Namn på prosjektet NYTT MUSEUMS- OG INFORMASJONSSENTER VED VESTNORSK UTVANDRINGSSENTER Forslagsstillar (Aktør + kontaktperson m/tlf nr) Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter, ved styreleiar Olav Ståløy, 5939 SLETTA Iverksetjar og ansvarleg for prosjektet (Aktør + kontaktperson n HORDALAND FYLKJiSKUM V1UNE! o l (o Dok.nr. 1 5 MARS 2007 S5 'Rn;sll = Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter ved styreleiar Olav Ståløy U.off. 5939 SLETTA P: 56 37 20 91 A: 56371600 Mob: 92462039 E-post: olav.staloy(5),radoygruppen.no Føremål og innhald i prosjektet Føremål- skapa betre grunnlag for: Undervisningsopplegg for elevar i grunn- og vidaregåande skule. Dette vert basert på det emigranthistoriske materialet, primært frå Hordaland/Sogn og Fjordane, som senteret rår over. Ein viktig del vert å vinkla dette mot norsk innvandringsproblematikk av i dag. Vidareutvikling av det regionale aspektet knytt til dei ulike årlege kulturaktivitetane ved senteret. Eksponering av unge talent innan musikk, teater, folkedanstradisjonar, husflid og relevant forsking (innan arbeidsområdet til senteret) vert vektlagt. Fortsetje utvikling av senteret som eit bærekraftig og nyskapande reiselivsmål i fylke. Å få synleggjort og tatt vare på det nasjonale kulturhistoriske materialet til sjømannskyrkjene. Dette unike materiale, som er samla sidan etableringa på siste halvdel av 1800-talet, er ein viktig del av sjøfartsnasjonen Noreg si historie. Å vera kontaktpunkt og relasjonsbyggjar til "det utvandra Noreg" Samordning av senteret sine ressursar/tilbod med dei andre reiselivsmåla/-næringane i regionen Styrking av lokalsamfunnet Innhald: Vestnorsk Utvandringssenter er til no bygd opp av seks emigranthistoriske hus frå dei "norske" områda Nord-Amerika. Ein av desse er Emigrantkyrkja. Utanom dette er mykje dokumentasjon (film, bilete, effektar og arkiv) tilgjengeleg. Det planlagde museums- og informasjonsbygget skal gje grunnlag for vidare vekst i tidsriktige lokale, med dei servicetilbod som er påkrevd. I tillegg skal areal til desse behova dekkast: Sjømannskyrkja sin kulturhistoriske samlingar Auditorium, som også skal dekka behovet til mindre konsertar/skodespel Emigranthistoriske vandreutstillingar Studierom Administrasjon Sikra lager Anna: Med eit nytt tiltrengt bygg vil aktivitetsauken ved senteret skapa grunnlag for å gå frå ei dugnadsbasert-, til ei forretningsmessig drift. Nybygg er og ein føresetnad for å ivareta det kulturhistoriske materialet av nasjonal og regional verdi som senteret rår over.
Grunngjeving for kvifor prosjektet er strategisk viktig for regional utvikling - tilknyting til Fylkesplan for Hordaland 2005-2008 og Regionalt utviklingsprogram for 2007 Eit sluttført Vestnorsk Utvandringssenter vil møta fleire prioriterte næringar og satsingsområde i fylket. Både reiseliv, kultur og utvikling av eit livkraftig lokalsamfunn vert ivaretatt. Strategisk viktig for reiselivsutviklinga i region Nordhordland. Med reiselivsutvikling som eit prioritert satsingsområde i Hordaland, der Nordhordlands-regionen treng fleire livskraftige institusjonar, er dette eit unikt høve til å få byggja vidare på eit godt lokalt utviklingsprosjekt som allereie har oppnådd stor respekt for det som er opparbeidd fram til no. Forutan den verdien som senteret har og vil få kulturelt, er søknad om investeringsmidlar til det nye bygget grunngjeven med den rolla senteret kan spela i utvikling av næringsgrunnlaget i Nordhordland. Dette gjeld særleg reiselivsnæringa, som har eit stort potensiale i marknaden for nær-opplevingar for dei som vitjar Bergen. Her kan til dømes nemnast dei 200 000 internasjonale gjestane som kjem til Bergen med cruiseskip kvar sommar, og som kan nytta dagsturar frå Bergen til å oppleva kystlandet. Utvandringssenteret vil såman andre reisemål i regionen gje eit heilt nytt grunnlag for ei reiselivsnæring som også Bergen kan få stor nytte av. Senteret har fatt tildelt midlar frå Regionalt Utviklingsprogram for 2005-2007. Den indre farleia: Eit oppgradert Vestnorsk Utvandringssenter vil leggja til rette for eit auka trafikkgrunnlag for veteranbåt-trafikken som går frå Bergen til Nordhordland, Turprogrammet er ein del av "Den indre farleia" som er under utvikling og vil styrkja reiselivsgrunnlaget for m.a. Lyngheisenteret i Lindås kommune.. Konttaktflate/katalysator mot dei norsk-amerikanske miljøa i Nord-Amerika: Vestnorsk Utvandringssenter har lagt til rette for at det vert inngått ein venskapsavtale (basert på Sister City-konseptet) mellom Regionrådet i Nordhordland og Otter Tail County i Minnesota i 2007. Regionrådsleiar Håkon Matre står for den formelle delen på vegne av ordførarane i Nordhordland. Området er det mest norskdominerte i Midtvesten, med den typiske norsk-amerikanske byen Fergus Falls som administrasjonssete. For fylket og regionen vil dette stimulera til tovegs reiseverksemd, utveksling innan skule, arbeidsliv og kultur. I sin 10-årige historie har Vestnorsk Utvandringssenter utvikla mange kontaktar av ulik karakter i dei norsk-amerikanske miljøa i store delar av Nord-Amerika. Dette omfattar m.a. interesseorganisasjonar, reiselivsbransjen, undervisningsinstitusjonar, kultur og kontaktar på ulike politiske nivå. Element i prosjektet som støttar opp under - å etablere eit fyrtårn med eit unikt fokus for heile eller delar av Hordaland - å skape ein attraktiv region - å skape ein konkurransedyktig region Sjømannskyrkja sine kulturhistoriske samlingar av nasjonal verdi. Er ikkje tilgjengeleg for publikum pr.dato. Emigrasjonshistorien, som sette slikt preg på landet vårt, kan på senteret opplevast gjennom film, forteljing, dokumentasjon og vandring i eit tilnærma autentisk miljø med dei mest karakteristiske og sentrale bygningane frå småsamfunna som vart etablert. Mellom 60-70% av det norske folk har slekt i Nord-Amerika og ca. 7mill. av desse reknar seg som norskætta. Sort reiselivsgrunnlag, både på heime- og utmarknad. Sjå " Anna relevant informasjon" om aktivitetsutviklinga fram til no.
Oppsett kostnadar ulike fasar (i mill kr). Detaljert budsjett og finansierings;)lan kan leggjast ved. Utgreiing/planavklaring Prosjektering Utbygging Totalt Viser til kap.12.1 Viser til kap. 12. l Viser til kap. 12. l Viser til kap. 12. l Oversyn kostnadar og ønska 2007 2008 Seinare år ' Sum tilskotsprofil Forventa påløpte kostnadar i prosjektet 3mill 11 mill 11 836 800 25 836 800 Ønska tilskotsprofil Fylkeskommunale midlar 4!) Det er ikkje høve til å søkje om fylkeskommunale midlar ut over 2008. Oversyn finansieringskjelder. Oppgje summar for kvar aktør, og om aktøren har forplikta seg til å delta i dette omfanget Viser til prosjektutgreiing kapittel "12.2 Investeringer og finansiering". Av eit samla budsjett på kr 35.633.800 for eit ferdig utbygd senter, har Stiftinga pr. dato ein eigenkapital på kr. 9.797.000 i form av fast eigedom. Denne verdiskapinga er blitt til gjennom ein omfattande dugnadsinnsats over ti år. I kontakten med offentlege instansar er dette kommentert som særs positivt. Prosjektet er i finansieringsfasen. Status investeringssøknader: Kultur- og kyrkjedepartementet - inne i budsjettprosessen for 2008. Hordaland fylke - starttilskot på l mill. over 2006-busjettet. Vert sendt ny søknad for 2008 Radøy kommune- intensjonsvedtak i 2006 om å gje 1.5 millionar kroner til investeringar, og ei driftsstøtte i storleiken 200 000-400 000 kroner. Sparebanken Vest - 200.00 til forprosjektet. Vestnorsk Utvandringssenter søkjer om investeringsmidlar når byggeprosess er komen i gang. Tildeling av omsøkte konsesjonskraftmidlar vil gje styret for Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter høve til oppstart av byggearbeidet. Det vil og bidra til at arbeidet med å trekkja inn privat investeringskapital vil stå sterkare. Dette er ein aktivitet som styret i etterkant av eit eventuelt tilskot vil gje høg prioritet. Forventa regionale ringverknader Med eit nytt bygg vil senteret vil få nasjonale og regionale kultur- og undervisningsoppgaver, og vil såleis veita ein støttespelar og premissgjevar for reiselivsnæringa og kulturlivet i regionen. (Sjå delar av dei andre avsnitta) Realisering vert avgjerande for den vidare utvikling av Vestnorsk Utvandringssenter. Aktørar som støttar søknaden (legg ved kopi av eventuelle vedtak, støtteerklæringar o.l) Desse har støtta senteret sidan starten i -96: Hordaland fylke sette av l mill. i investeringsmidlar til prosjektet for nytt museums- og informasjonsbygg på 2006-budsjettet. Har støtta drifta med ca. 100.000/året sidan 1999. Nordhordland Regionråd har ved fleire høve støtta oppbygging av senteret,- seinast med midlar og støtteerklæring til forprosjektet for det nye bygget i 2005. Radøy kommune har støtta etablering og drift sidan oppstarten Tildelt RUP-midlar frå fylkeskommunen for 2006-2007 for utvikling og forbetring av reiselivproduktet ved senteret. Stortinget gav direkte tilskot i samband med salderingsdebatten hausten 1996. Sons of Norway, Begen Lodge er med i Stiftinga og gav økonomisk støtte til oppstarten i 1996
Nokre av næringslivsaktørane som har støtta prosjektet økonomisk: SpareBanken Vest Gjensidige Bergesen Statoil BKK Utanom dette har Kavli-fondet gjeve øknomisk støtte i to fasar av oppbygginga Senteret har motteke fleire utmerkingar for sitt arbeid. Det er sterk støtte frå næringsliv og det offentlege i regionen til utbyggingsplanane. Ved behov kan stadfesting av det som er sett opp ettersendast. Er tilhøvet til offentlege planar og naudsynte løyve/konsesjonar o.l. avklart? Etter møte med Radøy kommune 08.2006 har Perspektiv Arkitekter klargjort underlag til byggjesøknad. Bygningsmessige merknader frå Kultur- og kyrkjedepartementet i brev av 20.10.06 er også tatt til fylje i det som no ligg føre. Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter eig aktuelt areal, og området er regulert til føremålet. Anna relevant informasjon Stiftinga Vestnorsk Utvandringssenter er ei offentlig registrert stifting med desse eigarinteressene: Universitetet i Bergen Bergen Lodge av Sons of Norway Sjømannskyrkja, Norsk kyrkje i utlandet Radøy kommune Sletta Bygdelag Vestnorsk Utvandringssenter fram til 2006 - kort oversyn over aktivitetar/ringverknader: Ivaretaking av kulturhistorisk materiale og gjenstandar av nasjonal og regional verdi. Flytting av seks bygningar frå dei norske immigrasjonsområda i Nord-Amerika. Har gjeve solide referansar med omsyn til gjennomføringsevne og lågkostetablering. Årlege festivalar med konsertar, kulturkveldar, seremoniar knytt til dei emigranthistoriske minnesmerka og skodespel med eksponering av nasjonale og lokale kunstnarar. Stor turistattraksjon i regional målestokk som har ført til viktige ringverknader for reiselivsnæringa og anna næringsliv i regionen. Fagseminar om dei ulike sidene av utvandringa frå Noreg til øyane i vest og til Nord-Amerika, med kopling mot innvandringa til Noreg av i dag. Foredragshaldarar frå forskar- og universitetsmiljøa i inn- og utland. Viktig relasjonsbyggjar til det utvandra Noreg (emigrantår, krigsveteranar, øyane i vest ) Temadagar for skuleklassar i grunn- og vidaregåande skule, med fokus på norsk utvandring og vinkling mot norsk innvandringsproblematikk av i dag. Bygdeutviklingstiltak som har tilført verdfulle kulturimpulsar. Inntektskjelde for lag/organisasjonar, arbeidsplass for ungdom, og produksjon og sal av lokal husflid. Vestnorsk Uvandringssenter har og vore vertskap for Kystsogevekene i Hordaland, Det norskamerikanske historielaget, NAHA Norge, ulike organisasjonar som har nytta Emigrantkyrkja, konsertar, militære seremoniar, USA sin justisminister og ein viktig del av Kulturby Bergen sitt program i 2000.
Status på arbeidet med nytt museums- og informasjonsbygg: Styret for Stiftinga utarbeidde i 2005 eit forprosjekt for eit nytt museums- og senterbygg ved Vestnorsk Utvandringssenter. Plan for dette er fullt ut gjort greie for i utgreiing vedlagt søknad i 2006. Den vart utarbeidd for å framskaffa eit tilfredsstillande underlag for søknad etter offentleg og privat investeringskapital. Desse instansane har bidratt økonomisk til utarbeiding av vedlagt prosjektunderlag: Norsk kulturråd Hordaland fylke Radøy kommune Regionrådet for Nordhordland og Gulen Forprosjektet vart sluttført innanfor oppsett budsjett og kopi av prosjektrapport vert sendt inn såman med søknad. Prosjektet er presentert to gonger for Kultur- og kyrkjedepartementet, dei politiske miljøa på Stortinget, Hordaland fylke, Radøy kommune og USA sin ambassade. Delegasjonar frå dei offentlege forvaltningsnivåa har vitja senteret i fleire omgangar. Styret for Stiftinga har fått gode tilbakemeldingar på planane. Søknader er sendt inn i dei respektive budsjettprosessane. Viser til vedlegg i innsendt søknad av 2006: 1. Statusrapport Norsk kulturråd 2. "Kan du glemme Noreg" nytt musems- og informasjonssenter- forprosjekt Dato og signatur ordførar og regionrådsleiar Dato: 13.02.2007 Signaturar: Olav Steinar Namtvedt Ordførar Radøy Kommune S Håkon Matre Rådsleiar, Regionrådet Nordhordland IKS