ÅRSMELDING 2011 VALLDAL IDRETTSLAG



Like dokumenter
ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Årsmelding 2013 Valldal Idrettslag

Referat frå styremøte i Valldal IL

ÅRSMØTE I V.I.L Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Årsmøte i V.i.L. 4. mars Klubbhuset på Omenås

Årsmøte Valldal Idrettslag 4. mars 2015

Årsmøte Valldal Idrettslag 21. mars 2018

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Årsmelding 2014 Valldal Idrettslag

Arbeidsplan 2014 Valldal Idrettslag

Årsmelding for O-gruppa 2015

VALLDAL IL REKNESKAP BUDSJETT REKNESKAP

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Årsmøte Valldal Idrettslag 23. april 2012

Årsmøte Valldal Idrettslag 2. mars 2016

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Styret har vore samansett slik i 2012 :

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Stemnehandboka for NKSF

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Uskedal Idrettslag ÅRSMELDING Foto: Espen Eik

Teknikk og konsentrasjon viktigast

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

ARBEIDSPLAN 2018 VALLDAL IDRETTSLAG

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ARBEIDSPLAN 2018 VALLDAL IDRETTSLAG

Årsmelding Internettsida til laget har fått ein fin form, og Norunn Skretting har ansvaret for å fylgja opp denne. Det har

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Drifta i år har gitt ei omsetning på vel 91000,- og der av eit overskot på ca ,-. Viser elles til rekneskapen og gjennomgangen av den.

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

Forslag frå fylkesrådmannen

Velkommen til. årsmøte!

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Strategiplan

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Årsberetning Fotballavdelingen årsmøte 2015 ÅRSBERETING 2014 FOTBALLAVDELING HEGRA IL

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Transkript:

ÅRSMELDING 2011 VALLDAL IDRETTSLAG Styret 2011 - Einar Hoel leiar Lars Bjarne Sandnes nestleiar Arvid Frostad kasserar Karianne Vestre Døving skrivar Yvonne Dale styremedlem, ansvarleg klubbhus Ellisiv Valdal Jarvik leiar fotball gruppa Magne Eivind Glomnes leiar friidrettsgruppa Kristi Linge Stakkestad leiar langrennsgruppa Liv Marit Indreeide leiar trimgruppa Inge Sunde Torkjell Bjørstad 1. varamedlem 2. varamedlem Styrearbeid - Det har vore gjennomført 7 styremøter sidan siste årsmøte. Det har vore godt oppmøte til styremøta og styret har stort sett vore fulltalig. Samarbeidet i styret er godt. Medlemstal For 2011 er det registrert 321 betalande medlemmar Representasjon Yvonne Dale er Valldal IL sin representant i Norddal Idrettsråd. Einar Hoel har møtt i styret for Valldal Samfunnshus. Einar Hoel har delteke på anleggsmøte i Møre og Romsdal Idrettskrets/Møre og Romsdal Fylke Valldal IL har delteke i dialogmøter for frivillige lag i Norddal kommune Arbeid gjennom året Arbeidsåret starta i samarbeid med Møre og Romsdal Idrettskrets med gjennomføring av startmøte. Dette vart gjennomført for å avdekke områder som det er nødvendig å arbeide med. Prioriterte områder ein kom fram til var organisering, kommunikasjon, rekruttering og anlegg. Det er arbeidd med skape ein vi-følelse med m.a. gjennom gjensidig informasjon og oppstramming av organisering. Nettsida til Valldal IL er reetablert og det er gjennomført ein slagord- /visjonkonkurranse som enda med vi kan-vi VIL etter forslag frå Ragnhild Hoel. Rekruttering ligg i mest i den enkelte gruppe. Frå september til mars var det idrettskule på samfunnshuset. Det vart gjennomført sandvolleyballskule med god oppslutning. På anleggsida er det utarbeidd framlegg om rehabilitering av kjøkken og delar av hovudetasje på klubbhuset. Det er gjennomført mindre dugnadsarbeid på Valldal stadion. Storfjord Helsesenter vert plassert på område der det har vore sandvolleyballbaner. Styret har bestemt å ta initiativ overfor Norddal kommune for å få dette erstatta med område på rådhusmarka.

Valldal Idrettslag er på Mobiletur som er eit samarbeid med Norges Idrettsforbund og Telenor. Aksjonen vert avslutta i mai 2012. Sparebanken Møre har tildelt laget hjartestartar som skal utplasserast på klubbhuset. Tilsette Det er tilsett reinhaldar på klubbhuset. Arbeid vert utført i samsvar med instruks. Det er avtale med vaktmester på klubbhuset for å utføre førefallande arbeid. Rekneskap vert ført ved Norddal Rekneskapskontor AS. Anna arbeid er basert på frivillig innsats. Arrangement Det vart arrangert marknad i april med god oppslutning. Marknadsnemnda var ansvarleg for dette Mefjellet opp vart gjennomført i juli med i alt 212 startande. Det er stadig aukande oppslutning. I 2012 er løpet eit av 7 arrangement som inngår i Norges Friidrettsforbund sin motbakkecup, NECONcup. Valldal IL var i april medhjelpar på aktivitetsdag på Samfunnshuset for personar med nedsett funksjonsevne Økonomi Økonomien i laget er god. 2011 hadde alle grupper overskot, og totalt hadde laget eit positivt resultat på om lag kr 181.000. Samla står det om lag kr 870.000 på bok. I 2011 er det gjort mykje godt arbeid i Valldal Idrettslag. Styret vil difor takke den enkelte som på ulike måtar har stilt opp for laget. Valldal 15.4.2012 Einar Hoel Lars Bjarne Sandnes Arvid Frostad Yvonne Dale Karianne Vestre Døving Ellisiv Valdal Jarvik Magne Eivind Glomnes Kristi Linge Stakkestad Liv Marit Indreeide

Årsmøte 16.04.12 Årsmelding Valldal IL, fotballgruppa Styret har vore slik samansett: Ellisiv Valdal Jarvik (leiar) Anders Rem (Nestleiar) Svein Magne Jemtegård (kasserar) Monika Lingås (sekretær) Knut Ove Myklebust (styremedlem) Vara: Hege Bjørstad og Tone Swampillai Oppgåvene har vore fordelte slik: Anders har vore ansvarleg for bane/anlegg. Monika har vore materialforvaltar. Knut Ove har hatt ansvar for kiosken. Svein Magne trakk seg frå styre i januar pga stort arbeidspress etter orkanen i jula. Hege har kome inn i styret etter dette. Vi har hatt ni styremøter i løpet av året i tillegg til ein god del kontakt på e-post og telefon. I sesongen 2011 hadde vi i utgangspunktet ti lag påmelde i serien, men måtte trekke det eine fordi for mange av spelarane slutta. For å motverke dette måtte alle i forkant av sesongen melde seg på at dei skulle vere med på fotball i 2012. I tillegg til at laga har spelt i serien, har dei også vore med på ein eller fleire cupar. Nytt av året er tilbodet om keepertrening som starta etter nyttår. For å få pengar i kassa har dette vore gjort: Sal av sparekort Sal av annonser i programbladet som kom ut til sesongstart 10 vakter på Kulå då Vassendgutane spelte til dans Sal av adventskalender (skrapekalender) Kiosksal ved kvar heimekamp Vi kjøper i desse dagar inn ny grasklippar til bana. Det er innkjøpt to 5-ar mål. Vi har søkt på støtte til div. føremål og fått dette tildelt: 50 000,- frå Sparebanken Møre til aktivitetsutstyr og grasklippar 13 500,- frå Tafjord til å kjøpe to 5-ar mål Spelemidlar til støtte for fotballmål ca. 7 500,- To draktsett frå Sparebanken Møre To draktsett frå Tafjord 30 drakter frå Gjensidige Vi har inngått klubbavtale med Intersport Rognve (Moa og Ålesund sentrum) som gir oss gode rabattar ved kjøp av utstyr (t.d. 30 % avslag på dei ca. 80 overtrekksdressane som medlemmar kjøpte

seg). «Medlemmar» i fotballgruppa får 20 % avslag ved kjøp av fotballutstyr i butikkane deira. Klubben sparer seg opp bonus slik at vi ein gong i året får ta ut dette i utstyr til ein verdi av 10 000,- Det er også inngått ein avtale med G-sport på Stranda. Her får alle «medlemmar» 20% rabatt ved kjøp av fotballutstyr. Det har blitt jobba for å ta oppatt den gamle tradisjonen med Valldalscup. Det blir ein miniversjon 25. august for årsklassene G12, G13 og J14. Spørsmålet om kunstgrasbane skal opp som sak på hovudlaget sitt årsmøte 23. april. Valldal, 15.04.12. Ellisiv Valdal Jarvik leiar i fotballgruppa, Valldal IL

ÅRSMELDING 2011FRIIDRETTSGRUPPA VALLDAL IL Styret i friidrettsgruppa har siste året hatt følgjande samansetjing: Magne Eivind Glomnes, leiar Heidi Erstad Hoel, nestleiar Kenneth Hovden, kasserar Torgeir Sunde, styremedlem Mette Hovden og Linda Lødøen har vore varamedlemar. Det har vore 1 felles styremøte med Liabygda og Stordal der friidrettscup og treningar har vore diskutert, og eitt formelt styremøte med to saker i friidrettsgruppa. I tillegg har det vore kontakt mellom styremedlemane i høve arrangement sommar og haust utan at styret har hatt formelle møter. Dei lokale arrangementa som er arrangert i Valldal er Valldal/Liabygda cup og Jordbærdilten. Friidrettsgruppa ved leiaren har elles vore representert i komiteen som har ansvaret for Mefjellet opp. Arrangement: Valldal/Liabygda cup: I 2011 samarbeidde vi med Liabygda IL og Stordal IL om friidrettscup. 6 cupar totalt; 2 i Valldal, 2 i Liabygda og 2 i Stordal. Samanlagt premie for 3 startar totalt. Det har vore bra oppslutning på heimebane, og 20 frå Valldal som fekk premie for deltaking i 3 cupar. Dette er betre enn dei to foregåande åra. Det vart ei enkel avslutning på klubbhuset i september med premieutdeling. Grendastafetten vart avlyst i 2010 etter at det har blitt vanskelegare for kvart år for mange krinsar å stille lag. Styret konkluderte også i 2011 med at det er vanskeleg å gjennomføre grendastafetten etter same mal som tidlegare. Jordbærdilten: Friidrettsgruppa arrangerte jordbærdilten også i år i samband med olsok. Det vart også i fjor delt ut T-skjorter med Jordbærdilten påtrykt og logoane til Norddal kommune og Valldal grønt som sponsorar. Valldal Grønt leverte jordbær og jordbær vart delt ut til alle deltakarane som tidlegare. I tillegg var det svært mange som bidrog med premiar til arrangementet. Jordbærdilten hadde i 2011 om lag same oppslutnad som året før med 300 deltakarar. I konkurranseklassen stilte 51 løparar. Premieutdelinga i trimklassen vart føreteke rett etter målgang. Det vart hengd opp plakat med vinnarnummera slik at alle kunne sjekke dette etter kvart. Premieutdeling i konkurranseklassa var samtidig med premieutdeling på rulleskistafetten.

Norddalstafetten I 2011 var det vår tur å arrangere Norddalstafetten. Denne vart gjennomført 28. august med svært god deltaking både frå eigne lag og Norddal og Eidsdal. Herrane og damene til Valldal fekk kvar sine napp i pokalen. Trening og aktivitet: Det vart i fjor forsøkt ein felles oversikt over treningar og cupar. Cupane fungerte bra, men dårleg oppmøte på treningane særleg frå Valldal. Når det gjeld deltaking utanfor lokalområdet har det vore labert også i 2011, men noko deltaking i motbakkeløp har det likevel vore. Økonomi: Økonomisk vart det i 2011 eit resultat heilt i ballanse. Styret takkar for seg og ønskjer vel møtt på friidrettsbana i 2012. Valldal 17. april 2012 Friidrettsgruppa Valldal IL, styret Magne Eivind Glomnes, Heidi E. Hoel, Torgeir Sunde, Kenneth Hovden

Årsmelding VIL Langrenn januar 2011 mars 2012 1. Innleiing Skisesongen 2011/2012 er over. Deltakinga i lokale renn og arrangement er god, men på kretsnivå og høgare er oppslutninga frå Valldal ikkje så stor. Gledeleg er det at vi har stor breidde og bruk av lysløypa gjennom den gode oppslutninga om skikafeen kvar torsdag i vintersesongen. 2. Organisering Styret: Kristi Linge Stakkestad leiar Aksel Indreeide nestleiar Magnhild Grønningsæter kasserar Magne Hoel styremedlem Turid E. Løvoll styremedlem Mette Hovden 1. varamedlem Per Jomar Nerli 2. varamedlem Alf Hoel har fungert som oppmann (ikkje medlem av styret). Undergrupper: Trakkemaskin Geir Myklebust koordinator fram til 03.02.2012 Magne Hoel koordinator frå 03.02.2012 Fridjon Døving Jostein Gjerde Terje Hoel Økonomi- / premienemnd Magnhild Grønningsæter Mette Hovden Turid E. Løvoll Treningsnemnd Jan Ole Fuglem Marian Myklebust Sunde Alf Hoel

Tilsynsgruppe lysløype Magne Hoel Kjell Vad Terje Nerhus Programbladnemnd Per Jomar Nerli Turid E. Løvoll Aud Lindis Ødegaard Representasjon Magne Hoel og Aksel Indreeide var utsendingar til kretstinget for Møre og Romsdal skikrets i mai 2011. 3. Økonomi Hovudtal 2006/2007 2007/2008 2008/2009 2009/2010 2011 Inntekter 350 053 344 134 401 548 382 565 470 341 Utgifter 318 840 345 870 425 236 304 562 418 601 Ved årsavslutninga har gruppa inneståande i bank kr 159 772 (31.12.11). I tillegg har langrennsgruppa verdiar i trakkemaskin, Skjeldalfres og snøscooter. Gruppa/hovudlaget har gjeld på ca kr 50 000 i samband med kjøp av trakkemaskin. Viktige inntektskjelder: - Olsokarrangement m/skruk-konsert - Sponsorar H.L. Muri AS Sparebanken Møre Gjensidige Indre Sunnmøre Branntrygdelag (fram til 30.09.2012) - Programhefte (annonsesal) - Inntekter på arrangement: matsal, startkontingent - Sal av julenek Dei største utgiftspostane: - Drift av utstyr og anlegg - Reisekostnadar - Startkontingentar - Premiar Elektronisk tidtakingssystem Etter innspel frå langrennssgruppa gjekk VIL hovudlaget til innkjøp av Emit tidtakingssystem i januar 2012. Dette var eit spleiselag mellom langrenn, friidrett og hovudlaget, og systemet er planlagt brukt på skirenn, Jordbærdilten og Mefjellet Opp. Kostnaden for utstyret inkludert

100 deltakarbrikker var om lag kr 100 000, og det er søkt til nokre instansar og skal søkast til fleire om støtte til innkjøpet. Olsok Styret i langrennsgruppa vedtok i desember 2011 å tilby hovudlaget å overta ansvaret for olsokarrangementet for ein prøveperiode på to år. Føresetnaden er at ein kjem fram til ei god og rimeleg fordeling av arbeid og økonomi, slik at langrennsgruppa kan halde fram med eit aktivitetsnivå om lag som i dag. 4. Aktivitet Trening Treningsopplegget har vore ganske likt det som har vore nytta dei siste åra. På vinteren har det vore tre treningar for veka, ei i klassisk for 10 år og eldre, ei fristil for 10 år og eldre og skileik for 6-10-åringar. Einar Hoel koordinerte treningane i 2011. Treningsnemnda hadde ansvar for treningsoppsettet i 2012. Det var ikkje organisert barmarkstrening for barn i regi av VIL i 2011, og heller ikkje samarbeid med naboklubbane om fellestreningar. Dette håper vi at vi kan få til i 2012. Innetrening på samfunnshuset og den uorganiserte barmarkstreninga (tysdagar i lysløypa) tok til i september. Kretslag Valldal IL hadde i 2011 tre løparar på kretslaget. Det var Trond Marius Vad, Anne Kristin Hoel og Lars Anders Hoel. For sesongen 2011-2012 var det berre Trond Marius som var med. Dette laget ser ut til å fungere bra. Dei er elevar ved Stranda skigymnas, som har eit nært samarbeid med kretslaget. Storfjordlangrenn Vi hadde i 2011-2012 med ein løpar i Storfjordlangrenn, Iver Matias Linge Glomnes. Team Aker Solutions Hans Martin Gjedrem har vore tilknytt dette laget sesongen 2011-2012. Materiell Langrennsgruppa disponerer 20 par skøyteski i lengder frå 145 til 170 cm til utlån. Skia er tenkt til aldersgruppa 8-12 år. Vi har og seks par rulleski til utlån. Gruppa har avtale med Noregs skiskyttarforbund om leige av tre rekruttvåpen. Desse har vore lite brukt i seinare tid.

Arrangement skirenn Valldal IL arrangerte 26.03.11 og 25.03.12 Sparebanken Møre cup i duatlon, begge gongar med om lag 130 deltakarar. I 2012 var dette det 6. og avsluttande rennet i cupen, med påfylgjande utdeling av samanlagtpremiering på samfunnhuset. I duatlon er begge stilartar representert, klassisk først med påfølgjande skibyte, og så avsluttar ein med friteknikk. Begge gongane har vi fått skryt for eit godt arrangement, og det i tillegg til at kretsen i fleire år på rad har lagt dette rennet til Valldal tek vi som ein honnør til det gode arbeidet som blir lagt ned. Laurdag 15. januar 2011 og søndag 29. januar 2012 var det sonerenn i Valldal. Sonerenna omfattar Stordal, Liabygda og bygdene i Norddal kommune. Renna vart begge gongane arrangert som skikross, der mange utfordringar som til dømes orgeltramp, portar, slalom, hopp og labyrint vart lagt inn i løypa. Ei spennande og anna form for skirenn for deltakarane. 90-100 deltakarar, hovudsakleg barn og ungdom, stilte til start begge åra, og renna har vore vellukka med mange positive tilbakemeldingar. Valldal Liabygda-cup/Telenorkarusellen er eit samarbeid mellom Valldal, Liabygda og Stordal. Seks renn vart arrangert både i 2011 og 2012, tre i Valldal og tre i Liabygda fordelt utover vinteren frå januar til mars. I 2011 var det 25 og i 2012 var det 41 deltakarar som gjekk minst fire av renna slik at dei gjorde seg fortent til samanlagtpremie. Premiar frå Telenor blei utdelt ved deltaking i minst to renn og det var det også mange som oppnådde. Valldalsmeisterskapen gjekk i 2011 i fristil søndag 3. april. Dei siste åra har det vore tradisjon for å leggje VM til skjærtorsdag, men sidan påska kom svært seint i fjor valde vi å gjennomføre rennet tidlegare. Dette gjorde at vi fekk færre gjesteløparar enn dei seinare åra. I 2012 blei VM lagt til palmesøndag 1. april. På grunn av ein mild mars månad såg det ei stund ut for at rennet måtte flyttast til Grønningsæter, men snøfall og låge temperaturar siste døgna berga løypene på Omenås. 95 deltakarar kjempa seg gjennom snøvêr og problematiske smøreforhold i klassisk stil. Dei klart største klassane i VM er barn under 8 år og herrar senior. Skikafe Både i 2011 og i 2012 har det vore skikafe kvar torsdag frå nyttår og fram til påske. Dette er eit positivt tiltak med svært god oppslutning! Det er mange som nyttar denne kvelden til ein skitur og ein prat over kakao- eller kaffikoppen etterpå. Det er eit godt system for arbeidsfordeling, så kafeane går om lag av seg sjølv. Vintertrim Både i 2011 og i 2012 vart det som tidlegare år sett ut fire vintertrimpostar; Alstadsætra, Høghaugen Gjerde, Klovset og lysløypa. Postane stod ute til april, og premiar vart trekt mellom dei som hadde besøkt postane. Skiskytingens dag Dette har ikkje vore markert dei to soste åra.

Marknad Sesongane vart avslutta med marknad på samfunnshuset der langrennsgruppa har sine oppgåver. Det var også premiering av Valldal-Liabygda cup og utdeling av uttrekkspremiar for vintertrimmen. Sommararrangement Valldal IL (hovudlaget) arrangerte Mefjellet opp søndag 24. juli med god deltaking. Helga etter var det Olsok i Valldal. Ein tradisjon som har vart i 20 år. Også innhaldet er tradisjonelt, med rømmegraut, grillmat, vaflar og jordbær, Jordbærdilten, rulleskistafett og underhaldning. For tradisjonelt meiner ein del, men publikum møter opp att kvart år, nok til å gje langrennsgruppa eit bra overskot på arrangementet. Nytt av året var at vi var arrangør for ein konsert med SKRUK i Sylte kyrkje fredag kveld. Heile 270 personar møtte opp og fekk ei fin oppleving - og gav oss eit lite overskot i kassa. Stordalshelga Fire løparar frå VIL deltok på barmarkssamlinga for 10-16-åringar i Stordal i oktober. Neste gong håper vi det blir endå fleire! 5. Prestasjonar resultat Valldal IL har dei siste åra vore representert på mange ulike nivå innan vinteridrett. Frå Europa-cup i skiskyting til Valldalsmeisterskapen i langrenn. Hans Martin Gjedrem har stilt til start i skiskyting både her heime og ute i Europa. For sesongane 2010-11 og 2011-2012 deltok Trond Marius Vad, Lars Anders Hoel, Anne Kristin Hoel og Iver Matias Linge Glomnes både på kretsnivå og i regionale og nasjonale meisterskap og cupar. Mange små og store løparar har stilt til start på sonerenn, i Valldal Liabygda-cup og på VM. Ein gjeng damer frå VIL har dei to siste åra hatt ei god oppleving etter å ha delteke i det store jenteskirennet Ingalåmi på Lillehammer først i mars. Mellom mange tusen deltakarar i Birkebeinarrennet fann vi ein minibusslast frå Valldal både i 2011 og i 2012. Ambisjonane er ulike, men alle er nok godt nøgd når dei 54 kilometerane er unnagjort. 6. Avslutning Mange har hatt gode treningsøkter og fine opplevingar i lysløypa i vinter. Sjølv om vi ikkje har så mange deltakarar i renn på kretsnivå og høgare, så har vi god breidde av små og store som brukar løypene i vinterhalvåret. Det er flott at så mange er i fysisk aktivitet og finn glede i å gå på ski. Vi ser også fleire unge lovande løparar som kan gå føre og få oss opp til gamle høgder igjen, og vi håper og ønskjer at skisport i Valldal også i tida som kjem vil stå sterkt.

Heilt til slutt vil vi rette ein stor takk til alle som har hjelpt og støtta oss på ulike måtar det siste året. Utan innsatsen dykkar hadde det ikkje gått! Dette gjer at vi framleis har ei sterk og livskraftig langrennsgruppe i Valldal IL som kan gjennomføre små og store arrangement. Valldal IL, langrenn, april 2012 Styret Kristi Linge Stakkestad Aksel Indreeide Magnhild Grønningsæter Magne Hoel Turid E. Løvoll

Årsmelding Trimgruppa Valldal IL 2011 Styre for 2011 var sett saman slik: Leiar: Nestleiar: Skrivar: Kasserar: Styremedlem: Varamedlemmar: Valnemd: Liv Marit Indreeide (siste av 2 år) Dagrun Rem (første av 2 år Kristin Hjelme (siste av 2 år) Lillian Hoel (første av 2 år) Lena Solberg (siste av 2 år) Nelly Ytterli (for 1 år) Svein Ove Døving (for 1 år) Kristin Kjerstad Håseth (1 år igjen) Kjell Hoel (for 2 år) Linda Myren (for 2 år) Repr. til hovedstyret: Repr. til Jordmormarsjen: Liv Marit Indreeide Lena Solberg Nelly Ytterli Det har vore fleire styremøte gjennom året. Ulike saker har vorte handsama. I tillegg har det vore ein del kontakt styret imellom gjennom bl.a. telefon og e-post. Aktivitetar gjennom året: Vaskedugnad klubbhuset 07.05.11 Trimgruppa stilte med 2 personar i samband med nedvask av klubbhuset. Utedugnad klubbhuset 14.05.11 Trimgruppa stilt på med 1 person i samband med dugnaden ute. Sykkletrim 15.05.12 Av ulike årsaker vart sykkeltrimmen arrangert litt seinare enn normalt dette året rettare sagt 15. mai. Til tross for at Trollstigen vart opna nokre dagar før, gjekk sjølve avviklinga av sykkeltrimmen fint ingen dramatiske trafikksituasjonar oppsto det vi veit. Det var fint vêr denne dagen, og mange var med å sykla (om lag 150 stk.). Som vanleg var det sal av vaflar, pølser, is, kaffi, saft og brus inne på klubbhuset. Ute var det laga til hinderløype for ungane. Som hovudpremie hadde vi ein Fuji sykkel, samt gåvekort og ein del småpremiar. Morten Krågebakk demonstrerte stell og bruk av sykkel. Vekas tur 24.06.11 Trimgruppa var ansvarleg for éin vekas tur i 2011. Turen gjekk til Vardefjellet.

Jordmormarsjen Valldal IL v/trimgruppa sat i styret saman med Eidsdal/Norddal Røde Kors, Eidsdal Helselag, Eidsdal Idrettslag og Norddal Idrettslag. Valldal IL hadde ansvar for tre frukt- og drikkestasjonar (Onilsavatnet, Tafjord Friluftsbad og Skjegghammaren), samt hjelpe til med sal av div. nede i Muldalsvika sjølve marsjdagen. Der har vore ein rekkje møter i førekant av Jordmormarsjen. Julerunden 28.12.11 Grunna mykje anna som føregjekk same dagen, var det dårleg oppmøte. Fint vêr. Sal av faklar, kaffi, vaflar, gløgg og saft inne på klubbhuset etter marsjen. Trekkinga av div. småpremiar. Marknad 14.04.12 Trimgruppa fekk i oppdrag å stå for lynlotteri denne gongen. Her stilte vi med 3 personar, i tillegg 1 person som hjalp til i førekant av marknaden, og 2 personar til opprydding etter marknaden. Trimpostane 2011 Vi følte tida var inne for å gjere noko nytt. Vi valde ut 12 fine turmål i nærområdet. Turmåla gav ulik poensum (1, 3 eller 5 poeng) utifrå tidsbruk og vanskegrad. Vi skifta ut dei fillete turbøkene som låg ute med nye solide bøker med tjukke permar. I tillegg hang vi opp nye solide, vasstette turkasser på alle postane. Tanken vår var at bøkene skulle kunne liggje ute heile året. Kvar bok/trimpost var utstyrt med ein unik kode. Vi fekk trykt opp turkort som vi selde på MiniRimi og Spar. På turkorta var alle turmåla lista opp med plass til å føre på dato og kode. Då var det berre å begynne å sanke poeng. Premiering utifrå antal turar, poeng, samt uttrekkspremiar blant alle som deltok. Mange positive tilbakemeldingar! Godt sal av turkorta. Storfjordnytt fekk jobben med å utforme flygeblad og turkort. Dei trykte opp turkorta, medan flygeblada kopierte vi sjølve. Distribusjon av flygeblad med kart og omtale av dei ulike turane gjorde vi på dugnad. Dei nye, flotte turkassene fekk vi med Verdsarvstiftinga. Møter i hovudstyret, Valldal IL Leiar i trimgruppa har delteke på nesten alle møter i hovudstyret. Trimgruppa sine faste arrangement har vore greitt gjennomførte. Sidan trimgruppa ikkje har noko medlemsmasse å ta av, fell det meste av arbeidet på styret. Det er likevel mogleg for styret å ta initiativ til andre arrangement, t.d. i samarbeid med andre lag. Styret vil takke alle som har hjelpt til og støtta oss i 2011. Vel møtt til trim i 2012! Valldal, 19.04.12 Trimgruppa i VIL, styret Liv Marit Indreeide Dagrun Rem Kristin V. Hjelme Lena Solberg Lillian Hoel