Sakshandsamar, telefon Silje Tingstad, 55 57 20 31 Vår dato 11.07.2018 Dykkar dato 10.07.2018 Vår referanse 2018/9021 461.5 Dykkar referanse Statens Vegvesen, Region Vest Askedalen 4 6863 LEIKANGER Løyve til å mudre i hamna på Sandvikvåg og flytte massane til djupare vatn Fylkesmannen i Hordaland gir Statens vegvesen Region vest løyve til å mudre inntil 50 m 3 i hamna på Sandvikvåg. Massane skal anten flyttast på sjøbotnen eller dumpast djupare vatn, i samsvar med kart i søknaden og dette løyvet. Løyvet er gitt med heimel i forureiningsforskrifta 22-6. Vi viser til søknad av 10. juli 2018 og telefonsamtale 3. juli 2018. Statens vegvesen Region vest søkjer om å auke djupna på sjøbotnen for ferjekaia på Sandvikvåg til -7,5 meter. Høyring Tiltaket er av avgrensa omfang, og det hastar å få det gjennomført. Tiltaket skal gjennomførast i eit område som er avsett til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur i kommuneplanen (plan-id 201002). Ein føresetnad for eit hamneanlegg er tilstrekkeleg djupne. Saka er ikkje sendt på høyring, pga. omsyn til framdrifta for prosjektet, og at tiltaket vil vere av mindre miljømessig betydning, jf. forureiningsforskrifta 36-9. Grunngjeving for løyvet All mudring og dumping utført frå lekter er forbode med mindre det er gitt løyve etter forureiningsforskrifta 22-6. Dette gjeld uavhengig av omfang eller grad av forureining. Fylkesmannen er mynde etter forskrifta og skal vurdere søknader etter Miljødirektoratets rettleiar M 350/2015 "Handtering av sedimenter". Tiltaket er planlagt gjennomført i løpet av september 2018. Det skal mudrast 20 m 3 ved tilleggskai og 30 m 3 mellom Storholmen og Kjempeholmen. Det er planlagt å flytte massane til djupare vatn i nærleiken, innanfor område med same arealbruk. Statens vegvesen Region vest skriv i søknaden at det ikkje er registrert verdifulle lokalitetar i eller i nærleiken til tiltaksområda, utanom eit par naturtypar på land som ikkje vil bli råka av arbeidet. Naturmangfaldet er kartlagt, og kravet i naturmangfaldlova 8 om at saken skal baserast på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap, er dermed oppfylt. Kunnskapsgrunnlaget for tiltaket vurderast som tilstrekkeleg, og føre-var prinsippet i 9 i naturmangfaldlova er ivareteke ved at tiltaket er regulert med vilkår i dette løyvet. Truleg vil det ikkje vere Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9, Bergen Telefon: 55 57 20 00 Miljøvern- og klimaavdelinga Kontakt: www.fylkesmannen.no/melding Nettside: www.fylkesmannen.no/hordaland Org.nr: 974760665
langsiktig negativ effekt av tiltaket for økosystemet, jf. kravet om økosystemtilnærming i naturmangfaldlova 10. Det er Statens vegvesen Region vest som er ansvarleg for å gjennomføre avbøtande tiltak, som ut frå ei samla vurdering gir dei beste samfunnsmessige resultata, jf. 11 og 12 i naturmangfaldlova Tiltak som gir dårlegare miljøtilstand i ein vassførekomst er ikkje lov med mindre det kan gjevast unntak, jf. vassforskrifta 12. I denne saken legg Fylkesmannen til grunn at det vil være eit mellombels tiltak og at resipienten vil bli gjenoppretta når påverknaden stansar. Variasjonar i tilstanden til vassførekomstar som følgje av anleggsarbeid kan det gjevast unntak for. Dette følger av rettleiing til vassforskrifta. Det er ikkje gjort undersøkingar av helse- og miljøskadelege stoff på sjøbotnen. Det er eit lite tiltak som skal gjennomførast, og Fylkesmannen meiner derfor at prøvetaking kan utelatast. Spreiing av partiklar ved mudring og dumping kan medføre forureining ved å nedslamme sjøbotn og blakke vatnet. Partiklane vil sedimentere att når tiltaket er gjennomført. I dette tilfellet skal tiltaket gjennomførast på eit område der partiklar jamleg vert spreidd av propellar. Truleg vil ikkje spreiinga av partiklar ved mudringsarbeidet medføre nemneverdige skader eller ulempe for resipienten. Statens vegvesen Region vest skriv i søknaden at det er eit anlegg for akvakultur med løyve til Østers og kamskjel i nærleiken av tiltaksområdet (Vikane 17395) og at det er låssetjingsplassar i Tveitevågen og Ærevik. Vi føreset at Statens vegvesen Region vest kontaktar Fiskeridirektoratet Region vest og oppdrettsverksemda for å avklare om det er spesielle avbøtande tiltak som bør setjast i verk for å unngå ulemper for verksemder i nærleiken. Vi føreset også at viss det blir naudsynt å fortøye lekter til land, at de kontaktar grunneigarane om dette. Det er eit lite tiltak som skal gjennomførast. Tilstrekkeleg seglingsdjupne er ei føresetnad for ei hamn, og vi gir derfor løyve til tiltaket. Gebyr for sakshandsaming Fylkesmannen tek gebyr for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova. På bakgrunn Fylkesmannens ressursbruk i saka, tek vi gebyr etter sats 8, 7 800 kroner, for handsaming av søknaden, jf. forureiningsforskrifta 39-3 og 39-4. Faktura vert sendt frå Miljødirektoratet. Sjå forureiningsforskrifta kapittel 39 for å lese meir om sakshandsamingsgebyret. Endring og omgjering De pliktar å unngå unødvendig forureining, jf. forureiningslova 7. Viser det seg at forureiningsforholda endrar seg, kan Fylkesmannen, med heimel i forureiningslova 18, endre vilkåra i løyvet og sette nye vilkår, og om nødvendig trekkje løyvet tilbake. Endringar skal være basert på skriftleg sakshandsaming og ei forsvarleg utgreiing av saka. At det er gjeve løyve til forureining, ekskluderer ikkje erstatningsansvar for skade, ulemper eller tap forårsaka av forureining, jf. forureiningslova 56. Rett til å klage De har fått løyve til mudring og dumping av massar. Viss det likevel skulle være noko de ønskjer å klage på, inkludert vedtaket om gebyrsats, kan de klage til Miljødirektoratet, jf. 2
forvaltningslova 28. Fristen for å klage er tre veker etter at de har fått dette brevet. Klagen bør være skrifteleg grunna, og den skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland. Med helsing Ingrid Torsnes senioringeniør Silje Tingstad overingeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Vedlegg: Løyve Kopi til: Stiftelsen Bergens sjøfartsmuseum Fiskeridirektoratet Region Vest Fitjar kommune Sverre Eivind Sandvik 3
Løyve til å mudre i hamna på Sandvikvåg og flytte massane til djupare vatn i same område Fylkesmannen gir Statens vegvesen Region vest løyve til mudring og dumping med heimel i forureiningsforskrifta 22-6. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar i søknad 10. juli 2018. Dersom verksemda ønskjer endringar utover det som vart opplyst i søknaden eller under sakshandsaminga og som kan ha miljømessig verknad, må verksemda på førehand avklare dette skriftleg med Fylkesmannen. Dette løyvet er gyldig i to år frå dags dato. Dersom heile eller vesentlege delar av løyvet ikkje er tatt i bruk innan to år, skal verksemda gi beskjed til Fylkesmannen. Fylkesmannens referanse Løyvenummer Anleggsnummer 2018.0625.T 1222.0054.01 Bedriftsdata Bedrift Statens vegvesen Region vest Postadresse Askedalen 4, 6863 Leikanger Org.nummer 971 032 081 Tiltak - lokalitet Sandvikvåg, Fitjar Løyve gitt: 11. juli 2018 Ingrid Torsnes senioringeniør Silje Tingstad overingeniør Løyvet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift
1. Løyvet omfattar Løyvet omfattar mudring av inntil 50 m 3 massar i hamna på Sandvikvåg, både ved tilleggskai og mellom Storhomen og Kjempeholmen som vist på kart i søknaden. Massane skal flyttast til djupare vatn i same område, som vist på kart i søknaden. 2. Generelle vilkår 2.1 Grunnlag for løyvet Fylkesmannen legg til grunn at tiltaka skal gjennomførast som nemnt i søknad av 10. juli 2018, med mindre anna er avtala med Fylkesmannen. Fylkesmannen skal varslast før tiltaket skal starte opp, gjerne på e-post fmhopostmottak@fylkesmannen.no. 2.2 Ansvar Statens vegvesen er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert haldne, og pliktar å sørgje for at dei som skal gjennomføre tiltaka er kjent med dei vilkår som gjeld. 2.3 Plikt til å redusere forureining All forureining frå verksemda, også utslepp til luft og vatn og dessutan støy og avfall, er isolert sett uønskt. Sjølv om ein held utsleppa innanfor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere utsleppa sine, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnader. Plikta gjeld også utslepp av komponentar det ikkje uttrykkjeleg er sett grenser for gjennom vilkår i dette løyvet. 2.4 Endring av løyve Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, setje nye vilkår, og om nødvendig kalle løyvet tilbake, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stades. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe tiltaket. 2.5 Saksbehandling etter anna lovverk Dette løyvet fritek ikkje for handsaming etter anna lovverk som er relevant i saka, til dømes hamne- og farvasslova, plan- og bygningslova eller kulturminnelova. 2.6 Varsling Verksemda skal også kontakte andre partar som kan verte råka av tiltaket, til dømes grunneigarar og akvakulturverksemd i nærleiken, for å avklare om spesielle avbøtande tiltak bør gjennomførast. 2.7 Varsling om akutt forureining Verksemda skal varsle akutt forureining eller fare for akutt forureining i samsvar med forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining (nødnummer 110). Verksemda skal også, så snart som mogeleg, varsle Fylkesmannen i slike fall på fmhopostmottak@fylkesmannen.no
3. Avbøtande tiltak Mudring og dumping skal gjennomførast så skånsamt som mogleg for å redusere partikkelspreiing. Viss det oppstår unormale tilhøve som har eller kan få forureiningsmessige konsekvensar, skal tiltakshavar straks melde frå til Fylkesmannen. 4. Rapportering til Fylkesmannen Det skal sendast rapport til Fylkesmannen innan seks veker etter at tiltaket er gjennomført. Rapporten skal innehalde: Opplysningar om kor store mengder masse som faktisk har blitt mudra og dumpa (i m 3 eller tonn). Plassering av dumpemassane (kart med posisjon og UTM-koordinatar) Oversikt over eventuelle avvik frå løyvet og kva korrigerande tiltak som vart sett i verk. 5. Tilsyn Tiltakshavar plikter å la representantar frå Fylkesmannen føre tilsyn med tiltaket når som helst.