Til Vindafjord kommune DYKKAR REF: VÅR REF: 617512 02 Stord, 16. august 2018 DOKUMENTKODE: 617512 02 PLAN PBL 001 TILGJENGE: Open MARINE HARVEST NORWAY AS AVD. VÅGAFOSSEN SETTEFISK Mindre reguleringsendring: Detaljregulering for Vågafossen settefisk (PlanID: 1160 11 12) Tiltakshavar Marine Harvest Norway AS, avd. Vågafossen settefisk har sett behov for å gjere mindre endringar i gjeldande reguleringsplan «Detaljregulering for Vågafossen settefisk». Gjeldande reguleringsplan vart vedteken i Vindafjord kommunestyre 17.04.2012. Tiltakshavar og konsulent har hatt kontakt med administrasjonen i Vindafjord kommune og avklart at endringane kjem innanfor definisjonen av mindre reguleringsendring med gjennomføring av ein avgrensa høyringsrunde der aktuelle naboar/rettshavarar, samt offentlege instansar er varsla om endringane før ev. godkjenning. Frist for innspel til desse endringane vart pga. sumarferie sett til 6 veker, med fristdato 24.07.2018. Det kom i alt inn 5 stk. innspel i saka. Desse er vedlagt og kommentert i vedlegg 3 Oversikt over endringar Ein har sidan gjeldande reguleringsplan vart vedteken arbeidd med detaljprosjektering av delar av anlegget. I samband med detaljprosjekteringa har ein justert prosjekteringa innanfor føringane i reguleringsplanen, men har òg sett trong for meir areal for å oppnå ønska løysingar for anlegget. Alle endringane er knytt til akvakulturområdet, og er innanfor plangrensa i godkjent reguleringsplan frå 2012. Intensjonane bak reguleringsplanen vert ikkje endra. Vedlagt er revidert plankart og føresegner som syner følgjande endringar: Plankart: Justering av formålsgrense for akvakulturområdet mot sjø Føresegner: Justering av føresegn 4.1.3 om planeringkote i akvakulturområdet Føresegner: Justering av føresegn 4.1.4 om maksimal bygghøgde i akvakulturområdet Føresegner: Presiering at hamnemynde er kommunen i føresegng 2.3 etter innspel frå Kystverket Føresegner: Det er lagt inn nytt føresegn 4.2.1 om at ferdsel i sjø kan nyttast som fiske, så lenge dette ikkje hindrer for tilkomsten til akvakturområdet etter innspel frå Fiskarlaget Vest og Fiskeridirektoratet Plankart: Korrigering av eigarform for ferdselsområdet Hovudformålet med endringane er å leggje til rette for meir areal for bygg og anlegg tilknytt akvakultur, samt forbetring av infrastruktur innad i akvakulturformålet, medan ein sikrar og opprettheld god tilkomst gjennom ferdselsområdet i sjø til tilgrensande småbåtanlegg i vest. Ei meir detaljert utgreiing over endringane følgjer nedanfor: MULTICONSULT Kunnskapshuset, Sæ 132 5417 Stord Tlf 53 01 36 00 NO 918 836 519 MVA
Justering av formålsgrense for akvakulturområdet mot sjø Endringa omfattar flytting/justering av formålsgrense mot sjø for akvakulturområdet. Djupnetilhøva utanfor dagens akvakulturformål gjer at ein ikkje kan oppnå ønska areal med utfylling; det vert difor aktuelt med peling/fundamentering i fjell. Justeringa av formålsgrensa vil fange opp m.a. framtidig trong for meir kaiareal samt areal for utbetring av vegtilkomst til anlegget mot sjøen. Justeringa vil gje akvakulturformålet ei arealauke på om lag 2,7 daa. Ferdselsområdet i sjø vert då følgjeleg redusert med det same arealet. Sjå vedlagt plankart for mindre reguleringsendring. Justering av føresegn 4.1.3 om planeringskote i akvakulturområdet Tekst i føresegn 4.1.3 vert justert frå Planeringskote er sett til kote +4,5 til Planeringskote er sett til minimum kote +4,0. Kaianlegg kan etablerast lågare. Justeringa er m.a. knytt til best mogleg utnytting av eksisterande areal i vertikalplanet med omsyn til ev. framtidige bygg og anlegg. Justering av føresegn 4.1.4 om bygghøgde i akvakulturområdet Grunna justering av føresegn 4.1.3 er det naturleg å òg justera på innhaldet i føresegn 4.1.4 slik at tala som vert oppgjeve der er korrekte med omsyn til justert planeringskote. Maks mønehøgde for bygg som grensar mot sjø er 10,5 m over planeringshøgde (15 moh). Maks mønehøgde for bygg som grensar til fjellskjering er 19,5 m over planeringshøgde (24 moh). Vert justert til: Maks mønehøgde for bygg som grensar mot sjø er 11,0 m over planeringshøgde (15 moh). Maks mønehøgde for bygg som grensar til fjellskjering er 20,0 m over planeringshøgde (24 moh). Justeringa inneberer at ein kan etablere ev. framtidige bygg med dei høgdene det vert opna for i dag. Høgdejustering vert på maks 0,5 m, og vert ikkje å ha negativt påverknad på kringliggjande busetnad. Korrigering av eigarform for ferdselsområdet I gjeldande plankart (inkl. SOSI) ligg ferdselsområdet i sjø med eigarform «felles». Dette kan vera misvisande då det i føresegn 4.2.1 vert spesifisert at ferdselsområdet er tiltenkt aktivitetar tilknytt akvakulturområdet. Eigarform vert difor som ein formalitet endra til «annan eigarform». Endring av eigarform vert ikkje til hinder for fri trafikk av fritidsbåtar forbi akvakulturområdet. 617512 02 PLAN PBL 001 Side 2 av 5
Vurdering av konsekvensar I det følgjande er det gjort greie for konsekvensar av den mindre reguleringsendringa for relevante tema. Naturmangfald og fiskeriinteresser Settefiskanlegget ligg i eit område som er omfatta av den viktige naturtypen «større tareskogforekomster». Det ligg fleire slike område langs fjorden (sjå Figur 1 under), og alle er registrert med verdi A svært viktig. Områda har fått denne verdien mellom anna fordi dei overlappar med gyteområde for torsk. Figur 1 Oversikt over område omfatta av den viktige naturtypen «Større tareskogforekomster» med verdi A svært viktig i området kring settefiskanlegget. Anlegget er markert med stjerne på kartet. Kjelde; Miljostatus. Området kring settefiskanlegget er registrert som eit gyteområde for torsk, lyr og hyse i kystnære fiskeridata. Det same området er også registrert som fiskeplass for passive reiskap for dei same artane. Området er kalla «Saglia Kragen», og er vist i Figur 2 under. Resten av utsnittet, samt overlappande med gyteområdet/fiskeplassen, viser gytefeltet «Ropeid Storøy». Dette er eit gytefelt for torsk MB, med verdi C lokalt viktig. Figur 2 Området nærast land markerer området «Saglia Kragen» gyteområde for torsk, lyr og hyse. Det same området er registrert som fiskeplass for passive reiskap for dei same artane. Heile utsnittet er ein del av gytefeltet «Ropeid Storøy», som er eit gytefelt for torsk MB, med verdi C lokalt viktig. Kjelde; Fiskeridirektoratet. Heile fjordarmen er omfatta av to større gytefelt for torsk MB, med verdi C lokalt viktig. Samstundes ligg det fleire gytefelt i kombinasjon med fiskeplassar for passive reiskap langs både sør og nordsida av fjorden. Alle desse områda er registrert som gytefelt for torsk, lyr og hyse. For nokre av områda er det dessutan registrert gytefelt for pigghå. Områda er registrert som fiskeplassar for dei same artane som områda er gytefelt for (sjå Figur 3 under). 617512 02 PLAN PBL 001 Side 3 av 5
Figur 3 Kartutsnitt som viser gytefelt, gyteområde og fiskeplassar for passive reiskap i heile fjordarmen der Vågafossen er lokalisert. Anlegget er markert med lilla symbol. Kjelde; Fiskeridirektoratet. Reguleringsendringa vil medføra at akvakulturområdet vert auka med om lag 2,7 daa. Ei utviding av akvakulturområdet fører til at sjøareal med viktige registreringar av naturtypar, gyteområde og fiskeplass for passive reiskap vert beslaglagt. Dette er ein negativ konsekvens for dei registrerte verdiane/interessene. Det er store areal i heile fjordarmen som er registrert som både gyteområde, gytefelt og større tareskogførekomstar (sjå Figur 1 og Figur 3). Arealet som vert beslaglagt i samband med denne reguleringsendringa utgjer soleis ein liten del av det totale arealet som inneheld same typar registreringar i det same området. Dette gjeld både for gytefelt, gyteområde, fiskeplassar og større tareskogførekomstar. Konsekvensen for naturmangfald og fiskeriinteresser er på bakgrunn av dette vurdert til å vera totalt sett akseptabel, sjølv om påverknaden på dei konkrete interessene og verdiane er stor innanfor det aktuelle arealet på om lag 2,7 daa. Tiltak som kan få påverknad på naturmangfaldet skal vurderast etter naturmangfaldlova 8 12. Kunnskapsgrunnlaget ( 8) i området er akseptabelt, og ei vurdering av reguleringsendringa i forhold til naturmangfaldlova 8 12 tilseier at den ikkje fører til utilbørleg store negative konsekvensar for naturmangfaldet i forhold til omfanget og nytten av tiltaket. Landskap og strandsone Landskapet rundt settefiskanlegget, «Skipavågområdet» er kategorisert som «vakre landskap» landskap av regional interesse i rapporten «vakre landskap i Rogaland». Området er skildra som eit skogkledd landskap i veksling med eit ope og harmonisk kulturlandskap. Dei to næringsrike vatna, øvre og nedre Vågavatnet har eit rikt planteliv med hovudsakleg furuskog som gir området god variasjon. Elles i området finn ein fin furuskog med innslag av eik og annan lauvskog som går heilt ned til sjøen. Settefiskanlegget er nemnt i rapporten som ein problemstilling. Figur 4 Utsnitt frå rapporten «Vakre landskap i Rogaland» som viser området kring settefiskanlegget; «Skipavågområdet». 617512 02 PLAN PBL 001 Side 4 av 5
Ei utviding av akvakulturområdet og ei utbygging i tråd med planen vil medføra ei utviding av anlegget utover mot sjøen. Anlegget vil dermed bli noko meir dominerande i landskapet, sjølv om det ikkje skal byggast ned meir strandsone. Konsekvensane for landskap og strandsone i området vil dermed vera negative, men konsekvensane er likevel vurdert som akseptable. Kulturminne Det er ikkje registrert kulturminne innanfor planområdet, og det er dermed ikkje grunn til å tru at ei utviding av akvakulturområdet vil medføre negative konsekvensar for kulturminne. Oppsummering Reguleringsendringa medfører at ein del av planområdet vert endra frå ferdsel til akvakultur, og anlegget vil kunna utvidast ut i sjø. Ei utviding av anlegget ut mot sjøen vil ha ein negativ konsekvens for landskap og estetikk i området. Det aktuelle området (som vert endra frå ferdsel til akvakultur) er registrert som gytefelt og fiskeplass for passive reiskap, i tillegg til at den viktige naturtypen «større tareskogforekomster» er registrert her. Det å bygge ut eit slikt område er negativt for dei registrerte verdiane/interessene. Det aktuelle arealet utgjer likevel ein liten del av det totale arealet som er registrert som fiskeområde, gytefelt og viktig naturtype i området, og konsekvensane er difor vurdert som akseptable. Ei utviding av akvakulturområdet medfører at det vert mogleg å utvide anlegget, noko som er positivt for verdiskaping og sysselsetting i området. Ei samla vurdering av tiltak i tråd med reguleringsendringa tilseier at konsekvensane av desse er akseptable. Med venleg helsing Multiconsult Norge Nina Skjerping Vedlegg Mindre reguleringsendring av plankart (pdf + sosi) Mindre reguleringsendring av føresegner (word) Samandrag/Kommentar innspel (pdf) Innspel samla (pdf) 617512 02 PLAN PBL 001 Side 5 av 5