Rapport Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010
Sak: Jotunheimen nasjonalpark. Rydding av gamalt søppel i Fannaråken-området. Rapport. Frå oppsynsmann: Einar Fortun, 6875 Høyheimsvik. Telefon arb. 57685581. Priv. 57686437. Mobil. 97622053 Arbeidsstad: Luster kommune, 6868 Gaupne. Rapporten går til: Statens naturoppsyn, v/rigmor Solem, 2975 Vang i Valdres. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som forvaltningsmyndigheit i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen lanskapsvernområde. Tidspunkt: 6 dagar i perioden frå 2. august til 30. august. Stader: Frå Fannaråken og til nedgangen til Fannaråkbreen. Frå Fannaråkfossen til Keisarpasset. Skautehaugane. Stadene er innteikna på vedlagt kart. Forhold: Lite snø sist vinter og kraftig avsmelting førde til at mykje gamalt søppel smelta fram denne sommaren.. Utgreiing om ryddearbeidet: Frå Fannaråkhytta og nedover til der ein går inn på Fannaråkbreen var det tidlegare samla inn ein del metallrøyr som mest truleg har vore nytta til merking, også ein del anna søppel var medteke. Dette søppelet var lagra ved øvre brekant. Strekninga vart gått over på nytt og meir søppel vart funne. Dette vart saman med det tidlegare innsamla lagt i storsekk og frakta ut den 30. august. Staden avmerka på vedlagt kart med 1.
Innsamla søppel på strekninga frå Fannaråkhytta, langs stien ned til inngangen på breen. Frå Fannaråkfossen langs stien ned til Keisarpasset var det også smelta fram ein del gamalt søppel. Der var mellom anna reiskap, strenger, gamle røyr og treverk. Dette vart samla saman i ein storsekk og frakta ut den 30. august. Staden avmerka på vedlagt kart med 2.. Innsamla søppel frå Fannaråkfossen, langs stien til Keisarpasset.
Ved Skautehaugane, like innom grensa for nasjonalparken var det mykje gamalt skrot etter drifta på Fannaråken. Frå denne staden gjekk det ei taubane opp til høgde 1600 meter over havet. Denne taubana hadde 2 berekablar av stiv, tjukk streng. Desse kablane låg i terrenget oppover frå staden mot Fannaråken. I tillegg til berekablane var det også waier som var nytta som drageline, denne dragelina låg det mykje av oppover i same område som berekablane. Taubana fungerte på den måten at stein vart frakta ned frå ca 1600 meter høgde i Fannaråken på den eine kabelen og varer opp på den andre. Kablane gjekk ved sida av kvarandre og dragelina fungerte då slik at stein som vart frakta ned vart drivkrafta til å frakta varene opp. Det vart difor ein svær dunge med stein ved nedre taubanestasjon der vi rydda søppel. Berekablar og waier vart kappa og rulla saman i passe store rullar. Begge berekablane og waier vart samla saman i ca 300 meter lengde oppover frå starten og mot Fannaråken. Dette var eit krevjande og tungt arbeid. Bilde er teke frå høgde ca 1600 meter på stien til Fannaråken og viser steindungen og søppel. Strengene låg i terrenget frå steindungen og oppover mot der bilde er teke frå. Den merka stien som går frå Turtagrø og til Skogadalsbøen går forbi ca 200 meter frå denne staden, sjå bildet og vedlagt kart.
Bilde viser strenger som låg i terrenget. Desse vart rulla saman og fjerna. Bilde viser begge omtala berekablane av stiv, tjukk streng som vart rulla saman og frakta ut.
Bilde viser at strengene fleire stader låg i kveilar og var såleis til fare for at beitande bufe og rein kunne vikla seg inn og verta hengande. Dessutan bør slikt ikkje ligga slengt på denne måten i ein nasjonalpark. På denne staden var det også mykje anna gamalt skrot. I tillegg til nemnde strenger og waier var det 5 store ståldunkar, tromlar, tønner, rullar, taubaneutstyr og mykje treverk med rusta spikar etter ein bygning som var samanramla. Alt treverk med rusta spikar og andre småting vart samla i 5 storsekker. Det andre skrotet vart bunta saman og hatt i nett for utfrakting. Treverket med rusta spikar som stod opp, vaier og strenger var til stor fare for beitande bufe i området. Det var såleis på tide å få det bort. Dessutan var det eit stygt syn i nasjonalparken. Staden avmerka på vedlagt kart med 3.
Bilde viser ein trebygning som har ramla saman. Her var også mykje anna søppel inne i bygningsrestane. Bilde viser at det var mykje rusta spikar som stod opp i bygningsrestane til fare for beitande bufe.
Mykje skrot låg i kanten rundt heile steinrøysa. Dette vart samla saman og fjerna. Bilde viser arbeid med samanbunting og fjerning av berekablane. Steinrøysa og søppelet i bakgrunn.
Berekablane måtte delast opp i passe tunge kveilar, rullast saman og berast til utflygingsstad. Mykje skrot låg delvis skjult i kanten på steinrøysa.
Mange tunge gjenstandar måtte berast til utflygingsstad. Bilde viser mesteparten av skrotet samla klart til utflyging
Utfrakting og levering: Alt oppsamla skrot vart frakta ut med helikopter den 30. august. Helikopter var i området i samband med utflyging etter sesongen på Fannaråken og såleis vart det delt på kostnad med tilflyging. Det vart frakta ut 8 hiv til ein stor lastebil som stod klar slik at skrotet kom direkte på lasteplanet. Til saman vart det eit stort lass på lastebilen. Skrotet vart dagen etter levert på godkjent mottak i Sogndal. Helikopter vart nytta til utfrakting av søppelet. Skrotet vart lasta direkte opp i lastebil for vidarefrakting til godkjent mottak.
Slik ser området ved Skautehaugane ut no etter oppryddinga Kostnad og utføring av arbeidet: Statens naturoppsyn Jotunheimen, v/rigmor Solem leiger inn teneste frå Fjelloppsynstenesta i Luster kommune til oppsynsarbeid i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Arbeidet med denne oppryddinga er såleis utført med midlar frå dette tenestekjøpet. I tillegg har Leiar i Tilsynsutvalet for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde delteke og gjort ein stor innsats i dette ryddearbeidet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har teke kostnaden med utfrakting og levering på godkjent mottak for slikt avfall. Staden ved Skautehaugane etter rydding: Staden der nedre stasjon for taubana oppover i Fannaråken var plassert ser no bra ut etter ryddinga. Det står att ein del fastbora boltar, i tilfelle desse skal bort må det på plass reiskap for å skjera desse av. Staden er ca 200 meter frå stien på ruta Turtagrø Skogadalsbøen, sjå vedlagt kart og foto. Her burde no kanskje vore skilta og merka slik at folk kunne få sjå korleis fraktinga gjekk føre seg i eldre tider til drifta på Fannaråken. Både vervarslingsstasjonen og DNT hytta på Fannaråken nytta denne måten å frakta varer på. Steinrøysa som er kome ned frå øvre del av taubane og brukt som drivkraft for å frakta varer opp, er veldig stor. Den fungerar som eit minne frå eldre tider og korleis ein då utnytta dei resursane ein hadde. Om dette er noko å visa fram må avgjerast ved ei synfaring på staden.
Er dette merke etter drift i eldre tider noko å visa fram som eit minne om korleis dei nytta resursane då? Gaupne den 06-10-10. Einar Fortun -fjelloppsyn- Vedlegg : Kart over området med avmerka stader