Referat frå møte i regionalt brukarutval Møtetidspunkt: 7.mai kl. 13.00-15.00 og 16.30-17.30 Møtestad: Radisson Blu Plaza Hotell, Oslo Sak 26/13 Godkjenning av innkalling og protokoll frå førre møte Forfall: Steinar Andersen, Helen Åreskjold Forfall første del av møtet: Harald Lindvik, Grete Knudsen Vara: Kari Toftøy, Svein Nord Kristiansen Innkalling og sakliste blei godkjent. Protokoll frå RBU-møte 4. april blei godkjent med ein endring/tillegg nedst på side 5: «Brukarutvalet var samde om å prøve å få til å møte med 2 representantar i arbeidsgrupper framover. Brukarutvalet lager i formell henvending til Helse Vest om dette.» Sak 27/13 Gjennomgang av styresaker v/økonomi- og finansdirektør Per Karlsen Per Karlsen deltok i møte og gjekk igjennom sakene til styremøte i Helse Vest 15. mai. Rapportering frå verksemda per mars 2013 Ventetidsutviklinga per mars 2013 syner at dei gjennomsnittlege ventetidene for alle som starta behandling var 68 dagar, medan ventetida for dei som framleis venta ved utgongen av månaden var 77 dagar. Prosentdelen fristbrot for behandla er framleis høg (5 %), og har vore stabil samanlikna med førre månad. Helse Stavanger har framleis størst utfordringar knytt til korridorpasientar innan somatikken, medan Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har hatt ein nedgang i tala dei seinaste månadane. Innan psykisk helsevern har det vore ei markant stigning i talet korridorpasientar i Helse Stavanger HF dei siste månedane, medan Helse Bergen HF har hatt ein nedgang i februar og mars. Talet langtidsventande har auka svakt den seinaste månaden. Delen epikrisar sendt innan 7 dagar var 76 % innan somatikken og 77 % innan psykisk helsevern i mars 2013. Det økonomiske resultatet i mars er kr 64 mill. som er kr 12,3 mill. betre enn budsjettert. Akkumulert resultat er etter tre månader kr 144,2 mill. som er kr 6,9 mill. lågare enn budsjettert. Med unntak av Helse Stavanger melder føretaka ein prognose for året som er i tråd med budsjett. Samla investeringar per mars er på kr 274,6 mill. Dette utgjer omlag 16 % av forventa investeringsnivå i 2013. Det er framleis god utvikling i arbeidet med å utvikla ein heiltidskultur. 1
Helse- og omsorgsdepartementet har tidlegare utfordra dei regionale helseføretaka i forhold til å vurdere økonomiske sanksjonar ovanfor helseføretaka ved bruk av korridorplassar. Dette er gjenteke i føretaksmøte med Helse Vest RHF 31. januar d.å. der det heiter: Føretaksmøtet bad dei regionale helseføretaka om å setje i verk organisatoriske og/eller økonomiske tiltak for å sikre at målsettinga om at det ikkje skal vere korridorpasientar vert oppfylt. Føretaksmøtet bad dei regionale helseføretaka rapportere særskilt på dette innan 1. juni 2013. Helse Vest RHF skal rapportere til Helse- og omsorgsdepartementet per 1. juni på kva grep Helse Vest tek for å unngå bruk av korridorsenger. Tilsynsmelding 2012 Tilsynsmelding frå Statens Helsetilsyn er ein årleg publikasjon der Helsetilsynet trekk fram sider ved sosialog helsetenestene som fortener offentleg merksemd og debatt. Dei artiklane som gjeld spesialisthelsetenesta spesielt, eller som er av interesse for spesialisthelsetenesta er kommentert i styresaka. Dei aktuelle artiklane er: Behandling av skrøpelege eldre pasientar med hoftebrot Korleis gjekk det med dei utskrivingsklare Kvar kan det svikte i helseforskinga To tilsynssaker om medisinsk og helsefagleg forsking Krav til fertilitetsklinikkar blir ikkje alltid overhaldt Korleis kan arbeidsgivar førebygge, avdekke og følgje opp svikt hos helsepersonell? Når det skjer alvorlege hendingar i spesialisthelsetenesta kva då? Bygningsmessig kartlegging - status for vedlikehald i føretaksgruppa Styret i Helse Vest RHF har bedt om å få ein gjennomgang av vedlikehaldsstatus og etterslep på vedlikehald for bygningsmassen i helseføretaka. I tillegg er det bedt om at det blir gitt ein status for helseføretaka sine planar for korleis dei vil møte utfordringane. Tilstanden og vedlikehald av eigedomsmassen har vore eit tema sidan den statlege overtakinga av spesialisthelsetenesta. Både frå Helse- og omsorgsdepartementet og Helse Vest RHF er det ved fleire høve stilt krav til helseføretaka knytt til eigedomane. Seinast i 2012 blei det stilt krav om at det som del av økonomisk langtidsplan skal vere utarbeidd planar for forbetring av minimumstilstanden for bygg. I styresak 129/11 blei det også vist til at det i Helse 2020 er peikt på det store etterslepet på vedlikehald og dei utfordringar som er knytt til kvalitet og kapasitet på bygg og anlegg. I perioden 2010 2011 blei det utarbeidd tilstandsrapportar for heile bygningsmassen i kvart av helseføretaka.. I denne saka blir det gitt eit overordna bilete av status i det einskilde helseføretak samt orientert om kva planar og strategiar som ligg føre i helseføretaka per april 2013. 2
Årsmelding 2012 frå Pasient- og brukaromboda i Helse Vest Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientane og brukarane sine interesser og rettar overfor spesialisthelsetenesta og overfor den kommunale helse- og sosialtenesta. Pasient- og brukaromboda er administrativt ein del av Helsedirektoratet, men arbeider på eit sjølvstendig fagleg grunnlag. Pasient- og brukaromboda i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har kvar for seg lagt fram årsmelding for 2012. Dei områda som gjeld spesialisthelsetenesta spesielt eller som er av interesse for samhandlinga med kommunehelsetenesta er kommentert i styresaka. Årsoppsummering 2012 for Nasjonal IKT Nasjonal IKT har oversendt Nasjonal IKT si årsoppsummering for 2012 til styra for dei 4 regionale helseføretaka til orientering. Føremålet med årsoppsummeringa er å gi eit overblikk over arbeidet i regi av NIKT. Oppsummeringa gjer greie for kva NIKT arbeidar med, korleis arbeidet er organisert og korleis dagens samarbeidsform fungerer og kven NIKT samhandlar med. Oppsummeringa gir nyttig informasjon om avslutta og pågåande tiltak og langsiktige målbilete. I tillegg gir den viktige innspel i forhold til prioritering i 2013. Starategiplanar i for Nasjonal IKT er vedteke samrøystes i alle regionar. Det pågår eit arbeid med å utgreie om NIKT bør organiserast som eigen juridisk eining. Årleg melding 2012 - tilleggsopplysningar til Helse- og omsorgsdepartementet Årleg melding 2012 frå Helse Vest RHF blei sendt til Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) innan fristen 15.03.13. HOD har bedd om tilleggsrapportering på nokre av styringskrava for 2012. Helse Vest RHF har utarbeidd dette, og tilleggsrapportering er sendt HOD innan fristen 03.05.13. Sak 28/13 Kommentarar til spørsmål frå Harald Lindvik i RBU-møte 27/2 - om samanhengen mellom krav om økonomisk budsjettbalanse og pasientkøar «Er det slik at dersom sjukehusa innfrir dei økonomiske måla så vil dette føre til lengre ventetider for pasientgrupper som kronikarar og eldre?» ved/økonomi- og finansdirektør Per Karlsen Denne saka blei utsatt til Per Karlsen sitt innlegg for alle brukarutval i Helse Vest på fellessamlinga 5. 6. juni. Sak 29/13 Fellessamling 5. 6. juni i Stavanger Njål og Torunn oppdaterer agendaen med litt fleire pausar og innleiarar frå Helse Vest IKT og fagavdelinga i Helse Vest RHF. Både pasient- og brukarombodet i Rogaland og Hordaland har innlegg på samlinga. Det var semje om å legge inn eit RBU-møte frå kl. 1000 1200 5. juni, men avlyse dersom det ikkje kjem inn saker. Solfrid og Else-Berit skal direkte vidare til Traumesamlinga på Pasienthotellet i Stavanger, og treng rom på pasienthotellet frå 6. 7. juni. Solfrid treng og hotellrom på Rica Forum frå 4. 5. juni. Sak 30/13 Brev/invitasjonar 3
Rehabilitering på kryss og tvers 27. 28. mai, Oslo Solfrid deltek på konferansen «Rehabilitering på kryss og tvers». Solfrid melder seg på sjølve, og sjekkar ut om prisen for brukarrepresentantar er rabattert. Sak 31/13 Deltaking i prosjekt, oppdatering av oversikt Referat frå brukarane Claus Ingebrigtsen oppsummerte frå nest siste møte i arbeidsgruppa CFS/ME. Referat frå møtet blir sendt ut til RBU-møte i juni. Claus Ingebrigtsen oppsummerte frå første samling i «utvidet faggruppe» KULE-prosjektet. På samlinga var det fokus på mellom anna følgjande tema: «Epikrise i handa», kommunikasjon mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, samt eresept. Referat frå samlinga blir sendt ut til RBU-møte i juni. Claus Ingebrigtsen oppsummerte rehabiliteringskonferanse på Ullensvang 3. mai Samlinga var interessant, med mye helsepersonell. Det var varierande kjennskap til /bruk av ordninga med brukarstyrt personleg assistent i kommunane. Referat frå samlinga blir sendt ut til RBU-møte i juni. Harald Lindvik oppsummerte frå styringsgruppemøta i Virtuell AMK i Helse Vest Virtuell AMK er no etablert og i drift i alle føretak. Pål Berger oppsummerte frå brukarstyrt «ruskonferanse» i Stavanger Det var 300 deltakarar på konferansen, og svært gode tilbakemeldingar. Tilsvarande konferanse vil bli arrangert neste år. Oppdatering av oversikt Det var ingen oppdateringar til oversikten. 4
Brukarrepresentantar som har delteke på møte/seminar må sende inn skriftlege korte referat til leiar av brukarutvalet/sekretær for å sikre at heile brukarutvalet blir orientert. Sak 32/13 Eventuelt Fellers retningslinjer for brukarutvala i Helse Vest Arbeidet med å utarbeide felles retningslinjer for brukarutvala blir teke opp igjen i juni. Ønske om 2 brukarrepresentantar i alle grupper Brukarutvalet sender ei formell henvending til Helse Vest og ber om å få moglegheit til å ha to brukarrepresentantar i alle i grupper. I arbeidet med regional plan for TSB bør det vere 2 brukarrepresentantar med. 07.05. TN 5