Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 27.02.2012 Dykkar dato 03.01.2012 Vår referanse 2012/219 331.1 Dykkar referanse 11/1134 Osterøy kommune Rådhuset 5282 Lonevåg OSTERØY KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 14.desember 2011. Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Fylkesmannen vil ikkje oppheva budsjettvedtaket. Kommunestyret må likevel vedta budsjettrevisjon i samsvar med dette brevet innan 30. mai d.å. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Skatteøyret for personlege skattytarar blei redusert frå 2010 til 2011. Reduksjonen blei gjort for å redusera skatteinntektene sin del av samla inntekter. Samla for kommunane svarar dette til ein like stor auke i den statlege rammeoverføringa. For 2012 er skatteøyret for kommunane 11,6 %. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 138.850.000,- i skatt på eige og inntekt for 2012. I 2011 var det ein samla skattereduksjon for kommunane i landet på 3,2 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2011 til 2012 med 2,9 %. Kommunen sitt skattenivå i 2011 var 81,0 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 348,1 mill. Inntektsprognosen for 2012 er no oppdatert med førebelse innbyggjartal pr. 01.01.2012 og innkomen skatt i 2011. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2012. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2011. Noverande inntektsprognose er kr. 344,8 mill. Dei budsjetterte frie inntektene ligg difor om lag kr. 3,3 mill. høgare enn den siste inntektsprognosen. Det er ikkje grunnlag for så høge pårekna frie inntekter som lagt til grunn i vedteke budsjett. Kommunen må vedta eit budsjett med eit realistisk inntektsnivå slik at tilstrekkeleg underskotsinndekning blir gjennomført reelt. Eigedomsskatt Det er budsjettert med kr. 16.045.000,- i eigedomsskatt. For 2011 var eigedomsskatten budsjettert med kr. 13,5 mill. Kommunen har over lang tid hatt eigedomsskatt på verk og bruk med 7 promille av takstgrunnlaget. Det blir vidareført i 2012. Frå og med 2007 er grunnlaget for eigedomsskatt utvida til alle eigedomar i kommunen. Heradsstyret har vedteke å auka eigedomsskatten frå 4,0 promille i 2011 til 5,0 promille i 2012 på bustad og fritidseigedomar. Dette er grunnlaget for den budsjetterte auken i eigedomsskatten frå 2011 til 2012. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2012 er i statsbudsjettet 3,25 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % ( vekt 0,635 ) og varekjøp med 2,0 % ( vekt 0,365 ). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan gjenståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). Det er budsjettert med kr. 8.635.000,- i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån ). Dei ordinære avdraga i budsjettet ligg med dette noko i overkant av minstenivået på 3,5 prosent av netto lånegjeld ved utgangen av 2011. 2
Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2012 skal minimum 60 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til investeringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. Budsjettet legg opp til driftsfinansiering av investeringar med kr. 1.740.000,-. Dette svarar til 60 prosent av investeringsdelen av momskompensasjon. Netto driftsoverskot i budsjettet er kr. 7.648.500,-. Netto driftsoverskot er planlagt nytta til inndekning av tidlegare meirforbruk, kr. 5,5 mill. Netto driftsoverskot elles er budsjettert overført til finansiering av investeringar med kr. 1.740.000,- som er tilbakeføring av momskompensasjon (60 prosent av investeringsdelen ), samt netto avsetjingar med kr. 408.500,-. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Dette er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Kommunen har eit betydeleg oppsamla premieavvik knytt til pensjon som må bli utgiftsført. Ved utgangen av 2011 var oppsamla premieavvik om lag kr. 34 mill., medrekna arbeidsgivaravgift. Det er viktig at likviditeten blir styrka på bakgrunn av det store premieavviket knytt til pensjon. Oppsamla premieavvik har bidrege til at kommunen har hatt svak likviditet dei siste åra. Kommunen vil ha eit gjenståande akkumulert underskot ved utgangen av 2011 med mellom kr. 9 mill. og kr. 10 mill. I dette beløpet er det inntektsført pårekna kompensasjon i samband med ressurskrevjande tenester. Kommunen har inntektsført bruk av heile det tidlegare barnehagefondet til og med 2011. Utan dette tidlegare fondet, ville m.a.o. det akkumulerte underskotet no vore tilsvarande større. Fylkesmannen legg til grunn at minst halvdelen av akkumulert underskot blir dekka inn i år. Den gjenståande delen av underskotet må bli dekka inn i 2013. Kommunal- og regionaldepartementet har tidlegare godkjent at underskotet blir dekka inn innan utgangen av 2012. Dersom den planlagde inndekningstida må gå utover 2012, må kommunen søkje departementet om å få godkjent inndekningsplan til og med 2013 for det akkumulerte underskotet. Inndekningstida vil med dette gå utover 4 år. 3
Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2012 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 50,0 mill. Av investeringane er kr. 28,0 mill. innan vass- og avlaupssektoren. Dei største investeringane elles er i bokbuss, rassikring Haus barnehage, bilar til helse- og omsorgstenesta, innløysing av grunn, opprusting av kommunale vegar og bruer, samt kyrkjegard Hosanger og Gjerstad. Investeringane innan sektor for vatn og avlaup skal vere fullt ut sjølvfinansierande gjennom gebyr. Investeringane er i hovudsak planlagt finansierte med bruk av lån ( kr. 48,26 mill. ). I tillegg går 60 prosent av investeringsdelen av momskompensasjonen inn i finansieringa (kr.1 740 000,-). Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2010 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til om lag kr. 53.505,-. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr. 37.330,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg dei seinaste åra, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har no eit gjeldsnivå som ligg om lag åtte prosent høgare enn landsgjennomsnittet ( utanom Oslo ). Kommunen si netto lånegjeld ved utgangen av 2011 er rekna til om lag kr. 244,3 mill., eller om lag kr. 34.000,- pr. innbyggjar. Formidlingslån ( startlån ) i Husbanken kjem i tillegg til dette. Bruk av lån i investeringsbudsjettet består av følgjande : - Bruk av unytta lån, sjølvkost kr. 9,0 mill. - Nye lån, sjølvkost kr. 19,26 mill. - Bruk av unytta lån kr. 2,0 mill. - Nye lån kr. 18,0 mill. = kr. 48,26 mill. Fylkesmannen godkjenner låneopptak kr. 19,26 mill. innan vass- og avlaupssektoren. Låna skal vere fullt ut sjølvfinansierande. Fylkesmannen godkjenner også opptak av startlån kr. 7 ½ mill. til vidareutlån. Kommunen har eit relativt stort akkumulert underskot, og det er nødvendig å gjennomføra budsjettrevisjon for reelt å få tilstrekkeleg stor underskotsinndekning i år. Dersom kommunen ikkje kunne inntektsført bruk av det tidlegare barnehagefondet, ville det akkumulerte underskotet vore tilsvarande større ved utgangen av 2011. Det er difor viktig å unngå store låneopptak inntil vidare, som ikkje er avgiftsfinansierte. I investeringsbudsjettet er det innarbeidd nye lån med kr. 18,0 mill., utanom lån til vass- og avlaupssektoren. Fylkesmannen vil ikkje godkjenna desse låneopptaka fullt ut. 4
Fylkesmannen godkjenner med dette kr. 8,0 mill. av nye lån til investeringar ( utanom vassog avlaupssektoren ) i 2012. Vi utset ei eventuell godkjenning av resten av låneopptaka i investeringsbudsjettet, kr. 10,0 mill. av kr. 18,0 mill., til seinare. Oppsummering Kommunen må vedta eit budsjett med eit realistisk inntektsnivå slik at tilstrekkeleg underskotsinndekning blir gjennomført reelt. Det er sannsynleg at dei frie inntektene er budsjetterte for høgt. Kommunen har eit betydeleg oppsamla premieavvik knytt til pensjon som må bli utgiftsført. Oppsamla premieavvik har bidrege til at kommunen har svak likviditet, og det er viktig at likviditeten blir styrka. Fylkesmannen legg til grunn at minst halvdelen av akkumulert underskot blir dekka inn i år. Den gjenståande delen av underskotet må bli dekka inn i 2013. På bakgrunn av akkumulert underskot og pårekna ubalanse i vedteke budsjett, vil Fylkesmannen berre godkjenna ein mindre del av dei generelle låna i investeringsbudsjettet, det vil sei kr. 8,0 mill. av kr. 18,0 mill. Ny vurdering av låneopptaka vil bli gjort etter at kommunen har gjennomført budsjettrevisjon. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Gjenpart : Nordhordland revisjonsdistrikt, Postboks 16, 5902 Isdalstø Sekretariatsleiar for kontrollutval, Postboks 16, 5902 Isdalstø 5
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 6