Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.



Like dokumenter
Vigrahallen. Retningsliner for de som får tildelt treningstid: Versjon 2014

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Brukarrettleiing E-post lesar

Stemnehandboka for NKSF

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

SØKNAD OM SKJENKING AV ALKOHOLHALDIG DRIKK

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Informasjonsbrosjyre for. Austevollhallen

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Informasjon og avtale om bruk av meiropne bibliotek i Lindås og Meland.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

1. MÅL MED REGLEMENTET 2. BRANNVERN VED UTLEIGE AV KOMMUNALE BYGG OG ANLEGG 3. UTLEIGEREGLEMENT FOR SKULAR OG FLEIRBRUKSAREAL

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Finansiering av søknaden

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

HOLMØYSKARRENNET 2002

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Brukarrettleiing. epolitiker

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

SØKNADSSKJEMA SKJENKELØYVE FOR EINSKILDHØVE GJELD KOMMUNESTYREPERIODEN

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

TIL DELTAKANDE KORPS:

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Hægebostad kommune Enhet for plan og drift

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SØKNADSSKJEMA SKJENKELØYVE FOR EINSKILDHØVE GJELD KOMMUNESTYREPERIODEN

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

REGLEMENT FOR LEIGE AV KOMMUNAL EIGEDOM OG FOR HANDEL UTANOM FAST UTSTALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Kulturhusvert/ vaktmeister har fullmakt til å visa vekk leigetakar ved brot på punkta over.

Plan for overgangar. for barn og unge

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Til deg som bur i fosterheim år

Løyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak

Møteprotokoll for møte i

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Elevpermisjonar. Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

KONTROLLUTVALGET I FORSAND KOMMUNE PROTOKOLL

Denne orienteringa vert berre sendt grunneigar, og de må sjølv orientera eventuelle leigetakarar.

Partsbrev - Selskapskontroll av Storeholmen VTA AS - Styreleiar orienterer og status i arbeidet ved Deloitte

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

BRANNINSTRUKS FOR SISOF SINE STUDENTBUSTADER

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

1. Partar i leigeavtalen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

mmm...med SMAK på timeplanen

Fitjar kommune Møteprotokoll

IKT-reglement for kommunane i SING

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

REGELHEFTE FOR SAMLAGSSTEMNER

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Transkript:

Vår ref. Dykkar ref. Dato: 03/1009-1/N-244//AGNH 23.07.2003 Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vedlagt ligg søknadsskjema for treningstid ved Øystese Idrettshall for hausten 2003 og våren 2004. Vedlagt ligg også oversikt over fordeling av tid for 2002/2003. Det vil letta arbeidet om ein så langt som råd nyttar dei same treningstidene som i føregåande år, men med dei justeringar som er naudsynte. Øystese Il har ei rekke undergrupper og ein må be om at hovudlaget fordeler skjema til dei gruppene som er aktuelle for søknad om treningstid. Dette brevet går ut til. Øystese Idrettslag, Kvam handballklubb og Rossvoll voleyballklubb. Dersom det er andre som ynskjer treningstid vil det verta sett inn ei annonse om dette i første Nr. av Hordaland Folkeblad. Vaktordninga vert i år slik vi praktiserte den i fjor og vedlagt ligg instruks for vaktansvarleg. Vaktansvarleg er som hovudregel den instruktøren som har sak1 dvs. salen nærast inngangspartiet. Eg legg ved ordensreglar og branninstruks til orientering. Alle instruktørane må kjenna desse og skriva under på dette i eigen instruktøravtale Alle instruktørane må møta til orienteringsmøte så snart treningstidene er fordelt. Vi får då desse fristane: 1. Søknadsskjema om treningstid må vera oss i hende til 15. august 2003. 2. Lagleiarane vert innkalla til fordelingsmøte tysdag 26 august i idrettshallen kl 19.00 3. Alle instruktørane må møta for orientering og underskriving av instruktøravtale torsdag 28. august kl 20.00. 4. Treningspartia startar opp frå og med 1. september 2003. Vi må be om at laga kopier opp søknadsskjema dersom ein treng fleire en det som ligg vedlagt. Vi må også be om at fristane som er sette vert haldne slik at vi kan starta opp den 1. september. Med helsing Agnar Høysæter Kultursjef

SØKNAD OM TRENINGSTID I ØYSTESE IDRETTSHALL 03/04. SØKNADSFRIST 15.08. 03 Lag: Gruppe: Kjønn: Alder: Ca. tal deltakarar: Hovudinstruktør: Vaktansvarleg: Gjeld treningstid måndag-fredag. Treningstida setjast opp i heile timar frå kl 16.00 til kl. 22.00. Gruppa ynskjer treningstid (prioritert rekkefylgje): Spesielle ynskje om sal (set kryss): dag kl.: Sal 1 (Nærast vestibyle) dag kl.: Sal 2 dag kl.: Gruppa ynskjer å disponere treningstida (set kryss): Berre hausten 03 Berre våren 04 Hausten og våren 03/04

Gjeld treningstid laurdag og sundag. Treningstida må setjast opp i heile timar frå 08.00-22.00. Ein gjer merksam på at det på laurdagar og sundagar er ein del arrangement og terminfesta kampar i ulike idrettar. I slike høve må treningstidene gå ut. Gruppene må sjølve halde seg orienterte om slike arrangement. Oppslag om slike arrangement vil vere i idrettshallen. (Lag som har terminfesta kampar må så tidleg som råd gje melding om tidspunkt.) Gruppa ynskjer treningstid (prioritert rekkefylgje): Spesielle ynskje om sal (set kryss): dag kl.: Sal 1 (Nærast vestibyle) dag kl.: Sal 2 dag kl.: Gruppa ynskjer å disponere treningstida (set kryss): Berre hausten 03 Berre våren 04 Hausten og våren 03/04 Anna tid (spesifisér): Frå: Til: MERK!!!! * Kvart lag bør samordne sine søknader. Alle instruktørar vert innkalt til møte der ein skriv under på at ein kjenner ordensreglar og branninstruks. Instruktørane må også påta seg ansvaret for vakt og tilsyn i hallen. Ein av instruktørane må påta seg hovudansvaret for vakt og tilsyn. Normalt er dette instruktøren som har time i salen nærast inngongspartiet. Dersom denne er ledig går ansvaret til neste sal. Etter at treningstidene er fordelt vil det verta utarbeidd og sett opp liste over hovudansvarleg i hallen. Alle instruktørane skal kjenna ordensreglar/branninstruks. Søknader som ikkje har sett opp instruktør/vaktansvarleg vil ikkje få tildelt treningstid. Underteikna kjenner til kva reglar som gjeld for hallen og på kva vilkår treningstid vert gjeve.... / Namn på lagleiar/gruppeleiar Adresse Telefon a/p Underskrift

BRANNINSTRUKS FOR BRUKARAR AV ØYSTESE IDRETTSHALL 1. Ved all bruk av idrettshallen skal det vera tilstades brannvernansvarleg som har skrive under på at ein er kjent med dei plikter som gjeld ved bruk av hallen. 2. Brannvernansvarleg skal vera kjent med brannvernutstyret i hallen, kjenna til rømingsvegar og alarmsystem. 3. Ved bruk av alle salar er det den som er i sal 1 som har hovudansvar. Dersom det ikkje er nokon tilstades i sal 1 er det den ansvarlege leiar i sal 2 og deretter i sal 3 som har ansvar. 4. Ved brannalarm skal brannvernansvarleg syta for at alle som er i hallen så snart som råd forlet hallen på ein roleg og kontrollert måte. Ein skal ikkje gå gjennom garderobane for å henta ting eller klede. Vidare skal han sjå etter at dører som ikkje vert nytta som rømingsveg er lukka. 5. Brannvernansvarleg skal så snart som mogeleg varsla brannvernet på telefon 110 og rapportera til brannbefal/brannleiing når brannvernet kjem til stades. 6. Brannvernansvarleg skal før han forlet hallen sjå til at ny brannvernleiar er til stades dersom det er folk i hallen. 7. Ved større arrangement skal møbleringsplan for stolar/bord og rømingsvegar følgjast. Ved avvik frå denne planen eller ved ønskje om å ta inn fleire personar enn det hallen er godkjent for skal det hentast inn løyve frå Kvam Brannvern. Dag Storås Skulesjef Agnar Høysæter Kultursjef

ORDENSREGLAR FOR ØYSTESE IDRETTSHALL 1. Det skal vera ro og orden under trening og andre arrangement. 2. Alt utstyr skal brukast på ein forsvarleg måte. Ein må visa særleg varsemd når det gjeld skiljeveggen. Utstyret skal etter bruk plasserast på fast stad sjølv om dette ikkje var i orden då ein kom i salen. 3. Skade på hus, innbu og utstyr skal snarast meldast til instruktør eller utleigar. Ved vanleg trening skal hallen vera tømd kl 22.00 4. Under trening er det berre deltakarar på treningspartia som har tilgang til idrettshallen. Instruktøren har ansvar for at ytterdørene er stengde under trening og vert opna ved skifte av parti. Instruktøren kan godkjenna at det er tilskodarar til treninga. Tilskodarane skal halda seg i salen eller slik instruktøren har gjeve påbod om. 5. Det må ikkje brukast sko med stilletthælar eller sko med knottar i salen. Det må heller ikkje brukast trenings-/konkurransesko med svarte eller mørke solar i salane. 6. Bruk av klister er forbudt i hallen, unntatt etter spesielt løyve og godkjent klister. 7. Dersom det ikkje kjem ny ansvarleg instruktør til hallen, skal ein syta for at hallen er tom og alle ytterdører låste før ein forlet hallen. Siste treningsparti må sløkkja lyset i hallen. 8. Røyking er forbode i hallen. Det må ikkje nytast alkohol i idrettshallen utan det er gjeve særskilt løyve ved arrangement. 9. Instruktøren har rett til å visa ut personar som bryt ordensreglane for idrettshallen. Norheimsund 25.november 2002 Agnar Høysæter Dag Storås Kultursjef Skulesjef

INSTRUKS FORVAKTANSVARLEG VED IDRETTSHALLANE I NORHEIMSUND OG ØYSTESE. 1. Vaktansvarleg skal møta minst 10 min. før trening/arrangementet startar. 2. Vaktaansvarleg skal sjå til at gruppene ikkje går inn i hallen før instruktørane er på plass. 3. Vaktansvarleg skal sjå til at uvedkomande ikkje kjem inn i hallen eller i garderobane, og han/ho skal syta for at dørene er låste under trening og opne ved partiskift. Dersom instruktørane gjev løyve til det, kan vakta sleppa inn tilskodarar i sal, instruktøren er då ansvarleg for desse. 4. Vaktansvarleg skal sjå til at ordensreglane for idrettshallen vert haldne. 5. Dersom hallen er stengt skal vaktansvarleg henta og kvitera ut nøklar på Esso stasjonen i Norheimsund eller på Statoil i Øystese og utkvitterte nøklar skal leverast attende til utlånar etter opplåsing og skal ikkje overdragast til andre. 6. Vaktansvarleg pliktar å setja seg inn i ordensreglane for hallen, reglement for utleige og branninstruks (oppslag i hallen). 7. Skade på anlegg og utstyr og brot på reglar og instruksar skal noterast og meldast til kulturkontoret eller vaktmeister så snart som mogleg. Kulturkontoret i Kvam 22 juli 2003 Agnar Høysæter kultursjef