Områderegulering Undredal Planprogram
Innhold 1 Innleiing... 2 1.1 Mål for planarbeidet... 2 1.2 Formål med planprogrammet... 3 2 Rammer og føringar for planarbeidet... 4 2.1 Nasjonale føringar... 4 2.2 Kommunale planar... 5 2.3 Gjeldande reguleringsplan... 5 2.4 Andre forhold... 6 2.5 Andre dokument som er innspel til planarbeidet... 6 3 Omfang av planarbeidet... 7 3.1 Evaluering av gjeldande plan... 7 3.2 Planavgrensing.... 7 3.3 Viktige problemstillingar... 7 4 Behov for utgreiingar... 8 5 Organisering og medverknad... 8 5.1 Planprosess... 8 5.2 Medverknad... 8 5.3 Internett... 8 5.4 Økonomi... 8 6 Framdriftsplan og planprosess... 9 1 Innleiing Undredal har aktive innbyggjarar med engasjement for bygda si. Aurland kommune har ansvar for utarbeiding av arealplanar for bygdene i kommunen. For Undredal er det ein reguleringsplan som vart vedteke i 1996. Det har lenge vore etterspurd ein ny reguleringsplan for Undredal. Arbeidet med reguleringsplan er prioritert inn i kommunen sitt budsjettarbeid og arbeidet med planen kan no starte. 1.1 Mål for planarbeidet Målet med ein reguleringsplan i Undredal er å få ein plan som vil kunne avklare handlingsrom for utvikling. Framsidefoto: Hanna Hjellum Borlaug 2
Ein plan som kan brukast som styringsverktøy i høve arealbruk Ein plan som kan nyttast som grunnlag for gjennomføring av tiltak offentleg og privat. Figur 1 Gjeldande reguleringsplan 1.2 Formål med planprogrammet I samband med planarbeidet vert det utarbeidd planprogram uavhengig av om planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing. Bakgrunnen for det er at det er mange interesser som skal ivaretakast i Undredal. Formålet med planprogrammet er å: - gjere greie for mål og hensikt for planprogrammet - gjere greie for rammer og premisser i planarbeidet - skildre ønska bruk av området - skildre problemstillingar som skal greiast ut - skildre organisering og framdrift i planarbeidet - skildre opplegg for informasjon og medverknad i planprosessen 3
2 Rammer og føringar for planarbeidet 2.1 Nasjonale føringar - RPR for å styrke ban og unges interesser i planlegginga - RPR for universell utforming - RPR for vernede vassdrag - Statleg planretningslinje for differensiert forvaltning av strandsona langs sjø Undredal Figur 2 Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap delområde sør Nærøyfjorden Verdsarvområde Undredal ligg som eit av fleire busette område i Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap delområde sør Nærøyfjorden. I verdsarvområdet er det definerte verdsarvverdiar som skal takast vare på for Nærøyfjorden. Kort samanfatta består verdsarvverdiane i Nærøyfjordområdet av: - fjordlandskap med aktive geologiske prosessar 4
- vakkert naturlandskap frå fjord til fjell med brear, skog, fossar og frittrennande elvar - kulturlandskap som gir naturlandskapet perspektiv. Det er utarbeidd ein forvaltningsplan for verdsarvområdet vestnorsk fjordlandskap delområde sør. 2.2 Kommunale planar Kommunal planstrategi 2012-2015 - reguleringsplan Undredal sentrum er med på lista over prioriterte planar. Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2014-2017 - Planarbeidet er også forankra i denne planen. Omtale frå Handlingsdelen: "Frå Undredal Bygdeutvikling ligg det føre førespurnad om at det vert sett i gang planarbeid for Undredal. Dei ynskjer å vidareutvikla lokalsamfunnet med basis i den verdiplattforma som ligg til grunn for verdsarvstatusen. Gruppa har frå før fått utarbeidd idear/skisser for konkrete etableringar og områdeplanar i løpet av 2008/2009, bl.a nærmiljøplan og bulyst og besøksstyring, av 2010. Dei peikar på konkrete stader der det er ynskje om reguleringsplanarbeid. I tillegg er det no i regi av verdsarvparken utarbeidd restaureringsplan for Nærøyfjorden, som vil vera eit viktig grunnlag for planarbeidet." 2.3 Gjeldande reguleringsplan Planen for området er vedteke av kommunestyret 12.12.1996. Det var ein omfattande planprosess med stor vekt på brei deltaking både frå innbyggjarane og politikarane. Målet med planen den gongen var å: avklare trafikk tilhøve finne bustadtomter verne om bygda sitt særpreg gje rom for utvikling av sentrumsfunksjonar satsing på reiseliv Det er behandla og godkjent ei reguleringsendring for bygging av eit servicebygg i Undredal. Servicebygget er bygd og drive av Undredal Bygdeutvikling AS. Her er det mellom toalettanlegg som er offentleg tilgjengeleg, servicebygg for campingplass, leilegheiter for utleige til turistar m.m. 5
2.4 Andre forhold Folketal 140 120 100 80 60 40 Folketal 20 0 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Folketals utvikling Innbyggjartalet i Undredal pr 01.01.2014 74 personar. Som grafen over syner har folketalet gått mykje ned dei siste 15 åra. Landbruk Den sentrale delen av innmarka i Undredal ligg innanfor gjeldande reguleringsplan. Geitehaldet er ei viktig næring og gjev grunnlag for mange av arbeidsplassane i Undredal. Undredal stølsysteri lagar kvit og brun Undredalsost, det same gjer Erna Underdal Skarsbø. Reiseliv Undredal er eit attraktivt reisemål. Mange besøkande let seg fasinere av plassen. Stavkyrkja er eit viktig reisemål, stavkyrkja er open for omvisning frå 1. mai til 30. september. Det er tilbod om overnatting gjennom utleige av rom, leilegheiter camping, kafé, visningssenter for osteproduksjon. Anna næring - Undredalsbui, Undredal tredreieri og med meir. Branntrygging Prosjekt knytt til tett trehusbebyggelse. 2.5 Andre dokument som er innspel til planarbeidet Nærmiljøplan for Undredal 18.10.2007 - utarbeidd av Aurland Prosjekttenesete 6
Bulyst og besøksstyring i Undredal, 30.06.2010 utarbeidd av Aurland Naturverkstad på oppdrag for Undredal bygdeutvikling Referat frå seminar om universell utforming, bulyst og besøksstyring i Undredal 5. - 6. april 2011 utarbeidd av Aurland Naturverkstad på oppdrag frå Undredal bygdeutvikling. Framlegg til restaureringsplan for Verdsarvområdet vestnorsk fjordlandskap delområde sør Nærøyfjorden - på høyring i perioden 15.4-16.05.2014. 3 Omfang av planarbeidet 3.1 Evaluering av gjeldande plan Undredal har ein reguleringsplan frå 1996. Som eit grunnlag for revisjonen vil det vere nyttig med ein gjennomgang av gjeldande plan for å finne ut kva det er ved planen som har fungert slik at dei kan vidareførast. 3.2 Planavgrensing. Gjeldande plan har ikkje med areal sør for elva. Sør for elva ligg ungdomshuset, skulen og Undredal vassverk. I samband med oppstart av planarbeidet er planområdet utvida i høve gjeldande plan. framlegg til planavgrensing følgjer vedlagt. 3.3 Viktige problemstillingar Forventingsavklaring til planarbeidet - kor langt går kommunen sitt ansvar? - kvar overtek andre ansvaret? - kven er dei andre? Næringsdrivande, grunneigarar, innbyggjarar, besøkande, andre offentlege aktørar? Ivaretaking av bygningsmiljø, kulturlandskap og strandsone - Forholdet til stavkyrkja Infrastruktur - Parkering, busstrafikk - Gåande vs køyrande - Veg, vatn og avløp til ev. nye bustadområde - Plass for handtering av boss Bustad - Ivaretaking av eksisterande bygningar - Høve til å bygge nytt - ressurs i eksisterande bygningsmasse Strandsona - Småbåthamn, for gjester og for fastbuande - Kai for større båtar - Tilgang til sjø, bading - Tilrettelegging for kajakk - i landstiging, oppbevaring Tilrettelegging for besøkande: - Skilting - Turveg- og stitrasear Tryggleik for ras og flaum 7
4 Behov for utgreiingar Det er gjort mykje arbeid i Undredal. Mellom anna jobbar Nærøyfjorden verdsarvpark med ein restaureringsplan for verdsarvområdet. - Strandsone - Kartlegging av bustadar og bygningar - Flaumsonekartlegging - tryggleik for ras- vurdering av eksisterande tryggingstiltak og tryggleik for ras i området generelt. - fullføring av arbeid med stadanalyse som er starta opp. 5 Organisering og medverknad Organisering - Styringsgruppe - utval for plan og utvikling Planen vert utarbeidd av Aurland kommune. 5.1 Planprosess Planprosessen vil følgje dei krav til rutinar og sakshandsaming som Plan og bygningslova og tilrår og krev. 5.2 Medverknad I planarbeidet vil det vere viktig å halde dialogen med dei som har interesser i planarbeidet. Både overordna offentlege myndigheiter og den einskilde grunneigar. Planforum - vert nytta i samband med utarbeiding av planprogram - før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn - då ønskjer vi også ei synfaring i Undredal med faginstansane. Opne bygdemøte - når det ligg føre utgreiingar for aktuelle tema før planframlegg er ferdig utarbeidd, - bygdemøte i samband med høyring av planen 5.3 Internett Kommunen har oppretta ei eiga side som vi nyttar til å legge ut informasjon om planarbeidet fortløpande, her (http://www.aurland.kommune.no/reguleringsplan-for-undredal.316726.nn.html) 5.4 Økonomi Aurland kommune utarbeider planen sjølv innanfor rammer for drift. Det vil vere behov for å hente inn ekstern kompetanse til flaumsonekartlegging, rasfarekartlegging. Det vil og vere behov for ressursar til fullføring av stadanalysen for Undredal. 8
6 Framdriftsplan og planprosess Tid Aktivitet Ansvar Veke 19 Politisk handsaming oppstart av planarbeid PLU Veke 20 Melding om oppstart av planarbeid - høyring av planprogram - 6 veker Varsling av grunneigarar pr brev Varsling av offentlege høyringsinstansar, lag og organisasjonar Kunngjering i Sogn Avis og på kommunen si heimeside Behandling av innspel Utgreiingsarbeid i samsvar med planprogrammet 1. sept Godkjenning av planprogrammet PLU Utarbeiding av framlegg til ny reguleringsplan i samsvar med planprogrammet. Gjennomføring av utgreiingar i samsvar med planprogram Planframlegget vert utarbeidd i samarbeid med berørte myndigheiter, Feb. 2015 Mai 2015 Juni 2015 innbyggjarar, næringsdrivande og andre. 1. gangs handsaming av planframlegget Vedtak om offentleg ettersyn Berørte grunneigarar, offentlege instansar m.fl kan kome med innspel og merknadar til detaljar og løysingar i planforslaget Administrativ handsaming av innkomne merknadar etter offentleg ettersyn Adm 2. gangs behandling av innkomne merknadar etter offentleg ettersyn PLU Slutthandsaming og vedtak i kommunestyret, det er klagerett på ein vedteken reguleringsplan. 9