1 : OPPVEKST/OMSORG Møtestad : : 24.10.2011 Tid : MØTEINNKALLING SAKLISTE: saknr. Arkivsaknr. Tittel PS 43/11 11/800 FRAMLEGG TIL ENDRING AV VEDTEKTENE I BARNEHAGANE PS 44/11 11/802 TILSTANDSRAPPORTEN 2011 PS 45/11 11/803 KOSTRATAL FOR SKULE OG BARNEHAGE I TYSNES KOMMUNE PS 46/11 11/801 SOFYKOS PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE, FYSISK AKTIVITET OG KOSTHALD I SKULEN OG BARNEHAGEN PS 47/11 09/102 STODA INNAN BARNEVERNET PS 48/11 09/103 STODA INNA NAVSOSIAL PS 49/11 10/119 NASJONALE MÅL OG PRIORITERTE OMRÅDER FOR 2011
82 11/800 211 Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Saksnummer PS 43/11 FRAMLEGG TIL ENDRING AV VEDTEKTENE I BARNEHAGANE Vedlegg: 1. VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TYSNES KOMMUNE Vedtektene i barnehagane vert med jamne mellomrom justerte i samsvar med sentrale og lokale føringar. Frå 01.01.09 har såleis ein av barnehagane halde ope heile sommaren som eit tilbod til dei foreldra som har behov for dette. Oppvekstsjefen gjorde det i sak 14/10 klårt at erfaringane med dette tiltaket er blanda, og ein har ofte opplevd at svært få born nyttar seg av tilbodet sjølv om dei er påmelde på førehand. Det første året ordninga vart prøvd vart 6 påmelde born sett som ei minimumsgrense. Etter å ha opplevd at kun 2 born nytta tilbodet dei fleste dagane på tross av god påmelding, vart grensa flytta til 8 påmelde i håp om at dette ville betre situasjonen. Det har betra seg noko, men i høve til påmelde born, er det framleis få som nyttar seg av tilbodet. I veke 28 var det t.d. 3 av 9 som møtte måndagen, 2 av 10 på tysdagen, 4 av 10 på onsdagen, 3 av 8 på torsdagen og 4 av 8 på fredagen. I veke 29 var stoda slik: Måndag: 3 av 8 påmelde, tysdag: 4 av 8, onsdag 4 av 7, torsdag 4 av 8 og fredag 2 av 8. Dette er ikkje noko god situasjon korkje for borna eller dei tilsette, (må vera 2 vaksne uansett) og ei dyr ordning for kommunen. Frammøtet auka noko i veke 30 der max 7 av 12 påmelde stilte opp. Først i veke 31 (første veke i august) opplevde ein at frammøtet tok seg opp. Av 16 18 påmelde born varierte frammøtet frå 7 til 10 ungar. I denne veka var det i tillegg nødvendig å planleggja med 3 vaksne kvar dag, sjølv om frammøtet synte at ein kunne greidd seg med 2. Det er likevel slik at ein ikkje berre kan senda folk heim når dei først har kome på jobb. Det er ut frå dette grunn til å stilla spørsmål om ordninga med sommaropen barnehage skal halda fram, eller om ein bør halda stengt dei to siste vekene i juli månad slik ein gjorde tidlegare. Med dei erfaringane som er gjort til no med sommaropen barnehage vert denne ordninga avvikla. Sommaren 2012 vil barnehagane halda stengt dei to siste vekene i juli månad.
83 VEDTAK I : Med dei erfaringane som er gjort til no med sommaropen barnehage vert denne ordninga avvikla. Sommaren 2012 vil barnehagane halda stengt dei to siste vekene i juli månad.
84 11/802 212 Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Saksnummer PS 44/11 TILSTANDSRAPPORTEN 2011 Vedlegg: 1. Tilstandsrapport for grunnskulen I henhald til opplæringslova 13 10 andre ledd (sjå under) pliktar skuleeigar å utarbeida ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Denne rapporten skal drøftast av skuleeigar, dvs. kommunestyret. Det er likevel naturleg at denne rapporten først vert lagd fram for utval for oppvekst/omsorg. Rapporten frå følgjer ein mal som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, og som vert nytta av dei fleste kommunane i Hordaland. Dette er den andre rapporten som vert utarbeidd i vår kommune, og samanliknar ein med rapporten frå 2010 er det både positive og mindre positive utviklingstrekk. Dei resultata som kjem fram i årets rapport syner generelt sett ei utvikling i feil retning i høve til fjoråret. Det er likevel lyspunkt som det er verd å ta med seg vidare: Resultata i lesing på 5. steget er svært bra, sjølv om 5. klasse ved Tysnes skule ikkje er med i elevgrunnlaget. Også resultata i rekning på 8. steget er oppløftande. Særleg positivt er det at vi har så få elevar på dei to lågaste nivåa. Det er òg mykje positivt med omsyn til resultata i engelsk. Også her er det gledelig at vi har få elevar på dei lågaste nivåa. Vidare rapporterer elevane på 7. steget om høg trivsel og god fagleg rettleiing. Det er likevel mange utfordringer å ta tak i. Elevane både på 7. og 10. årssteg rapporterer om meir mobbing blandt elevane enn elles i landet. Resultata i rekning på 5. steget er heller ikkje tilfredsstillande på noko vis. Ser ein vidare på avgangskarakterar og grunnskulepoeng, som er sterke indikatorar på kva elevane har fått med seg gjennom skuleløpet, så er heller ikkje det lysteleg lesnad. Her ser vi ein klår tilbakegong frå året før.
85 Det er elles grunn til å minna om at i ein liten kommune som Tysnes vil resultata ganske sikkert variera frå år til år. Det er først på sikt at ein vil kunnesjå klåre og meir sikre tendensar på korleis utviklinga er. 1310. Ansvarsomfang Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 212 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 212 skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter 212 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i 141 fjerde ledd. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane. Kommunestyret tek rapporten til orientering. VEDTAK I : Kommunestyret tek rapporten til orientering med følgjande tillegg: Tysnes skule vert beden om å satsa på/revitalisera Olweusprogrammet.
86 11/803 102 Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Saksnummer PS 45/11 KOSTRATAL FOR SKULE OG BARNEHAGE I TYSNES KOMMUNE Vedlegg: 1. Nøkkeltal for Kostra (Kommunestat rapportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Informasjonen om kommunale og fylkeskommunale tenester, bruk av ressursar på ulike tenesteområde og eigenskapar ved befolkninga vert registrerte og samanstilte for å gi relevant informasjon for beslutningstakarar i kommunar, fylkeskommunar og staten. Informasjonen skal gi betre grunnlag for analyse, planleggjing og styring i kommunar og fylkeskommunar, og gi grunnlag for å vurdera om nasjonale mål vert oppnådd. I tillegg skal einskildpersonar, interessegrupper, media m.fl. kunne finna informasjon om kommunane og fylkeskommunane sine tenester og ressursbruk. Kostra har vore obligatorisk for kommunar og fylkeskommunar sidan 2001. Ei av målsetjingane med systemet var å forenkla rapporteringa frå (fylkes)kommunane til staten ved at data vert rapportert ein gong, men at dei sama dataene kan brukast flere gonger til ulike føremål. All rapportering til SSB (Statistisk Sentralbyrå) skjer i dag elektronisk. Når det gjeld tala for innafor området oppvekst, så syner dei mel.a. at kommunen har etter måten høge kostnader pr. elev i skulen. Dette kjem først og fremst som følgje av ein politisk vald desentralisert skulestruktur. Tala syner at ein elev i grunnskulen i vår kommune har eit netto kostnadsnivå på kr. 102 289, medan gjennomsnittstalet for vår kommunegruppe er på kr. 81 249. Til samanlikning er gjennomsnittet for alle Hordalandskommunane på kr. 70 705. Ut frå desse tala seier det seg sjølv at det er mykje pengar å spara på å få ned kostnadene. Med dagens elevtal ville kostnadene på skulesktoren blitt redusert med kr. 6,7 mill pr. år om kommunen kom ned på gjennomsnittet for vår kommunegruppe. Det er elles interessant å merka seg at kommunar som Sveio og Bømlo ligg godt under landsgjennomsnittet med kostnader på henhaldsvis kr. 76 523 og 68 911 pr. elev.
87 Når det gjeld barnehagedrift syner òg desse tala at kostnadsnivået i vår kommune ligg over gjennomsnittet, men det er grunn til å påpeika at kostnadene har gått kraftig ned dei seinare åra. I 2009 var t.d. kostnadstala pr barn i barnehagane på kr. 29 525. I 2010 var dette talet redusert til 22 811. Til samanlikning er gjennomsnittstala for vår kommunegruppe på kr. 20 175 og på landsbasis kr. 16 927. Gjennomsnittstalet for Hordaland er på kr. 18 174. Det er all grunn til å tru at oppretting av ein ny sentralbarnehage i Tysnes vil redusera kostnadene vår ytterlegare. et tek saka til orientering. VEDTAK I : et tek saka til orientering.
88 11/801 212.03 Sakshandsamar: Helge F. Kjellevold Saksnummer PS 46/11 SOFYKOS PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE, FYSISK AKTIVITET OG KOSTHALD I SKULEN OG BARNEHAGEN Vedlegg: 1. SOFYKOS. Plan for sosial kompetanse, fysisk aktivitet og kosthald i skulen og barnehagen. Plan for sosial kompetanse, fysisk aktivitet og kosthald vart første gong vedteke i oppvekst/omsorg 05.07.07. Planen vart gjeldande frå hausten 2007, og det vart forutsett ei evaluering etter 2 år. I saksutgreiinga skriv dåverande skulesjef Nils Magne Singelstad mellom anna: I ettertid kan ein seie seg lei for at barnehagane ikkje har vorte inviterte til å delta aktivt i arbeidet med planen, men dette er meir ei forgløyming enn eit uttrykk for at dei ikkje er ynskte i samarbeidet. Barnehagane har nemleg arbeidd mykje med temaet sosial kompetanse i lengre tid, og arbeidsgruppa har gjeve uttrykk for at barnehagane må involverast i det vidare arbeidet. Når planen no, noko forseinka, vart evaluert var det difor viktig å trekkja inn barnehagane som fullverdige samarbeidspartnarar. For å sikra dette har styrar i Vågsmarka barnehage, Eldbjørg Knutsen vore med i den gruppa som har gjennomført evalueringa. Planen har vore ute til høyring og høyringsutkastet vart handsama i oppvekst/omsorg 23.08.11. et uttalte her at dei såg det som naturleg at barnehagane og skulane vart likebehandla når det gjeld skulefrukt. I dag er stoda slik at det er kun elevane i skulen som får gratis tilgong til skulefrukt, medan barnehagane ikkje har noko slikt tilbod. I budsjettframlegget på side 31 går det fram at dette vil ha ei kostnadsramme på kr. 69 000 pr. år.
89 Vedtak i oppvekst/omsorg 23.08.11: et uttalte at dei såg det som naturleg at barnehagane og skulane vart likebehandla når det gjeld skulefrukt. Merk! Det vert i dag servert frukt i alle barnehagane som eit frivillig tilbod. Dette måltidet vert betalt av foreldra. Prisen har variert frå 2 3 kr. pr. dag. et godkjenner planen slik han ligg føre. Dei økonomiske føringane i planen må takast opp i samb.m. budsjettarbeidet, og det er naturleg at også fruktordninga i barnehagane vert vurdert i denne prosessen. VEDTAK I : et godkjenner planen slik han ligg føre. Dei økonomiske føringane i planen må takast opp i samb.m. budsjettarbeidet, og det er naturleg at også fruktordninga i barnehagane vert vurdert i denne prosessen.
90 09/102 360 Sakshandsamar: Einar Aslaksen Saksnummer PS 47/11 STODA INNAN BARNEVERNET NAVleiar Jan Oddvar Støle vil i møtet gjera greie for m.a. budsjettsituasjonen, status n.d.g. meldingar / sakshandsamingstid / arbeidsoppgåver m.v. innan barnevernet. Oppvekst/omsorg merkar seg orienteringa. VEDTAK I : Oppvekst/omsorg merkar seg orienteringa.
91 09/103 320 Sakshandsamar: Einar Aslaksen Saksnummer PS 48/11 STODA INNA NAVSOSIAL NAVleiar Jan Oddvar Støle vil gjera greie for stoda innan sosial/rus/nav og avlastning/støttekontakt. Oppvekst/omsorg merkar seg orienteringa. VEDTAK I : Oppvekst/omsorg merkar seg orienteringa.
92 10/119 321 Sakshandsamar: Einar Aslaksen Saksnummer PS 49/11 NASJONALE MÅL OG PRIORITERTE OMRÅDER FOR 2011 Vedlegg: 1. Nasjonale mål og prioriterte områder for 2011 oppvekst/omsorg merkar seg dei nasjonale mål og prioriterte områder for 2011. VEDTAK I : oppvekst/omsorg merkar seg dei nasjonale mål og prioriterte områder for 2011.