TEKNISK NOTAT OVERORDNA VA-PLAN Oppdragsnamn Åsmyra industripark Prosjekt nr. 1350030514 Kunde Åsmyra Industripark AS Notat nr. 1 Versjon 1 Til Lasse A Bang Fra Fredrikke Kjosavik Kopi Utført av Fredrikke Kjosavik Kontrollert av Lars Skeie Godkjent av Dato 05.11.2018 BAKGRUNN Arctic Host AS ønskjer å etablere datasenter eller liknande kraftkrevjande industri på Åsmyra i Fauske kommune. OVERORDNA VA-PLAN Dette notatet og tilhøyrande plankart gjer greie for korleis vatn, avløp og overvatn kan handsamast i planområdet. Det er synt mogleg tilkopling til kommunalt VA-nett, gjort greie for flaumsituasjonen og gjeve forslag til handsaming av overvatn i planområdet. Rambøll Kobbes gate 2 PB 9420 Torgarden N-7493 Trondheim GRUNNLAG VA Næraste vasstilkopling med god kapasitet er sør for planområdet der det kan hentast inntil 50 l/s jfr kommunen (Fauske, 2018). Ved behov for større vassmengder vil ei fysisk måling vere nødvendig. Nord i planområdet ligg ei pumpestasjon for avløpsvatn som pumper bla drensvatn frå «dompen», gammal avfallsfylling. Vidare er det utsleppstillating for spillvatn (Fauske, 2018). T +47 73 84 10 00 www.ramboll.no GRUNNLAG OVERVATN, FLAUM Planområdet er ein del av ei myr med avrenning til Farvikbekken i nord og Krokdalsbekken i sør, sjå Figur 1 og Figur 2. Farvikbekken tek opp Krokdalsbekken nedstrøms planområdet og snirkler seg gjennom Fauske sentrum før utløp i havet, sjå Figur 3. Resten av myra ligg nordaust for planområdet og denne har avrenning over planområdet. Ved utbygging vil myra i planområdet drenerast og avløpsmønsteret endrast. Rapporten «Reguleringsplan Krokdalsmyra travbane, geoteknisk vurdering» (Støver-Hofstad, 2018) beskriver delvis kollapsa kulvertar og erosjonsproblemer i Farvikbekken. Det tyder på behov for god fordrøying i planområdet for å ikkje forverre nedstrøms situasjon. Avrenninga frå planområdet er om lag 380 l/s ved dimensjonerande regnhending, sjå Vedlegg 1. Rambøll Norge AS 1/14 NO 915 251 293 MVA
Figur 1 Nedbørfelt nord (SCALGO, 2018) Figur 2 Nedbørfelt sør (SCALGO, 2018) Figur 3 Nedbørfelt til sjø (SCALGO, 2018) OVERVATN Myra som ligg utanfor planområdet ønskes bevart utan å drenere. Ved å leggje ei avskjerande grøft langs den austlege delen av planområdet handsamast avrenninga frå myra. Grøfta kan tettast med leire, ha tverrsnitt som synt i Figur 4, med høg, tett kant inn mot planområdet og ein litt lågare, tett kant mot myra. 2/14
Figur 4 Tverrsnitt avskjerande grøft 0-situasjonen Utbygging med mykje asfalt og tette flater, blågrøne strukturar som demper avrenninga i utkanten av planområdet. Avrenning frå planområdet vert om lag 2700 l/s ved dimensjonerande regnhending inkludert 40% klimapåslag, sjå Vedlegg 2 Det er mogleg å forsterke/plastre bekk, ordne kulvertar og flaumsikre Farvikbekken fram til utløpet i sjøen slik at den toler denne ekstra vassmengda. Dette er ofte ei uhensiktsmessig og dyr løysing, men vurdering av kapasitet og nødvendige tiltak kan gjerast på særskild førespurnad. Alternativt kan regnvatnet fordrøyast i magasin med utløpskontroll slik at avrenninga vert den same som før utbygging, 380 l/s. Dette krev vanlegvis ikkje nedstrøms tiltak sidan situasjonen blir uendra utafor planområdet. Fordrøying vil krevje eit volum på 2 600 m 3, sjå Vedlegg 3. Forslag til fordrøyingsmagasin er ein kanal langs ytterkant av planområdet, dette vil redusere behovet for overvatn- og drensrøyr. Kanalen kan byggast opp med pukk som synt i Figur 5 med leire som tetting ut av planområdet. Kanalbotn må liggje lågare enn drensrøyr og bør ha minste helling 5 mot utløp. Der kanalen krysser vegar kan den leggjast i røyr. Ved 2 m djup kanal vil denne få volum > 8 m 3 per meter kanal og minstekravet til kanallengde blir 2 600 / 8 = 325 m. Kanal skissert i planteikning er 1350 m lang. I planområdet leggjes drensrøyr og røyr for overvatn til kanal etter behov. Figur 5 Kanaltversnitt 3/14
For å gjere 0-situasjonen lik situasjonen før utbygging, deles kanalen i to med to utløp, eit til Farvikbekken i nord og eit til Krokdalsbekken i sør. 0-løysinga vert da utløp med vassbrems som gjev maksimalt utløp 190 l/s til kvart av bekkeløpa. På grunn av kanalløysinga er det mogleg å gje redusert belastning til bekkeløpa. Kanal skissert i planteikning har eit samla fordrøyingsvolum 10 000 m 3 og 0-løysinga nytter berre 2 600 m 3. Ved å nytte halve fordrøyingsvolumet (5 000 m 3 ), kan utløp til kvart av bekkeløpa halverast til 95 l/s, sjå Vedlegg 4. Ved utløp frå fordøyingskanal til bekk må behov for erosjonssikring i utløpet vurderast. 1-situasjonen Utbygging med mykje grøne flater (grøne tak, grasplen/trær etc). Dette vil gje ei avrenning på om lag 2200 l/s for reguleringsområdet, sjå Vedlegg 5. Nødvendig fordrøyingsvolum med denne løysinga er 1700 l/s, sjå Vedlegg 6. Avleiing av overvatn og fordrøying kan løysast som i 0-situasjonen. FLAUM Ved flaum kan Farvikbekken stige inntil 3 m og overfløyme mykje av området som synt i Figur 6, etter NVE si oversikt over aktsomheitssoner (NVE, 2018). Aktsomheitssonene gjev eit grovt estimat og reell vasstand bør kalkulerast med ein hydraulisk modell med god oppløysing for å bestemme meir eksakt flaumvasstand. Flaumsikring av området kan vurderast etter behov, i samråd med kommunen. Alternativt kan bygg utførast flaumsikre. Figur 6 Aktsomhetssone for flaum (skravert område), grøn bekk kan få vasstandsstigning inntil 3m (NVE, 2018) REETABLERING/OPNING NATURLEGE VASSVEGAR Alt er ope i planområdet og det er såleis ikkje grunnlag for reetablering eller opning. Nedstrøms går Farvikbekken i kulvert(ar), men det synest ikkje naturleg å vurdere nedstraums opning som del av planarbeidet. UTTAK SLUKKEVATN Det er behov for 50 l/s til slukkevatn. Det er tilstrekkjeleg kapasitet til dette (Fauske, 2018). 4/14
LØYSINGAR Vatn Kan hentast frå kum i sør som er knytt til 225 mm PE-leidning, kummen vart oppgradert i 2017. Plassering vist i plankart. Avløp Spillvatn sendes nord til pumpestasjon som pumper drensvatn frå dompen til avløpsrenseanlegg. Kapasitet er ukjend og pumpestasjon kan måtte oppgraderast, avhengig av avløpsmengd. Plassering vist i plankart. Overvatn Avskjerande grøft aust i planområdet for å ta avrenning frå myra ved planområdet og sende den til Farvikbekken/Krokdalsbekken. Kanalar rundt planområdet som fungerer både som transportveg for overvatn og som fordrøyingsmagasin. Utløpskontroll før utløp til bekk. Drensrøyr/overvatn/takvatn frå planområdet føres til næraste kanal. Det må vere minst 5 helling frå planområdet til kanal for at overflatevatn skal renne av. MOGLEGE KONFLIKTER/UTFORDRINGAR/KONSEKVENSER Farvikbekken har dårleg kapasitet med erosjonsproblematikk og øydelagde kulvertar nedstrøms (Støver-Hofstad, 2018). Dette bør ordnast opp uavhengig av utbygging i planområdet. Foreslått løysing til handsaming av overvatn gjev uendra eller betra situasjon. Planområdet kan overfløymast (NVE, 2018). Flaumsikring av bygg bør utførast. Alternativt kan planområdet flaumsikrast med flaumvoll eller liknande i dialog med kommunen. Avhengig av kapasitet og behov kan pumpestasjon for spillvatn måtte oppgraderast. Det går ein trase med pumpeledning for spillvatn og vassledning langs vestkanten av planområdet, nøyaktig plassering bør avklarast ved detaljprosjektering, kan kome i konflikt med kanalsystemet. REFERANSAR Fauske, k. (2018). RFI Krokdalsmyra travbane. NVE, f. (2018). NVE aktsomhetskart for flom. Hentet fra https://gis3.nve.no/link/?link=flomaktsomhet SCALGO. (2018). SCALGO Live. Hentet fra http://scalgo.com/live/ Støver-Hofstad, J. M. (2018). Geoteknisk vurdering for reguleringsplan krokdalsmyra travbane, Fauske. Trondheim: Rambøll Norge. VEDLEGG Vedlegg 1 Avrenning før utbygging... 6 Vedlegg 2 Avrenning etter utbygging, 0-scenarioet... 7 Vedlegg 3 Fordrøyingsvolum 0-situasjonen... 8 Vedlegg 4 Fordrøyingsvolum redusert utløp... 10 Vedlegg 5 Avrenning etter utbygging, 1-situasjonen... 12 Vedlegg 6 Fordrøyingsvolum etter utbygging, 1-situasjonen... 13 5/14
Vedlegg 1 Avrenning før utbygging 6/14
Vedlegg 2 Avrenning etter utbygging, 0-scenarioet 7/14
Vedlegg 3 Fordrøyingsvolum 0-situasjonen 8/14
9/14
Vedlegg 4 Fordrøyingsvolum redusert utløp 10/14
11/14
Vedlegg 5 Avrenning etter utbygging, 1-situasjonen 12/14
Vedlegg 6 Fordrøyingsvolum etter utbygging, 1-situasjonen 13/14
14/14