Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57673500 E-post: karin.uglum@sisof.no

Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa september 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månedsbrev april 2015

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Hei alle sjøstjerneforeldre

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Studentbarnavisa. Nr /2017. To born i fin leik med togbane

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Plassebakken Barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Studentbarnavisa. Nr /2018

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013

Tilbakeblikk på mars:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

MÅNEDSPLAN FOR APRIL 2015 HJØRNETANNA

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månedsplan, april. Grøn gruppe

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

MÅNEDSPLAN FOR MARS 2015 HJØRNETANNA

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

BLÅBÆR SONE 1 APRIL 2015

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. 4. De yngste: Sangleik og uteleik. 11. De yngste: Hopp og sprett til musikk De eldste: Tur til gapahuken

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

MÅNADSPLAN GRANAT- mai 2019

Månedsplan for Mars 2018 Karius

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Månadsplan for Hare November

MÅNEDSBREV FOR APRIL 2017

Månedsbrev Bikuben april 2016

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Plassebakken Barnehage

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 3: januar, februar og mars

- Mars 2016 på Nøtteliten

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Månadsbrev for Februar

Månadsplan for Mars 2017 Nøtteliten

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Periodeplan for mars 2019

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2016 HJØRNETANNA

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Informasjonshefte Tuv barnehage

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 2: desember 2016

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Velkommen til barnehageåret på avdeling Revehiet

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

MARS PÅ RUFFEN TILBAKEBLIKK PÅ FEBRUAR

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Oppsummering av februar og plan for mars

Månedsbrev for Bukkene bruse

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Månedsbrev for Andedammen Dette har vi gjort i januar

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

PLAN FOR APRIL 2017 HUMLA

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Månedsbrev Bikuben april 2017

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

MÅNADSPLAN FOR MAI RØDKLØVER. Veke Måndag 02 Tysdag 03 Onsdag 04 Torsdag 05 Fredag Hipp Hurra for Emilia n 5 år 7 Mai!

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57673500 E-post: karin.uglum@sisof.no

Så er det klar ei avis som pregast av at våren er på veg! LUS Startar med noko som ikkje er så kjekt. Vi har vore så uheldig og fått besøk av hovudlus i barnehagen, den er ikkje farleg men veldig trasig å få på besøk. Vi i barnehage ber alle om å sjekke ungane godt i vekene framover. Skaff dykk lusekam og kam kvar gong de har vaska håret, det er den beste måten å forhindre at lus slår seg ned. Elles ber eg om at de set av nokon minuttar kvar dag til å sjå igjennom håret til barna dykkar (lusa er veldig små og er veldig vanskeleg å få auge på)- sjå og i eige hår. Oppdagar de lus ver grei og sei ifrå i barnehagen slik at vi kan varme behandle sofa og anna. Elles er det berre å følgje dei retningslinjer som de finn på nettet, - spør oss i personale om det er noko de lurer på. BARNEHAGEDAGEN Tirsdag 12. mars er den årlige barnehagedagen. I år vert det ikkje tog i sentrum. Sogndal Studentbarnehage skal halda ein minikonsert saman med barnehagelærarstudentar og musikarar på høgskulen på Campus kafé kl. 12.00. I tillegg vil ungane ha ein fotoutstilling kalla Barnehagedag sett med barneauge. Ber alle som har anledning til det om å kome og sjå og høyre. Vi har invitert både Sogn avis og NRK Sogn og fjordane til å dekke denne saka. AKEDAG Torsdag 14.mars reiser vi til Hodlekve for å ake, ei gruppe med dei yngste barna er igjen i barnehagen. Vi tek med mat og drikke og elles det utstyret som trengs den dagen, (vi låner Hodlekvehytta, slik at vi har moglegheit til å få kome inn på toalettet og for bleieskift). Vi kjører med buss frå barnehagen kl. 09.45, med retur klokka 12.45 frå Hodlekve. For at vi skal ha muligheit til å reise til Hodlekve, må vi be om at alle betalar 30 kroner til bussen denne dagen. Barna må elles ha gode og varme klede, sjølv om vi håper på sol og fint vær! PÅSKEFROKOST Påske nærmar seg, og tradisjonen tru inviterer vi til påskefrukost på alle avdelingane. Denne dagen opnar vi opp barnehagen og inviterer, ordførar og barnehageansvarlege i kommunen. Vi inviterer våre samarbeidspartnar på høgskulen, og dei av dei tilsette i SISOF som vil ete frukost i barnehagen før dei startar på jobb. Dato for denne frukosten er torsdag 21. april, mellom kl.07.30-09.30. Velkommen!

EKSAMANSLESING Husk å returnere svarslipp over når de ønskjer barnepass i forbindelse med eksamenslesing/ oppgåveinnlevering, så skal eg sette opp barnepass på ettermiddagar fortløpande. PLANLEGGINGSDAG Det vert 2 planleggingsdagar i slutten av barnehageåret (juli). Barnehagen vert då stengt. Sender ut eit skriv der de skriv på kva dagar de har eksamen, så prøver eg finne ein dag då det involverer minst mogleg av dykk med hen blikk på eksamensdagar. Om det er nokon av dykk studentar som har eksamen den dagen så gje beskjed, eg held barnehagen open for dykk. HISF Det kjem 2 studentar frå utdanning BLU, det er Stine Teigen, Elida Isabell Venås, dei vil vere her i veke 14 og 15. Vi vil få 3 barnevern studentar som kjem og har ein observasjonspraksis frå 15.4-26.4. Det er Malene Wangensteen, Siri Skarseth og Ida Marie Iversen. FORELDREKAFÈ, MIDDAGAR, BASARAR, FRUKOSTAR mm. Det vil alltid vere barn som ikkje har foreldre som har anledning å komme på alle arr., og personalet må då vere saman med dei. Derfor må vi sjå dykkar barn som henta når de deltek på arr., - då er det dykkar ansvar å sette grenser og å vere saman med barnet. Vi lagar til leikerom, inne på avdeling sol og inne på personaldelen, - der inne er de hjarteleg velkommen inn å leika samen med barna.

EVALUERING AV JANUAR OG FEBRUAR SOL OG STJERNE I januar og februar hadde vi fokus på fagområda; Språk, tekst og kommunikasjon, kunst kultur og kreativitet. I januar jobba Sol og Stjerne på tvers med eventyr som tema. Dei eldste jobba med eventyret Gullhår og de tre bjørner medan vi delte dei andre i 2 grupper der vi jobba med eventyret Bukkane bruse etter deira nivå og føresetnad. Vi opplevde at barna tykte det var spennande og kjekt med eventyr, ikkje minst det at dei fekk leika på tvers med barn på eigen alder og i mindre grupper. Vi opplevde eit større samhald mellom gruppene og vi vaksne fekk høve til å bli godt kjende med barna på tvers av avdelingane. Dei aller minste brukte mykje song, måling og var med på å dramatisere eventyret sjølv. Dei eldste fekk oppleve eventyret gjennom høgtlesing, leik og dramatisering. Dette prosjektet enda ut i ei fellessamling med Måne der dei to eldste gruppene hadde framføring. I veke 4-8 hadde sol ein 2F student der ho mellom anna hadde ei tverrestetisk prosjektveke som involverte 2-åringane på Sol. Her hadde dei kvar dag besøk av handdukka Hilde, hadde aktivitetar som innehaldt musikk, måling, drama og dans, Vidare på planen i januar/februar stod solfesten på plakaten. Vi byrja i det små to veker i førevegen med å måla soler, og øvde på sol songar. Vi gjekk inn i den gule veka der vi hadde mykje gul frukt og pynta avdelingane til det store høgdepunktet som sjølvsagt var solfesten. Kong vinter og dronning sol kom på besøk og pølse og brød blei servert. Vi avslutta dagen med å slå sola ut av sekken, og kosa oss med fangsten. Vi hadde og fokus på vinteren som tema, som gjekk parallelt med eventyr. Der fagområdet natur, miljø og teknikk sto i fokus. Vi leika, aka og forma i snøen. Lagde is skulpturar og vi nytta måling til å setje farge på den. Vi tok snø og is skulpturar inn for å sjå kva som skjedde med den.. noko som sjølvsagt var ekstra stas og veldig spanande. Parallelt med dette har vi og i denne perioden jobba med prosjektet psykisk og fysisk helse som vart starta i haust. Der stikkordet er mestringskjensle. Prosjektet er no avslutta, men vi har innarbeid oss gode rutinar og personalet er blitt bevisst og engasjerte til at dette er noko som skal følgje oss i all formell og uformell læring i kvardagen. I denne perioden fekk Sol to nye barn. Vi ønskjer velkommen til Jonas og Brian! I januar feira vi Alida, Leo og Josefine som vart 2år. Theo Sander, Jonas og Brian fylte 1år Caroline blei 3 år i februar.

PLANAR FOR MARS OG APRIL I mars vil vi ha fokus på fagområdet tal, rom og form og kunst, kultur og kreativitet. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna sin matematiske kompetanse (Rammeplanen). Dette fagområdet dekkjer på lik linje med dei andre seks eit vidt læringsfelt, og det er ofte tett samanvevd med dei andre. Tal-talord, teljing og kor mange. Fagområdet omhandlar og Romplassering t.d. kvar eg er i rommet, under, opp på eller bakom stolen. Desse delane av fagområdet er noko vi jobbar mykje med i uformelle og formelle situasjonar gjennom heile året. Det vi i denne perioden skal ha fokus på er; Form-klassifisering, formattkjenning og mønster. Barnehagen skal bidra til at barna erfarer, utforsker og leker med form og mønster. Erfarer ulike typer størrelser, former og mål gjennom å sortere og sammeligne (Rammeplanen). Vi skal klippe, lime, måle, synge, tulle, le og leika oss gjennom fagområda.. Kvar finn ein former? Kva kan ein lage og bruke det til? Ein er omgitt av former overalt, berre ein stoggar og ser. Kanskje de finn noko på veg til barnehagen? Eller når de sit ved middagsbordet? Vi byrjar allereie i veke 11 med påskeaktivitetar, vi lagar påskepynt, syng påske songar og vi skal sjølvsagt tradisjonen tru invitere foreldre og sysken på påske frukost med pynta avdeling, og sjølvlaga rundstykke. Etter påske byrjar vi med våren som tema. Der vi mellom anna skal så frø og sjå det spirer, gå på tur og leite etter vårteikn. Følg med på veke planen som heng på døra. Songar vi syng i denne perioden: Se min kjole.. Lille trille låg på hylle... Min hatt den har tre kanter... Det satt to katter på eit bord. Månen er så gul og rund... Teljesong Ein liten kylling i egget låg.. Liten kulling sat på eit hønsetak. På en grønn grønn bakketopp

MÅNADSOVERSIKT SOL OG STJERNE MARS 2013 Måndag 11.3 Tysdag 12.3 Onsdag 13.3 Torsdag 14.3 Fredag 15.3 Avd.møte Måne.15 Måndag 18.3 Bakedag Aldersinndelte Grupper BARNEHAGE DAGEN 2013 Ped.leiar møte 10-11 Avd.møte Stjerne 13.15-14 Tysdag 19.3 Aldersinndelte Grupper Ped.leiar møte 10-11 Avd.møte Stjerne 13.15-14 Påskeaktivitet Onsdag 20.3 Påskeaktivitet Akedag i Hodlekve (Kjem eige skriv på døra) Torsdag 21.3 Påskefrukost (kjem eige skriv på døra) Avd.møte Sol Påskeaktivitet Varmmat: (sjå vekeplan) Fredag 22.3 SISTE DAG FØR PÅSKEFERIE Varmmat: (sjå vekeplan) GOD PÅSKE!! Avd.møte Måne.15

MÅNADSOVERSIKT SOL OG STJERNE APRIL 2013 Måndag 1.4 2. Påskedag Bhg-stengt Måndag 8.4 Tysdag 2.4 Første dag etter påske Ped.leiar møte 10-11 Avd.møte Stjerne Tysdag 9.4 Aldersinndelte Grupper Onsdag 3.4 Torsdag 4.4 Onsdag 10.4 TEMA: VÅREN Avd.møte Sol Torsdag 11.4 Fredag 5.4 Uteleik Varmmat () Fredag 12.4 Uteleik Avd.møte Måne 13.15-14.15 Ped.leiar møte 10-11 Avd.møte Stjerne Måndag 15.4 Tysdag 16.4 Aldersinndelte Grupper Ped.leiar møte 10-11 Avd.møte Sol Varmmat () Onsdag 17.4 Torsdag 18.4 Fredag 19.4 Uteleik Varmmat () Måndag 22.4 Avd.møte Måne.15 Tysdag 23.4 Aldersinndelte Grupper Ped.leiar møte 10-11 Avd.møte Stjerne Onsdag 24.4 Torsdag 25.4 Avd.møte Sol Fredag 26.6 Uteleik Varmmat ()

EVALUERING AV JANUAR OG FEBRUAR Me starta januar med tema eventyr og forteljartradisjonar. Me konsentrerte oss mest om Eventyret Askeladden som kappåt med trollet og Geitekillingen som kunne telle til ti, men las og andre eventyr etter barna sine ønskjer. Å formidle eventyr på ulike måtar, er spanande både for den som formidlar og for den som skal høyre på. Barna har vist stor interesse for det, og synst det er moro. Me avslutta temaet om eventyr med ei framsyning av Askeladden som kappåt med trollet for barn og vaksne på Sol/Stjerne. Flinke skodespelarar og me ser også eventyret mykje att i rolleleiken. Me vart òg invitert på eventyrframsyning på Sol, der dei største barna på Sol/Stjerne dramatiserte Gullhår og Bukkane Bruse. Dette var ei flott oppleving! Personalet skal skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisst kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla. (Kommunikasjon, språk og tekst Rammeplanen s.41) I januar og februar har me hatt ein flott vinter med både snø og kulde. Dette gir oss moglegheit til å boltre oss i ulike vinteraktivitetar. Me laga snømenn, snøtunnelar og snøborger og det har vore mykje aking. Me har teke inn snø for å sjå at den smeltar, og me har sett på prosessen der vatn blir til is. Isskulpturane har me laga ved å ha maling og vatn i gummihanskar som etter kvart fraus til is og vi har frose vatn i ulike kar og bøtter. I veke 7 var det tid for Gul veke. Me feirar at sola har komme tilbake til barnehagen ved å pynte avdelinga med soler i taket, male med solfargane gult og oransje, og til fruktmåltida smakte me på gul frukt. Barna gleda seg til solfesten og bygger opp forventningar til kva som skal skje. Som avslutning på veka laga me til solfest med sambatakter og solfargar. Ute dansa me, malte og pynta med solstrålar på gjerdet. Me såg dramatiseringa om Kong Vinter og Dronning Sol og kosa oss med pølse m/ brød. Til slutt tok me med oss sambataktene inn og slo Sola ut av sekken. Turar me har vore på er til gammen ved Rutlin, på Trudvang og spontane turar i nærleiken av barnehagen. Ser framgang i barna si mestring i fysisk aktivitet. I forbindelse med Veka fekk 4- og 5- åringane komma på konsert på Meieriet, det var ei ny og spanande oppleving for barna. I januar starta me opp med Førskulegruppa. Den har 5 medlemmar som får vere med på ulike skuleførebuande aktivitetar. Denne perioden har me òg feira 4 bursdagar; Henrik 3 år, Ariel 3 år, Nicolaj 3 år og Paranjoy 4 år, hurra!

PLANAR FOR MARS OG APRIL Musikksamling: No har det vore mykje øving til barnhagedagen. Barna er veldig engasjerte og gleda seg til å framføre songane på Hisf. Barna synest det er kjekt å bli kjent med og lære nye songar. Me fortsett med musikksamlingar dei fleste onsdagane, der barna også får bruke ulike instrument og øve seg på rytme. Påske: Vi lagar påskepynt på avdelinga, sår karse og barna får lage kvar sin påskepynt dei kan ta med heim. Siste veka før påskeferien inviterer vi til den årlege påskefrukosten. Her skal spesielt kafé-gjengen vere med og førebu (entreprenørskap). Lage invitasjon til påskefrukosten, handle inn mat og pynte borda. Og alle er med og bakar rundstykke. Barna får kunnskap om kva som må til når ein inviterer til mat. Kjekt med fellesoppleving saman med foreldre, og ekstra stas når ein har vore med sjølv. Fagområde Kunst, kultur og kreativitet, barnehagen skal bidra til at barna tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede. (Rammeplanen) Vår: Etter kvart som våren nærmar seg vil fokuset på nytt liv vera eit gjennomgåande tema. Vi tek fram vårsongane, ser på vårteikn i naturen som smeltande snø, fuglar, knoppar på trea og spirande blomster og gras. Vi tek turar i nærmiljøet som ned til fjøra, opp på Rutlin m.m. Oppleve at naturen vaknar til liv og oppleve gleda med og vera i naturen. Fagområde Natur, miljø og teknikk skal bidra til at barn blir kjend med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vær. (Rammeplanen) Turar og fysisk aktivitet: Det vert planlagde og spontane turar med fokus på ulik fysisk aktivitet. Me deler barna som oftast i mindre sjå vekeplan. Når vi er på tur vil vi òg ha fokus på sosial kompetanse som: Å lære å ta vare på kvarandre på tur, halde i handa, hjelpe og støtte kvarandre i utfordrande terreng og ikkje minst skape gode opplevingar og ha det kjekt på tur. Fagområda vi har ekstra fokus på i april er: Tal, rom og form: (Leikar, spel, formingsmateriell som fremjar leik med tal og form.) Vi er bevisst vår bruk av matematiske omgrep. Personalet prøver å stimulere til matematisk glede i leiken. Vi snakkar om ulike storleikar og ulike former, og vi tel og veg ting i barnehagen. Vi lagar mat, der vi veg, tel og sorterer. Barna teiknar, fargelegg og sorterer etter form og storleik. Barn er tidleg opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og form, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. (Rammeplanen) Etter påskeferien kjem det to studentar frå 1 BLU som skal vera på Måne i to veker. Dei skal ha fokus på overgangen mellom barnehage og skule og skal bl.a. delta på Førskulegruppa. Bodil startar opp med foreldresamtalar i veke 11. Det vert samtale for dei som ikkje hadde det før jul. Men er det nokon av dei som hadde før jul som ønskjer ein samtale no er det berre å ta kontakt med Bodil. Helsing personalet på Måne

10 Måndag 4 grupper: Ute og inne aktivitetar Tysdag 5 Førskulegruppe MARS Onsdag 6 Alle på tur til Hisf, øve på framføring til Barnehagedagen. Torsdag 7 Alle på tur til Hisf, øve på framføring til Barnehagedagen. Fredag 8 Pasta, skinke og pastasaus 11 Påske Måndag 11 grupper: Lage påskepynt Tysdag 12 (sjå plakat) Onsdag 13 Lage påskepynt Torsdag 14 AKEDAG Fredag 15 Så karse 12 Påske Måndag 18 Bake rundstykke Tysdag 19 Kafegjengen handlar til påskefrukost Onsdag 20 Musikksamling Torsdag 21 Påskefrukost (sjå plakat) Fredag 22 13 Måndag 25 Påskestengt Tysdag 26 Påskestengt Onsdag 27 Påskestengt Torsdag 28 Skjærtorsdag Fredag 29 Langfredag NB: for eventuelle endringa

14 Tall, rom og form Måndag 1 2.påskedag Tysdag 2. 2 studentar frå BLU Førskulegruppe APRIL Onsdag 3 tema; tall, rom og form Torsdag 4 tema; tall, rom og form Fredag 5 15 Tall, rom og form 16 Vår 17 Vår Måndag 8 2 studentar frå BLU tema; tall, rom og form Måndag 15 tema; fysisk aktivitet Måndag 22 tema; fysisk aktivitet Tysdag 9 Førskulegruppe Tysdag 16 Så erte Førskulegruppe Tysdag 23 Førskulegruppe Onsdag 10 Musikksamling Onsdag 17 Musikksamling Onsdag 24 Musikksamling Feire Jonathan 6 år, hurra! Torsdag 11 tema; tall, rom og form Torsdag 18 Feire Camilla 3 år, hurra! Torsdag 25 tema; fysisk aktivitet Fredag 12 Fredag 19 Fredag 26. NB: for eventuelle endringar.