Delprosjekt Sauen røktar Kystarven

Like dokumenter
«Ny Giv» med gjetarhund

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11. Mars Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg 2 Fax VÅGÅ

Prosjekt sau og utmark

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Frå Kystarv til Kystpark - nyskapande næringsutvikling på naturen og lokalsamfunnet sine premissar. v/ Ole Gunnar Krakhellen, ordførar i Solund

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjonsmøte for beitelaga

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

DIS- Sogn og Fjordane

Ein ynskjer meir bruk av beite, men utfordringane er mange

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Sauebonde sidan 1984 Har hatt og har mange tillitsverv i Sau og Geit. Lokallag/fylkeslag Værring/avlsutvalg

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Evaluering av regionalt miljøtilskot i Hordaland

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

REGELHEFTE FOR SAMLAGSSTEMNER

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Lønnsundersøkinga for 2014

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Førebels. prosjektplan; Samordna uttak av sitkagran i Fitjarøyane

Team Hareid Trygg Heime

Stranda kommune Næring og teknisk

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

Denne helga får du sjansen til å reise rundt i Nordfjord og Sunnfjord og møte dyktige og engasjerte bønder, med framtidstru og satsingsvilje.

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

Stemnehandboka for NKSF

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

IKT-kompetanse for øvingsskular

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

NY NÆRING UNDER GAMLE TAK Låveprosjekt. Det er to sider ved en bygning; bruken og skjønnheten. Bruken tilhører eieren, skjønnheten hele verden

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Møteprotokoll for møte i

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Transkript:

Delprosjekt Sauen røktar Kystarven Villsau Foto: Tor Arne Hauge Rapport 2013 Auka sauebeiting i viktige naturtypar på kysten Astrid Sandvik, Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane 2013 Boks 14, 5961 Brekke, astrid.sandvik@lr.no co Lutelandet Utvikling 6963 Dale 1

Auka sauebeiting i viktige naturtypar på kysten Føreord Kystarvprosjektet går mot slutten, og med det Saueprosjektet. Vi hadde store ambisjonar i 2009 og 2010. 10 nye sauedrifter og 1500 fleire utegangarsau i prosjektperioden var målet for dette delprosjektet. Vi er ikkje der i dag, men vi er godt på veg. Det totale sauehaldet har gått tilbake i alle HAFS-kommunane utanom Solund. Dette er i samsvar med nasjonale trendar, men i Solund er trenden snudd. Det skuldast ganske sikkert villsausatsinga. Kan vi snu resten av HAFS? Kanskje -dersom dei mange som no har starta opp i smått, utvidar besetningane sine etterkvart som dei vert tryggare i faget. Kanskje -dersom kommunane og ikkje minst staten held fokus på vedlikehald av kystkulturlandskapet og vidarefører rådgjevingsarbeidet som er starta opp i saueprosjektet. Kanskje -dersom vi får gjennomført sauekurs for lærarar og matkurs for serveringsverksemdene. Saueprosjektet nådde ikkje alle måla sine, men det er lagt eit solid grunnlag for vidare arbeid gjennom tett oppfølging av dei lokale sauemiljøa, involvering av kommunale landbrukskontor og aktiv profilering av utgangarsauen som vår viktigaste skjøttar av kystkulturlandskapet. Holmedal/Solund 02.07.2013 For styret Per Arne Tveit Prosjektleiar Kystarven 2

Innhaldsliste side Innleiing 04 Mål for delprosjektet 04 Styre og tilsette 05 Gjennomføring 05 Resultat 10 Bidragsytarar økonomisk 14 Framover 14 3 Villsau på Hille, Gulen Fot: Marit Rose

Innleiing Sauetal på veg nedover og attgroing på veg oppover -denne uheldige utviklinga ønskte kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll (HAFS-kommunane) å snu. Kystarven vart starta inn under fana til Naturarven -som Direktoratet for Naturforvalting (no Miljødirektoratet) er eigar av- og delprosjektet «Sauen røktar kystarven» starta formelt opp med konstituerande styremøte i Solund den 18.01.10. Mål for delprosjektet «Det skal ved møte, nettverksamlingar og kurs mobiliserast til auka interesse for sauehald i viktige naturbeitemarker og kystlyngheiar på kysten av HAFS. Prosjektet skal også bistå med kunnskap og råd for dei som ynskjer å starte med sau. Skjøtsel av viktige naturtypar skal betrast innanfor verneområde og i randsona til verneområde på kysten. Det skal etablerast minst 10 nye sauedrifter med utegangarsau i løpet av ein 5 årsperiode etter at prosjektet er starta opp. I den same perioden er målsetjinga å auke dyretalet med minimum 1500 utegangarsau.* «Lokal bruk av villsaukjøt skal aukast gjennom opplegg for kompetanseheving for serveringsbedrifter i regionen. Det skal jobbast med konkrete tiltak for å auke vidareforedlinga av produkt relatert til kystsauen. Det skal gjennomførast tiltak for å legge til rette for kommersielle opplevingsprodukt knytt til sauehald i naturtypane kystlynghei og naturbeitemark.» Det kjem eigen rapport på den delen av målsetjinga som står i kursiv skrift når det er gjennomført. *Styret vedtok sidan at sjølv om hovudfokus skulle vera retta mot utegangarsau, ønskjer ein også å få fleire vinterfôra sauer, geit og storfe til å beita i viktige naturtypar på kysten. Lam på Villnes, Atløy, Askvoll 4

Styre og tilsette Styret har vore samansett slik: Per Arne Tveit, prosjektleiar, Tor Arne Hauge, prosjektansvarleg, Helen Haaland, Fylkesmannen, Knut David Hustveit, Fjaler og Askvoll kommune, Henrik Ravnøy, sauebrukar (med til hausten 2011). Innleigd frå oppstarten av delprosjektet og med arbeidsområde å auka sauetalet og beiting i naturtypane i HAFS kommunane: Astrid Sandvik, NLR Sogn og Fjordane. Innleigd frå 2011 er Trude Søilen, Norsk Kystkulturakademi med arbeidsområde innafor mat og oppleving. Styremøte Det er gjennomført 7 styremøte og 23 saker er behandla. Dei fleste møta er haldne i Solund. Anette Steinsøy med ein av villsauene sine Gjennomføring Desse momenta har blitt tydeleggjort for brukarane: For å nå måla ovanfor skulle me hjelpa grunneigarar og produsentar å vurdera å starta opp eller utvida med sau. Ved fleire beitedyr i kystlandskapet, vil økonomien til gardbrukarar/grunneigarar kunna styrkast samstundes som naturbeitemark og kystlynghei vert opnare og meir verdfull både for folk som ferdast der og for beitedyr. I tillegg til direkte inntekter ved saueproduksjonen kan gardbrukarar/grunneigarar få SMILmidlar (via kommunane) til å gjenskapa verdfull beitemark og kystlynghei og handlingsplanmidlar (via Fylkesmannen) til å skjøtta verdfull kystlynghei. Dei som får produksjonstilskot kan nytta seg av RMP-midlar (Fylkesmannen) til å vedlikehalda verdfull naturbeitemark og kystlynghei. For alle ordningane er det påkravd med beitedyr slik at kvaliteten av beita vert oppretthalden. Dette vil vera ein vinn-vinn situasjon der brukaren får auka inntektene sine og verdfull naturbeitemark og kystlynghei kan få bevart kvalitetane sine. Attgroinga kan hemmast og marka bli opnare å ferdast i. 5

Utoverretta aktivitetar Rådgjevings- og informasjonsarbeidet er blitt utført ved direkte kontakt med brukar, gjennom møteverksemd (sjå detaljert oppsett under her) og med utsending av informasjon via e-post. Meir generelle informasjonen har gått gjennom e-postar, Kystarven (Facebook), nokre få annonser, to reportasjar i aviser, gjennom Kystavisa (sendt til alle husstandar i HAFS mai 2011 ) og ein reportasje i NRK i programmet «Ut i Naturen». I tillegg har kommunane og NLR Sogn og Fjordane anten sendt ut informasjon og/eller dei har lagt ut info på heimesidene sine om dei aktuelle arrangementa. I haust er det planen å gje ut ei brosjyre om drifting av utegangarsau med utgangspunkt i denne rapporten. Deltakarar og lærar Geir Gaarder på sopp- og beitekvalitetskurs på Oddekalv, Solund Møte arrangerte av oss eller i lag med andre: 2010 Første møte om mål og måloppnåing i delprosjektet, Losna, Solund, 9 møtte Fag- og sosial båttur til øyar i Solund der me var innom fleire stader og fekk orientering om villsaudrift og naturbeitemark, overnatting i Hjønnevågen,17 deltok Møte for forvaltarar om handlingsplan og forskrifter, Askvoll, 11 deltok 2011 Møte om villsau, krav og reglar og tilskotsordningar på Byrknes i Gulen, 25 deltok Arrangert i lag med Gulen kommune 6

Møtedeltakarar på Byrknes, Gulen Møte for grunneigarar om samarbeid og kulturlandskap på Værlandet, Askvoll, 8 møtte Fagseminar i Fjaler, 17 møtte, arr. i lag med Bioforsk Vest Fureneset Sauekurs om lyngsviing på Atløy i Askvoll, 10 delt. Arr. i lag med Høyvik Beitelag. På Hille i Gulen var det 9 delt. og det var arr. i lag med Villsaulaget Vest. NLR S. og Fj. var medarrangør på begge kursa. Deltakarar og lærar Mons Kvamme på saue-/sviingskurs, Atløy, Askvoll 2012 Det var møte om gjerde og tilskot i Solund der 20 møtte og i Askvoll der 17 møtte. Møta var arrangerte i lag med dei representative kommunane. Fire grendevise småmøte om samarbeid om beiting i Solund, 14 møtte arr. i lag med Solund kom. Seminar om verdifult beite- og kystlynghei i Solund, 24 møtte arr. i lag m. Norsk Kystkulturakademi, Bioforsk Vest Fureneset, NLR Sogn og Fjordane og Solund kommune. 7

2013 Møte om gjerde og gjerdelova, Askvoll, kring 12 møtte Arr. i lag med Askvoll kommune Sauekurs, lyngsviing og om gjerde og gjerdelova, 26 møtte Arr. i lag m. Solund kom., Solund Sau og Geit og NLR S. og Fj. Prosjektet «Sau i Pluss» og sauebygg var presentert. Det var 19 deltakarar og arr. i lag m. Gulen kommune, Gulen- og Brekke Sau og Geit og NLR S. og Fj. Møte om omlegging til økologisk saueproduksjon heime hos sauebrukarar i lag med NLR S. og Fj. Fagkonferanse 22. august 2013 på Villsaufestivalen med avslutting av denne delen av prosjektet «Sauen røktar Kystarven» Villsau i Sandvik, Solund Møte, kurs arrangert av andre der delprosjektet har delteke men ikkje vore med og arrangert i prosjektperioden Tanaquil Enzensberger var på biologisk kartlegging på Hågøy i Solund og Astrid S. fekk vera med. Samstundes var NRK der og laga program for «Ut i naturen» der ho fekk fortald ein del av beitemarksopp og verdifull beitemark her. Astrid S. orienterte på eit møte i skjøtselplangruppa hos Fylkesmannen om «Sauen røktar Kystarven». Villsaulaget Vest og Norsk Villsaulag heldt årsmøte i Bergen. Astrid S. orienterte litt om delprosjektet. Knut D. Hustveit og Tor. A. Hauge deltok elles. Barnas Turlag Solund, Astrid synte m.a. beitemarksopp og verdifull beitemarkvegetasjon på turen på Losna. North Native Sheep and Wool Conference hadde konferanse på Lindås A. Sandvik fekk vera med. Ho synte plansjar frå aktiviteten. 8

Barnas Turlag Solund hadde tur på Oddekalv. A. Sandvik hade ein natursti på veg frå kaien. Frå Gåsvær i Solund Innoverretta aktivitet Naturarven hadde nettverksamling i vårt område med m.a. båttur frå Hardbakke til Bulandet med stopp på øyar undervegs. På Litlefærøyna hadde me litt fagprogram og god mat. I Bulandet var det fag- og sosial samling på kvelden. Per. A. Tveit, Tor. A. Hauge og A. Sandvik deltok. Kystarven med delprosjekta sine hadde milepælmøte i lag med ordførarane i alle HAFSkommunane den 23.02.12 og 13.06.13 i Hyllestad. A. Sandvik orienterte om framdrifta i delprosjektet. Utanom frå delprosjektet møtte Tor A. Hauge. Deltakarane på milepælmøtet i Leirvik, Hyllestad Kommunane har me hatt møte med der me i lag har fått til gode oversikter over verdfulle areal som ligg inne i Naturbasen/fylkesatlas i kvar av kommunane kopla desse mot gards- og bruksnummer og namn på eigar/brukar. Dette for å få oversikt over potensiale for samarbeid 9

om sauelag og om beiting. Og for å få oversikt over kven som kan/bør oppmuntrast til å søka på RMP midlar og evt. handlingsplanmidlar for skjøtsel av naturtypane naturbeitemark og kystlynghei. Fylkesmannen har gitt oss oversyn over produsentar med gruppering utegangarsau og «innedrift» kvar for seg. I tillegg har me fått lister frå Mattilsynet og kommunane som syner saue-produksjonar/produsentar som ikkje er med på oversynet frå Fylkesmannen. Frå Litlefærøyna, Solund Resultat Kunnskapsformidling Det har vore fokusert på å nå ut med fagkunnskap om utegangarsau kor viktig det er med god beitekvalitet og korleis ein skal skjøtta desse areala. Vidare har det vore fokus på arealkrav, gjerdelov og anna som gjeld utegangardrift. Nokre av møta har hatt tema som like gjerne vedkjem dei sauebrukarane som fôrar sauene inne i vinterhalvåret. Nokre møte har vore for grunneigarar som vurderer og starta opp med villsaulag og der har fokuset vore på gjerdelov og avtalar mellom grunneigarar. Det har vore godt frammøte på både møta og på sauekursa. Og det har vore gode diskusjonar vona er at deltakarane har fått god kunnskap og har eit godt grunnlag for anten å fortsetja eller byrja med sau. I lag med kommunane har me laga oppsett med gards- og bruksnummer og namn knytt til område som har naturbeitemark og kystlynghei. Denne oversikta er god å ha ved eventuell oppstart av villsaulag eller anna naturleg og avgrensa skjøtsel av eit område/areal i framtida. Samarbeidet med kommunane har vore viktig for prosjektet. Dei har lokalkjennskap til brukarar og til beiteområde. Dei har vore interesserte i å samarbeida og kome med forslag til både møtestader og aktuelle fagtema i tillegg til at dei har ofte har vore medarrangørar. NLR Sogn og Fjordane og Bioforsk Vest Fureneset har bidrege med fagkunnskap og Norsk Kystakademi og lokallag av Sau og Geit har vore medarrangørar på nokre møte. 10

Frå sauekurset med lyngsviing i Solund 2013 Etablering av sauedrifter og auke i dyretalet Eit konkret mål for prosjektet er: «Det skal etablerast minst 10 nye sauedrifter med utegangarsau i løpet av ein 5 årsperiode etter at prosjektet er starta opp. I same perioden er målsetjinga å auke dyretalet med minimum 1500 utegangarsau.» Kartet på neste side syner kor dei nye sauedriftene er etablerte etter januar 2010 og fram til 22. august 2013 -altså etter tre og eit halvt år. 11

Plotting i kart som syner kor dei nye sauebesetningane er etablerte i HAFS i løpet av prosjektperioden. Illustrasjonen er laga av Tor Arne Hauge. 12

Tabellen nedanfor syner tal søkarar på produksjonstilskot i prosjektperioden. Tala er frå 01.01.2010 og 01.01.2013 Søkjarar med sau 01.01.2010 01.01.2013 Gulen Antal dyr Søkjarar Antal dyr Søkjarar Sau over 1 år (137) 2 184 47 1 667 39 Utegåande (133) 276 4 353 5 Solund Sau over 1 år (137) 928 20 768 17 Utegåande 1 029 13 985 12 Hyllestad Sau over 1 år (137) 570 23 459 20 Utegåande (133) 0 0 0 0 Fjaler Sau over 1 år (137) 2 146 69 1 966 65 Utegåande (133) 32 1 66 3 Askvoll Sau over 1 år (137) 2 496 70 2 295 64 Utegåande (133) 167 4 347 6 Sogn og Fj Sau over 1 år (137) 67 089 1 672 63 797 1 581 Utegåande (133) 2 416 49 2 471 40 Tabellen syner utviklinga i tal saueprodusentar og tal sau innefôra og utegangarar som kjem under ordninga med produksjonstilskot ved årsskiftet 2009/10 og 2012/13. Oppsettet kjem frå Helen Haaland hos Fylkesmannen. Tabellen over syner at tal utegangarar har auka noko. Fleire av dei som driv med utegangarsau ikkje søker om produksjonstilskot. Me veit at samla har tal brukarar med utegangarar gått litt opp i HAFS og at sauetalet har gått forholdsvis meir opp. Kartet fortel at det er flest som har starta opp i Solund. Av alle som har starta opp er det mest små besetningar og dei fleste søker ikkje om produksjonstilskot. 13

Frå Hågøy og Sandvik i Solund Bidragsytarar -økonomisk DN Naturarven BU midlar frå Fylkesmannen Fylkeskommunen SMIL midlar frå alle HAFS-kommunane Framover Det er framleis viktig å ha nær kontakt til eksisterande og potensielle saueprodusentar som kan auka bruken av verdfulle beiteområde i HAFS kommunane. Denne kontakten er avgjerande for at ein framover også kan inspirera til utvida beiting både når det gjeld areal og beitedyr. Når brukarane kontaktar kommunane, må dei følgjast opp med fagleg oppdatert informasjon både om utegangarsau og beitekvalitet. Slik informasjon kan gjevast direkte, eller via grendemøte og kommunemøte. Framover vil det bli behov for fleire kompetente sauehaldarar. Erfaringane i prosjektperioden tilseier at HAFS-kommunane samarbeider om å sikre slik kompetanse internt i sin driftsorganisasjon. Vi ser at talet på utegangarsau aukar medan tradisjonell sauedrift går nedover. Samstundes aukar staten sin verkemiddelbruk for å styrke beitinga i viktige kulturlandskapsområde som t.d. kystlynghei. Ein måte å møta denne felles utfordringa på, kan vera å organisera ei felles landbruksforvalting i HAFS, der ein eigen stillingsressurs vert målretta i høve til meir aktiv beitebruk i kystlyngheia og dei ytste kystområda inkludert naturreservata langs kysten. I tett samarbeid med institusjonar som Bioforsk på Fureneset, Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet og Norsk Kystkulturakademi i Solund kan det utviklast eit interkommunalt kompetansemiljø som gjer HAFS til eit føredøme innan aktiv kulturlandskapspleie i kystområda. 14

I første omgang kan ein slik strategi medføra at auken i utegangarsau kompenserer nedgangen i tradisjonell sauedrift, og etter kvart kan ein kanskje håpa på at optimismen i utegangarmiljøet smittar over og gjev ny giv i den tradisjonelle sauenæringa i regionen. Fagleg oppfølging direkte eller ved kurs og møteverksemd kan også organiserast gjennom Norsk Landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane. Dei har erfaringar med denne aktiviteten og mange av deira arrangement er også opne for andre enn medlemmene. Faglaga i landbruket som t.d. Sau og Geit, må også trekkjast aktivt med i dette arbeidet. Det er viktig å peika på ansvaret til dei sentrale styresmaktene. Dei må gje næringsutøvarane innafor landbruket gode nok rammevilkår til at dei kan driva bruka sine. Det talar sitt tydelege språk at etter så lang tid med både dette regelverket og rammevilkåra generelt har me berre sett ein betydeleg nedgang i både tal sauer og sauehaldarar i landet. RMP -med sine moglegheiter for lokal tilpassing av økonomiske verkemiddel- er eit godt utgangspunkt som regelverk og bør brukast aktivt for å styrka sauenæringa. Alle foto der ikkje andre er nemnde: Astrid Sandvik 15