Høyringsnotat. Høyringsfrist Høyringsfristen vert sett til seks veker.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Høyringsnotat. Høyringsfrist Høyringsfristen vert sett til seks veker."

Transkript

1 Høyringsnotat Meirverdiavgiftslova 6-2, jf. meirverdiavgiftsforskrifta Forslag til endring i meirverdiavgiftsforskrifta Innleiing I forslaget til statsbudsjett for 2016 føreslår regjeringa å gje fritak for meirverdiavgift for elektroniske nyheitstenester i ei ny føresegn i meirverdiavgiftslova 6-2. Vidare vert det føreslått å gje departementet fullmakt til å fastsette nærare reglar i forskrift. Reglane skal tre i kraft frå den tid departementet fastset, tidlegast 1. mars 2016, jf. (Prop. 1 S Tillegg 1 Endring av Prop. 1 S ( ) Statsbudsjettet 2016 og Prop. 1 LS ( ) Skatter, avgifter og toll 2016 (økt antall asylankomster). Skattedirektoratet vurderer difor å gje ei ny føresegn i meirverdiavgiftsforskrifta om kva som er meint å vere omfatta av fritaket for elektroniske nyheitstenester. Høyringsfrist Høyringsfristen vert sett til seks veker. Godkjenning frå EFTAs overvakingsorgan (ESA) Departementet har lagt til grunn at fritaket må notifiserast til EFTAs overvakingsorgan (ESA). Formell notifikasjon blei sendt 1. desember Gjeldande rett Etter gjeldande rett er aviser fritatt for meirverdiavgift, jf. meirverdiavgiftslova 6-1. Fritaket er grunna i ytringsfridomen og eit ønskje om å støtte det norske språket. Gjeldande meirverdiavgiftsfritak omfattar berre aviser som er trykt på papir. Aviser i elektronisk form vert rekna som tenester, og det skal reknast 25 prosent meirverdiavgift av slik omsetning. I tillegg til at avisa må vere trykt på papir for å gå inn under fritaket, er det eit vilkår at avisa kjem ut regelmessig med minst eitt nummer kvar veke. Det er ikkje fastsett ytterlegare vilkår i meirverdiavgiftsforskrifta, men etter praksis vert det kravd at publikasjonen hovudsakleg inneheld nyheiter og aktualitetsstoff og dette stoffet må vere frå et breitt spekter av samfunnsområde. Publikasjonar som inneheld stoff henta frå berre ein sektor eller er retta mot berre ein interesse, til dømes sport, politikk, religion eller underhaldning, vert ikkje rekna som avis etter meirverdiavgiftslova. Aviser som har brei dekning av ein noko snevrare del av nyheitsbildet, vert likevel omfatta. Ved vurderinga av om det føreligg ei friteken avis, har ein i praksis nytta kriteria som Dagspresseutvalet i 1966 føreslo som grunnlag for tildeling av produksjonsstøtte til dagsaviser. 1

2 Fritaket gjeld omsetning i alle ledd slik at også omsetning av ferdigtrykte aviser frå trykkeri til utgjevar er fritekne. Avisene sin omsetning av annonser og reklame er imidlertid ikkje friteken. Det samme gjeld omsetning av andre varer og tenester i samband med avisproduksjonen. Meirverdiavgiftsregelverket er basert på eigendeklarering, og dette inneber at det er dei registrerte næringsdrivande som i første rekke må vurdere og ta stilling til om kriteria er oppfylte. Skatteetaten vil på vanlig måte kontrollere og etterprøve eigendeklareringa. Forslag om meirverdiavgiftsfritak for elektroniske nyheitstenester I Prop. 1 LS ( ) Skatter, avgifter og toll 2016 er det føreslått følgjande føresegn i meirverdiavgiftslova: 6-2 skal lyde: 6-2 Elektroniske nyhetstjenester (1) Omsetning av elektroniske nyhetstjenester er fritatt for merverdiavgift. (2) Departementet kan gi forskrift om hva som menes med elektroniske nyhetstjenester. Grunngjevinga for framlegget er at gjeldande fritak for papiraviser (ytringsfridom, norsk språk) er relevant også for elektroniske nyheitstenester. Vidare inneber gjeldande regelverk ei avgiftsmessig forskjellsbehandling av nyheiter avhengig av distribusjonsteknologi. Regjeringa føreslår difor at meirverdiavgiftsfritaket for papiraviser vert utvida til å omfatte alle elektroniske medium som hovudsakleg inneheld nyheits- og aktualitetsstoff uavhengig av distribusjonsteknologi, dvs. nyheiter på pc, mobiltelefon, nettbrett, radio og fjernsyn. Fritak for nyheitstenester inneber at denne tenesta må avgrensast mot alle andre elektroniske tenester som framleis skal avgiftsreknast med 25 prosent, og departementet føreslår at det nærare innhaldet i fritaket vert fastsett i forskrift. Departementet har som utgangspunkt at definisjonen av elektroniske nyheitstenester i størst mogeleg grad bør samsvare med definisjonen av papiraviser og at hovudkriteriet må knytast til innhaldet i tenesta. Departementet legg difor til grunn at det er eit vilkår for fritak at tenesta hovudsakleg inneheld nyheiter og aktualitetsstoff og dette stoffet er frå et breitt spekter av samfunnsområde. Det er ein føresetnad for meirverdiavgiftsplikt at det føreligg omsetning, dvs. levering av varer eller tenester mot vederlag. Fritaket vil dermed berre omfatte nyheiter og aktualitetsstoff som vert omsett mot brukarbetaling. Dersom seljaren tilbyr nyheits- og aktualitetsstoff både gratis og mot betaling, må desse reknast som separate ytingar. Meirverdiavgiftsfritaket for aviser er mellom anna grunna i eit ønskje om å verne det norske språksamfunnet. Fritaket omfattar imidlertid også utanlandske aviser. På same måte vil fritaket for elektroniske nyheitstenester også omfatte utanlandske medium. E-tidsskrift og e-bøker er ikkje omfatta av fritaket. 2

3 Forslag til forskrift Skattedirektoratet vurderer å gje nærare reglar om innhald i omgrepet elektroniske nyheitstenester i meirverdiavgiftsforskrifta i samsvar med dei føringane departementet har gjeve. Departementet har lagt til grunn at avgrensinga i størst mogeleg grad bør samsvare med definisjonen av papiraviser, og at det bør vere eit vilkår for fritak at tenesta hovudsakleg inneheld nyheiter og aktualitetsstoff frå et breitt spekter av samfunnsområde. Elektroniske tenester For å vere omfatta av fritaket for elektroniske nyheitstenester i 6-2 må tenesta gå inn under definisjonen av elektroniske tenester i meirverdiavgiftslova 1-3 første ledd bokstav j. Elektroniske tenester er der definert som "fjernleverbare tjenester som leveres over internett eller annet elektronisk nett og som ikke kan anskaffes uten informasjonsteknologi, hvor leveringen av tjenesten hovedsaklig er automatisert". Fjernleverbare tenester er definert i same føresegn bokstav i som "tjenester der utførelsen eller leveringen etter tjenestens art ikke eller vanskelig kan knyttes til et bestemt fysisk sted". Fritaket er meint å omfatte alle elektroniske tenester uavhengig av distribusjonsteknologi. I tillegg til tekst- og stillbildebasert nyheits- og aktualitetsstoff skal også levande bilde, lyd og grafikk vere omfatta av omgrepet elektroniske nyheitstenester. Tenester som vert formidla i elektroniske kommunikasjonsnett vil bli omfatta. Krav til innhald i nyheitstenesta Fritaket for elektroniske nyheitstenester skal omfatte nyheitstenester med nokolunde tilsvarande stoffbredde og utval som gjeldande papiravisfritak. Nyheitstenester som stort sett omhandlar saker frå berre ein sektor eller er retta mot ein interesse, for eksempel kultur, religion, sport eller yrke er ikkje meint å vere omfatta av fritaket. Skattedirektoratet vil difor foreslå å forskriftsfeste eit krav om at nyheitstenesta inneheld ei brei dekning av nyheits- og aktualitetsstoff. Hovudsaklegheitskriteriet Departementet forutset at det vil vere tilstrekkeleg at tenesta hovudsakleg inneheld nyheiter og aktualitetsstoff. Det vil seie at tenesta også kan innehalde element som ikkje vert rekna som nyheiter eller aktualitetsstoff utan å falle utanfor fritaket. Dersom ei teneste inneheld fleire element, er det departementet sitt utgangspunkt at kvart tenesteelement skal vurderast som ei separat teneste. Dette er likevel ikkje alltid tilfelle - til dømes der det eine element er det klart prinsipale og det andre er av underordna betyding. I denne vurderinga er det og eit moment kor distinkt og separat tenesta er. Dersom tenestene er separate kan dette medføre at det eine elementet er friteke for meirverdiavgift og det andre skal avgiftsbereknast med 25 prosent. Dette gjeld også om det berre er eit vederlag. Det skal framleis svarast meirverdiavgift med 25 prosent ved omsetning av annonser og reklametenester. Utviklinga i media viser ein aukande bruk av sponsa journalistikk, 3

4 innhaldsmarknadsføring og produktplassering, og vi forutset at dette ikkje vert omfatta av fritaket. Hovudsaklegheitsvurderinga er knytt til den tenesta som inneheld nyheiter og aktualitetsstoff. Skattedirektoratet legg til grunn at avgrensing av fritaket kan vere komplisert, men at den må avgjerast etter ei samla vurdering der ei rekkje moment må vurderast konkret. Skattedirektoratet har ikkje funne å kunne føreslå ei nærare regulering av denne vurderinga, utover utgangspunktet nevnt over. Kva for andre målekriterier som kan vere aktuelle vil avhenge av plattforma som vert nytta. Talet på artiklar/program/titlar, tida ein gjennomsnittsperson ville bruke ved lesing, avspelingstid eller måling av datamengde kan vere relevante måleeiningar. Vi legg til grunn at faktisk bruk (tal på "klikk"/avspeling/ nedlasting/oppslag) ikkje vil vere relevant då det er heile den omsette tenesta som er relevant og ikkje kva kjøparane vel å bruke. Skattedirektoratet antar at eit hovudsaklegheitskriterium uansett legg opp til bruk av skjønn, og at innhaldet vil bli nærare avgrensa gjennom praksis. Den enkelte næringsdrivande har plikt til å føreta vurderinga av kva deler av omsetningen som går inn under fritaket og dokumentere dette i rekneskapen. Utgjevings-/oppdateringsfrekvens Gjeldande fritak for papiraviser forutset at dei kjem ut minst ein gong i veka, og Skattedirektoratet vurderer å vidareføre dette kravet også for fritaket for elektroniske nyheitstenester. For å oppfylle kravet til utgjevingsfrekvens må nyheitsstoffet som vert omsett minimum oppdaterast ein gong per veke. Det må vurderast konkret om det ligg føre ei ny utgåve. I forskrift 17. september 2014 nr om fastsetting av opplag og utgåver i nyheits- og aktualitetsmedia 4 er det ei ny utgåve dersom 50 prosent av innhaldet er nytt og eigenprodusert. Dette kan vere retningsgjevande også for meirverdiavgifta. Skattedirektoratet føreslår å setje som vilkår at nyheitstenesta "utgis ukentlig eller oftere". Omgrepsbruken varierer med dei ulike distribusjonsformene (oppdaterer, legg ut, sender), og vi har ikkje funne eit uttrykk som passar for alle tenestene som vert omfatta av fritaket. Vidare varierer oppdateringspraksisen for dei ulike plattformene, og Skattedirektoratet er usikker på korleis vurderinga av om det føreligg ei ny utgåve kan praktiserast for dei ulike aktørane. Vi ber difor om forslag til terminologi og innspel til praktiseringa frå høyringsinstansane. On-demand-tenester som tilbyr til dømes film og musikk vil kunne falle utanfor fritaket både grunna kravet til oppdateringsfrekvens og fordi tenesta innhaldsmessig ikkje er ei nyheitsteneste. Ansvarleg redaktør Skattedirektoratet vurderer vidare å setje som vilkår at mediet, som for papiraviser i dag, har ein ansvarleg redaktør med ansvar slik det går fram av Redaktørplakaten. 4

5 Retta mot allmenta Som for papiraviser i dag forutset Skattedirektoratet at mediet må vere retta mot allmenta. Dette inneber at medium som er retta mot ein bestemt krets av brukarar ikkje vil vere omfatta av fritaket. Enkelte avgrensingsspørsmål Brukarbetaling for nyheitstenester ser ut til å vere prega av at aktørane prøvar ut ulike betalingsmodellar. Departementet forutset at det er innhaldet i den omsette tenesta som skal vurderast i høve til fritaket. Gratis tilgang Som nemnt er det ein føresetnad for meirverdiavgiftsplikt at det føreligg omsetning, dvs. levering av varer eller tenester mot vederlag. I ein del tilfelle gjev medium gratis tilgang til deler av sitt materiale. Skattedirektoratet forutset at det då er det innhaldet som det betalast for som isolert sett som må oppfylle kriteria for fritak, under dette kravet til stoffbreidde. Oppsplitting Skattedirektoratet legg til grunn at dersom ein aktør splittar opp stoffet i ulike nettstader/kanalar, vil dette innebere at kvar nettstad/kanal må vurderast isolert i høve til fritaket. Dette kan innebere at nyheitsstoffet blir så spesialisert at dei enkelte segmenta ikkje kvalifiserer til fritak sjølv om ei samla vurdering av stoffbreidda ville oppfylt vilkåra. Ei slik oppsplitting kan og innebere vanskar med å oppfylle kravet til oppdateringsfrekvens for den enkelte nettstaden/kanalen. Omsetning av enkeltartiklar/nyheitsinnslag Dersom det vert omsett tilgang til enkeltartiklar frå eit medium der nyheitsstoffet totalt sett oppfyller vilkåra for fritak, vil den selde enkeltartikkelen isolert sett vanskeleg kunne fylle vilkåra til stoffbredde og oppdateringsfrekvens. Det må då reknast meirverdiavgift med 25 prosent av denne omsetninga. Tv-kanalpakkar Nyheitsbaserte tv-kanalar kan bli omsette som del av ein pakke med fleire andre tv-kanalar. Skattedirektoratet legg til grunn at seljaren av slike kanalpakkar må splitte fakturaen når salet omfattar kanalar som skal seljast med ulike meirverdiavgiftssatsar. Økonomiske og administrative konsekvensar Meirverdiavgiftsfritak for elektroniske nyheitstenester vil gje avgiftslette for bransjen og provenytap for staten. Dersom avgifta innførast frå 1. mars 2016 kan fritaket gje eit provenytap på om lag 290 mill. kroner påløpt og 230 mill. kroner bokført i Provenytapet vil bli betydeleg større over tid, mellom anna som følgje av at e-avisene tek over ein større del av avisomsetninga. 5

6 Sidan meirverdiavgiftsregelverket er basert på eigendeklarering, vil bransjen få auka administrative kostnader med regelendringa gjennom avklaring av grensespørsmål og utvikling av måtar å innrette bokføringa slik at det går fram at avgiftshandteringa er i samsvar med meirverdiavgiftsreglane. At bransjen ikkje lenger må skilje mellom papirnyheiter som skal ha nullsats og e-nyheiter som skal ha 25 prosent meirverdiavgift, kan redusera dei administrative kostnadene noko. For skatteetaten legg vi til grunn at dei administrative konsekvensane vert størst i oppstarten i samband med avklaringar av avgiftsplikta. Dette inneber rettleiingsarbeid overfor norske og utanlandske næringsdrivande, samt informasjonstiltak og opplæring av etaten sine tilsette. Kompleksiteten vil kunne medføre tidkrevjande saksbehandling (både av skriftlege spørsmål, bindande førehandsuttaler og kontrollar) samt fleire klagesaker. Forslag til endring i forskrift 15. desember 2009 nr til merverdiavgiftsloven (merverdiavgiftsforskriften) I forskrift 15. desember 2009 nr til merverdiavgiftsloven (merverdiavgiftsforskriften) gjøres følgende endringer: skal lyde: Elektroniske nyhetstjenester (1) Med elektroniske nyhetstjenester menes elektroniske tjenester som: a) i hovedsak inneholder en bred dekning av nyhets- og aktualitetsstoff b) er rettet mot allmennheten c) har en ansvarlig redaktør d) utgis ukentlig eller oftere I Gjeldende til blir til Forskriften trer i kraft 1. mars II 6

Høyringsnotat Meirverdiavgiftsfritak for elektroniske publikasjonar

Høyringsnotat Meirverdiavgiftsfritak for elektroniske publikasjonar Høyringsnotat Meirverdiavgiftsfritak for elektroniske publikasjonar Innleiing Regjeringa tek sikte på å innføre fritak for meirverdiavgift for elektroniske bøker og tidsskrift, jf. Prop. 1 LS (2018-2019)

Detaljer

Meirverdiavgiftslova 6-2 - Fritak for elektroniske nyheitstenester

Meirverdiavgiftslova 6-2 - Fritak for elektroniske nyheitstenester Skattedirektoratet Saksbehandlar Dykkar dato Vår dato Jorid A. Øvrebø 26.02.2016 Telefon Dykkar referanse Vår referanse 22 07 73 67 2012/337908 Til skattekontora Meirverdiavgiftslova 6-2 - Fritak for elektroniske

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

Deres ref.: 2012/33790 Vår ref.: 016.1 BW Oslo, 1. februar 2016

Deres ref.: 2012/33790 Vår ref.: 016.1 BW Oslo, 1. februar 2016 Skattedirektoratet Postboks 9200 Grønland 0134 OSLO skattedirektoratet@skatteetaten.no Deres ref.: 2012/33790 Vår ref.: 016.1 BW Oslo, 1. februar 2016 HØRINGSUTTALELSE - MERVERDIAVGIFTSFRITAK FOR ELEKTRONISKE

Detaljer

14. Radio og TV. Liv Taule

14. Radio og TV. Liv Taule Kulturstatistikk Liv Taule 4. Det norske radio- og TV-landskapet har varierte programtilbod. Dei fleste kanalane sender no stort sett heile døgnet. Folk ser meir på TV og lyttar meir på radio. Radio- og

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 202 2012/1256-7 Jan Arvid Setane 26.05.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Prinsipp

Detaljer

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.01.2015 3371/2015 Anita Steinbru Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 26.01.2015 Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Detaljer

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK Salsløyve Alkohollova 3: Med sal av alkoholhaldig drikk meinast overdraging av drikk med inntil 4.75 volumprosent alkohol til forbrukar mot vederlag for drikking

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Namning av vegar i Fræna Kommune

Namning av vegar i Fræna Kommune Namning av vegar i Fræna Kommune Mange bustadar i Fræna manglar adresse med vegnamn og husnummer. Etter innspel frå naudetatane, samt føringar frå sentrale styringsmakter, gjer at vi må sørgje for at alle

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER Hå kommune FORSKRIFT VASS- OG AVLØPSAVGIFTER FORSKRIFT AV 28. OKTOBER 2010 - HÅ KOMMUNE www.ha.kommune.no 1 Innhald Vass- og avløpsavgifter 1.0 Generelle føresegner... 3 2.0 Formålet med forskrifta...

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG Stikkord for innhald Retningsliner for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag er eit dokument som skal vere underlaget for likebehandling

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Om avskriving av tap på krav: Sjå økonomihandboka pkt. 5.7.4 og 11.2.2

Om avskriving av tap på krav: Sjå økonomihandboka pkt. 5.7.4 og 11.2.2 økonomiseksjonen Til alle med tilvisnigsmynde i Møre og Romsdal fylkeskommune U.off. Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Ra Vår dato: 01.11.2011 REKNESKAPSAVSLUTNINGA 2011 Rekneskapen for 2011 skal vere

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR Høyringsnotat Lovavdelingen November 2009 Snr. 200907258 HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR. 895 OM TVANGSSALG VED MEDHJELPER GODTGJERING TIL MEDHJELPAR VED TVANGSSAL AV FAST

Detaljer

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING Ordføraren si innstilling: ::: Sett inn innstillingen under denne linja ::: Sett inn innstillingen

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Krav ved godkjenning av lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Fagopplæringskontoret - OPPL AVD Notat Dato: 20.01.2015 Arkivsak: 2015/727-1 Saksbehandlar: aseloh Til: Yrkesopplæringsnemnda Frå: Fagopplæringssjefen Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil 1. Partane i avtalen Forbrukar Namn: Adresse: Postnr/stad: E-post: Telefonnr.: Tenesteytar Namn: Adresse: Postnr/stad: E-post: Telefonnr.: Org.nr: 2. Bilen det skal gjerast arbeid på Merke årsmodell Reg.nr.

Detaljer

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal» Notat Til: Kopi: Frå: Kommunestyret og kontrollutvalet Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 216 13/1449-13 10263/15 28.01.2015 Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 17.12.2015 BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 17.12.2015 BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016 VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ivar Kongsvik Arkivsak nr.: 2015/2329 Arkivkode: 231 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 17.12.2015 BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51 42 98 00 Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 03/00793-002 000584/03 150&00 SEN/ØKO/VJ ØKONOMIREGLEMENT - DELEGERING I BUDSJETTSAKER

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011 HORNINDAL KOMMUNE Tilsynsplan Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova Hornindal kommune 2011 Vedteken av Utviklingsutvalet den 16. mars 2011 Sak: 020/11 Arkivsak: 11/207-1 01.03.2011 Innhald:

Detaljer

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto - ei evaluering frå januar til og med juni 2006 Førde, 16. oktober 2006 Innhald 1. Innleiing 3 2. Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Detaljer

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009 Revisjon. 2009 LAGSNAMN Laget sitt fulle namn er Stord Idrettslag (Forkorta til S.I.L) 1 FØREMÅL LOVHEFTE FOR Laget er sjølveigande og firttståande med berre personlege medlemmer. Laget sitt føremål er

Detaljer

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEBOK Tysnes kommune MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 16.12.08 Arkivsak : Arkivkode: 08/453 111 - Sakshandsamar: Audun Hovland/Helge Drange Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 02.12.08

Detaljer

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning Førde kommune Heimel: Fastsett av Førde Bystyre dd. månad 20xx med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova)

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 27.10.2015 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00 - Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2015/2106 Løpenr.: 18241/2015 Arkivkode: 150 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Sakshandsamar: Gry Åsne Aksvik Forvalting av særavtalekraft

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Møteinnkalling for Valgstyre

Møteinnkalling for Valgstyre Vågsøy kommune Møteinnkalling for Valgstyre Møtedato: 10.03.2016 Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 18:00-18:30 Innkallingen sendes medlemmene og de første varamedlemmer i hver gruppe.

Detaljer

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE. Vår ref. Vår dato NVE 9800452-5 02 09 98 MM/AVE/912-653.4 Dykkar ref. Dykkar dato Tussa Nett AS Dragsund 6080 GURSKØY Sakshandsamar: Arne Venjum, MM 22 95 92 58 Tariffering av kundar med lang brukstid

Detaljer

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/840-2 Saksbehandlar: Rolf Rosenlund Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 28.04.16 Fylkesutvalet 19.05.16 Brukarkvotar i Transportordninga

Detaljer

Framtidige behov for hjelpemiddel

Framtidige behov for hjelpemiddel Framtidige behov for hjelpemiddel AV SIGURD GJERDE SAMANDRAG Hjelpemiddelformidling er ein stor og viktig del av hjelpetilbodet for alle med funksjonsvanskar. Samfunnet satsar store ressursar på formidling

Detaljer

Tid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU

Tid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU Til: Fra: Styret Erik Waaler, prorektor for FoU Tid for forskning Kort saksfremstilling Styret ved NLA Høgskolen vedtok i 212 ny ordning for tildeling av FoU tid. Dette skjedde etter tilråding fra strategisk

Detaljer

Deres ref.: vi~ii 02.12.2011

Deres ref.: vi~ii 02.12.2011 fl fl Bronnøysundregistra ~ Kundenr : 2489227 VOLDA NÆRINGSFORUM Storymra 2 Deres ref.: vi~ii 02.12.2011 Registrering i Einingsregisteret Vi viser til elektronisk utfylt melding motteken 30.11.2011 med

Detaljer

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett Kodeoversikta og tillegget finst òg på www.skatteetaten.no

Detaljer

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

ØRSTA KOMMUNE Byggesak ØRSTA KOMMUNE Byggesak MELDING OM DELEGERT VEDTAK Sakshandsamar: Kåre Hjelle Arkivsak nr: 2013/762 Delegert sak nr: 20/15 Arkiv: 16/21 Vedtaksdato: 23.01.2015 ENKELTVEDTAK med klagerett i samsvar med forvaltningslova

Detaljer

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1 1 Formål Volda

Detaljer

11. Bøker og bokomsetning

11. Bøker og bokomsetning Kulturstatistikk Gro Kamfjord. og bokomsetning I blei det avlevert over 0 000 nye boktitlar til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket registrerte også blant anna om lag 300 millionar vevdokument i.

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT

DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT DET KONGELIGE JUSTIS- OG POLITIDEPARTEMENT Sjå adresseliste Vår ref. Dato 200405233 EP TFJ/ESI/mk 2. april 2004 Høyring - forslag til endring i inkassolova 5 første ledd bokstav b. Kravet om fast forretningsstad

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Samandrag Om lag 46 400 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 2. kvartal 2007. Dette er ein nedgang frå 1. kvartal i år då 69 700 hushaldskundar skifta leverandør.

Detaljer

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Nissedal kommune Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

Detaljer

Samtalestatistikk 1. halvår 2014. Hjelpelinja for speleavhengige

Samtalestatistikk 1. halvår 2014. Hjelpelinja for speleavhengige Samtalestatistikk Hjelpelinja for speleavhengige Lotteritilsynet august 2014 Side 1 av 9 Oppsummering Denne halvårsstatistikken viser at talet på samtaler i første halvår 2014 er redusert samanlikna med

Detaljer

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200811709-6 Arkivnr. 8323 Saksh. Rødseth, Tor Harald Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 01.04.2009 22.04.2009-23.04.2009 SØKNAD OM

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT SOGNDAL KOMMUNE SAL- OG SKJENKEREGLEMENT Utdrag frå RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN for Sogndal kommune 2009-2012 7. KOMMUNALE REGLAR FOR SAL OG SKJENKING AV ALKOHOL Dette kapitlet skal omhandle følgjande område:

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015

10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015 STRYN KOMMUNE Avdeling for kart og oppmåling NOTAT Dok. ref. Dato: 10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015 Adresseforskrift for Stryn kommune 1. Føremål og omfang Føremålet med forskrifta er å legge til rette

Detaljer

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå Kulturstatistikk 2009 Statistiske analysar 2. Privat forbruk Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst 2.1. Nokre resultat Forbruksundersøkinga 2007-2009 viser at det gjennomsnittlege forbruket

Detaljer

November 2010 Revidert prosjektplan. Engasjementsbrev. Forvaltningsrevisjon av innkjøpsfunksjonen i Hordaland fylkeskommune

November 2010 Revidert prosjektplan. Engasjementsbrev. Forvaltningsrevisjon av innkjøpsfunksjonen i Hordaland fylkeskommune Nvember 2010 Revidert prsjektplan. Engasjementsbrev. Frvaltningsrevisjn av innkjøpsfunksjnen i Hrdaland fylkeskmmune Innhald 1. Innleiing... 2 2. Føremål g prblemstillingar... 2 3. Revisjnskriterium...

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt Om modulen Modulen har fokus på grove brød- og kornprodukt. Skilnaden mellom grove og fine produkt blir forklart, og fordelen ved å ete grovt blir vektlagt. Brødskala

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden - Arkiv: 030 Saksmappe: 14/780 Saksbehandlar: Rådmannen Dato: 27.11.2014 Synnøve Vasstrand Synnes KOMMUNEREFORM - LOKAL PROSESS SAKSGANG Utvalssaksnr. Utval

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet. Frå Den Norske Veterinærforening Til Norges Bondelag v/ forhandlingsutvalget til jordbruksforhandlingane 05.03.14 Kontaktmøte før jordbruksforhandlingane 2014 Moderne husdyrproduksjon skjer i tett samarbeid

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

ROS-analyse i kommuneplan

ROS-analyse i kommuneplan ROS-analyse i kommuneplan Interkommunalt skredsamarbeid Møte måndag 6. desember 2010 Inge Edvardsen Fylkesmannen i Hordaland 1 Risikoanalyse kva og kvifor? Ein systematisk tilnærming til arbeidet med samfunnstryggleik

Detaljer