Rådgivingsmelding. Innhald. Kompetanse for framtida. Kalender. Ikkje beit for lenge. NLR Hordaland er no på Facebook

Like dokumenter
«Ny Giv» med gjetarhund

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Stemnehandboka for NKSF

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brødsbrytelsen - Nattverden

Medlemsskriv nr oktober 2006

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Brukarrettleiing. epolitiker

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Til deg som bur i fosterheim år

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kva er økologisk matproduksjon?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Namning av vegar i Fræna Kommune

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Rådgivingsmelding. Innhald. Vår kunnskap - din styrke. Kalender. Fellestinging av juletreplanter

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Brukarrettleiing E-post lesar

Kom skal vi klippe sauen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Lærarrettleiing 1. Kornartane

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Sandeid skule SFO Årsplan

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

INFORMASJON om førestellinga:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Lotteri- og stiftingstilsynet

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Kvalitetsplan mot mobbing

Aurland kommune Rådmannen

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Samansette tekster og Sjanger og stil

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Transkript:

Fanav. 245, 5244 Fana Tlf: 98 24 58 30 Faks: 55 91 88 89 Bankgiro: 3411 23 62632 Org.nr.: NO 882 348 792 MVA http://hordaland.lr.no hordaland@lr.no Rådgivingsmelding Innhald Ikkje beit for lenge Lite protein i surfôret? Erstatning ved avlingsskade: Innan 31. okober Gjødselprisar Studietur til ombygd sauefjøs Betre botnlinje - nytt kurstilbod Næringsutviklingskurs i landbruket Kurs i ølbrygging Ikkje beit for lenge Tekst : Leif Trygve Berge, NLR Hordaland Ikkje beit for lenge seier utviklingspilot Odd-Arild Finnes hos Bioforsk Nord. Han peikar på at det er svært viktig at enga får samla den opplagsnæringa ho skal ha og håpar på haustver som let graset herde godt før vinter og frost. Utfordringa ligg i å vita kva tid ein skal ta siste slåtten og kor lenge dyra skal få beite utover hausten for å spare enga slik at den får kome seg til hektene att før innvintring. Det finst ikkje eksakte svar på dette, ingen veit korleis vinteren vil bli. Men me veit at milde haustar gjer at ein blir freista til å beite ganske lenge og dette kombinert med kortare dagar gjer innvintringa vanskelegare. Praktisk røynsle tilseier at me særleg lyt spare ung eng for beiting seinhaustes for å unngå utgang/redusert tilvekst til våren. Ei løysing Finnes kjem med er å halde den vaksne sauen vekke frå innmarka og heller fôre dei ekstra med rundball på eit utmarksbeite. Kalender 8. november Studietur ombygde sauefjøs, Lindås 12. og 13. januar Kurs i økbrygging, Stend Nummer 11-26. oktober 2012 Kompetanse for framtida 2. og 3. februar Næringsutviklingskurs Rosendal NLR Hordaland er no på Facebook Lik sida vår og få nyhende og informasjon om kurs, landbrukstenester og tidsaktuelle aktivitetar direkte til di facebookside. Viss du ikkje er på facebook kan du likevel gå inn og sjå sida vår, då den er offentleg. NLR Hordaland si facebookside finn du her: https://www.facebook.com/ nlr.hordaland 1

Kva så, om skaden allereie er skjedd med mykje grasutgang etter slått/beite? Me i NLR Hordaland tilrår då gjerne direktesåing som ei løysing. Her i Hordaland er det mange stader mogleg for tidleg direktesåing om våren. Der det er stabil og lang vinter, slik som på Vossestrand eller i Røldal, kan ein prøve med direktesåing seinhaustes, som i desse dagar eller gjerne like før snøen legg seg. Godt beite! Kjøp og sal Gratis annonseplass Småstoff som kjøp og sal av fôr, maskiner, dyr og anna er gratis å annonsere for medlemer. Rundballar til salgs 150 rundballar til salgs. Dei er slått med Orkel direktepresse og er av god kvalitet. Selger dei for 300,- +mva. Ligger på Malkenes på Tysnes. Inge Malkenes tlf 951 83 406 Gjødselprisar Prisane på gjødsel har gått ned ein god del sidan 1. juni. Både grunnprisen og termintillegget var høgre tidleg i sommar enn no i haust. Prisforholda mellom gjødseltypane er om lag som før. Historisk sett har det vore lønsamt å kjøpe fullgjødsel (terminvare) no om hausten. Nitrogengjødselprisen framover er endå meir usikker, men det har ofte vore lurt å kjøpe denne nærmare våren. Fellestinging av juletreplanter Vi vil nå ta opp bestilling av juletreplanter for levering til våren. Vi har sikret oss at vi nå kan få levert Grassie mt., som er en meget fin proveniens av fjelledelgran. Ellers kan en bestille Normannsedelgran, Serbergran, Norsk gran og Frazeredelgran mm. Det er slik at de som bestiller først har bedre kvaliteter å velge i enn de som kommer sist, så kom med bestillingen så snart du kan! Kontakt henrik.tellvik@lr.no el 982 45 832 Erstatning avlingsskade Søknadsfristen for erstatning ved klimabetinga skadar er 31. oktober. Søknaden skal sendast elektronisk eller på papir til kommunen. Føretaket er ansvarleg for å gjera seg kjent med regelverket. Merk: Melding av skade og meldefrist Før det vert søkt om erstatning må skaden meldast til kommunen straks ein er klar over at skade har skjedd så kommunen får høve til synfaring. Presisering av klimatisk årsak Både søkjar og kommune skal vurdere kor stor del av skada som skuldast klima og kor stor del som skuldast andre tilhøve som ugras, plantesjukdommar, dårleg drenering og klima. Snittåra ved utrekning Det er framleis avlinga dei siste 5 åra (planteproduksjon) / 3 åra (grovfôr til eige bruk og honningproduksjon) som ligg til grunn for utrekning av forventa avling på føretaket. Søkjaren sjølv har høve til å ta ut eitt dårleg år av gjennomsnittsberekninga. Dersom det har vore avlingssvikt i fleire år kan søkjaren likevel berre ta ut eitt år. Utrekningane blir ikkje gjort etter reelle tap, men etter standard satsar. Les meir på http:// www.fylkesmannen.no/fagom.aspx? m=1169&amid=3612731 2

Lite protein i grovfôret i år? Tekst : Jenny Johnsen, Fellskjøpet Agri Ein del av årets grovfôrprøver viser eit lågt innhald av råprotein. Innhaldet av råprotein blir påverka av mellom anna gjødslingsstyrke, gjødslingstidspunkt, haustetidspunkt og kløverinnhald. Korleis påverkar råprotein-innhaldet fôringa? Protein er viktig for mjølkeproduksjonen hjå alle dyr. Det må vera nok protein tilgjengeleg for at mjølkesyntesen skal gå sin gang. I tillegg trengst det også energi, vatn, mineral og vitamin. I perioden etter kalving er kua i negativ energibalanse ho klarar ikkje å ta opp nok energi til å få dekka behovet sitt. Difor er det viktig å gje kua så mykje fôr som mogleg dei første 120 dagane etter kalving. Nok energi og protein er essensielt for mjølkeproduksjonen. Korleis påverkar urea-nivået brunsten? Ynskjeleg nivå for råprotein i grovfôret er mellom 12-17%. Dersom det blir mykje råprotein i totalrasjonen vil dette proteinet bli skilt ut som urea. Urea vert skilt ut i blodet, urinen og i mjølka. Det er enkelt å måla urea i mjølka. Dette gjev ein god peikepinn på korleis fôringa fungerer. Urea bør ligga mellom 4, 0 6, 0. Dersom urea er for høg (over 6, 5) kan dette føra til ph-endingar i livmora som igjen gjer at eit befrukta egg ikkje vil festa seg til livmorveggen. Difor kan høg urea vera negativt for fruktbarheita. Låg urea (under 4, 0) har ingen innverknad på fruktbarheita. Derimot syner låg urea at det er for lite råprotein tilgjengeleg i totalrasjonen og at kua truleg vil mjølke meir dersom ho får tilgang på meir protein. Ein bør difor auke proteinmengda i rasjonen. Høgt i fjor, lågt i år I fjor var det mange som hadde høge urea-verdiar i tankmjølka og dette var eit stort problem for mange. Etter innspel frå TINE senka Felleskjøpet PBV (proteinbalanse i vom)-innhaldet i blandingane. Dagens kraftfôr har same nivå av PBV som i fjor (ei 80-blanding har -8 i PBV og ei 90-blanding har -20 i PBV). Me har midlertidig fått inn fleire tilbakemeldingar frå mjølkebøndene om låge urea-verdiar. Me i Felleskjøpet vurderer fortløpande kraftfôrblandingane våre og tek gjerne i mot tilbakemeldingar om dette. Låg urea - kva tiltak kan ein gjere? Dersom du har låg urea-verdi i tankmjølka bør du bytta til 80-blanding (dersom du brukar ei 90-blanding). Dersom du brukar ei 80-blanding bør du auka mengda med 2-4 kg (dersom det ikkje fører til lause magar). Dersom du brukar ei 80-blanding, kan du gje FORMEL Protein 35 i tillegg. Det kan også vera aktuelt å bruk FORMEL Favør 70. Dette er ei blanding med PBV +20 og som held magane godt. Den kan brukast som einaste kraftfôr. Tildel kraftfôret ofte og lite, dette gjev betre utnytting av fôret. Ta gjerne kontakt med Jenny Jonsen på tlf 900 68 187 dersom du har spørsmål om kraftfôrval eller andre tilbakemeldingar. Ta surfôrprøver Pakke med uttak av surfôrprøver, innsending, analysering og tilbakemelding med rådgiving kostar 1 750,-. Dei som allereie tinga før 10. oktober får pakka til 1 450,-. Prosjektdeltakarar i Grovfôr i pluss får prøve til avtalt pris. Sjølv om du ikkje har opna siloen; ring oss likevel for tinging av prøve. Lise Austrheim på tlf 982 45 831 eller lise.austrheim@lr.no Mari Aker på tlf 982 45 840 eller mari.aker@lr.no Gunnlaug Røthe på tlf 982 45 835 el gunnlaug.rothe@lr.no Ikkje lågt innhald av protein i Sogn & Fjordane Det er teke 173 surfôrprøver i nabofylket; dei melder om høveleg innhald av protein i 1. slåtten og høgt i 2. slåtten. Desse prøvene syner også høg energikonsentrasjon i snitt. Hordaland vil presentere sine resultat i neste rådgivingsmelding. Gjødselplan Dersom du vil tinga gjødsel i haust og ynskjer gjødselplan tidleg må du ta kontakt. Fôrkvaliteten er ulik frå bruk til bruk. Det er kvaliteten på ditt bruk som bestemmer kva for kraftfôr og kva for tiltak du må setje inn. Ta kontakt med landbruksrådgivinga for å tinge surfôrprøve! 3

. 4

Nytt tilbod i NLR Hordaland: NLR Bedre Bunnlinje NLR Bedre Bunnlinje er eit tilbod om økonomisk rådgiving som skal gje deg betre bunnlinje i rekneskapen. Me betrar økonomien i drifta di ved å hjelpe deg å redusera kostnadane og auka inntektene på garden din. Næringsutviklingskurs for landbruket Tid: Samling 1: 2.-3. februar Samling 2: 16.-17. februar Samling 3: 9. 10. mars Samling 4: 6. 7. april Samling 5: 27. 28. april 10-16 alle dagar. Stad: Kvinnherad kommunehus, Rosendal Pris: 7 500,- for medlemmar, 8 500,- for andre Kurset er eit opplæringsprogram i entrepenørskap der du utarbeidar ein komplett forretningsplan som er kvalifisert til å realiserast. Før kurset starter vil me avklare om idèen er levedyktig, saman med landbrukskontor eller andre lokale fagpersonar. Alle vil bli fulgt opp etter at kurset er avslutta. NLR Bedre Bunnlinje er rådgiving i samband med større investeringar og vurdering av moglegheiter for å betre økonomien i den daglege drifta. Lønsemda ved mindre tiltak utan investeringstilskot vert også vurdert. I rådgivinga legg me stor vekt på driftsleiing. Me reknar ei arbeidsmengd på 20 timar for å vurdere den totale økonomien i drifta. Dette vert gjort i ein stegvis prosess der me saman med deg: Kartlegg dei ulike ressursar som utgjer di verksemd. Formulerar visjonen for gardsbruket. Drøftar og formulerar strategiske mål for garden. Gjennomgår utanforliggande faktorar Revurderar oversikt over strategiske mål og tiltak Utarbeidar ein prioritering av dei viktigaste innsatsområdene Utarbeidar handlingsplaner Kampanje i 2013; kr. 5000,- (begrensa antal, Ordinær pris: 15.500,-) Sjå nettsida http://hordaland.lr.no/nyhetsarkiv/2012/15387/ eller ta kontakt. Ester Helland, 982 45 842; ester.helland@lr.no Liv Lyngstad, 982 45 830; liv.lyngstad@lr.no NLR Hordaland gir deg heilskapleg og samordna økonomirådgiving Les meir på http://hordaland.lr.no/ nyhetsarkiv/2012/15386/ Deltakarar kan søkje Fylkesmannen om delfinansiering av kursavgifta med inntil kr. 4 500,- per søknad gjennom prosjektet Ny bruk av ledige landbruksbygg. Alle samlinger er foreløpig satt opp på helger. Ein el to av desse kan bli endra til fredag laurdag for å ta inn eksterne førelesarar. Påmelding innan 15. januar 2013 til Ester Helland: ester.helland@lr.no eller telefon 98245842 Liv Lyngstad: liv.lyngstad@lr.no eller telefon 98245830. 5

Studietur til Lindås for å sjå ombygd sauefjøs Tid: Torsdag 8. november kl. 16-19 Stad: Konglevoll i Lindås Me vitjar Anders Konglevoll som har ein eldre driftsbygning som er ombygd med apetittforingskasse, kraftfôrautomat, handteringsrenne og lammingsboksar i fellesbinge. Han vil og syne bilete frå andre planløysingar frå prosjekt han har arbeida med gjennom sin deltidsjobb i Reime Agri. Målgruppe er sauebønder som vurderer ombygging/nybygg for sau og vil sjå nye løysingar for lettare fôr og dyrehandtering/logistikk. Enkel servering. For info og påmelding: Kontakt Leif Trygve Berge, tlf 98245839 eller leif.trygve.berge@lr.no. Påmeldingsfrist: 5. november. Kurs i ølbrygging Tid: Laurdag 12. og sundag 13. januar Stad: Stend Pris: 2.500 medlemmer, 2.800 kr ikke medlemmer. Første dag blir en teoretisk innføring i moderne maltbrygging. Start kl 10.00 og ferdig i 4-5 tiden. Tema er øltyper, råvarer, utstyr og bryggeprosessen. Skaff deg gjerne boka Moderne hjemmebrygging. Andre dag skal vi brygge øl, og den prosessen tar minst 8 timer. Start kl 09.00. Vi brygger på to svært ulike oppsett, eit på ca 125 liter og eit på ca 50 liter. Deltakarane deler på den vørteren vi lagar, og tar den med seg heim. Kurshaldar Trygve Torsteinsen har brygga siden 2006 og har fleire gonger blitt noregsmeistrar i forskjellige klassar. Han har brygget tilsammen nærmere 120 brygg, fordelt på 35 ulike øltyper. Meir info på http://hordaland.lr.no/nyhetsarkiv/2012/15385/ Informasjon el påmelding til trygve.torsteinsen@lr.no el 982 45 845 Autorisasjonskurs i plantevern Det blir autorisasjonskurs på etterjulsvinteren. Me lyser ut kursa i rådgivingsmelding i november eller desember. Dersom det vert for lite påmelding ein stad prøver me å slå i samen kursa slik at alle får overkommelig reiseveg. Det vert kurs både i fornying og praksisdag i tillegg for dei som skal ta kurset for fyrste gong. Kontaktperson og kurshaldar er som før Henrik Tellevik frå NLR Hordaland. Har du fått ny e-postadresse? Etter kvar utsending får me mange feilmeldingar i retur. Adressene blir då sletta. Hugs å gi melding dersom du endrar e-postadresse! Rådgivarane Intensiv grovfôrdyrking: Lise Austrheim: 98 24 58 31 lise.austrheim@lr.no Jorunn R. Hernes: 98 24 58 34 jorunn.ringheim.hernes@lr.no Mari Aker: 98 24 58 40 mari.aker@lr.no Økologisk drift. Kulturlandskap: Gunnlaug Røthe: 98 24 58 35 gunnlaug.rothe@lr.no Einar Johan Tvedt: 98 24 58 36 einar.johan.tvedt@lr.no Leif Trygve Berge: 98 24 58 39 leif.trygve.berge@lr.no Økonomi og bygg: Bart van Gool: 98 24 58 37 bart.van.gool@lr.no Ester Helland: 98 24 58 42 ester.helland@lr.no Frukt og bær: Henrik Tellevik: 98 24 58 32 henrik.tellevik@lr.no Liv Lyngstad: 98 24 58 30 liv.lyngstad@lr.no Administrasjon: Bente J. Øpstad: 98 24 58 33 bente.juveng.opstad@lr.no På nettsida vår http://hordaland.lr.no/ finn du tidlegare rådgivingsmeldingar under medlemsskriv. Vår kunnskap - din styrke 6