2 Lydlære. Det samtidige blikket. Vokalsystemet



Like dokumenter
Norrøn grammatikk i hovuddrag

1 Bakgrunn. Norrønt språk

Eksamen i NORD Nordisk språk, historisk, 7,5 sp. Vårsemester Kandidatnummer: Sidetal minus forside: 7

Fonetikk og fonologi Oppgåver

Kvifor er bokmål (BM) og nynorsk (NN) ulike målformer, og kva er det som skil dei?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Ordliste. I denne lista blir teiknet brukt for å vise til eit anna oppslagsord.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

Norrønt språk. Stort valemne: 10 studieponeg. Fjernord. vårsemesteret (NOSP120-F, svarar til NOFI 111) ( , OEH; 2.1.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Bruk av Norrøn ordbok

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Forkortingar: Lydverket (fonologien) og målgeografisk plassering

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Vi lærer om respekt og likestilling

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Brukarrettleiing. epolitiker

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fonetikk og fonologi Fasit

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Årsplan i norsk, 4. klasse,

mmm...med SMAK på timeplanen

Samansette tekster og Sjanger og stil

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nynorsk i nordisk perspektiv

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Tjukk, snill og litt ekkel

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Kokebok i nynorsk. Eg lige ikkje nynorsk, eg! (Er siddisar dumme?) Spørsmål: Kor mange dialektar brukar jeg og ikke?

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

HORDALANDD. Utarbeidd av

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Nynorsk, verb, framhald


Fra Forskrift til Opplæringslova:

Islandsk bøyingsskjema

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Bilete og figurar i Word

Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne. Arne Rødvik

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering


Vurderingsskjema for munnleg norskprøve, nivå A1-A2 (set kryss i skjemaet).

Morfologioppgåva om klassisk gresk

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KONTINUASJONSEKSAMEN I EMNE. TDT4136 Logikk og resonnerande system. Laurdag 8. august 2009, kl

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

H Ø G S K O L E N I B E R G E N Avdeling for lærerutdanning

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Årsplan i norsk for 6.kl

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

FANTASTISK FORTELJING

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Begrepsundervisning. bidrag 0l å utjamne sosiale forskjellar når det gjeld borna si læring.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vurderingsrettleiing 2011

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Oppgåver til kapittel 3

HOVUDDRAG I NORSK SPRÅKHISTORIE

Transkript:

2 Lydlære Det samtidige blikket 8 Synkroni. Den synkrone fonologien tek sikte på å gje ei samtidig framstilling av lydsystemet i norrønt. Men då den norrøne språkperioden strekkjer seg over mange hundre år, seier det seg sjølv at det må gjerast eit val innanfor dette vide tidsrommet. Vi har relativt få språklege kjelder til eldre norrønt, og fleire trekk ved dette språksteget er framleis uavklara. Frå midten av 1100-talet flyt kjeldene langt rikare, og på 1200-talet får vi eit breitt og representativt bilete av norrønt språk. Det som vi har kalla klassisk norrønt språk ( 1), kan tidfestast til midten av 1200-talet. Det er dette språksteget som ligg til grunn for den norrøne normalortografien, og det er dette språksteget vi skal leggje til grunn i omtalen av den synkrone fonologien. Vokalsystemet 9 Vokalsystemet. I norrønt skil vi mellom eit trykktungt og eit trykklett system. Det trykktunge systemet omfattar både monoftongar og diftongar, det trykklette berre monoftongar. Dei trykktunge vokalane står i stavingar som har trykk (primærtrykk eller sekundærtrykk), medan dei trykklette vokalane står i stavingar utan trykk. Då rotstavinga i eit ord alltid har trykk, blir dei trykktunge vokalane gjerne kalla rotvokalar. Bøyingsendingane har ikkje trykk, og dermed blir dei trykklette vokalane også kalla endingsvokalar. På grensa mellom vokal- og konsonantsystemet står halvvokalane j og v. Etter uttalen er dei å rekne som vokalar, etter distribusjonen som konsonantar. Her fører vi dei opp i lag med vokalane. 9.1 Trykktunge vokalar. Klassisk norrønt hadde 16 trykktunge vokalar, som vist i fig. 2:1. Dette systemet er ikkje fullstendig symmetrisk, med di ǽ berre er lang og a berre er kort. Dei andre vokalane kan vere både lange og korte. I eldre norrønt reknar vi med at vokalsystemet var fullstendig symmetrisk med ni lange

16 Kap. 2 og ni korte vokalar, men innan midten av 1200-talet fall dei korte e og æ saman, og det same gjorde dei lange á og (jf. 18). Vi reknar med at uttalen av dei fremre vokalane i norrønt stort sett var som uttalen av dei tilsvarande lange vokalane i standard austnorsk talemål. Dei bakre vokalane hadde truleg ein meir bakre eller låg uttale. Såleis vart både u og ú uttalte om lag som vokalen i standard austnorsk bukk, o og ó om lag som i standard austnorsk sopp, medan ǫ og á (samanfallet av á og ) truleg hadde ein endå lågare uttale, om lag som i engelsk port eller sunnmørsk båt. Fig. 2:1 Dei trykktunge vokalane i norrønt I gammalislandsk skjedde det to vokalsamanfall på 1200-talet: Først fall ø og ǫ saman, og noko seinare ǿ og ǽ. I nyare islandsk er samanfallet av ø og ǫ attgjeve med teiknet ö (t.d. öx øks og ör pil ), og samanfallet av ǿ og ǽ med teiknet æ (t.d. bæn bøn og mæla seie ). Den norrøne normalortografien held oppe begge skilnadene øx vs. ǫr og bǿn vs. mǽla. 9.2 Diftongar. Norrønt har tre diftongar i trykktung stilling, ei, au og ey. Den siste diftongen hadde runda uttale, [øy]. Alle diftongane er lange. Fig. 2:2 Diftongane i norrønt

Lydlære 17 9.3 Trykklette vokalar. I trykklett stilling har norrønt berre dei tre korte vokalane i, a og u. Som nemnt ovanfor står dei trykklette vokalane typisk i bøyingsendingar, og er derfor kalla endingsvokalar. Fig. 2:3 Dei trykklette vokalane i norrønt 9.4 Halvvokalar. Norrønt har dei to halvvokalane j og v. Dei må reknast som høge og får dermed same plassering som tvillingbrørne i og u. Fig. 2:4 Halvvokalane i norrønt Skilnaden mellom i og j ligg i posisjonen deira: Vokalen i står i stavingskjernen og kan forlengjast (jf. bita sv.vb. og bíta st.vb.), halvvokalen j står utanfor og kan ikkje forlengjast. Dette uttrykkjer vi ved å seie at i er syllabisk og j asyllabisk. Skilnaden mellom u og v var av same slag: Vokalen u står i stavingskjernen (og kan forlengjast), medan v står utanfor (og kan ikkje forlengjast). Det vil seie at u er syllabisk og j asyllabisk. I løpet av norrøn tid miste v rundinga og fall saman med den stemte varianten [v] av konsonanten f. I handskriftene kan ein såleis finne både gefa og geva for normalortografiens gefa st.vb. gje. Konsonantsystemet 10 Konsonantsystemet. Vi reknar at norrønt hadde 14 konsonantar. Fig. 2:5 gjev ei oppstilling av dette konsonantsystemet, som ikkje er så ulikt det vi har enkelte dialektar av moderne norsk (t.d. i sørlandsdialektane). I skjemaet er h

18 Kap. 2 oppstilt som ein ustemt velar frikativ. Det er riktig nok framfor konsonantar som l, n og r, men føre vokalar hadde h skiftande artikulasjonsstad, og kan nærmast reknast som ein ustemt vokal. Merk at þ berre kan stå i framlyd, t.d. þing, medan ð berre kan stå i inn- og utlyd, t.d. maðr og boð. Konsonantane þ og ð finst ikkje lenger i moderne norsk. Den stemte lyden ð har forsvunne i talespråket, sauðr > sau, faðir > far, men han står ofte som stum d i skriftspråket, rauð > raud, stóð > stod. Den ustemte lyden þ har utvikla seg til t, þing > ting, bortsett frå i trykklette småord, der han er gått til d, þú > du. Fig. 2:5 Konsonantane i norrønt 10.1 Artikulasjonsstader. Inndelinga av artikulasjonsstadene tek utgangspunkt i den øvre artikulatoren, dvs. lepper, tenner og gane. I moderne norsk skil vi mellom bilabial og labiodental artikulasjonsstad (emne vs. evne). Vi har ikkje noko sikkert grunnlag for å dra dette skiljet i norrønt, og brukar derfor labial som felles nemning. Frikativane þ og ð hadde dental artikulasjon, medan plosivane t og d primært hadde alveolar artikulasjon, likesom i moderne norsk. Uttalen av g og k var velar, men med stort spenn føre fremre vokalar var uttalen nesten palatal, føre bakre vokalar velar. Det same er tilfellet i moderne norsk, men der har g og k blitt palataliserte føre fremre vokalar, gestr > gjest [jest] og kenna > kjenna [çen:a]. 10.2 Artikulasjonsmåtar. Plosivane i norrønt skil seg ikkje frå moderne norsk, men g [ɡ] kunne også ha frikativ uttale, [ɣ], slik han framleis har i islandsk. Vi kan ikkje seie sikkert om rullelyden r var ein trill, [r], eller ein tapp, [ɾ], i norrønt. Vi

Lydlære 19 brukar derfor rullelyd som felles nemning for trill og tapp. Det vi derimot kan seie sikkert, er at r ikkje vart uttalt med skarring, [ʁ]. Dét er ein nyare uttale, som i norsk neppe er eldre enn frå 1700-talet (jf. 6). Med grunnlag i artikulasjonsmåten kan dei norrøne konsonantane skipast i to hovudgrupper, obstruentar og sonorantar. Til obstruentane høyrer plosivane og frikativane, dvs. p, b, t, d, k, g, f, þ, ð, s og h. Dei blir artikulerte med fullstendig lukke eller tydeleg innsnevring, og dei er lite sonore. Til sonorantane høyrer nasalane, lateralane og rullelydane, dvs. m, n, l og r. Dei blir artikulerte med mindre grad av innsnevring, og tilsvarande høgare grad av sonoritet. Blant sonorantane dannar lateralen l og rullelyden r ei undergruppe med nokså lik sonoritet; dei blir gjerne kalla likvidar. Fig. 2:6 Gruppering av konsonantane i norrønt 10.3 Lengd. I framlyd var dei norrøne konsonantane alltid korte. I innlyd og utlyd kunne dei vere både korte og lange (geminerte). Unntak frå denne regelen er þ og ð, som var korte i alle stillingar. Det er heller ikkje mange døme på lang f (offr n.) eller b (ubbi m.) i norrønt. Frikativen h var alltid kort og kunne berre stå i framlyd. Unntak er samansetjiingar, t.d. úheill og jafnheill, men her er heill ei av stammene og i denne står h i framlyd. 10.4 Uttalevariasjon. Nokre av konsonantane hadde ulik uttale avhengig av stillinga i ordet: f Den labiale frikativen f hadde både stemt og ustemt uttale, i lydskrift uttrykt med [v] for den stemte lyden og [f] for den ustemte. Fordelinga var slik at i

20 Kap. 2 framlyd (forutan i geminat og i samband med ustemte konsonantar) var f ustemt, i innlyd og utlyd var han stemt: fara uttalt [fara] som f i moderne norsk far hafa uttalt [hava] som v i moderne norsk hav I løpet av norrøn tid fall den frikativen [v] saman med halvvokalen [ʋ], slik at f i gefa og v i vera vart tolka som variantar av den same lyden (fonemet) f. Dermed fekk [f] og [v] status som ulike konsonantar (fonem). Slik er det framleis i moderne norsk. g Konsonanten g hadde både plosiv og frikativ uttale, i lydskrift uttrykt med [ɡ] for den plosive lyden og [ɣ] for den frikative (jf. 10.2). Fordelinga var slik at i framlyd, i geminat (gg) og etter nasal var g plosiv, elles frikativ: gata uttalt [ɡata] som g i moderne norsk gate saga uttalt [saɣa] som g i nyislandsk saga I gammalnorske handskrifter vart den plosive g ofte skriven med teiknet g, t.d. gata, og den frikative med teikna gh, t.d. lagh. Føre ustemt konsonant vart motsetnaden mellom g og k oppheva (nøytralisert) i uttalen, som t.d. i ordparet lagt av leggja sv.vb. og lakt av lakr adj. I moderne norsk har g ikkje lenger nokon frikativ variant. Men g og k blir framleis nøytraliserte føre ustemt konsonant, jf. t.d. sagt [sakt] og frakt [frakt]. n Nasalen n vart uttalt [n], med unntak av i sambandet ng og nk. Der vart han uttalt [ŋ], men utan å bli fullstendig assimilert med etterfølgjande g eller k, t.d. ungr [uŋgr] og seinka [seiŋka]. Ortografi 11 Særdrag i norrøn skrift. Med berre nokre få unntak er den norrøne normalortografien ortofon, dvs. at det svarar eitt skriftteikn (grafem) til kvar språklyd (fonem). Her følgjer dei viktigaste avvika. 11.1 Vokallengd. I denne grammatikken blir lang vokal alltid attgjeven med lengdeteikn, mál n. mål, sak, hér adv. her, tíð f. tid, sól f. sol, hús n. hus, sýr m. purke, sǽll adj. sæl, lykkeleg og bǿn f. bøn. I dei fleste grammatikkar og tekstutgåver er det derimot ikkje brukt lengdeteikn over æ (sjølv om han er lang), og teiknet œ er ofte brukt i staden for ǿ. Ettersom æ og œ er så like (særleg i kursiv, t.d. i Times, æ og œ) og ettersom det er mest systematisk å bruke lengdeteikn over alle lange vokalar, er derfor ǽ og ǿ brukte i denne grammatikken.

Lydlære 21 11.2 Konsonantlengd. Lang konsonant blir til vanleg attgjeven med dobbelskriving (geminat), også i korte ord. Der moderne norsk har kan hadde norrønt kann. I normalortografien, og særleg i Norrøn ordbok, ser ein derimot at lang konsonant ofte blir forenkla føre ny konsonant, t.d. fella, men feldi, og kenna, men kendi (jf. regel 4:3 s. 37 38). I denne grammatikken blir ikkje denne ortografiske regelen følgd, såleis heiter det fella og felldi, kenna og kenndi. 11.3 Dental eller alveolar + s. Dentale eller alveolare lydar + s blir til vanleg attgjevne med z, t.d. heldsk = helzk (av halda st.vb.), brautsk = brauzk (av brjóta st.vb.) og kastiðsk = kastizk (av kasta sv.vb.). 11.4 Konsonantsambandet ks. Sambandet av k og s blir til vanleg attgjeve med x, t.d. laks = lax (av lax m.), øks = øx (av øx f.). Staving og trykk 12 Stavinga. Stavingskjernen er alltid ein vokal (monoftong eller diftong), medan stavingsframlyden og stavingsutlyden blir danna av ein eller fleire konsonantar. Det gjev fire typar: (1) bú, kló, sjau (framlyd + kjerne); (2) á, í, ey (kjerne); (3) bit, sól, spjót (framlyd + kjerne + utlyd); (4) ǫl, urð, egg (kjerne + utlyd). I trykktung stilling er vokalen alltid lang i opne stavingar, dvs. i type (1) og (2), medan han kan vere både kort og lang i type (3) og (4). I trykklett stilling er vokalen alltid kort. 12.1 Stavingsgrense. Det kan vere vanskeleg å dra grensa mellom kvar enkelt staving, både i norrønt og andre språk. I dei stavingsteljande versemåla i norrønt blir grensa mot neste staving alltid sett rett føre neste vokal, eller ved ordslutt. Eventuelle konsonantar føre vokalen blir ikkje medrekna. Ved samansette ord skal ein følgje samansetjingsgrensa. Nokre døme på metrisk stavingsdeling: sag-a, kall-a, bít-a, tung-ur, gestr, gest-ir, hest-in-um, lǫnd-un-um men likevel jarð-hús, hirð-maðr, ill-hug-aðr, kon-ung-a-bók Det må understrekast at desse reglane ikkje utan vidare fell saman med dei fonologiske stavingsgrensene. Såleis vil ein gjerne seie at kalla skal delast kal-la, tungur skal delast tun-gur [tuŋ-ɡur] osv. Av praktiske grunnar skal vi likevel leggje dei metriske stavingsgrensene til grunn i denne boka. 12.2 Stavingslengd. I trykktunge stavingar kan vokalen (V) og konsonanten (K) vere både korte og lange, slik at norrønt får tre stavingstypar: kort, normallang og

22 Kap. 2 overlang. Dette er vist i fig. 2:7, der dei trykktunge stavingane er framheva med halvfeit skrift. Merk at både geminatar (tt i nátt) og konsonantsamband (rð i hirð) tel som lang konsonantisme. Eventuelle konsonantar føre stavingskjernen blir ikkje medrekna i samsvar med 12.1. Fig. 2:7 Stavingslengd i trykktunge stavingar Etter norrøn tid vart korte stavingar forlengde i trykktung stilling, medan overlange stavingar vart forkorta. Det inneber at alle trykktunge stavingar i moderne norsk er normallange. Unntak er dialektane i Nord-Gudbrandsdalen, som har korte stavingar, og dialekten i Setesdalen, som har overlange stavingar. I trykklette stavingar er vokalen (V) alltid kort, medan konsonanten (K) kan vere både kort og lang, som vist i fig. 2:8. Fig. 2:8 Stavingslengd i trykklette stavingar Ord med kort rotstaving, t.d. vera, kallar vi jamvektsord, og ord med lang rotstaving, t.d. kasta, kallar vi for overvektsord. Alt i norrøn tid reknar vi at jamvektsorda i austnorsk fekk likt trykk på dei to stavingane, ˈveˈra, medan overvektsorda hadde hovudtrykket på den første stavinga, ˈkasta. I mange norske dialektar har gamle jamvektsord utvikla seg ulikt frå overvektsord. I austnorske dialektar er såleis den utlydande vokalen i infinitiv redusert i langstava verb, men ikkje i kortstava: baka > baka, men kasta > kaste ( kløyvd

Lydlære 23 infinitiv ). I trøndske dialektar er reduksjonen endå sterkare, for her fell den utlydande vokalen heilt bort i dei langstava infinitivane: kasta > kast. 13 Trykk. Vi reknar at stavingane i norrønt kunne ha tre gradar av trykk. I desse eksempla markerer ein høgt plassert strek primærtrykk og ein lågt plassert strek sekundærtrykk: 1. stavingar med primærtrykk ˈgef-ˌand-i, ˈjafn-ˌheill-ar, ˈgam-all 2. stavingar med sekundærtrykk ˈgef-ˌand-i, ˈjafn-ˌheill-ar 3. stavingar utan trykk ˈgef-ˌand-i, ˈjafn-ˌheill-ar, ˈgam-all I norrønt låg primærtrykket normalt på rotstavinga. Enkelte avleiingssuffiks, m.a. -and og -ótt, og den andre rotstavinga i samansetjingar, t.d. jafnheill, hadde truleg sekundærtrykk. Andre avleiingsuffiks, m.a. -al/-ul/-il, var trykklette, og det same var alle bøyingsendingane. Det historiske blikket 14 Diakroni. Den diakrone fonologien gjev ei historisk framstilling av fonologien, og fokuserer dermed på endringar. Her skal vi ikkje gje ei fullstendig diakron framstilling, men nøye oss med å forklare bakgrunnen for eitt sentralt trekk i den synkrone fonologien, nemleg vokalskifta. Desse er framleis synlege i den synkrone fonologien og er med på å skape variasjon i bøyinga, særleg av verb og substantiv, som desse eksempla viser: verb: substantiv: Norrønt gefa gaf gefit maðr menn Nynorsk gje(va) gav gjeve mann menn Tysk geben gab gegeben Mann Männer Engelsk give gave given man men Vokalskiftet er eit gjennomgåande trekk ved dei germanske språka. Dette gjeld m.a. tempus- og modusformer av sterke verb, og kasus- og numerusbøying av substantiv. I resten av dette kapitlet skal vi sjå på oppkomsten av desse vokalskifta. Avlyd og bryting 15 Avlyd. Avlyd er ei form for vokalskifte som kjem til uttrykk både i bøying og ordlaging i norrønt, t.d. i bøyinga av sterke verb som krjúpa kraup krupu

24 Kap. 2 kropit krype eller gjennom ordavleiingar som bjúgr adj. krokete baugr m. ring bugr m. bukt, krok bogi m. boge. Det har vore lansert fleire teoriar om korleis avlyden har oppstått, men fordi han ligg så langt tilbake i tid, og fordi vi manglar skriftlege kjelder frå denne tida, har det ikkje vore mogleg å nå fram til sikker kunnskap om bakgrunnen for avlyden. Her skal vi nøye oss med å slå fast at avlyd er ei særskild form for vokalskifte som vi finn restar av i alle dei germanske språka, norrønt og moderne norsk medrekna, særleg i verbbøyinga. Det vokalskiftet som avlyden har skapt i bøying og ordlaging, har tradisjonelt vore samla i avlydsrekkjer, dvs. faste rekkjer av skiftande rotvokalar.

Lydlære 25 Her har vi ført opp infinitiv, preteritum eintal (3. person), preteritum fleirtal (3. person) og supinum (akkusativ eintal nøytrum av perfektum partisipp) av dei norrøne verba. Dei nynorske verba er oppførte med infinitiv, preteritum og supinum. Nynorsk skil ikkje lenger mellom eintal og fleirtal i verbbøyinga, og har lagt den norrøne eintalsforma til grunn for preteritum. I 2. rekkje blir rotvokalen på infinitivssteget realisert som jú føre f, p, g og k (dvs. føre labiale og velare konsonantar), og jó føre andre konsonantar. I 2., 3. og 4. rekkje var rotvokalen i perfektum partisipp opphavleg u, og føre nasal (som førekjem i 3. og 4. rekkje) står han framleis som u. Elles er han senka til o, truleg på grunn av a-omlyd (jf. 17.1). Av desse og andre grunnar er vokalvekslinga blitt svært omfattande. 16 Bryting. Ein karakteristisk lydovergang frå urnordisk til norrønt er bryting, som inneber at kort, trykktung e vart broten (dvs. segmentert) til ja i bestemte lydlege omgjevnader, t.d. urnord. *hertan > norr. hjarta n. sg. hjarte. I neste omgang kunne ja bli runda til jǫ ved u-omlyd, t.d. *hertun > *hjartu > hjǫrtu n. pl. (jf. 17.3). Tysk språk har ikkje bryting, noko som forklarar kvifor vi har former som Herz, eben, Erde i tysk, og hjarta, jafn, jǫrð i norrønt. Brytinga er heller ikkje fullstendig gjennomført i norsk; såleis har 1. person av det personlege pronomenet både ubrotne former (eg, e, i) og brotne former (je, jæi). Vi reknar at dette ordet har utvikla seg frå forma *eka i urnordisk til ek (ubroten form) i vestnordisk og jak (broten form) i austnordisk, som framleis er eit dialektskilje i norsk og i dei nordiske språka (svensk jag og dansk jeg vs. nynorsk eg). I norrønt er brytinga ikkje lenger verksam. Men enkelte avvik i bøyingssystemet blir lettare å forstå med bakgrunn i denne lydovergangen. Det gjeld for det eine nokre sterke verb av 3. klasse som har fått overgangen e > ja i enkelte former på presenssteget, t.d. urnord. *helpan > norr. hjalpa hjelpe (jf. tysk helfen), urnord. *bergan > norr. bjarga berge (jf. tysk bergen). For det andre gjeld det nokre sterke maskuline substantiv i u-klassa, som har brotne former, fjǫrðr, skjǫldr m.fl. Desse orda hadde rotvokalen e i urnordisk, *ferðuʀ og *skelduʀ, men på grunn av bryting og andre lydovergangar er denne vokalen erstatta med nye vokalar i alle dei norrøne bøyingsformene. I denne grammatikken skal vi derfor rekne ja som rotvokalisme i slike substantiv (jf. 28). Omlyd 17 Bakgrunn. Omlyd er ei svært viktig form for vokalskifte, både i bøying og ordlaging. Omlyden oppstod under overgangen frå urnordisk til norrønt, og han viser seg nesten overalt i bøyinga: i fleirtals- og kasusformer av substantiv og adjektiv, i gradbøying av adjektiv og adverb, og i presens- og konjunktivformer av

26 Kap. 2 verb. Bakgrunnen for omlyden ligg i utviklinga av ordtrykket. I det indoeuropeiske grunnspråket var trykket truleg fritt, slik at det snart kunne falle på den første stavinga i ordet, snart på ei av dei andre stavingane. I dei germanske språka festa trykket seg etter kvart til rotstavinga i ordet, slik hovudregelen framleis er i norsk. Denne utviklinga var truleg fullført i urnordisk tid, og ho innebar at rotstavinga kom i sterkare artikulatorisk fokus enn før. Fig. 2:9 Vokalsystemet i urnordisk I urnordisk var det berre fem vokalar, i, e, a, o og u. Desse vokalane kunne stå i både trykktung og trykklett stilling, og dei var både lange og korte (med unntak av o, som berre var lang). Dette danna eit enkelt og tilnærma symmetrisk system, som kan stillast opp som vist i fig. 2:9. I løpet av synkopetida (ca. 500 ca. 700) vart vokalane i rotstavinga påverka av vokalen i neste staving, slik at mange rotvokalar tok farge av den etterfølgjande vokalen. For eksempel fekk rotvokalen ó i ordet fótiʀ m.pl. føter ein meir fremre uttale, nærmare ǿ, på grunn av den fremre vokalen i i endinga -iʀ. Det oppstod då nye variantar til ei rekkje av rotvokalane, slik at ǿ kom inn som ein variant av ó føre i. Under synkopetida fall mange av dei omlydsskapande vokalane bort, og dermed fekk desse variantane status som eigne vokalar (fonem). Eit ord som *fótiʀ utvikla seg då til fǿtr, etter at i var synkopert. I eit ord som. armaʀ m. arm skjedde det ikkje nokon slik påverknad, og dette ordet utvikla seg til armr m. i norrønt, utan endring av rotvokalen, men med synkope av endingsvokalen. Vi reknar med tre typar av omlyd i overgangen frå urnordisk til norrønt, alt etter kva for vokal som har vore årsak til lydutviklinga: A-omlyd I-omlyd U-omlyd fører til at høge vokalar blir senka fører til at bakre vokalar blir fremja fører til at urunda vokalar blir runda

Lydlære 27 Generelt kan vi seie at omlyd er ein assimilasjon som oppstår ved at vokalen i ei staving (som oftast rotstavinga) blir påverka av og gjord likare ein vokal eller halvvokal i ei etterfølgjande staving. 17.1 A-omlyd. Ved a-omlyd blir dei høge rotvokalane i og u senka under påverknad av ein etterfølgjande a. Døma viser utviklinga frå urnordisk til norrønt: i > e *wigan > vega av vega st.vb. u > o *hurna > horn av horn n. Fig. 2:10 A-omlyden Overgangen u > o er av særleg interesse, fordi urnordisk ikkje hadde nokon kort o. Etter a-omlyden vart dette holet i systemet fylt, som vist i fig. 2:10. Vi reknar at a-omlyden har vore verksam i perfektum partisipp av 2., 3. og 4. klasse av sterke verb, t.d. *brutanaʀ > *brotenaʀ > brotinn av brjóta st.vb. Merk at a-omlyden ikkje råka dei lange vokalane í og ú. A-omlyden er ikkje lenger verksam i norrønt; derfor heiter det muna (ikkje *mona) i genitiv fleirtal av munr m. Verknadene av a-omlyden er også ofte oppheva ved analogi. Såleis har ord som holt n. og horn n. fått rotvokalen o i alle bøyingsformer, endå om dei opphavleg hadde u i enkelte former. A-omlyden slo heller ikkje like sterkt gjennom over heile det nordiske språkområdet. Derfor heiter det framleis hult i svensk og holt i norsk. 17.2 I-omlyd. Ved i-omlyd blir bakre rotvokalar fremja (palataliserte) under påverknad av ein etterfølgjande i eller j. I-omlyden råka både dei korte og dei lange bakre vokalane i alle tre høgder. Dette førte til oppkomsten av ei rekkje nye fremre vokalar, som fekk status som sjølvstendige fonem y, ý, ø, ǿ, æ og ǽ. I attgjeving av urnordisk blir lang vokal ofte vist med lengdestrek, t.d. ū, men her brukar vi aksent både for urnordisk og norrønt, t.d. ú:

28 Kap. 2 u > y *flutjan > flytja av flytja sv.vb. ú > ý *húsijan > hýsa av hýsa sv.vb. o > ø *sofiʀ > søfr av sofa st.vb. ó > ǿ *bótijan > bǿta av bǿta sv.vb. a > æ > e gastiʀ > *gæstr > gestr av gestr m. á > ǽ *sárijan > sǽra av sǽra sv.vb. au > ey *brautijan > breyta av breyta sv.vb. Fig. 2:11 gjev ei skjematisk framstilling av i-omlyden. Her ser vi at denne omlyden inneber ei gjennomført fremjing av dei bakre vokalane, slik at ú går over til ý, ó til ǿ osv. Heile tida er det altså tale ei rørsle i det vassrette planet. Overgangen a > æ > e er tilsynelatande eit unntak, med di a er låg og e mellomhøg etter oppstillinga i fig. 2:11. Men i løpet av 1100-talet fall æ og e saman, og den nye lyden, som vi noterer som e, vart dermed den nye ikkje-høge partnaren til a blant dei fremre vokalane. I-omlyden råka trykktunge vokalar, hovudsakleg i lange rotstavingar, t.d. gastiʀ > gestr. Men det er mange unntak frå denne regelen, både i form av langstava ord utan omlyd, t.d. *fundiʀ > fundr m. møte, og kortstava ord med omlyd, t.d. *grafiʀ > grefr av grafa st.vb. grave. Trykklette vokalar vart ikkje råka av i-omlyd. Fig. 2:11 I-omlyden I sein urnordisk var i-omlyd ein allmenn fonologisk regel, slik eksempla ovanfor vitnar om. Men i løpet av synkopetida (ca. 500 ca. 700) fall alle korte og trykklette vokalar bort, og dette råka svært ofte den omlydsskapande i eller j. Dette førte til overgangar som *súpiʀ > sýpr av súpa st.vb., *bókiʀ > bǿkr av bók f. osv. På det norrøne språksteget kan ein ikkje rekne i-omlyd som ein fonologisk

Lydlære 29 regel i desse orda, for det er ingen lydlege tilhøve som tilseier at rotvokalen av súpa skal skifte til ý i presens, eller at rotvokalen av bók skal skifte til ǿ i fleirtal. Her er det tale om det vi skal kalle morfologisk i-omlyd, jf. regel (17) i 23. 17.3 U-omlyd. Ved u-omlyd blir urunda vokalar runda under påverknad av ein etterfølgjande u eller v (notert som w i urnordisk). U-omlyden råka særleg dei låge vokalane a og á, og då det ikkje fanst nokon runda, låg vokal i urnordisk, oppstod det to nye vokalar, ǫ og. Denne overgangen er markert med ei heiltrekt pil i fig. 2:12. U-omlyden råka også andre urunda vokalar, særleg i og e, men det skjedde berre i samband med w. I fig. 2:12 er desse overgangane markerte med stipla piler. i > y *singwan > syngva av syngva st.vb. e > ø *gerwan > gørva av gørva, sideform til gera sv.vb. a > ǫ *landu > lǫnd av land n. á > *sáru > s r av sár n. Fig. 2:12 U-omlyden U-omlyd var ein allmenn fonologisk regel i sein urnordisk tid, som døma ovanfor viser. Men under synkopetida fall den omlydsskapande u eller w bort i mange ord. Såleis hadde urnordisk forma *landu (fleirtal av *landa land ) som utvikla seg til lǫnd etter u-omlyd og synkope. I den norrøne fleirtalsforma lǫnd (av land n.) er det ikkje lenger råd å gje ei fonologisk forklaring på rotvokalen. Her er det altså tale om ein morfologisk u-omlyd, dvs. om eit systematisk skifte mellom urunda og runda vokal i bestemte bøyingsklasser, utan at dette skiftet er grunngjeve i synkrone lydlege forhold. Dette omtalar vi som regel (18) i 23 nedanfor. I norrønt er u-omlyden framleis ein allmenn fonologisk regel i samband med dei låge vokalane a og á. Såleis får armr m. arm og mál n. mål, sak u-omlyd i

30 Kap. 2 dativ fleirtal, ǫrmum og m lum. I yngre norrønt fall á og saman, truleg i løpet av 1200-talet. Norrøn normalortografi har valt å bruke teiknet á for samanfallet av á og. Dermed blir u-omlyd av á usynleggjord, og u-omlyden kjem berre til uttrykk ved den korte vokalen: ǫrmum av armr, men málum (ikkje m lum) av mál. Til skilnad frå i-omlyden råka u-omlyden også trykklette vokalar. I trykktung stilling går a til ǫ, i trykklett stilling til u, som er den nærmaste slektningen blant dei trykklette vokalane. Dette fører til former som kǫstuðu av kasta sv.vb. kaste og gǫmul av gamall adj. gammal. Jf. regel (1) i 22.1 nedanfor. Konsekvensar av omlydane 18 Det nye vokalsystemet. Dei tre omlydane skapte mange nye vokalar. Etter gjennomføringa av omlydane reknar vi med at det trykktunge vokalsystemet såg ut som vist i fig. 2:13. Fig. 2:13 Samanfall av vokalar Men som nemnt skjedde det eit par samanfall i det norrøne vokalsystemet innan utgangen av 1200-talet, viste med piler i fig. 2:13. (1) Den låge æ (i handskriftene ofte skriven ę) fall saman med den mellomhøge e. Den nye lyden, som vi noterer som e, vart då ein ikkje-høg vokal. (2) Den lange á var opphavleg urunda, slik at hár vart uttalt om lag som har (presens av ha) i moderne norsk. Seinare vart han runda og fekk ein uttale om lag som moderne norsk å. Resultatet vart at han fall saman med, og følgjeleg vart eldre mál sg. - m l pl. til mál sg. - mál pl. Resultatet av desse samanfalla er vokalsystemet i klassisk norrønt, slik det er sett opp i fig. 2:1 ovanfor (s. 16). Det er dette vokalsystemet som ligg til grunn for normalortografien.