Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri



Like dokumenter
Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

Jordbærsortar Strawberry cultivars

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Resultat frå sortsforsøk i bringebær i Planteforsk Results from the cultivar trials in raspberry in Planteforsk

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Lønnsundersøkinga for 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Sar (Satureja hortensis), prøvedyrking

HORDALANDD. Utarbeidd av

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Sortsprøving i bringebær

Kryddertimian (Thymus vulgaris), prøvedyrking

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

DB

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sortsprøving i bringebær

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Styresak. Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport Styresak 14/14 O Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

mmm...med SMAK på timeplanen

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

Teknikk og konsentrasjon viktigast

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Aurora, Carmen eller andre aktuelle jordbærsorter?

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Ny strategiplan for Høgskulen

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

Brukarrettleiing E-post lesar

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Høring - finansiering av private barnehager

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

«Ny Giv» med gjetarhund

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Nytt om sortar i bringebær

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kva er økologisk matproduksjon?

Transkript:

600 A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri Arnfinn Nes, Bjørn Hageberg / arnfinn.nes@planteforsk.no Planteforsk Apelsvoll forskingssenter avd. Kise Samandrag Nye jordbærsortar og ein del seleksjonar vert først og fremst prøvde i dyrkingsforsøk ved Planteforsk Kise, men nokre vert og prøvde andre stader i tillegg. Sortane vert vurderte for viktige eigenskapar for dyrking, resistens mot skadegjerarar, avling og kvalitet. Florence er interessant for vidare prøving i praktisk dyrking. Også Frida bør prøvast på same måte, men det vart siste året funne at også den sorten får åtak av jordbærmjøldogg (Sphaerotheca macularis) når plantene vert dyrka utan sprøyting. Yamaska er ein sein sort som og bør prøvast i praktisk dyrking. Kimberley er rapportert å vera svært svak for jordbærsvartflekk (Colletotrichum aucutatum) og bør difor ikkje dyrkast. Symphony har truleg liten verdi. Siste året vart seks sortar prøvde ut av Stabburet AS som råstoff for kokt og rørt syltetøy. Seleksjonen PK97.48.1 frå Planteforsk sitt foredlingsprogram var den beste for begge produkta. Frida gav bra råstoff for kokt syltetøy, men dårlegare for rørt. Både Korona og Florence gav dårleg råstoff for begge produkta. Innleiing Det vert heile tida utvikla nye jordbærsortar både her i landet og i utlandet. Dei fleste foredlarane freistar å laga sortar med god kvalitet som friske bær. Det er marknaden for friske bær som dominerer og som såleis er den mest interessante. I Europa er Polen den store produsenten av fleire bærarter. Der vert framleis jordbærsorten Senga Sengana dyrka på store areal, og det er framleis nesten berre den sorten som vert dyrka for industrimarknaden. Så lenge industrien har fått billeg råstoff av Senga Sengana med god kvalitet, har det vore lite spørsmål etter nye sortar for industribær. Men etter som pri-

A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) 601 sen på bæra også i Polen har stige kraftig siste åra, høyrer vi no om at foredlarane elles i Europa også har børja interessera seg for å utvikla sortar for industrien. Senga Sengana har eigenskapar som har gjort han til ein kombinasjonssort ein sort som kan nyttast både for industri- og ferskvaremarknaden. Dagens krav til kvalitet er særs store, og det vert difor etter kvart krav om spesialsortar for ulike marknader. Krav til bærkvalitet Kvaliteten på jordbæra vert oppfatta som særs god her i landet. Det vert ofte forklara med gode dyrkingsforhold: kjøleg klima, godt lys og lange dagar. Klimafaktorane er viktige for å utvikla bær med god kvalitet, men den genetiske variasjonen innanfor jordbær er også svært stor, og det er mange faktorar som tel med i kvalitetsomgrepet. Det vert stilt ulike krav til viktige kvalitetsfaktorar når bæra skal nyttast som friske eller om dei skal konserverast. For friske bær er følgjande kvalitetsfaktorar dei viktigaste: Store, litt mørke og jamne bær med mykje aroma og god smak. Faste bær med sterkt skinn som gjev bæra god lagringsevne og robuste i omsetnaden. Bæra må dessutan vera velforma med fin utsjånad og utan synlege teikn på skadegjerarar. Når bæra skal nyttast i industrien, er dei viktigaste kvalitetsfaktorane følgjande: Mørk og stabil farge og godt gjennomfarga bær. Høgt innhald av både syre og sukker, men syreinnhaldet er særleg viktig. Moderat bærstorleik. Fleire krav til sortane Krava til ytre og indre kvalitet hjå bæra er viktige, men for at ein ny sort skal vera interessant, må fleire andre krav oppfyllast: Høg resistens mot viktige sjukdomar, midd og skadeinsekt er eit viktig grunnlag for friske planter og redusert bruk av kjemisk plantevern. Det aukar tryggleiken for kvaliteten og gjev ein enklare og billegare produksjon. Klimatilpassa plantemateriale med god overvintring av plantene sikrar høg og jamn produksjon gjennom heile omløpet. Avlingsevne og bærstorleik er viktige eigenskapar. Evne til å tola hausting, transport og omsetnad er andre viktige eigenskapar ved sortane.

602 A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) Prøving av nye sortar og seleksjonar Av meir enn 240 sortar som har vore prøvde på Kise gjennom åra har berre eit fåtal kome i dyrking og fått stor verdi. Dei beste sortane våre i dag har kome frå ulike stader, så det er vanskeleg å seia kvar det er best sjanse for å få gode sortar frå: Senga Sengana er tysk, Korona hollandsk, Bounty kanadisk. I tillegg til at vi har fått nokre gode norske sortar. Engelske eller skandinaviske sortar har sjeldan hevda seg som gode handelssortar hjå oss. Det er stort behov for nye sortar i jordbær, og interessa for resultata frå sortsprøvinga er stor. Planteforsk har nokre år hatt samarbeid med Bama og Gartnerhallen om prøving av nye sortar for frisk varemarknaden. Dette samarbeidet har gjeve nyttig kunnskap om sortane i denne marknaden. Siste året har vi hatt stor nytte å samarbeida med Stabburet AS for prøving av sortar for industrien. Frå Planteforsk sitt eige foredlingsprogram vert interessante seleksjonar prøvde i forsøk i fleire landsdelar. Dette arbeidet har vore støtta av midlar frå fleire fylke i ulike delar av landet. I tillegg til registrering av avlingsevne og viktige kvalitetseigenskapar i forsøk ved Planteforsk, har nokre seleksjonar også vore prøvde på større felt hjå utvalde dyrkarar i samarbeid med lokale forsøksringar. Resultat frå sortsprøvinga siste åra I sortsforsøka siste åra har sortane Korona og Polka vore nytta som kontrollsortar. Dei nyaste sortane som siste to åra har vore samanlikna med dei to sortane er: Kimberley, Symphony, Yamaska, Florence og Frida. Kimberley er ein hollandsk sort som vekte stor interesse i Skandinavia for eit par år sidan og vart mykje planta både i Sverige og Danmark. Då vi hadde fått sorten gjennom karantene, fått laga nye planter og planta det første forsøket, kom det meldingar frå både Danmark og Sverige om at sorten var svært utsett for den nye og farlege soppsjukdomen jordbærsvartflekk (Colletotrichum aucutatum), og i Danmark trur mange at denne sjukdomen kom dit med planter frå Holland. Etter at også vi har fått denne sjukdommen her i landet, har interessa for sorten vorte redusert. Sorten modnar om lag som Korona, både avling og bærstorleik er bra, men kvaliteten er berre middels. Vi vil difor førebels ikkje rå til at sorten vert planta. Symphony er ein engelsk sort som var lansert kraftig for nokre år sidan. Også denne sorten har hjå oss vore berre middels i dei fleste eigenskapar, og tilrådinga for sorten vert som for Kimberley. Yamaska er ein kanadisk sort som vi meiner bør prøvast litt vidare i prak-

A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) 603 tisk dyrking. Sorten er svært sein. Det gjeld også utviklinga om våren, og første åra vart dette oppfatta som at plantene var frostskadde. Vidare prøving har synt at det ikkje var rett. Også bæra modnar seint hjå denne sorten. Det har lenge vore behov for seine sortar, og sidan plantene er svært friske og bærkvaliteten bra, vil vi tilrå at sorten vert planta som prøvesort. Florence er ein engelsk sort som har vorte svært godt motteken i ferskvaremarknaden. Også denne sorten er sein om lag 10 dagar etter Korona. Plantene er friske og både avlinga og bærstorleiken er bra. Bæra hjå engelske sortar er ofte litt lyse, men fargen hjå Florence er fin og bra raud. Berre vidare dyrking vil syna kor viktig sorten vil verta, men til no har det vore svært positive tilbakemeldingar både frå dyrkarane og marknaden om denne sorten. Frida er den nyaste norske sorten som har vore prøvd siste par åra, og det vart tidleg stilt betydelege forventningar til sorten. Ei grundigare prøving av sorten har vore påverka av at det vart funne planter smitta av soppsjukdomen jordbærsvartflekk (Colletotrichum aucutatum) i materialet av sorten. Ei meir praktisk prøving av sorten vil difor først få noko omfang i år. Men i forsøka på Kise og hjå nokre dyrkarar har sorten synt at han framleis er særs interessant. Det har etter kvart diverre synt seg at utan sprøyting, er heller ikkje plantene av denne sorten er særleg sterke mot jordbærmjøldogg (Sphaerotheca macularis). Sist sommar vart det og funne bær med tydeleg åtak av soppen. Berre vidare prøving kan syna kor stort omfang dette vil ha. Sorten gjev gode avlingar av svært store bær. Dei første bæra har ofte litt dårleg form, men seinare er dei store, jamne, svært velforma og koniske. Prøving av nye sortar og seleksjonar for industrien Våren 2004 fekk vi spørsmål frå Stabburet AS i Brumunddal om samarbeid for å prøva nye sortar for industrien. Nye trendar i marknaden har stimulert industrien til utvikling av produkt med redusert sukkerinnhald. Stabburet AS utvikla for nokre år sidan kokt syltetøy med redusert sukkerinnhald. Det har på få år teke over store deler av marknaden. No ønskjer dei i tillegg å utvikla produkt av rørt syltetøy med endå mindre sukker. Nye produkt stiller andre krav til kvaliteten på råstoffet, og det er difor interessant å prøva nye og eldre sortar i dette arbeidet. Senga Sengana er den heilt dominerande industrisorten, og Stabburet AS ønskte å nytta norsk råstoff av den sorten som standard. I tillegg ønskte dei å nytta importert råstoff av same sorten. Polka har vore nytta ein del som industrisort siste åra, men det har vore stilt ein del spørsmål om kvaliteten hjå sorten er god nok. Difor ville dei gjerne ha med den sorten. Sidan det ofte vert stilt spørsmål om kvifor ikkje Korona kan nyttast av industrien, ønskte

604 A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) vi å få med den. Dei nye sortane Florence og Frida er interessante å studera korleis dei høver i industrien. Då m.a. den norske seleksjonen PK97.48.1 var med i forsøk hjå dyrkarar, fekk vi høyra at bæra gav svært fint og godt syltetøy. Den seleksjonen vart difor vald som siste sort i forsøket. Bær av sortane vart hausta om lag midt i sesongen og levert til fabrikken berre få timar etter hausting. Der vart halvparten nytta med det same som friske bær som råstoff for rørt syltetøy. Seinare vart det og laga rørt syltetøy av frosne bær. Vanleg kokt syltetøy var berre laga av frosne bær. Ein viktig motivasjon for forsøka var å redusera sukkerforbruket. Dei ulike produkta vart tilsett følgjande mengder sukker: Vanleg kokt syltetøy: Kokt syltetøy med redusert sukkerinnhald: Rørt syltetøy: 450 g sukker/kg ferdig syltetøy 300 g sukker/kg ferdig syltetøy 200 g sukker/kg ferdig syltetøy Smakstesting av syltetøyet Syltetøyet vart produsert sist i juli, og to månader seinare var fire tilsette frå Kise på Stabburet AS i Brumunddal for å smaka på produkta. Det vanlege kokte syltetøyet smaka svært søtt og gav små skilnader mellom sortane, medan det var betydelege skilnader mellom sortane for dei to andre produkta. Det vart då bestemt at Stabburet AS skulle førebu ein smakstest av dei to siste produkta der sortane var ukjende. Denne testen vart gjennomførd 21. oktober. Det var åtte deltakarar i smakspanelet. To var bærprodusentar og to var kvinner. Smakspanelet sat kring eit stort og lyst bord i eit lyst rom. For kvart produkt vart prøvane presenterte i små kvite plastskåler som var nummererte. Skålene stod på serveringsbrett, og det vart nytta små, kvite plastskeier ved smakinga. Stabburet AS hadde sett opp eigenskapane dei ønskte vurdering av, og det vart nytta poengskala 1 9 der høge verdiar var positive eigenskapar. Eigenskapar som vart vurderte: Raudfarge heile massen: Vurdering av raudfargen på heile prøven. Raudfarge bær: Vurdering av raudfargen på bæra i prøven. Jordbærsmak: Vurdering av om produktet hadde jordbærsmak. Søt smak: Vurdering av kor søtt produktet var. Frisk, syrleg smak: Vurdering av kor frisk og syrleg smaken var. Fastleik og konsistensen hjå bæra: Vurdering av dette i produktet. Resultat av smakstestinga Resultata av smakstesten av kokt syltetøy er presenterte i tabell 1 og for rørt i Tabell 2. Seleksjonen PK97.48.1 var den klart beste som råstoff for kokt syltetøy i

A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) 605 denne granskinga (Tabell 1). Seleksjonen var klårt best i alle vurderte eigenskapar med unntak av den siste fastleik og konsistens av bæra. For dette produktet kom i middel Frida ut som den nest beste, sjølv om middelverdien skilde seg lite frå Senga Sengana. Det er likevel verdt å leggja merke til at raudfargen var svakare hjå Frida enn hjå Senga Sengana. Samanlikna med Polka kom Frida godt ut i granskinga. Norskproduserte og importerte Senga Sengana var nokså like, men dei importerte fekk i middel litt høgare poeng. Korona og Florence var dei to dårlegaste sortane. Florence fekk minst poeng i fire av seks eigenskapar og Korona i to. Begge sortane hadde dårleg farge, og dei fekk også svak vurdering for jordbærsmak og syrleg smak. Tabell 1. Vurdering* av ulike kvalitetskomponentar av kokt jordbærsyltetøy. Middel av åtte domarar Sort Raudfarge av Smak Fastleik og kon- Middel Syltetøyet Bæra Jordbær Søt Syrleg sistens av bæra Senga Sengana, norsk 6,6 6,3 5,1 4,9 4,6 4,8 5,37 Senga Sengana, import 7,0 6,3 4,4 5,5 5,0 5,3 5,56 Korona 5,0 4,0 3,8 5,1 3,8 4,0 4,27 Polka 6,4 5,3 5,5 6,1 3,9 4,8 5,32 Florence 4,6 4,0 3,5 5,5 3,4 4,8 4,29 Frida 6,6 5,9 4,8 6,1 5,0 5,1 5,59 PK97.48.1 7,8 7,0 5,9 6,6 6,0 5,1 6,40 * Poengskala 1 9. 1 = svært dårleg, 9 = svært bra, 5 = akseptabelt Seleksjonen PK97.48.1 var også den klart beste som råstoff for rørt syltetøy (Tabell 2). Seleksjonen var klårt best i tre av seks eigenskapar. For dette produktet kom Polka i middel ut som den nest beste. Her var norskproduserte Senga Sengana betydeleg betre enn dei importerte. Frida hadde svak jordbærsmak, men var best for fastleik og konsistens av bæra. Ein merknad her var at bæra hjå Frida var svært store og når dei vart delte i skiver, var skivene i syltetøyet svært store. Polka kom for dette produktet ut som den nest beste sorten, og hadde særleg god raudfarge i bæra. Florence var også for dette produktet den dårlegaste sorten. Sorten fekk svært lite poeng for farge av produktet, men for søtsmak fekk sorten mest poeng.

606 A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) Tabell 2. Vurdering* av ulike kvalitetskomponentar av rørt jordbærsyltetøy. Middel av åtte domarar Sort Raudfarge av Smak Fastleik og kon- Middel Syltetøyet Bæra Jordbær Søt Syrleg sistens av bæra Senga Sengana, norsk 5,8 5,4 4,9 5,5 5,1 4,4 5,17 Senga Sengana, import 5,9 5,4 4,8 4,0 4,1 4,1 4,71 Korona 4,9 4,1 4,9 5,5 4,8 4,3 4,73 Polka 6,1 6,0 4,5 5,6 4,8 5,3 5,38 Florence 2,8 2,5 4,3 6,0 4,3 4,3 4,00 Frida 5,1 5,1 4,1 5,1 3,9 6,3 4,94 PK97.48.1 6,4 5,5 5,8 5,4 5,5 5,6 5,70 * Poengskala 1 9. 1 = svært dårleg, 9 = svært bra, 5 = akseptabelt Konklusjon Florence er interessant for vidare prøving i praktisk dyrking. Også Frida bør prøvast på same måte, men det vart siste året funne at også den sorten får åtak av jordbærmjøldogg (Sphaerotheca macularis) når plant-ene vert dyrka utan sprøyting. Yamaska er ein sein sort som og bør prøvast i praktisk dyrking. Kimberley er rapportert å vera svært svak for jordbærsvartflekk (Colletotrichum aucutatum) og bør difor ikkje dyrkast. Symphony har truleg liten verdi Det er auka interesse for dyrking av jordbær til industrien. Industrien ønskjer å utvikla nye produkt med mindre sukker og har behov for å finna fram til sortar som gjev godt råstoff for desse produkta. Samarbeidet med Stabburet AS i 2004 gav nyttige resultat, og den norske seleksjonen PK97.48.1 gav i denne granskinga det beste råstoffet. Dei andre nye sortane var svake i viktige eigenskapar og det er ønskjeleg med nokre fleire prøveproduksjonar før dei eventuelt må kasserast som industriråstoff. Det vert i vinter laga planter av seleksjonen PK98.48.1 for å få prøvd sorten vidare både i dyrking og som råstoff for industrien.