Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v. 2.0.1. Brukarrettleiing. Kvam herad. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36



Like dokumenter
Brukarrettleiing E-post lesar

Lingspeak Lingit AS

Bruk av OpenOffice.org 3 Writer

Brukarrettleiing. epolitiker

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Sette inn topptekst/botntekst, m.m. i Word-dokument

Bilete og figurar i Word

NB! Dersom bandet er minimert slik at berre meny-fanene viser, kan du dobbelt-klikke på aktuell fane og heile bandet.vil vise.

Store dokument i Word

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Opprydding i mapper og filer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

Kom i gang med LibreOffice. Kapittel 14 Tilpass LibreOffice

Klare mål hyppig rettleiing

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Dere klarer kanskje ikke å komme gjennom hele heftet, men gjør så godt dere kan.

Installasjonsrettleiing

GeoGebra. brukt på eksamensoppgåver i 10. kl. Sigbjørn Hals

Bruk av reiserekning i Agresso

GlitreTid versjon 6.1, endringar

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Brukerveiledning for Lingdys 3.5

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Etter å ha gjennomgått dette «kurset», bør du ha fått et innblikk i hva et regneark er, og

Brukarmanual for RefLex

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Tekstbehandling - enkel innføring. Office 2013, Mål: 1. Vite kva tekstbehandling er 2. Kunne bruke dei grunnleggjande funksjonane i MS Word

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Brukarmanual.

2009 Thomas Haugland Rudfoss. PowerPoint 2007 En rask introduksjon

Informasjonssbrev Arkivplan.no

Å laga bildeserie med Windows Movie Maker Windows 2003 xp

Sør-Aurdal kommune Internt notat. Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20,

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Landbruksregisteret Rettleiing for installasjon og bruk av dokumentmalar for endringsblankettar

Til deg som bur i fosterheim år

Kom i gang med EndNote

Kom i gang med LibreOffice. Tillegg A Snøggtastane

Elektronisk palliativ plan innføring og bruk i Acos CosDoc

Installasjonsrettleiing for antivirusprogram Avast!

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Brukarrettleiing for FolkeWeb

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

NY PÅ NETT. Enkel tekstbehandling

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Veiledning til OpenOffice. Tekstbehandling 2

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Vegvisar til vilbli.no

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

osbergetcms Brukarmanual

Verdens korteste grunnkurs i Excel (2007-versjonen)

Spørsmål og svar om GeoGebra, versjon 2.7 nynorsk

Radene har løpenummer nedover og kolonner navnes alfabetisk. Dermed får hver celle (rute) et eget "navn", eksempelvis A1, B7, D3 osv.

Informasjon og brukarrettleiing

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. FRITZ Box 7360/7390

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Nedlasting av SCRIBUS og installasjon av programmet

Sigbjørn Hals. Øving i bruk av GeoGebra på eksamensoppgåver for 10. Klasse. Eksamensoppgåve, Utdanningsdirektoratet V-2011

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

EndNote Online. Kom i gang (Windows)

Rettleiing og reglar for foto

Biletbruk på nettet 1 2

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Kapittel 12 Lage nettsider

Installasjon av SK Admin 6.11

Brukerveiledning for Lingdys 3.8

Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011

Datakurs januar-mars 2009

Office Kort oversikt over de viktigste nyhetene

FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER KOPLING AV RUTER. Fritz!Box

Excel. Kursopplegg for SKUP-skolen 2010

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Excel. Kursopplegg for SKUP-konferansen Laget av

Gå til sida Klikk Esc. Skriv inn brukarnamn og passord.

Grunnleggende. Excel

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SkanRead hjelp. SkanRead 2.0. MikroVerkstedet as

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nettbedrift nye funksjonar frå februar 2016

Bytte til PowerPoint 2010

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

Windows 7. Nedlasting av program (appar) på PC

Transkript:

Brukarrettleiing Kvam herad 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36

1 Forord Denne brukarrettleiinga tek for seg programme i OpenOffice.org 2.0.1 OpenOffice.org (heretter forkorta til OpenOffice) er ei kontorstøttepakke på linje med Microsoft Office (Word, Excel, Powerpoint m.m.) Den vart først laga av Sun Microsystems som eit gratis alternativ til mellom anna Microsoft Office. Du som er kjend med Microsoft Office vil kunne sjå at mykje av det du er vand med frå Microsoft Office er likt med det du finn i OpenOffice, men det er og nokre forskjellar. Ein av dei mest klåre forskjellane er at programmet finnast både på nynorsk og på bokmål. Denne rettleiinga er skreven fullt og heilt i OpenOffice, dette for å visa at det er mogleg å skrive heilt likeverdige dokument i OpenOffice som i Microsoft Office. Denne brukarrettleiinga vil ta for seg dei mest vanlege funksjonane i OpenOffice. Den skal kunne brukast uavhengig av om du er kjend med Microsoft Office frå før, eller ikkje. Om du ikkje har nokon erfaring med t.d. tekstbehandling eller rekneark frå før spelar ingen rolle. Du som er kjend med Microsoft Office vil no ha nye namn å forhalde deg til. Dei er som følgjer: OpenOffice.org Writer tilsvarar Microsoft Word. OpenOffice.org Calc tilsvarar Microsoft Excel. OpenOffice.org Impress tilsvarar Microsoft Powerpoint. OpenOffice.org Base tilsvarar Microsoft Access. (Vert ikkje handsama i denne brukarrettleiinga.) I tillegg vil du kunne nytta deg av OpenOffice Draw, og OpenOffice Math. OpenOffice Draw er eit godt vektorbasert teikneprogram, der det og er mogleg å gjere litt bilethandsaming. OpenOffice Math er eit program som lar deg lage matematiske uttrykk, men ikkje berekningar. Desse to programma vil ikkje verte handsama i denne brukarrettleiinga. Dei som er spesielt interesserte kan prøve å finne rettleiingar på internett, på adressa: http://no.openoffice.org/ Dersom du ønskjer å installere OpenOffice heime må du sørge for å ha kraftig nok maskin. Minimumskrava er 64 MB minne (RAM), 250 MB ledig harddisk plass, og ei skjermoppløysing på minimum 800*600 med 256 fargar. Du kan bruka OpenOffice på maskiner med Windows 95, 98, ME, NT, 2000 og XP. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 2 av 36

Du kan lasta ned programmet frå denne adressa: http://no.openoffice.org/ Programmet er relativt stort. Versjon 2.0.1, nynorsk versjon er på nesten 80 MB, dvs. at du bør ha ei breibandslinje dersom du sjølv skal prøve å lasta ned programmet. Denne rettleiinga er todelt: Det er først ein generell del, som er felles for alle progamma i OpenOffice serien, og så vert dei ulike progamma beskreven kvar for seg. I denne rettleiinga vil det av og til stå nokre hurtigtast kombinasjonar. Dvs. at du kan bruke dei tastekombinasjonane istadenfor å bruka musa. Eksempel: Når du skal lagre i Writer. CTRL + S, betyr at du skal trykkje på CTRL tasten på tasturet, halde ho nede, og så trykkje ein gong på S- tasten på tastauret. Du skal altså ikkje trykkje ned plussteiknet. Det er og viktig å merka seg at du sjølv må installera ordlistene du sjølv ønskjer å nytta. Ordlistene er ikkje under den same lisensen som OpenOffice.org, og derfor må dei installerast etter at OpenOffice er installert. Sjå kap. 2 Installera ordliste. Ein stor ulempe med OpenOffice i motsetnad til Microsoft Office er sjølvsagt at du ikkje finn alle dei same funksjonane i OpenOffice som du er vane med frå Microsoft Office. Mange funksjonar har og andre namn, eller dei er å finna på heilt andre stader enn kva du er vane med frå Microsoft Office. Kvam, 28.02.2006 Tore A. Tellevik IKT-konsulent, Kvam herad 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 3 av 36

Innhaldsliste Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v. 2.0.1 1 Forord...2 2 Generelt...5 2.1 Starta OpenOffice Programma...5 2.2 Verktøylinjer...6 2.3 Installere ordlister...6 2.4 Bytte mellom ulike språk...9 2.5 Stavekontroll...12 2.6 Lagra dokument...13 2.6.1 Lagra dokument i anna filformat, t.d. Microsoft Word...13 2.6.2 Lagra dokument i PDF format...15 2.7 Opna eit dokument...15 2.8 Endre standardplassering for kor OpenOffice hentar og lagrar dokument...16 2.9 Skriva ut eit dokument...17 3 OpenOffice.org Writer...18 3.1 Formatering av tekst...18 3.1.1 Endre skrifttype og storleik...18 3.1.2 Justere plasseringa av teksten...19 3.1.3 Klippa og lima i eit dokument...19 3.1.4 Setje inn eit bilete i dokumentet...19 3.1.5 Setje inn topptekst og botntekst...22 4 OpenOffice.org Calc...24 4.1 Introduksjon...24 4.2 Nokre smarte innstillingar...25 4.3 Skrive inn og redigere data i OpenOffice.org Calc...26 4.4 Skrive ut reknearket...31 4.4.1 Endre innstillingane for utskrift...31 4.4.2 Førehandsvising av arket...31 5 OpenOffice.org Impress...33 5.1 Introduksjon...33 5.2 Laga sjølve presentasjonen...35 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 4 av 36

2 Generelt 2.1 STARTA OPENOFFICE PROGRAMMA Du kan starta t.d. OpenOffice Writer anten ved å dobbeltklikka på ikonet på skrivebordet, eller du kan trykka på: Start Alle programmer OpenOffice og så velje kva program du ønskjer å starta, t.d. OpenOffice Writer. Dei andre programma vert starta på same måten. Du finn og OpenOffice programma på Start Alle Programmer OpenOffice.org 2.0 Når du startar OpenOffice Writer ser biletet slik ut: Du som er kjend med Microsoft Word vil sjå at utsjånaden er nesten lik som Microsoft Word. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 5 av 36

2.2 VERKTØYLINJER Akkurat som i Microsoft Word nyttar OpenOffice ikon på verktøylinjene. Dersom du held musa roleg over ikona vil du få opp ei forklaring på kva funksjon dei ulike ikona har. Dei mest nytta verktøylinjene er dei som heiter Standard og Formatering. For å vise eller slå av verktøylinjer, kan du gjere som følgjer: 1. Trykk på Vis Verktøylinjer. Her kan du velje kva verktøylinjer du ynskjer å ha med. På biletet under kan du og sjå ei oversikt over kva dei ulike ikona heiter. Denne verktøylinja er nesten lik for alle programma. 2.3 INSTALLERE ORDLISTER Før du kan kjøre stavekontroll må ordlistene installerast. Du må sørgje for at du har internett tilgang før du går gjennom dette punktet. Installere ordbøker Trykk på Fil Vegvisarar Installer nye ordbøker. 1. Du vil då få opp eit nytt dokument som ser omtrent slik ut: 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 6 av 36

2. Det er mogleg at du får opp ei åtvaring der du vert spurt om du vil aktivera/godkjenna makroar. Trykk i så fall ja. 3. Trykk med musa på Norsk nynorsk. 4. Trykk på knappen Starta DicOOo. Knappen ser slik ut: 5. Dette er ein vegvisar, som vil hjel.pa deg å installera ordbøkene. 6. Du vil då få opp eit slikt vindauge: 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 7 av 36

7. Sjå på biletet over. Pass på at du velgjer Norsk nynorsk i lista. Trykk deretter på Neste. 8. Du vil då få opp dette biletet: 9. Trykk på Hent lista. Finn Norsk nynorsk i lista, og trykk på Neste. På dei to neste bileta kan du velje om du ynskjer å ha ordbøker for orddeling, og synonymordbøker. Trykk på Neste etter kvart val. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 8 av 36

10. Til slutt vil du få opp dette biletet. Trykk på Neste på det óg. 11. Ordlista vert no lasta ned og installert på maskina automatisk. 2.4 BYTTE MELLOM ULIKE SPRÅK For at du enklast mogleg skal kunne gjennomføre stavekontroll på det ønskte språket er det nokre steg som du må gjera først. No tek me utgangspunkt i at du har installert både nynorsk og bokmål ordliste, men det er same framgangsmåte uansett, så lenge du har installert anten nynorsk eller bokmåls ordliste. Bytte språk i dokumentet 1. Trykk på Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar Skrivestøtte. Du vil då få opp følgjande bilete: 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 9 av 36

2. Trykk på Rediger knappen. 3. Vel Norsk (nynorsk) i boksen Språk. 4. Pass på at det er sett et merke i ruta foran OpenOffice.org MySpell SpellChecker. 5. Vel deretter Norsk (bokmål). 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 10 av 36

6. Likeeins, pass på at det er sett et merke i boksen foran OpenOffice.org MySpell SpellChecker. 7. Trykk på Lukk, og deretter på OK. 8. Gå inn igjen på Verktøy Innstillingar Språkinnstillingar, men no skal du velje Språk. Her kan du no velje kva språk du ynskjer å bruka. 9. Pass på at det står eit slikt merke som dette: foran språket du ynskjer å nytta. Du kan no velje kva språk du ynskjer. Når du har gjort valet ditt trykkjer du på OK. NB: Dersom du opplev at språket allikevel ikkje endrar seg, så lukk alle åpne OpenOffice program. Lukk og OpenOffice snøggstart ikonet i nedre venstre hjørne. (Høgreklikk på ikonet og vel Avslutt snøggstart. Start så om igjen OpenOffice programmet du arbeider med.) 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 11 av 36

2.5 STAVEKONTROLL For å få stavekontroll på det språket du ynskjer må du først ha gjennomført punkta i kapittel 2.3 i denne rettleiinga. Gjennomføre stavekontroll 1. Trykk på F7 tasten på tastaturet. Du vil då få opp ei slik dialogboks: 2. Etterkvart som stavekontrollen sjekkar dokumentet kan du velje om du vil gjere dei foreslåtte endringane, eller om du vil ignorere endringane. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 12 av 36

2.6 LAGRA DOKUMENT For å lagra dokument kan du trykkje på disketten med musa, eller du kan trykkje på Fil Lagra. Du kan og trykkje på CTRL + S. Dersom det er første gongen at du lagrar dokumentet vil du få opp ei dialogboks. Den vil sjå omtrent slik ut: Her vil programmet automatisk foreslå ein stad kor du kan lagra dokumentet. Hos dei fleste vil dette vera i mappa «Mine dokumenter». Du kan og sjølv velgje kva mappe du ønskjer at dokumentet skal lagrast i. Trykk Lagre når du har bestemt plassering og filnamn. 2.6.1 LAGRA DOKUMENT I ANNA FILFORMAT, T.D. MICROSOFT WORD Dersom dokumentet skal opnast av nokon som ikkje har OpenOffice, men til dømes Microsoft Word, må du lagre dokumentet i eit format som gjer at Microsoft Word forstår kva dokument det er. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 13 av 36

OpenOffice.org Writer filer ender på til dømes på.odt, medan Microsoft Word dokument endar på.doc. Sjå på biletet. I boksen Filtype kan du velje kva format du ynskjer å lagre dokumentet i. 1. Dersom dokumentet skal opnast av nokon som har Microsoft Word vel du «Microsoft Word 97/2000/XP (.doc)». 2. Trykk på Lagre. 3. Du vil då få opp dette biletet: 4. Det er ei åtvaring om at dersom du lagrar i eit anna filformat enn.odt er det ikkje sikkert at du vil få med deg all formatering som du har laga til i OpenOffice når du lagrar dokumentet over til Microsoft Word format. (Formatering: Sjå kap. 3) 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 14 av 36

5. Trykk på JA. MERK: Du vil no ha to dokument, det opphavlege dokumentet som du laga i OpenOffice, og eit dokument som du no kan opna i Microsoft Word. Du nyttar same framgangsmåten i dei andre programma i OpenOffice serien. 2.6.2 LAGRA DOKUMENT I PDF FORMAT Det er og mogleg å lagra dokument i PDF format. Det er eit filformat laga av eit firma som heiter Adobe. Dersom du prøver å opna eit PDF dokument vil dokumentet opna seg i eit program som heiter Adobe Acrobat Reader. Hensikten med å lagra dokument i PDF-format er fleirdelt. Når du opnar eit dokument i Acrobat Reader vil det ikkje vere mogleg å endre på innhaldet i dokumentet. Du kan derfor vere trygg på at det du sendar ut ikkje vert endra på. Dokument som du skal presentere for andre verkar ogmeir profesjonelle dersom du lagrar dokumentet i PDF format. Lagre dokument i PDF format 1. Trykk på ikonet som ser slik ut: 2. Du kan og trykkje på Fil Lagra som PDF. 3. Du vil då få opp ei ny dialogboks der du vert beden om å velje kor du ynskjer å lagra dokumentet, og du vert beden om å skrive inn namn på fila. 2.7 OPNA EIT DOKUMENT For å opna eit dokument må du trykkje på ikonet som ser ut som ei gul mappe. Du kan og trykka på Fil Opna. Eller du kan trykkje på CTRL+ O. Dialogboksen som du får opp då ser nesten ut som boksen du får når du skal lagre eit dokument. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 15 av 36

2.8 ENDRE STANDARDPLASSERING FOR KOR OPENOFFICE HENTAR OG LAGRAR DOKUMENT Endre standardplassering for filar 1. Trykk på Verktøy Innstillingar 2. Trykk på plussteiknet foran OpenOffice.org, slik at biletet ser ut slik: 3. Trykk på Stigar. 4. Dobbeltklikk på Mine dokument. 5. Vel mappa du vil at OpenOffice skal bruka som standardplassering. 6. Trykk på OK og OK. Neste gong du opnar eit dokument, eller du skal lagra eit nytt dokument vil OpenOffice bruke mappa som du no valte. MERK: Dei dokumenta du allereie har lagra vil ikkje flytta seg automatisk. Du må sjølv flytta dei dersom du ønskjer det. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 16 av 36

2.9 SKRIVA UT EIT DOKUMENT Du kan skrive ut dokumentet på fleire måtar. Skriva ut dokument 1. a) Trykk CTRL + P. b) Trykk på Fil Skriv ut. c) Trykk på skrivar ikonet på verktøylinja. 2. Dersom du trykkjer som vist i 1 a) eller b) vil du få opp ei dialogboks som ser omtrent slik ut (avhengig av kva skrivar du har installert.: 3. Her kan du velje at alle sidene skal skrivast ut eller berre enkelte sider. Dersom du har merkt noko tekst på førehand, kan du velje Utval. Då vil du berre få skreven ut akkurat det du har merkt. Du kan og velje tal kopiar du ynskjer skal skrivast ut. Trykk du på knappen Eigenskapar vil du (med dei fleste skrivarane) kunne velje mellom anna at du ynskjer at du skal skriva ut to sider på eit ark. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 17 av 36

3 OpenOffice.org Writer 3.1 FORMATERING AV TEKST Formatering vil seie at du endrar på utsjånaden til teksten. Det kan vere skriftstorleik, skrifttype, skriftfarge, plassering av tekst osb. 3.1.1 ENDRE SKRIFTTYPE OG STORLEIK Du kan endre på utsjånaden på skrifta både før og etter at du skreve teksta. Dersom skal endre på utsjånaden etter at du har skreve tekst, må du sørgje for å merke teksten før du gjer endringar. For å endre på utsjånaden på teksten gjer du som følgjer: På verktøylinja finn du desse knappane. Dersom du trykkjer på den vesle pila til høgre for der det står Times New Roman, vil du få opp ei liste over forskjellege skrifttypar. Kvar skrifttype har sin eigen utsjånad. Finn den du ønskjer å bruke, og trykk så på skriftnamnet. Trykkjer du på knappen til høgre for 12-talet vil du få opp ei liste over forskjellege storleikar som teikna kan ha. Vel den storleiken du ønskjer ved å trykkje på talet med musa. Ved å trykkje på dei ulike knappane B, I og U vil du få hhv. feit tekst, skråstilt tekst og understreka tekst. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 18 av 36

3.1.2 JUSTERE PLASSERINGA AV TEKSTEN Dersom du ønskjer å midtstille eller høgrestille teksten kan du gjere det. Sjå på biletet. På biletet er teksten venstrejustert. Det kan du sjå ved at det ser ut som om at det eine ikonet er trykka litt inn. Ved å trykka med musa på dei fire andre knappane vil du hhv. kunne midtstille teksten, høgrestille teksten og blokkjustere teksten. 3.1.3 KLIPPA OG LIMA I EIT DOKUMENT Dersom du t.d. ønskjer å flytte deler av ei tekst til ein annan plass i dokumentet kan du gjere det utan at du treng å slette teksten og skrive ho om att. I staden kan du klippe ho ut, og lime ho inn igjen der du ønskjer det. Du kan og kopiere delar av, eller heile teksten, og flytte på det, anten i det eksisterande dokumentet, eller du kan flytte det over i eit nytt dokument. Det første du må gjere er å merke dei delane av teksten som du ønskjer å klippe ut eller kopiere. Sjå på biletet. Dersom du trykkjer på biletet av saksa vil du klippe ut dei delane av teksten som er merkt. Teksten vil då «forsvinne». Trykkjer du på «Kopier» knappen vil du kopiere det du har merkt. Då vil ikkje teksten forsvinne. Trykkjer du på knappen «Lim inn» vil det du har klipt ut, eller det du har kopiert bli limt inn på den staden der skrivemarkøren står og blinkar. 3.1.4 SETJE INN EIT BILETE I DOKUMENTET Dersom du ønskjer det kan du setje inn eit bilete saman med teksten. Du kan nytta alle slags bilete, inkludert bilete som du har tatt med digitalt fotokamera, eller bilete som du finn på internett. Berre pass på bruken av opphavsbeskytta materiale. Sjå på ikonet til høgre her. Trykk du på knappen vil du få opp eit nytt skjermbilete øvst i 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 19 av 36

OpenOffice. Det vil sjå omtrent ut som på biletet over. Her kan du ved å bla deg gjennom dei ulike mappene kunne finne ulike bilete som du kan nytte deg av. Når du har funne deg eit bilete du ønskjer å bruka kan du klikke med høgre musetast på biletet, og velje «Set inn» og «Kopier». Du vil då få biletet inn i dokumentet. Du kan og nytta deg av alle bilete som du har liggjande på maskina, inkludert eventuelle bilete frå Microsoft Office. Søkje etter biletfiler, og setje dei inn i dokumentet 1. Trykk på knappen Nytt tema (du ser han på det forrige biletet). Du vil då få opp ei ny dialogboks. 2. Der kan du først skrive inn ei overskrift som vert nytta som mappenavn. Skriv t.d.: «Eigne bilete». 3. Så trykkjer du på arkfana kor det står: Filer. Du vil då få opp biletet under: 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 20 av 36

4. Trykk på knappen «Søk etter filer». Då vil du sjå eit bilete omtrent som dette. Her kan du velje kor du ønskjer at maskina skal leite etter biletfilar. Når du har valt kor du ønskjer at maskina skal leite trykkjer du på «OK» knappen. Når det er gjort kan du velje bilete på same måte som beskreven ovanfor. Du kan og setje inn eit bilete utan å søkje etter bileta først, men då må du vite nøyaktig kor du finn biletet. Setje inn bilete 1. Trykk på Set inn Bilete Frå fil. Du vil då få opp ei dialogboks der du må leite deg fram til det biletet du ønskjer å nytta. 2. Når du har funne biletet trykkjer du på Åpne knappen. Du vil då få inn biletet i dokumentet saman med teksten. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 21 av 36

Endre på biletet sin plassering i høve til teksten Når du set inn eit bilete vil biletet vera slik at all tekst vert flytt anten ovanfor eller nedanfor biletet, uavhengig av om biletet er stort eller lite. Det er det mogleg å endra på. 1. Høgreklikk på biletet. 2. I menyen som du får opp, vel du Tekstbryting 3. Deretter vel du eit av følgjande val: Tekstbryting på sida, Best tekstbryting, Tekstflyt eller I bakgrunnen. Prøv deg fram. Etterpå kan du ta tak i biletet med musa, og flytte biletet dit du vil ha det. 3.1.5 SETJE INN TOPPTEKST OG BOTNTEKST For å vise topp- og botntekst i OpenOffice Writer må du først slå på visinga av topp- og botntekst. Slå på visinga av topp- og botntekst 1. Trykk på Format Side. Du vil då få opp ei dialogboks. 2. For å vise topptekst må du trykkje på arkfana som heiter topptekst, og så setje på ei hake i boksen «Vis topptekst». 3. For å vise botntekst må du trykkje på arkfana som heiter Botntekst og gjere likeeins der. Ved å trykkje på knappen «Meir» vil du kunne bestemme mellom anna farge på topp- og botnteksten. Felta for topp og botntekst vert vist i grå rammer øvst og nedst på kvart einskilde ark. 4. Trykk OK når du er ferdig. 5. Dernest må du fylle inn det du ynskjer i topp- og/eller botnteksten. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 22 av 36

Skrive inn topp- og botntekst 1. Set skrivemerket i topp- eller botntekst linja. (Øvst eller nedst på arket.) 2. Fyll ut med det du ynskjer. Dersom du skriv tekst direkte inn vil det vere faste data. Det er og mogleg å setje inn feltmerke. Feltmerke vil oppdatere seg automatisk etterkvart som dokumentet endrar seg. T.d. kan du setje inn feltmerke for sidetal. Setje inn eit feltmerke 1. Plasser skrivemerket (i topp- eller botntekst linja) der du ynskjer at feltet skal plasserast inn. 2. Trykk på Set inn Felt. Du vil då få opp ei meny som ser slik ut: 3. Her kan du velje både sidetal, og tal på sider. Sidetal er då den sida du er på, t.d. side 3, medan Tal på sider er det totale tal sider i dokumentet, t.d. 15, det vil då sjå omtrent slik ut: 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 23 av 36

4 OpenOffice.org Calc 4.1 INTRODUKSJON Dei som er vane med Microsoft Excel vil sjå at OpenOffice.org Calc ser omtrent heilt likt ut som Excel. Reknearket er delt opp i celler, rader og kolonnar. (Rader er vassrette, kolonnar loddrette.) Det som er markert som referansepunkt i teikninga under, er og rad og kolonne overskrift. Dersom du ser nedst på biletet i OpenOffice Calc vil du sjå at det ser slik ut: Calc er laga slik at det ikkje består av eit stort dokument, men av fleire ark. Data frå eit ark (og ei anna fil) kan visast i kva som helst anna ark (eller fil). 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 24 av 36

4.2 NOKRE SMARTE INNSTILLINGAR Det er nokon innstillingar som det kan lønne seg å endre på før du byrjar å bruka OpenOffice Calc. Det er: Vise data frå formlar med anna farge enn data som du sjølv skriv inn. Å berre skrive ut valte ark. Vise data frå formlar med anna farge 1. Trykk på Verktøy Innstillingar 2. Trykk på plussteiknet foran OpenOffice.org Calc 3. Trykk på Vis. 4. Du vil då få opp denne dialogboksen. 5. Set hake på Verdimerking. 6. Trykk OK. No vil data som du sjølv tastar inn få ei blå farge, medan data som er resultat av berekningar vil verte grøne. Berre skrive ut valte ark For å berre skrive ut dei arka som du merkar gjer du følgjande: 1. Trykk på Verktøy Innstillingar. 2. Trykk på plussteiknet foran OpenOffice.org Calc. 3. Trykk på Skriv ut. 4. Set hake på Berre skriv ut valde ark. 5. Trykk OK. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 25 av 36

4.3 SKRIVE INN OG REDIGERE DATA I OPENOFFICE.ORG CALC For å skrive inn data i reknearket trykkjer du på cella med musa, eller brukar piltastane på tastaturet og flytter markøren dit du ynskjer å skrive inn data. Du kan velje kva celle du ynskjer. Ei celle kan innehalde ulike typar dataformat. Det kan vere dato, tekst, tal eller tid. Standard innstilling er tal. Dersom du likevel vel å skrive inn tekst (altså bokstavar) i staden for tal, kan du og gjere det. Du treng ikkje endre dataformatet til tekst. Legg merke til at tal vert justert til høgre i cella, medan tekst vert justert til venstre. Dersom du skriv inn både tekst og tal i den same cella vert det oppfatta som tekst, og innhaldet vil verte justert til venstre i cella. Du kan og velje kva dataformat du ynskjer at cella, eller fleire celler skal ha. Markere celler og heile rader/kolonnar 1. Bruk musa, og hald venstre musetast nede medan du dreg over dei cellene du ynskjer å markere. Du kan og trykkje direkte på rad eller kolonne overskrifta. 2. Dersom du ynskjer å markere t.d. kolonne A og kolonne C, kan du halde nede CTRL-tasten og så trykkje på A og C kolonnen. Då vil kolonne A og kolonne C verte merkte, medan kolonne B ikkje vert merkt. Endre dataformatet på cellene 1. Markér dei cellene du ynskjer å endre dataformatet på. 2. Trykk på Format Celler. 3. Du får då opp denne dialogboksen: 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 26 av 36

4. Under Kategori vel du kva type dataformat cella eller cellene skal ha. 5. Trykk OK. Endre på deler av celleinnhaldet 1. Trykk på cella som du ynskjer å endre innhaldet i. 2. Dobbeltklikk med musa i cella. Cella vil da verte opna for redigering. Du kan og velje å trykke på F2 tasten på tastaturet. 3. Når du er ferdig med å redigere cella trykkjer du på Enter tasten på tastaturet, eller trykkjer med musa utanfor cella ein plass. Flytte celleinnhaldet Du kan velje å flytte enkelt celler med heile innhaldet, eller heile område av celler. Dersom du brukar data frå dei flytta cellene i utrekningar, vil dei aktuelle formlane sjølv oppdatere seg automatisk. Det er litt forskjelleg prosedyre for korleis du flyttar ei celle, eller om du skal flytte meir enn ei celle. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 27 av 36

Dersom du ynskjer å flytte ei celle: 1. Marker cella du ynskjer å flytte. 2. Trykk på venstre muse knapp og hald den nede. 3. Dra muse knappen over til nabocellen, og flytt ho så tilbake til den opprinnelege cella. 4. Slipp muse knappen. 5. Trykk ned venstre muse knapp igjen og hald ho nede. 6. No kan du dra cella dit du sjølv ønskjer. 7. Slipp muse knappen. Dersom du ynskjer å flytte fleire celler: 1. Marker dei cellene du ynskjer å flytte medan du held nede venstre muse knapp. 2. Slipp muse knappen. 3. Trykk ned venstre muse knapp 4. Dra cellene dit du ynskjer. 5. Slipp muse knappen. Bruke autofyll Autofyll kan brukast til å fylle ut nabocellene med eit innhald, basert på kva du har skreve inn i ei bestemt celle. Til dømes kan du skrive inn Måndag i ei celle, og så bruke autofyll for å fylle inn resten av vekedagane. 1. Trykk på ei celle med innhald. 2. Sjå på biletet. I nedre høgre kant ser du ei svart firkant. Hald musa over den. Då vil muse markøren endra seg til eit tynt lite plussteikn. 3. Trykk ned venstre muse knapp, og hald ho nede. 4. Dra i den retninga du ynskjer å fylle ut serien. Slipp muse knappen når du har fylt ho ut så langt som du ynskjer. Du kan og gjere det same med tal. Skriv du inn to tal, markerer begge cellene, og brukar autofyll, vil det verte laga ei serie basert på dei to tala du skreiv inn. Skriv du til dømes 5 og 10 inn i to celler 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 28 av 36

og brukar autofyll, vil serien vidare verte 15, 20, 25 osb. Endre cellestorleiken slik at ho passar til celleinnhaldet Du kan oppleve at dersom du skrive inn tekst, vil teksten strekkje seg over fleire celler. Her i dette dømet er teksten skreve inn i celle A1. Du kan no bruke musa og tilpasse kolonne A slik at ho passar akkurat til innhaldet. 1. Plassér musa peikaren slik at ho vert plassert akkurat mellom kolonne A og B. Pila vil då endre form til ei dobbeltpil som peiker både mot høgre og venstre. 2. Dobbeltklikk med venstre muse knapp. 3. Då vil breidda på kolonne A verte justert slik at den passar akkurat til den teksten som tar mest plass i heile kolonna. Bruka formlar Dersom du skal utføre berekningar er det ei fordel å nytta formlar framfor å rekne ut manuelt. Formlar hentar verdiane dei skal nytte i utrekninga automatisk frå andre celler. Dersom innhaldet i referansecellene endrar seg, vil og svaret i utrekninga endre seg. På den måten kan du vere trygg på at mest mogleg skjer automatisk. Formlar byrjar alltid med eit = teikn, følgt av ei bestemt funksjon, til dømes SUMMER, parantes, cellereferansar, og til slutt ei avsluttande parantes. På teikninga kan du sjå at innhaldet i celle A3 er ei formel. Formelen summerer innhaldet i celle A1 og A2. Dersom innhaldet i ei eller begge av cellene vert endra vil og svaret i celle A3 verte endra. Merk deg at innhaldet i celle A1 og celle A2 og kan verte henta frå andre celler, gjerne i andre ark eller andre OpenOffice Calc filer. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 29 av 36

Topp- og botntekst Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v. 2.0.1 Det er mogleg å vise topp- og botntekst i Calc omtrent på same måte som i Writer. 1. Trykk på Format Side. Du får då opp dette biletet: 2. Trykk på Topptekst eller Botntekst. Her er det Topptekst som er valt. Det er same framgangsmåten for Botntekst. 3. Trykk på Rediger. Du vil då få opp dette biletet: 4. Skriv inn det som du ynskjer i toppteksten (evt. botnteksten.) 5. Her kan du og endre på utsjånaden til teksten. 6. Trykk OK når du er ferdig. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 30 av 36

4.4 SKRIVE UT REKNEARKET Før du skriv ut arket er det nokre innstillingar du kan endre på. 4.4.1 ENDRE INNSTILLINGANE FOR UTSKRIFT Utskriftskontroll via Format Side Ark 1. Trykk på Format Side. 2. Trykk på Ark. Du får då opp dette biletet: 3. Her kan du bestemme korleis du ynskjer at utskrifta skal sjå ut. 4. Når du er ferdig trykk du på OK. 4.4.2 FØREHANDSVISING AV ARKET I motsetnad til OpenOffice.org Writer vil du ikkje sjå like enkelt kor sideskifta går. Når du jobbar i Calc kan arka gå langt, både til sida og nedover. Det kan derfor vere lurt å sjekke kor sideskifta går før du skriv ut arket. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 31 av 36

1. Trykk på Vis Førehandsvising av sideskift. 2. Utsjånaden til arket vil då endre seg. Det som då visast er dei cellene som vert skrivne ut. 3. Sjå på biletet over. Ved å plassere muse markøren på den tjukke linja til mellom Side 1 og Side 2 vil du kunne flytte på kor sideskiftet skal gå. 4. Når du er ferdig med å redigere sideskifta kan du gå tilbake til normal sidevising ved å trykkje på Vis Normal. Skrive ut arket 1. Trykk på skrivar ikonet, eller på Fil Skriv ut. 2. Dersom du trykk på skrivar ikonet vil arket sendast til utskrift umiddelbart. 3. Dersom du trykkjer på Fil Skriv ut, vil du få opp ei dialogboks som der du kan velje kor mange kopiar du vil skriva ut, og om du ynskjer å skrive ut alle sidene, eller berre enkelte sidar. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 32 av 36

5 OpenOffice.org Impress 5.1 INTRODUKSJON OpenOffice.org Impress er eit program som kan nyttast til å lage presentasjonar, på same måte som Microsoft Powerpoint vert nytta. Presentasjonane kan innehalde både tekst, bilete og diagram. Når du opnar OpenOffice.org Impress vil du få opp denne dialogboksen: Her kan du velje om du vil lage ein presentasjon ut frå ein tom presentasjon, eller om du ynskjer å lage ein presentasjon basert på ei mal. Du kan og velje å opna ein eksisterande presentasjon som allereie er ferdiglaga. 1. Me går ut frå at du vel Tom presentasjon. Trykk på Neste. 2. I biletet du får opp no må du velje kva bakgrunn du ynskjer. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 33 av 36

Du må og velje kva medium du skal vise presentasjonen på. Trykk på valet ditt, og deretter på Neste. 3. I den neste dialogboksen kan du velje kva overgang du ynskjer å ha mellom kvar side, og kor stor fart du ynskjer at overgangen skal visast med. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 34 av 36

Her kan du og bestemme deg for om du ynskjer at kvart bilete skal visast i t.d. 10 sekund. 4. Når du har gjort ditt val trykkjer du på Lag. 5.2 LAGA SJØLVE PRESENTASJONEN Velje utsjånad på presentasjonen Du kan sjølv velje kva utsjånad du ynskjer skal brukast på presentasjonen. 1. I høgre side vil du få opp eit bilete som ser ut som det til høgre her. 2. Trykk på det arket som har den utsjånaden du ynskjer å bruka på presentasjonen. Den utsjånaden du har valt kjem inn inn det store biletet midt på skjermen. 3. Trykk på arket og skriv inn det du ynskjer, både i overskrifta, og på underpunkta. 4. Dersom du ynskjer å få fleire ark inn i presentasjonen, kan du trykkje på knappen som heiter Lysbilete. 5. Då vil du få inn eit nytt bilete. Det kan du redigere på same måten som beskreven ovanfor. Endre på rekkefølgja på arka 1. I venstre side kan du sjå arka. Du kan trykkje på kva som helst av arka, halde nede venstre muse knapp, og dra arket dit du ynskjer det. 2. Du kan og trykkje på Lysbiletsortering. 3. Då vil då og få opp ei større oversikt over alle arka som er i presentasjonen. Du kan då flytte på arka som beskreven i punkt 1. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 35 av 36

Visa ei lysbiletframvising Noko av poenget med Impress er at ein skal kunne laga presentasjonar og visa dei på til dømes ei video framvisar/videokanon. 1. For å starte lysbiletframvisinga kan du trykkje på knappen som heiter Lysbiletframvising. 2. Du kan og trykkje på menyvalet som heiter Lysbiletframvising, og deretter på eit nytt val som óg heiter Lysbiletframvising. Du kan óg trykkje på F5 tasten på tastaturet. 3. For å bla fram og tilbake mellom arka når du viser framvisinga, kan du trykkje på piltastane, bruka muse knappane, Enter-tasten eller mellomromtasten. 2006 - Tore A. Tellevik, Kvam herad 36 av 36