Nybygget er planlagt med 16 728 kvm. til forretningar i to plan, 7775 kvm. parkering i underetasje og eit ventilasjonsanlegg på 605 kvm.



Like dokumenter
Høyring - Kystruta Bergen - Kirkenes Ny konkurranseutsetting

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Arkivsak Arkivnr. 313 Saksh. Døskeland, Inge. Fylkesutvalet

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Granvin herad Sakspapir

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

HØYRINGSUTTALE - BRUFORSKRIFT FOR FYLKESVEG

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

HØYRINGSUTTALE - FORVALTNINGSREFORMA LOVFORSLAG

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Finansiering av dei offentlege fagskolane

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Tove Halse Digernes Hans Olav Myklebust SP Idar Henning Vatne Karen Høydal FRP

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Forslag frå fylkesrådmannen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Wenche Volle Medlem FRP Petter B Bjørdal Medlem AP Hanne Stokke Medlem AP

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Vår ref. 2012/ Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan - 70/3, 5 - Årsnes - Norsafe AS

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

«Nordhordland kommune»

HØYRINGSSAK - FRAMLEGG OM NY LOV OM LÆRING UTANFOR DET FORMELLE UTDANNINGSSYSTEMET

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Transkript:

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon 55 23 99 42 Telefaks 55 23 99 49 Etne 19. februar 2009 Hordaland fylkesutval sitt møte i Etne 19. februar 2009: Vil gje klarsignal til Coop-bygg i Åsane Hordaland fylkesutval går inn for at Coop Åsane skal få klarsignal til å reisa eit næringsbygg i Myrdalsvegen 18. Vedtaket er gjort med 12 mot 3 (SV, Sp, V) røyster. Nybygget er planlagt med 16 728 kvm. til forretningar i to plan, 7775 kvm. parkering i underetasje og eit ventilasjonsanlegg på 605 kvm. Forslaget som fylkesutvalet vedtok vart sett fram av Terje Søviknes på vegner av Frp, H, KrF og Ap. I vedtaket heiter det at fylkesutvalet har vurdert søknaden etter Fylkesdelplan for senterstruktur, service og handel, og vil etter ei heilskapsvurdering gje slik høyringsfråsegn i saka: 1. Hordaland fylkeskommune kan ikkje sjå at etablering av omsøkte tiltak med nybygg av forretning/salslokale ved Åsane Senter er i strid med Fylkesdelplan for senterstruktur, service og handel, og vil såleis rå til at tiltaket vert godkjent. 2. Med bakgrunn i at tiltaket ligg innanfor sentrumsområdet S3 i kommunedelplan for Åsane Sentrale delar, der detaljhandel og store arealkrevjande handelstilbod kan lokaliserast, har Hordaland fylkeskommune ikkje merknader til at det vert dispensert frå plankravet om reguleringsplan for tiltaket.. Vedtaket inneheld også ein del om framtidig handsaming av tilsvarande søknader. Fylkesutvalet legg til grunn at høyringar etter kjøpesenterforskrifta, med vurdering etter Fylkesdelplan for senterstruktur, service og handel, heretter vert handsama i fylkesutvalet etter innstilling frå kultur- og ressursutvalet. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen fremja saka som skisserer prosess for mogleg rullering av Fylkesdelplan for senterstruktur, service og handel. Andre saker: 23/09 Tiltak for arbeid - oppfølgjing av regjeringa sin krisepakke

Innstilling til fylkestinget: (17.-18. mars) Fylkestinget viser til St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, der det er forslag om ekstraordinær løyving til Hordaland fylkeskommune. Fylkestinget sluttar seg til fylkesrådmannen sitt forslag om fordeling av det mellombelse tilskotet til vedlikehald og rehabilitering med om lag 1/3 til fylkesvegvedlikehald og om lag 2/3 til vedlikehald av fylkeskommunale eigedommar. Budsjettet for 2009 vert endra slik: Driftsbudsjettet: Meirutg./ Mindreutg./ Stad Art Tekst mindreinnt. meirinnt. 10 300 410 00 11000 Vedlikehald fylkesvegar 27 000 000 10 300 410 00 17290 Fylkesvegar momskompensasjon 500 000 10 310 220 00 13700 Bilruter 1 900 000 10 600 780 00 13700 Lærlingtilskot 18 030 000 10 700 100 00 18700 Skatt 29 300 000 10 700 200 00 18000 Rammetilskot 60 400 000 10 700 300 00 17000 Andre generelle statstilskot 78 148 000 10 720 300 00 17280 Momskompensasjon frå investeringar 1 000 000 10 775 500 00 12303 Ekstraordinært vedlikehald - tiltakspakke 47 700 000 10 790 100 00 15400 Avsetjing til disposisjonsfond 14 918 000 10 790 100 00 15700 Overføring til investeringsrekneskapen 5 000 000 141 948 000 141 948 000 Investeringsbudsjettet: Stad Art Prosjekt Tekst Meirutg. Meirinnt. 10 634 020 00 02320 00 02114 Knarvik vgs. varme/vent.anlegg 5 000 000 10 634 020 00 09700 00 02114 Knarvik vgs. - overf. frå drift 5 000 000 5 000 000 5 000 000 24/09 Høyringsuttale - "Forvaltningsreformen - høringsnotat med lovforslag om fylkeskommuners oppgaver i folkehelsearbeidet" 1. Fylkesutvalet er samd i at det er behov for lovfesting av folkehelsearbeid i fylkeskommunane, men meiner det er uheldig at lovframlegget blir sett på som ei mellombels lov som seinare kan forankrast i enten kommunehelsetenestelova eller tannhelselova. Det bør i staden bli arbeidd med ei meir omfattande lov om folkehelse der ansvar, myndigheit, oppgåver og verkemidlar i det helsefremmande og førebyggjande arbeidet inngår, og samanhengane mellom dessa blir synleggjort. Forskriftsheimlane må fjernast og alle lovpålagte oppgåver må heimlast utelukkande i lova. 2

2. Ei frivillig oppgåve som blir gjort lovpålagt må oppfattast som ei ny oppgåve. Nye lovfesta oppgåver må følgjeleg ha eiga finansiering. 3. Fylkesutvalet er samd i at fylkeskommunane skal ha ansvar for den regionale partnarskapen for folkehelse. Men ei rekkje av dei problemstillingane som fleirtalet i Kommunal- og forvaltingskomiteen ønska å utgreie er ikkje fokusert eller diskutert i høyringa. Høyringsnotatet gir også i liten grad dekkande bilete av det viktige folkehelsearbeidet som skjer i regi av fylkeskommunane. Samtidig undervurderast innsatsen til fylkeskommunar, kommunane og dei frivillige lag og organisasjonar som har sitt virke gjennom partnarskap. Det er beklageleg at høyringsnotatet ikkje får fram at viktige delar av folkehelsearbeidet må forankrast i lokal- og regionaldemokratiet. 4. Fylkeskommunane bør få eit rådgjevings- og rettleiingsansvar overfor kommunane i det heilskaplege folkehelsearbeidet. Eit rettleiingsansvar heimla i plan- og bygningslova er ikkje tilstrekkeleg til å ivareta behovet innanfor folkehelsefeltet. Det same rådgjevings- og rettleiingsansvaret bør fylkeskommunane få overfor frivillige organisasjonar, men då som eit frivillig tilbod. Vidare bør fylkeskommunane få ansvar for å gjennomføre regelmessige befolkningsundersøkingar om helsetilstanden og sentrale påverkingsfaktorar, og fylkeskommunane må forplikte seg til å samordne arbeidet slik at det blir mogleg å samanlikna data. 5. Skal ein lukkast med å få vitalisert det lokale folkehelsearbeidet, må det eit økonomisk løft til som gjer det mogleg å investere i framtidig folkehelse. 6. Midlar til dei regionale folkehelsepartnarskapane bør overførast til fylkeskommunane, som igjen har ansvar for å koordinere og leie partnarskap. Fylkeskommunane vil såleis også kunne spele ei rolle i målretta innsats for å utjamne helseforskjellar i dei kommunane kor behova er størst, og til å samarbeide om å løyse helseutfordringar på tvers av kommunegrensene. 7. For å kunne løyse folkehelseoppgåvene må fylkeskommunen ha tilstrekkelege ressursar og fagkompetanse. Det vil vere behov for fleire stillingar i kvar fylkeskommune. Den statlege finansieringa må reflektere dette. 25/09 Høyringsuttale - forvaltningsreforma lovforslag 1. Fylkesutvalet er samd med Samferdselsdepartementet i at det er behov for ei lov som kan sikra at det vert ei smidig og ryddig overføring av rettar og plikter ved gjennomføringa av forvaltningsreforma. Det er viktig å hindra at kontraktar vert terminerte og at viktige vegprosjekt vert stogga eller forseinka. 2. Fylkesutvalet føreset at staten i samband med overføringa/omklassifiseringa gjev fylkeskommunane full økonomisk kompensasjon for å utbetra dei vegstrekningane som ikkje har god nok teknisk standard - i samsvar med 7 i vegloven. Desse 3

midlane må øyremerkast dei einskilde prosjekt. Fylkesutvalet føreset at det i tida framover vert gjeve tilstrekkjeleg med midlar til å sikra at ferjene stettar krava i lover og forskrifter og krav til universell utforming. 3. Fylkesutvalet vil også understreka at kontraktar som Statens vegvesen inngår eller forlengjer før 2010, ikkje må leggja opp til auka standardar eller auka økonomisk omfang, utan at det skjer i nært samarbeid med den aktuelle fylkeskommunen. Fylkeskommunane må frå 2010 ha tilstrekkjeleg handlingsrom til å tilpassa og utforma samferdselspolitikken innanfor eige fylke innanfor overordna nasjonale rammer. 4. Fylkesutvalet vil rå til at garantiansvaret etter ordninga om betinga refusjon vert overført til vegeigar, og at dette vert kompensert. 5. Fylkesutvalet er samd i dei føreslegne endringane i vegloven 2 (om namneendring), 52 (om registrering i grunnboka), 29 (om byggegrense) - og at ein ikkje endrar klagereglane i vegloven 11. 6. Fylkesutvalet legg til grunn at fylkeskommunane vert takststyresmakt for fylkesvegferjene i samsvar med det finansielle ansvarsprinsippet. 7. Fylkesutvalet er kritisk til at samferdselsdepartementet kjem med pålegg og instruksar for korleis fylkeskommunane skal byggja ut, vedlikehalda, drifta og forvalta det framtidige fylkeskommunale vegnettet - inklusive tunnelar, bruer og ferjer. For sterke sentrale føringar vil verka undergravande for forvaltningsreforma som ei lokaldemokrati reform. Fylkeskommunen føreset at dei sjølve kan velja arbeidsform og intern organisering i samsvar med prinsippet om rammestyring. Fylkesutvalet går difor i mot dei føreslegne endringane om forskriftsfesting i a) Vegtrafikkloven 40a b) Vegloven 16 c) Vegloven 62 8. Fylkesutvalet legg til grunn at ressursar til strategisk planlegging og utgreiingsarbeid vert tilført direkte til fylkeskommunane og ikkje til ein sams vegadministrasjon i Statens vegvesen. Ved ein slik modell vert det eit klårare skille mellom bestillar og utførar. Fylkeskommunane må bli styrka med ressursar knytt til bestillarfunksjonen, strategisk/overordna planlegging, utbyggingspakkar, budsjett, ferjedrift og klagehandtering. 9. Fylkesutvalet rår til at vegdistrikta i Statens vegvesen vert endra slik at dei følgjer fylkesgrensene og at leiar av fylkesvegkontora bør ha tilstrekkjelege fullmakter i høve til kontakten med fylkeskommunen. 10. Fylkesutvalet rår til at fylkeskommunane overtar ansvaret for å godkjenna bompengepakkar som gjeld lokale og regionale vegar. 11. Fylkesutvalet legg til grunn at det vert avklara kven som skal ha ansvar for drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar langs fylkesvegnettet og korleis dette skal kompenserast. 4

26/09 Fylkesplanprogram 2009 1. Fylkesutvalet vedtek fylkesplanprogram for 2009 med følgjande fordeling: Folkehelse: Prosjektleiar universell utforming kr 300.000 Kultur: Fylkesdelplan museum kr 350.000 Kulturminne Hardangervidda kr 200.000 Transport: Fylkesdelplan Hamn kr 100.000 Miljø, areal: Landskapet i Hordaland kr 425.000 Friluftsområde vidareføring kr 50.000 Ny plan- og bygningslov kompetanse kr. 50.000 Fylkesdelplanar: Fdp Hardangervidda kr 350.000 Fdp Småkraft kr 150.000 Diverse: mindre tiltak kr 9.000 I alt kr 1.984.000 2. Fylkesrådmannen får fullmakt til mindre justeringar av budsjettet etter behov. 27/09 Fylkesdelplan for Hardangervidda - fastsetting av planprogram - ny handsaming 1. Fylkesutvalet i Hordaland vedtek Planprogram for Fylkesdelplan for Hardangervidda datert 28. januar 2008. 2. Ein føreset parallelle vedtak i Hordaland fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune og Telemark fylkeskommune. 29/09 Høyringsuttale - NOU 2008:18 Fagopplæring for framtida Fylkesutvalet støttar vedlagde kommentarar til Karlsen-utvalet med følgjande endringar: Alternativ til teksten s. 54, midt på sida, Justering av lærlingtilskuddet : Finanskrisa kan få stor verknad på talet av læreplassar. Justering av tilskot kan vere eit tiltak for å motverke ei negativ utvikling. 1. Lærlingtilskotet til bedrifter må gjennomgåast og eventuet justerast til faktiske driftsutgifter. 2. Fylkesutvalet går ikkje inn for differensiert tilskot. 30/09 Høyring - Framlegg til endringar i forskrift om godkjenning etter lov om fagskuleutdanning Hordaland fylkeskommune har ingen merknadar til Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til endringar i forskrift om godkjenning etter lov om fagskuleutdanning. 35/09 Årsmelding 2008 Klagenemnda Innstilling til fylkestinget: 5

Fylkestinget tek klagenemnda si årsmelding for 2008 til orientering. 36/09 Etne kommune, reguleringsplan for bustadområde Osnes gnr 14-1 offentleg ettersyn Motsegn 1. Etne kommune har store verdiar knytt til kulturminne og norsk riksdanning. Kulturminna er eit viktig vitnesbyrd om Etne som eit sentralt maktsenter i forhistorisk tid. 2. Fylkesutvalet er positiv til utvikling av området, men fremjar motsegn til planen slik den no ligg føre av omsyn til automatisk freda kulturminne, - slik at Hordaland fylkeskommune kjem i dialog med Etne kommune om naudsynte avgrensingar i planen. 37/09 Status og vidare planar for folkehelsearbeidet i Hordaland fylkeskommune 1. Fylkesutvalet tar status om Handlingsprogram for folkehelsearbeid 2007-2008 og folkehelsearbeidet til orientering. 2. Handlingsprogram for folkehelse 2007 2008, vert forlenga ut 2009. 3. Det vert starta arbeid med kunnskapsoppsummering/kartlegging av folkehelse i Hordaland som skal danna grunnlag for vidare utvikling av mål og strategiar for folkehelsearbeidet. 4. Skulehelsetenesta er eit viktig men underprioritert område. Hordaland fylkeskommune vil gjera utvikling av ei god skulehelseteneste for sine elevar til eit satsingsområde innan folkehelseområdet. Dette må skje i nært samarbeid med primærkommunane som har det formelle ansvaret. Fylkesutvalet ber om eit oversyn over tilbodet ved dei ulike vidaregåande skulane. 38/09 Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009 1 Fylkesutvalet vedtar Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2009 og disponering av verkemidlar slik det går fram av saksførelegget. 2 Fylkesutvalet vil følgje utviklinga i Hordaland med omsyn til finans- og marknadskrisa, og vil fortløpande vurdere relevante initiativ eller tiltak relatert til denne. 3 Fylkesutvalet vil påpeika dei vidaregåande skulane si rolle innan regional utvikling. Fylkesutvalet ber om at det vert vurdert midlar frå RUP til skulane si satsing innan ungt entreprenørskapsarbeid. Fylkesutvalet minner også om at fagopplæring og lærlingplassar vil stå for store utfordringar grunna finans- og marknadskrisa. Desse bør i så måte viast stor merksemd i det regionale utviklingsprogrammet. 4. Fylkesutvalet ber om at ein og må auka fokuset på samferdselsprosjekt og næringsutvikling i distrikta. 5. Utgreiinga om Kulturelt Utviklingsprogram (KUP) for Hordaland vert lagt fram til politisk behandling som eiga sak. 6

40/09 Offentleg ettersyn av reguleringsplan for Storetveit hovedgård, Bergen kommune. Motsegn 1 Storetveitåsen har stor verdi som friluftsområde og området er mykje nytta som leikeareal for nærliggjande skuler og barnehagar. Forslag til reguleringsplan for Storetveitåsen vil føre til omdisponering av delar av regulert friområde ved Storetveitåsen, i strid med areal- og miljømål nedfelt i Fylkesplanen. 2 Planframlegget er ikkje tilfredstillande når det gjeld krav til utforming av felles uteoppholdsareal. Planframlegget tek ikkje i tilstrekkeleg grad omsyn til barn og unge sine interesse og er i strid med fylkesplanen. Det er knytt motsegn til dette punkt. 3 Planlagt byggjeområde mot sør vil verke skjemmande på landskapsområde kring kyrkja og opplevinga av kyrkja og kyrkjegarden som kulturmiljø. Reguleringsplanen tek såleis ikkje omsyn til naboskapet til kyrkja. Ut frå omsynet til nyare tids kulturminne må område B1 takast ut av planen. Det er knytt motsegn til dette punkt. Fylkesutvalet finn ikkje at reguleringsendringa for Storetveitåsen vil vere i konflikt med regionale omsyn. 4 Trafikktilhøva er allereie i dag svært vanskelege. Vegen er smal og kan vanskeleg utvidast. Dette óg talar sterkt mot utbygging. 42/09 Planprogram for reguleringsplan for fylkeshuset, Wigandgården og tomt i Vestre Strømkai 1 Fylkesutvalet tilrår at arbeidet med regulering av området Fylkeshuset, Wigandgården og ubebygd tomt ved Vestre Strømkai vert vidareført i samsvar med planprogrammet. 2 Fylkesutvalet ber om at det særleg vert lagt vekt på å innarbeida klimaomsyn både i planen og konsekvensutgreiinga. 3 Fylkesutvalet føreset at det vert lagt til rette for god tilgjenge gjennom universell utforming, gang- og sykkeltransport og samband til kollektivterminalar. Parkering for privatbil må avgrensast i samsvar med klimamål. 4 Tilbygg til fylkeshuset skal tilføra bymiljøet positive arkitektoniske kvalitetar og bidra til å skapa eit levande og tilgjengeleg område. Det skal leggjast til rette for at fylkeshuset skal ha ei utforming som samsvarar med funksjonen som sentralt knutepunkt for regional forvaltning. 5 Planarbeidet må ta omsyn til området sin kulturhistoriske verdi og einskildelementa som har særleg kulturminneverdi. 7

6 Fylkesutvalet ber om at forslag til plan vert lagt fram for fylkesutvalet før det vert sendt på offentleg høyring. 43/09 Planprogram for kommuneplan - rullering av arealdelen i Sund kommune Høyringsfråsegn Fylkesutvalet tilrår at planprogrammet for kommuneplan for Sund vert godkjent. Fylkesutvalet ber om at fylgjande tema i større grad vert vektlagt; samordna areal og transportplanlegging, folkehelse, havbruk, kulturminne og landskap. 44/09 Endring i energilova fråsegn 1 Fylkesutvalet er positiv til forslaget til endringar i energilova. Det er viktig å ha kontroll med den sentrale samfunnsmessige infrastrukturen som kraftnettet representerar. Forslaget kan vere lekk i arbeidet med å sikre oppgradering av nettkapasiteten slik at dette ikkje verkar hemmande på utvikling av ny fornybar kraftproduksjon. 2 Fylkesutvalet vil framheva at det ikkje er godtgjort i kor stor grad auka nettkostnader som følgje av ny produksjon eller nye store forbrukseiningar skal kompenserast. Det er ikkje er akseptabelt at utgiftene ved auka produksjon skal berast av det kraftproduserande utkant-noreg. 45/09 Nordre Bjorøyna gnr 50-11, 502 - Reguleringsplan - Fjell kommune Motsegn Planområdet råkar tre automatisk freda kulturminne; ein steinalderlokalitet og to funnområde. Tiltaket er i konflikt med nasjonale kulturminneinteresser. Reguleringsplan alternativ 1 vil verta sendt Riksantikvaren med tilråding om dispensasjon frå Kulturminneloven 8.4 ledd slik at denne kan godkjennast. Fylkesutvalet fremjar motsegn til alternativ 2 for reguleringsplanen grunna konflikt med kulturminne. 48/09 Kommunedelplan Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra - Kvinnherad planprogram fråsegn Fylkesutvalet tilrår at det framlagde planprogrammet for kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra i Kvinnherad vert godkjent. 52/09 Kystruta Bergen - Kirkenes - høyring av grunnlag for ny konkurranseutsetjing 1. Fylkesutvalet ser det som særs viktig å halde ved lag tilbodet kystruta representerer, med Bergen-Kirkenes som snuhamner. Eit levedyktig tilbod er avhengig av eit 8

utgangspunkt i ein storby som kan fungere som knutepunkt for både gods og passasjerar. Samstundes tilseier marknadssituasjonen at det ikkje er rom for å utvide ruta ytterlegare i utstrekning. 2. Heile strekninga (Bergen - Kirkenes) bør leggjast ut som eitt anbod, ikkje delast opp i strekningsvise pakker. Kystruta må sjåast som eit samla, heilskapleg tilbod. 3. Fylkesutvalet understrekar at ein grunnføresetnad for at alle partar skal nyte godt av dei funksjonane kystruta representerer, er at tilbodet er bedriftsøkonomisk berekraftig. Fylkesutvalet støttar derfor innspelet frå Landsdelsutvalget om at ein kan redusere talet anløp i vintermånadene frå sju til fem anløp per veke. 4. Fylkesutvalet legg til grunn at det vil vere positivt for Hordaland å halde på dagens anløpsstruktur med 34 hamner, men at det er viktig å vurdere justeringar dersom dagens struktur ikkje kan forsvarast ut frå bedrifts- og samfunnsøkonomiske kostnader. Ein eventuell reduksjon av talet på hamner må vurderast nøye på bakgrunn av oppdaterte data over person- og godstrafikk i dei einskilde hamnene. 5. Kystruta har og stor betydning for godstransport til og frå Hordaland. Det er derfor viktig at kystruta også i framtida tilbyr eit stabilt, konkurransedyktig og forutsigbart tilbod om godstransport. Fylkesutvalet støttar innspelet frå Landsdelsutvalget om å vidareføre dagens kapasitet på 250 europaller per skip. 6. Fylkesutvalet understrekar at fartøya må tilfredsstille krava til universell utforming, jf. diskrimineringsloven som tok til å gjelde frå 1. januar 2009. Anbodskriteria bør og gje insitament til å ta i bruk utsleppsreduserande teknologi. I tillegg bør fartøya ha termorom (kjøle-, fryse- og varmekapasitet). 7. Ei utlysing om ny avtale bør leggje til grunn eit langvarig samarbeid. Her er mellom anna omsynet til brukarane viktig, og kontinuitet er eit forhold som bør leggjast vekt på. Det vil vere naturleg å vidareføre ein avtaleperiode på 10 år. 8. Krava til passasjerkapasitet i dagens kontrakt er 400 passasjerar og køyekapasitet til 150 passasjerar. Fylkesutvalet ser dette som eit minimumskrav i høve til dagens situasjon og behovet i åra framover. 53/09 Kunstprosjekt / utsmykking Bybanen Vedtak. 1. Fylkesutvalet ser det som svært viktig at Hordaland fylkeskommune utviklar kunstprogram/utsmykking knytt til Bybanen. Bybanekunsten skal vere med på å gjere folk meir medvetne om kvalitetane i våre felles møtestader og uterom, og gje ytterlegare kvalitetar og profilering til banen. 2. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen arbeide vidare med kunst/utsmykking av Bybanen. 3. Det skal setjast krav til at det vert nytta miljøsertifisert materiale i utsmykkingane. 4. Fylkesutvalet vil be fylkesrådmannen leggja til rette for at lokale kunstnarar og lokale materiale bør nyttast i utsmykkingsarbeida. 56/09 Søknad om samtykke etter kjøpesenterforskrifta - nybygg av forretning ved Åsane senter 9

Fylkesutvalet tek fråsegn i brev av 07.01.2009 frå fylkesrådmannen om samtykke etter kjøpesenterforskrifta for nytt næringsbygg ved Åsane senter til orientering. 57/09 Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009 og Høyring - Forslag til endring av forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009 1. Fylkesutvalet tilrår at det vert delt ut fem nye løyve for laks og aureoppdrett i Hordaland. Fylkesutvalet er positiv til at eitt eller fleire av dei økologiske løyva også kan verte tilgodesett regionen. 2. Fylkesutvalet tilrår at ein primært skal fordele løyva på fleire aktørar, men at ein skal kunne ha høve til å tildele fleire løyver til ein aktør om dette er best ut i frå ei heilskapeleg vurdering. 3. Fylkesutvalet meiner det er rett å oppretthalde ei ordning med vederlag for løyve. Fylkesutvalet rår til at konsesjonsvederlaget vert delt mellom fylkeskommunane og vertskommunen for styrking av oppdrettskommunane i høve til kystsoneplanlegging, utvikling av betre forvaltingssystem, arbeid med marin næringsutvikling, miljø med meir. 4. Fylkesutvalet stør prioritering av små og mellomstore verksemder ut frå ynskje om å behalde mest mogleg av verdiskapinga i lokalsamfunna. 5. Fylkesutvalet ynskjer tildelingskriterium for prioritering av søkjarar som bidreg til avleia lokal verdiskaping. Dette treng ikkje berre vere avgrensa til direkte bearbeiding av fisk. Fylkesutvalet ynskjer at slik prioritering skal vere basert på dokumentasjon. 6. Fylkesutvalet er positiv til å nytte tildelinga som verktøy for å løyse utfordringar knytt til Pancreas disease (PD sjukdom) i samarbeid med næringsorganisasjonane. 7. Fylkesutvalet ynskjer å stimulere økologisk produksjon og rår til at vederlaget for desse løyva vert redusert frå 8 til 5 mill kr for delvis å kompensere for lågare fortenestemarginar i ei oppstartsfase. 8. Fylkesutvalet meiner gjeldande fylkesplan ikkje er eigna for lokale akvakulturvurderingar. Det vert derfor tilrådd breie konsulteringsrundar med fylkespolitiske vedtak som fylkeskommunalt vurderingskriterium. Vidare ser fylkesutvalet ikkje trong for dokumentasjon av dei fylkespolitiske vurderingane ut over det som gjeld i høve til vanleg fylkeskommunal sakshandsaming. 9. Fylkesutvalet meiner fire veker er for knapp tid til fylkeskommunal fråsegn om akvakulturløyve i 2009. 58/09 Høyringssak - Framlegg om ny lov om læring utanfor det formelle utdanningssystemet 1. Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune meiner framlegget til overordna mål for området er konstruktive og vil særleg peika på dei demokratiske og samfunnbyggande verdiane i måla. Studieforbunda har ei viktig rolle i opplæringstiltak som ikkje er bunden av læreplanar på område som kultur, likeverd, deltaking og demokrati. Utvalet vonar studieforbunda vil utvikla ein mangfaldig og brei opplæringsaktivitet tufta på dette 10

grunnlaget og meiner at ei nedre aldersgrense for deltakarar på 14 år er tenleg for å halda fokus på desse oppgåvene. 2. Fylkesutvalet stør ikkje departementet sitt ønskje om større einingar og går såleis imot høgare minimumsgrense for omfanget på det einskilde forbundet sin aktivitet. 3. Fylkesutvalet stør framlegget til namn på lova som greitt fortel om det virkeområdet lova regulerer, og som gjev referansar til Tronutvalet sitt utgreiingsarbeid til grunn for lova. 11