Sluttrapport. Rehabilitering /forebygging. BIKUBA. Prosjektnummer 2005/3/0379. Prosjektleiar Berit Kvalvik. Lhl Radøy.



Like dokumenter
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Eksempel frå Stord kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vinje kommune. Sluttrapport

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

«Ny Giv» med gjetarhund

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Informasjonshefte Tuv barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Frå novelle til teikneserie

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Til deg som bur i fosterheim år

Stryn kommune 1

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Månadsbrev for ROSA mars 2015

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Sandeid skule SFO Årsplan

Foreldregruppe i barnehagen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Metodiske verktøy ved kursleiing

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Finnøy og Rennesøy kommunar

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Innovasjonsmetoden vår

Psykologisk førstehjelp i skulen

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Mestring og deltaking heile livet

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Trygg og framtidsretta


Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Plan for overgangar. for barn og unge

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Resept for eit sunnare FørdeF

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Møteprotokoll for møte i

Team Hareid Trygg Heime

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Tenk Alternativt 2015

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Transkript:

Sluttrapport. Rehabilitering /forebygging. BIKUBA Prosjektnummer 2005/3/0379 Prosjektleiar Berit Kvalvik. Lhl Radøy. Landsforeningen for Hjerte og lungesyke 1

Innhald : side Forord 3 Samandrag 4 Kapittel 1: Bakgrunn for prosjektet/ målsetting 5 Innleiing 5 Historikk 5 Målsetting 5 Målgrupper i prosjektet 5 Opprinnelig framdriftsplan 6 Opprinnelig økonomiplan 6 Kapittel 2: Prosjektgjennomføring/ metode 7 Gjennomføring av delmål 1 7 Gjennomføring av delmål 2 7 Gjennomføring av delmål 3 7 Gjennomføring av delmål 4 8 Gjennomført prosjektaktivitet. (evt. endringer) 8 Kapittel 3: Resultater og resultatvurdering 9 Delmål 1: Kontakt med mulege samarbeidsparter/informere 9 Vurdering av tiltaka Delmål 2: Rehabilitering Gamledoktargarden/endringer 10 Andre møteplasser i Radøy 10 Vurdering av tiltaka 10 Delmål 3: Fysiske rammer for aktivitetane 10 Delmål 4 : Rekruttering av frivillige 10 Prosjektets økonomiske resultat 10 Nytteverdien 10 Informasjon om prosjektet i kommunen 10 Kapittel 4: Oppsummering/konklusjon/vidare planer: 11 2

Forord : Denne rapporten fortel om prosjektet BIKUBA, som har vore gjennomført i perioden 2006 2007. Målet med prosjektet har vore å skapa ein møteplass der menneske med ulik bakgrunn kan møtast, og ha det triveleg saman.. Me har vektlagt førebygging, rehabilitering, fellesskap og sosialt samvær. Prosjektet er gjennomført av LHL Radøy, i samarbeid med Frivilligsentralen og Lions i Radøy. Rapporten vil ta for seg bakgrunnen, målsettinga og kva metoder me har nytta for å nå måla. Den vil og visa kva resultat me oppnådde, og planane våre vidare. Prosjektgruppa har vore : Berit Kvalvik. Leiar LHL-Radøy (prosjektleiar.) Oddbjørg Dragøy. Kasserar LHL- Radøy. Laila Pletten. Dagleg leiar Frivilligsentralen.(Kjersti M. Olsvold var vikar ein periode) Erling Haugland. Styreleiar Lions Radøy. Norvald Elvik. LHL Radøy. Prosjektgruppa har hatt eit godt samarbeid med Radøy Kommune og tilsette ved Sosialavdelinga og Psykisk Helse. Me har nytta oss av fagpersoner i møter og som forelesere. Tusen takk for positiv støtte og hjelp. Takk og til musikkreftene i kommunen som har tilført tiltaka våre så mykje, og har stilt opp saman med oss gjenom heile prosjektet. Likeeins vil me takka prosjekteigar LHL, fordi dei sende søknaden vår vidare til Helse og Rehabilitering, og til prosjektkoordinator, Gunveig Eide, som har gjeve oss nødvendig informasjon og oppfølging i prosjektarbeidet. Hjarteleg takk til stiftelsen Helse og Rehabilitering, som ved Extra-midler gjorde det mogeleg for oss å gjenomføra prosjektet. Dei nye tilboda me har skapt vil utvikla seg vidare, og framleis vera positive for ibuarane i Radøy. 3

Rehabilitering /førebygging Prosjekt BIKUBA Prosjektnummer 2005/3/0379 Landsforeninga for hjarte og lungesjuke. Prosjektleiar : Berit Kvalvik.LHL-Radøy. Samandrag Hausten 2004 vart det vedteke i styret for LHL-Radøy, at vi ville prøva oss på prosjektarbeid. Me hadde mange idear om dette, og sjølvsagt delte meiningar. Prosjektet me enda opp med var retta mot rehabilitering og førebyggjande arbeid. Eit arbeid som LHL sin organisasjon har prioritert i mange år. Gleda var stor då me hausten 2005 fekk tildelt midler til prosjektet vårt frå Helse og Rehabilitering. Me hadde gjort ein del sonderingar i forhold til eventuelle samarbeidspartar, og med stor iver og optimisme starta me prosjektet 1/1/2006. Målet var eit aktivitetssenter /møteplass der førebygging og rehabilitering var viktige nøkkelord. I tillegg vekta me sterkt den sosiale og mellommenneskelege sida av saka. Me ville skape tilbod der me saman kunne gje kvarandre kveik og ein betre kvardag. Gjenom eit utbreitt samarbeid ville me visa at felles løft kan gje gode resultat, også i mindre kommunar. Saman med Lions og Frivilligsentralen gjennomførte me prosjektet frå 2006 til 2007. I tillegg har me møtt velvilje frå kommunen, lag og organisasjoner i Radøy. Me har og motteke positive bidrag frå kulturpersonar, musikkrefter og andre. Gamle Doktargarden på Manger har vore basen vår, her går lungetrimmen og strikkekafeen fast kvar veke. Også stavgangsgruppa starter herfrå. Elles har me flytta ein del av tilboda rundt i kommunen. Dette fordi enkelte av tiltaka trong større plass, og for å nå i fleire folk.. Etter kvart har me hausta god erfaring, utveksla tanker og ideer og funne greie løysingar. Ved deltaking på kurs/opplæring, føler me at prosjekarbeidet har tilført oss kunnskap som kan nyttast vidare. Vårt ynskje om samarbeid på tvers er bekrefta. Responsen frå ibuarane i kommunen har vore stor, dei forskjellige tiltaka har skapt inntresse. Prosjektgruppa ser difor eit potensiale for vidare utvikling. 4

Kapittel 1. Bakgrunn for prosjektet/målsetting. Innleiing: LHL Radøy har etter kvart mange års drift bak seg. Det er eit lag som har engasjert seg i å informera om og legge til rette for betre tilbod til folk med helseproblem. Særleg dei med diagnose innan hjarte og lungesjukdom. Hovedorganisasjonen i LHL har endå betre kjennskap til dei forskjellige behova for desse pasientgruppene. Gjennom ei sterk organisering, fleire institusjonar og regionskontor,er dei ei god støtte for dei lokale laga. Ved kurs og opplæring får me god innsikt i korleis me kan hjelpa kvarandre, både ved likemannsarbeid og på andre måter. Historikk. Ideen til prosjektet vårt fekk me ved å delta på eit kurs om prosjektarbeid. Dette verka som ein spanande måte å arbeide på, og styret / laget gav grønt lys for å gå i gang. Me ynskte eit sterkare samarbeid mellom dei forskjellige lag/organisasjonane og med etater/ administrasjonen i kommunen. Det var stor einighet i laget vårt om at samarbeid, tryggleik og betre livskvalitet var noko me gjerne ville oppnå. Det vart utarbeidd ein søknad til Helse og Rehabilitering i januar 2005. Hausten 2005 fekk me tilsagn om midler, og prosjektperioden skulle vera frå januar 2006 til Desember 2007. BIKUBA vart namnet på prosjektet. Prosjektet var retta mot ibuarane i Radøy, der ein uformell møteplass med variert innhald var eit ynskje. Etter samtaler med ordførar og rådmann fekk me avtale om å bruka Gamle Doktergarden som base. Dette var eit gamalt hus, som trong noko oppussing. På sikt kunne det utviklast til eit aktivitetssenter. Målsetting. Me ville at BIKUBA skulle vera ein stad der menneske med ulik bakgrunn kunne møtast, trivast og delta i forskjellige aktiviteter. Målgruppe. Alle som bur i kommunen, innvandrarar og folk med ulike lidingar. Ei stor gruppe, men aktivitetane kunne omfatta alle. 5

Opprinneleg framdriftsplan.. Første halvår 2006 Informere lag/organisasjoner og kommunen ved møter. Presentere prosjektet. Lage brosjyre. Koma i gang med oppussing. Ferdigstilling av huset. Presentera tiltak igangsetting av tilboda. Andre halvår 2006. Finna frivillige og sette i gang tiltak. Skaffe nødvendig inventar. Siktemål 15 samlingar ved årsskiftet. Første halvår 2007.. Evaluera prosjektet. Velge ut/ finne nye aktiviteter. Rekruttera frivillige, eit arbeid som må gå heile tida. Informera, motivera frivillige. Auka nokre aktiviteter opp til to gonger for veka. Markedsføra /driva aktivitetane. Samling for frivillige. Andre halvår 2007. Velja tiltak/aktiviteter, igangsette. Samling for frivillige. Organisere vaktlister i forhold til aktivitetane. Gjera avtaler med eventuelle samarbeidsparter. Tilrettelegge for forankring og vidareføring av tiltaka når prosjektperioden er over. Evaluere og vurdere. Opprinneleg økonomiplan. Den opprinnelege søknaden var basert på eit treårig prosjekt. Målgruppa var stor, og omfanget av prosjektet kunne ta tid. Helse og Rehabilitering omgjorde søknaden til eit eitårig tiltak, med mogeleg sluttår i 2007. Me fekk tilsagn om 300.000 kr. Opprinneleg søknad var på kr.664 000. Dette skulle dekka delvis lønstilskot til prosjektleiar og kasserar, samt reisekostnader, honorar til forelesere, møteutgifter og kostnader knytt til planlegging og gjennomføring.. Det var og lagt inn trimutstyr, kjøkenutstyr / matriell, samt noko til utbetring i Gamle Doktargarden. 6

Kapittel 2. Prosjektgjennomføring/ metode. Prosjektet vart nøye gjennomgått av styret i LHL Radøy, og då mogelege samarbeidspartnarar sa ja til gå vidare, var me i gang. Prosjektgruppa vart sett saman slik : Prosjektleiar Berit Kvalvik, Leiar i LHL Radøy. Oddbjørg Dragøy, Kasserar i LHL Radøy. Laila Pletten, Leiar i Frivilligsentralen. (Kjersti Olsvold var vikar i ein periode.) Erling Haugland, Leiar i Lions Radøy. Norvald Elvik, Sekratær i LHL Radøy. (kom til litt seinare på året.) Denne prosjektgruppa var klar i januar. For å løysa husspørsmålet var prosjektgruppa i møte med ordførar og rådmann, for å avtale bruk av Gamle Doktargarden. På møtet kom det fram at det ikkje var klarert om huset skulle rehabiliterast eller rivast.. Avtalen vart at me kunne nytta huset inntil vidare. Det vart opplyst at nokre brukargrupper nytta huset til sine aktivitetar, nokre dagar i veka. Me gjorde difor avtalar med desse om kor tid me kunne disponere huset. Arbeidet med å markedsføra prosjektet og rekruttere frivillige var så i gang. Informasjon til lag og organisasjoner likeeins. Planen om å laga brosjyre vart endra. Me valde heller å bruka lokalavisene og oppslag. Gjennomføring av delmål 1. Me tok kontakt med andre lag/ organisasjonar i kommunen for å informere om prosjektet. Tilbakemeldingane var positive, og me fekk forståing og interesse for tiltaket. Ein del melde seg som frivillige. I staden for å lage brosjyre, valde me å bruke lokalavisene/ oppslag for å presentere prosjektet vårt. Dette kome me til etter drøftingar i prosjektgruppa, der me såg at det var naudsynt med jamleg markedføring. Ei brosjyre vert ofte lagt vekk etter kort tid. Gjennomføring av delmål 2. I prosessen om rehabilitering av Gamle Doktargarden, vart prosjektgruppa samde om å ikkje bruke særleg med midlar på huset. Dette på grunn av uavklart framtidig bruk. Ein del dugnadstimar vart likevel brukt til småreparasjonar og opp-pussing. Men tilretteleggjing av betre toalettforhold, gjekk me vekk frå. Prosjektgruppa prioriterete ikkje å bruke midlar til denne utbetringa. Gjennomføring av delmål 3. Ved evalueringa av prosjektarbeidet januar 2007, var fylgjande tiltak i gang i Gamle Doktargarden: - trimgruppe for eldre/lungesjuke. 1 føremiddag i veka- 6 til 12 deltakarar - gågruppe - strikkekafe. Spesielt retta mot ungdom og innvandrarkvinner. 1 ettermiddag i veka. 8-16 deltakarar. - matgruppe. Utveksling av matkultur frå ulike land. 3 samlingar. 16-20 deltakarar. 7

Til kvar aktivitet har me hatt 2-3 frivillige som har hatt ansvar for opplegget. Dei har lojalt stilt opp og tatt imot brukarane når dei har komt. Tilbakemeldingane har vore positive, og brukarane har gitt uttrykk for at dei trivs og at dei ser fram til neste gong. Tiltak i andre lokaler: - trim/seniordans. 2-3 gongar pr. månad. 25 deltakarar ved oppstart. No om lag 45. - syng-med-oss 4-5 gongar pr. år. Mellom 30 og 55 har møtt opp. - LHL-koret sang rundt på institusjonar. Om lag 1 gong pr. månad. Gjennomføring av delmål 4. Me har gjennom våre kontaktar rekruttert frivillige etter kvart som prosjektet har utvikla seg. Dei frivillige kjem frå Frivilligsentralen, LHL, Lions og frå nokre andre lag i kommunen. Prosjektgruppa har lagt vekt på å skape eit triveleg og godt miljø også for dei frivillige. Gjennomført Prosjektaktivitet. Første halvår 2006 : Kontakte samarbeidsparter,gjere avtaler. Møte i prosjektgruppa i februar. Drøfting av planer/ moglege tiltak. Synfaring av Gamle Doktargarden. Samtaler med brukargruppene av huset (Psykisk Helse og BF). Informasjon ut til andre lag i kommunen. Møter. Informasjon i LHL- laget vårt. Presentasjon av tanker og ideer. Andre halvår 2006: Verving av frivillige. Kjøpe inventar/trimutstyr. Sette i gang med tiltak. Seniordansen vidareført, ynskje om å danse oftare, vart imøtekome. Trimgruppe, gågruppe, strikkekafe oppstarta. Syng med oss og lite LHL-Kor er i gang. Kontinuerleg info gjenom lokalavisene om tilboda våre.. Samling for frivillige. Det vart eit travelt år, med mange samlinger i 2006. Men positive tilbakemeldingar gav prosjektgruppa inspirasjon og glød til å stå på. Første halvår 2007. Syng med oss har vore eit tiltak der interessa har vakse heile vegen. Trimmen kvar onsdag går fast. Gågruppa er ikkje aktiv vintertid. Strikkekafe i Gamle Doktergarden kvar onsdag. Her møter mange innvandrerkvinner, og dei har laga afrikansk mat.det er eit ynskje i prosjektgruppa å få til eit internasjonalt matkurs. Her er etter kvart mange forskjellige land og kulturar representert i kommunen. Dette kan vera eit framtidig tiltak. 8

Seniordansen veks, no møter 40-45 personer kvar gong. LHL-koret syng på institusjonane, etter som det høver. Ein gong på Haraldsplass sykehus /Sunniva klinikk i juni. Eit nytt samarbeidsprosjekt er i emning. PL arbeid- og opplæring skal starte kafe i Coop Mega, på Manger. Aktivitetane er mange,og det trengs fleire frivillige.det går likevel over all forventning, dei me spør er positive,og stiller når dei kan Fleire av dei frivillige er og med i Frivilligsentralen, og gjer eit imponerande arbeid. Andre halvår 2007. Prosjekta frå første halvår går vidare.bra aktivitet og oppslutnad. Samarbeid med fysioterapeut på sjukeheimen om felles trimaktiviteter og utstyr. Samarbeid med PL-opplæring om kafe i COOP MEGA er i havn. Kafeen opna 14.desember. Kafeen er meint som arbeidstrening for funksjonshemma. Desse to åra prosjektet har vart, syner stor aktivitet, og ein oppslutnad som er svært god. Tiltaka har vunne inntresse og dei som møter opp, ser ut til å trivast saman.prosjektgruppa ynskte å gjeva eit tilbod og skapa samarbeid på tvers av det offentlege / laga i kommunen. Kapittel 3: Resultat og resultatvurdering. Radøy er ein forholdsvis liten kommune, med 4600 ibuarar. Her er mange lag og organisasjoner, og dei fleste er medlemer av eit eller fleire lag. Eit av måla våre var å samla kreftene på tvers av spesielle inntresseområder, slik at me kunne utnytta ressursane til beste for oss alle. Prosjektgruppa var heile tida klar over at det var eit stort område me var innom. Utfordringane var store og mange, men arbeidet har vore spanande og interessant. På grunn av god støtte frå alle me vende oss til, vart det ei positiv oppleving for oss som gjekk direkte inn i prosjektarbeidet. Forelesarar, instruktørar og musikkrefter har stilt opp når dei har kunna, og tilført oss det som har gjort prikken over ien kvar gong. Prosjektet satsa på fellesskap og trivnad for flest mogeleg, noko me føler langt på veg er oppnådd. Det me ikkje har fått på plass er eit allaktivitetshus, som samlar alle tiltaka under eit tak. Slik situasjonen er no, ser me ikkje dette som mogeleg. Det er heller ikkje sikkert at det er det rette, kan hende når ein fleire slik det fungerer no. Gamle Doktargarden fungerer greit til aktivitetane me har der, så lenge huset står. Kommuneadministrasjonen veit om oss, og me reknar med å kunne delta i eventuelle husspørsmål framover. Delmål 1. Prosjektgruppa føler at me har sett fokus på samarbeid på ein positiv måte 9

Det vert lagt merke til prosjektet og det me har fått til. Deltakarane trivs og kjem attende gong etter gong. Me droppa det å laga brosjyre, men har markedsført oss gjennom lokalavisene og ved oppslag. Det verkar som tiltaka er godt kjent, at informasjonen har nådd folket. Delmål 2. Prosjektgruppa prioriterte å ikkje bruke midlar til større utbetring i Gamle Doktargarden. Årsaka til det er at framtidig bruk av huset ikkje er avklart. Delmål 3. Dei frivillige som har hatt ansvar for den enkelte aktiviteten har imøtekome brukarane på ein positiv og god måte. Noko som har resultert i at brukarane tilbakemelder at dei føler seg velkomne og finn seg godt til rette. Det at dei kjem att gong etter gong er og eit prov på dette. Delmål 4. Me har hatt god tilgang på frivillige. Ved å motivere og skape trivsel, har me ikkje hatt problem med å skaffe hjelparar. Det økonomiske resultatet. Første driftsåret var fokus meir på å få aktivitetar i gang enn å bruke midlar. Difor kunne me overføra pengar til sluttåret 2007.Av dei 300 000 kr. me fekk innvilga, overførte me 267 000 kr. frå 2006 til 2007. Nytteverdi for andre. BIKUBA har vist i praksis at går ein saman, kan ein også få ting til. Prosjektet har nådd ei gruppe menneske, som hadde behov for sosialt fellesskap og trivsel. Mange har tilbakemeld at dei ved å nytta BIKUBA har fått eit meir meiningsfullt liv. Dei har kome seg ut etter einsemd eller sjukdom. Andre seier at dei vil vere med i det positive miljøet som prosjektet har skapt. Hos oss som har delteke i prosjektet er det ingen tvil om at dette har nytteverdi langt ut over prosjektperioden. Me ser at dei møteplassane som er skapt, vil utvikla seg vidare. Me trur og at dette prosjektet kan koma andre grupper til nytte, her er potensiale /muligheter for dei som vil prøva. Informasjon ut til folket. Ved å bruka lokalavisene til annonsering og skriving om dei enkelte tiltaka, har alle i Nordhordland vorte kjende med prosjektet. Me har og vore innom ein del lag og fortalt om det me heldt på med. Samarbeidet me har utvikla med enkeltpersonar, lag /organisasjonar og kommunen har også markedsført prosjektet vårt. 10

Kapittel 4: Oppsummering / konklusjon/ vidare planer: Prosjektperioden vart avslutta pr. 31.12.2007 Respons og tilbakemeldingar har gjort at alle tiltaka vert vidareført. Prosjektgruppa tykkjer me har lært mykje i prosjektperioden. Me er og enige om at me har fått mykje til. Det er skapt møteplassar og gode miljø. Prosjektet har nådd målsetjinga ved å skape møteplassar,likeeins har me synleggjort at samarbeid gjev resultat. Dette hadde ikkje vore mogeleg om ikkje så mange ressurspersonar hadde slutta seg til prosjektet. Prosjektgruppa vil møtast i mars for å oppsummere og følgje opp utviklinga og vidareføra det arbeidet som er grunnlagt. Bilete frå trimmen i Gamle Doktargarden. 11