Høydalen seter, Høydalen landskapsvernområde. Foto: Bjørn Dalen 3.10 UREINING, AVFALL OG STØY Status Fram til i dag har det vore relativt lite forsøpling i Breheimen. Det er lite søppel langs dei mest brukte merkte stiane. Forsøpling er forbode og det er krav om at avfall skal takast med ut av området. Ureiningslova har definisjonar for kva ein forstår med ureining, avløpsvatn og avfall. Avfall og ureining i verneområda kan oppstå i samband med: Samferdsle Overnattings- og serveringsbedrifter Bruk av hytter, buer og setrer Landbruksdrift Friluftsliv, jakt og fiske Guida turar Turistbedriftene har eit eige ansvar for handtering av avfall og overskotsmateriell som følgje av drifta. Dei som driv turistverksemd i eit område har ansvar for å gjennomføre naudsynt opprydding (ureiningslova 35). Langs offentleg veg har vegmyndigheitene eit særleg ansvar for å halde det ryddig, jf. ureiningslova 36 og 37. Ureining og avfall Dersom det ligg att søppel og restar av avfall etter tidlegare aktivitet i nasjonalparken eller i dei andre verneområda, er det viktig å rydde opp og å fjerne det. Det har vore eit problem med riping i nokre av grottene innanfor nasjonalparken i Dumdalen. I Strynefjellet landskapsvernområde er det restar etter den gamle telefonlina som stag/bergefeste, telefonliner med meir. Det er òg funne mindre opphoping av gamalt søppel ved enkelte eldre hytter og buer. 184 Forvaltingsplan for Breheimen nasjonalpark
Lagring av materialar og bruk av plantevernmiddel for stubbebehandling; sjå kapittel 3.3 om jordbruk. Radioaktiv ureining I 1986 vart store delar av områda ureina av radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl. Ureininga syntest å vere størst i dei austlege områda av nasjonalparken. Etter 1986 er det utført årlege målingar av radioaktivitet i fisk, vilt, husdyr og på beite. Det er meininga at slike årlege prøver skal halde fram. Målingane så langt, syner raskare nedgang enn tidlegare rapportar synte. Dette er ureining som ikkje kan hindrast lokalt eller nasjonalt. Det er likevel viktig å følgje opp utviklinga slik at endringar kan registrerast og erfaringar bli hausta både i høve til sjølve naturtilstanden og i høve til brukarane av områda. Støy Stillheit har sin eigenart og sin eigenverdi. Målet er å halda unødig støy i verneområda på eit så lågt nivå som mogleg. Forvaltingsmål Det er eit mål å unngå ureining, og det skal vera god handtering av avfall i verneområda. Omfanget av støy skal haldast så lågt som mogleg. Naturen skal få utvikle seg utan å bli påverka av ureining, og folk skal kunne oppleve naturen sine eigne lydar. All ureining er forbode i verneområda, men det er likevel tilfelle der det er behov for bruk av sand o.l. til snøsmelting, bruk av plantevernmiddel ved rydding av stølsvollar osb. t.d. i samband med jordbruk. Det er òg forbod mot unødvendig støy, t.d. motordur i verneområda for å sikre område der naturen sine eigne lydar og stillheit er ein viktig del av naturmiljøet og for folk sin natur- og opplevingsverdi. Rammer og reglar (vedlegg 1) Forskrift for Breheimen nasjonalpark 3 pkt. 7.1,7.2 og 7.3 Unødig støy er forbode. Bruk av motordrivne modellfly o.l. er forbode. Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor i samband med fiskekultivering ( 3 pkt. 7.3). Forskrift for Vigdalen landskapsvernområde 3 pkt. 7.1, 7.2 a), b) og 7.3 Forskrift for Mørkridsdalen landskapsvernområde 3 pkt. 7.1, 7.2 a), b) og 7.3 Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode ( 3 pkt. 7.1). Forvaltingsstyresmakta kan gje løyve til bruk av sand og liknande til snøsmelting ( 3 pkt. 7.2a)). Framhald neste side Forvaltingsplan for Breheimen nasjonalpark 185
stølsvollar ( 3 pkt. 7.2 b)). Unødig støy skal unngåast ( 3 pkt. 7.3) Forskrift for Mysubytta landskapsvernområde 3 pkt. 7.1 og 7.2 a),b) og 7.3 Ureining og forsøpling, og utandørs lagring av materialar, gjerdeutstyr o.l., er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode ( 3 pkt. 7.1). Unødig støy skal unngåast. Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor i samband med fiskekultivering og bruk av krattfjernar ved rydding av kratt ( 3 pkt. 7.3). Forskrift for Høydalen landskapsvernområde 3 pkt. 7.1, 7.2 og 7.3 a), b) Unødig støy skal unngåast. Dette gjeld ikkje bruk av motorisert isbor ved fiskekultivering og bruk av krattfjernar ved rydding av kratt ( 3 pkt. 7.3)). Forskrift for Strynefjellet landskapsvernområde 3 pkt. 7.1, 7.2 og 7.3 Forvaltingsstyresmakta kan gje løyve til bruk av sand, kalk og liknande til snøsmelting ( 3 pkt. 7.2). Unødig støy skal unngåast. Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor i samband med fiskekultivering og bruk av krattfjernar ved fjerning av kratt ( 3 pkt. 7.3). Forskrift for Høyrokampen naturreservat 3 b) og c) Dyrelivet, mellom anna reirplassar og hi-område, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode ( 3 b)). Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller midlertidige innretningar, parkering av campingvogner, brakker og liknande., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, plassering av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande ( 3c)). 186 Forvaltingsplan for Breheimen nasjonalpark
Unødig støy er forbode i verneområda. Dette femner m.a. om bruk av motordrivne modellfly og droner. Foto: Kjølv Øystein Falklev Retningsliner for forvalting og bruk All ureining og forsøpling av vassdrag og naturen elles er forbode i verneområda. Det medfører m.a. at: All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode. Søppel skal takast med ut or området. Unødig støy er forbode. Det er m.a. forbod mot bruk av motordrivne modellfly og modellbåt i nasjonalparken og i landskapsvernområda. Dette forbodet omfattar også droner. Det vil ikkje vere aktuelt å etablere ordningar med søppeltømmingsstader inne i verneområda, då slike tiltak kan føre til opphoping av søppel. Der det allereie er etablert søppeltømmingsstader, bør dei fjernast. Søppel skal ikkje gravast ned eller deponerast innanfor verneområda. Massar frå utedo kan deponerast på staden. Ved skifte av båtar, eller der båtar er ubrukeleg og ikkje kan reparerast, skal dei gamle båtane eller restane av dei fraktast ut or verneområda. Bruk av kjemikaliar er først og fremst aktuelt som tiltak mot framande artar som kan truge verneverdiane. Bruk av kjemikaliar må vurderast ut frå i kor sterk grad den framande arten trugar verneverdiane på kort og lang sikt. Slike middel skal ikkje nyttast i område der det er dokumentert biologisk mangfald som middelet kan vere øydeleggjande for. Framhald neste side Forvaltingsplan for Breheimen nasjonalpark 187
Etter søknad kan det gjevast løyve til bruk av sand ol. til snøsmelting i nasjonalparken og i landskapsvernområda. Det vil bli gjeve løyve til molding av vatningsanlegg og strøing på vegar om det er behov for det, samt for kalking av FV 258 Gamle Strynefjellsveg når det ikkje er til skade for villrein. Etter søknad kan det gjevast løyve til bruk av plantevernmiddel for stubbebehandling ved rydding av eksisterande setervollar/stølsvollar i nasjonalparken og i landskapsvernområda, unntatt i Strynefjellet landskapsvernområde (der det ikkje er gamle stølsvollar). Motorisert isbor i samband med fiskekultivering kan nyttast i nasjonalparken eller landskapsvernområda. Vernet er ikkje til hinder bruk av krattfjernar ved rydding av kratt i Mysubytta-, Høydalen- og Strynefjellet landskapsvernområde. I Høyrokampen naturreservat er det forbod mot utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, plassering av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel, og forsøpling. Tiltak Gamalt søppel bør fjernast og det bør ryddast opp i restar etter tidlegare aktivitet, jf. tiltaksplanen. Slike restar kan vere kulturminne, og kulturminnemyndigheitene skal difor involverast i vurderinga av slike saker før tiltak vert gjennomført. Nasjonalparkstyret vil kontakte dei som har liggjande att restar som vert rekna som ureining eller avfall, for å ta del i oppryddinga. 188 Forvaltingsplan for Breheimen nasjonalpark