Møteprotokoll Verneområdestyre for Nærøyfjorden Utval: Møtestad: Bakka skulehus, Aurland Dato: 08.06.2012 Tidspunkt: 10:00 til 15:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leiar AUR Hans Erik Ringkjøb Nestleiar VOSS Marta Finden Halset Medlem VIK Jan Geir Solheim Medlem LÆR Eva Hage Solstad Medlem SFFK Aslaug Hellesøy Medlem HOFK Følgjande møtte for adm. kontaktutval: Namn Møtte for Magnhild Aspevik Aurland og Lærdal Kommune Veronika Seim Bech Vik kommune Arlen Synnøve Bidne Sogn og Fjordane Fylkeskommune Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær Andre: Tom Dybwad Kristoffer Ullern Hansen seniorrådgjevar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane SNO, Aurland Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Saksliste Utvals- Innhald Lukka Arkiv-
saksnr ST 30/12 ST 31/12 ST 32/12 Godkjenning av innkalling og dagsorden Underskrift av protokoll frå førige møte Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyving til to gangbruer i Dyrdal ST 33/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - økonomisk støtte til husmannsplassen Skogane i Dyrdal - Arild Dyrdal ST 34/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - utbetring av skader etter Dagmar - jordkabel på Styvi saksnr 2012/2422 2012/2373 2012/2170 Orientering Orientering om landbruksdrift på Styvi gard Kjellaug og Botolv Hov, Mikael Hov, Bjørn Henning Hov og Thorbjørn Sund gav god orientering til styret om historia til Styvi, og landbruksdrifta før og no. Bjørn Henning Hov er medeigar i det eine gardsbruket på Styvi, og har ynskje om å fortsetja med landbruksdrift. Han driv begge gardsbruka på Styvi. Driftssenteret til gardsdrifta er Hov i Fresvik. Drifta er 150 vinterfora sauer. Sauene er i Fresvik om vinteren. Vår, sommar og haust beiter sauene på Styvi og i Dyrdal. Sauene vert frakta med båt frå Fresvik til Styvi og Dyrdal. Dette er ein tids- og arbeidskrevjande driftsopplegg. Landbruksdrifta og beitinga er avgjerande for å halda kulturlandskapet ope på Styvi og i Dyrdal. Bjørn Henning og Mikael sa klart frå at det er viktig at dei får økonomisk støtte til drifta for at denne skal halde fram og Bjørn Henning skal satse. Gardsbruk med driftssenteret innan for verdsarvområdet får årleg tilskot i form av både arealbidrag og beitebidrag, dvs. varierande etter areal dyrka mark og tal dyr. Dei som beiter i verdsarvområdet får berre beitebidrag, med dei same satsane pr. dyr. Hov har driftssenteret utanfor verdsarvområdet. Fylkesmannen har hatt ein fleirårig avtale med Mikael Hov om skjøtsel på Styvi på kr. 200 000, der midlane kjem både frå miljøvernavdelinga (forvaltningsmidlar gjennom Bestillingsdialogen) og landbruksavdelinga, basert på skjøtselsplanen for Styvi-Holmo. Avtalen (vedlagt) går ut i 2012. Tom Dybwad sa at Styvi-Holmo er det høgast prioriterte kulturlandskapsområdet i Nærøyfjordområdet, jf forvaltningsplanen. Det er viktig at drift og skjøtsel på Styvi held fram, dvs. at avtalen vert forlenga med verneområdestyret. Førehandsmelding frå Aurland Energiverk om revisjon av beredskapsplan i alle deler av høgspenningsnettet, jf. beredskapsforskrifta. Styret fekk orientering om planar for nye basestasjonar i Nærøyfjord-området, for å kunne oppfylla krava i beredskapsforskrifta. Synfaring etter stormen «Dagmar» i Norheimsdalen naturreservat Forvaltar var med SNO og Aurland Fjellstyre på synfaring i Norheimsdalen 06.06.12. Det er mykje skog som er blåst ned under stormen i vinter. Fjellstyret har fått løyve til og rydda hovudstien opp gjennom Nordheimsdalen. Dette inneber og kappa tre som ligg over stien, mura opp att stien der den har rasa ut, og reparera bruene. Dette arbeidet vert vurdert som skjøtselsarbeid, og er ikkje søknadspliktig jf. forskrift om freding av Nordheimsdalen som naturreservat pkt. V 1.
Digitalt bakkenett for TV i Nærøydalen og Gudvangen Norkring AS skal fjerna eksisterande sendestasjonen for TV-dekning i Nærøydalen på grunn av at den er plassert i eit rasfarleg område. Dei skal plassera to nye stolpestasjonar som erstatning for den gamle. Aktuelle plasseringar er ein på Hylland og ein på Skjerpi. Forvaltar vurderer saman med Norkring AS om plasseringane er innan for verneområdet. Eventuell plassering innan for verneområdet vil vera ei sak som må vurderast av verneområdestyret. Elveførebygging i Styviselva framdriftsplan Eksisterande elveforebygging, sist frå 1996, har råke på nokre stadar. Det var synfaring på staden i 2010 med mellom anna NVE. Planane for arbeidet vart utarbeid av NVE i 2011. NVE var med på ny synfaring på elveforebygginga i Styviselva saman med verneområdestyret og fylkesmannen. NVE utarbeider eit notat frå synfaringa over kva som må gjerast, og prioritering. Finansiering av tiltaket må avklarast, og det må gjevast eit nytt løyve før arbeidet kan setjast i gang. NVE inviterer styreleiar Noralv Distad, verneområdeforvaltar Anbjørg Nornes og Tom Dybwad frå fylkesmannen til møte for å avklara vidare framdrift i arbeidet. Utbetring av kaiområdet på Styvi og bru over Styviselva Tom Dybwad orienterte om løyvet Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve til utbetring av kaiområdet, og løyvet til bru over Styviselva. Endring av dette løyvet (gjeld småbåtkai i tilknyting til eksisterande peler og støttestag til kaien mot nordaust) vil bli gjort av Fylkesmannen. Nasjonalparkkonferanse og 50 års-markering for Rondane 31.08.2012 Forvaltar orienterte om konferansen. Styremedlemane melder seg på samlinga på heimesida til DN. Viss styremedlem ikkje kan møta, kan varamedlem møta i staden for. Kortaste og enklaste reisemåte til Otta er med bil. Alle gjev tilbakemelding til forvaltar om påmelding og reisemåte. Forvaltar samordnar reisa. Neste styremøte i verneområdestyret Torsdag 30. august i Otta, dersom det er saker som skal handsamast i styret. ST 30/12 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling og saksprotokoll godkjent
ST 31/12 Underskrift av protokoll frå forige møte Saksprotokoll frå møte i verneområdestyret 03.05.12 er godkjent elektronisk og vart underskriven av 3 medlemer i møte. ST 32/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyving til to gangbruer i Dyrdal Handsaming i møte Innstilling frå forvaltar vart vedteken Verneområdestyret løyver inntil kr. 5 000 til reperasjon og oppsetting av to gangbruer i Dyrdal. Løyvinga vert gjeve til Dyrdal grendalag, og skal nyttast til gangbrua over elva frå Bordteigen til Jeskali, og gangbru over Handadalselvi. Løyvinga står ved lag ut 2012. Midlane vert dekka av budsjettpost tiltaksmidlar 1427.01. Løyvinga er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden 3, pkt. 1.2 c) og pkt. 1.3.f) og gjeld med fylgjande vilkår: Brua over Handadalselva skal plasserast i tilknyting til gamal ferdsleveg, men flyttast til høveleg stad med omsyn til flau og ras. Nøyaktig plassering skal fastsetjast under synfaring med forvaltar på staden. Brua over elva frå Bordteigen til Jeskali skal plasserast på dei gamle brukara, og skal utformast etter tradisjonell byggeskikk. Midlane vert utbetalt når arbeidet er gjennomført. ST 33/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - økonomisk støtte til husmannsplassen Skogane i Dyrdal - Arild Dyrdal Handsaming i møte Innstilling frå forvaltar vart vedteken Verneområdestyret gjev Arild Dyrdal løyve til å nytta helikoptertransport til plassering av Skogastova på ferdig mura grunnmur på Skogane, og transport av utedo til Skogane. Løyve gjeld ein dag i tida 1. juli til 30. august
Verneområdestyret gjev løyve til oppsetting av utedo på Skogane. Utedoen skal vera etter same standard som dei andre utedoane i verneområdet, 1,2 m x 1,2 m, med flatt tak. Nøyaktig plassering på Skogane skal godkjennast av SNO Aurland eller forvaltar. Verneområdestyret for Stølsheimen gjev kr. 15 000 i tilskot til Arild Dyrdal til transport av Skogastova og utedo til Skogane. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden 3, pkt. 1.3 b) og pkt. 2.3, og gjeld med fylgjande vilkår: Helikoptertransport skal berre føregå på kvardagar. SNO v/kristoffer Ullern Hansen skal varslast dagen før transport. Helikoptertransporten skal reduserast til det som er naudsynt. Sekretariatet skal ha skriftleg tilbakemelding innan 01.10.2012 om gjennomført transport. Det må søkjast Aurland kommune om eige løyve til helikoptertransport etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og byggemelding av utedo. ST 34/12 Nærøyfjorden landskapsvernområde - utbetring av skader etter Dagmar - jordkabel på Styvi Handsaming i møte Innstilling frå forvaltar vart vedteken med ein merknad. Arlen Synnøve Bidne frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune påpeika overfor styret, at Fylkeskommunen ikkje hadde hatt saka til uttale, og minna om undersøkingsplikta i kulturminnelova. Det vart lagt fram nytt punkt under vilkår som vart samrøystes vedteke: At Fylkeskommunen vurderer tiltaket til ikkje og koma i konflikt med arkeologiske funn, jf. 9 i kulturminnelova undersøkingsplikt. Verneområdestyret gjev Aurland Energiverk løyve til omlegging av lågspennings linjenett til jordkabel inn til husa på Styvi. Kabelgrøfta skal tilpassast terrenget på ein måte som gjev minst mogleg inngrep, og etter tilråding frå arkeolog hjå Fylkeskommunen. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden 3, pkt. 1.3 c) og gjeld med fylgjande vilkår: At Fylkeskommunen vurderer tiltaket til ikkje og koma i konflikt med arkeologiske funn, jf. 9 i kulturminnelova undersøkingsplikt. Grunneigarane på Styvi har gjeve løyve til tiltaket. I utgangspunktet skal det fylgjast skissert trase for kabel. Denne kan justerast i samsvar med forvaltar og grunneigar. Verneområdestyret for Nærøyfjorden løyver inntil kr. 20 000 til graving av grøft for jordkabel på Styvi, v/aurland Energiverk. Midlane vert utbetalt dersom tiltaket vert godkjent og gjennomført i samsvar med vilkår. Midlane vert dekka av budsjettpost tiltaksmidlar 1427.01.