HØYRING- FORSLAG TIL ENDRING AV VALLOVA EVALUERING AV VALET 2009



Like dokumenter
Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ) Saker til behandling

Møteinnkalling for Valgstyre

Høyringsnotat om forslag til endringar i vallova - uttale frå Hordaland fylkeskommune

RÅDE KOMMUNE Sakspapir

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Aurland kommune Rådmannen

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Sentral Valgkonferanse Gardermoen februar 2010 v/fagdirektør Marianne Riise og rådgiver Marie S. Mjøsund

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ) Saker til behandling

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Saksbehandling kva er no det?

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Møteinnkalling for Valstyret

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEINNKALLING

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Adresseføresegner, Sund kommune

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

NYNORSK MAL FOR: Forholdet til kommunelov og vallov. Verkeområde. 1 Forholdet til kommunelova. 2 Forholdet til vallova.

Saksfremlegg. Innstilling: Sørum kommune gir slik uttalelse til Høringsnotat Evaluering av valget i 2009 Forslag til endringer i valgloven :

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Møteinnkalling. Utval: Fylkesvalstyret Møtestad: Rom 700 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

MØTEBOK Tysnes kommune

REGLEMENT FOR VALSTYRET

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Stemnehandboka for NKSF

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Den nye seksjon for applikasjonar

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

PAPIRLAUSE MØTE I POLITISKE ORGAN

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Møteinnkalling Valstyret

1 INNLEIING VALDAGEN FOLKERØYSTING ANNA LOVGJEVING SOM GJELD FOR VAL VALORGANA OG DELEGERING RØYSTERETT OG MANNTAL...

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Høyringsnotat. Høyringsfrist Høyringsfristen vert sett til seks veker.

Vurdering av allianse og alternativ

SANDE KOMMUNE. Konkurransegrunnlag Del I. Anbodskonkurranse med forhandlingar. Vintervedlikehald. Kunngjort i DOFFIN-basen Kunngjering

SULA KOMMUNE Valstyret

Forskrift sals- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar


Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Juridisk seksjon Arkivsak 200807333-7 Arkivnr. 000 Saksh. Aardal, Sigrid Helene Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.08.2010 HØYRING- FORSLAG TIL ENDRING AV VALLOVA EVALUERING AV VALET 2009 SAMANDRAG Kommunal- og regionaldepartementet har sendt på høyring forslag til enkelte endringar i valloven. I høyringsnotatet har departementet også ein gjennomgang av evalueringa av stortingsvalet i 2009. Frist for innsending av uttale er sett til 1. september 2010. Det vert fremja forslag til følgjande lovendringar: 1. Forslag om at ein kandidat kan be seg friteken frå å stå på valliste ved kommunestyreval og fylkestingsval dersom vedkommande legg fram erklæring om at han/hun ikkje sympatiserer med vallista. 2. Forslag om at tidspunktet for innlevering av listeforslag vert sett til kl. 12 den 31. mars og tidspunkt for tilbakekalling av listeforslag vert sett til kl. 12 den 20. april. 3. Forslag om at Folkeregistermyndigheiten vert pålagt å lage et foreløpig manntall pr. 1. april i valgåret. 4. Forslag om krav til forsegling av urner på valdagen. Dagens krav i valforskrifta til forsegling av valurner ved førehandsstemmegjeving vert føreslått fastsett i lov. Departementet har og teke opp problemstillingar om valbarheit av listekandidatar til valstyre og stemmestyre. Dei har ikkje fremja forslag til lovendring på dette punktet no. Også valbarheit til stortingsval for departementstilsette er teke opp til drøfting i notatet. FORSLAG TIL VEDTAK Hordaland fylkeskommune sluttar seg til Kommunal- og regionaldepartementet sitt høyringsforlag til endringar i vallova. Hordaland fylkeskommune viser til merknader til lovforslaget og dei problemstillingane som er reist i høyringsnotatet slik det går fram av saksframlegget. Paul M. Nilsen Sigrid Helene Aardal

FYLKESRÅDMANNEN, 12.08.2010: Grunnlag Kommunal- og regionaldepartementet har sendt på høyring forslag til enkelte endringar i valloven. I høyringsnotatet har departementet også ein gjennomgang av evalueringa av stortingsvalet i 2009. Frist for innsending av uttale er sett til 1. september 2010. Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa (OSSE) gjennomførte ved valet en såkalla Election Assessment Mission. Deira rapport etter valet, datert 27. november 2009, blir også gjennomgått og kommentert i dette høringsnotat. Det vert fremja forslag til følgjande lovendringar: 5. Forslag om at ein kandidat kan be seg friteken frå å stå på valliste ved kommunestyreval og fylkestingsval dersom vedkommande legg fram erklæring om at han/hun ikkje sympatiserer med vallista. 6. Forslag om at tidspunktet for innlevering av listeforslag vert sett til kl. 12 den 31. mars og tidspunkt for tilbakekalling av listeforslag vert sett til kl. 12 den 20. april. 7. Forslag om at Folkeregistermyndigheiten vert pålagt å lage et foreløpig manntall pr. 1. april i valgåret. 8. Forslag om krav til forsegling av urner på valdagen. Dagens krav i valforskrifta til forsegling av valurner ved førehandsstemmegjeving vert føreslått fastsett i lov. Departementet har vurdert om det bør innførast avgrensingar med omsyn til valbarheit til valstyre og stemmestyre for listekandidatar, men foreslår ingen konkrete lovendringar no. I tillegg vert det føreslått at det i valforskrifta vert teke inn krav til kvittering for levering og mottak av valmateriell, enten dette skjer internt i kommunen eller ved levering til fylkeskommunen. Stortinget sin fullmaktskomité, som gjev innstilling til Stortinget om godkjenning av valet, viser i Innst. 1 S (2009-2010) til at totalinntrykket etter valet er at det har vore gjennomført på en effektiv måte i kommunane, og at fylkesvalstyra har utført en grundig kontroll med valstyra.komiteen føreset at departementet i forbindelse med evalueringa av valet vurderer alle tiltak som kan redusere risikoen for feil. Departementet peikar på at det er viktig at det ikkje vert innført system- og regelendringar, utan at det er klare behov og gode grunner til dette. Gjennomføring av val krev at det vert etablert eit omfattande apparat i kvar enkelt kommune, med mange detaljerte rutinar som alle valfunksjonærar må setje seg inn i. All erfaring tilseier at system- og regelendringar bidreg til at risikoen for feil aukar. Departementet meiner det er viktig å utvise varsemd med å innføre endringar som gjelder sjølve røystegjevinga, dersom det ikkje er openbare grunnar som gjør seg gjeldande. Evaluering av valet 2009. Valdeltaking På de fire siste stortingsvala, er det ingen eintydig utvikling når det gjelder valdeltaking. Den offisielle valstatistikken frå Statistisk sentralbyrå viser en liten nedgang i 2009 (76,4%) i forhold til 2005 (77,4%) men høgare valdeltaking enn i 2001(75,5%). Ved stortingsvalet 2009 blei det avgjeve 657 108 førehandsrøyster. Av desse blei ca 6500 avgjeve som tidligstemmer (ny ordning med verknad frå stortingsvalet 2009), dvs knapt ein prosent av førehandsrøystene. Departementet konkluderer med at dette syner at det er behov for at denne ordninga vert vidareført. Legitimasjon Departementet meiner at både OSSE sine observasjonar og evalueringa viser at det ikkje har vore eit problem at veljarar ikkje har fått avgjeve si stemme på grunn av manglande legitimasjon. Etter departementet si vurdering eksisterer gode og einsarta rutinar for identifisering av veljare, men er 2

merksame på at det av og til kan førekoma brot på disse rutinane. I dei komande vala vil departementet ha sterkt fokus på å informere om kravet til identifikasjon. Departementet finner ikkje grunn til å gjere endringar i dagens regelverk om krav til identifikasjon av velgjar. Tilrettelegging for funksjonshemma Evalueringa frå valet viser at kommunane har stort fokus på å leggje tilhøva til rette, for at alle skal få utført sin rett til å velja. Departementet vil ha høg fokus på dette området, og målsetjinga er at alle vallokal skal være lagt til rette for alle. For seint innkomne førehandsrøyster. Erfaring viser at det alltid er førehandsrøyster som ikkje kjem tidsnok fram til kommunen til å koma med i valoppgjeret. Departementet har peika på at dersom slike røyster vert sende som A-post innan posten sin frist siste fredag før valdagen skal desse vera mottakaren i hende valdagen( mandag). Det har vore diskutert om førehandsrøystinga bør avsluttast tidlegare slik at ein er sikker på at alle røystene kjem fram, men det har ikkje vore tilslutnad til å endra på dette. Bretting av stemmesetlar. Ved tidlegare val etter at stemmesetelkonvolutten vart fjerna har det kome kritikk på at kravet til hemmeleg val ikkje har vore godt nok då mange har bretta stemmesetlane slik at andre i lokalet kunne sjå kva som var stemt. Departementets evaluering frå valet i 2009 tyder ikkje på at feilbretting er eit problem av vesentlig omfang. Observatørar som representerte Helsingforskomiteen ved stortingsvalet 2009 har i sin uttale etter valet opplyst at tidligare problem med bretting av stemmesetelen feil veg, i hovudsak ser ut til å være løyst. Komiteen sine representantar meiner at dette i hovudsak grunnar seg i at veljarane er blitt meir van med denne prosedyren, og at det også blir gjeve meir aktiv informasjon til veljarane i vallokalet. Ny designløysing Nye designløysingen for vallokal, ny grafisk profil for val og nye stemmesetlar har vore prøvd ut i fire kommunar ved valet. Denne designløysinga har vorte evaluert og tilbakemeldingane har vore svært positive. Enkelte ting har departementet sett at må forbetrast og arbeidet med dette er i gang. Departementet reknar med at denne nye designløysinga skal kunna takast i bruk til valet i 2011. Valobservasjon Ved valet i 2009 blei det for første gang gjennomført valobservasjon i Norge i regi av Organisasjonen for Samarbeid og Sikkerhet i Europa (OSSE). I sin EAM-rapport (Election Assessment Mission) frå valet, lagt fram 27. november 2009, viser OSSE til at Norge har en lang tradisjon med å avholde demokratiske valg, og gjennomføringen av valget 14. september bekreftet at norske valg kjennetegnes av politisk pluralisme, respekt for grunnleggende frihet og rettigheter, stor offentlig tillit til at valgadministrasjonen er upartisk samt at hele prosessen er gjennomført med integritet. Myndighetene har vist seg å være spesielt lydhøre når det gjelder å rette opp i svakheter i valgprosessen og å forbedre den. OSSE peikar på enkelte tilhøve og ber norske valmyndigheiter å vurdere endringar i regelverk eller rutinar. Departementet har vurdert rapporten og på grunnlag av dette funne å fremja forslag om enkelte endringar i vallova og forskrift til denne. Lovendringar- forslag Manntal Folkeregistermyndigheita (Skattedirektoratet - SKD) skal etter valloven 2-5 på en hensiktsmessig måte stille til disposisjon for valmyndigheita opplysningar om kven som skal innførast i manntalet i kommunen. Dette inneber at folkeregisteret så snart som mulig etter skjæringsdatoen (30. juni i 3

valåret), som er datoen som avgjør kva kommune veljaren har stemmerett i, skal stille manntalet til disposisjon for kommunane. Fram til 2009 har SKD nytta et privat selskap, som etter avtale med SKD har einerett på distribusjon av folkeregisteropplysningar, for å plukke ut og oversende rådata og oppdateringar til kommunane. Departementet såg det som lite ønskelig at et privat selskap skulle plukke ut og distribuere disse opplysningane til kommunane, samt at kommunane måtte betale for kvar enkelt overføring av rådata. På denne bakgrunn inngikk departementet føre valet i 2009 et samarbeid med Skattedirektoratet for å få et sterkare statlig grep om manntalsproduksjonen. Ansvaret for utplukk og distribusjon av nødvendige folkeregisteropplysningar blei overtatt av Skattedirektoratet, som frå og med valet i 2009 er ansvarlig for å stille dei nødvendige folkeregisteropplysningar (rådata, inklusive oppdateringar) til disposisjon vederlagsfritt for kommunane. For å kontrollere dei føreslåtte kandidatane og underskriftene på vallistene hadde fylkeskommunane behov for tilgang til manntalsopplysningar frå 1. april i valgåret. Då korkje vallova eller valforskrifta inneheld klar heimel for å påleggje folkeregisteret å stille desse data til disposisjon for fylkeskommunane, måtte Skattedirektoratets distributøravtale nyttes for å få utlevert dette til fylkeskommunane føre valet i 2009. Departementet fikk høve til frå SKD til å kjøpe to statiske uttrekk av folkeregisteret frå SKD sin distributør til bruk i fylkeskommunane. Departementet dekka kostnaden knytt til disse uttrekka. Uttrekka blei levert 1. april og 31. mai 2009. Etter departementets vurdering er det er viktig at statlige myndigheit tar eit sterkare grep om etablering av manntal ved val Departementet meiner løysninga med et uttrekk frå folkeregisteret basert på stemmerettsvilkåra, eit såkalla foreløpig manntall, ikkje er eit godt alternativ. Det er ein midlertidig løysning. Etter departementets vurdering taler de beste grunner for at det vert etablert permanente manntal her i landet. Eit permanent manntal vil kunne nyttast av valstyra/fylkesvalstyra til kontroll av listekandidatar og underskrivarar. Departementet planlegger som kjent å etablere et sentralt valdatasystem for alle kommunane. I dette systemet er det nødvendig å etablere et elektronisk manntal. Det statlige valdatasystemet skal testast ut i nokon kommunar ved valet i 2011. Det er for tidlig å sei om systemet kan takast i bruk i alle kommunar frå 2013 eller om det eventuelt må gjennomføres en gradvis innføring. På bakgrunn av dette vert det ikkje fremja forslag til endringar i valloven med sikte på etablering av et permanent manntal nå. Sidan det er uklart om vi får på plass et permanent manntal frå 2013, og kommunane har behov for et foreløpig manntall før den tid, vil departementet foreslå at folkeregisteret i lov vert pålagt å stille slike data til disposisjon for kommunane pr. 1. april. Dette kan gjerasts ved en endring i 2-5 som heimlar folkeregisteret plikt til å stille manntalsopplysningar til disposisjon. For å markere at plikta ikkje kan delegerast, foreslår departementet at dette går fram av lova direkte ved at omgrepet selv vert nytta. Stemmesetlar Det er og viktig at setelen er utforma slik at kravet til hemmeleg val vert god nok. Under valet i 2009 vart det i Buskerud prøvd ut ein annan type setel. Tilbakemeldingane på denne var gode. Departementet vil arbeida vidare med dette og det skal setja ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på eit rammeregelverk for utforming av røystesetelen. Kretsen av valbarheit til stortingsval. Det føljer av Grunnlova 62 og vallova 3-1 (2) at tilsette i departementa med unntak av statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar er utelukka frå val til Stortinget. Forbodet omfattar alle tilsette i departementa OSSE har i sin rapport peika på og kome med anbefaling om at departementstilsette bør får høve til å stilla til val. Departementet har i høyringsnotatet teke dette opp til drøfting og meiner at det er gode grunnar for at reglane om dette på sikt bør endrast. Då dette krev Grunnlovsendring vil dette ta tid. 4

Frist for innlevering av listeforslag. Frist for innlevering av listeforslag og tilbakekalling av listeforslag er 31. mars og 20.april i valåret. Det er ikkje sett noko klokkeslett for fristen og då går den ut kl. 24.00 den angjevne dato. Det har i enkelte høve vore gjenstand for diskusjon og tvil om listene er kome inn før kl. 24.00. I lova er det vidare sagt at dersom fristen går ut ein heilagdag, vil fristen først gå ut på påfyljande kvardag. Dette medfører at dersom fristen er på ein laurdag vil ein måtte ha beredskap til å ta imot lister denne dagen. Lova har ikkje teke høgde for at ein i dag stort sett har laurdagsfri i offentleg verksemd. Ut frå ei samla vurdering har departementet foreslått at ein set begge fristane til kl. 12.00 den angjeldande dagen, og at laurdag vert likestilla med heilagdag. Plikta til å stilla til val. Departementet har teke opp spørsmålet om det bør gjerast endringar i regelverket når det gjelder plikta til å stille til val og til å ta i mot valet dersom ein blir valt (ombodsplikta). Det er vurdert om ein skal foreslå regler som gir høve til å nekte å stå på en valliste dersom politiske syn er i strid med vedkommande sine haldningar og synspunkt. Erfaringsmessig skaper ombodsplikta ein del merksemd og med enkelte saker/klager føre kvart val. Det vert reagert på det forhold at personar vert ført opp på vallister utan å bli førespurt og heller ikkje har reell moglegheit til å be seg friteken utan å måtte melde seg inn i eit politisk parti. Det er og veljare som av rent prinsipielle grunnar reagerer på at nokon blir tvungen til å stille til val mot sin vilje. Forholdet til FNs konvensjon for sivile og politiske rettar eller den europeiske menneskerettigheitserklæringa (EMK) har ikkje vært gjenstand for særskilt drøfting i høve til ombodsplikta Norge er forplikta til å sjå til at regelverket er i samsvar med dei standardar landet er bunden av gjennom internasjonale konvensjonar. Departementet meiner det er grunnlag for å gjøre ei ny vurdering av ombodsplikta i lys av dette. Uavhengig av en eventuell konflikt med FNs konvensjon og EMK, meiner departementet det er gode grunner til å endre delar av innhaldet i ombodsplikta. Kandidatar bør gjevast høve til å krevje fritak frå å stå på en valliste dersom lista forfektar synspunkt som strid mot vedkommande sin personlege overtyding. Det blir stilt spørsmål om ombodsplikta vert uthola dersom det vert innført ein slik fritaksgrunn. Departementet meiner dette ikkje er tilfelle. Etter departementet si vurdering vil utgangspunktet framleis vera at alle plikter å stille til val og til å ta imot valet. Det er snakk om å innføre høve til fridom frå å føle seg tvungen til å forsvare synspunkt ein sjølv er motstander av. Departementet forslår at det vert gjort ei endring i vallova når det gjeld lokalval. For stortingsval er dette lovfesta i Grunnlova slik at det må ei eventuell grunnlovsendring til før dette kan gjerast. Eventuelle grunnlovsforslag som vert fremja i inneverande stortingsperiode, får tidligast verknad for 2017-valget. Bør listekandidatar utelukkast frå val til stemmestyre og valstyre? Vallova fastset at det i kvar kommune skal være eit valstyre som vert valt av kommunestyret sjølv. Valstyret og stemmestyra er nemnder i kommunelovens forstand. Hovudregelen er at alle som har røysterett til kommunestyreval og fylkestingsval, er valbare. Det er ikkje noko forbod i lova mot å velje kandidatar som stiller til val, eller andre aktive politikarar til stemmestyra eller valstyra. Departementet viser til at spørsmålet om eventuelle avgrensingar i kretsen av valbare til stemmestyra blei vurdert så seint som etter valet i 2007. Det blei då ikkje foreslått lovendringar. Det er et grunnleggjande prinsipp i vår valordning og vårt kommunale system at færrast mogeleg skal være utelukka frå val til folkevalde organ. Eventuelle avgrensingar når det gjelder valbarheit til dei organ som administrerer vala bør difor ikkje setjast vidare enn det som er naudsynt. 5

Det at listekandidatar eller andre politikarar sit i stemmestyra har lange tradisjonar hos oss. Dersom listekandidatar skal verta utelukka frå verv som stemmestyremedlem eller frå å tenestegjere som valfunksjonærar eller stemmemottakarar er det eit spørsmål om korleis dette vil virka på gjennomføringa av valet reint praktisk. Departementet foreslår ikkje nokon endring vedkommande dette no. Dei avventar til det føreligg tilbakemelding og synspunkt på dette gjennom høyringsuttalene. Forsegling av valurner og overlevering av valmateriell Departementet forslår at reglane for forsegling av valurner, både når det gjeld førehandsrøysting og på valdagen bør stå i vallova og ikkje berre i forskrift, då dette er eit viktig prinsipp. Valforskrifta har ikkje reglar om at det skal kvitterast for det materiellet som vert overlevert frå ein instans til ein annen. Departementet legger til grunn at valforskrifta bør endrast, slik at den pålegg valmyndigheitene å etablere en kvitteringsordning som skal nyttast ved overlevering av valmateriell. Departementet vil utarbeide et skjema som skal brukast ved overlevering av materiellet, og som skal leggjast til grunn for kvitteringen. Kretsvis innrapportering Det har frå fleire hald vore teke opp at innrapporteringa av valresultata bør skje kretsvis (pr. stemmekrets) i større utstrekning enn kva tilfellet er i dag. Det framkom i Innst. 1 S (2009-2010) frå Stortingets fullmaktskomité at dei har merka seg at riksvalstyret i samband med fastsetting av utjamningsmandata ved stortingsvalet peika på at det er viktig at det vert etablert eit sentralt valdatasystem som muliggjer kretsvis innrapportering av resultata frå alle landets kommunar. Dersom kommunane skal innrapportere kretsvis, vil dette bety at kommunane også må påleggast å telje kretsvis, og at fylkesvalstyra sin kontroll av stortingsvalet også vil måtte skje kretsvis. En slik kretsvis oppteljing vil innebere at fylkeskommunane vil måtte bruke ytterlegare tid og ressursar for å kunne ferdigstille resultata til same tid som i dag. Valloven har ingen reglar om at oppteljinga skal skje på denne måten i dag. Kretsane er viktige både i forhold til planlegging og tilrettelegging, røystegjeving, oppteljing og kontroll. Etter at valresultata føreligg kan kretsane være nyttige for forskarar, politikarar og andre som ønskjer meir kunnskap om innhaldet i valresultatet. Departementet meiner at kretsvis oppteljing og innrapportering lettare lar seg gjennomføra på en god måte, der en samtidig sikrar god kontroll med at stemmene vert kanalisert til rett krets, i et felles valadministrativt datasystem. Det er planer om å innføre et slikt system på landsbasis. I motsetnad til i dag, vil et eventuelt nytt valadministrative systemet bli fullt ut eigd og drifta av staten, og bestå av eitt felles system for alle kommunar. Systemet vil då gjera det mogeleg med oppteljing og innrapportering på kretsnivå Departementet meiner at det ikkje er hensiktsmessig å gje kommunane pålegg om kretsvis oppteljing no. Departementet vil komme tilbake til spørsmålet om kretsvis oppteljing etter at det valadministrative systemet som skal prøvast ut i pilotkommunar ved lokalvalet i 2011 er evaluert. Føreslåtte endringar i vallova og forskrift til denne. Det vert foreslått slike endringar i vallova: 2-5 skal lyde: Folkeregistermyndigheten skal selv, uten hinder av lovbestemt taushetsplikt, på hensiktsmessig måte stille til disposisjon for valgmyndighetene opplysninger om hvem som skal innføres i manntallet i kommunen. Folkeregistermyndigheten skal selv, uten hinder av lovbestemt taushetsplikt, stille til disposisjon for valgmyndighetene et uttrekk av folkeregisteret basert på stemmerettsvilkårene pr. 1. april i valgåret. 3-4 første ledd bokstav c skal lyde: 6

c) den som er ført opp som kandidat på et listeforslag som er satt frem av noen andre enn et registrert politisk parti vedkommende er medlem av, 3-4 første ledd bokstav ny bokstav d) skal lyde: d) den som ikke er medlem av registrert politisk parti og som avgir erklæring om at listeforslaget representerer et politisk syn som er i strid med egen politisk overbevisning, og Nåværende 3-4 første ledd bokstav d) blir ny bokstav e). 6-1 første ledd første punktum skal lyde: (1) Fristen for innlevering av listeforslag er 31. mars kl. 12 i valgåret. 6-5 andre punktum skal lyde: Erklæring om tilbakekalling må være innlevert senest 20. april kl. 12 i valgåret. 8-4 nytt femte ledd skal lyde: (5) Valgurner som brukes ved forhåndsstemmegivningen innenriks skal være forseglet. 9-5 ny (6) skal lyde: Valgurner som brukes på valgdagen skal være forseglet. 15-5 første, andre og tredje ledd skal lyde: ( 1) Hvis en dato som er utgangspunktet for en frist faller på en lørdag eller en helligdag, begynner fristen å løpe nærmest påfølgende hverdag (2) Hvis en dato for avslutningen av en frist faller på en lørdag eller en helligdag, løper fristen ut den nærmest påfølgende hverdag (3) Bestemmelsene i første og annet ledd gjelder tilsvarende i de tilfeller hvor en dato som er det tidligste eller seneste tidspunktet for noen handling etter denne lov, faller på en lørdag eller en helligdag. Merknader til høyringsnotatet. Fylkesrådmannen ser dei føreslåtte lovendringane i vallova som positive. Desse endringane vil vera med å gje ei klarare og eintydig regulering. Dette gjeld spesielt endringane om fastsetjing av klokkeslett for innleverings-/tilbakekallingsfrist av listeforslag, og at det vert fastsett i lov at uttrekk av folkeregistert skal stillast til disposisjon frå 1.april. Det har vore uheldig at dette har vorte sett ut til private aktørar slik at det har vore nokre vanskar med dette tidlegare. Når ein no i lovteksten fastset at dette skal ikkje kan overlatast til andre vil dette gjera tilgangen lettare. Når det gjeld lovendringa som gjev høve til å krevje fritak frå å stå på en valliste dersom lista forfektar synspunkt som strid mot vedkommande sin personlege overtyding, ser fylkesrådmannen at det kan verta vanskar med å handtere slike søknader. Dersom ein her skal få ein rettferdig og lik praksis på dette, bør departementet koma med klare retningsliner om kva som skal kunna godtakast som fritaksgrunn. Det bør og verta gjort kjent for dei ulike parti/listestillarar at listekandidatane bør spørjast/ha kjennskap til at dei vert sett opp som kandidat. Når det gjels spørsmålet om høve til å velja politikarar/listekandidatar til organ som har med val å gjera, ser fylkesrådmannen det som viktig at ein ikkje utvidar kretsen av ikkje valbare meir enn høgst naudsynt. For mellomstore og mindre kommunar vil det sannsynlegvis vera vanskeleg å finna personar som kan vera med i valarbeidet dersom ein ikkje skal kunna nytta seg av aktive politikarar. Gjennomføringa av valet vil då kunna verta vanskeleggjort. Ein bør her sjå på at ein har hatt ein slik ordning i landet i mange år, og det har ikkje kome fram at dette har vore problematisk. 7