Kunstplan for sentrumsparken i Sogndal



Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Saksframlegg. Sakshandsamar: Arvid Valland Arkiv: 036 Arkivsaksnr.: 09/2736-5

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Spørjeundersøking om sentrumsområde

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sansehage Kleppheimen

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Besøksstrategi Jotunheimen nasjonalpark - og pilotprosjekt om besøksforvaltning knytt til Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Arbeid med sikring av friluftsområde i Stranda kommune

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

KUNSTPLAN FOR BYBANEN Revidert plan august 2014

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Reglement for kunstnarisk utsmykking av kommunale bygg og uterom i Time kommune (vedtatt KS 076/ )

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Etablering og drift av kraftselskap

NORHEIMSUND AKTIVITETSPARK

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Psykologisk førstehjelp i skulen

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Reglement for kunstnarisk utsmykking av kommunale bygg og uterom i Time kommune (vedtatt KS 076/ )

Støtteordningar og søknader

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Plan for Liabygda SFO

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Til deg som bur i fosterheim år

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Sandeid skule SFO Årsplan

Eksempel frå Stord kommune

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Logo Brukarrettleiing

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Transkript:

Kunstplan for sentrumsparken i Sogndal Innhald: 1. Om prosjektet 2. Situasjonen, området 3. Om parken, brukarar, aktivitetar 4. Overordna ide for kunstprosjektet 5. Prioriterte områder for kunstprosjekt 6. Aktuelle kunstnarar 7. Budsjett 8. Framdriftsplan 1.Om prosjektet Namn på prosjekt: Kunstprosjekt for sentrumsparken i Sogndal sentrum Prosjektansvarleg: Sogndal kommune, ved Torun Torheim. Kunstkonsulent: Gerd Endestad Kunstutval: Sogndal kommune har eit kunstutval beståande av ein politisk representant frå kommunestyret, ein arkitekt/landskapsarkitekt og ein kunstnar. Administrasjonen er sekretær for kunstutvalet. Sogndal opna Sentrumsparken 11.september 2008. Hovudsakleg finansiert av kommunen (16 mill.). Den overordna målsettinga for kommunen er fleire innbyggjarar, og meir trivsel i Sogndal. Eit av dei styrande måla i Sogndal er folkehelse. Kommunen ønskjer å legge til rette for spontan aktivitet der folk ferdast og bur; parken er tenkt som ein plass for trivsel og aktivitet for alle aldrar. 2. Sentrumsparken: skildring av området

Blant målsetjingane bak sentrumsparken er eit ønskje om å skape eit visuelt grøntdrag, med ein akse for gang- og sykkeltrafikk som kan gje betre kontakt med fjorden. Parken fungerar også som ein sambinding av den gamle delen av sentrum, mot sør og fjorden, med små butikkar og verksemder, - og den nyare delen av sentrum, nord om Gravensteinsgata, med Sogningen Storsenter og Sogndal Kulturhus. Parken har store opne flater, utan særleg nivåskilnader. I det opne område framfor rådhuset er det plassert varmestein (rund) og fontene (berre i bruk om sommaren), samt steinblokker som er i bruk som benkar. Dette området er lagt med asfalt med eit tynt steindekkje oppå. Ein del tre (hovudsakleg epletre) og busker, blomsterbed, samt sandkasse, klatreskulptur, trampoline og huskestativ er å finne på dei andre delane i parken. Parken er oppdelt med asfalterte og gruslagde gang- og sykkelvegar. I figur 1 har vi delt parken inn i ulike soner. Plassen framom kommunehuset er omtalt som «kommunehusplassen», aust for denne har vi ein «hage» og området langs austsida av kommunehuset er omtalt som «hjorten», der hjorteskulpturen er plassert. På vestsida av kommunehuset har vi «kirsebærlunden», kring Kafé Krydder har vi område for «leik» og «kafé», mellom Bondevikhuset og kommunehusplassen har vi eit område med større epletrær og grasflate omtalt som «piknik/sitje på graset-sone». Lengst sør i parken har vi i Svedalshagen eit område omtalt som «roleg eplehage». Figur 1: Utstrekning av parken (noverande situasjon) med gang- og sykkelsamband i grått.

3. Om parken: Brukarar og aktivitetar i parken Parken har mange ulike brukargrupper, som barnefamiliar, skuleungdom, studentar, og eldre. Kafeen og leikeplassen i nordvestleg del tiltrekker seg mykje folk, men også området framfor kommunehuset vert mykje nytta (sykling, skating, samtalar på benkane og leik i fontena for å nemne noko). Parken vert altså mykje nytta til uorganiserte aktivitetar og leik, både på dagtid og kveldstid, men den vert også nytta til organiserte samlingar. Døme på dette er julegrantenning, konsertar på scene eller kommunehustrappa, haustmarknad, bodsal, studiestart, politiske parti under valkamp, Lerumscup, tivoli, idrettsarrangement (t.d. SIL, Jotunheimen rundt), marknadsføring, utdelingar/taler og mykje meir. 4. Overordna ide for kunstprosjektet Sogndal har målsetjing om å vere ein av dei fremste kommunane i landet på folkehelse, og ønskjer med dette å legge til rette for spontan aktivitet der folk ferdast. I sentrumsparken er dette tydleg ivareteke med godt tilrettelagde område for leik og aktivitet. Det er ønskeleg i dette kunstprosjektet å vidareføre denne tanken om spontan aktivitet. Det fysiske kunstverket skal framstå som eit sjølvstendig visuelt utforma verk. Tilleggsfunksjonen er at det også kan nyttast. Dermed bør verket tiltrekke seg såpass tydeleg merksemd i utforminga at det medfører ein invitasjon til å takast i bruk. Kunstverket må vere av så solid utforming og materiale at det toler den omtala bruken, og ikkje ha skarpe kantar mm., som kan føre til skader. Vesentlege vedlikehaldsutgifter bør ein planlegge å unngå. Kunstverket skal invitere og utfordre; mane til ettertanke, refleksjon og gjerne diskusjon. Kunstverket kan gjerne ta opp i seg det kjende (som former, fargar frå Sogndal og landskapet rundt), men også avspegle bygda slik bygda ønskjer å vere; eit fargerikt og mangfaldig sentrum, der omsyn til både det nye og gamle, nyvinning og tradisjonar er ivareteke. Kunstverket til parken kan omfatte ein eller fleire permanente kunstverk. 5. Prioriterte områder for kunstprosjekt Det er ønskeleg å få aktivisert områder av parken som no ligg meir ubrukte, særleg gjeld dette for Svedalshagen, «roleg eplehage», som ligg sør i parken. Men vi ønskjer ikkje å sette dette som krav for utføringa og plassering av kunstverket, det er ønskeleg å vere open for å bruke dei områda som er best eigna for at kunstverket skal fungere best mogeleg. Plassering av kunstverket må og tilpassast eksisterande element som trær, stiar, bygg og kunst. Område tilrettelagd for leik og kommunehusplassen er

ønskeleg å halde open og tilgjengeleg som no. Kunstnar må i skisseprosjektet grunngje plassering av kunstprosjektet utifrå verkets art. 6. Aktuelle kunstnarar Det vert teke kontakt med 2-3 aktuelle kunstnarar, som vert presenterte for kunstutvalet. Av desse vert det så tilrådd ein som får oppdraget. Kunstnarar til presentasjon for kunstutvalet, aktuelle for oppdrag er: Magnhild Øen Nordahl Kent Fonn Skåre Olve Sande. Alle er nyutdanna unge kunstnarar, som også har tilknyting til fylket. Kunstnarane sender over presentasjonsmateriale til kunstkonsulent innan utgangen av august månad, dette vert vidaresendt til Sogndal kommune og kunstutval i god tid før møtet i september. 7.Budsjett Kunstprosjekt 250 000 Skilting 1 000 Kunstkonsulent 12 000(eigentleg 11630) 5% BKH(av oppdragssum) 12 000 ( avgift til Bildende Kuntners Hjelpefond) Reserve 25 000 Samla budsjett 300 000 Det vil bli arbeidd med å auke budsjettet, med målsetjing om at sjølve kunstprosjektet kan få ei ramme på minst 300 000. Andre kostnader utanom oppsett budsjett: Anleggskostnader/belysning som eventuelt kan kome i tillegg vert etter samråding dekka av kommunen. Ei reise for kunstnaren til Sogndal for synfaring i parken og Sogndal sentrum vert dekka av kommunen utan om kunstprosjektet, inntil kr 3000. Opningsfest/markering av kunstverket i parken. Kunstnar og kunstkonsulent vert invitert til dette, med dekka reise (som over). Med auka støtte kan nokre av desse kostnadene vurderast å inngå i samla budsjett. 8. Framdriftsplan Innan medio juli -14, forslag til kunstplan er klar, med forslag om aktuelle kunstnarar.

September -14, møte i Sogndal med kunstutval, kommune og konsulent. Møtet vil kome med ei tilråding til formannskapet. Slutten av okt -14: formannskapet tek avgjerd om kunstplan og avgjerd om kven av kunstnarane som får oppdraget. Kunstnar får deretter kontrakt på oppdraget, må legge fram forsikringsbevis, og kan få utbetalt 1/3 av oppdragssum. Start desember -14: Kunstnar har klar ide og skisser for kunstverk, med budsjett. Medio desember -14: Samrådings-/godkjenningsmøte (skype/videomøte for konsulent), mellom utsmykkingsutval/kommune/konsulent for å godkjenne kunstnaren sitt forslag, evt. be om justeringar, eller ikkje godkjent. Sist i desember-14/start januar -15: godkjent skisseforslag frå kunstnar= utbetal 1/3del til kunstnar. Kunstkonsulent overdreg oppfølgingsarbeidet til kommunen. Kunstnar har frist til 31. mai 2015 med å ferdigstille kunstverket, dvs ferdig montert i Sentrumsparken i Sogndal. Start juni mnd 2015: Godkjent kunstverk = restutbetaling til kunstnar siste 1/3 Opningsfest/markering av kunstverket i parken. Kunstnar, kunstkonsulent og kunstutvalet, samt andre deltakande partar er invitert til dette.