TILSKOT TIL VILTTILTAK 2010



Like dokumenter
Fylkeskommunen har jamfør forvaltningsreforma fått ansvaret for å forvalte deler av følgjande tilskotspostar:

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

TILSKOT TIL VILTTILTAK 2011

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Villreinnemnda for Forollhogna Referat fra møte lørdag 21. april 2012, kl 1000, sammen med villreinutvalgets årsmøte i Budalen.

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

Framtidas hjorteforvaltning

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Tilskudd til vilttiltak 2015

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Forslag frå fylkesrådmannen

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Fordeling av tilskuddsmidler fra Direktoratet for Naturforvaltning- Tilskudd til vilttiltak 2012

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

TILDELING AV TILSKUDDSMIDLER TIL HJORTEVILTTILTAK OG LOKALE VILTTILTAK 2011

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Friluftslivets år 2015

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

SAKSFRAMLEGG. 36/15 Næring og miljøutvalet

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Fylkeskommunen har motteke 14 søknader. Samla er det søkt om 1,5 mill. kroner.

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Tilskudd til vilttiltak 2016

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 12. JANUAR 2012

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL FUZZ AS FOR

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

::: Sett inn innstillingen under denne linja Fylkesrådet gir tilsagn om tilskudd til viltformål til følgende tiltak:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Vurdering av allianse og alternativ

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

ROSLAGEN AS - SØKNAD OM FORLENGING AV KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FRÅ OMRÅDET "VED BRATTHOLMEN", AUSTRHEIM KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Finansiering av søknaden

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

2 Generelt om tiltaket: Namn på tiltaket:... Kommune:..Fylke: Søknadsskjema A-09 Tilskotsmidlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Høyring av søknad frå Statens vegvesen Region vest om driftskonsesjon for fjelluttak ved Torvmo i Lærdal kommune

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Strategi for fylkeskommunen sitt arbeid med vilt- og fiskeforvalting

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Granvin herad Sakspapir

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Fordeling av tilskudd til viltformål 2014

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201001927-2 Arkivnr. 146.3 Saksh. Ragnhildstveit, Jomar Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 17.08.2010 TILSKOT TIL VILTTILTAK 2010 SAMANDRAG I samband med forvaltingsreforma overtok fylkeskommunen dei fleste av oppgåvene til fylkesmannen innan haustbare, ikkje truga viltartar. Frå 2010 har fylkeskommunen difor fått ansvar for å fordele statlege midlar til viltformål, både tilskot til hjortevilttiltak (kap. 1425 post 71.1) og tilskot til lokale vilttiltak (kap. 1425 post 71.3). Målet med tilskotsordningane er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltinga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter. Målgruppe for ordninga er hovudsakleg private organisasjonar og lag. Det har kome tre søknader om tilskot til hjortevilttiltak og sju søknader om tilskot til lokale vilttiltak.

FORSLAG TIL VEDTAK Kultur- og ressursutvalet fordeler kr 200.000 til hjortevilttiltak for 2010 slik: Søkjar Tiltak Tilskot Bioforsk Merke og utviklingsprosjekt Hordahjort 2008-2012 200.000 Norsk Hjortesenter Status og utfordringar i den kommunale viltforvaltinga 0 Sogn og Fjordane Skogeigarlag Kvalitetssikring hjorteforvalting 0 Kultur- og ressursutvalet fordeler kr 100.000 til lokale vilttiltak for 2010 slik: Søkjar Tiltak Tilskot Sogn og Fjordane Driftsplanprosjekt, Småvilt i vest 45.000 Skogeigarlag NJFF-Hordaland Informasjonsblad om jakt og fiske i Hordaland 15.000 NJFF-Hordaland Ulike kvinnearrangement i Hordaland 15.000 NJFF-Hordaland Undervisning i jakt, fiske og friluftsliv i skulane 10.000 Vaksdal kommune Prosjekt storfugl i Hordaland 10.000 NJFF-Hordaland Informasjonsside om jakt, fiske, og friluftsliv på internett 5.000 Høgskolen i Telemark Adferdsøkologisk forskning på bever 0 Paul M. Nilsen Jan Per Styve Uprenta vedlegg: Rundskriv T-1/2009 Tilskotsordningar for 2010 2

FYLKESRÅDMANNEN, 28.07.2010: 1. Bakgrunn I samband med forvaltingsreforma vart fylkesmannen sitt ansvar for forvalting av haustbare, ikkje truga viltartar overført til fylkeskommunen, derunder ansvar for å forvalte delar av følgjande to tilskotspostar: o Tilskot til viltformål, Hjortevilttiltak (Kap. 1425 post 71.1) o Tilskot til viltformål, Lokale vilttiltak mv. (Kap. 1425 post 71.3) For 2010 har vi via Direktoratet for naturforvalting (DN) fått overført kr 200 000 til Hjortevilttiltak og kr 100 000 til Lokale vilttiltak. I følgje Miljøverndepartementet (MD) sitt forventningsbrev til fylkeskommunen for 2010 og tildelingsbrevet frå DN, skal posten til Hjortevilttiltak dekke tiltak knytt til forvalting av haustbart, ikkje trua hjortevilt, dvs hjort, elg, rådyr. Dette gjeld særleg tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m. Posten til Lokale vilttiltak mv. skal dekke lokale tiltak knytt til jakt/jaktbare artar av typen jaktkurs, viltforing, og informasjonstiltak knytt til jakt/vilt, samt til forsking lokalt på jaktbare artar. I MD sitt Rundskriv T-1/09 er det gitt omtale av kva retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for tilskotsordningar for 2010. Følgjande står om viltformål: Målet med tilskotsordninga til viltformål: Målet er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltinga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter. Målgruppe for ordninga er private organisasjonar og lag, til dømes grunneigarlag og jegerog fiskarforeiningar. Også sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan søkje om tilskot. Tilskot til viltformål kan gjevast etter søknad. Kvalifiserte tiltak er: - Kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar. - Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova. - Iverksetjing av tiltak der føremålet er betre bestandsoversyn. - Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd. - Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid. - FoU og studentoppgåver. - Tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og høve til jakt. - Andre særleg prioriterte viltføremål. Søknader om tilskot til tiltak som er forankra i ein driftsplan vil bli prioriterte. I statsbudsjettproposisjonen frå MD, Prop. 1 S (2009-2010) er det meir detaljar om tilskot, mål og tildelingskriterium til viltformål. Tilskotsmidlane er knytt til statlege avgifter på jakt, gjennom viltfondet, jf. generell jegeravgift og jegeravgiftstillegg hjortevilt. Tilskotspostane skal forvaltast i tråd med det statlege økonomireglementet. Fylkesrådmannen legg til grunn at Kultur- og ressursutvalet har mynde til å handsame søknadane, jf. delegasjonsreglementet, Reglement for utvala, pkt. 2 b (Saker der utvala har avgjerdsmynde): Fordeling av statlege tilskot og stønadsordningar som fylkeskommunen er sett til å ivareta og som ikkje gjeld næringsføremål. Søknadsfristen for tilskotsordningane var 15.1. og frist for svar 15. mars. Tildelingsbrevet frå DN er datert 2.3.10. Seint framlagd sak har fleire årsaker, knytt til overgangsåret med nye oppgåver på friluftslivs-/miljøområdet, sjå nærare omtale under saksopplysningar nedanfor. 3

2. Saksopplysningar Vedkomande søknadshandsaming Det er til dels overlapp mellom tilskotsordningane til lokale vilttiltak (kap. 1425 post 71.3) og friluftslivstiltak (kap. 1427 post 74), slik at søkjarane kan søkje på begge tilskotsordningane. I år skulle søknader til viltformål for første gong skje gjennom DN sitt internettbaserte søknadssystem (jf. Rundskrif T-1/09), mens dei som søkte friluftsmidlar skulle nytte tradisjonelle søknadsskjema (A-10). Sak om tilskot til friluftsmidlar vart handsama på møtet i fylkesutvalet 18.2.10 (sak 47/10), etter at søknader var oversendt frå DN rett etter søknadsfristen 15.1. Dei elektroniske søknadane til viltformål vart derimot ikkje oversendt, og fylkeskommunen har heller ikkje hatt tilgang til søknadsdatabasen i DN. Heller ikkje alle tradisjonelle søknader om vilttilskot vart oversendt frå DN. Søkjarar har etterkvart etterlyst svar på søknader, og vi har blitt merksame på søknader på anna vis. Vi har etterlyst søknader hos DN, og fått oversendt søknader frå Fylkesmannen, og frå DN seinast 18.6. Noregs Jeger og Fiskeforbund (NJFF-Hordaland) har fleire søknader av typen tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt, fiske og friluftsliv. I slike søknader er det søkt om tilskot både frå viltfondet, fiskefondet og friluftsmidlar, dvs i alle fall følgjande tilskotspostar: Kap. 1425 post 70 Tiskot til fiskeformål: Søknader sendt til Fylkesmannen Kap. 1425 post 71.3 Tilskot til viltformål: Søknader sendt til fylkeskommunen Kap. 1427 post 31 Tilskot til friluftsområde: Søknader sendt til fylkeskommunen Tidlegare år forvalta Fylkesmannen alle postane. I tildelingsbrev frå DN til fylkeskommunen for 2010 er det ikkje oversikt over kva som er tildelt til Fylkesmannen på posten til fiskeformål. Uansett skal ikkje fylkeskommunen sine viltmidlar brukast til fiskeformål, og Fylkesmannen sine tilskot til fiskeformål gjeld strengt tatt berre for anadrom fisk, då det ikkje lenger er statleg fiskeavgift på fiske etter innlandsfisk. I fleire søknader frå NJFF-Hordaland er det opplyst om at tiltaket berre kan gjennomførast dersom det vert gitt tiskot som omsøkt. For fleire slike prosjekt kan altså ikkje vilttilskot åleine dekkje omsøkt sum, og handsaming av slike søknader krev difor samordning, både internt og med Fylkesmannen. I denne saka er det undersøkt kva som er tildelt frå andre. Vedkomande strategi for bruken av midlane Det er ikkje utforma eigen strategi eller prioritering i fylkeskommunen for bruken av midlane. Eit utgangspunkt er å sjå på kva oppgåver som er gitt og arbeid som er forventa av fylkeskommunen. I tråd med viltlova 6 skal fylkeskommunen som viltorgan arbeide for å fremje formålet med viltlova og gje styresmakter og organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar støtte, råd og rettleiing i saker om viltforvalting. Fylkeskommunen bør leggje vekt på god rettleiing ovafor kommunar og rettshavarar for å fremje formålet med lova. Fylkeskommunen har som planmynde ei viktig rolle i å ta vare på viltet sine leveområder, samt bidra til at den kommunale forvaltinga av hjortevilt ivaretek bestandane og leveområda sin produktivitet og sitt mangfald. Det er viktig å sikre at hjortevilt ikkje har så store bestandar at det forårsakar uakseptable skadar og ulemper for andre samfunnsinteresser. Fylkeskommunane må bidra til at kommunane nyttar Hjorteviltregisteret som primærdatakjelde for all hjorteviltstatistikk. Det er forventa at fylkeskommunen overtek ansvaret for datainnsamling og etablering av beslutningsgrunnlag innanfor dei nye forvaltingsområda på miljøområdet. Spesielt er det forventa at fylkeskommunen, innan haustbare viltartar og innlandsfisk, i første omgang overtek ansvaret for å organisere innsamling og gjennomføre kartleggingsprosjekt, og sørgjer for miljøfagleg og teknisk kvalitetssikring av informasjon om område og evt andre data (t.d. artar). Dette kan gjerast ved at fylkeskommunen sjølv initierer viltkartlegging i kommunane og/eller støttar kommunane sine eigeninitierte kartleggingar. I Statsbudsjettet (Prop. 1 S), er det likevel føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint lokal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, og evt eigne kommunale midlar (jf. forskrift om kommunale viltfond). Måloppnåing for tilskotsordninga vert vurdert på bakgrunn av om ordninga medverkar til at viltforvaltinga på regionalt og nasjonalt nivå vert gjennomført på ein berekraftig måte, jf. Prop. 1 S. 4

I januar 2010 kom DN med sin overordna Strategi for forvaltning av hjortevilt, DN-rapport 8-2009. I følgje forventningsbrevet frå Miljøverndepartementet til fylkeskommunane for 2010, vil eit viktig arbeid vere oppfølging og bidrag inn i dei prosessar som følgjer av den overordna strategien. For 2010 er det i Rogaland fylkeskommune, etter råd frå DN, føreslått at følgjande kriterium og prioriteringsrekkefølgje vert lagt til grunn ved søknadshandsaming: 1. Oppretting og drift av lokale/regionale samarbeidsorgan, oppbygging av regionale kompetansemiljø 2. Iverksetjing av konkrete vilttiltak og tilrettelegging for jakt for ålmenta 3. Lokal/regional vilt- og bestandskartlegging 4. Informasjon om jakt og jaktmoglegheiter I Hordaland er det nærliggjande å sjå meir til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal når det gjeld den store og veksande hjortestamma i dei tre fylka. Talet på felte hjort i Hordaland har 4-dobla seg dei siste 20 åra, frå nesten 2000 i 1989 til nesten 8000 i 2009. Tiltak som går på oppbygging av kunnskapsgrunnlag for betre bestandsoversyn, og oppretting av lokale/regionale samarbeidsråd for hjelp i rettshavarane sitt driftsplanarbeid for hjort bør ha høg prioritet. 3. Søknader, omtale og vurderingar 3.1 Søknader om tilskot til hjortevilttiltak (kap. 1425 post 71.1), sum kr 200 000. Det har kome tre søknader, sjå tabell nedanfor, og det vert føreslått at midlane går til det eine, pågåande prosjektet. Søkjarar - hjortevilttiltak Tiltak/Prosjekt Kostnad Merke og utviklingsprosjekt Bioforsk Hordahjort 2008-2012 5 510 000 Anna finansiering frå: Søknadssum Tilskot Anna off. 602 654 200 000 Norsk Hjortesenter Status og utfordringar i den kommunale viltforvaltinga (hjort) 125 000 125 000 0 SF Skogeigarlag Kvalitetssikring hjorteforvalting 500 000 3 fylkesk. 167 000 0 Sum søknader Hjortevilttiltak 6 135 000 894 654 200 000 Merke- og utviklingsprosjektet Hordahjort (www.hordahjort.no) er eit 5-årig prosjekt 2008-12, etter forprosjekt i 2007/08. Prosjektet går ut på å samle og anvende kunnskap om trekkmønster, vandring og arealbruk til hjort i Hordaland og litt inn i Sogn, som grunnlag for meir målretta og stammeretta hjorteforvalting m.m. I samsvar med prosjektskildringa vart det GPS-merka 53 hjort i 2009 og 30 i 2010, (73 hjort i Hordaland og 10 i Sogn). Lokal forankring og medverknad er viktig i prosjektet. Prosjektet er initiert og styrt av offentleg og privat forvalting og omfattar 32 kommunar i Hordaland og 4 i Sogn. Prosjektet er eit spleiselag mellom kommunane, grunneigarar, statleg forvalting og no fylkeskommunal, og eigeninnsats frå blant andre Bioforsk og universitetet i Oslo. Prosjektet fekk i fjor tilskot på kr 200 000 frå posten til hjortevilttiltak. Sogn og Fjordane fylkeskommune har i år gitt tilskot på kr 41 000 til prosjektet. Status og utfordringar i den lokale viltforvaltinga (hjort) er eit prosjekt der stiftinga Norsk Hjortesenter ønskjer å gjennomføre ei spørjeundersøking retta mot dei kommunale viltforvaltarane, for å få oversikt over status og utfordringar i den kommunale hjorteviltforvaltinga i fylket. Kommunane må kunne følgje opp for å sikre god forvalting av hjortestamma, og det er i stor grad fylkeskommunen som no skal fylle støttefunksjonen for kommunane slik at dei kan drive viltforvalting av høg kvalitet. Norsk Hjortesenter er det nasjonale kunnskapssenteret for hjort og har gjennomført ei tilsvarande undersøking i Møre og Romsdal, og har i 2010 også fått tilskot (kr 75 000 ) frå fylkeskommunen i Sogn og Fjordane for å gjere ei slik undersøking der. Prosjektet ville vore nyttig, men prosjektet Hordahjort bør prioriterast. Hordaland har mindre midlar til fordeling enn Sogn og Fjordane. Prosjektet har heller ikkje fått tilskot i Rogaland. Resultata frå gjennomført prosjekt i Møre og 5

Romsdal og Sogn og Fjordane vil bli lagt ut på Norsk Hjortesenter sine nettsider (www.hjortesenteret.no) Kvalitetssikring hjorteforvalting er eit prosjekt som er søkt gjennomført i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Prosjektet går ut på å gjere ei undersøking for å kvalitetssikre det arbeidet som har vore gjort med overgang til målretta og meir lokal hjorteforvalting, og undersøkje om arbeidet har fungert etter intensjonane. Fungerer til dømes bestandsplanane i storvalda etter føremålet og i kva grad vert målsettingane i dei oppnådd? Prosjektet er søkt gjennomført i regi av utmarkslaget i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, som etter avtale med Vestskog også jobbar med utmarksforvalting for Vestskog, dvs i Hordaland og Rogaland. Prosjektet er tenkt gjennomført ved at fylkeskommunane i dei tre fylka dekkjer kvar sin tredjedel av kostnadene. Prosjektet synest å vere litt overlappande med den omsøkte spørjeundersøkinga i prosjektet Status og utfordringar i den lokale viltforvaltinga. 3.2 Søknader om tilskot til lokale vilttiltak (kap. 1425 post 71.3), sum kr 100 000. Det har kome 7 søknader, sjå tabell nedanfor. Føreslåtte tilskot i kolonna lengst til høgre må sjåast i samanheng med kolonna Anna tilskot, som alt er gitt av Fylkesmannen. Søkjarar - lokale vilttiltak Prosjekt Kostnad SF Skogeigarlag Høgskolen i Telemark Driftsplanprosjekt, Småvilt i vest 3 000 000 Adferdsøkologisk forskning på bever 612 000 Anna finansiering frå: Søknadssum Anna* ) tilskot Tilskot Grunneigarar, 3 fylkesk. 250 000 45 000 18 fylkesk. 306 000 0 Vaksdal kommune Prosjekt storfugl i Hordaland 20 000 Eigne 10 000 10 000 NJFF-Hordaland NJFF-Hordaland NJFF-Hordaland NJFF-Hordaland Informasjonsblad om jakt og fiske i Hordaland 50 000 Informasjonsside om jakt, fiske, og friluftsliv på internett 40 000 Ulike kvinnearrangementer i Hordaland 81 000 Undervisning i jakt, fiske og friluftsliv i skulane 940 000 Fiskefondet 20 000 5 000 15 000 Fiskefondet 10 000 5 000 5 000 Deltakaravg. Fiskefondet 30 000 15 000 15 000 Skule, Fiskefondet 60 000 50 000 10 000 Sum søknader Lokale vilttiltak 4 743 000 686 000 100 000 *) Kolonna Anna tilskot er tilskot i 2010 frå Fylkesmannen (fiskefondet). Driftsplanprosjekt, Småvilt i vest er tenkt som eit 3-årig prosjekt (2010-2013), som Sogn og Fjordane Skogeigarlag, utmarksavdelinga ønskjer å gjennomføre felles i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Prosjektet skal setje fokus på forvalting av småvilt og heve kompetansen på området, der lite er gjort på Vestlandet, då hjorteviltforvalting har vore prioritert. Prosjektet skal utvikle og heve kvalitet og kvantitet på tilbod av småviltjakt på marknaden. Prosjektet er tverrfagleg og kombinerer forvalting og næringsutvikling. Prosjektet er tenkt finansierast ved at dei tre fylka dekkjer 25% av kostnadane kvar, samt at deltakande grunneigarar i prosjektet dekker dei siste 25%. Av dei andre fylkeskommunane har Sogn og Fjordane gitt kr 50 000 i tilskot. Med eit mindre tilskot også i Hordaland vil prosjektet kunne gjennomførst til redusert omfang, med mål om å peike på viltressursar (hønsefuglar, hare, ender, sjøfugl, pelsvilt) som kan gje grunnlag for auka jakt og såleis auka inntektsgrunnlag frå utmark. Dette må skje gjennom høg kvalitet på grunneigarane si viltforvalting, der tiltak som taksering og andre kartleggingar vert nytta for å finne status på bestandane og følgje utviklinga over tid. 6

Adferdsøkologisk forskning på bever er eit forskingsprosjekt ved Høgskolen i Telemark, der ein ønskjer å finne ut meir om beveren sin genetikk og atferdsøkologi, slik at det kan utførast betre forvalting av arten. Prosjektet er knytt til beverprosjektet - eit langtidsstudium av bever i tre elvar i Telemark som har føregått ved høgskulen sidan 1992. Omsøkte tilskot er tenkt nytta til å dekke kostnader ved gentesting, kjøp av dataloggarar og GPS. For tida er det ikkje opna for jakt på bever i nokon kommunar i Hordaland, og inntil nyleg har beveren vore fråverande i fylket. Men det er venta at beveren innan kort tid vil vere fast etablert i alle fylka. I følgje retningslinene for tilskotsposten (jf. rundskriv T-1/09), er det søknader på fylkesnivå som skal sendast til fylkeskommunen, og søknader frå forskingsinstitusjonar skal sendast Direktoratet for naturforvalting. Prosjekt storfugl i Hordaland går i 2010 ut på å kartleggje nye leiklokalitetar, overvaking og bestandsutvikling av enkelte kjente leikar, registrering av inngrep i leikområder i heile Hordaland. Aktuelle leikområde vil bli valgt ut i samarbeid med Fylkesmannen. Prosjekt storfugl starta opp i 2008 med økonomisk støtte frå Fylkesmannens miljøvernavdeling. I følgje Fylkesmannen, ville dei normalt ha løyvd kr 10 000 som omsøkt. Kommunar tilhøyrer ikkje målgruppa for tilskotsordninga. Her er det likevel snakk om at fagperson i kommunen gjer viltkartlegging innanfor og utanfor kommunen, og at tilskot vil gå til rapportering som ikkje vert dekka av kommunen. Informasjonsblad om jakt og fiske i Hordaland er eit blad som NJFF-Hordaland har gitt ut sidan 1999. Bladet inneheld informasjon om f.eks. lover og forskrifter for jakt og fiske, om kurs, informasjon om aktuelle saker som vedkjem jakt og fiskeinteresserte, informasjon om arrangement for barn og mykje meir. Bladet (16 sider) har eit opplag på 6000 (5500 adressatar), og kjem ut med to nummer i året. Bladet vert sendt ut gratis pr post for å nå dei fleste jakt- og fiskeinteresserte i fylket, dvs til kommunar, offentleg miljø- og landbruksforvalting, aviser, lokalradio, media elles, lokallag av NJFF, andre jeger- og fiskarlag, sportsbutikkar, NJFF-medlemmer mfl. Tilskot vil gå til dekking av trykkings- og portoutgifter. Informasjonsside om jakt, fiske, friluftsliv på internett er ei side som NJFF-Hordaland driv. Sida vert oppdatert jamleg med aktuell informasjon om jakt, fiske, friluftsliv, miljønyhende, nyhende frå forsking og frå offentleg miljøforvalting, sjå www.njff.no/portal/page/portal/hordaland. Det er søkt om tilskot til dekking av utgifter til leige av serverplass, breidband, programvare, m.m. Kvinnearrangement i Hordaland i 2010: NJFF-Hordaland har dei siste åra drive aktivt for å få fleire kvinner interessert i jakt, fiske og friluftsliv og har eigen kvinnekontakt i fylkesstyret. Ho arrangerte i fjor fleire helgesamlingar for kvinnelege jegerar og fiskarar med over 100 deltakarar, og hadde helger med småviltjakt, sjøfiske og laksefiske, alle med overnatting, mat og instruksjon. Arbeidet har gitt resultat i form av fleire kvinnelege jegerar og fiskarar. I dag er rundt 1/3 av alle jegerprøvekandidatane i bynære strøk i Hordaland kvinner. Det er planlagt minst like mange samlingar i 2010. Tilskot vil gå til kjøp av forbruksmateriell, reisekostnader, m.m. I følgje forventningsbrevet frå Miljøverndepartementet til fylkeskommunane for 2010, vil eit viktig arbeid vere oppfølging og bidrag inn i dei prosessar som følgjer av den nye, overordna Strategi for forvaltning av hjortevilt (DN-rapport 8-2009). Der ser ein for seg behov for rekruttering av fleire jegerar, og at det er viktig med ei brei rekruttering som vender seg til andre grupper enn tradisjonelt involverte, og at det er ei spesiell utfordring å rekruttere kvinner, ungdom og grupper av menneske frå urbane strøk. Undervisning i jakt, fiske og friluftsliv i skulane er eit tiltak som NJFF-Hordaland har drive med sidan 1998. Målsetjinga er å gje ei innføring i våre nasjonale tradisjonar for eit friluftsliv, der fiske, jakt og turar i skog og mark høyrer med. Tilbodet vert i dag nytta av skular i kommunane Fjell, Øygarden, Sund, Kvam, Bergen, Askøy og Fusa. I dag er det tre fast tilsette instruktørar. Prosjektet vil i 2010 utgjere ca tre årsverk. Skulane betalar løn til instruktørar, mens NJFF-Hordaland finansierer forbruksmateriell m.m. ved hjelp av tilskotsmidlar og sponsing frå næringslivet. 7

4. Sluttvurdering, tilråding Føreslåtte fordeling av tilskot er vist i forslaget til vedtak i saka. Det pågåande Hordahjort -prosjektet er ei relativt stor satsing, med brei oppslutning, der det vert framskaffa konkrete data om hjortens trekkmønster og årsleveområde. Dét er data som vil danne grunnlag for meir kunnskapsbasert hjorteviltforvalting, gjerne med større og meir naturgitte vald. Satsinga på Hordahjort -prosjektet gjer at det vert for lite midlar til å støtte dei to andre prosjekta. Føreslåtte tilskot til lokale vilttiltak vil bidra til at fem av sju prosjekt får tilskot som omsøkt. I tillegg vil det truleg vere råd å få interessante resultat av driftsplanprosjektet for småvilt, sjølv om det må gjennomførast til redusert omfang. 8