STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYR AV SÅRBARE PERSONAR 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 3. juni 2014
1. Innleiing Utviklingshemma og born i førskulealder er sårbare av fleire grunnar. Det er vanskeleg å oppdage overgrep mot dei, og dei syner sjeldan tydelege reaksjonar og teikn på opplevde overgrep. I tillegg er dei sårbare i avhøyr, både fordi dei kan ha vanskar med å setje ord på det dei har opplevd, og fordi dei har vanskar med å hugse over tid, og kan vere meir utsette for påverknad. Også mange andre persongrupper er sårbare i politiavhøyr. Grunnen til at ein berre har teke med utviklingshemma og born i førskulealder i denne utdanninga, er at desse to gruppene høyrer inn under dommaravhøyrsordninga, jf. føresegna om dommaravhøyr og observasjon. Utviklingshemma og born i føreskulealder utgjer ikkje ei homogen gruppe, men felles for begge er at førebuingsfasen er særs viktig. Kvart avhøyr må tilpassast ut frå den kognitive mognaden til kvart enkelt born og den kognitive utviklinga til den utviklingshemma. Utdanninga i avhøyr av sårbare personar er eit påbygg til dei andre avhøyrsutdanningane ved Politihøgskolen, og gir 10 studiepoeng. Modellen for avhøyrsutdanninger omfattar følgjande utdanningar: Avhøyr av sårbare personar 10 studiepoeng Avhøyr av born og ungdom 15 studiepoeng Fellesmodul i avhøyr 10 studiepoeng 2. Føremål Føremålet med utdanninga er å medverke til at polititilsette har særskilt kompetanse til å gjennomføre avhøyr med høg kvalitet av førskuleborn og personar med utviklingshemmingar. Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av sårbare personar 2014 Side 1
3. Målgruppe og opptakskrav 3.1. Målgruppe Målgruppa er politietterforskarar som har avhøyr av born og ungdomar som ei av sine primæroppgåver, og som også skal avhøyre sårbare personar. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. 3.2. Opptakskrav Søkjarane må. ha politihøgskole-/politiskoleutdanning. vere tilsette i politi- og lensmannsetaten. ha minst fem års etterforskingspraksis. ha bestått studiet Vidareutdanning i avhøyr av born og ungdom. ha gjennomført minst 50 avhøyr av born i løpet av dei tre siste åra Det er ein fordel om søkjaren har gjennomført vidareutdanning i etterforsking av vald og seksualbrotsverk (etter gamal studieplan 1 ), eller i etterforsking av grov vald og drap eller etterforsking av seksualbrotsverk (etter nye studieplanar 2 ). Talet på gjennomførte avhøyr må vere dokumentert. Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå krava om fem års praksis, tal på gjennomførte avhøyr og at alle avhøyra må vere av born. 1 Før juni 2012 2 Godkjent høvesvis 6. juni 2012 og 28. august 2012 Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av sårbare personar 2014 Side 2
4. Læringsutbyte 4.1. Generell kompetanse Etter avslutta utdanning kan studentane syne større innsikt og tryggleik i rolla som avhøyrar ta sjølvstendig ansvar for gjennomføringa av avhøyr av førskuleborn og utviklingshemma identifisere og vurdere etiske dilemma i arbeidet forstå verdien av vitskapeleg forankra kunnskap og korrekt bruk av lovverket ved avhøyr av førskuleborn og utviklingshemma 4.2. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap på innføringsnivå om hugsen til born i førskulealder konsekvensar av vald og traume hos born i førskulealder ulike nivå av utviklingshemming dei vanlegaste typane av utviklingsforstyrringar utviklingshemma og seksualitet sårbarheitsfaktorar aksepterte supplerande kommunikasjonsmetodar Etter gjennomført utdanning har studentane utdjupa kunnskap om sentrale psykologiske utviklingstrekk hos born i førskulealder tilknytingsteori og -forstyrringar juridiske utfordringar i avhøyr av utviklingshemma og små born Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av sårbare personar 2014 Side 3
4.3. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning kan studentane samarbeide med barnehus og andre relevante instansar under førebuing, gjennomføring av og oppfølging etter avhøyr nytte innhenta kunnskap om føresetnadene hos kvart enkelt born og utviklingshemma ved førebuing og gjennomføring av avhøyr vurdere den språklege utviklinga og behova til den som vert avhøyrt tilpasse avhøyret og metoden ut frå dei særskilde behova til den som vert avhøyrt nytte teikning og andre supplerande kommunikasjonsmetodar 5. Organisering og arbeidskrav Studiet er lagt opp som deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på seks månader. Utdanninga tek om lag 280 timar. Dette omfattar deltaking i undervising, rettleiingsøvingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Samlingane utgjer inntil 70 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Ei nettbasert læringsplattform vert nytta til administrering og pedagogisk gjennomføring av studiet. Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av sårbare personar 2014 Side 4
Arbeidskrav Før studentane kan ta eksamen, må dei få godkjent følgjande arbeidskrav: Vitje ein institusjon for utviklingshemma, og (om mogleg) gjennomføre eit dommaravhøyr av ein person med utviklingshemming. Studenten skal skrive eit refleksjonsnotat om anten besøket eller dommaravhøyret (inntil 1200 ord). Gjennomføre eit avhøyr av eit barn i førskulealder før siste samling. Studenten skal inkludere den påtaleansvarlege i førebuinga og evalueringa av avhøyret. Det skal skrivast eit refleksjonsnotat etter gjennomført avhøyr (inntil 1200 ord). 6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein munnleg eksamen som tek utgangspunkt i eit dommaravhøyr av eit barn i førskulealder eller ein person med utviklingshemming. Dette dommaravhøyret skal gjennomførast etter siste samling. Karakterane er bestått / ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1. Obligatorisk pensum (593 sider) Blindheim, A. (2011). Kronisk traumatiserte barn. I U. Hjeltne & P.Ø. Steinsvåg (Red.), Barn som lever med vold i familien. (s. 74 80). Oslo: Universitetsforlaget. (6 sider). Brandtzæg, I., Smith, L. & Torsteinson, S. (2012). Mikroseparasjoner: Tilknytning og behandling. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: kap. 5, s. 133 194 (61 sider). Cederborg, A.-C. (2009). Att intervjua barn med intellektuella och neuropsykiatriska funkionshinder. Lund: Studentlitteratur. (80 sider). Davik, T. & Langballe, Å. (2013). «Du får gjøre det så godt du kan...»: Utfordringer og dilemmaer ved avhør av barn i førskolealder. Lov og rett, 51(1), 3 20 (18 sider). Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av sårbare personar 2014 Side 5
Eggen, L., Fjeld, W., Malmo, S. & Zachariassen, P. (2014). Utviklingshemning og seksuelle overgrep: Rettsvern, forebygging og oppfølging. Oslo: Oslo universitetssykehus HF Pensum: kap. 3: s. 42 52, kap. 6: s. 75 83 og 8: s. 94 100 (25 sider). Grøndal, Y. (2013). Mellom frihet og beskyttelse?: Vold og seksuelle overgrep mot personer med psykisk utviklingshemning: En kunnskapsoversikt (Rapport; 2). Oslo: Nasjonalt Kunnskapssenter om Vold og Traumatisk Stress. (90 sider). Hewitt, S. K. (1999). Assessing allegations of sexual abuse in preschool children: Understanding small voices. Thousand Oaks, CA: SAGE. Pensum: kap. 5 og 6, s.: 147 214 (94 sider). Kvam, M. H. (2004). Seksuelle overgrep mot barn med psykisk utviklingshemning (SOR Rapport; 1). Kristiansand: Stiftelsen SOR. Pensum: s. 25 29 (5 sider). Kvello, Ø. (2010). Barn i risiko; Skadelige omsorgssituasjoner. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: kap. 3, s. 46 75 (19 sider). London, K., Henry, A.H., Conradt, T. & Corser, R. (2013). Suggestibility and individual differences in typically developing and intellectually disabled children. I A.M. Ridley, F. Gabbert & D.J. La Rooy (Eds.), Suggestibility in legal contexts: Psychological research and forensic implications (kap. 7, s. 129 144). Chichester: Wiley-Blackwell. (15 sider). Maras, K.L., & Wilcock, R. (2013). Suggestibility in vulnerable groups: Witnesses with intellectual disadility, autism spectrum disorder, and older people. I A.M. Ridley, F. Gabbert & D.J. La Rooy (Eds.), Suggestibility in legal contexts: Psychological research and forensic implications (kap. 8, s. 149 170) Chichester: Wiley-Blackwell. (21 sider). Nijnatten, C. & Heestemans, M. (2010) Interviewing victims of sexual abuse with an intellectual disability: A dutch single case study. Journal of Social work Practice, 24(4), 391-407. (14 sider). Valenti-Hein, D. (2002) Use of visual toll to report sexual abuse for adults with mental retardation. Mental Retardation, 40(4), 297-303. (5 sider). Von Tetzhner, S. (2012). Utviklingspsykologi. Oslo: Gyldendal Akademiske. Pensum: kap. 10: s. 257 274, kap. 11: s. 283 314, kap. 13: 329 349 og kap. 16: 401 451 (127 sider). Torsteinson, S. (2011). Små barn utsatt for familievold: Fokus på diagnoser, psykobiologi og tilknytningsteori. I U. Hjeltne & P.Ø. Steinsvåg (Red.), Barn som lever med vold i familien (kap. 5, s. 60 73) Oslo: Universitetsforlaget. (13 sider). Studieplan for vidareutdanning i avhøyr av sårbare personar 2014 Side 6