Landbruk og naturforvaltning Brevegen AS Postboks 294 Att: Ove Ellingsen 6852 SOGNDAL 29.01.2018 Arkivsak: 17 / 5024 Løpenr.: 18 / 1511 Sakshandsamar: Svar på søknad om billettbu i Nigardsbreen NR Me viser til dykkar epost av 19.12.2017. Det vert med dette gjeve melding om at landbrukssjefen har teke slik avgjerd i d - sak 31 / 18 : Med heimel i naturmangfaldlova 48 får Brevegen AS løyve til å ha ei flyttbar billettbu ståande på pa rkeringsplassen ved Brevatnet på fylgjande vilkår: Billettbua skal plasserast på oppsida a v parkeringsplassen, slik at ho ikkje sjenerer for utsynet mot breen. Bua skal kva r h aust transporterast ut av verne området og vinterlagrast annan stad. Bua skal ikkje på nokon måte skjemma heilskapsintrykket til dei besøkande. Både bua og området rundt skal haldast reint, ryddig og vedlikehalde. Bua skal ikkje ha fargar, reklame eller effektar som står i sterk kontrast til naturen i kring, eller som konk urrerer med breen om å fanga merksemda. Det skal ikkje seljast anna enn billettar frå bua. Ved brot på vilkåra, eller dersom det oppstår utilsikta ulemper ved tiltaket, kan kommunen krevja bua fjerna. Det kan ikkje påreknast løyve til framføring parkeringsplassen. av strau m eller bruk av aggregat på Vedtaket er fatta administrativt i medhald av Luster komm une sitt delegeringsreglement k - sak 10/17. De har rett til å klaga på vedtaket. Klaga må vera skriftleg og sett fram innan 3 veker frå d e har motteke melding om vedtaket. Me viser til vedlagde orientering. Med helsing naturforvaltar tlf.: 57 68 55 84 Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ikkje underskrift. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E - POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Luster kommune Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 Rådhusvegen 1 57 68 55 00 Bankgiro : 6868 GAUPNE 3785.07.00142
Vedlegg: Orientering om klagerett Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 LEIKANGER SN O Jostedalsbreen, Att: Anne Rudsengen, Landbruk og naturforvaltning, Runar Hatlevoll
Luster kommune Delegert vedtak Utval som skal ha melding om vedtak: Plan - og forvaltningsstyret Vedtaksdato: 29.01.2018 Svar på søknad om billettbu i Nigardsbreen NR Arkivsak: 17 / 5024 Sakshandsamar: Arkivkode: K12 &18 SAKSFRAMSTILLING : Brev egen AS h ar utvida sesongen for båtskyss på Brevatnet og investert i ein ekstra båt for å unngå stor kø i høgsesongen. Dei y nskjer di for å ha ståande e i mobil bil lettbu i enden av parkeringsplassen. B ua skal brukast til sal av billettar og ly til båtførar. Bua skal ikkje vera større enn at det går greitt å f jerna henne kvar haust. Parkeringsplassen ligg innanfor Nigardsbreen naturreservat. Relevant lovverk: Forskrift om vern for Nigardsbreen naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane ( FOR - 1985-07 - 12-1477 ) Naturmangfa l dlova (nml, LOV - 2009-06 - 19-100) Dispensasjonar til tiltak som ikkje er særsk ilt omhandla i verneforskrifta skal heimlast i natu rmangfaldlova 48: «Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdi ene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. ( )» Vurdering: Føremålet med vern av Nigardsbreen NR er «å ta vare på eit særprega dalføre med godt utvikla brerandsone som har stor verdi for studiar av brevariasjonar i historisk tid, bre - og breelv - aktivitet og plantesuksesjonar» (kap. III). Verneforskrifta tek ikkje føre seg denn e typen tiltak særskilt, men ho set forbod mot oppføring av bygningar, opplag av campingvogner (kap IV 2) og forbod mot telting og camping (kap. IV 4). På grunnlag av overføringsverdien av desse reglane vurderer landbrukssjefen tiltaket å vera søknadspliktig. Historikken og erfaringane kring reiselivsaktiviteten i reservatet er godt samafatta i forvaltningsplanen (mnl 8). I den før ste utgåva frå 1997, vert det synt til at forvaltninga på 1990 - talet mottok førespurnader om å etablera kio sk på parkeringsplassen. Desse vart avvist fordi ein ikkje ønskte fleire kommersielle tiltak i reservatet. Ei billettbu er på mange måtar samanliknbart, men dette tiltaket representerer ikkje noko nytt kommersielt tiltak. Sjølve transporten og parkeringa av billettbua vil vera på asfaltert område, og kan såleis ikkje påverka verneverdiane nemneverdig. Båtskyss en har eigen heimel i kap V 2, det same gjeld køyring på vegen, dette impliserer at aktivitet knytt til drifta av båtane ikkje strir mot verneføremålet. For å sikra at tiltaket ikkje får uønskte sideeffektar er det ført opp nokre vilkår. I samband med be søksstrategien som er under utarbeiding ynskjer forvaltninga å løfta besøksopplevinga mellom anna ved å rydda opp i merking og skilting i reservatet. I denne samanhengen er det viktig at billettbua held ein visuell standard som passar med det inntrykket ei n ynskjer å formidla til publikum.
Så fremt det ikkje oppstår problem med forsøpling eller ureining knytt til bua, vil tiltaket ikkje påverka naturmangfaldet (nml 10). Det er Brevegen AS sitt ansvar å hindra dette. I vedtaket er det også slege fast at m isleghald, eller skadeverknader ein oppdagar etter kvart, kan medføra at løyvet vert inndrege. Til slutt er det gjeve nokre signal om kva avgrensingar som gjeld for bruken av bua, med føremål å avklara moglege spørsmål kring kva løyvet faktisk heimlar. Sak: 31 / 18. Vedtak: Med heimel i naturmangfaldlova 48 får Brevegen AS løyve til å ha ei flyttbar billettbu ståande på parkeringsplassen ved Brevatnet på fylgjande vilkår: Billettbua skal plasserast på oppsida a v parkeringsplassen, slik at ho ikkje s jenerer for utsynet mot breen. Bua skal kva r haust transporterast ut av verneområdet og vinterlagrast annan stad. Bua skal ikkje på nokon måte skjemma heilskapsintrykket til dei besøkande. Både bua og området rundt skal haldast reint, ryddig og vedlikehald e. Bua skal ikkje ha fargar, reklame eller effektar som står i sterk kontrast til naturen i kring, eller som konkurrerer med breen om å fanga merksemda. Det skal ikkje seljast anna enn billettar frå bua. Ved brot på vilkåra, eller dersom det oppstår utilsikta ulemper ved tiltaket, kan kommunen krevja bua fjerna. Steinulf Skjerdal Landbrukssjef
Avsendar: Luster kommune Rådhusvegen 1 6868 GAUPNE Melding om rett til å klaga over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova 27 tredje ledd og fjerde ledd) Mottakar Brevegen AS Dato 30.01.2018 Klageinstans Miljødirektoratet Denne meldinga gir viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått underretning om. Klagerett Kven kan De klaga til Klagefrist Rett til å krevje grunngj eving Kla gen sitt innhald Utsetjing av vedtaket Rett til å sjå saka sine dokument og til å krevja rettleiing Kostnader ved klagesaka Klage til Sivilombudsmannen De har rett til å klaga over vedtaket. Klagen skal først sendastil avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som fylgje av klagen, vil han bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er fatta av kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det organ desse har bestemt. Dersom vedtaket er fatta av komm unestyret eller fylkestinget, er klageinstansen kommunaldepartementet eller det organ det har gitt mynde til. Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagd innan fristen går ut. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi Dykk oppgi når denne meldinga kom fram. Dersom klagen blir send for seint, er det adgang til å sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefristen. De bør då i tilfelle nemne grunnen til utsettinga. Dersom De ikkje allereie har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav om å få det. Slikt krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist startar frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga. Klagen skal nemna det vedtak det vert klaga over, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør nemna Dykkar grunngjeving for å klaga og evnt. andre opplysningar som kan ha noko å seia for vurderinga av klagen. Klagen må underskrivast. Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har imidlertid adgang til å søkja om å få utsett iverksettinga av vedtaket inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord. Med visse avgrensninger har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle vende Dykk til det forvaltningsorgan som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om adgangen til å klage og om reglane for handsaminga elles. De kan søkja om å få dekt utgifter til naudsynt advokatbistand etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld imidlertid normalt visse inntekts - og formuegrenser. Fylkesmannen sitt kontor elle r vedkommande advokat kan gi nærare rettleiing. Det er også særskild adgang til å krevja dekning for vesentlege kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til gunst for ein part, er det også adgang til å søkja dekning for vesentlege kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekning for sakskostnader. Det er også mogeleg å klaga til Stortinget sin ombudsmann for forvaltningen (Sivilombudsmannen). Sivilombudsmannen har ikkje adgang til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa saka inn for Sivilombudsmannen. Særlege opplysningar