RAPPORT Støyrapport Kunde: Prosjekt: Andre Olsen AS Støyvurdering Andre Olsen kvartalet Prosjektnummer: 10293003 Dokumentnummer: RIAKU03 Rev.: 01
Samandrag: Revidert forslag til reguleringsplan for Andre Olsen-kvartalet er støyvurdert. Foreslått plan innheld bustadar i tre etasjar i Bygg 2. Planområdet er utsett for støy frå veg og bybane. Fleire av bustadane får støynivå over Lden 55 db ved fasade og må ha minst halvparten og minimum eitt soverom mot stille side. Støynivå på privat og felles uteareal skal ikkje overskride 55 db. Alle bustadar tilfredsstiller krava ved at støyutsett privat uteareal vert skjerma slik at areala får tilfredsstillande støynivå og at desse areala også fungerer som stille sider. Felles uteareal på takterrasse får tilfredsstillande støynivå med 1,5 m høgt og tett rekkverk rundt arealet. I byggefase må det dokumenterast at både kontor/næringsareal i Bygg 1 og 3 og bustadar i Bygg 2 får tilfredsstillande innandørs støynivå. Rapporteringsstatus: Endelig Oversendelse for kommentar Utkast Utarbeidet av: Sign.: Marita Sørbø Kontrollert av: Sign.: Jenny Luneng Prosjektleder: Marita Sørbø Prosjekteier: Edvard Falch Revisjonshistorikk: 01 11.10.2017 Korrigert navngivning på bygg nosorb nojenl 00 10.10.2017 Første utsending nosorb nojenl Rev. Dato Beskrivelse Utarbeidet av Kontrollert av Sweco Fantoftvegen 14P NO-5072 Bergen, Norge Telefon +47 55 27 50 00 www.sweco.no Sweco Norge AS Org.nr: 967032271 Hovedkontor: Oslo Marita Sørbø Rådgjevar akustikk Avdeling brann - akustikk Mobil +47 481 55 190 marita.sorbo@sweco.no
Innhaldsliste 1 Innleiing... 5 2 Lyduttrykk... 5 3 Regelverk... 6 3.1 Føresegner til kommunen sin arealplan... 6 3.2 TEK17... 7 4 Føresetnader og metode... 7 4.1 Situasjon... 7 4.2 Vegtrafikk... 7 4.3 Bybanetrafikk... 8 4.4 Metode... 8 4.5 Grunnlagsmaterialer... 9 5 Resultat... 9 5.1 Støynivå på felles uteareal... 9 5.2 Støynivå ved fasade... 9 5.2.1 Bygg 1 og 3... 10 5.2.2 Bygg 2... 11 6 Konklusjon... 13 7 Referansar... 13 RAPPORT SIDE 3 AV 14
RAPPORT SIDE 4 AV 14
1 Innleiing Sweco Norge AS har på oppdrag frå Andre Olsen AS via Arkitektgruppen Cubus AS utført støyvurdering av foreslått reguleringsplan for André Olsen kvartalet, Bjørnsonsgate 29, i Bergen kommune. Området ligg på Kronstad i Bergen, og er markert med sirkel i Figur 1. Det er planlagt næring, kontor og bustadar i kvartalet. Planarbeidet har pågått i fleire år og denne rapporten bygger på tidlegare rapportar RIAKU01 [1]og RIAKU02 [2]. Nytt no er at bybanen frå sentrum til Fyllingsdalen er ferdig regulert og difor er innlemma i berekningane slik den er regulert. Planane for dei nye bygga på planområdet er også endra frå tidlegare rapportar og er oppdatert i berekningsmodellen. Depot for bybanen vart diskutert i dei tidlegare rapportane, men dette er no heilt eller delvis flytta til Kokstad og er difor utelate frå vurderingane her. Eventuell resterande aktivitet i depotet er det anteke at vil opphøyra når reguleringsplanen i denne rapporten er realisert. Støy frå veg og bybane er vurdert i denne rapporten. Sweco er ikkje kjend med at det er andre relevante støykjelder i nærleiken. N Figur 1. Kartutsnitt av Kronstad. Planområdet ligg inni merka sirkel (kart frå www.norgeskart.no). 2 Lyduttrykk I rapporten vert følgjande faglege uttrykk for støy nytta: L p, A,24t, døgnmidla lydnivå: A-vekta tidsmidla lydtrykknivå for eit heilt døgn. L night, lydnivå kveld: A-vekta tidsmidla lydtrykknivå for nattperioden (23-07) L den, dag-kveld-natt lydnivå: A-vekta tidsmidla lydtrykknivå for eit heilt døgn der støybidraga i kveldsperioden (kl. 19-23) er gjeve eit tillegg på 5 db og støybidraga i nattperioden (kl. 23-07) er gjeve eit tillegg på 10 db. L p,af,max,95 / L 5AF, statistisk maksimalt lydnivå: statistisk maksimalverdi av A-vekta lydtrykknivå for støyhending. L AFmax, maksimalt lydnivå: A-vekta maksimalt lydtrykknivå (med tidsveging Fast (F). RAPPORT SIDE 5 AV 14
3 Regelverk 3.1 Føresegner til kommunen sin arealplan For nye bustadar i Bergen kommune gjeld kommunen sine føresegner om støy gjeve i «Bestemmelser og retningslinjer til kommuneplanens arealdel 2010» revidert etter vedtak i Miljøverndepartementet 24.4.2013 [3]. I føresegnene vert gul og raud støysone definert i samsvar med støysonene i T-1442 [4]; Klima- og miljødepartementet si støyretningslinje. Grenseverdiar for støysonene er gjeve i Tabell 1. Tabell 1. Grenseverdiar for inndeling i gul og raud støysone. Støykjelde Gul sone Raud sone Utandørs støynivå Utandørs støynivå i nattperioden Utandørs støynivå Utandørs støynivå i nattperioden Veg Lden = 55 db L5AF = 70 db Lden = 65 db L5AF = 85 db Bane Lden = 58 db L5AF = 75 db Lden = 68 db L5AF = 90 db I gul støysone kan ny støyfølsam busetnad vurderast dersom avbøtande tiltak gjev tilfredsstillande støyforhold. I gul støysone for veg og bane må alle bustadar vere gjennomgåande, og ha stille side der støynivået ikkje overskrider Lden = 55 db. Minst halvparten og minimum eitt soverom skal ha vindauge mot stille side. I raud støysone kan bustadar ikkje byggast utan at området samtidig vert skjerma slik at utandørs støynivå kjem under Lden = 65/68 db (veg/bane). Kommuneplanen opnar for unntak frå det siste punktet ved at grenseverdien for raud støysone for veg og bane kan aukast til Lden = 70 db i kommuneplanens lokalsentra og 73 db i øvrige sentrumsformål. Føresetnadane for dette er at det vert dokumentert gode kvalitetar på lyd-, lys- og luftforholda elles. André Olsen kvartalet ligg i sentrumssone S38 Kronstad bybanestopp, slik at grenseverdi Lden = 73 db, for raud støysone, kan brukast. Føresegnene stiller vidare krav til kvalitet på uteopphaldsareal. For bustadar skal støynivå på privat og felles uteareal ikkje overskride Lden = 55 db. I sentrum, bydelssentra og senterområder langs bybanen kan privat uteareal lagast som vinterhage/innglassa balkong dersom dette er naudsynt for å få tilfredsstillande støynivå. For krav til støynivå på stille side, på uteareal og høgaste støynivå ved fasade skil ikkje KPA mellom støykjelde veg eller bane. For vurdering av støynivå ved fasade, på uteareal og på stille side vert støy frå veg og bane berekna separat og deretter er det høgste nivået av desse vurdert. Ved vurdering av støynivå på stille side og på uteareal må begge støykjeldene ha støynivå under grenseverdi, Lden = 55 db, for at stille side og uteareal skal ha tilfredsstillande støynivå. RAPPORT SIDE 6 AV 14
3.2 TEK17 Innandørs støynivå i bustadar, kontor og næringsareal må tilfredsstille funksjonskrava i TEK17 [5] ved NS 8175 [6] lydklasse C. Kontor og næringsareal har ikkje krav til utandørs støynivå. 4 Føresetnader og metode 4.1 Situasjon På planområdet står det i dag to bygg, Bygg 1 og 3. Bygg 1 inneheld dagligvarebutikk i første etasje og kontor i andre etasje. Bygg 3 inneheld treningsstudio og kontor. Dei nye planane inneber eit utvida bygg 3, langs ny bybanelinje Sentrum Fyllingsdalen, og nytt Bygg 2. I Bygg 2 er det planlagt bustadar. I Bygg 1 og 3 er det planlagt næring, kontor og treningssenter. Ein illustrasjon er vist i Figur 2. Bygga vil vere utsett for vegtrafikkstøy frå Inndalsvegen og Bjørnsonsgate og banestøy frå bybanen i Inndalsvegen og linja Sentrum - Fyllingsdalen. Bybane 1 2 Bjørnsons gate 3 Fabrikkgaten Bybane Inndalsvegen Figur 2. Illustrasjon per sep. -17. Felles uteareal er planlagt på tak av Bygg 1. Bustadar i Bygg 2 får privat uteareal på altanar. 4.2 Vegtrafikk Årsdøgntrafikk, del av tungtrafikk og skilta hastigheit på omkring liggande vegar er lista i Tabell 2. Trafikkmengdene i Bjørnsons gate nord og Inndalsvegen er henta frå Nasjonal vegdatabank (NVDB) [7]. Bjørnsons gate aust og Fabrikkgaten er kommunale vegar og trafikkmengdene som vert lista for desse gatene i NVDB er henta frå NorTraf Kommune. Frå Trafikketaten i Bergen kommune er det RAPPORT SIDE 7 AV 14
motteke data [8] frå teljingar av trafikk i Bjørnsons gate (aust) som er ferskare enn dei i NVDB og desse nyare teljingane er difor brukt i denne rapporten. I Hordaland reknar vegdirektoratet med ein vekst på 30 % i trafikkmengda på 20 år. Trafikkmengdene for eit prognoseår, 2037, er også lista i tabellen. Skilta hastigheit og andel tungtrafikk er rekna lik i prognoseåret. Tabell 2. Trafikkdata. Veg Bjørnsonsgt nord (frå krysset med Inndalsvegen) Bjørnsonsgt aust Inndalsvegen Fabrikkgaten Tungtrafikk [%] 7 5 7 5 ÅDT (årstal) [kjt/døgn] 2700 (2016) 5500 (2012) 4800 (2016) 5200 (2011) ÅDT 2037 [kjt/døgn] Skilta hastigheit [km/t] 3500 40 7150 50 6200 40 6800 50 4.3 Bybanetrafikk Trafikktal for Bybanen er eit overslag basert på rutetabell for Bybanen (kvardag, gjeldande frå 2017). Hastigheita er sett til 50 km/t for ikkje å undervurdera støyen, sjølv om den i praksis kan vera lågare. Vognlengda er 42 m. Det er vanskeleg å sei noko om korleis trafikken på bybanen vil auke fram til prognoseåret 2037, men det er rekna 30% auke også i bybanetrafikken. For trafikken på framtidig linje Sentrum Fyllingsdalen så er det nytta same mengder som det er gjort i reguleringsplanen for delstrekning 2, Mindemyren for ny bybanelinje [9]. Antal avgangar per døgn på dei to linjene, og hastigheit er lista i Tabell 3. Tabell 3. Antal avgangar per døgn. Retning Byparken - Flesland Flesland - Byparken Sentrum - Fyllingsdalen Fyllingsdalen - Sentrum Antal avgangar Dag (07-19) Kveld (19-23) Natt (23-07) Hastigheit [km/t] 174 31 31 50 144 30 23 50 4.4 Metode Utandørs støynivå er rekna ved hjelp av rekneverktøyet CadnaA v. 2017 etter gjeldande nordiske metodar [10] [11] for vegtrafikk og bane. Støydata for bybane er basert på mottekne A- og B-verdiar [12]. Støynivå på uteareal er rekna 1,5 m over terreng/golv. Støynivå på fasade er rekna 1,5 m over golvflatenivå. RAPPORT SIDE 8 AV 14
4.5 Grunnlagsmaterialer Frå oppdragsgjevar er det motteke digitale kart, illustrasjonar, plankart og trafikkanalysar. 5 Resultat 5.1 Støynivå på felles uteareal Felles uteareal er planlagt på tak av Bygg 1. Eit tett rekkverk med høgd 1,5 m rundt terrassen sikrar tilfredsstillande støynivå på heile takterrassen. Figur 3 og Figur 4 viser støynivå frå høvesvis veg og bane på takterrassen over Bygg 1. Med det tette rekkverket vert støynivået frå begge støykjeldene under Lden 55 db. Figur 3. Støynivå, Lden, fra veg, 1,5 m over golv takterrasse over Bygg 1. Figur 4. Støynivå, Lden, fra bane, 1,5 m over golv takterrasse over Bygg 1. Eventuell takterrasse på Bygg 3 langs Bjørnsonsgate, grøn sirkel i Figur 4, må også få 1,5 m høgt og tett rekkverk for å få tilfredsstillande støynivå. 5.2 Støynivå ved fasade Alle støynivå ved fasade er vist i Figur 5 - Figur 8. Støynivå frå veg og bane er berekna separat, dvs. ikkje summert. I figurane er det høgaste støynivået ved fasade, uavhengig av støykjelde veg eller bane, vist. Støynivå er berekna med tette rekkverk på takterrassar For alle bustadar gjeld følgjande krav og vurderingar: - Bustadar som frå over Lden 55 db ved fasade må ha minimum halvparten og minimum eitt soverom mot stille side der støynivå ikkje overskrider 55 db. - Privat uteareal ved fasade med støynivå 55 59 db må ha tett rekkverk og absorbent i himling for å få tilfredsstillande støynivå. - Privat uteareal ved fasade med støynivå over 59 db må glassast inn for å få tilfredsstillande støynivå. RAPPORT SIDE 9 AV 14
- Opne balkongar/altanar som tilfredsstiller støykravet på privat uteareal kan også fungere som stille side T-1442 har ulike grenseverdiar for veg og bane, men føresegnene til KPA har ikkje denne differensieringa, me bruker difor felles grenseverdiar for veg og bane. 5.2.1 Bygg 1 og 3 Bygg 1 og 3 inneheld kontor/butikk/treningssenter. Kontor/butikk/treningssenter har ikkje krav til støynivå utanfor vindu. I byggefase må det dokumenterast at krav til innandørs støynivå kan tilfredsstillast. 2 1 Figur 5. Høgaste støynivå, Lden, ved fasade, uavhengig av støykjelde veg eller bane. Sett frå vest, Inndalsvegen. 2 1 3 Figur 6. Høgaste støynivå, Lden, ved fasade, uavhengig av støykjelde veg eller bane. Sett frå sør. RAPPORT SIDE 10 AV 14
2 3 Figur 7. Høgaste støynivå, Lden, ved fasade, uavhengig av støykjelde veg eller bane. Sett frå aust. 2 1 5.2.2 Bygg 2 Figur 8. Høgaste støynivå, Lden, ved fasade, uavhengig av støykjelde veg eller bane. Sett frå nord. Bygg 2 inneheld bustadar i dei tre øvste etasjane. Plassering av leilegheitene er vist i Figur 9. Dei tre leilegheitene med privat uteareal mot nord, sirkel merka 1 i Figur 9, har i alle etasjar tilfredsstillande støynivå Lden 55 db ved fasade. Dei fire leilegheitene mot vest, i 4. etasje, sirkel merka 2, har tilfredsstillande støynivå når støyskjermen/rekkverket på takterrassen går langs heile takarealet og forbi desse leilegheitene, sjå Figur 3 og Figur 4. For leilegheitene i 5. og 6. etasje er det føreslege delvis tett skjerm frå golv til tak og delvis tett rekkverk, dette er illustrert i Figur 10. Skjermen som går frå golv til tak er plassert mot den mest støyande retninga. Sidan altanen også må fungere som stille side er det føreslege berre golv-til-tak skjerm på delar av arealet for å sikre friskluft til soverom med vindauge mot altan. RAPPORT SIDE 11 AV 14
Leilegheitene med mot sør, sirkel merka 3, må få tett rekkverk og absorbentar i himling for å få tilfredsstillande støynivå på privat uteareal/stille side. For hjørneleilegheita mot nord, sirkel merka 4, 4.-6. etasje, er det også føreslege delvis full skjerming frå golv til tak og delvis tett rekkverk, igjen for å få tilfredsstillande støynivå på uteareal samtidig som arealet får friskluft og kan fungere som stille side. Full skjerm er foreslått mot nordvest og då må balkongen har tett rekkverk mot nord-aust og sør-aust. Alle rekkverk som er skildra her må vera 1,2 m høgt og tett i alle skøyter og tilslutningar. 4. etg: ok støynivå med støyskjerm på takterrasse 5.-6. etg.: sjå skjermingsforslag i Figur 10. 4. 6. etg: tilfredsstillande støynivå i alle etasjar 4 4.-6. etg: sjå skjermingsforslag i Figur 9. 1 3 2 4. 6. etg: tett rekkverk og absorbent i himling på privat uteareal. Alle private uteareal fungerer som stille sider etter skjerming. Figur 9. Plassering av leilegheiter, etasje 4-6 i Bygg 2. RAPPORT SIDE 12 AV 14
Figur 10. Skjermingsforslag Bygg 2, 5. og 6. etasje. Tjukk strek markerer tett felt fra golv til tak. Tynn strek markerer tett rekkverk. Figur 11. Skjermingsforslag Bygg 2, 4.-6. etasje, lengst aust. Tjukk strek markerer tett felt grå golv til tak, tynn strek markerer tett rekkverk. 6 Konklusjon Høgaste støynivå ved fasade til Bygg 1, 2 og 3, uavhengig av støykjelde veg eller bane, er høvesvis Lden 70, 62 db og 67 db. Det er berre planlagt bustadar i Bygg 2. Bygg 1 og 3 inneheld kontor/næring/treningssenter. For kontor/næring/treningssenter er det ikkje krav til utandørs støynivå frå veg/bane. For Bygg 1 og 3 må det difor berre dokumenterast i byggesak at krav til innandørs støynivå kan tilfredsstillast. Bygg 2 inneheld bustadar. Bustadane som får støynivå over Lden 55 db ved fasade må få minst halvparten og minimum eitt soverom på stille side der støynivå ikkje skal overskride Lden 55 db. Privat uteareal har det same støykravet som stille side. Rapporten viser korleis alle bustadar som får støynivå over 55 db kan oppfylle desse krava ved at privat uteareal får tilfredsstillande støynivå og at dette arealet då også kan fungere som stille side. Minstekrava for innandørs støynivå frå utandørs støykjelder er gjeve i TEK17 v/ns 8175 og i byggefase må det, for dei mest støyutsette leilegheitene, dokumenterast at innandørs støynivå kan tilfredsstillast. Felles uteareal på takterrasse på Bygg 1 får tilfredsstillande støynivå med 1,2 m høgt og tett rekkverk rundt arealet. 7 Referansar [1] 10293001 Støyvurdering Andre Olsen kvartalet, Sweco Norge AS, Sep. 2014. [2] 10293001 RIAKU02 Vurdering av støy frå framtidig bybane til Fyllingsdalen, Sweco Norge AS, May 2015. [3] Bergen Kommune - Bestemmelser og retningslinjer til kommuneplanens arealdel 2010, Bergen kommune, 60910000, Apr. 2013. [4] T-1442/2016 Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging, Klima- og miljødepartementet, Dec. 2016. [5] TEK17 Forskrift om tekniske krav til byggverk (Byggteknisk forskrift), Kommunal- og moderniseringsdepartementet, FOR-2017-06-19-840, Jul. 2017. RAPPORT SIDE 13 AV 14
[6] NS 8175:2012. Lydforhold i bygninger - Lydklasser for ulike bygningstyper, Standard Norge, 2012. [7] Nasjonal Vegdatabank (NVDB). www.vegkart.no. Inneholder data under norsk lisens for offentlige data (NLOD) tilgjengeliggjort av Statens vegvesen. [8] E-post frå Robert Ølmheim, 26.5.2014., 26-May-2017. [9] Bybanen fra sentrum til Fyllingsdalen Delstrekning 2. Mindemyren. Detaljreguleringsplan. PlanID 61140000 Forslag til detaljreguleringsplan, 1. gangs behandling for offentlig ettersyn., Bergen kommune, PlanID 61140000. [10] Håndbok V716. Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy, Statens vegvesen, 2014. [11] Railway Traffic Noise - Nordic Prediction Method, Nordic council of ministers, TemaNord 1996:524, 1996. [12] Bybanen i Bergen - A og B verdier til nordisk beregningsmetode, Norconsult, Nov. 2015. RAPPORT SIDE 14 AV 14