Delrapport 2013 Levande jord Ane Harestad Desember 2013
Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode... 4 To behandlingar og tre gjentak... 4 Aerob kompostkultur (Akku)... 4 Mikrobiologiske jordprøvar... 4 Avlingsregistrering... 4 Faglege aktivitetar... 5 Resultat og vurdering... 5 Mikrobiologiske analysar 2013 av Akku og jord... 5 Mikrobiologiske analysar 2012 av Akku og jord... 5 Markdag og fagdag... 6 Penetrometer... 6 Konklusjon... 6 Vegen vidare/refleksjon... 7 Vedlegg... 8 Informasjon og tidlegare rapport om levande jord... 8 Kriterier for helhetlig vurdering av sopp i jord, VitalAnalyse... 8 Analysesvar 2013 frå VitalAnalyse. Kompost og Akku... 8 Analysesvar 2012 frå VitalAnalyse. Kompost og Akku...11 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 2
Samandrag NLR Rogaland starta i 2012 tiltak innan jordliv og jordkultur for å auke kunnskapane og kompetansen om levande jord. Skilnadene var ikkje tydelege, men analysar av jord synte i 2012 og 2013 høgare biologisk aktivitet kor det vart tilført aerob kompostkultur (Akku). Samarbeidspartnarar Prosjektet vart støtta økonomisk av Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga. Dei to feltvertane, Bioforsk Vest Særheim i Klepp og Kolbjørn Anda i Randaberg, stilte areal og husdyrgjødsel til disposisjon. I 2012 stilte Reve Kompost AS sin aerobe kompostkultur til disposisjon. Denne var ikkje med i registreringane i 2013. FMLA Buskerud ved Øystein Haugerud var med og la til rette for oppstart av utprøvingane med anna når det gjeld aerob kompostkultur (Akku) og uttak av jordprøvar. Haugerud var også med på fagdag knytta til prosjektet. Forsøksarbeid og bearbeiding av resultat vart utført av Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Mål Mål med prosjektet var å auke kunnskapane og kompetansen om levande jord både hjå gardbrukarar som driv økologisk og hjå gardbrukarar som driv konvensjonelt samt internt i organisasjonen. Vidare var det eit mål å få merksemd på statusen for biologisk mangfald i jord i Rogaland samt å undersøkje om tilførsle av Akku (aerob kompostkultur) er eit tiltak som kan auke mikrobiologisk mangfald i jord, og kva det kan seie for avling og jordstruktur. Bilete 1. Eit mål med prosjektet var å auke kunnskapane og kompetansen om levande jord. Frå markdag i Randaberg Bakgrunn I Buskerud i 2005 vart eit treårig nasjonalt pilotprosjekt med tema jordstruktur i økologisk plantedyrking avslutta. Kompetansen hjå Fylkesmannen i Buskerud innan fagfeltet vart utvikla vidare til ei auka forståing av kor viktige dei biologiske virkningsmekanismane i jord er. Gjennom prosjektet «Levende matjord» har det vidare komme fram kunnskapar om metodar for å vurdera det mikrobiologiske mangfaldet, og mengdene av desse, i jord. Det er også gjort utprøvingar for å styrka det biologiske mangfaldet i jord gjennom bruk av aerob kompostkultur. Sjølv om det er gjort undersøkingar i Buskerud i 2010 og 2011 når det gjeld levande jord, er arbeidsfeltet framleis pionerarbeid i Noreg. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 3
Metode To behandlingar og tre gjentak I 2012 vart det starta registreringar på to felt; eitt på Særheim og eitt i Randaberg. Også i 2013 fekk begge ledd husdyrgjødsel. Registreringane heldt fram med to ledd og tre gjentak på begge feltstader. Ledda i 2013 var som følgjer: 0-ledd Buskerud-Akku I 2012 var i tillegg Reve-Akku med på Særheim. Kjemiske jordanalysar for feltet på Særheim synte ph 6, P-Al 7,8, K-Al 22, Mg-Al 10, Ca-Al 52, volumvekt 1,2. Kjemiske jordanalysar for feltet i Randaberg synte ph 5,7, P-Al 25, K-Al 7, Mg-Al 11, Ca-Al 137, volumvekt 1,03, KHNO3 46, Cu 4,6, moldinnhald klasse 3 Aerob kompostkultur (Akku) Aerob kompostkultur (AKKU) er ein god kompost full av mikroorganismar som blir oppformert i vatn med innblåsing av luft. Brygginga skjer utan bruk av tilleggsvarme slik at dei gode, oksygenelskande (aerobe) mikroorganismane aukar i antal. Utsprøyting av AKKU kan auke det biologiske mangfaldet i jord som igjen vil kunne gi betre jordstruktur, auka humusinnhald, betre utnytting av næring, samt betre plantehelse. I 2013 vart det brygga og tilført Akku (aerob kompostkultur) frå Buskerud som vart brygga i Øystein Haugerud sin bryggar. Akku vart tilførte på følgjande fire tidspunkt: 8. mai. Dårleg overvintring av gras 28. juni (etter såing av 1-årig raigras i Randaberg. Før pløying på Særheim) 28. august (etter slått i Randaberg. Etter såing av attlegg på Særheim) 9. oktober (etter beiting i Randaberg. Etter pussing av attlegg på Særheim) Mikrobiologiske jordprøvar Mikrobiologiske jordprøvar vart tekne leddvis på kvar feltstad på følgjande to tidspunkt: 8. mai (før spreiing av akku) 17. oktober (ei veke etter siste spreiing av akku) Jordprøvane vart sende til VitalAnalyse for analysering. Avlingsregistrering På Særheim vart det registrert avling i grasmark i 2012. Etter planen skulle det vore avlingsregistrering også i 2013. På grunn av vanskeleg vinter og dårleg overvintring av gras på feltstadene, måtte areala fornyast. Attlegg vart sådd seint i sesongen, og det vart ikkje gjennomført avlingsregistrering i 2013. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 4
Faglege aktivitetar Det vart arrangert markdag 3. oktober på feltet i Randaberg. Resultat og vurdering Mikrobiologiske analysar 2013 av Akku og jord Prøvar av Akku (aerob kompostkultur) Tre ulike Akku brygga på kompost frå Buskerud vart analysert. Kvaliteten vart i ein prøve vurdert til å vera ok og i to prøvar vurdert til å vera god. Leddvise prøvar av jord 8. mai og 17. oktober Leddvise prøvar av jord på Særheim og i Randaberg tekne 8. mai 2013 vart vurderte til at det ikkje var tydelege skilnader mellom prøvane. Det var generelt lite både mikroorganismar og bakteriar. Det var ein tendens til noko meir mikroaggregat og protozoar i prøvar frå Akku-felt. Leddvise prøvar av jord tekne på Særheim 17. oktober 2013 vart vurderte til at Akku har hatt ein positiv innverknad på mengd sopp i jorda. Effekten var mindre tydeleg når det gjeld mengd av protozoar, sjølv om det var ein tendens til meir i ledd med Akku. Aktivering med bakteriar fremkalte ikkje tydeleg forskjell mellom forsøksledda. Leddvise prøvar av jord tekne i Randaberg 17. oktober 2013 vart vurderte til at det var noko meir sopp her enn i jorda frå Særheim. Det var ein tendens til positiv effekt av Akku. Det var ein tydeleg effekt av Akku når det gjeld mengd og diversitet av protozoar. Dette kom tydelegast fram i den bakteriestimulerte prøven. Mikrobiologiske analysar 2012 av Akku og jord Prøvar av Akku (aerob kompostkultur) Mikrobiologiske analysar av Akku frå Reve og Buskerud før kvar spreiing synte varierande kvalitet. Analysane av Akku frå Reve inneheldt mykje bakteriar, liten diversitet i protozoar og lite, og til dels ikkje, sopp. Ei prøve synte veldig lite organisk materiale. Kvaliteten av siste prøva vart vurdert til å vera svak. I analysane av Akku frå Buskerud vart kvaliteten vurdert til å vera ok med noko sopp, moderat med bakteriar og stor diversitet av protozoer. Sjå også utfyllande analysesvar frå VitalAnalyse under Vedlegg. Samleprøve jord, felt på Særheim 25. april 2012 Bakteriar: Moderat, ca 200 ug/g. Sopp: 150 ug/g (35 % >3 um, ein del lyse hyfer). Protozoar: 5% (1 skallamøbe) 1 bakterieetande nematode. Mikroaggregat i ca 50 % av felt. VitalAnalyse vurderte prøven som ok, men både bakteriar og sopp bør vera minst 300 ug /g jord. Det var lite protozoar. Samleprøve jord, felt i Randaberg 26. mars 2012 Det var ganske lite bakteriar - estimert biomasse 200 ug/g (dette er eit grovt anslag og seier ikkje noko om mengd aktive bakteriar). Det bør vera minst 300 ug /g. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 5
Det var veldig lite sopp. Enkelte tynne, lyse hyfer og eit par fragment av tjukkare, positive sopphyfer. Biomasse sopp vart estimert til < 50 ug/g (bør vera >300). Ingen protozoar vart observerte. Det var ein del fine mikroaggregat - sett i 40-45 % av mikroskoperte felt. Dette er positivt. VitalAnalyse sin konklusjon var at denne prøven viste liten biologisk aktivitet og diversitet. Dette kan til dels skuldast at den vart teken tidleg på året. Leddvise prøvar av jord frå Særheim og Randaberg 17. september 2012 Jordprøvar Særheim 0-ruter Særheim Buskerud- Særheim Reve- Randaberg 0-ruter Akku Akku Bakteriar (# per felt) 1000 800 1000 700 700 Bakteriebiomasse ug/g 380 300 380 270 270 Sopp (% felt) 5 10 35 15 15 Soppbiomasse, ug /g 14 70 140 70 105 Forhold sopp:bakteriar 0,03 0,2 0,35 0,3 0,4 Protozoar tot (% felt) 5 15 15 5 0 Flagellat 5 15 15 5 Amøbar Skallamøbar Ciliatar Mikroaggregat /OM 2/2 3/3 3/2,5 2/2 3/3 (vurdering 1-5) Biomassetal er omtrentleg; veit ikkje kor mykje av organismane som er aktive. Randaberg Buskerud- Akku VitalaAnalyse vurderte analyseresultata slik at både kompost og bruk av AKKU har hatt ein gunstig verknad på mengd sopp og mikroaggregat i jorda. For alle prøvar gjeld at det er lite protozoar. Det vart observert kun einskilde flagellatar. Skilnadene mellom prøvane er ikkje tydelege, sjølv om det er noko meir mikroorganismar på ledd med Buskerud-Akku og Reve- Akku på Særheim. I Randaberg kan ein ikkje sjå denne effekten. Markdag og fagdag På markdagen i Randaberg 3. oktober 2013 var det fem interesserte deltakarar. Øystein Haugerud demonstrerte spadeprøve og visualiserte jordpakking. Penetrometer Mykje stein på feltstadene gjorde det vanskeleg å måle med penetrometer. Konklusjon Faglege aktivitetar har vore med å sette jordliv og jordkvalitet på dagsorden. Det er grunn til å tru at kunnskapar og kompetanse om levande jord har auka både internt i organisasjonen og blant bønder. Mikrobiologiske analysar av jord har synt at tilførsle av aerob kompostkultur til jord har gitt auka jordliv. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 6
Vegen vidare/refleksjon Både i 2012 og 2013 har Øystein Haugerud ved Fylkesmannen i Buskerud sendt til oss ferdig kompost til brygging av Akku. Dette har vore til uvurderleg hjelp for å gjennomføra prosjektet. Det har lokalt på Jæren vore prøvd fleire gonger å laga kompost. Dette har til no ikkje lukkast, og vi har sett at det kan vera ein flaskehals å få god kompost til brygging av Akku. Det tek tid å tileigne seg kunnskap og erfaring med metodar for å auke det biologiske mangfaldet i jord. Endring av biologi og struktur i jord er prosessar som tek tid. Etter planen skal difor registreringane gå over 3 år (2012-2014). Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 7
Vedlegg Informasjon og tidlegare rapport om levande jord På NLR Rogaland si nettside er det lagt ut ymse informasjon, litteratur, artiklar og linkar på http://rogaland.lr.no/fagartikler/12733/ Rapport for 2012 ligg på http://rogaland.lr.no/media/ring/1219/nlr%20rogaland%20rapport%202012%20levande% 20jord.pdf Kriterier for helhetlig vurdering av sopp i jord, VitalAnalyse Det er flere faktorer som spiller inn når det skal gis en kvalitetsvurdering av sopp i en prøve. Septerte sopphyfer bredere enn 3 μm regnes som positivt, mens det er tegn på tett og oksygenfattig jord når det er mye lyse og smale hyfer. Soppbiomasse er viktig, men må også vurderes opp mot hvor mange mikroskoperte felt det er observert sopphyfer i. For å sammenfatte dette i ett tall gås det ut fra følgende kriterier: 10 % og/eller <25 μg/g 0 15 % og <60 μg/g 1 15 % og 50-100 μg/g 2 40 % og 100-200 μg/g 3 50 % og >200 μg/g 4 75% og >500 μg/g 5 I tillegg gir mye lyse, tynne hyfer og /eller usepterte hyfer et trekk på 1 (men 0 er laveste verdi). Analysesvar 2013 frå VitalAnalyse. Kompost og Akku Buskerud-Akku 8. mai 2013 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 8
Jordprøvar 8. mai 2013 Buskerud-Akku 28. august 2013 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 9
Buskerud-Akku 7. oktober 2013 Jordprøvar Særheim 17. oktober 2013 Jordprøvar Randaberg 17. oktober 2013 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 10
Analysesvar 2012 frå VitalAnalyse. Kompost og Akku Analyserte prøvar av kompost og Akku 25. april 2012 For alle prøver ble transport og oppbevaring før analyse lang og varm - dette har nok bidratt til mengdene av flagellater. Reve kompost, spire- og enkel N-test 25. april 2012 God spiring, men litt lysere grønne og korterer enn i Laverstoke-komposten. Nitrat: 390 mg /kg. Ingen nitritt. Ammonium: 1,0 mg/kg. ph 7,35. Reve kompost 25. april 2012 Bakterier: Moderat/mye - 700 ug/g, Sopp: 110 ug/g (30 %) + sporer i 50 % av felt. Protozoer totalt 70 % - flagellater 65 %, nakenamøber 10 %, skallamøber 5 %, ciliater 5%. 1 nematode observert. Vurdering: Bra bakterie- og protozoeinnhold, men mer soppbiomasse ønskelig (> 500 ug/g). Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 11
Reve-Akku 25. april 2012 Mye bakterier (ca 4000 per felt). Sopp 10 % (men mindre og se ved rask gjennomgang...) Protozoer: 100 % - bar flagellater, men flere typer av disse. Vurdering: Altfor lite sopp for en AKKU og også for liten diversitet i protozoer. Buskerud-Akku 25. april 2012 Prøve tatt etter dyse): Moderat med bakterier (ca 1000 per felt). Sopp 40 %, Protozoer 100 % - mye flagellater ca 10 i alle felt, mange typer, 30 % skallamøber, 20% ciliater, 5 % nakenamøber. Vurdering. Ok AKKU. Er noe sopp her, men kunne gjerne vært noe mer biomasse. Reve-Akku 6. juni 2012 Har nå sjekket AKKU-prøven som ble brygget på Reve-kompost. Var prøven tatt etter dyse eller fra tank? og var den brygget med komposten i strømpe? Og i tilfelle, hvilken? (hvor grovmasket?) Det var veldig lite organisk materiale i prøven og ingen sopp (!). En del bakterier og ok diversitet på dem Flagellater i 75 % av mikroskoperte felt - en type som dominerte, men også et par andre: OK, men litt lite diversitet. Et par skallamøber ble også observert - bra. Konklusjon: En "tynn" AKKU som ut fra ønsket om sopptilførsel må betegnes som dårlig. Usikker på om resultatet skyldes brygging, prøvetaking eller komposten - er kanskje en blanding av dette. Buskerud-Akku 20. juni 2012 Den siste AKKU-prøven var bra. (analysert 22/6-12). Det var ganske mye sopp - i ca 50 % av mikroskoperte felt - og det var flere typer hyfer, også en del lange. Det er bra! Og det var stor diversitet av protozoer. Også litt ciliater, 10-15 %, men dette er ikke alarmerende mye. Reve-Akku 8. august 2012 Kvaliteten av Akku vart vurdert til å vera svak. Ingen sopp ble observert i denne AKKUen. Det er mye flagellater, flere typer, men en som dominerer. Ikke mye ciliater, men i totalbildet avspeiler de en ikke egnet kompost (ikke egnet for AKKU-framstilling). Buskerud-Akku 8. august 2012 Kvaliteten vart vurdert til å vera ok. Det er mye flagellater flere typer. Positivt at det ble observert 1 bakteriespisende nematode. Lite sopp trekker ned. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Levande jord 2012-2014. Delrapport 2013 12