REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 02 februar 2009 Stad: Bykle rådhus Desse møtte: Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid 4754 BYKLE Olav Mandt 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum Randi Steinsholt Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 07.02. 2009 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Møter med bedrifter i kommunen forslag til oppfølging 4. Drøfting av utviklingstankar 5. Årshjul for styresaker 6. Søknad om støtte til markedsføring og drift av destinasjonsselskap 7. Ekstraordinære generalforsamlingar i HovdenFerie AS og Hovden Booking AS 8. Støtte til forprosjekt 9. Søknad om støtte 10. Eventuelle andre saker 1
SAKSINFORMASJON SAK 01/09. GODKJENNING AV REFERAT Referat frå styremøte 11-12.12.08 blei lagt fram for godkjenning. Etter innspel frå styreleiar, var det gjort ei lita justering i vedtaket for Den galne hane Styret godkjente referat frå møte 11-12.12.08, og underskreiv dette. SAK 02/09. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Hovden Løypekøyring AS Løypemaskina som blei kjøpt inn, Kassborer pistenbully 400, har no vore bruka i to månader. Det har i denne tida vore mykje problem med den nye maskina. Leverandøren og fabrikken jobbar med å rette opp dei siste feila på løypemaskina. Det er sett i gang arbeid for utarbeiding av eit HMS-system for selskapet sitt virkeområde. B. Verna område som potensial for reiselivsnæringa Miljøverndepartementet har i samarbeid med Kommunal og regionaldepartementet sett i gong programmet Naturarven som verdiskaper for perioden 2009 2013. Direktoratet for Naturforvaltning er ansvarlege for gjennomføring av programmet. Det er sett av 10 millionar til programmet i 2009, og på landsbasis skal opp til 10 prosjekt plukkast ut. Det blir jobba med å få fram ein felles søknad frå Agder-fylka, og kanskje Rogaland. For oss er det viktig å prøve å få med prosjekt som passar for Hovden. C. Oppfølging av løypeplan BHV har no gått inn og tatt prosjektleiinga for oppfølging av løypeplanen. Det er utarbeidd ein framdriftsplan for vidare oppfølging, samt prinsipp for utarbeiding og framforhandling av grunneigaravtaler. Desse dokumenta blei handsama av kommunestyret 29.01.09. Det er sett ned arbeidsgrupper for å sette i gong tiltaka, og grunneigarar vil bli involvert i utarbeidinga av grunneigaravtalar. Slik framdrifta no er planlagt reknar ein med å få på plass nokre av dei nye skiløypene til neste vinter. D. Engasjement for Stamvegaksjonen/Agderrådet I samsvar med handsaming på sist styremøte, er det inngått skriftleg avtale om oppdrag for stamvegaksjonen. Oppdraget startar 01.02.09 og har 3 mnd. oppsiingsfrist for begge partar. E. Fjellgardstun sameige Det blei orinetert om vurderingar av forholdet mellom eigar av Fjellgardstun og sameiget, og tilbakemeldingane som er gitt til eigaren. 2
F. Ny lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd Offentleglova trådde i kraft 01.01.2009. Verkeområde for lova er utvida, slik at den no også gjeld for sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet. Dette medfører at vi må sjå på rutinane for postlister og sakshandsaming for BHV. Ein må og vere merksam på dette i samband med HovdenFerie og Hovden Booking. SAK 03/09. MØTE MED BEDRIFTER I KOMMUNEN FORSLAG TIL OPPFØLGING Det blei orientert om gjennomførte møter med bedrifter, og utfordringar for dei ulike bransjane. I neste styremøte skal det leggast fram ei sak som kompletterar bedriftsmøta. Det skal då drøftast om BHV skal dreie støtta si til i større grad å omfatte lån/likviditestilførsel i enkeltbedrifter, eller om BHV i størst grad skal støtte på overordna nivå. BHV skal vurdere korleis ein kan stimulere sentrumsutviklinga på Hovden. BHV ber om å gi orientering til kommunestyret om bedriftsmøta, der det blir gitt ein grov oversikt og presentert forslag til tiltak. BHV ønskjer å samarbeide med kommunen i oppfølging av idear og forslag som har kome fram. BHV skal arrangere 4-5 frokostmøter i året og auke innsatsen i forhold til kompetanseheving for næringslivet. SAK 04/09. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Denne saka blei sett i samanheng med sak 3. SAK 05/09. ÅRSHJUL FOR STYRESAKER Saka var ei oppfølging av interkommunal revisor sin gjennomgang. Styret vil etablere følgande rutiner for handsaming av saker: Rekneskap handsaming i etterkant av kvart tertial Årsrekneskap Handsaming i mai Rullering av strategiplan Handsaming i september Neste års budsjett- Handsaming i desember Halvårige møteplanar Handsaming på siste styremøte før nytt halvår 3
Det blir dessutan lagt opp til informasjon til kommunestyret i mai og november. Eitt av møta bør leggast opp som dialogmøte mellom kommunestyret og heile styret. Styret vil tilrå at vedtektene blir endra, slik at dei er tilpassa den aktuelle drifta i selskapet, og vil tilrå endringar i samband med generalforsamlinga i juni. SAK 06/09. SØKNAD OM STØTTE TIL MARKEDSFØRING OG DRIFT AV DESTINASJONSSELSKAP Selskapet skal kome med ein ny, revidert søknad til neste styremøte. SAK 07/09. EKSTRAORDINÆRE GENERALFORSAMLINGAR I HOVDEN FERIE AS OG HOVDEN BOOKING AS Saka blei utsett. SAK 08/09. STØTTE TIL FORPROSJEKT Styret drøfta saka. Det blir sett i gang eit forprosjekt som kan gi grunnlag for konklusjonar ang. vidare drift av Bjåen fellesfjos. Eigarane skal delta aktivt i prosessen. Dagleg leiar får fullmakt til å løyve inntil kr 50.000 til tiltaket. SAK 09/09. SØKNAD OM STØTTE Avslag ikkje offentleg. SAK 10/09. ANDRE SAKER A. Oppfølging av tilbud frå Ecosign Styret hadde fått tilsendt skisse for trafikkanalyse frå Ecosign. Styret ser det som mest naturleg at trafikkanalyser blir gjennomført i samband med kommunen sitt planarbeid for Hovden sentrum. 4
B. Bykle Vindu støtte til prosjektering Styret blei orientert om prosessen som er sett i gang ved BykleVindu. Styret gir dagleg leiar fullmakt til å gi støtte til prosjekteringsarbeidet. Støtta frå BHV skal vurderast, etter at Innovasjon Noreg har gitt sitt tilsagn. Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid Tore Wiese-Hansen Reidar Fuglestad Anne E. Senum Olav Mandt Randi Steinsholt Magne Kvaslerud 5