SIVA Innovasjonsstruktur Sogn og Fjordane

Like dokumenter
Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Vi hoppa i det korleis har vi jobba i programmet, og kva har vi oppnådd?

INTERNASJONAL STRATEGI

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Saman for framtida (Ref # )

Prosjektbeskriving: Utviklingsprosjekt inkubator Fram Flora AS. Vår 2016

Innovasjonsmetoden vår

Søknadsnr Søknadsår 2017 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2017

Saman for framtida (Ref # )

@siva_sf. Hvordan kan regionene dra nytte av SIVA for å fremme omstilling og innovasjon? Oddrun Englund, seniorrådgiver Innovasjon

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Trygg og framtidsretta

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Programmet for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

SIVA nasjonal aktør med regionalt fokus

Handlingsplan For Gulen og Masfjorden Næringshage AS og Nordhordland Næringshage AS

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

Målbedrift i Ryfylke Næringshage AS

Ungdomstrinnsatsinga

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Skaparkraft og partnarskap i samspel

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Kontrollutvalet. Målet i dag

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Statusrapport per 31. desember 2013 Handlingsplan 2014 for prosjekt Kommunal næringsutvikling

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Strategi Forord

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Nytt frå Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til å gjere slikt vedtak:

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Mål: Vi skal utvikle eksisterande næringsliv, samt utvikle ny næring med fokus på det «grøne skiftet».

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

Torun Bakken Ingvill Flo Johannes Skaar

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Informasjonsmøte om programmets utlysning 2017

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane Sjømatnæringane

Hvem er med for å jobbe får å nå målet om vekst?

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

EnergiKompe- tansesenteret

Forum Reiseliv arrangerast om lag 6 gongar i året. Synest du dette er

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Frivilligpolitisk plattform

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Inkubasjon i Hordaland -fra idétil vekst

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

REGIONALAVDELINGA Næringsseksjonen - REG AVD

Kompetansemekling i privat og off sektor

Hallingdal Næringshage (HNH) samlende og i front for Næringslivet i Hallingdal.

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Nye strukturar og vegen vidare

Næringsforum 14.april 2015 Plantema nyskaping.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

SAMHANDLING. LUK = Lokal samfunnsutvikling i kommunane. 10 gode råd for

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Bilag 1 Oppdragsgjevar sin spesifikasjon av tenesteytinga

Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025

Resultater ,5. Sørlandets Innovasjonsselskap. SIVAinkubator. FORNYaktør. Regionsutvikler. Over. Millioner kroner. akkumulert.

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

Transkript:

SIVA Innovasjonsstruktur Sogn og Fjordane Sogndal 20.02.2017

Innhald Innhald... 2 1. Samandrag... 3 2. Bakgrunn... 4 3. Mandat... 5 4. Målsetjingar... 5 5. Organisering... 5 6. Dagens situasjon... 6 7. Potensial for samarbeid... 10 8. Alternativ organisering og rolledeling... 11 9. Anbefaling av framtidig modell... 13 10. Vegen vidare pilotprosjekt... 15 2

1. Samandrag Denne rapporten er laga på oppdrag frå SIVA som har gitt mandat til prosjektet. Bakgrunnen for rapporten er at det over tid har vore dialog mellom SIVA og Kunnskapsparken om ein saman skal gjere grep for å få til ein meir hensiktsmessig innovasjonsstruktur i Sogn og Fjordane. Kunnskapsparken blei utfordra til å ta ei koordinerande rolle i nyskapings- og innovasjonsarbeidet i Sogn og Fjordane. SIVA er i dag eigar i fleire innovasjonsselskap i fylket, der desse kvar for seg er operatør for innovasjonsprogram i form av næringshageprogram eller inkubatorprogram. Fleire av selskapa har berre ein tilsett som er dedikert til programaktivitet. Det er derfor fare for at aktørane kvar for seg vert små og sårbare. I tillegg uttrykker fleire av aktørane potensiale for å oppnå stordriftsfordelar og betre tenester ved å organisere programaktiviteten på ein meir hensiktsmessig måte. Aktørane uttrykker gjennom intervju stor vilje og ønskje om å samhandle tettare framover for å kunne lære av kvarandre, koordinere aktivitetar og få meir ut av programmidlane. Prosessen har vist at det er liten kunnskap om kvarandre sine aktivitetar og tenester. Ei større integrering vil kunne gi synergiar og betre utnytting av ressursane framover. Prosjektet har jobba med ulike scenario for organisering innanfor programma. Det er anbefalt frå prosjektet at ein går for scenario 3 som inneber at ein går frå 3 til 1 programoperatør for næringshageprogrammet. Det er eit ønskje frå næringshagane at Kunnskapsparken tek programansvaret og at ein opprettar driftsavtalar med dagens innovasjonsselskap som har operatørskapet i dag. Dette vil styrke miljøa og gjere dei meir integrerte. Det er gitte føresetnader som må på plass knytt til SIVA sine økonomiske rammer. Forpliktande partnarskapsavtalar må inngåast som regulerer samarbeidet, og som sikrar dagens selskap og vidarefører lokalt engasjement. Det er ei anbefaling frå prosjektet om at ein definerer overgang i næringshageprogrammet som pilotprosjekt i 3 år for å teste organisering, og kunne gå attende til dagens organisering dersom ein ikkje lukkast. Dette er viktig for å sikre lokal forankring i dagens selskap. Prosjektet anbefala og å jobbe for etablering av næringshageprogrammet i Sunnfjord som ikkje har eit tilbod i dag. 3

2. Bakgrunn Det har over tid vore dialog mellom SIVA og Kunnskapsparken om man saman skal gjere grep for å få til en meir hensiktsmessig innovasjonsstruktur i Sogn og Fjordane. I oktober 2014 arrangerte SIVA dialogmøte rundt temaet «vidareutvikling av innovasjonsstrukturen i Sogn og Fjordane». I møtet blei miljøa utfordra på å komme med forslag til forenkling av strukturer og koordinering av SIVA sine innovasjonsaktivitetar i fylket (jf. Innspel frå dåverande Innovasjonsdirektør i SIVA, Ola Borten Moe). Kunnskapsparken blei i etterkant av møtet utfordra til å ta ei koordinerande rolle i nyskapings- og innovasjonsarbeidet i Sogn og Fjordane. Dette er ei rolle og eit ansvar Kunnskapsparken ønskjer å ta, jamfør vår formålsparagraf. Næringshagemiljøa i Sogn og Fjordane støtter Kunnskapsparken som en naturlig koordinator i arbeidet med innovasjonsstrukturen. Kunnskapsparken har vore delaktiv i etableringa av fleire innovasjonsmiljø (Fram Flora, Stryn Næringshage, Inkubator Vest i Stryn, Sogn Næring, Gulen og Masfjorden Næringshage og Sognefjorden Næringshage, TecHub Stryn, Kaupus m.fl.) og ønskjer no også å bidra til å bygge opp ein endå sterkare og samstemt innovasjonsstruktur i fylket. Kunnskapsparken sine vedtekter 3 stadfester at Kunnskapsparken gjennom dei nasjonale SIVA programma skal fungere som et nav i det lokale nettverket i fylket. SIVA er i dag eigar i fleire innovasjonsselskap i fylket, der desse kvar for seg er operatør for innovasjonsprogram i form av næringshageprogram eller inkubatorprogram. Desse er; Gulen og Masfjorden Næringshage AS: næringshageprogram Nordfjordeid Næringshage AS: næringshageprogram, saman med Stryn Sognefjorden Næringshage AS: næringshageprogram Stryn Næringshage AS: næringshageprogram, saman med Nordfjordeid Fram Flora AS: inkubator Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS: inkubator Fleire av selskapa har berre ein tilsett som er dedikert til programaktivitet. Det er derfor fare for at aktørane kvar for seg vert små og sårbare. I tillegg uttrykker fleire av aktørane potensiale for å oppnå stordriftsfordelar og betre tenester ved å organisere programaktiviteten på ein meir hensiktsmessig måte. Kunnskapsparken tok derfor initiativ til å etablere eit prosjekt med eit tydeleg mandat, som skal sjå på moglegheitene for å organisere innovasjonsstrukturen (herunder SIVA sine innovasjonsprogramsatsingar) på ein betre og meir effektiv måte. 4

3. Mandat Prosjektet har fått eit mandat frå SIVA knytt til prosjektet: Utgangspunktet for arbeidet er utvikling og vekst i eksisterande og nye bedrifter. Prosjektet skal kartlegge, utarbeide og tilrå modell for effektivisering og styrking av SIVAs innovasjonsstruktur i Sogn og Fjordane, bl.a: Kartlegge dagens innovasjonsstruktur og tenestetilbod i fylket Kartlegge aktørane sin vilje/ønskje til samhandling Kartlegge potensiale og styrke samarbeid på tvers av fylkesgrenser Vurdere ei framtidig organisering av strukturen som på ein god måte kan forsterke ulike verkemiddel/program Vurdere organisering/samarbeid om programvirksomheit mellom innovasjonsselskapa (f.eks. økt aktivitet, spissa satsing, effektivisere administrasjon, auka kompetanse m.m.) Vurdere rolledeling mellom inkubator, næringshage og kommunal førstelinjeteneste Vurdere kompetansebehov i strukturen som er nødvendig for vidare næringsutvikling i regionen, herunder nettverk og samarbeidsformer Anbefale framtidig organisering og samarbeidsformer i strukturen 4. Målsetjingar Målet med prosjektet er å styrke organisering av innovasjonsstrukturen i Sogn og Fjordane, og samkøyre verktøy for innovasjon og verdiskaping. Med prosjektet ønskjer ein mellom anna å sjå på moglegheitene for å oppnå; Økt verdiskaping og vekst i Sogn og Fjordane Meir effektiv drift og administrasjon Betre ressursutnytting Meir effektiv målstyring og kvalitetssikring Tydeligare strategiske satsingsområde Eit breiare og samla tenestetilbod Et større nettverk lokalt og regionalt Sikre kontinuitet i miljøa og gjere dei mindre sårbare 5. Organisering Prosjektet sin oppdragsgivar er SIVA. Det er Kunnskapsparken v/styret som er prosjekteigar og har leiaren for styringsgruppa. Prosjektleiaransvaret er lagt til Kunnskapsparken, som fungerer som sekretariat for styringsgruppa og har den administrative leiinga for prosjektgruppa. Prosjektet er organisert slik: 5

Figur. Organisering prosjekt 6. Dagens situasjon Kartlegging av dagens situasjon er gjennomført ved innsamling av data frå eksterne kjelder, intervju med deltakarane i prosjektet, diskusjon i prosjektgruppa, intervju med eksterne aktørar i innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane, intervju med SIVA aktørar i andre fylker. a. Aktørane Programoperatør Lokalisering Geografisk område Tal tilsette Tal målbedr. Regiongruppe Tilskuddgruppe Sognefjorden NH Aurland Sogn 1 21 3 3 Gulen og Masfj. NH Gulen Gulen (Hafs) 1 20 4 3 NH i Nordfjord Stryn og Eid Nordfjord 1,3 33 3 1 Fram Flora Florø Sogn og Fj. 1,5 (4) 25 4 Kunnskapsparken SF Stryn, Førde og Sogndal Sogn og Fj. 3,5 (6) 14/18 3 For inkubatorane er tal målbedrifter delt opp i preinkubasjon/inkubasjon 6

b. Inkubator- og Næringshageprogram Fakta: Inkubatorprogrammet Inkubasjonsprogrammet skal utvikle framtidas næringsliv gjennom å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye bedrifter, og gi ny vekst i etablert næringsliv. Ein inkubator er eit innovasjonsselskap som skal bidra til utvikling og etablering av nye vekstbedrifter og skape vekst i etablert næringsliv. Inkubatoren tilbyr eit fagleg og sosialt miljø kor gründer, bedrifter, akademia, FoU-miljø, investorar og andre vert kopla saman. Inkubatorane skal gi gründerar forretningsrådgiving og hjelpe dei frå idé til marknad. Det vert også tilbydd rådgiving til etablert næringsliv for å skape vekst og bidra til knoppskyting. I utviklingsprosessen bidrar inkubatoren med kompetanse innan forretningsutvikling, kommersialisering og mentorering. Bedriftene får tilgang til relevante nettverk, finansiering og eit sterkt utviklingsmiljø med prestasjons- og delingskultur. Tenestene vert gitt i ein tidsavgrensa periode med tett oppfølging frå inkubatoren og eit profesjonelt forretningsnettverk. Fakta: Næringshageprogrammet Ein næringshage samlokaliserer utviklingsorienterte bedrifter for a fremme vekst, samarbeid og utvikling. I næringshagen fa r bedriftene tilgang til kompetanse, nettverk og eit faglig og sosialt fellesskap. Næringshagane skapar verdi for bedriftene, lokalsamfunnet og det regionale næringslivet. Siva er programoperatør og bidrar med kapital, kompetanse og nettverk til næringshagane innanfor programmet. Næringshageprogrammet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkeskommunane. Felles for begge programma er auka nasjonal verdiskaping. 7

c. SWOT Som en del av kartleggingsprosessen er det gjennomført ein SWOT analyse ved samtale med kvar aktør og i diskusjon i prosjektgruppa, her er hovudpunkta: Styrker: Lokalt eigarskap/«lokal råderett» Lokal og regional kunnskap/kjennskap om næringsliv/samfunn/enkeltbedrifter Relativt fleksible organisasjonar med korte avgjerdslinjer Nettverk kompetanse/kapital/øvrig virkemiddelapparat Lågterskel tilbod Intern kompetanse (forretningsutvikling) Svakheiter: Underfinansierte ift. forventningar (låg EK, likviditet) Mange «hattar» hjå aktørane i styret/eigarar Fragmenterte og små miljø - Sårbare på bemanning, avgrensa kapasitet, Lite samarbeid - dårleg samordning der alle sit og gjer same jobben kvar for seg Utydelige i profilering kven er vi/kva rolle har vi/kva kan vi hjelpe med Kommunikasjon innad mellom heile verkemiddel apparatet i fylket overlapping og intern konkurranse SIVA blir oppfatta utydeleg som eigarar og programansvarlege Muligheiter: Betre ressursutnytting deling av kompetanse, økosystem, finansiering - som kjem målbedriftene til gode Samarbeidsprosjekt fleire samkøyrde aktivitetar Betre profilering og tydelegheit av totaltilbodet til gründerar og bedrifter frå «SIVA-familien» Klynge- og klyngenettverkssatsing gjer oss meir relevante Truslar: Lokal /regional finansiering Mange aktørar med ulike rollar uklare grenser SIVA sin strategi krav/ Manglande samarbeid blant SIVA aktørane - ikkje forankra godt nok hos eigarane av selskapa, redd for å dele «tellekantar» 8

d. Dagens innovasjonssystem i Sogn og Fjordane Prosjektet har kartlagt dagens innovasjonssystem for å forstå Inkubatorane og Næringshagane si rolle i det totale innovasjonssystemet. Aktørane ein finn i innovasjonssystemet er: - 1. linje teneste kommunale næringsselskap/næringssjefar og Innovasjon Norge som er første møtepunkt for gründerar og bedrifter som søker hjelp. Dette er eit system der Sogn og Fjordane Fylkeskommune forsøker å koordinere og gi støtte til. Dette vert gjort gjennom fellessamlingar i fylket og gjennom nettsida www.driftig.no. Denne skal gi informasjon om kontaktpunkt i kvar kommune og den viser også nettverk i fylket der inkubatorane og næringshagane er en del av dette. Det er veldig ulikt nivå og kvalitet på dei kommunale næringsorganisasjonane. Enkelte av SIVA aktørane handterer også 1. linjeteneste for enkelte kommunar. - 2. linje teneste inkubatorane, næringshagane og Innovasjon Norge skal fungere som støtte for 1. linjetenesta, og støtte gründerar og bedrifter i utviklingsfasar. Som det går fram av SWOT analysen er næringshagane og inkubatorane lite kjent utover dei bedriftene som er direkte involvert med aktørane. Det er og liten kjennskap blant ein del av 1. linje-tenesta til kva dei kan tilby av tenester og støtte bedrifter på. Dette kjem som følge av at SIVA aktørane ikkje har en tydelig rolle som er godt kommunisert ut. Det kan sjå ut som at det er delvis overlappande og konkurrerande aktivitetar mellom 1. og 2. linjetenesta i fylket. I tillegg til dette eksisterer det aktørar som operer i innovasjonssystemet og skaper aktivitet og moglegheiter mellom bedriftene. Eit eksempel på dette er ulike nettverk/møteplassar som for eksempel Maritim Forening. Desse jobbar med å samle bedrifter rundt spesifikke tema og skape forretningsmoglegheiter. Andre eksempel vil være ulike næringsklynger som er under etablering som for eksempel TechHub i Stryn, Teknologi Campus i Førde og Fosshaugane Campus/Kaupus i Sogndal. Disse næringsklyngene ønsker å samle bedrifter og skape et innovasjonssystem lokalt. SIVA aktørane er aktivt med og støtter opp under disse næringsklyngene. Det har vore ein positiv utvikling i tydelegheit i innovasjonsstrukturen i fylket, men det er framleis ein utfordring å få satt SIVA aktørane sin rolle tydeleg inn i dette. Dette fordrar at ein er tydelig i kommunikasjonen på kva ein kan tilby og kva rolle ein ønskjer å spela. Dette må nå ut til 1. linjetenesta og næringslivet i fylket. 9

e. Samarbeid på tvers av fylkesgrenser Prosjektet har kartlagt dagens samarbeid og potensial for samarbeid på tvers av fylkesgrenser. Det eksisterer følgjande samarbeid på tvers: - Gulen og Masfjorden Næringshage har eit tett samarbeid med næringshagen i Nord Hordaland. Det er her faste informasjonsutvekslingsmøter kvar månad. Næringshagen er også aktiv deltakar i «INU nett» som er et nettverk mellom SIVA aktørane i Hordaland. Dette er ein møteplass der ein deler erfaring og informasjon i tillegg til å reise på studieturar. Denne møteplassen har eit fast sekretariat. - Sognefjorden Næringshage har eit samarbeid mot Næringshagen på Voss på deling av informasjon og prosjekt. - Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har eit formalisert samarbeid med BTO i Bergen der ein kjøper kompetanse. Kunnskapsparken har avtale om å være BTO sin partnar i Sogn og Fjordane. Likeins har KPSF eit formalisert samarbeid med Connect Vest t.d. innan gjennomføring av Springbrett og Business Angel Network (BAN). Det har vore eit uttrykt ønskje i prosjektet om å etablera ein møteplass i fylket på linje med «INU nett» i Hordaland. Det er også eit ønske om å kunne få til felles samlingar med «INU nett» for utveksling på tvers av fylka. f. Vilje til samhandling Aktørane uttrykker gjennom intervju stor vilje og ønskje om å samhandle tettare framover for å kunne lære av kvarandre, koordinere aktivitetar og få meir ut av programmidlane. Prosessen har vist at det er liten kunnskap om kvarandre sine aktivitetar og tenester. Ein større integrering vil kunne gi synergiar og betre utnytting av ressursane framover. 7. Potensial for samarbeid a. 9 punktliste for auka samarbeid Inkubatorane har i eit tidligare prosjekt jobba med å utvikle ein oversikt over kva område ein bør samarbeide tettare på. Disse punkta har vi tatt inn i dette prosjektet for trekke næringshagane med i samarbeidet. Dei aktuelle punkta som ein ønskjer å jobbe vidare med i realisering er: - Koordinert tenestetilbod - Felles kommunikasjonsplan - Koordinert bruk av fysisk infrastruktur (kontor, møterom, nettverksarena, virtuelle møteplassar, testfasilitetar) - 10

- Koordinert idèfangst - Felles prosessar og verktøy/malar for forretningsutvikling - Felles kompetansebase til beste for bedriftene - Koordinert kompetanseutvikling mellom programbedriftene - Fast informasjonsutveksling status målbedrifter, kompetansetilførsel, nettverk, aktivitetar og kapital/finansiering - Felles økosystem for programbedriftene Prosjektet har diskutert dei ulike punkta og kva dette betyr i praksis og kva konsekvensar dette vil medføre. Inkubatorane jobbar vidare med desse punkta og det er viktig at næringshagane blir dregne med i denne prosessen. Alle aktørane uttrykker sterkt ønske om å få til eit tettare samarbeid på disse punkta, og vil ta dei med inn i ein realiseringsprosess. 8. Alternativ organisering og rolledeling Det har i prosjektet vorte diskutert ulike former for organisering og rolledeling mellom aktørane. Dette frå uformell organisering med informasjonsdeling til formell organisering med selskapsfusjonar. Det ein er einige om, og som ein ønskjer å få til framover er: a. Møteplass «SIVA Forum SFJ» Det er ønskje å etablere ein fast møteplass mellom SIVA aktørane der ein kan jobbe vidare med 9. punktlista, felles aktivitetar og der ein kan dele kunnskap og informasjon. Denne møteplassen må ha eit fast sekretariat som sikrar at det er aktivitet, og at ein driv utviklingsarbeid. Det må forplikte å delta, og at alle aktørane må være med på finansiering (kontingent) av sekretariatet. Vidare er det eit ønskje å få denne møteplassen i gang så raskt som mogleg med 2-3 møter i halvåret. Kunnskapsparken er peika på som sekretariat i ein startfase. Dette kan gå på omgang framover. Denne møteplassen vil kunne trekke inn andre aktørar/kompetanse på spesielle tema/møte for å kunne drøfte tema som har felles interesse. Det må være eit mål at 9 punktlista fungerer som eit grunnlag for agendaen. b. Partnarskapsavtalar For å formalisere møteplassen er det ønskje om å inngå partnarskapsavtalar mellom aktørane som regulerer deler av samarbeidet, og gjer det meir forpliktande. Innholdet i partnarskapsavtalene vil være: Formål med avtale Bakgrunn for avtale Varigheit Forankring Samarbeidsområde Forpliktingar 11

Gjennomføring Organisering Profilering Generell avtale administrasjon c. Programoperatør/koordinator Det er i dag 2 programoperatørar på inkubatorprogrammet og 3 programoperatørar på næringshageprogrammet. Prosjektet har diskutert ulike modeller for organisering der ein ser på å endre dette for å sikre ei sterkare samhandling og integrering mellom aktørane. Dette også for å kunne skape sterkare miljø og sikre kvaliteten på tenestene. Dei scenario som er diskutert er: - Scenario 1-1 programoperatør for begge program i fylket - Scenario 2 1 programoperatør for kvart av programma - Scenario 3 2 programoperatørar for inkubatorprogrammet og 1 for næringshageprogrammet - Scenario 4 som i dag, 2 programoperatørar for inkubatorprogrammet og 3 for næringshageprogrammet - Scenario 5 - som i dag, 2 programoperatørar for inkubatorprogrammet og 3 for næringshageprogrammet, men med ein koordinator for næringshagane. Styringsgruppa tek utgangspunkt i dagens organisering og ønskjer at det vert arbeida vidare med scenario 3 (to operatørar for inkubator og ein felles for næringshagane). Ein meiner at skilnaden mellom scenario 3 og 5 er minimale. Næringshagane har i prosjektet peika på at dei ønskjer å få ein sterkare koordinering, og at dei ønskjer at nokon skal ta eit slikt ansvar på vegne av dei. Det blir peika på at ein ønskjer at Kunnskapsparken skal ta denne rolla. Det har vorte diskutert ulike konsekvensar av enten scenario 3 eller 5. d. Utfordringar Utfordringane som har vorte diskutert i prosjektet knytt til dei ulike scenario har gått på korleis dette vil ha verknad på hvardagen til dei ulike aktørane. Dette gjeld også spesielt dei som berre har programoperatørstatus som einaste aktivitet i selskapet i tillegg til noko prosjektaktivitet. - Økonomi ved endring av programoperatør er det viktig at ein beheld tilsvarande økonomi som før evt. endring. Det vil sei at ein ved å gå frå 3 programoperatørar i næringshagane med ca 4,65 MNOK i støtte opprettheld dette dersom ein skal gå til 1 programoperatør som koordinerer og styrer aktiviteten. Dette vil då gå ut over dei rammene som SIVA i dag har sett i sin «nivå-pyramide». - Lokalt engasjement aktørane er opptekne av at ein klarar å oppretthalda lokalt engasjement hjå målbedriftene og eigarane i dei lokale selskapa. Dette er en viktig basis for aktiviteten. 12

- Større bredde det er ei utfordring å få full måloppnåing - og det er eit potensial for fleire målbedrifter. Sunnfjord har ikkje næringshagetilbod i dag, og det er eit mål om å kunne etablere eit slikt tilbod også i denne regionen. Ved ein tettare integrering av næringshagane mot inkubatorane vil ein kunne tilby respektive tenester i ein vesentleg større geografi og nå fleire bedrifter. 9. Anbefaling av framtidig modell a. Organisering Prosjektet anbefaler: - Scenario 3 - der man opprettheld 2 programoperatørar på inkubatorane, medan ein går over til 1 programoperatør på næringshagane Figur. Organisering i scenario 3 - Det er eit ønskje at Kunnskapsparken skal ta over operatørskapet på vegne av næringshagane i ein pilot/testfase dersom føresetnadane med SIVA fell på plass, og at ein vert einige om driftsavtalar med næringshageselskapa. - Vidare ønskjer ein å få på plass eit næringshagetilbod i Sunnfjord. Dette for å kunne dekke eit viktig område i fylket, med eit stort og variert næringsliv. Det er avgjerande at det vert sett av eige tilskot til denne satsinga og å få engasjert inn næringslivet. 13

Figur. Framtidig organisering av næringshagane i Sogn og Fjordane - Fordelane ved en slik organisering av næringshagane er: - ein vert del av eit større miljø/fellesskap (både node og målbedrifter) i. Større kollegium mellom tilsette i nodane ii. Sikrar sterkare kontinuitet blant tilsette/organisasjon - Får tilgang til større nettverk, verkemiddel og økosystem (NH og INK) - Fleire fellesaktivitetar for målbedriftene og nodane - Nodar kan fokusere meir på målbedrifter og måloppnåelse i. Tilby fleire tenester ut i nedslagsfeltet - Sterkare og tydeligare «røst» utad synlige som miljø i. Få god kommunikasjon med 1. linjeteneste og næringslivet ii. Unngå å bli oppfatta som konkurrentar - Står sterkare i forhold til felles utviklingsprosjekt - Ta ut synergiar mellom næringshagane og inkubatorane livssyklusen mellom bedriftene - Aktørane vil etablere en fast møteplass SIVA forum SFJ for å jobbe med implementering av 9 punktlista. Det er eit ønskje å få til felles samlingar med «INU nett» i Hordaland. 14

b. Økonomi Det er viktig at dagens finansiering for næringshagane på ca 4,65 MNOK vert vidareført for å sikre aktivitet i hjå dei ulike selskapa. Det er i tillegg eit ønskje om å kunne tilby næringshageprogrammet i Sunnfjordregionen, med finansiering på 1,2 MNOK. Det vil bli sikra tilleggsfinansiering (eigenandel) tilsvarande frå anna næringsliv. c. Føresetnader Viktige føresetnader som ligg til grunn dersom ein skal klare å implementere ein modell med 1 programoperatør på næringshageprogrammet er: SIVA aksepterer 1 programaktør med finansiering som går ut over dagens «pyramide» Driftsavtalar med innovasjonsselskapa for næringshageprogrammet (noder) Vidareføre incentiv-struktur i systemet ved at det framleis må være mogleg å stige i pyramiden (motivasjon) Definere overgang som pilotprosjekt i 3 år for å teste organisering, og kunne gå attende til dagens organisering dersom ein ikkje lukkast. Dette er viktig for å sikre lokal forankring i dagens selskap. 10. Vegen vidare pilotprosjekt For å kunne implementere og teste ny modell for operatørskapet i næringshagane er det viktig at ein får status som «pilot». Dette betyr at ein ønskjer å testa ut modellen innanfor gitte økonomiske rammer i 3 år for å sjå at det fungerer og gir ønska resultat. Aktivitetar i prosjektet: Avklaring SIVA finansiering via 1 programoperatør (pyramide) Forankring i alle innovasjonsselskapa som er programoperatør Avklare aktivitetar/oppgåver hjå programoperatør og hjå selskapa Utvikle driftsavtaler og mål med selskapa Koordinere aktivitet og styrke næringshageprogrammet Utvide tilbodet med «node» i Sunnfjord Utvikle møteplass («SIVA forum SFJ») Utvikle partnarskaps- og driftsavtalar og samarbeidspunkt (9 punktliste) Utvikle samarbeid i innovasjonsstrukturen i SFJ 1. linjetenesta Utvikle samarbeid ut av fylket mot andre SIVA aktørar 15