om digitalisering av eksamen.
Sak 34 13/14 Praksis og praksisorganisering Avdelingsrådet har ønskt å ta føre seg nokre hovudtema kvart år. Denne gongen var temaet praksis og praksisorganisering, eit tema som dei fleste har eit forhold til. Praksiskontorets leiar, Eli Borsholm, skreiv grunnlagsdokumentet i sakspapiret og heldt hovudinnlegget i møtet. I tillegg til Borsholm heldt Marianne Røskeland og Ida Austgulen kvar sine innlegg frå sine ståstadar som profesjonsrettleiar i GLU og som student. Dei hadde fått følgjande føringar: Kor viktig er praksis? Kva gjer ein praksis god? Spenningsfeltet mellom praksis og høgskulen som læringsarena. Eli Borsholm tok først føre seg praksiskontoret og jobben dei gjer. Det er fem tilsette i fulle stillingar i tillegg til ein tilsett i 40% stilling. Dei administrerer all praksis på avdeling og har i den ordinære praksisopplæringa 19 utdanningar. Det er om lag 2500 studentar som skal ut i praksis kvart studieår, fordelt på 220 praksisinstitusjonar og ca. 1000 praksisrettleiarar. Alle vegar går gjennom praksiskontoret, men alt kan ikkje silast og fortolkast av dei. Dermed er dei avhengige av at dei ulike samarbeidspartnarane, alt frå faglærarar til institusjonar, i tillegg til den informasjonen ein legg på nett. Ho tok deretter føre seg ulike dilemma, utfordringar og moglegheiter i arbeidet. Omfang og standardisering. Det er eit stort omfang, der ein må systematisere og standardisere for å kunne få gjennomført praksis for alle. Det er ikkje alt som kan standardiserast med like stort hell. Dei store utdanningane har stordriftsfordelar, men er mindre fleksible. På dei mindre utdanningane er samarbeidet mellom dei ulike aktørane lettare. Knappheit på praksisplassar. Gjeld dei fleste utdanningar og det er vanskeleg å løyse. AL konkurrerer både med andre lærarutdanningsinstitusjonar og mellom utdanningane på AL om praksisplassane. Ungdomsskuleplassane er der det er mest kritisk, særleg på GLU5-10. Frå neste år av skal også PPU inn i ungdomstrinnet. Praksiskontoret klarer å skaffe praksisplassar, sjølv om det kan kome tett opp til praksisperiodane. I eit så stort apparat vil kvaliteten på praksisplassane nødvendigvis variere noko. Det fører til ulike utfordringar og dilemma. Med ALs store behov, kor sterkt skal ein presse praksisinstitusjonane? Er det betre med ein
grei praksis enn ingen praksis? Kor strenge skal ein vere når ein ser at det fungerer litt dårleg på den enkelte praksisplass? Kvart år kjem det nokre bekymringar og klager, men spørsmålet er om ein skal og kan presse endå meir? Det er tolv år sidan ein gjekk over til praksisskulane og praksisbarnehagane som praksisarena. Mange har tatt heilskapstenkinga det inneber til seg, men nokre tenker framleis individuelt og «den motiverte praksislærar». Informasjon og samarbeid. Årssyklusen for praksisorganisering er ujamn. Praksiskontoret prøvar å få det meste på plass på våren, men ting skjer ofte i løpet av sommaren. Når hausten startar, kjem tidsklemma der informasjon, praksislister, osv. kan kome seinare enn kva ein skulle ønskje. Samtidig ønskjer faglærarane å vite kven dei skal samarbeide med, og dermed er det motstridande arbeidsprosessar som gjer det vanskeleg å få til den gode informasjonsflyten. Mange fagmiljø og praksisstadar samarbeider godt, men det er framleis delvis personavhengig som igjen gjer det utfordrande å sette samarbeidet i system. Kvalitetssikring. Praksiskontoret arbeider mykje med kvalitetssikring, men det vil alltid vere noko som sviktar samanlikna med intensjonane. Kvalitetsheving. Borsholm framheva kvalitetsheving som viktig for framtida, då ein i dag ikkje har tid og rom nok til å gjere det som må til. Marianne Røskeland tok deretter føre seg praksis og praksisorganisering ut frå profesjonsrettleiarperspektivet. Ho er og har vore profesjonsrettleiar i GLU5-10 og har vore i praksisbesøk i dei fleste andre utdanningane. Praksis er heilt klart viktig. Det er ein augeopnar for dei som ikkje veit kva dei går til, dei som trur at dei enten har kome på rett plass eller motsett, osv. Det er viktig fordi det er i praksis lærarstudentane ser samanhengane mellom det dei lærer på høgskulen og den jobben dei utdannar seg til som lærar. Kva gjer ein praksis god? Essensielt er praksis i faga studenten har. Reiseveg er mindre viktig enn god praksis. Praksisgruppene må ha same faga. Det er vanskeleg når alle deler valfag 1, men ikkje valfag 2 i den same gruppa. Tid er ein nøkkelfaktor. Forstår at det er vanskeleg å få ut informasjon om praksis tidleg slik at praksislærarane og faglærarane kan planlegge ut frå at dei skal ha studentar. Når informasjonen kjem til skulane og skulen informerer sine lærarar, fungerer det ofte godt. Kommunikasjon er viktig. Rektorane er ofte litt fråverande for høgskulelærarar og profesjonsrettleiarar. Informasjon frå praksiskontoret går til rektorane, noko som fører til at det ikkje alltid når fram til dei som utfører jobben. Det er også ei utfordring at det er for mange som informerer om dei ulike sidene ved praksis. Det kan verke forvirrande for praksislærarane. Mange ser på profesjonsrettleiarane som hovudkontakten, men det er ikkje alt ein har fått vite.
Det er viktig å ha god kontakt mellom praksislærar, faglærar og profesjonsrettleiar for å få ein god praksis. Det er viktig at opplegget blir planlagt godt og at alle er med og veit kva dei skal gjere ut frå dei ulike plandokumenta. Ida Austgulen tok til slutt føre seg studentperspektivet og ho starta med det som hadde eit sjølvsagt svar, ja praksis er viktig. Det er studentanes møte med yrket. God praksisoppleving er viktig og ein ser samanhengen mellom det som skjer på høgskulen og det som skjer i praksis. Kva som gjer ein praksis god? Austgulen understreka at aktørane på skulen og studentane må vere likeverdige. Der det ikkje skjer, er det viktig at HiB følgjer opp. Innanfor GLU sakna ho eit aspekt, lærarpraksisen. Det er eit sterkt fokus på fag og fagpraksis, men tema som relasjonskompetanse og liknande som ligg i lærarkompetansen, blir litt skadelidande. Det siste ho tok opp var kvalitetssikring av praksisskule og praksislærarar, der ho la vekt på at studentane må få god rettleiing i praksis. Hovudmoment i diskusjonen: Kvalitetssikring. Rådsmedlemmane var opptatt av kvalitetssikring på fleire ulike måtar. Det handla om felles evaluering på It s Learning av praksis og å nytte seg av avvikshandlingssystemet som skal kome. Det kom fram at alle praksisplassar blir plotta manuelt, men at ei prosjektgruppe i USIT arbeider med eit alternativ. Tidsfaktoren. Det vart vist forståing for dei marginale tidsfaktorane i rådet. Det vart vist til tidsfaktoren som ei konflikt mellom faglærarar, studentar, praksisstadar og målsetningar, og det vart stilt eit retorisk spørsmål om ein bør tenke meir realistisk og mindre idealistisk. Andre lurte på om det er mogleg å organisere praksis på andre måtar. Kan endringar føre til det betre? Knappheit på praksisplassar. Det vart i rådet stilt spørsmål om knappheit på praksisplassar er eit teikn på at praksisstadane ikkje ser det som verdifullt å ha studentar i praksis. At det ikkje blir sett på som eit løft å ha praksisstudentar. Samtidig så vil referat frå ulike praksismøte vise at skulane ser på det som eit løft, føresetnaden om at studentane også er gode. Informasjon og kommunikasjon. It s Learning bør vere tilgjengeleg for praksislærarane i alle utdanningane. Det kom også eit ønskje om ei felles, digital plattform for all informasjon slik at studentar og praksislærarar ikkje har for mange informasjonskanalar. Informasjon som blir sendt ut frå praksiskontoret kan stoppe hos rektor på den enkelte institusjon sjølv om informasjonen blir sendt ut i god tid. Praksiskontoret har derfor ei meir direkte kopling til praksislærarane i planleggingsfasen.
Arbeidsfordeling mellom praksisstadane og HiB. Det handlar om å stille krav til praksislærarar, der eit minimum er at skule og barnehage er innstilt på å ta imot og legge til rette. Profesjonsrettleiarane må også ha profesjonskunnskap og rettleiingskompetanse. Arbeidsfordelinga mellom høgskulen og praksisstaden handlar om å finne balansen mellom kven som definerer kva studentane skal lære gjennom oppgåver gitt av faglærarar og praksislærarar. Fagpraksis i GLU. Det vart vist til at fagpraksisen ein har i GLU5-10 kanskje er for ambisiøs, sjølv om den har blitt betre dei siste åra. Det er særleg valfag 2 som blir skadelidande, der studentane følgjer valfag 1 i praksis og endar opp til dels svært fragmentert i valfag 2. Praksisstadane som lærarutdannarar. Kva lagar kvalitet i praksisen? Ei av dei største utfordringane handlar om at skulane og praksislærarane ikkje definerer seg som lærarutdannarar. Dei fleste gjer ein god jobb, men dialogen med praksisfeltet blir viktig. Dette gjeld også den andre vegen. Her vart det av andre vist til at dette også handlar om ressursar. Det kom eit krav for fleire år sidan om at praksislærarane skal ha rettleiingskompetanse, men det er ikkje heilt der endå. Skule- og barnehageeigar. Forventningar til skule- og barnehageeigar var eit sentralt tema i diskusjonen, der det var fleire som peika på at her var det eit stort forbetringspotensiale. Men det handla om at utfordringa må møtast på øvste hald. Bergen kommune vart trekt fram som eit døme på ei kommune som har så mange satsingsområde at dei ikkje vil/kan vere fleksible når det kjem til praksis for lærarstudentar. Sak 35 13/14 Rekneskap 2013 og budsjett 2014 Dokument i saka Vedlegg 4: Regnskapskommentarer 2013. Vedlegg 5: Budsjett 2014, totalramme. Vedlegg 5b: Budsjett 2014 (presentasjonen til Tone Nybakken) Kontorsjef Tone Nybakken kom og orienterte rådet om den økonomiske situasjonen ut frå rekneskapen for 2013 og budsjettet for 2014. Der kom det fram at AL hadde eit mindreforbruk i 2013 på 2,4 millionar. Samtidig vil ein del av midlane til fagseksjonane gå over studieåret og ikkje kalenderåret, noko som fører til ei forskyving av utgifter for AL til 2014. I tillegg kjem praksisutgifter på 1,7 millionar frå fjoråret og bundne
prosjektmidlar. I sum har AL med seg 2,4 millionar frå fjoråret, men 4,2 er i bundne midlar. Nybakken viste til totalfordelinga som er på 757 millionar på høgskulen til fordeling på dei ulike einingane og deretter til budsjettfordelingsmodellen. Ho peikte særleg på at basisfinansieringa er redusert, noko som fører til ein reduksjon på 7-8 millionar for avdelinga. Samla har AL fått ei budsjettramme på 174,8 millionar, noko som er ei realauke på 0,4% samanlikna med året før. Samtidig aukar praksisutgiftene med 3,5 millionar og lønn med over 10 millionar. Det er forventa høgare EVO-overføringar på ca. 3 millionar over fjoråret. Nybakken fortalte at ho er engsteleg for auka utgifter på Kronstad/Møllendalsveien, då signala avdelinga har fått er at alle skal vere med på å dekke fellesutgiftene. Økonomidirektøren har varsla ei revidering av budsjetta andre halvår i 2014. Ho konkluderte til slutt med at HiB har eit greitt budsjett, men for AL er det stramt. Sjå elles presentasjonen Nybakken heldt i vedlegg 5a. Sak 36 13/14 FoU-tildeling Dokument i saka Vedlegg 6: Informasjonsskriv om FoU-søknad. Vedlegg 7: Søknads- og rapporteringsskjema FoU-tid 2014/15. Vedlegg 8: Veiledning/kriterier FoU-tid 2014/15: Forskningsprosjekt/kunstnerisk utviklingsarbeid. Vedlegg 9: Veiledning/kriterier FoU-tid 2014/15: Utviklingsprosjekt. Vedlegg 10: Presentasjonen til Nina Grieg Viig. Prodekan for forsking, Nina Grieg Viig, kom til rådet og orienterte om FoU-tildelingane. Ho fortalte at fristen for å søke om FoU-ressursar ligg i februar, der ein også skal rapportere kva ein har gjort med den førre tildelinga. Dei tre avdelingane har ulike variantar. AL har flat tildeling, medan dei andre har ei meir spissa tildeling. Utfordringa for ALs variant er at den relativt sett mindre ressursen den enkelte får, kan føre til at den blir «spist opp» av andre gjeremål. Felles for dei tre avdelingane er fristen for søknad og søknadsprosedyre, der FoU-utvalet får tilbakemeldingane.
Grieg Viig gjekk deretter gjennom årshjulet for forskingsfeltet på avdelinga, der målet m.a. er at dei to forskingssentra (SeKKK og SUF) arrangerer minst to store forskingsseminar i året. Når det gjaldt FoU-søknadar kunne Grieg Viig fortelje om ei nyvinning på avdelinga, då det no er mogleg med treårige tildelingar. I det ligg det ein tanke om at den enkelte som får tildeling over tre år, sjølv kan sørgje for å fordele ujamt. Det igjen fører til at ein kan planlegge lengre forskingsperiodar. Kriteria for å kunne få eit treårig løp er at ein har tydelege milepælar i søknaden. Det trengs ei tydeleggjering av korleis desse skal jobbast fram, noko som også skal vere med i den årlege rapporteringa. Retningslinjer. AL har følgd retningslinjene for vurdering av FoU-søknadar med unntak av kravet om ekstern fagfelle. I 2014 har ein funne ei løysing, der eksterne har lese gjennom eit representativt utval. Ho presiserte også at FoU-tida skal ha eit klart hovudtema og ikkje gå utover 50% av arbeidet som blir utført av den enkelte. Auke. Grieg Viig kunne rapportere at AL har hatt ei auke i publiseringar og i publikasjonspoeng dei siste åra. Ein del av dette kan takast til inntekt for tildelingsmodellen. Sjå elles presentasjonen Grieg Viig heldt (Vedlegg 10). Rådet var i diskusjonen samstemte i at ei treårig tildeling er eit godt tiltak. Dei var vidare opptatt av at samarbeidet med seksjonsleiarane er viktig, men at det også vil måtte gjelde samarbeidet med programansvarlege sidan det fort kan ende i eit krysspress.