Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 477 08 880 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858

Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Plassebakken Barnehage

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Hei alle sjøstjerneforeldre

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Plassebakken Barnehage BA

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månedsbrev april 2015

Plassebakken Barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Leikande, glade barn og natur hand i hand

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 2: desember 2016

INFORMASJON om førestellinga:

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Velkomen til Mork barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsplan for Hare November

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Månedsbrev Bikuben september 2016

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Tilbakeblikk på mars:

Studentbarnavisa. Nr /2017. Utekjøkken laga av førskulegruppa og vaktmestaren vår Hans Martin. (Entreprenørskapsprosjekt på avdeling Måne)

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for Februar

I november har me arbeida med mattebegrepa: Liten-mellomstor stor. Gjennom eventyrarbeid får barna «leika» inn nye begrep.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MÅNEDSPLAN FOR APRIL 2015 HJØRNETANNA

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

6. trinn. Veke 24 Navn:

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

april 2016 *****************************************************************

Månedsbrev Bikuben april 2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkommen til nytt barnehageår!

SMÅPLUKK. Desember 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

- Mars 2016 på Nøtteliten

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

ANSVAR OMSORG - GLEDE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 477 08 880 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: karin.uglum@sisof.no

Godt nytt år til alle både store og små! Håpar at alle har hatt ei fin jule og nyttårshelg og er klar for eit nytt semester og eit nytt arbeidsår. Barne. Litt forandringar på barnegruppene; Teo- Sander har starta på avdeling Måne, Velkommen! Olav har starta på avdeling Stjern, Velkommen Isak har starta på avdeling Sol, Velkommen Rakel har flytta og vi ønskjer ho lykke til i ny barnehage. Pris barnehageplass. Pris justering på barnehageplass er gjort frå 1.1.2015. Studentbarnehagen; 0-3 år vil koste kr. 2 300,- pr. månad, frå 1.1.2015 31.12.2015. 3-5 år vil koste kr. 2 200,- pr. månad, frå 1.1.2015 31.12.2015. Kommunal plass; 0-5 år vil koste kr. 2 480,- pr. månad, frå 1.1.2015-30.04.2015 0-5 år vil koste kr. 2 580,-, pr. månad, frå 1.5.2015-31.12.2015 Stadfesting av barnehageplass. I slutten av februar vert det lagt ut skjema for stadfesting av barnehageplass her i Sogndal Studentbarnehage. Dersom det er spørsmål i forbindelse med barnehageplass, ta kontakt med styrar på kontoret. Generell informasjon klede I år har vi heldigvis fått ein kvit vinter, dette betyr at vi er mykje ute og kosar oss i snøen. Vi vert ofte våte, så de må hugse på å ta med eit par ekstra vottar- er ikkje moro å vere ute når vottane vert våte og kalde. - Vil minne dykk på at de sjekkar korgene slik at ungane har tjukkeklede og byte klede liggande i barnehagen. Ullklede, fleece. Yoghurt Vi personalet i barnehagen har ein oppleving at det går veldig fint med den yoghurt ordninga som vi prøvde ut før nyttår, så vi vil vidareføre den. Om det er no noko av dykk som har sterke meiningar om dette, kom inn på kontoret mitt, så snakkar vi om det.

Medverking Husk at de har moglegheit til å påverke kvardagen i barnehagen. Er det noko de saknar, noko de vil forandre, noko me gjer for lite av, eller anna gje oss tilbakemelding så skal vi sjå om vi ikkje kan legge ønskjer de har inn i våre planar. Barnehagen skal reflektere og samarbeide med heimen om livssyn/ religion, tradisjonar og kulturarv, og det er viktig at de som foreldre kjem å fortel kva og korleis vi kan gjere dette. For barnegen er dette ein fin måte å få kjennskap til andre på, få anledning til å føle eit mangfald, som er nært og konkret. Skulestart Dei av dykk som har barn som skal starte i skulen til hausten må tenke etter kor dykkar barn skal skrivast inn. Barnehagen er behjelpeleg med å oppretta kontakt med den skulen barnet skal byrja i. Foreldrekaffi Ein dag i veke 7 må de sette av litt tid når de hentar, det vert det enkel servering, i forbindelse med at vi markerar fastelavnen. Sjå etter oppslag på døra. Solfest Vi markerar at sola kjem tilbake i Sogndals fjøra. Dette har vi valt som ein fest i staden for karneval. Valet vart gjort i samråd med foreldregruppa for ein del år tilbake, mange foreldre den gongen følte at karneval var berre ein happening med kjøpepress på utkledningskled. Denne dagen er i kreativitetens namn, vi held på med ulike aktivitetar ute (maling på store ark ute på veggen i barnehagen, sangleikar, dans, pynting av barnehagen og mykje anna moro), barna på alle avdelingane er blanda i, dei voksen spelar skodespele om dronning Sol og kong. Sjå plakat på døra når tida nærmar seg. Anna Vil minne om at det er flotte skibakkar både i Hodlekve i Sogndalsdalen og på Heggmyrane på Hafslo. Begge ski anlegga har skitrekk og lysløyper, dei har ope alle helgar og nokon kveldar, for meir informasjon gå inn på deira nettsider, Sogndal skisenter.no og sognskisenter.no.

EVALUERING NOVEMBER OG DESEMBER SOL OG STJERNE Så er juleferien over og tida har komme til å sjå tilbake på dei to siste månadane i 2014. November og desember dreier seg for oss om juleførebuing. Me la opp til rolege dagar med leik og tradisjonar, der me fekk god tid til kvarandre å kose oss i lag. I ettertid ser vi at dette er viktig. Vekene gjekk fort. I barnehagen var det ein del sjukdom og mange foreldre hadde eksamen. Dette gjorde sitt til at kvardagen for enkelte barn kunne opplevast som litt hektisk. Derfor prøvde vi i barnehagen å roa heilt ned dagane. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barna og om omsorga barna viser kvarandre. Å gi barn sjansen til å gi og ta imot omsorg for kvarandre er grunnlaget for å utvikle sosial kompetanse og eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv. Rammeplan s.31 Allereie i november starta me med å lage julegåver, og me håpar og trur at det vart mange nøgde mottakarar. I november baka vi peparkaker, som vart brukt i vår adventkalender og som alle fekk med seg heim til jul. Til Lucia baka vi lussekattar. Dagen før 1. desember vart avdelingane pynta med stjernehimmel, lys og litt julepynt. Dette er med på å lage ei spesiell stemning på avdelingane. Under denne stjernehimmelen hadde vi kvar dag adventstund, der vi song og tente lys. Alle barna er med etter tur og organiserer samlinga saman med ein voksen. Det vi observerte før jul var at mange av barna har lært seg fleire nye omgrep og mange nye julesongar i vår adventtid i barnehagen. Luciafeiringa og nissefesten er to store høgdepunkt i desember. Lucia vart feira med lystog, song, lussekattar, kaffi og ikkje minst mange søsken og foreldre. På nissefesten var det høg nissefaktor med nissehuer, nissedrakter, graut og.ja, NISSEN. Han hadde med seg ein stor og tung sekk full av nisseoverrakingar. Han delte smilande ut ein til kvar, som me kosa oss med utover dagen. Theo Sander har flytta over på avdeling Måne frå 1.januar. På Stjerne kjem det ein ny gut som heiter Olav. Velkommen! På Sol kjem det ein ny gut som heiter Isak. Velkommen! PLANAR FOR JANUAR OG FEBRUAR SOL OG STJERNE

Årstida vi nå går i møte er vinteren. Dette vil være vårt naturlege hovudtema i januar og februar. Vi håpar derfor på at snøen blir værande slik at barna kan oppleve korleis vi kan leike, forme og utfolde seg i dette naturfenomenet. Dette skal vere kjekt og motorisk utviklande, og for dei minste kan det vere ei utfordring i seg sjølv å bevega seg i snøen. Kanskje vi får mulighet til å forme i snøen, sette farge på den og lage is skulpturar. 2015 er Friluftslivetsår og fokus på uteaktivitet vil stå sentralt i den kommende perioden. I mars vil den årlige barnehagedagen markeres, og tema her vil væra FRILUFTSLIVETSÅR. Det blir ikkje satt opp fast turdag den kommande perioden, men vi ønsker likevel prøve å gjennomføre små turar i nærområdet med 2-åringane. Naturen gir rom for eit mangfold av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Naturen er ei kjelde til vakre opplevinga og gir inspirasjon til estetisk uttrykk. Rammeplan s.44 Medio januar startar vi opp med tema eventyr. Her vil vi dele barna i etter alder. Alle gruppene får eventyr tilpassa etter alder og føresetnader, og vi tar omsyn til mangfoldet i barnegruppa. Arbeidet med eventyr skal avsluttas med ei framføring for dei andre i barnehagen. Det er viktig å ta vare på forteljartradisjonen i barnehagen. Barna får ny næring til leiken, nye omgrep og næring til språket. Å jobbe med eventyr gir oss samtidig mulighet til å jobbe med sosial kompetanse. Vi må hjelpe, dele, ta omsyn til, vente på tur, ha innleving og ikkje minst humor og glede. Dette er element vi har stort fokus på i kvardagen. Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barnas egen kulturskaping og bidra til at alle barna får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap. Rammeplan s.34 I slutten av februar vil vi ha solfest i barnehagen dette er blitt ein tradisjon i vår barnehage, og noko vi gjennomfører i staden for karneval. Denne dagen har vi ulike aktivitetar ute. Vi malar på veggen, pyntar eit tre med solstrålar, dansar til musikk og har songleikar. Aktivitetane foregår ute og det heile blir avslutta med lunsj som er pølse med brød/lompe ute i barnehagen. I forkant av solfesten har vi ei gulveke der vi pyntar opp barnehagen til solfest. Nye songar i januar og februar: Songar til eventyr: Sjå opp snør det Kom vesle kvite snøfnugg Bustebartepinn På ein kvit bakketopp Huttetu så kaldt det er.. Reven, rotta og grisen Regla om Snøkrystaller visa Nøtteliten Lille bukken bruse Mikkel rev Lille bukken bruse Når trollmor har lagt sine elleve små troll. Sangen om skinnvotten. Bjørnen sover

MÅNADSOVERSIKT JANUAR 2015, SOL OG STJERNE Veke 2 Mand 5.1 Tilvenning Olav og Isak Tirsd 6.1 Onsd. 7.1 Torsd. 8.1 Jonas 3 år Fred 9.1 Kjøtdeig, pasta og saus Veke 3 Mand 12.1 Ped.leiar møte 10-11 13.15-14 Avd.møte Måne 13.15-14 Tirsd 13.1 Avd.møte Måne, Onsd. 14.1 Torsd. 15.1 Fred 16. Lapskaus Mand. 19.1 Tirsd. 20.1 Onsd. 21.1 Torsd. 22.1 Fred. 23.1 Veke 4 Oppstart tema eventyr Ped.leiar møte Avd.møte Måne 13.15-14 i i Fiskekarbonader, pasta,og grønnsaker Veke 5 Mand 26.1 Ped.leiar møte 13.15-14 Tirsd. 27.1 Avd møte Måne Onsd. 28.1 i Torsd. 29.1 i Fred. 30.1 Graut Dette er ei grovskisse. i garderoben for endringar og meir konkrete planar. Set ikkje opp faste turdagar, men tek dette når vi ser det lar seg gjennomføre.

MÅNADSOVERSIKT FEBRUAR 2015, SOL OG STJERNE Veke 6 Mand 2.2 Ped.leiar møte Tirsd 3.2 Avd.møte Måne 13.15-14 Onsd. 4.2 i Torsd. 5.2 i Fred 6.2 Lapskaus Veke 7 Mand 9.2 Ped.leiar møte 13.15-14 Mand. 16.2 Tirsd 10.2 Avd.møte Måne Tirsd. 17.2, Onsd. 11.2 i Torsd. 12.2 framføring Henrik 2 år Fred 13.2 Graut Olav 1 år Ada 2 år Onsd. 18.2 Torsd. 19.2 Fred. 20.2 Veke 8 Ped.leiar møte Avd.møte Måne Avd.møte Stjerne13.15 14 Skinke, pasta, og ostesaus Veke 9 Gul veke Mand 23.2 Gulveke, med ulike aktivitetar Vetle 3 år Ped.leiar møte 13.15-14 Tirsd. 24.2 Avd møte Måne Onsd. 25.2 Torsd. 26.2 Fred. 27.2 SOLFEST (for barna)

Mange kjekke opplevingar og aktivitetar har vi hatt i november og desember. I tillegg til dei vanlege aktiviteta som har med jul å gjere, fekk vi gjennomført ein flott julekonsert i kulturtimen på kantina på Høgskulen. Med fullt hus, flott orkester og stormande jubel, stod dei flotte ungane på avdeling Måne og song så det går gjetord om det i etterkant.vi meiner og trur at slike erfaringar og opplevingar er flott for ungane å få med seg. Ei gruppe på 10 ungar fekk og oppleve ei drama/musikk/formingsøkt på Høgskulen som var kjempeflott. I løpet av slutten av oktober og byrjinga av november hadde Renate og Siri eit miniprosjekt med blå gruppe(dei eldste++ er i denne gruppa). Uteaktivitetar med lavvoen som base var utgangspunktet. Kva, og korleis kan vi bruke lavvoen? Dette ble ein start på «Friluftsåret 2015», som vi og skal prøve å ha fokus på i det nye året. I november og desember har vi feira Sofie M., Maria Elisa,Teodor, Rakel, hurra! Fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst er det området vi vil ha hovudfokus på desse månadene. Dette er satsingsområdet for alle barnehagane i Sogndal dette barnehageåret. Forteljing og eventyr skal vi jobbe mykje med i desse månadene. Ulike forteljarmåtar og dramatisering og leiking av eventyr blir det hovudfokus på. I tillegg skal nokre vere med å lage eige eventyr, og ei gruppe skal få prøve seg på digital eventyrforteljing. Litt ut i februar satsar vi på ei framsyning for kvarandre av ulike eventyr. Song, rim og reglar jobbar vi med heile året, men dette vil vi ha sterkare fokus på i desse månadene. Vi håpar de vil merke det i heimen, og kanskje lære noko nytt innan song, rim og regler i denne tida. Kommunikasjon skjer i vekselspel mellom å ta imot og tolke ein bodskap og å sjølv vere avsendar av ein bodskap. Både den nonverbal og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk. ( Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen s.34).

Vi vil fortsetje å dele barnegruppa i mindre. Vi deler mykje i blå, raud og gul gruppe, men også på tvers av alder og i større og mindre. Dette vil vi gjere når vi skal ha eventyr, men og generelt i aktivitetar som skjer på huset. Sjå på vekeplanen. Der vil det stå kva som skal vere med på ulike aktivitetar. en er her, og aktivitetar som høyrer denne årstida til er det naturleg og drive med. Vi håpar på masse snø slik at vi kan få prøvd oss på is og snøskulpturlaging, og ikkje minst aking og herjing i snø. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange moglegheiter. (Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen s. 35) Solfesten er ein fest for å markere at sola er tilbake i sentrum av Sogndal. Følg med i februar når denne blir markert. Det vil komme plakat på døra Dei som skal begynne på skulen, vil ha si eiga gruppe ein gong i veka, fredag er dagen for å øve seg på korleis det blir på skulen. Det ville komme eige skriv til dei dette gjeld om kva desse skal få vere med på. Barnehagen og skulen har eit felles ansvar for at barna kan møte ulikskapane med interesse og tillit til eigne føresetnader. Det må leggjast til rette for at barna kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen (Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnhagen s. 53). Frukost: Vi oppfordrar dykk til å ete frukost med barna heime, på grunn av mange gjeremål på få vaksne dei 2 første timane i barnehagen. Vi opplever det til tider som vanskeleg å gi barna dykk den roa dei treng for å få i seg mat. Lunch: Det er fint om de kan ta med mat i matboksen som ikkje treng oppvarming. Barnehagen er på spontanturar og et til tider ute. Er det nokon av dykk foreldre som har spørsmål etter synes at dette vert vanskeleg, kom å snakk med oss.

NB. Det er vanskeleg å skrive slike beskjedar. Vi ønskjer ikkje å støte dykk foreldre, eller å gjere måltida til noko vanskeleg, kom å snakk med oss - vi prøver å finne løysningar som skal verta bra for alle. Direkte tlf. nr på Måne: 48031132 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt Helsing personalet på Måne Rim og reglar: 1. Snøen fyker, 2. Ratte, ritti, rinter Ovnen ryker kald er du Kong. Fuglen klynker Is i skjegg og snø i brynet, Pip, pip, pip får ein snøball midt i trynet. Lampa lyser Ratte, ritti, rinter. Jenta fryser, På sin vesle nesetipp Regn, regn, regn Plaskar ned på landevei Vind, vind, vind Gjør meg til ein frossenpinn. Snø, snø, snø Se hvor lett den faller ned Solskinnsvær, solskinnsvær, Se hvor glade alle er Songar: visa Kom vesle kvite snøfnugg Det snør, det snør Soltrall Sol, sol kom igjen Og endå fleire

JANUAR Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 5 6 7 8 9 2 Tema Avd. Måne Vi feirar Theo Sander 3 år!! 12 13 14 15 16 3 Avd. Måne 19 20 21 22 23 4 Avd. Måne 26 27 28 29 30 5 Avd. Måne Vi feirar Ariel 5 år!! PS: Vi tek spontant turar i små, og større i nærmiljøet. Vi gjennomfører og vinteraktivitetar etter vêrtilhøva! For meir informasjon generelt og om gul veke (i februar) spesielt, sjå på vekeplanane FEBRUAR

Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 6 2 3 Avd. Måne 4 5 6 7 9 10 Avd.Måne 11 12 13 Vi feirar Leo 4 år 8 Tema 16 Vi feirar Sara 3 år!! 17 Avd. Måne 18 19 20 9 Gul veke 23 24 25 26 Vi feirar Paranjoy 6 år 27