Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag



Like dokumenter
Å skape vennskap Foreldremøter for barnehage og skole tips og forslag

Til deg som bur i fosterheim år


Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Informasjon til elevane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul


Elevundersøkinga 2016

Psykologisk førstehjelp i skulen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Heilt einig. Litt einig

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Om å høyre meir enn dei fleste

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kvalitetsplan mot mobbing

Refleksjon og skriving

Øystese barneskule April - 08

God fortsettelse i 6. klasse

6-åringar på skuleveg

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Barnerettane i SKULEN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Hei alle sjøstjerneforeldre

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Velkommen til DUGNAD!

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Info til barn og unge

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

Metodiske verktøy ved kursleiing

Respekt på Rommetveit skule

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Foreldre ved Ål ungdomsskule

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Elevrådet sitt idéhefte mot mobbing UNGDOMSTRINNET. Senter for atferdsforskning 2012

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

8 tema for godt samspel

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Transkript:

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag FUB og FUG meiner at vennskap er det viktigaste verkemiddelet mot mobbing. At alle barn skal ha minst éin venn, er eit godt arbeidsmål for alle vaksne som er i dagleg kontakt med barn og unge. Nedanfor følgjer innspel, tips og forslag til foreldremøte om temaet vennskap. Meininga er å gi barnehagen, skulen og foreldra idear som dei kan bruke slik det passar i den lokale samanhengen. Vi presenterer òg nokre situasjonar (casar) som kan vere gode utgangspunkt for diskusjon. Vi oppmodar alle om å lage eigne casar som kan vere aktuelle i kvardagen. Organisering Invitasjonen til foreldremøtet må vere innbydande og liggje føre på dei språka det er behov for. Foreldra må vere med i planlegginga og kan gjerne leie møtet. Ta ein ringjerunde for å forsikre dykk om at folk kjem, og tilby dykk gjerne å slå følgje. Det kan vere lurt å organisere barnepass det kan gjere det lettare for enkelte foreldre å komme. Prøv å få alle til å vere aktive under møtet. Det kan vere lurt å ha samtalar i små grupper, slik at alle kjem til orde, og så samanfatte i plenum eller skrive ei oppsummering for å få med alle innspela. Nokre barnehagar/skular har god erfaring med stasjonsundervisning. (Sjå eiga forklaring nedst i dette skrivet.) Plasser folk rundt bordet slik at ein ikkje nødvendigvis sit saman med dei ein kjenner frå før.

Noko av gruppearbeidet kan skje i språkgrupper. Det kan vere nødvendig med tolk på møtet. Hugs at det er lettare å komme på foreldremøte dersom ein har vore på kulturarrangement i barnehagen / på skulen tidlegare. Tenk òg på at foreldra synest det er ekstra hyggjeleg å komme når barna opptrer. Innhald Tema til drøfting og utdjuping: Ei variert barne-/elevgruppe som er prega av mangfald, er ein rikdom og gjer det spennande å vere saman. Vennskap kan knytast på tvers av ulikskapar. Mange barn treng hjelp til å meistre usemje og til å etablere vennskap med barn som er annleis enn dei sjølve. Her må dei vaksne vere trygge hjelparar og aktivt og målretta vise barna konstruktive måtar å samhandle på. Empatiske evner er heilt avgjerande både for å etablere vennskap og for å handtere konfliktar. Slike evner må barna kanskje øve opp. Hugs at vaksne er rollemodellar og rettleiarar. Barnehagen/skulen kan vise bilete eller fortelje om korleis dei i kvardagen legg til rette for å utvikle vennskap i barne- og ungdomsgruppa. Alle arrangement må vere prega av rausheit. Det vil seie at det må vere nok til alle, anten det er snakk om mat, tid, materiell eller vaksenkontakt. Felles gode opplevingar gir næring til vennskap. Døme på slike opplevingar kan vere overnattingsturar, trivselskveldar, felles måltid og teaterframsyningar. Problemstillingar i grupper: Case: Barn som leikar saman, blir lett venner. Tre barn i barnehagen leikar saman. Per spør om å få vere med, men blir avvist. Per blir sint, tek ei av leikene og spring. Førskulelæraren har sett at dei tre er djupt inne i ein leik. Problemstilling: Kva gjer førskulelæraren? Kva seier ho til foreldra når dei kjem for å hente Per? Kva seier ho til foreldra til dei andre? Case: Foreldra til ein gut på fem opplever at han er blitt slått, sparka og dytta i barnehagen sidan oppstarten for to år sidan. Foreldra oppfattar det som mobbing og har teke det opp med dei tilsette i barnehagen. Barnehagen meiner at det ikkje er snakk om mobbing, men har lova å ta tak i problemet. Foreldra opplever at mobbinga av sonen

deira går over, men ser at mobbeåtferda blir retta mot andre barn, og at guten deira er med på å mobbe andre. Foreldra meiner at barnehagen er med på å halde oppe ein mobbekultur, og dei ser at også dei andre foreldra vegrar seg mot å snakke om mobbing i barnehagen. Problemstilling: Kva skal foreldra gjere? Korleis kan dei få barnehagepersonalet til å sjå utfordringa og arbeide førebyggjande? Korleis kan dei nå fram til foreldregruppa med mobbebodskapen? Case: Lise går i 5. klasse og blir oppfatta som bråkete. Både læraren og dei andre elevane i klassen synest ofte at ho er plagsam. Ho slår og bruker stygge ord når ho blir sint, og ingen har lyst til å vere saman med henne. Fleire av foreldra til dei andre jentene seier til barna sine at dei ikkje får leike med Lise. Problemstilling: Bør skulen eller dei andre foreldra prøve å finne ut kvifor Lise er så bråkete? Kva kan læraren, elevane og foreldra gjere for å skape eit godt og inkluderande fellesskap der Lise òg kan føle at ho høyrer til? Kan nokre elevar og foreldre saman prøve å få Lise til å oppføre seg som ein venn, slik at dei andre vil vere saman med henne? Case: Ein gut i ungdomsskulen går mykje åleine. Han har andre interesser enn resten av gutane i klassen. På utviklingssamtalen tek foreldra det opp med kontaktlæraren. Kontaktlæraren seier at han ser at guten er einsam, men at han ikkje opplever at det er hans ansvar, sidan det går bra med guten fagleg. Mor blir sint og seier at det viktigaste for henne er at læraren bryr seg om sonen hennar. Det hjelper ikkje om guten er flink fagleg dersom han ikkje har venner og ikkje trivst. Problemstilling: Kva synest de om det læraren seier? Kva synest de om reaksjonen til mora? Kva kan foreldra og læraren gjere i fellesskap? Er det mogleg for skulen å sørgje for at alle har minst éin venn? Korleis skal dei i tilfelle gjere det? Samarbeid med helsetenesta: Mobbing er eit helseproblem òg. Førebyggjande psykososialt arbeid er ein viktig del av arbeidet i skulehelsetenesta. Helsesøster har ein annan ståstad enn foreldra og lærarane og kan foreslå tiltak og løysingar på grunnlag av kunnskapane og den faglege posisjonen ho har. Helsesøster kan delta på foreldremøte om vennskap og mobbing, anten med innlegg eller som samtalepartnar. Helsesøster har teieplikt, men ho kan ta utgangspunkt i alle

samtalane ho har hatt med enkeltelevar, generalisere informasjonen og bidra med nyttige innspel til korleis vaksne kan vere med på å skape vennskap blant barn. Diskuter korleis de som vaksne kan leggje til rette for fellesskap: Foreldra kan bidra til å skape eit godt fellesskap mellom barna. Korleis fellesskapet mellom dei vaksne er, har òg mykje å seie for barnas miljø på avdelinga / i klassen. Bursdagsinvitasjonar. Bli einige om korleis de gjer det, slik at ingen blir ekskluderte. Korleis kan de sørgje for at ingen blir haldne utanfor når det er bursdagsselskap? Er det råd å låne lokale i barnehagen / på skulen dersom ein ikkje har plass heime? Skulevegen. Kan de lage gågrupper til barnehagen/skulen, slik at alle barna har nokon å gå saman med? Kan nokon vaksne følgje dei? Nye barn. Kva rutinar har barnehagen/skulen for å inkludere nye barn som kjem inn i barnehageavdelinga/klassen? Bli kjent-grupper. Del barnehageavdelinga/klassen i familiegrupper/vennegrupper som møtest heime hos kvarandre eller i barnehagen / på skulen og gjennomfører ein felles aktivitet. Dei andre foreldra hentar barna til avtalt tid og kan då gjerne bli inviterte inn. Det gir dei vaksne høve til å snakke litt saman, og foreldra får sjå kva ungane deira har gjort. Foreldre som rollemodellar. Foreldre som har barn med mange venner, må oppmuntre sine eigne barn til å inkludere andre og sjølve bidra til at barn utan venner blir inkluderte. Barn med behov for ekstra hjelp og støtte. Barn/elevar med særskilde behov kan ha ein assistent/støttekontakt/nabo/venn som bidreg på arrangement. Samvær og leik. Når barna har lært ein ny leik (til dømes ringleikar og boksen går ) i barnehagen eller på skulen, må dei oppmuntrast til å leike leiken heime saman med foreldre og andre. Dei vaksne må sørgje for at ingen står igjen eller alltid blir vald sist når det skal dannast lag. Bruk gjerne teljemetoden for å dele opp i lag/parti, til dømes alle einarane i den eine gruppa og alle toarane i den andre. Mange barnehagar/skular har god erfaring med leike-/aktivitetsleiarar (sjå eiga forklaring nedst i dette skrivet). Rollespel og dramatiseringar til dømes om vennskap. Avklaring av innbyrdes forventingar. Kva slags forventingar har foreldra til kvarandre når det gjeld korleis dei skal møte og snakke med kvarandre om barna? Er det akseptabelt at foreldra tek kontakt med kvarandre dersom dei ser at enkeltbarn blir ekskluderte og/eller mobba? Lag avtalar om korleis ein skal ta kontakt i slike tilfelle. Det er enklare å ta kontakt når det ligg ein felles avtale til grunn.

Fellesarrangement for heile avdelinga/klassen. Del alle barna/elevane og foreldra inn i fire grupper. Kvar gruppe har ansvar for kvar sitt arrangement i løpet av året: haust, jul, vår og sommar ( klasseklubb ). Prøv å leggje opp til arrangement som ikkje kostar så mykje. Eit døme kan vere sykkelkurs i 4. klasse dei som ikkje har eigen sykkel, får låne sykkel på skulen. Elevane får ta sykkelprøven, og etterpå blir det felles kveldsmat på skulen. Andre forslag kan vere tur i skogen med grilling, overnatting eller sporleik, quizkveld, peparkakebaking, juleverkstad, karneval, aketur og skøytetur. Ei øving som kan brukast både i klassen og på foreldremøte, er at alle får eit ark som dei krøllar så hardt dei kan. Bodskapen er at arket viser arra eit barn får dersom det blir halde utanfor eller blir mobba av medelevar. Rett ut arket. Prøv å glatte det ut, slik at alle spora forsvinn. Er det mogleg? Går det an å fjerne alle spor av mobbing hos enkeltbarn/-elevar? Hugs at det er svært viktig med positive fellesopplevingar for barna på avdelinga / i klassen. Når barn får dele gode fellesopplevingar, får dei òg ei felles referanseramme å byggje samtale, leik og vennskap på. Oppfølging Dersom møtet har vore godt, vil det gi foreldra lyst til å delta på neste møte. Nokre barnehagar og skular har god erfaring med at enkelte foreldre ringjer til dei som ikkje deltok på møtet, gir ei kort oppsummering, seier at dei som ikkje var der, var sakna, og tilbyr seg å slå følgje neste gong. Det ein blei einig om på møtet, må haldast framme i bevisstheita, slik at foreldra lett tek kontakt med kvarandre. Det har mykje å seie at foreldre bryr seg om andre barn og inkluderer dei i sin eigen kvardag. På den måten kan ein bidra til å skape vennskap. Det kan ein gjere ved å helse på dei andre barna, slå av ein prat, snakke positivt om dei andre barna og inviterer andre barn med heim. Unicef har utarbeidd eit foreldrehefte som heiter DU er viktigere enn du tror, også for andres barn, og ei rettleiing til dette heftet for dei som jobbar i barnehagar og skular. Materiellet er gratis. Les meir på www.denene.no. Forklaringar: - Stasjonsundervisning: Dette er ein måte å organisere undervisninga på. Elevane jobbar i faste grupper og går frå stasjon til stasjon. På eit bestemt signal skiftar dei stasjon. Alle stasjonane handlar om det same temaet, men arbeidsforma og oppgåvene er ulike. Vanlegvis er læraren på ein av stasjonane. Det går òg an å organisere foreldremøte på

denne måten. På éin stasjon kan helsesøster snakke med foreldregruppa, på ein annan kan læraren presentere korleis klassen jobbar med vennskap, på andre kan det vere problemstillingar som gruppa skal diskutere. Ofte er det lettare å komme til orde når ein jobbar i små grupper. - Leike-/aktivitetsleiar: Mange skular organiserer leikar i friminutta for å skape vennskap og hindre konfliktar og mobbing. Det er òg utvikla eit eige trivselsprogram som utdannar trivselsleiarar i å organisere aktivitetar. Det føreset medlemskap i trivselsprogrammet. Sjå òg www.fug.no og www.fubhg.no. FUG har mellom anna eit hefte om foreldremøte som kan lastast ned.