BJORHAUG BARNEHAGE 2018/2019

Like dokumenter
BJORHAUG BARNEHAGE 2019/2020

Innhaldsliste. 1. Presentasjon av barnehagen 1.1 Barnehagens visjon 1.2 Eigenart/profil

Innhaldsliste. 1. Presentasjon av barnehagen 1.1 Barnehagens visjon 1.2 Eigenart/profil

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Årsmelding for Urhei barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Å fremje felles interesser til beste for barnet

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Informasjonshefte Tuv barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Stokkalandsmarka barnehage

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan Askeladden barnehage 2018/ 2019

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Øystese barneskule April - 08

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Årsplan Ballestad barnehage

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

ÅRSPLAN Motlandsmarka barnehage

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Årsplan Gimsøy barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

HANDLINGSPLAN FOR Å SIKRE ALLE BARN SIN RETT TIL EIT TRYGT OG GODT BARNEHAGEMILJØ. Giske oppvekstsenter, barnehage

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

ÅRSPLAN Motlandsmarka barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Tryggleikssirkelen i systemretta arbeid

Saman om Ørstabarnehagen

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Leikande, glade barn og natur hand i hand

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Årsplan for Lensmannsgarden barnehage Visjon: «Varme hjerter- gode øyeblikk»

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Du må tru det for å sjå det

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

ÅRSPLAN FRELSESARMEENS BARNEHAGER, AUGLENDSDALEN

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Tryggleikssirkelen i systemretta arbeid

Trivsel og vekstvilkår

ÅRSPLAN FOR KLARA`S FAMILIEBARNEHAGE Epost: Tlf:

Trygge og gode barnehage- og skulemiljø

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Årsplan for de kommunale barnehagene i Nesset 2018/2019

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Transkript:

BJORHAUG BARNEHAGE 2018/2019

Innhaldsliste 1. Presentasjon av barnehagen 1.1 Barnehagens visjon 1.2 Eigenart/profil 2. Barnehagens verdigrunnlag 2.1 Barnehagen skal ivareta barnas behov for omsorg 2.2 Barnehagen skal ivareta barns behov for leik 2.3 Barnehagen skal fremme danning 2.4 Barnehagen har ansvar for å sikra progresjon 3. Fokusområder frå Kvalitetsplan for barnehagen 4. Medverknad 4.1 Barn 4.2 Foreldresamarbeid 5. Overgangar 5.1 Når barnet byrjar i barnehagen 5.2 Overgangar i barnehagen 5.3 Overgangen mellom barnehage og skule 6. Samarbeid 6.1 Samarbeid internt i barnehagen 6.2 Samarbeid med eksterne instansar 7. Vurdering

Barnehagens samfunnsmandat er i samarbeid og forståing med heimen, å ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Rammeplanen peiker på at vi må tydeleggjere progresjon innanfor omsorg, leik, danning og læring. Dette er et arbeid vi startar med i haust, og vil seinare verte supplert i årsplanen. (Rammeplanen, 2017, s.7) 1. Velkommen til Bjorhaug barnehage Bjorhaug barnehage starta opp 18. mai 2009 i Gudmestadvegen 24. Barnehagen ligg sentralt til på Nærbø. Barnehagen ligg i gangavstand til m.a. Jernbaneskogen, Bø og Motland skule, Loen, biblioteket og Jærmuseet. Me nytter nærmiljøet aktivt, slik at barna kan verta kjent med området me bur i. Næraste nabo til barnehagen er ein gard, midt i Nærbø. På denne garden har dei sauar og hestar, noko som er til stor glede for oss i barnehagen. Bjorhaug barnehage har tre avdelingar: Topphaugen ( 4-6 år), Haugen (2-4 år) og Litlehaugen (1-2 år). Me er 14 tilsette; 6 barnehagelærarar, 6 barne- og ungdomsarbeidarar og 2 assistentar. 1.1 Barnehagens visjon Bjorhaug barnehage sin visjon er: «Me ser den enkelte og heie på fellesskapet» Visjonen til Bjorhaug ligg som eit overordna mål for arbeidet vårt saman med lov om barnehagar, Rammeplanen og Kvalitetsplan for barnehagar. Rammeplanen 2017 er klar på korleis me vaksne i barnehagen skal møta barna. Dei skal møtes som eit enkeltvesen. Kvart einskild barn skal verta sett og høyrt, danne gode relasjonar, møtast med omsorg og ha ein primærkontakt. Tilsette skal skapa og ha eit godt samarbeid med foreldre. Alle barn skal oppleva humor, glede, spenning og engasjement gjennom leik- aleine og saman med andre. Barnehagen sitt innhald skal vere variert og tilpassa det enkelte barn og barnegruppa. Me i Bjorhaug arbeidar for å sjå det enkelte barn, å møte dei med respekt og anerkjenning, samtidig som me vi heier på fellesskapet. Bjorhaug barnehage skal være ein arena der alle barn skal erfare at dei betyr noko for fellesskapet. Me arbeider for at barna skal oppleve å være i positive samspill med barn og vaksne. Me skal legge til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Rammeplanen vektlegger å støtte barna i sitt møte med omverden å legge grunnlag for sjølvstendig, modig og ansvarlig deltaking i demokratisk fellesskap. I Bjorhaug arbeidar me på fleire måtar med å kjenne på følelsen av å vere ein del av eit felleskap, det å kjenne eit samhald. Me har blant anna felles start og avslutning på dagen. Me har fellessamlingar og fellesturar.gode felles opplevingar kan skape inspirasjon til nye leiketema og utvida leikerepertoar, og sjølvsagt for gode samtalar og språkutvikling for barna.

1.2 Barnehage med fokus på relasjonar. «Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og mestring» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 8). Bjorhaug barnehage har fokus på relasjonar mellom barn- barn og vaksne - barn. Me har arbeidd med vaksenrollen over fleire år. Me har fokus på at det er den vaksne som har ansvar for relasjonen. Med gode trygge relasjonar får barna ein god kvardag i barnehagen. Me arbeider utifrå COS ( Circle of Security), som er eit verktøy for å styrkje relasjonar og tilknyting. Ynskjer du å vite meir om dette opplegget kan du besøke nettstaden: https://www.circleofsecurityinternational.com/ eller ta kontakt med barnehagen. Relasjonskrysset er og eit verktøy Bjorhaug barnehage brukar for å styrkje relasjonar og ha fokus på vår rolle som vaksen i forhold til barnet. Elles har me leikegrupper både på tvers av alder og på tvers av avdelingar. Bjorhaug startar tidleg opp med tilvenning. Me byrjar med foreldremøte tett opptil søknadsfristen, deretter inviterer me dei einskilde barna til eigne besøk nokre dagar i april. Me startar opp med open barnehage for dei nye på tysdagar frå midten av mai til slutten av juni. På denne måten kan me danne gode relasjonar allereie før barna byrjar i barnehagen. Trivselsagentar: 5 åringane får ekstra ansvar for å sjå at alle har det greitt. Dei får agentkort og skriver under på ein kontrakt. Dette vert jamt teke opp på Bjorhaugrådet og vert evaluert saman med agentane. Gledesspreiarar: 4 åringane i Bjorhaug er Gledespreiarar. Dette er eit nytt prosjekt som startar opp barnehageåret 2017/2018. Målet med å være Gledespreiar er å glede andre. Måtar me vil spreie glede på er blant anna å besøke sjukeheimen, bedrifter og andre institusjonar i nærmiljøet. Gjennom å vere dei me er, vil me skapa glede, humor og latter. Me vil bygge relasjonar på tvers av alder, på tvers av institusjonar, bedrifter eller andre aktørar i nærmiljøet.

Bjorhaugråd, B-Gjengen og turar til Jærmuseet: Bjorhaugrådet er ein del av opplegget rundt dei eldste barna i barnehagen(skulebarna). Det vert skrevet eit kort referat. Gjennom Bjorhaugrådet ynskjer me at barna skal få innsikt i, og erfaring med å vere deltakande i eit demokratisk samfunn. Erfare at deira val og handlingar påverkar situasjonar for seg sjølv og andre. Dei vert valt inn i komitear saman med dei vaksne, og vil dermed ha ein reell påverknad i alle opplegg. For dei eldste barna startar B-Gjengen opp i slutten av august. Me har samling i lag kvar dag. Ein gong i månaden får me oppdagarferd. Det kjem ut ein plan for kva som skjer i samlingane. Denne ligg ute på nettsida. Frå februar/mars er det tilpassa skulestart, og de foreldre/føresette får invitasjon frå den skulen barnet skal starte på. Det vert samling ca. ein gong i månaden saman med dei andre som skal starte i første klasse på same skule. Annan kvar fredag går B-Gjengen til Jærmuseet. Målet med desse turane er å oppdaga, styrkje tilknytinga til nærmiljøet, og å gje barna gode felles opplevingar. B-gjengen er delt i to grupper. Når den eine gjengen er på Jærmuseet har resten Bjorhaugråd i barnehagen. Barna sin estetiske veremåte: Barnehageåret 2018/2019 skal avdelingane arbeida under temaet barna sin estetiske veremåte. Dette handlar om å erfare og lære gjennom bruk av sansane. Avdelingane vil arbeida i bolkar på tre månadar med ulike forteljingar og eventyr gjennom å bruke dei estetiske faga som blant anna: form og farge, musikk og drama. Me opplever at på denne måten kan me møta dei ulike barna «der dei er» gje dei utfordringar å strekkes seg etter, samt støtte der det er behov for det. Me har ein handlingsplan mot mobbing, denne finn de på heimesida, https://www.ha.no/bjorhaug/. Her finn det og ein link til nettsida «tryggbarnehage.no» som er ein nettstad der føresette og me som personale kan finne framgangsmåtar og tips dersom me opplever mobbing i barnehagen. Me oppmodar føresette til å ta kontakt med barnehagen om de opplever at barnet ikkje trives, eller vert mobba i barnehagen. Me vil gjerne hjelpe til, leggje til rette, og arbeide for at barnet skal oppleva eit godt psykososialt miljø i barnehagen. Vårt hovudmål er at alle skal få oppleve tryggleik og omsorg i barnehagen.

2. Barnehagens verdigrunnlag 2.1 Barnehagen skal ivareta barnas behov for omsorg Alle barn har rett til å verte møtt med omsorg, og personalet skal møte det unike hjå alle barn. Personalet skal vere lydhøre for barnas nonverbale og verbale uttrykk. «Personalet skal verdsette barnas egne omsorgshandlingar» (Rammeplanen,2017, s. 8) I Bjorhaug barnehage betyr dette at me møter det enkelte barn på det som barnet treng. Korleis me møter den enkelte er viktig. Vi har tid og lyttar til det einskilde barnets behov. Me synliggjer at me genuint bryr oss om barnet, viser til punkt 1.2 som handlar om relasjonar. 2.2 Barnehagen skal ivareta barns behov for leik «Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik aleine og saman med andre» (Rammeplanen, 2017, s. 9). Personalet skal ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kjem inn i leiken. Dei skal rettleie barna dersom leiken medfører uheldige samspillsmønster, vere bevisst på, og vurdere eiga rolle og deltaking i barnas leik (Rammeplanen, 2017, s. 9). Bjorhaug barnehage arbeider for at me skal sjå leiken, leggje til rette for, og inspirere til leik, både inne og ute. Det er personalet si oppgåve å støtte og oppmuntre barnet i leiken der ein ser det er behov for det. Me legg stor vekt på å gje leiken tid og rom, både ute og inne. Barnehageåret 2018/2019 har me prosjektet leikelyst. Prosjektet har fokus på barna sin leik og den vaksne si rolle i leiken, noko som vil gje oss meir kompetanse på feltet.

2.3 Barnehagen skal fremme danning Barnehagen skal bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig, og ansvarlig deltaking i demokratisk fellessap,.og bidra til at barna utviklar kritisk tenking. Barnehagen skal bidra til at barna forstår verdiar og normer som er viktig for fellesskapet og legge til rette for utvikling av etisk vurdering.(rammeplanen, 2017, s. 21). I Bjorhaug barnehage vil vi leggje til rette for meiningsfulle opplevingar, og støtte barna si identitetsutvikling og positive sjølvbilete, læra barna å ta konsekvensar av eigne val, og gjere dei i stand til å handtera livet sine mange utfordringar. Danning skjer i det daglege samspelet og er ein del av barn sin utvikling, og heng nært saman med leik, læring og sosial kompetanse. 2.4 Barnehagen har ansvar for å sikra progresjon i barna si utvikling. Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikla seg, lære og oppleve framgang. Opplevinga av meistring er nært knytt til utviklinga av eit godt sjølvbilete, derfor må alle barna få utfordringar tilpassa sitt ståsted. Barna utviklar seg ulikt og med forskjellig tempo. Progresjonen skal derfor følgje barnet, ikkje ei bestemt aldersgruppe. Det er viktig at me vaksne i Bjorhaug har god kunnskap om det enkelte barn, slik at me kan gje han/ho noko å strekkje seg etter tilpassa kvart enkelt barn sitt ståsted. Barnehagen skal gje kvar einskilt barn gode utviklingsmogeligheiter ut ifrå barnet sine interesser og evner. Personalet skal gje barna varierte erfaringar og opplevingar. Personalet skal sjå og bekrefta barna i meistringsøyeblikka, og ivareta barna si oppleving av meistring. 3. Fokusområder frå Kvalitetsplan for barnehagen Leiing i alle ledd. Gjennom leiing må vi ha fokus på å skape ein positiv og støttande relasjon i alle ledd. Leiar må saman med sitt personale, være motiverte og ha tydelege forventningar til kvarandre og til det enkelte barn. Fokus på leiing i barnehagen er eit kontinuerleg arbeid og har betyding for barn sin trivsel, utvikling og læring.

Prosessmål: Fokus på autoritative kulturleiarar Me i Bjorhaug har fokus på vaksenrollen, på den vaksne sitt ansvar i relasjonen til barn og foreldre. Me har gjennom fleire år arbeidd med samspelet mellom den vaksne i møtet med barn, i ulike situasjonar. Barnehageåret 2017/2018 har me arbeida gjennom eit prosjekt me har kalla «leikelyst» Me vil fortsette med prosjektet i barnehageåret 2018/2019. Leikelyst er eit prosjekt som gjer den enkelte vaksne høgare kompetanse på eigen rolle i leiken. Korleis den vaksne kan leie barn gjennom leik og være ein god rollemodell. Leiargruppa arbeider med boka «Barnehagelæraren som profesjonsutøvar». Denne boka vil gjere oss meir beviste på eigen rolle i møte med kollegaer, barn og foreldre. På fagmøta arbeidar barnehagelærarane, fagarbeidarane og assistentar med Line Melvold si bok «Livsmestring i barnehagen». Gjennom denne boka ynskjer me å heve kompetansen samt gje barnehagen eit felles språk. I tillegg arbeidar me med «leikelystprosjektet del 2» der me legg vekt på vaksenrollen i leiken. Boka me brukar dette året er Terje Melås si bok «Med blikk for leik i barnehagen». Medverknad i Bjorhaug barnehage vert beskrive i kapitellet under. 4. Medverknad 4.1 Barn Bjorhaug barnehage arbeider for at barna skal ha høve til å påverka sin eigen kvardag. Barna sin medverknad er ein sterk del av vårt pedagogiske verke og tenking. Medverknad stimulerer barns nyfikenheit, skapartrong og sjølvbilete. Barnehagebarn er i høg grad kompetente til å skape kunnskap og meining i sitt liv. Det handlar om å verte anerkjend. Anerkjend som eit menneske. Eit menneske som skal få lov til å uttrykkja eigne opplevingar gjennom ord og kropp. Rammeplanen seier at «barn skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga. Det betyr at personalet må vere merksame på barna sitt kroppslege og språklege uttrykk.

Medverknad handlar om meir enn å velje å vera ute eller inne. Medverknad handlar om å oppleva anerkjenning for eigne tankar og meiningar. Medverknad er å oppleva at eigne tankar og meiningar vert høyrte. Medverknad er å oppleva at eigne tankar og meiningar nokre gonger får konsekvensar. Medverknad er å verta inkludert i fellesskapet. 4.2 Foreldresamarbeid Det er foreldre /føresette som kjenner barna sine best. Me i barnehagen ynskjer å vere eit positivt og godt supplement til heimen. For å få dette til legg me vekt på ein nær og god dialog/samarbeid med heimen. Saman med FAU har barnehagen utarbeidd eit forventningsdokument som gjeld for alle partar. FAU: Foreldre-arbeidsutvalet består av 6 valte representantar frå foreldregruppa. Valet vert teke på fyrste foreldremøte i nytt barnehage år. Representantane vert sitjande i en periode på 2 år. FAU diskuterer innmelde saker som har med barnehagen å gjere, og tek dette eventuelt vidare til Styrar og SU. Medlemmene i FAU finn du kontaktinformasjon til på barnehagens heimeside. SU: Samarbeidsutvalet består av 2 representantar frå barnehagens personell, 2 representantar frå FAU, Styrer og ein politikar frå Utvalet for opplæring og kultur. SU tek opp saker som er meldt vidare frå FAU og barnehagen, i tillegg til at dei mellom anna godkjenner årsplan og budsjett. 5. Overgangar 5.1 Når barnet begynner i barnehagen I Bjorhaug barnehage legg me vekt på ein trygg start i barnehagen. Personalet skal sørgje for tett oppfølging den første tida slik at barna kan etablera gode relasjonar, oppleve tilhøring og tryggleik til å leike, utforske og lære. For å oppnå dette har vi eit foreldremøte kort tid etter barnehageopptak, barna får fortløpande besøkstider der dei kan etablere ein relasjon til sin primærkontakt. Det vert og gitt anledning til å vitje barnehagen ein time i veka på oppsette dagar i etterkant av dette. Ved starten av barnehageåret er det lagt opp til minimum tre dagars tilvenning der barnet er i barnehagen saman med sine føresette.

5.2 Overgangar i barnehagen Me samarbeider på tvers av huset for å gjere overgangen mellom avdelingar best mogleg. I juni arrangerer me fleire besøk på ny avdeling. Då får barnet vitje ny avdeling i lag med primærgruppe og primærkontakt, om mogleg, og delta i samling og i måltid. Siste veka i barnehageåret legg me og til rette for at dei som skal bytte avdeling får gå på ny avdeling. Målet er å leggje til rette for ein mjuk overgang, at barna skal verta kjende og få ein byrjande tryggleik på ny avdeling før oppstart i august. 5.3 Overgangen mellom barnehage og skule Me har gode rutinar for overgangen barnehage-skule. Frå februar/mars fram til juni vert barna inviterte til tilpassa skulestart. Barna får då gå på besøk til "sin" skule. Her er det eit variert opplegg der barna vert kjend med skulen, lærarar og kvarandre. Dei barna som går i barnehagen den dagen, vert fylgt av personalet i barnehagen, så langt det lar seg gjere. De foreldre vert inviterte til foreldremøte på skulen, samt til ein overgangssamtale med barnehagen, heimen og skulen. 6. Samarbeid 6.1 Samarbeid internt i barnehagen Me ynskjer at samarbeidet på tvers av huset skal vere trygt og godt, og at barna etterkvart skal kjenne alle vaksne og barn i barnehagen. Det er òg viktig at barna vert trygge på dei ulike avdelingane sidan dei fleste vil være innom alle tre avdelingane i løpet av tida i Bjorhaug. For å leggje til rette for dette har me laga «På tvers» -grupper, der personale og barn er saman i grupper på tvers av avdelingane. Dette er ein god måte å stifte vennskap og samhald på tvers av avdelingane. «På tvers» gruppene blir valt for eit år, og ynskje om gruppe får barna vere med å medverke til ut i frå interesse, gjerne i lag med foreldre i byrjinga av året. Gjennom barnehageåret 2018/2019 er «På tvers» gruppene: Forming, Musikk og drama, Tur og Matlaging.

Leiarmøte: Fagmøta består av pedagogar frå dei ulike avdelingane og vert hele ei gong i veka. Basemøte: Basane har møte 1 gong i veka der dei tek opp fag, utfordringar, oppmuntringar og er ein arena for samarbeid innad på avdelingane. Fagmøte: Består av personale på tvers av avdelingane. Dette møtet er en arena for samarbeid og felles kompetanseheving. Komitémøte: Personale på tvers av avdelingane planlegger spesielle markeringar og dagar saman med Bjorhaugrådet. 6.2 Samarbeid med eksterne instansar PPT pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste for foreldre og barnehage. Bjorhaug barnehage har ein eigen kontaktperson i PPT, Linda Iren Jellestad. Sosialpedagogisk team: Teamet er satt saman på tvers av etatane. Barnehagen og foreldra kan ta opp utfordringar som gjeld einskilde barn eller barnegrupper i sos.ped. teamet. Blir eit barn tatt opp med namn skal det alltid vere i samarbeid med foreldra, og foreldra skal gje skriftlig løyve til dette. Sosialpedagogisk team består av Helsesøster Stine Haugseng, Barnevernskonsulent Tina Melhus Rasmusen, pedagogisk psykologisk rådgjever Linda Iren Jellestad. Styrer og pedagogar er med på møta. Dato for møta 2018/2019 Er: 20.09, 22.11, 07.03 og 23.05. I tillegg har me samarbeid med Jærmuseet, tannhelsetenesta, Skulane i krinsen og brannvesen med fleire. 7 Vurdering Kvalitetskryss: Bjorhaug barnehage brukar Kvalitetskrysset for å evaluere arbeidet og opplegga me held på med. Kvalitetskrysset brukar me både på fagmøter, basemøter og personalmøter minimum ein gong i månaden. Då har me ein vurdering på korleis opplegga og måla for månaden har fungert. Det skal og vere ein felles evaluering og reflektering av arbeidet i personalgruppa kvart år. Me brukar og Kvalitetskrysset i Bjorhaugrådet, dette gjev oss innsikt i kva barna opplever og tenkjer om dei ulike arrangementa og barnehagen generelt. Brukarundersøking: Me har ei brukarundersøking i løpet av barnehageåret. Foreldra får passord tilsend på mail og vert oppmoda til å delta. Svara me får frå undersøkinga brukar me til å arbeide vidare med å heva kvaliteten i barnehagen. Brukarundersøkinga vert lagt fram for FAU og SU. Ståstedsanalyse: Alle tilsette i Bjorhaug barnehage deltek i undersøking om arbeidsmiljø og utvikling. Resultatet vert lagt fram for SU i ettertid av undersøkinga. Analysen vert nytta til å heve kvaliteten i barnehagen.

Barnesamtaler: 4 og 5 åringane har barnesamtale med pedagogen på sin avdeling. Tema for desse samtalene er blant anna trivsel. Bjorhaugrådet: På desse møta vert opplegg og barnehagekvardagen generelt evaluert. Desse gjer oss høve til å få høyra kva tankar og idear barna har om dagane i barnehagen, og dei får oppleva medverking til eigen kvardag. Bjorhaug barnehage Kontoret 51432291 Styrar: Valbjørg Haugen Tlf. 48864813 Pedagogisk leiar: Tanja Litlehaugen Tlf. 48864814 Pedagogisk leiar: Eirin Topphaugen Tlf. 48864815: Pedagogisk leiar : Margunn Planleggingsdagar 2018/2019 Onsdag 15 august Fredag 16 november Onsdag 2 januar Tysdag 23 april Fredag 31 mai