Helse og velferd Tenester til barn og unge 1
Innhald 1. Bakgrunn... 3 1.1 Tre kommunar blir ein ny kommune... 3 1.2 Visjon... 3 2. Mål... 3 2.1 Intensjonsavtalen... 3 2.2 Intensjonsavtalen sine hovudmål... 3 2.3 Prinsipp for tenesteyting... 4 2.4 Digitalisering... 4 3. Prosjektorganisering... 5 4. Prosjektbestilling... 5 5. Organisering og ansvar... 7 5.1 Prosjektmetodikk... 8 5.2 Prosjektstyring... 8 5.3 Prinsipp for organisering av delprosjekt... 8 6. Framdrift og milepelsplan... 9 6.1 Projectplace... 9 7. Rapportering, omfang og avgrensing... 9 8. Rammevilkår og økonomi... 9 2
1. Bakgrunn 1.1 Tre kommunar blir ein ny kommune Nye Øygarden består av Fjell, Sund og Øygarden som utgjer eit felles geografisk område med sterk kystkultur. Den nye storkommunen med omlag 40.000 innbyggjarar vil handtera framtidige velferdsoppgåver på ein betre måte enn dagens kommunar kvar for seg. Den nye kommunen vil ha betre føresetnader for å løysa framtidas utfordringar. 1.2 Visjon Øygarden - eit fyrtårn i vest Den nye kommunen skal byggja vidare på felles kyst- og strilekultur med lokalt sjølvstyre, gode tenestetilbod til innbyggarane og framtidsretta samfunns- og næringsutvikling som sikrar attraktivitet og vekst i heile kommunen. 2. Mål 2.1 Intensjonsavtalen Nye Øygarden kommune skal vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar, med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Beste praksis i dei noverande kommunane skal vidareførast. Nærtenesteprinsippet skal leggjast til grunn med daglege tenester som er tilgjengelege for innbyggjarane lokalt og digitalt. Me skal ha ein kommune innbyggjarane er stolte av og der det er godt og trygt å bu og leva. 2.2 Intensjonsavtalen sine hovudmål Den nye kommunen skal vera eit regionalt og nasjonalt fyrtårn innan teknologi, energi og marine næringar Kommunen skal vera ein attraktiv bu- og arbeidsregion i bergensregionen Kommunen skal ha ein berekraftig kystkultur Kommunen skal levera tenester av høg kvalitet til beste for innbyggjarane Heile kommunen skal takast i bruk med levande lokalsamfunn og eit mangfaldig kommunesenter Kommunen skal vera ein god arbeidsgjevar der trivsel og kompetanse er grunnleggjande faktorar Infrastruktur innan veg, fiberkabling og VAR-tenester er høgt prioritert og skal framleis byggjast ut 3
2.3 Prinsipp for tenesteyting Nærteneste-prinsippet skal leggjast til grunn for tenesteytinga i den nye kommunen. Det betyr at dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale servicesenter, og dei brukarretta tenestene skal vera lokaliserte så nær brukarane som mogeleg. Tenestene skal vera på same nivå som i dag, eller betre, og gjeldande planar skal vidareførast. Tenester som innbyggjarane ikkje nyttar dagleg, kan sentraliserast til kommunesenteret eller kommunedelsentera. Effektiviseringsvinstar ved etablering av ein ny større kommune skal gje betre tenester til innbyggjarane. Kommunen skal ha ein handlekraftig og effektiv kommunal organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet i alle ledd Kommunen skal jobba for effektiv internkommunikasjon Digitalisering skal kompensera for fysiske avstandar. Vår nye storkommune skal ha gode digitale løysingar, både publikumsretta og i tenesteyting som til dømes velferdsteknologi 2.4 Digitalisering Digital samanslåing byr på mange utfordringar og mogligheiter Kommunesamanslåinga er eit unikt høve til å byggje ein ny og framtidsretta kommune. I omstillingsprosessen skal det leggjast vinn på å finne nye løysingar og auka graden av digitalisering Eksisterande kommunar har ulike digitale løysningar som må handterast i samanslåingsprosessen. Nokre løysingar vert avslutta, nokre vert vidareført og andre må skaffast på nytt Data som ligg elektronisk lagra i ulike system må overførast til nye system, og samanhengen mellom kommunen sine interne løysningar og kommunale og nasjonale fellesløysingar må ivaretakast for å sikre god informasjonsflyt og effektiv oppgåveløysning 4
3. Prosjektorganisering Prosjektrådmann Overordna styringsgruppe Prosjekt Helse og velferd/oppvekst Delprosjekt: Tenester til barn og unge 4. Prosjektbestilling Dei beste løysningane frå dagens kommunar må identifiserast og vurderast opp mot morgondagens oppgåver og utfordringar. I dei tilfella beste praksis ikkje er god nok, må vi sjå etter nye og betre løysningar (neste praksis). Det er eit mål at velferdstenestene i den nye kommunen skal vera organisert så nær innbyggjarane som mogeleg. Det skal sikrast gode og likeverdige tenester og i framtida skal det vera tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse. Kommunen skal satsa på innovasjon og digitalisering for å oppnå forbetring, fornying og effektivisering. Dette vil vera viktige element for å ivareta målsettinga om ressursoptimalisering. Arbeidet med delprosjektet skal gjennomførast med brei medverknad og involvering av tilsette. Kva behov skal dekkast innan delprosjekt Tenester til barn og unge? Døme på teneste Barnevern PPT Helsestasjon og skulehelseteneste Jordmorteneste Familierettleiing Psykisk helse og psykologteneste Førebyggjande arbeid Ungdomskontoret Rettleiarteam/vald og overgrepsteam Med meir 5
Sikra samhandling med andre relevante delprosjekt, til dømes: Delprosjekt Menneske med nedsatt funksjonsevne Delprosjekt NAV Delprosjekt psykisk helse og rus Delprosjekt skule Delprosjekt barnehage Prosess for delprosjekt barn og unge M1.1 Kartlegge dagens no situasjon Kartlegginga innan dei ulike tenesteområda er gjennomført i tråd med modellen over og ligg til grunn for det vidare arbeidet. 6
M1.2 Foreslå satsingsområde, mål og strategiar for Nye Øygarden kommune Ta omsyn til at den nye kommunen vil ha eit innbyggjartal på 40 000 Ta omsyn til nasjonale føringar og styringsverktøy innan feltet Ta omsyn til lokale forhold utfordringar og mogeligheiter Ta omsyn til mandatet til Stimulab-prosjektet som pågår parallelt M1.2 - Tilrå tenesteomfang, organisering, struktur, kompetanse og lokalisering i den nye kommunen, for å sikra best mogleg heilskaplege, samordna og framtidsretta tenestetilbod til barn og unge samhandling mellom fagprofesjonar, avdelingar og andre kommunale tenester brukarvennlege og lett tilgjengelege tenester «ei dør inn» innovasjon, nyskaping og nyutvikling gjerne pilotprosjekt brukarperspektiv (evt. sjå til gjennomførte brukarundersøkingar) effektive tenester nærtenesteprinsippet og tilgjengelege teneste både lokalt og digitalt arbeidsgivarpolitikk der trivsel og kompetanse er grunnleggjande faktorar brukarmedverknad samhandling med eksterne aktørar M1.3 Prioriteringsplan 1. Prosjektrapporten må innehalda ein prioritert tiltaksplan før og etter 1.1.2020. 2. Prosjektrapporten må innehalda ein kostnad skisse ved evt. innkjøp. 5. Organisering og ansvar Prosjektleiar: Anna Nesje Nes (Ø) - Anna.Nesje.Nes@oygarden.kommune.no Prosjektdeltakarar: Helsestasjon/jordmor: Bente Guntveit (Ø) Bente.Guntveit@oygarden.kommune.no Einingsleiar for helse: Svanhild Forland (S) Svanhild.Forland@sund.kommune.no Barnevern: Gerd Elin Marx (Ø) GerdElin.Marx2@oygarden.kommune.no Barnevern/overordna leiar: Tove Helleland (F) Tove.Helleland@fjell.kommune.no Kommunepsykolog: Gjertrud Ekerhovd (F og TV) gjertrud.ekerhovd@fjell.kommune.no Leiende helsesøster: Berit Algrøy (F) berit.algroy1@fjell.kommune.no Fagleiar skulehelsetenesta: Elisabeth Handal (F) Elisabeth.Handal@fjell.kommune.no Førebyggjande arbeid/nsf: Martha Landro Martha.Landro@oygarden.kommune.no 7
Helsesøster Janniche Risnes (S) Janniche.Risnes@sund.kommune.no PPT-leiar Jogeir Sognæs (F) Jogeir.Sognnaes@Fjell.Kommune.no PPT-leiar: Elbjørg Syltøy (S) eldbjorg.syltoy@sund.kommune.no 5.1 Prosjektmetodikk «Prosjektveiviseren» er Difis anbefalte prosjektmodell for styring av digitaliseringsprosjekter i offentlige virksomheter. Denne prosjektmodellen er lagt til grunn for prosjektet med etablering av den nye kommunen. 5.2 Prosjektstyring Overordna styringsgruppa Overordna stryringsgruppe tek stilling til politiske og prinsipielle spørsmål som må vidare til fellesnmenda for avgjerd Andre spørsmål frå prosjektgruppene kan overordna styringsgruppe ta avgjerd om Prosjektgruppe/ styringsgruppe Prosjektleiar rapporterer til overordna styringsgruppe via prosjektrådmannen som utarbeider grunnlag til møte i styringsgruppa Politiske og prinsipielle spørsmål må løftast til overordna styringsgruppe via prosjektrådmannen Delprosjekt Delprosjekt rapporterer til prosjektgruppa som er styringsgruppe for delprosjekta Politiske og prinispielle spørsmål må løftast til prosjektgruppa som er styringsgruppe for delprosjekt 5.3 Prinsipp for organisering av delprosjekt Delprosjektleiar har mynde til å organisera arbeidet på ein tenleg måte som gir framdrift og resultat i tråd med milepelsplan Deltakarar i prosjektgruppa og tillitsvalte kan inngå i delprosjekt, både som deltakarar og delprosjektleiarar 8
Prosjektleiar skal ikkje inngå som deltakar i delprosjekt 6. Framdrift og milepelsplan M1.2 og 1.3 skal leverast til prosjektgruppa Helse og velferd innan 22.01.19 Delprosjektleiar og gruppa legg sjølv oppgåver, fristar og ansvar for gjennomføring i milepelsplanen Delprosjektgruppa skal lage ein tydelig plan for arbeidsproserssen, t.d. møte kvar måndag 6.1 Projectplace Alle delprosjekt skal ta i bruk Projectplace. Der skal det utarbeidast eit gant-diagram som gir tydeleg oversyn over milepelar og aktivitetar knytt til prosjektet. Kvar aktivitet skal brytast ned til spesifikke arbeidsoppgåver som vert delegert. Se døme på milepælsplan: Fasar Aktivitar Milepelar Frist Konsept Konsept Plan planlegging Skaffe oversyn over innhald, organisering og IKT verktøy i dei tre kommunane Foreslå satsingsområde, mål og strategiar for Nye Øygarden kommune Tilrå tenesteomfang, organisering, struktur, kompetanse og lokalisering i den nye kommunen, for å sikra best mogelig Prioritert tiltaksplan før og etter 1.1.2020 M1.1 10.12.18 M1.2 M1.2 22.01.19 M1.3 22.01.19 7. Rapportering, omfang og avgrensing Delprosjektleiar leverer statusrapport til prosjektgruppa etter avtale. Det skal rapporterast på status og framdrift i henhold til milepelsplanen. Delprosjektleiar skal sikre at alle prosjektdeltakarane tek i bruk «Projectplace» som prosjektstyringsverktøy og får naudsynt opplæring 8. Rammevilkår og økonomi Naudsynte personressursar vert tilført prosjektet frå overordna styringsgruppe 9
Behov for økonomiske ressursar må avklarast med overordna styringsgruppe i forkant Behov for ekstern kompetanse/ ressursar må avklarast med overordna styringsgruppe Vedlegg 1 Døme på innhold i milpelene (hjelpespørsmål) M1.1 Rapport om kartlegging av dagens situasjon skal omtale følgjande element: Nasjonale føringar og trendar Kommunale lokale forskrifter, interne reglement, planar og satsingsområda Relevante nøkkeltal og statistikk Dagens digitale verktøy og system Dagens organsiasjonsstruktur og lokalisering av tenester og bygningsmasse. Tenester og oppgåver Handtering av arkiv og data (sikre konvertering og vidareføring av data inn i ny komm) Korleis sikre konvertering av data frå eksisterande kommunar? Handtering av IKT systema (korleis bruker de IKT systema i dag) Organisering, dimensjonering og IKT system Utstyr (bilar, IKT utstyr etc) Kostnadsramme Tverrfagleg samarbeid som eksisterer i dag Avtaler med eksterne samarbeidspartnarar Avtale med eksterne leverandørar av varer og tenester. Andre avtaler med eksterne leverandørar Kartleggingsarbeidet er sluttført. M1.2 Rapport om framtidige satsingsområde, mål og strategiar skal omtala følgjande: Definere kva teneste og oppgåve kommunal NAV skal omfatte i framtida Nasjonale og kommunale føringar for tenestene. Status, trendar og utfordringar Satsningsområda, mål og strategi for arkiv og dokumenthandsaming. Behov for digitale verkty og system Konsekvenser knytt til blant annet økonomi, tilsette og digitalisering. M1.2 Forslag til organsiasjonsplanen for Nye Øygarden kommune bør innehalde følgjande element: Organisering og dimensjonering av tenestene o Kompetansebehov o Opplæringsbehov Rolle- og funksjonsomtale Lokalisering Lokale forskrifter og interne reglement M1.3 Tiltaksrapport skal omtale følgjande element: 10
Tydelig liste over tiltak som må bli utført før 2020 og kva som kan vente til etter samanslåinga. Til dømes: Opplæring, konvertering m.m. 11