HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201206605-1 Arkivnr. 71 Saksh. Nybø, Karen Louise, Mathisen, Gudrun, Svae, Per, Halsør, Tale, Oseland, Stina Ellevseth Saksgang Kultur- og ressursutvalet Opplærings- og helseutvalet Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 13.11.2012 13.11.2012-14.11.2012 14.11.2012 06.12.2012 11.12.2012-12.12.2012 KLIMAPLANENS HANDLINGSPROGRAM FOR 2013 SAMANDRAG Handlingsprogrammet til Klimaplan for Hordaland skal rullerast for 2013. Dette er det tredje handlingsprogrammet for Klimaplanen som vart vedteken i 2010. Handlingsprogrammet begynner no å finne ei form der ulike aktørar sjølv tek ansvar for ulike delar, t.d. Samferdselsavdelinga og Eigedomsseksjonen i fylkeskommunen og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, i varierande grad med løyvingar frå klimaplanbudsjettet. Tiltakslista er blitt meir gjennomarbeidd og mange tiltak bør vidareførast. Det har difor ikkje vore stort fokus på å få inn nye tiltak, sjølv om det har vore opning for det. Ein del tiltak er gjennomførte og nokre få er slått saman eller avslutta. Talet på tiltak vert redusert frå 64 i 2012 til 55 i framlegget for 2013. Fylkesrådmannen meiner at ein i seinare revisjonar må satse meir på større tiltak og at talet på tiltak må reduserast ytterlegare. Vidare at ein i seinare revisjonar bør vurdere kva verknad tiltaket har for utslepp og om tiltaket har realistisk mulegheit til å nå målsettinga. Fleire av tiltaka går no over frå planleggingsfase til gjennomføring og vil trenge meir finansiering framover. Fylkestinget løyvde i oktober 2012 (sak 41/12) kr 2 mill. av overskotet frå 2011 til klimaplanen. Midlane vert brukte både i 2012 og 2013 og inngår i klimabudsjettet. Mellom anna vert tiltaka.»miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar», «Infrastruktur for el-bilar» og «LED-teknologi i fylkeskommunal regi» styrkte.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkestinget vedtek Klimaplanens handlingsprogram for 2013 slik det går fram av saka 2 Økonomisk ramme for klimaplanens handlingsprogram for 2013 (klimabudsjettet) blir handsama i Fylkesbudsjettet for 2013 3 Fordeling av midlar frå klimabudsjettet på dei einskilde tiltaka går fram av handlingsprogrammet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar i handlingsprogrammet. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Matti Torgersen Konst. regionaldirektør Vedlegg: 1. Forslag til klimaplanens handlingsprogram for 2013 2. Statusrapport frå 2012 3. Kommunane sitt klimaarbeid 4. Bakgrunnsinformasjon til rullering 2
FYLKESRÅDMANNEN, 23.10.2012: Klimaplan for Hordaland 2010-2020 har mål for reduserte utslepp av klimagassar, energibruk/ effektivisering og klimatilpassing. Klimaplan for Hordaland skal reviderast kvart fjerde år og difor skal vi i 2013 har ein meir strategisk gjennomgang av sjølve plandokumentet. Planen seier også at det i 2013 skal haldast ein klimakonferanse for å gjere opp status for klimautfordringane og måloppnåinga i fylket, og politikarane skal underteikne ein protokoll med nye mål. Dette kjem vi tilbake til i 2013. Handlingsprogrammet i Klimaplan for Hordaland skal rullerast kvart år. Denne saka har difor både Statusrapport for handlingsprogram 2012 og Framlegg til handlingsprogram for 2013 som vedlegg. Sidan det skjer så mykje på klimafeltet utanom Klimaplan for Hordaland, blir det forsøksvis gitt eit kort oversyn over noko av det som skjer i kommunane i vedlegg 3. Vedlegg 4 presenterer noko statistikk og meir generell klimainformasjon. Gjennomføringa av handlingsprogrammet for 2012 viser at ting byrjar å falle meir på plass. Alt er ikkje lenger nytt og ukjent, men det er framleis store utfordringar. Handlingsprogram 2012 har 61 tiltak delt på åtte tema og vart vedteke av Fylkestinget i desember 2011. I framlegget til HP 2013 er det 55 tiltak. Fleire av tiltaka i HP 2012 er spesifikt retta mot fylkeskommunens eigen aktivitet og tilhøyrande verksemder. Denne saka rapporterer frå tiltak både i og utanfor fylkeskommunen. Før saka går inn i tiltaksrapportering, kjem eit oversyn over klimaeffektar av fylkeskommunens kjerneaktivitet. Fylkeskommunen og klimautfordringane Samla utslepp av CO 2 -ekvivalentar frå fylkeskommunal verksemd er her delt i to store postar; utslepp frå kollektivtransport og utslepp frå drift: CO 2 -utslepp, tonn Endring Sum utslepp frå kollektivtrafikk Sum utslepp frå drift 1 Detaljar i utslepp frå fylkeskommunal drift Oppvarming Kjøring med bil i teneste Flyreiser 2008 58 822 12 546 11 723 314 510 2009 56 638 12 826 11 988 317 521 2010 68 638 14 366 13 585 302 479 2011 76 514 11 670 10 838 265 568 2009-2010 3,2% 1 87% 179% -4% -8% 2010-2011 11,5 % -18,8 % -20,2 % -12,2 % 18,5 % Kjelde: HFK og fylksekommunens reisebyrå. Kollektivtrafikk Kollektivtransporten er absolutt største utsleppskjelde for fylkeskommunen. Utslepp av klimagass frå drivstoffbruk i kollektivtrafikken auka med 11,5% frå 2010 til 2011. For å seie meir om auken i utsleppa, må vi gå inn på dei einskilde transportørane sine aktivitetar. Eksempelvis skuldast auka utslepp hos transportøren Rødne auka produksjon i form av ekstra fredagsruter samt fleire ruter i sommarperioden i 2011. Tide Buss og Nobina har ved oppstart av nye anbodspakker i 2011 fått endra vognkrav. M.a. er det krav om at samtlege bussar skal vere utrusta med aircondition-anlegg. Desse anlegga vert drifta av same dieseltank som sjølve bussmotoren, og har såleis ein negativ innverknad på det totale forbruket. 1 Endring i det samla CO2 -utsleppet frå kollektivtrafikken er rekna utan 1,9 mill. dieselliter gass hjå Tide i 2010, og utan tala frå Nobina i 2009 og 2010. 3
Gjennom anbodsutsettinga av kollektivtrafikken er det lagt til grunn spesifiserte miljøkrav i kontraktane. Eit døme på dette er innkjøp av 81 gassbussar i 2011 til rutepakkene i Bergen nord og sentrum. Det positive ved utskifting av vognparken i samband med anbodsoppstart er at Skyss har stilt krav om motorar med såkalla Euro 5 standard som minimum. Dette har ein betydeleg innverknad på utslepp av t.d. CO 2. I tillegg er det sett inn el-bilar som vert nytta til avløysing for sjåførane, slik sparar ein tomkøyring av bussar fram og tilbake til anlegg på Haukås og Mannsverk. Drift Innanfor driftsoppgåvene, er det oppvarming av bygg og teknisk utstyr som krev mesteparten av energien og som også gir dei største utsleppa av klimagass. Kald vinter i 2010 gjorde at forbruket då gjekk opp og mildare vær i 2011 gjorde at forbruket gjekk kraftig ned igjen. Redusert bruk av oljefyr sto for om lag halvparten av fallet i CO 2 utslepp på 20,2%, svarande til 1414 tonn reduserte klimagassutslepp. Fylkestingets vedtak i desember 2011 om å ikkje nytte oljefyr som grunnlast, men som beredskap og til topplast, kan få ned klimagassutsleppa ytterlegare, men dette vil ikkje vise att før i forbruket for 2012. På lenger sikt er det ønskjeleg med mindre energikrevjande bygg slik det også vert kravd i den nasjonale tekniske forskrifta. Dette kan ein oppnå dersom nybygga til fylkeskommunen blir bygde som passivhus, tilsvarande eller betre. Difor er det gledeleg at eigedomsseksjonen har søkt ENOVA om støtte til å greie ut bruk av passivhus- eller lågenergistandard for vidaregåande skule på Skulehaugen, Voss (jfr tiltak 4.7). Dei har allereie fått tilskott til å få utgreidd mulegheitene for å bruke tre i byggearbeidet ein står framfor på både på Skulestadmo og Skulehaugen på Voss. Dette er finansiert av Innovasjon Noreg sitt treprogram, klimaplanmidlar og eigeninnsats (jfr tiltak 4.9) I eksisterande bygg vil energieffektivisering aleine vil gi avgrensa CO 2 reduksjon. Klimatiltak ved renovering og klima- og miljøvenlege nybygg gir større klimagasseffekt. Difor er det gledeleg at eigedomsseksjonen gjer energieffektiviseringstiltak parallelt med rehabiliteringa på Årstad vidaregåande. Om resultatmåling i klimaplanen og klimastatistikk for Hordaland Det er ikkje mogeleg å summere reduserte klimagassutslepp frå alle tiltaka i handlingsprogrammet. Tiltaka har ulike tidsperspektiv og verkar direkte eller indirekte. Det er krevjande å finne system for å prioritere og rapportere. Arealplantiltak som skal redusere transportbehovet og tiltak for å redusere forbruk er minst like viktige som tiltak som gir raske utslippsreduksjonar. Er dei mest kostnadseffektive tiltaka viktigast eller er det dei med største, raske kutt? Korleis kan vi få dei viktigaste tiltaka på menyen til klimaplanens handlingsprogram? Vi treng ei fagleg solid utgreiing som tek omsyn til både klimafotavtrykk, kostnadseffektivitet, styringseffektivitet og naturmangfald. Dette blir eit nytt tiltak i handlingsprogrammet for 2013. Det er likevel viktig at vi held blikket på dei overordna måla og ser på kva som skjer i klimasamanheng utanom klimaplan for Hordaland. Tidlegare publiserte Statistisk Sentralbyrå (SSB) tal for energibruk og klimagassutslepp i kommunane og dette kunne samanfattast for fylka. Men sidan tala for 2010 blei lagt fram i 2011, har dei bestemt at kvaliteten ikkje er god nok og difor slutta med den publiseringa. Det næraste vi no kjem med SSB si hjelp er nasjonale tal, som blir lagt fram i vedlegg 4. Men det gjer det enno vanskelegare å kunne dokumentere klimaperspektiv i utviklinga i Hordaland og andre fylke eller kommunar. Delvis som konsekvens av dette har KS, SSB med fleire (M.a. Hordaland fylkeskommune) begynt å jobbe nedanfrå med å få fram tal for aktørar. Mellom anna opplysningar som blir leverte i samband med miljørapportar eller andre kvalitetetssystem. Eit anna blikk på kva som skjer på klimafeltet i Hordaland får vi ved å sjå på opplysningar om kvotepliktige bedrifter i Hordaland, vedlegg 4 4
No har alle kommunar utanom Os fått sin eigne klimaplan. Det varierer i kva grad det er aktiv oppfølgjing i form av eit handlingsprogram eller øyremerka midlar. Vedlegg 3 gir nokre døme på arbeidet i kommunane. Tiltak i Klimaplanens handlingsprogram I det følgjande trekkjer vi fram nokre tiltak i handlingsprogrammet som er i gang i 2012 og som vil bli vidareførte i 2013. Det er både tiltak internt i fylkeskommunen og tiltak utanom fylkeskommunal verksemd. Døme på fylkeskommunale tiltak i klimaplanens handlingsprogram Tiltak 3.1 Miljøsertifisering av Hordaland fylkeskommune Gjennom tiltak 3.1 har fylkeskommunen fått på plass eit verktøy for miljøstyring ved vidaregåande skular, tannklinikkar og andre einingar. Det har vore eit tre-årig tiltak i Klimaplan for Hordaland,, pr september 2012 var stoda: - Tannklinikkar: Alle er Miljøfyrtårnsertifiserte. - Fylkeshuset er Miljøfyrtårnsertifisert. - Skulane: 2/5 er sertifisert eller meldt opp til sertifisering som Miljøfyrtårn eller Grønt flagg. Det er tett oppfølging av skulane hausten 2012. Alle er godt i gang og det er godt von om å få 80 % i mål innan utgangen av 2012. - OT/PPT: Ein avd. er Miljøfyrtårn sertifisert. Ein avd. er sertifisert som del av fylkeshuset og ein avd. er klar for sertifisering. - Skyss og Bybanen AS: Har gjort delar av miljøsertifiseringa, men er ikkje i gang med systematisk prosess med sikte på sertifisering. Sidan 2010 er det laga Miljørapport for Hordaland fylkeskommune med tal for utslepp av klimagassar frå eigne aktivitetar. Klima- og naturressursseksjonen har vore pådrivar og følgt opp dei ulike einingane sitt arbeid for å bli miljøsertifiserte. Etter kvart får dette arbeidet meir preg av drift. I juni vart systematisk miljøstyring innført i organisasjonen gjennom delegasjonsvedtak hjå fylkesrådmannen. Regionaldirektøren har fått ansvaret for miljøstyringa og har vedteke styringsdokument for dette arbeidet. Tiltak 7.6 LED-teknologi i fylkeskommunal regi Rapporten «LED til belysning» vart levert våren 2012. Der blir det m.a peika på potensialet i å nytte LED-lys i spesiallamper i tannhelsetenesta. Fylkestannlegen har allereie skifta ut lyspærene i 20 av dei 220 operasjonslampene med LED. Dette har dei gode erfaringar med og vil gjerne forsere utskiftingane. Dessutan vil dei prøve ut LED-belysning i allmennrom ved tannklinikken på Søråshøgda. Dette arbeidet blir gjort i samarbeid mellom Eigedomsseksjonen og Tannhelsetenesta. Døme på tiltak utanom fylkeskommunal verksemd Tiltak 3.2 Miljøsertifisering av kommunane, pilotprosjekt Voss 31 av 33 kommunar er med i Miljøfyrtårnordninga. Dessutan har dei fleste kommunar miljøsertifisering som tiltak i sine klima- og energiplanar. Voss kommune er i 2012 2013 pilot for ny Miljøfyrtårn sertifiseringsordning for kommunar, og samstundes pilot for Hordaland fylkeskommune for å gjere sertifisering av kommunar mindre tidkrevjande og rimelegare. I 2013 vil HFK invitere andre kommunar til systematisk Miljøfyrtårn sertifisering av kommuneadministrasjonen/rådhuset, og at dei går vidare med ytre einingar i 2014. Tiltak 4.6 Kompetansesenter for energieffektivisering Prosjektet har fått tilskott for 2012 og det er tilsett ein person ved Høgkolen i Bergen (HiB), Ingeniøravdelinga, Institutt for byggfag. Ho deltek med fast post på frokostmøta for bygg og er aktiv i ulike samanhengar i tillegg til å undervise ved HiB. Prosjektleiar gjer ein god jobb som bindeledd 5
mellom kompetansemiljøet ved høgskolen og offentleg og privat verksemd. Ho har opparbeidd kontakt med VGS og er i dialog om fleire ulike prosjekt med dei. Arkitektskulen er også involvert her. Tiltak 5 Hurtiglading for el-bilar Med hurtiglading kan elbilar køyre om lag som ein vanleg bil, berre med 30 minutt stopp kvar tiande mil. Hordaland fylkeskommune, BKK, SKL, Voss Energi, grunneigarar og kommunar har samarbeidd om å bygge hurtiglade-stasjonar i Bergen, Halhjem ferjekai, Leirvik, Dale, Voss og Knarvik i 2011/2012. Transnova har gitt støtte til 5 av dei 6 hurtigladepunkta. Fylkesutvalet har vedtatt utbygging av hurtiglading i Norheimsund, Eidfjord, Odda, Etne, Straume og Matre. Planen er å få dette gjennomført i 2013, slik at den grunnleggande infrastrukturen for elbilar i Hordaland kjem på plass. På initiativ frå Hordaland fylkeskommune har AU i Vestlandsrådet 8.9.11 vedteke hurtiglading om lag kvar tiande mil langs E39 frå Stavanger til Kristiansund. Dette er fullført i 2012 frå Stavanger til Bergen. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar har i 2012 starta arbeidet med sikte på å få etablert dette i sine fylke i 2013. Med hurtigladestasjon på Eidfjord i 2013, vert det mogleg å køyre elbil frå Bergen til Oslo over riksveg 7, med hurtiglading om lag kvar tiande mil. Det er også trong for auka utbygging av normalladepunkt og P-plassar for el-bil i samsvar med FUVvedtak 24.mai 2012. Tiltak 6.4.b Meir balansert gjødsling med nitrogen Jordbruket stod for 7,8 % av klimagassutsleppa i 2007 2 i form av lystgass og metan frå hhv. fordøyinga til drøvtyggjarane og gjødsel. Då blir det viktig å sjå på kva ein gjer med gjødsla og kva fôr dyra får. Difor har Norsk Landbruksrådgjeving i Hordaland starta eit arbeid med næringsstoff- og klimagassrekneskap på gardsnivå. Dei har starta registreringsarbeid på 10 gardsbruk i Hordaland og har samarbeid med innanlandske og utanlandske fagmiljø. Samarbeid kring handlingsprogrammet Klimarådet har hatt fire møte så langt i 2012: 15.2.12: Ope møte om Høghastigheitutgreiinga, samarbeid med Bergen kommune og Bergen Næringsråd. Nærare 60 deltakarar. 26.-27.4.12: Studietur til København og Malmö i MARE-prosjektet 8.6.12: Gjennomgang av utvalte areal- og transporttiltak i klimaplanens handlingsprogram-2012. Fråsegn til Finansdept. og SSB om Kommunefordelt klima- og energistatistikk 14.9.12: Rullering handlingsprogrammet, gjennomgang av Mobilitetskontor for Bergen/Hordaland, sykkelbyavtale for Stord og Bergen og ein presentasjon av tiltaksrapporten om naturressursar til biogass for bussar i Hordaland. Klimanettverket har som planlagt hatt to møte i 2012. På marsmøtet var temaet Landbruk og klima og på septembermøtet var tema Energi og kommunale bygg. Forslag til handlingsprogram 2013 Handlingsprogrammet begynner å finne ei form der ulike aktørar sjølv tek ansvar for ulike delar, t.d. Samferdselsavdelinga og Eigedomsseksjonen i fylkeskommunen og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen. Tiltakslista er blitt meir gjennomarbeidd og mange tiltak bør vidareførast. Det har difor ikkje vore stort fokus på å få inn nye tiltak, sjølv om det har vore opning for det. Å ha økonomiske og personalmessige verkemiddel har vore heilt avgjerande for å få den framdrifta vi har hatt. 2 Utrekna frå tab 7-1 i Klimakur 2020 6
Klimarådet har hatt handlingsprogrammet for 2013 som hovudsak på dagsorden i sitt septembermøte. Det har vore ein del møte med næringsliv, organisasjonar og kunnskapsmiljø i tillegg til offentleg sektor i samband med rulleringa av handlingsprogrammet. Tema 1 Samarbeid og verkemiddel Samarbeidet utviklar seg positivt og vi vil fokusere meir på kommunikasjon og tiltaksanalysar i 2013. Tema 2 Energi er ei overbygging som er sentral i flesteparten av tiltaka. Det er ikkje eigne tiltak. Tema 3 Forbruk og avfall. Miljøsertifisering av kommunane i Hordaland vil kome enno meir i fokus når vi i 2013 har arbeidet frå Voss som eit godt døme. På avfallsida er det profesjonelle aktørar som tek tak i utfordringane. Tema 4 Bygningar prøver m.a. å få til interkommunalt samarbeid om energieffektivisering i 2013. Tema 5 Areal og transport er eit område der fylkeskommunen er dominerande aktør i samarbeid med Statens vegvesen, Fylkesmannen og kommunane. Tiltaka er gjerne langsiktige. Samarbeidet mellom klimasekretariatet, Samferdselsavdelinga og Skyss er i positiv utvikling. Tema 6 Næringsliv. Det har vore eit temamøte med deltakar frå ulike organisasjonar i fylket og det vart fokusert på samanhengen med Regionalt Utviklingsprogram (RUP) som det var ønskje om å utvikle vidare. Det er også ønskje om å sjå på korleis skogsdrifta i Hordaland kan medverke til eit betre klima. Tema 7 Teknologi og klimautvikling viser fleire ulike prosjekt og det er ønskjeleg med meir bruk av utviklingskontraktar. Tema 8 Klimatilpassing blir stadig viktigare og Fylkesmannen har den sentrale rolla. Fylkesrådmannen si vurdering Klimaplanen sitt handlingsprogram for 2013 vert lagt fram til politisk handsaming i desember 2012 samstundes med budsjettet. Klimaplanens handlingsprogram 2013 har 55 tiltak. Eg meiner at ein i seinare revisjonar må satse meir på større tiltak og at talet på tiltak må reduserast ytterlegare. Eg meiner dessutan at ein i seinare revisjonar bør vurdere kva verknad tiltaket har for utslepp og om tiltaket har realistisk mulegheit til å nå målsettinga. Kostnader er stipulerte og gir den økonomiske ramma for aktiviteten. Mange av tiltaka må finansierast frå fleire stader. Fylkesrådmannen har i framlegg til fylkesbudsjett for 2013 ført opp kr. 2,989 mill. til klimaplanen. Det er same sum som for 2012, korrigert for prisvekst. 7
Fylkestinget vedtok i sak 41/12 «Rekneskapsoverskot 2011 - bruk av disposisjonsfondet» å disponere kr. 2 mill. av overskotet frå 2011 til Klimaplanen.. Løyvinga kjem på toppen av den ordinære budsjettposten til klimaplanen og gjer det mogleg å satse ekstra på nokre av dei større tiltaka. Handlingsprogrammet for 2013 inneheld ikkje eit fullstendig budsjett for alle tiltaka, men gir likevel ein god peikepinn på kva for tiltak administrasjonen meiner bør prioriterast. Tiltaka 5.15 Infrastruktur for el-bilar, 5.17 Miljøvenleg framdrift av ferjer og snøggbåtar og 7.6 LEDteknologi i fylkeskommunal regi er mellom dei som er styrkte i 2012. Vedtaket kom i oktober og det lar seg ikkje gjere å bruke alle midlane i 2012. Ein del vert difor overført til bruk i 2013 I klimabudsjettet er det behov for ein viss fleksibilitet, slik at ein kan fange opp nye mulegheiter og gjere nødvendige justeringar. 8