KJÆRE SØSTER KjæreSøster_Materie_NY_3k.indd :25

Like dokumenter
ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Sofies hemmelegheit.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Info til barn og unge

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Minnebok. Minnebok NYNORSK

OK, seier Hilde og låser.

Alt det lyse og alt det mørke

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Minnebok. Minnebok NYNORSK

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Arnfinn Kolerud Snillionen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Jon Fosse. For seint. Libretto

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Elevundersøkinga 2016

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Barnerettane i HEIMEN

buss ferje syklar tog bur bil går langt fortare Nokre elever har lang skuleveg. Dei tek eller til skulen.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Brannsår, rus eller friheit?

Refleksjon og skriving

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

KRISTUSKRANSEN. med perler for. Bokmål. Håp Oppstandelse. Stillhet. Gud. Stillhet. Jeg Dåp Omvendelse. Stillhet. Stillhet. Natt. Ørken.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman


Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Zippys venner Partnership for Children. Med enerett.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

LESARHISTORIE GLOPPEN KOMMUNE

Tor Arve Røssland. Oslo

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

6-åringar på skuleveg

Søknadsinfo:

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Dikt og andre tekstar

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Fortelling 2 UNDER DYNEN

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Paula Hawkins. Ut i vannet. Oversatt av Inge Ulrik Gundersen

Zippys venner Partnership for Children. Med enerett.

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for Blå, april 2016

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Til deg som bur i fosterheim år

Lesley Koyi, Ursula Nafula Brian Wambi Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Kva vil det seie å vere buddhist?

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

supplerende aktiviteter til grunnprogrammet NYNORSKE VEDLEGG

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga.

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Transkript:

KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert barnebok. N.W. Damm & Søn, 2007 Mestermøter. 100 opplevelser av Jesus fra Nasaret. Prosa. Lunde, 2006 Eselhistorier. Bakspark fra verdenslitteraturen. Antologi. Dinamo, 2003

5. oktober I dag ville du fylt 15 år. Pappa seier at vi skal komme igjennom dette. At livet framleis er verdt å leve. Men eg fekk ikkje eingong sagt farvel til deg. Eg fekk aldri gitt deg ein siste klem. Eg trudde det skulle bli lettare etter kvart. At dei gode minna skulle ta over for alt det fæle. Men det er motsett. Eg saknar deg berre meir og meir. Kjenner sterkare og sterkare at du er borte. Eg har ikkje klart å skrive til deg før no. Men i dag sa mamma og pappa at dei ønskjer å legge ned profilen din. Eg vil skrive til deg kvar einaste dag før det skjer. Eg veit ikkje korleis eg elles skal nå deg. 5

6. oktober Når eg scrollar nedover tidslinja di, trur eg nesten at du lever. Det er så mange som har skrive til deg. Som har lagt ut bilete, minneord og dikt. Nesten alle vennane dine skreiv på veggen din etter at du døydde. Eg sjekkar han kvar dag, for å sjå om det har skjedd noko nytt. Mange har skrive at dei saknar smilet ditt. At du var den beste. At du sette spor. Men no går det fleire dagar mellom kvar gong det skjer noko. Det eg skriv til deg, er det berre du som kan lese. Eg har vore inne på kontoen din og endra innstillingane. Om vi skal møtast att på den andre sida, vil eg ikkje ha noko uoppgjort med deg. 6

7. oktober Vi vaks opp i dette huset. Vi stod på badet saman om morgonen. Vi åt frukost saman nede på kjøkkenet, og vi sykla saman til skulen. Eg visste at uansett kva som skjedde, hadde eg ei venninne. Vi skal aldri meir sitte på murkanten og kikke på gutar i friminutta. Vi skal aldri meir ligge i sengene våre og snakke til så langt på natt at dagslyset kjem smygande bak gardinene. Eg skal aldri meir le slik eg gjorde kvar gong du sovna før meg, på rygg, med hendene falda over dyna. Du såg så prektig ut, som om du bad til Gud i søvne. Eg kunne ligge og lytte til pusten din. Han var så trygg. 7

8. oktober Ingen i klassen min spør kvifor eg slutta på talentprogrammet. Dei veit at du er død. At eg ikkje orka å pendle til Trondheim. Dei veit at eg ikkje klarte det. Eg orkar ikkje å vere sosial i friminutta. Når eg smiler, merkar eg at det blir falskt. Smilet når ikkje opp til auga mine. I går tok eg bussen til byen utan å gå av ved skulen. Eg gjekk opp dei lange trappene i staden. Prøvde å telje trappetrinna, om dei var like mange som sist. Eg har slite med konsentrasjonen i det siste. Tankane mine er ikkje til å stole på. I timane høyrer eg ikkje kva læraren seier. Eg stirer på den grøne vegglampen i klasserommet. Han minner om ein bårekrans. 8

9. oktober Eg går rundt som eit tomt hylster. Det er som om nokon har opna kroppen min og røska ut innvolane. Alt i meg er eit stort søkk. Berre hjartet mitt er att der inne. Det pumpar utan glede, åleine i det kalde holrommet. Eg kjenner det når eg ikkje får sove om nettene: hjartet som hutrar mellom dei nakne ribbeina. I mørket står ein knurrande sjakal som truar med å glefse i seg det bankande hjartekjøtet. Eg vrir hovudet mot senga di og kviskrar namnet ditt, men det er lenge sidan du slutta å svare. 9

10. oktober Eg prøver å øve på pianoet i kjellarstua, men eg orkar ikkje å sitte der nede meir enn eit kvarter om gongen. Eg veit at mange kunstnarar har skapt dei beste verka sine i sorg. Men det kjennest så umogleg. Eg veit ikkje korleis eg kan skape noko når alt har rast saman rundt meg. Eg veit ikkje om musikken toler eit slikt mørke. Det er betre å sitte på rommet mitt, her i andre etasje får eg iallfall lys. Du misunnte meg alltid det store vindauget. Utsikta over fjorden. Frå pulten ser eg måsane som kranglar nede i fjøra. I stad såg eg Gråpus som lista seg rundt pæretreet. Eg opna vindauget og gjorde stemma mi søt, kalla han for «pusen min». Gråpus stoppa opp med ein pote løfta frå bakken då eg ropte, spissa øyra og vendte hovudet skrått mot meg. Slik blei han ståande, før han liksom kom til seg sjølv og skunda seg inn bak ripsbuskane. 10

11. oktober Tinga på rommet ditt står framleis framme. Mamma og pappa har ikkje rydda dei bort enno. Det er som om vi har venta på at du skal komme heim. Som om du har vore på ei utanlandsreise. Men no har pappa sagt at vi må gå igjennom alt, så rommet ditt ikkje blir som eit museum. Eg blei sint då han sa det. Det kjennest nesten som om han vil sparke deg ut. Han kan like godt gjere rommet ditt til gjesterom. Mamma og pappa er ikkje seg sjølve for tida. Går rundt i huset og er kjempetriste, mens dei prøver å sjå det positive i alt. Mamma er så forståingsfull i stemma at det er heilt vilt. Er det slik det skal bli resten av livet? Då blir det ikkje lenge til eg flyttar ut. Vi har krangla om profilen din igjen. Pappa er bestemt på at han skal leggast ned før jul. Eg sa at han og mamma ikkje forstår seg på slike ting i det heile. Slamra med døra då eg gjekk ut av stua. Du skal få kvile i fred. Vi skal hugse deg som den du var. Men eg har ikkje lyst til å slette deg. 11

12. oktober Eg skriv dette frå pulten på rommet ditt. Han er like rotete som før. Nokre pennar, eit par blyantar og eit viskelêr ligg strødde utover. Linjalen din stikk opp frå eit Mummi-krus. På heile undersida av linjalen står det PATTI SMITH med store bokstavar. Eg har prøvd å telje opp kva slags artistar du har referert oftast til på tidslinja di. Det er ikkje noka stor overrasking at Patti Smith kjem på topp. Du brydde deg ikkje om at venninnene dine syntest du hadde sær musikksmak. Du hadde jo meg. Ingen av oss likte One Direction eller Justin Bieber. Ingen av oss var forelska i Isac Elliot. No er det over eit halvt år sidan vi sat i senga di og krangla om kven som var best av Bob Dylan og Patti Smith. Du meinte Patti Smith hadde den råaste energien, og at eg ikkje likte henne fordi ho song så rått. Eg svarte at ho ikkje song rått, men falskt. Du meinte det var Bob Dylan som song falskt! Eg kalla deg ein dust, du svarte med å kalle meg ein dåsemikkel. Vi brukte ofte å skjelle kvarandre ut med ord som begynte på same bokstav. Toskejente, sa du. Tufsemus, sa eg. Eg hugsar at du såg rart på meg. Tufsemus? Så knakk vi saman i latter. 12

13. oktober Du kjem aldri til å tatovere deg igjen. Du kjem aldri til å irritere vettet av meg med gitaren. Du kjem aldri til å låne buksene mine utan å spørje. Du kjem aldri til å komme styrtande inn døra for å fortelje om noko sprøtt som har hendt. Vi kjem aldri til å snike oss innpå kvarandre bakfrå for å gi kvarandre ein klem. Vi kjem aldri til å denge laus på kvarandre med dei raude fløyelsputene. Vi kjem aldri til å danse nakne på badet. 13

14. oktober Den kvite kommoden. Opphenget med smykke og armband. Skåla med øyredobbar. Biletet av Patti Smith over senga. Mamma blei så glad då eg likevel ville hjelpe til. Ho gav meg ein lang klem. Kanskje blir det lettare når vi får pakka ned tinga dine? Det er fælt å gå igjennom garderoben din. Nesten som å røve ei grav. Eg har tatt over den grøne strikkegenseren og den svarte Nudie-jeansen. Mange av toppane og T-skjortene dine òg. Eg går att og fram mellom skapa våre. Du går gjennom rommet som eit spøkelse. Som ein engel. 14