Referat frå møtet i fylkesberedskapsrådet 11.-12.02.2014

Like dokumenter
Brannen i Lærdal laurdag 19. januar Fra der brannen starta til Lærdal sjukehus er det 2.1 km.

PRESSEPROGRAM DD. MM. Kong Harald og Dronning Sonjas besøk til Lærdal 23. januar 2014.

Sambandsberedskap. Rapport etter sambandstesten for SFJ 3.desember Anders Gjerland

Justis - og beredskapsministeren sitt besøk i Aurland

Evalueringsmøte etter storbrannen i Lærdal

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRANNEN I LÆRDAL Ved Brannmester Jan Gunnar Holvik

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Fremtidens brannvesen

PRESSEPROGRAM DD. MM. Kong Harald og Dronning Sonjas besøk til Lærdal 23. januar 2014.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

NØDNETT. Status og vidare framdrift i Hordaland

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande merknader:

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Jan Petter Sæbø Beredskapsarbeid i Helse Førde - handlingsplan 2015

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Møteprotokoll. Sakliste

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Den nye seksjon for applikasjonar

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Referat frå kommunemøte med Balestrand, Høyanger og Vik

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Styrkar og utfordringar med dagens organisering av brannvesenet

Innsatsplan 4 Kriminell handling utført av elev/tilsett i teneste Versjon: 1.0 Dato:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

ROS-analyse i kommuneplan

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Forslag frå fylkesrådmannen

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

8. Museum og samlingar

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Læring frå tidlegare hendingar

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«Nordhordland kommune»

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Hvordan har og kan Nødnett forandre hverdagen i Norge. Jan Helge Kaiser Fylkesberedskapssjef Fylkesmannen i Vestfold

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Evalueringsmøte i regi av FM Trailerbrannen i Gudvangatunnelen

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

Notat. Administrerande direktør si orientering pkt. 1 Styresak 016/2014 O Styremøte

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sogn lokalmedisinske senter

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Transkript:

Referat frå møtet i fylkesberedskapsrådet 11.-12.02.2014 1. Opning Anne Karin Hamre opna møtet. Ho peikte på at det hadde vore fleire svært krevjande hendingar det siste året, der ikkje minst evna til å samvirke og samhandle vart utfordra. Ei erfaring er at evalueringar ofte følgjer etatssporet, og på den måten går glipp av erfaringar som går på tvers. Det har vore høg aktivitet elles òg, og vi er t.d. ikkje ferdige med å dele erfaringar etter Dagmar. I tilsyna på beredskapsområdet er det nødvendig å ta tak i erfaringane derfrå. Ein av dei positive erfaringane frå brannen i Lærdal var at Telenor tidleg involverte seg tungt. Det har vore fleire øvingar, m.a. Tyr. Det er viktig å minne seg sjølv om hovuderfaringane frå 22. juli-kommisjonen: Utfordringane handlar meir om leiing, samhandling og kultur enn om ressursar og lovverk. Det er mange store omorganiseringsprosessar i justissektoren, og Fylkesmannen har spesielt understreka at det er viktig å sjå ting i samanheng. 2. Lokal og regional beredskap; kvar er vi og kvar går vi? 2.1. Politianalysen (sjå presentasjon) Ronny Iden orienterte. Fleirtalet av politimeistrane støtta POD sitt forslag om ein sterk reduksjon av talet distrikt, men SFPD har tilrådd fylkesmodellen. Det er ei svakheit ved analysen at redning ikkje er omtalt. Politiet sin eigen beredskap er omtalt, men samvirke er ikkje problematisert. Det er ikkje noko eintydig svar på korleis nivåa under politimeister er tenkt organisert, for t.d. i ivareta samarbeidsrelasjonen med Fylkesmannen og andre regionale etatar. 22. juli er utgangspunktet for analysen. Synet på korleis politiet skal organisere seg vart endra etter dette, sjølv om 22. juli-kommisjonen sa at det ikkje er struktur som er problemet. Politiet opplever eit meir komplekst kriminalitetsbilete, m.a. med meir grenseoverskridande kriminalitet. Det er viktig med eit politi som er plassert der det bur folk. Målet er at politiet skal ha to personar pr. 1000 innbyggjar innan 2020. Det er ei auka vektlegging av kjerneoppgåvene. For eit mindre politidistrikt som SFPD er det ei utfordring å utvikle og vedlikehalde spesialistkompetanse på alle fagområde. Utfordringar med å tilby eit godt nok fagmiljø. 2.2. Prehospitale tenester i Helse Førde (sjå presentasjon) Robert Brennersted orienterte. Primæroppgåva til AMK er å ta i mot og handtere meldingar om akuttmedisinsk bistand via 113. AMK disponerer og koordinerer ambulanseressursane. Det vert jobba med eit prosjekt om «Virtuell AMK», som skal sikre at dei fire AMK-sentralane i Helse Vest fungerer som éi funksjonell eining. Publikum skal kunne få raskare svar, og sentralane vert betre i stand til å kunne handtere større hendingar. Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77

2/6 2.3. Brannstudien (sjå presentasjon) Hans Christian Madsen orienterte. Madsen var leiar av arbeidsgruppa som jobba fram rapporten om Brannstudien. Studien vart gitt som eit oppdrag til DSB frå Justisdepartementet. Mandatet var: Sjå på organiseringa og dimensjoneringa av brann- og redningsvesenet Vektleggje målretta og effektiv utnytting av dei førebyggjande ressursane Utnytte dei samla kommunale ressursane på ein best mogleg måte Sjå på samhandlinga med andre beredskapsaktørar Forslaga skulle ta utgangspunkt i dagens kostnadsbilde. Brannstudien byggjer m.a. talmateriale frå analysar/rapportar, samfunnsøkonomiske analysar, rapportar frå Politianalysen og forsterkningsutvalets og innspel frå mange aktørar. Utvalet har analysert og vurdert tre ulike modellar: Fylkesmodell Meir regional organisering Lokal organisering Utvalet tilrår at brannvesenet òg i framtida skal vere kommunalt, men organiserast etter ein fylkesmodell, og med ei sterk lokal forankring med kompetente miljø. Det føreslår òg større 110- sentralar, og peikar på behovet for felles ressursregister og kartverktøy. Brannvesenet må rekne med å få fleire akuttmedisinske oppgåver i fremtida. 2.4. Kva tenkjer kommunane? Olav Lunden orienterte på vegne av KS. Krava til kommunane aukar på beredskapssida. Det er større krav til responstid og det er utfordrande å handtere den store pågangen frå media. Det er utfordringar med å etablere brannvesenet i eit IKS. Må kanskje vurdere vertsskapskommune. Legg vekt på å stimulere det friviljuge arbeidet. 3. Evaluering og læring etter uønskte hendingar og større øvingar (sjå presentasjon) Odd Arve Solvåg innleia om evaluering i politiet. Systematisk erfaringslæring inneber å ha innarbeidde rutinar for å kunne lære av erfaringar. Evaluering av politiinnsats skal ha eit positivt, pedagogisk føremål, nemleg å lære mest mogleg av det som var gjort. Evalueringa skal konsentrere seg om forhold som kan ha betyding for framtidig oppgåveløysing. Den skal ikkje ha som føremål å avdekke feil og finne syndebukkar. Har kanskje hatt for mykje fokus på den operative evalueringa, og mindre på den strategiske. Det er ei utfordring at evaluering gjerne tek tid og kostar pengar. Diskusjonen vart oppsummert med semje om å ta opp igjen diskusjonen i møtet mellom naudetatane og Fylkesmannen dagen etter, med tanke på å sjå om det er mogleg å etablere betre rutinar for evaluering. 4. Sambandsberedskap (sjå presentasjon) Anders Gjerland orienterte om sambandsøvinga i desember 2013. Det var gjennomført ein sambandstest med HF-radio for å prøve ut eit fylkesdekkande sambandsnett, der viktige etatar og institusjonar skulle delta. Målsettinga med sambandstesten var å hauste erfaringar med bruk av radioamatørar, som på frivillig basis kan stille opp for styresmaktene ved behov. Evalueringa etter

3/6 øvinga viser at radiomiljøet har kompetanse og utstyr til å etablere eit alternativt samband under krevjande forhold i heile fylket. Gjerland understreka kor viktig det er å ta vare på dei frivillige. Det finst i dag mange måtar å kommunisere på, men utfordringa er å koordinere dette. Gjerland spurde om kven som tek ansvaret. 5. Frå FM til DAB (sjå presentasjon) Orientering ved Jørgen Thaule. Norkring er eit selskap i Telenor-gruppa, som mellom anna byggjer og driftar digital radio og TV. Det har eit driftssenter på Fornebu som driftar og overvakar overvakar 3000 sendarar 24/7. I Sogn og Fjordane er det 47 radiosendarar, der dei fem store er Storehogen, Gulen, Bremanger, Hafstadfjellet og Sagtennene. Thaule orienterte om overgangen frå FM til DAB, jf. stortingsmelding nr. 8 (2010-2011) «Digitalisering av radiomediet». Hovudårsaken er at det vil gje auka kapasitet. Noreg blir det første landet i verda som går frå FM til DAB. Sløkkedato er i første omgang sett til 2017. 90 % utbygd i 2013, 99,5 % i løpet av 2014 (1. kvartal). Sjå www.radio.no (dekningskart). Thaule orienterte òg om konsesjonen for vindmølleutbygging ved Brosviksåta i Gulen. Ei eventuell utbygging vil gi store problem for det eksisterande sendenettet. 6. Utbygginga av naudnett i Sogn og Fjordane (sjå presentasjon) Orientering ved Dagfinn Sjøvik. Fase 3 i utbygginga av radionett (Vestlandet) skal vere ferdig i løpet av 2014 (ca. 500 sendarar på Vestlandet). Heile landet skal vere ferdig utbygd i 2015. Det nye naudnettet er betre enn dagens analoge samband. Det vil gi god utandørs dekning, men innandørsdekninga kan vere noko mangelfull (m.a. avhengig av kva type bygning). Det har så langt vore gode tilbakemeldingar frå brukarane, med nokre få unnatak. Det er ulike innføringsløp i naudetatane. Politiet har teke i bruk sine sentralar for telefoni. Talet basestasjonar i fylket er auka for å få god dekning. Over 90 % er samlokalisert med eksisterande stasjonar. Det er ikkje krav til dekning på sjøen (med unnatak av fjordane), men det kan forventast dekning i ei sone på ca. 20-30 km ut over land. Det er mogleg å forlenge dekninga ved å bruke såkalla «gateway». Alle køyretøy kan få gateway dersom etatane ønskjer det det. Naudnett brukarar til dels eksisterande teleinfrastruktur. Basestasjonane vil få 8 timars backup på stasjonane, men ein del får 48 timar. 7. Status fylkes-ros Handlingsplanen vart gjennomgått. 8. Brannen i Lærdal 8.1. Alarmsentralen (sjå presentasjon) Terje Brandsøy orienterte. Den første meldinga kom inn kl. 22.53, og første brannbil var på staden kl. 22.59. Hendinga viste at det er ein stor fordel med samlokaliseringa av alarmsentralen og politiet sin operasjonssentral, særleg då sambandet slutta å fungere og det var vanskeleg å få oversikt over situasjonen.

4/6 Lærepunkt: Brannsjefane må prioritere deltaking i innsatsleiars KO (ILKO) Kommunane må prioritere opplæring i bruk av samband 8.2. Politiet (sjå presentasjonen) Orientering ved Odd Arve Solvåg. Han understreka òg at samlokaliseringa mellom fagsentralane var ein suksessfaktor, m.a. ved at tidskritisk informasjon kunne utvekslast raskt. Operasjonssentralen vart oppbemanna. Evakuerte- og pårørandesenter vart først bestemt etablert på Lindstrøm hotell, men vart flytta til sjukehuset. Ei av politiet sine hovudoppgåver var å evakuere folk. Politisambandet fungerte fint. Det vart gitt bistand til mediehandtering frå Politidirektoratet. På grunn av problema med konflikt mellom droner og helikopter vart det oppretta ei flyforbodssone. Forbetringspotensiale: Alle naudetatane må sørge for at fagleiarane er tilstades i ILKO Må trippelvarsle ved alle meldingar om brann i framtida 8.3. Helse Førde (sjå presentasjon) Orientering frå Jan Petter Sæbø. Han sa at varslinga mellom naudetatane fungerte fint. Det vart svært utfordrande med kommunikasjon då mobil- og fasttelefon og helseradionettet fall ut i Lærdal. Sjukehuset hadde internett (m.a. med lync og jabber). Det vart ei utfordring med at sjukehuset mista vatnet. Fekk vatn på flasker frå butikkar i Lærdal og Aurland. Reserveløysing etablert av kommunen. God triagering var ein suksessfaktor. Det var god tilgong på utstyr, medikament og personell. Helse Førde hadde god kontakt med kriseleiinga til kommunen (som etablerte seg på sjukehuset). Kontakten med KO var meir utfordrande med. 446 innbyggarar/ innsatspersonell var innom sjukehuset, alle vart undersøkt/triagert. 275 fekk ein eller annan form for behandling. 48 lettare skadde vart innlagt på Lærdal sjukehus. 35 pasientar vart overført til Førde og 4 til Voss. 8.4. Fylkesmannen (sjå presentasjon) Orientering ved Haavard Stensvand. Fylkesmannen fekk melding frå Lærdal kommune kl. 0030, og det vart tidleg etablert telefonkontakt med rådmann og ordførar. Det var tidleg og veldig god kontakt med politiet og Telenor. Det var òg veldig tidleg kontakt med NRK Sogn og Fjordane (som starta direkte radiosending). Fylkesmannen sendte hjelp frå nabokommunar (ein ordførar og ein rådmann), to frå Fylkesmannen og éin frå Sivilforsvaret for å støtte kommuneleiinga. Fylkesmannen fekk m.a. etablert telefon til kriseleiinga. Psykososiale kriseteam frå fire nabokommunar og fleire naboordførarar og rådmenn vart varsla om morgonen. Fylkesmannen var tidleg i kontakt med DSB og Hdir, og rapporterte skriftleg fleire gonger. Det vart etter kvart stor mediepågang. Det var òg god kontakt med KDS (kraftforsyninga sin distriktssjef). Søndag ettermiddag var det møte i fylkesberedskapsrådet, der òg Lærdal kommune deltok. Statsministeren, Justis- og beredskapsminister og Kongeparet kom på besøk i dagane etter brannen.

5/6 9. Tryggleik i vegtunnelar 9.1. Statens vegvesen Nils Magne Slinde tok utgangspunkt i Gudvangatunnelen. Tunnelen er bygd og utstyrt i samsvar med krava som var då tunnelen vart bygd. Beredskapsplanen vert alltid sendt til høyring hjå lokalt brannvesen og vert aldri vedteken i strid med brannvesenet sine ønskje. I tilfelle vil DSB ta avgjer. Statens vegvesen har eit ansvar for at planen fungerer. Tunneltryggleiksdirektivet set strengare krav til tunnelar. Region Vest treng sju milliardar for få tunnelane godkjent innan 2019. 55 av 255 tunnelar er godkjende per no. Forfallet på tunnelane på fylkesvegnettet er rekna til 2,5 mrd. kroner. Det er ei utfordring å få til ei felles forståing av kva som er forsvarleg risikoaksept. 9.2. Politiet Orientering ved Ronny Iden. Hendingane i Indre Sogn siste året viser at alt kan skje, når som helst og kvar som helst. For politiet handlar hendingar i tunnel om det same som alle andre hendingar, nemleg å redde liv og helse. Tiltaksplanane er av generell karakter. Politiet skal ikkje inn i ein tunnel der det brenn, og er heller ikkje utstyrt til det. Politiet skal likevel leie innsatsen. Det er viktig å få ILKO til å fungere. Politiet har få faste innsatsleiarar, og ønskjer å utvikle denne funksjonen (etablere faste innsatsleiarar). Sambandet er ei stor utfordring i mange tunnelar. 9.3. Helse Førde Orientering ved Jan Petter Sæbø. Ved ulukke i tunnel må sender dei ressursar til begge sider av tunnelen. Samband er utfordrande. AMK har beredskapsplanane til tunnelane. Ambulansane kjenner planane i eige område. 9.4. Alarmsentralen Orientering ved Terje Brandsøy. Gjennom overvakingssystemet «Vegvoktaren» overvakar alarmsentralen og VTS ca. 80 tunnelar i fylket. Alarmen går ved fjerning av brannapparat, bruk av mobiltelefon eller bruk av naudtelefon. Brandsøy meiner at Sogn og Fjordane har samla sett den beste tunnelberedskapen i Noreg, men den kan alltid verte betre. Det er ein stadig tilbakevendande diskusjon om kven som skal betale for dei unødige utrykkingane. I Sogn og Fjordane vert brannvesenet sendt ut på alle automatiske alarmar (ikkje verifisert hending). Ved verifisert hending, brann eller ulykke sender alarmsentralen ut ressursar på begge sider. Det er òg eit problem at bilistane ikkje bryr seg om lyssignal om at tunnelen er stengt. Det bør difor vurderast meir bruk av fysisk avsperring (bom). Tore Sønnesyn

6/6 DELTAKARLISTE Etat Namn Tittel Alarmsentalen Sogn og Fjordane IKS Terje Brandsøy Dagleg leiar Den norske kyrkja Kjetil Netland prost i Indre Sogn DNK Dagfinn Sjøvik DSB Hans Kristian Madsen Avdelingsleder Energi/KDS Atle Alsaker Sikkerheitsrådgjevar Energi/KDS Asgeir Aase Nettdirektør/KDS Finans Norge (Indre Sogn Sparebank) Egon Moen Adm, banksjef Fiskeridirektoratet region vest Vidar Ulriksen regiondirektør Forsvaret Anders Gjerland - Forsvaret Helge Orbekk NK&Stsj Bergenhus heimevernsdistrikt 09 Forsvaret Per Rune Vereide Liaison FM SF / kaptein Forsvaret Ivar Hatlelid Major NK/Stsj Fylkesmannen Tore Sønnesyn Rådgjevar Fylkesmannen Linda Svori assisterande fylkeslege Fylkesmannen Per Stensland Fylkeslege Fylkesmannen Gunnar O. Hæreid ass. fylkesmann Fylkesmannen Anne Karin Hamre Fylkesmann Fylkesmannen Haavard Stensvand Fylkesberedskapssjef Fylkesmannen Eline Orheim Rådgjevar Helse Førde Jan Petter Sæbø Beredskapssjef Helse Førde Robert Brennersted Avdelingssjef Jernbaneverket Sveinung Espe Seniorrådgiver KS Olav Lunden Ordførar KS Jan Henrik Nygård Kystverket vest Terje Alling avdelingsleder Mattilsynet, Region HSF. Trine Helland Distriktssjef NVE Svein Arne Vågane Senioringeniør Sivilforsvaret Gaute Molvær Distriktssjef Sivilforsvaret Leiv Jarle Bergeim Inspektør Sogn og Fjordane fylkeskommune Ole Ingar H. Hæreid Nestleiar samferdsleavdelinga Sogn og Fjordane politidistrikt Ronny Iden Politimeister Sogn og Fjordane politidistrikt Odd Arve Solvåg Politioverbetjent Sogn og Fjordane Røde Kors Henning A. Hellebust Tilretteleggar beredskap Statens vegvesen Nils Magne Slinde Avdelingsdirektør Telenor Erling Jensen FBR repr. Telenor Telenor Broadcast Holding Jørgen Thaule Direktør