Kommunedelplan kultur planprogram Foto: Kulturskrinet
Innleiing Kultursatsinga i Karmøy har tradisjonelt sett bore preg av eit mål om at alle innbyggarane så langt som råd er skal vere sikra eit aktivt kultur- og fritidstilbud. Karmøy er ein kommune i vekst. Kommunen kan vere stolt over å ha mange aktive frivillige lag og foreiningar, og kulturskulen vår er ein av dei største i landet utanfor dei store byane. For å sikre arbeidet med å skape gode rammevilkår for eit aktivt kulturliv har Karmøy behov for eit strategisk styringsdokument for kunst- og kulturfeltet. Kommunedelplan for kultur skal vere eit verktøy for den politiske styringa og ei styringspil for det praktiske kulturarbeidet i kommunen. Planen skal bidra til å skape føreseielege utviklingsvilkår for kulturlivet, og felles mål for kulturarbeidet i kommunen. Prosessen rundt arbeidet med kommunedelplan for kultur skal sikre det frivillige liv, den kulturbaserte næringa og andre aktørar innan kulturfeltet gode høve til å involvere seg i og medverke til utarbeidinga av dei langsiktige kultursatsingane i Karmøy kommune. Jamfør kommunal planstrategi for Karmøy kommune 2012 15 (sak 49/12 vedtatt i kommunestyremøte 14. juni 2012), skal oppstart av strategisk kulturplan skje i 2014. Planen er i planstrategien ikkje omtala som kommunedelplan. Planstrategien er retningsgjevande men ikkje bindande. Sett i lys av at dette skal vere ein overordna plan for kunst- og kulturfeltet i Karmøy kommune, og for å sikre stor grad av medverknad frå alle aktørar vil strategisk kulturplan bli utarbeida som kommunedelplan for kultur, jamfør kap. 11 i PBL. Kommunedelplan for kultur skal vere eit strategisk styringsdokument som synleggjer Karmøy kommune sine prioriteringar på kunst og kulturfeltet frå og med 2016 til og med 2025. Avgrensing Det eksisterer allerede kommunedelplaner for idrett og kulturminner, samt bibliotekplan, museumsplan, strategiplan for Kulturskrinet (Den kulturelle skulesekken) og reiselivsplan. Kommunedelplan for kultur er tenkt som ein overordna plan for kunst- og kulturarbeidet i Karmøy, og skal takast omsyn til når omtalte planar blir rullerte. I kommunedelplan for kultur vil det bli vist til eksisterande planer innan kulturfeltet. Områda som planane dekkar vil bli omtala mellom anna under temaet kulturformidling, men ikkje som eit eige tema. Kulturplan for Karmøy vil med bakgrunn i dette omfatte visuell kunst, scenekunst, musikk, det audiovisuelle feltet, litteratur, formidling av kulturarv, kulturarenaer og det frivillige organisasjonslivet / frivilligheten.
Planprogram for kommunedelplan for kultur 1. Kvifor kommunedelplan for kultur? Karmøy er ein kommune i vekst, og kulturfeltet er stadig i røyrsle. Ein tredjedel av kommunen sine innbyggarar er barn og unge. Fleire innbyggarar tyder auka fokus på kulturtilbudet, og det stiller større krav til langsiktig satsing på feltet. Alle kommunen sine innbyggarar har rett til og krav på eit aktivt og inkluderande kulturliv. Eit godt kulturtilbud er viktig for opplevinga av at Karmøy er ein attraktiv stad å bu og vekse opp i, og med eit aktivt kulturfelt følger trivsel og god livskvalitet. For å skape gode rammevilkår for eit aktivt kulturliv har Karmøy behov for eit strategisk styringsdokument for kunst- og kulturfeltet. Kommunedelplan for kultur vil løfte kulturfeltet og forankre kulturarbeidet politisk, sikre at Karmøy kommune oppfyller krava i kulturlova, og sikre aktiv involvering og medverknad i befolkninga på kulturfeltet. Kommunedelplan for kultur skal vere eit verktøy for den politiske styringa og ei styringspil for det praktiske kulturarbeidet i kommunen. Planen skal bidra til å skape føreseielege utviklingsvilkår for kulturlivet, og felles mål for kulturarbeidet i kommunen. Jamfør kommunal planstrategi for Karmøy kommune 2012 15 (sak 49/12 vedtatt i kommunestyremøte 14. juni 2012), skal oppstart av strategisk kulturplan skje i 2014. Kommunedelplan for kultur skal vere eit strategisk styringsdokument som synleggjer Karmøy kommune sine prioriteringar på kunst og kulturfeltet frå og med 2016 til og med 2025. Ved å gjennomføre kulturplanen som ein kommunedelplan blir det frivillige, den kulturbaserte næringa og andre aktørar innan kulturfeltet sikra gode vilkår for å involvere seg i og medverke til utarbeidinga av dei langsiktige kultursatsingane i Karmøy kommune. Kultursektoren er ein dynamisk arena med mange aktørar som både er utøvande og aktivt oppsøkande. Kunst- og kultur som interessefelt er mangesidig og personleg, og kulturelle møteplassar gjev rom for meiningsutveksling og personlege erfaringar. Kultur som næring er eit stadig veksande felt, og fleire av den oppveksande generasjon vil arbeide innanfor denne sektoren. Kommunen sine aktørar på kulturfeltet har eit stort ansvar for å tilrettelegge og sikre at alle i Karmøy får aktivt ta del i kulturlivet, både som skapande og deltakande. Med bakgrunn i dette har oppvekst- og kultursjef tatt initiativ til oppretting av ei arbeidsgruppe som skal sikre framdrift i eit planarbeid. Arbeidsgruppa har ansvar for å skape stor grad av medverknad frå dei ulike aktørane innan feltet, og innarbeide innspel frå høyringar og andre møte omkring aktuelle plantema. 2. Bakgrunn for planarbeidet Kommunedelplan for kultur 2016-25 skal vere eit strategisk styringsdokument som synleggjer Karmøy kommune si satsing på kunst- og kulturfeltet i kommunen. Kommunedelplanen skal samstundes sikre ei aktiv implementering av kulturlova og andre relevante lovar.
Nasjonale lovar Kulturlova (2007) Kulturlova er meint å gje klart uttrykk for det ansvaret det offentlege har for å leggje til rette for at alle kan få tilgang til kulturopplevingar. Tilrettelegging blir eit delt ansvar mellom kommune, stat og fylke. Noreg skal vere ein leiande kulturnasjon som vektlegg kulturdimensjonen i alle delar av samfunnet. Kommunedelplan kultur skal sikre at Karmøy kommune planmessig følger opp det ansvaret som følger etter kulturlova om å: fremja og legge til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd sikre at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk syte for at kulturlivet har føreseielege utviklingskår fremja kvalitet og profesjonalitet i kulturtilbodet gjennom å støtte tiltak økonomisk, iverksetje og finansiere eigne tiltak Odelstingsproposisjon 50 dokumentet bak kulturlova seier: Kulturlova er ei generell lov som slår fast det ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd og som skal gje einskildindivid reelt høve til å delta i kulturverksemd. Lova forpliktar til satsing på kulturfeltet, på lik linje med svært mange andre område i samfunnet som er regulerte på samme måte. Kulturlova er meint å gje klart uttrykk for det ansvaret det offentlege har for å leggje til rette for at folket kan få tilgang til kulturopplevingar. Føremålet skal vere å sikre eit mangfald av kulturaktivitetar over heile landet, og å sikre alle tilgang til eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Ei slik lov vil vere tenleg når det gjeld å synleggjera den viktige rolla kulturen har i samfunnet, og vil gje det kulturpolitiske feltet tyngd og status. Grunnlova paragraf 100 Det såkalla infrastrukturkravet: «at legge forholdene til rette for en aaben og oplyst offentlig samtale» FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (1966) Artikkel 15 gjeld som norsk lov Alle har rett til å delta i kulturlivet FN-konvensjonen om barn sine rettighetar (1989) Artikkel 31 gjeld som norsk lov Alle barn har rett til å delta i kunst og kulturlivet Andre relevante lover for planarbeidet. Plan- og bygningslova (2008) Arkivlova (1992) Lov om folkebibliotek (1985) Kulturskolelova ( 13-6 i Opplæringslova) (1997) ny rammeplan snart Oversikt over andre lovar som kan verke inn på arbeidet Lov om kulturminner (1978) Folkehelselova
Diskriminerings- og tilgjengelighetslova Lov om film og videogram (1988) Lov om vaksenopplæring Nasjonale føringar Stortingsmeldingar Kulturpolitikk fram mot 2014 - St.meld. nr. 48 (2002-2003) Idrettslivet i endring St.meld. nr. 14 (1999-2000) Den norske idrettsmodellen St. meld. Nr. 26 (2011-2012) Kulturell skulesekk for framtida St.meld. nr. 8 (2007-2008) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv St.meld. nr. 24 (2008-09) Bibliotek St.meld. nr. 23 (2008-2009) Framtidas museum St.meld. nr. 49 (2008-2009) Leve med kulturminner St.meld. nr. 16 (2004-2005) Framtid med fotfeste Kulturminnepolitikken Meld. St. 35 (2012-2013) Fortid former framtid Utfordringer i en ny kulturminnepolitikk (NOU 2002:1) Kultur og næring St.meld. nr. 22 (2004-2005) Frivillighet for alle St.meld. nr. 39 (2006-2007) Kultur, inkludering og deltaking St. meld. nr. 10 (2011-2012) Kulturutredningen 2014 (NOU 2013:4) Tverrdepartemental handlingsplan for kulturnæringene «Fra gründer til kulturbedrift» (2013) Kulturpolitikk fram mot 2014 - St.meld. nr. 48 (2002-2003) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv - St. meld. nr. 24 (2008-2009) Knutepunkt - St. meld. nr. 10 (2008-2009) Samspill (Rytmisk musikk) - St. meld. nr. 21 (2007-2008) Bak kulissene (Scenekunst) - St. meld. nr. 32 (2007-2008) Mål og mening (Språk og litteratur) - St. meld. nr. 35 (2007-2008) Den kulturelle skolesekken - St. meld. nr. 8 (2007-2008) Mestring, muligheter og mening (Den kulturelle spaserstokken) - St. meld. nr. 25 (2005-2006) 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold (Vidareføring av kulturelt mangfald) - St. meld. nr. 17 (2005-2006) + Rapport Visuell kunst - St. meld nr. 23 (2011-2012) Strategiplan for kunst og kultur i opplæringen 2007-2010: Skapende læring Lokalt kulturliv i endring Lokalt kulturliv i endring (2009, Egeland og Villa) bygger på eit forskingsprosjekt om endringar i lokalt kulturliv som vart gjennomført i perioden 2007-2009, finansiert av Norsk Kulturråd. Føremålet med boka er å inspirere til refleksjon og debatt om lokalt kulturliv. Rundskriv om satsing på barn og unge Årleg rundskriv frå barne- og likestillingsdepartementet om regjeringas generelle satsing på barn og unge, som også inneheld rettesnorer for kulturelt arbeid med barn og unge.
Kulturløftet I & II (2005-2009 & 2009-2014) Kulturløftet inneber ei satsing på at kulturen sin status som samfunns- og politikkområde skal hevast og at Noreg skal være ein ledande kulturnasjon som legg vekt på kultur i alle delar av samfunnslivet. Kunst og kultur har stor verdi i seg sjølv. Samtidig har satsing på kultur mykje å seie for andre samfunnsmål som næringsutvikling og arbeidsplassar, integrering og inkludering, helse, læring og kreativitet. Regionale føringar Fylkesutvalget vedtok i sitt møte 07.09.10, sak 105/10, at det skal setjast i gang ei revisjon av Strategisk kulturplan. Planen vil omhandle fylkeskommunen si rolle i kulturpolitikken i Rogaland, og primært gje føringar for korleis Rogaland fylkeskommune plasserer seg i høve til lokale og statlige aktører på kulturfeltet med omsyn til strategiar og prioriteringar. Karmøy kommune sine føringar Karmøy kommune ynskjer å lage ein kommunedelplan for kultur med utgangspunkt i at kunst og kultur er ein verdi i seg sjølv. Samstundes kan kulturaktivitetar ha positiv effekt på tema som folkehelse, reiseliv, tettstads- og næringslivsutvikling. 3. Planprogram og rammer for arbeidet Plan- og bygningslova Etter 4-1 i plan- og bygningslova skal det for alle regionale planar og kommuneplanar, og for reguleringsplanar som kan ha vesentlege innverknadar på miljø og samfunn, som ledd i varslinga av planoppstart utarbeidas eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. Planprogrammet er eit verktøy for å styrke tidleg medverknad og gode planprosessar. Programmet skal avklare rammer og premissar for arbeidet samt klargjere formålet med planen. Samstundes med at planprogrammet blir lagt ut på høyring skal det varslast om oppstart av planarbeidet. Oppstart av planarbeidet vil bli annonsert og aktuelle høyringsgrupper vil bli kontakta. Planprogrammet vert fastsett etter det offentlege ettersynet og skal ligge til grunn for planarbeidet. 4. Innhald Her kjem tema som skal innehalde status, mål og tiltak. Tema kan endrast undervegs etter innspel frå aktørane. - Barn og unge - Eldre - Kultur og næring - Arena for kultur - Frivillighet - Profesjonell kulturproduksjon
- Samarbeid med andre aktørar, kommuner og fylket - Kulturformidling, kulturdeltakelse og mangfald - Internasjonalisering - Kommunale støtteordningar - Kommunen som kulturformidlar 5. Organisering og medverknad Arbeidet med kommunedelplan for kultur blir gjennomført av oppvekst- og kulturetaten. Det er satt saman ei tverrfagleg arbeidsgruppe leia av kulturavdelinga. Arbeidsgruppa består av avdelingssjef kultur John Arve Hveding, kulturkonsulent Ane Steingildra Alvestad, idrettsrådgjevar Øyvind Flatebø, kulturhusleiar Per Steinar Lie, kulturskulerektor Kirsten Jæger Steffensen og kulturrådgjevar og leiar for Kulturskrinet, Astrid Havn Tranøy. Arbeidsgruppa har ansvaret for framdrifta til planen, herunder utarbeiding av planprogram, sikring av medverknad, og innhenting av innspel frå høyringar og andre opne møte om tema i planen. Ei referansegruppe, beståande av kulturhusleiarar og andre fagfolk frå kulturavdelinga, skal komme med innspel til arbeidet undervegs. Det er og oppretta ei administrativ styringsgruppe. Kommunedelplanen si styringsgruppe består av: *Oppvekst og kultursjef Ørjan Røed *Eiendomssjef Tone Merete Brekke *Folkehelsekoordinator Siri Merete Alfheim Medverknad Medverknad i plan- og beslutningsprosessar er eit grunnleggande prinsipp som skal sikrast for alle berørte interesser og myndigheter. Deltaking og demokrati skaper bedre resultat av planlegginga. Som det følger av plan- og bygningslovens 5-1 skal kommunen legge til rette for medverknad. Kommunen har eit særskilt ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krever spesiell tilrettelegging. Arbeidsgruppa skal legge til rette for dialog i alle faser av planprosessen jf. 5-2. Særlege omsyn skal takast til barn og unge sine oppvekstvilkår, og det skal vere høg grad av involvering av aktuelle målgrupper. Medverknaden skal samstundes styrast slik at han blir gjennomført med god struktur. Kommunen skal legge til rette for at organisasjonar og enkeltpersonar skal involverast i planarbeidet for å få dei nødvendige debattar og innspel. Ambisjonsnivået må vere realistisk og tilpassa kommunen sine ressursar slik at ein er sikker på at gjennomføring er realistisk. Hovedtyngda av medverknadsprosessen skal skje tidleg i planprosessen, då mulighetene for konstruktive innspel då er størst. Med bakgrunn i dette vil Karmøy kommune legge opp til ein dialogbasert prosess der arbeidsgruppa får ansvar for å legge til rette for ulike arenaer for dialog. Arenaer kan vere opne folkemøte, dialogmøter med ulike brukergrupper, ungdomsklubbar, eldreorganisasjonar, lag og organisasjonar, talspersonar for grupper med særskilte behov som barn, eldre og funksjonshemma, idedugnadar og dialog via internett, til dømes gjennom bruk av sosiale medier.
Det skal leggast ut informasjon om planprosessen på internett og andre tilgjengelege stader i lokalsamfunnet og det skal arrangerast høyringar. Arenaer for medverknad og dialog særskilt for barn og unge kan vere barnas kommunestyre, kommunale elevråd og Kulturskrinet sine samlingar for elevvertar ved skulane. Representantar for dei viktigaste interessegruppene kan inviterast til høyringar, og barnehagar og møteplassar for eldre kan oppsøkast. Eitt spennande døme på korleis ein kan involvere aktørar er Barnetråkk. Barnetråkk er ein spanande metode som kartlegger kor barn og unge beveger seg på fritida, ved at dei teiknar dei inn på eit kart. Dette nyttast i kartlegging av fritidsaktivitetar og kan vere nyttig når ein skal planlegge satsingar i ein kulturplan. Barnetråkk kan heilt sikkert omstillast til ein slags Kulturtråkk, for å kartlegge innbyggarane sine kulturaktivitetar. 6. Framdriftsplan Utarbeiding av planprogram Sommer 2014 Varsel om oppstart/planprogram på høring Høst 2014 Informasjonsmøte/folkemøte Høst 2014 Vedtatt planprogram Høst 2014 Utarbeiding av plandokument og utredninger Høst 2014-Høst 2015 Planforslag til utvalg Høst/vinter 2015 Planforslag på høring Høst/vinter 2015 Informasjonsmøte/folkemøte Høst/vinter2015 Vedtatt plan Vinter 2015/16