Kvar går beitedyra? NSG - Norsk Sau og Geit. Forfatter Michael Angeloff, NIBIO Yngve Rekdal, NIBIO

Like dokumenter
Utmarksbeitet i Sør-Trøndelag trues av gjengroing

Informasjon og brukarrettleiing

Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn

Utmarksbeitet i Nord-Trøndelag - ressursgrunnlag og bruk. Yngve Rekdal, Stjørdal

Det nasjonale beiteprosjektet

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

Utmarksbeitet i Buskerudressursgrunnlag. Yngve Rekdal, Vikersund

Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

Utmarksbeite kvalitet, kapasitet og bruk. Yngve Rekdal

Regional samling april/mai 2014

Presentasjonsregler: Beitebruk

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Brukarrettleiing E-post lesar

Dyr på beite Mattilsynet si rolle Regionalt folkemøte om rovdyrpolitikk. Ingeborg Stavne, Mattilsynet region midt,

Beiteressursar i Nord Østerdalen

Landbruksinteresser i verneområda i Dovre og Lesja. Ellen Marie Sørumgård Syse

Utmarksbeitet i Hedmark

Konflikt pga. mangelfull planlegging.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Beitebruksprosjektet! Marie Skavnes, FMLA - Gjøvik 18 februar 2012

Utmarksbeitet i Møre og Romsdal. Yngve Rekdal

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Tilbakemelding på faggrunnlaget for ulv, ulvesonen og bestandsmål for ulv

Gro Bøthun Bjørkum. Det fyrste de må gjera er å gå til Her skriv de sognekart i søkeruta. No vil denne adressa koma opp:

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Hva er verdien av beitegraset?

Brukarrettleiing. epolitiker

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Yngve Rekdal, Røros

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Utmarksbeite - ressursgrunnlag og bruk. Yngve Rekdal, Skjetlein

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

Utmarksbeite- ressursgrunnlag og bruk. Yngve Rekdal, Vauldalen

Kontaktinformasjon: Tone R. Knutsen og Trond Rolland Fylkesmannen i Vestland. Torgeir Opeland Røthe Sogn og Fjordane fylkeskommune

GARDSKART, AR5 OG. JORDREGISTER Tonje F. Aase

AR 5 BROSJYRE 1/2011 (FORSIDEN) Arealressurskart

Utfordringer og muligheter i forbindelse med gjerding Marie Skavnes, FMLA Oppdal 9. februar 2012

Stranda kommune Næring og teknisk

Beitebruksplan for Os prosjektbeskrivelse,

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Tilbakemelding på faggrunnlaget for ulv, ulvesonen og bestandsmål for ulv

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Gå til sida Klikk Esc. Skriv inn brukarnamn og passord.

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Potensialet i utmarka for kjøttproduksjon. Beiteseminar, Beitostølen 2013

Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn. Oppland Sau og Geit

Sauebonde sidan 1984 Har hatt og har mange tillitsverv i Sau og Geit. Lokallag/fylkeslag Værring/avlsutvalg

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

GJERDERETTLEIAR. Godkjent i plan og miljøutvalet, , sak 84/19

Kommunedelplan for beitebruk Vedtatt av Sør-Fron kommunestyre Dato: 28.april 2015, K-sak 017/15

Bilete og figurar i Word

Prosjekt sau og utmark

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

ROVVILTNEMNDA I REGION 1 Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møte , sak 3/13 gjort følgjande vedtak:

Informasjonsmøte for beitelaga

Nytt elektronisk søknadssystem for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Ny teknologi i beitenæringa Honne 24. oktober 2018

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Biletbruk på nettet 1 2

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Til deg som bur i fosterheim år

Ein kort introduksjon til Fylkesatlas

Utvikling av OBB i Regionalt miljøprogram

Erfaringskonferanse Nasjonalt beiteprosjekt januar Beitebruk i Oppland

Samspel mellom rase og gardsmiljø påverkar overleving hos lam

Nytt elektronisk søknadssystem for om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

Vintervèr i Eksingedalen

MØTEBOK. Nils P. Støyva, Ap Karen Marie Hjelmeseter, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Normaltap Ulf Lucasen Årsmøte i Møre og Romsdal Sau og Geit

Brukarrettleiing for saksbehandlar Prosjektskjønn

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Bruk av reiserekning i Agresso

Innhaldet i beitebruksplan i Gol

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

Gjerder i beiteområder og Retten og plikta til gjerdehald. Jordskifteretten 1

Norsk Sau og Geit. Beredskapsplanens del om beitedyr Versjon 1. juni 2019

Rovviltforvaltning og beitebruk i Vestland, ansvar og roller

Radiobjøller Telespor.no GSM-teminal - Radiobjella

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Vilkår: REINHEIMEN NASJONALPARK - DISPENSASJON - MOTORFERDSEL TRANSPORT MED SNØSCOOTER AV UTSTYR, Med helsing

Store dokument i Word

Søknadsskjema for Den kulturelle spaserstokken

Transkript:

NSG - Norsk Sau og Geit Kvar går beitedyra? Forfatter Michael Angeloff, NIBIO Yngve Rekdal, NIBIO Sammendrag Utmarksbeite er arealkrevjande. Mange aktørar vil vera med å avgjera korleis norsk utmarksareal skal forvaltast. Beitenæringa må derfor vera til stades der disponering av areal foregår, understreker forfattarane i denne artikkelen. Publisert 2018 Referanse Sau og Geit Nr. 3/2018 Utskriftsdato 27.12.2018 www.fag.nsg.no Denne artikkelen finnes i Norsk Sau og Geit sin fagdatabase på Internett, www.fag.nsg.no

Kvar går beitedyra? Utmarksbeite er arealkrevjande. Mange aktørar vil vera med å avgjera korleis norsk utmarksareal skal forvaltast. Beitenæringa må derfor vera til stades der disponering av areal foregår, understreker forfattarane i denne artikkelen. Foto: Eli Bondlid Tekst: Michael Angeloff og Yngve Rekdal, NIBIO I nformasjonssystem for beitebruk i utmark (IBU) skal vera næringas synleggjering av beiteinteressene i utmark. Kvaliteten på informasjonen som blir lagt inn avgjer kor godt systemet er. Data for beitesesongen 2017 er no lagt ut. Kva er IBU? Informasjonssystem for beitebruk i utmark er ei internettside som viser kartfesting av beitelag organisert gjennom stønadsordninga Organisert beitebruk (OBB). Ved sida av beitelagsgrenser er det vist kor mange dyr som er sleppt og tapsprosent. IBU vart etablert i 2002 og er no drifta av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Systemet er tilgjengeleg gjennom NIBIO si kartteneste «Kilden». Det er berre dei laga som søkte tilskot siste beitesesong som blir vist i «Kilden». 36 I 2017 var det registrert 749 beitelag som omfatta til saman 1,56 mill. sau, 77 600 storfe og 17 700 geit. Dette utgjer omlag 75 % av sauetalet som vart sleppt i utmark, 30 % av storfeet og 30 % av geitene. Tilslutninga til OBB varierer med 94 % av sauen i Oppland og 38 % i Rogaland. IBU byggjer på følgjande datakjelder: 3/2018 SAU OG GEIT

Søknadsskjema for Organisert beitebruk I søknadsskjema for OBB legg beitelags - leiar inn tal dyr sleppt og heimsanka for beitelaget. Om laget er delt inn i fleire beiteområde blir tala lagt inn for kvart delområde. Søknaden blir lagra i Land - bruksdirektoratet sitt tilskotssystem estil. Når utbetaling av tilskot er klart, blir tala for dyr sleppt og tapt sendt til NIBIO. Kart over beitelag som er med i Organisert beitebruk Her er det teikna inn området som kvart beitelag vanlegvis nyttar. Høveleg måle - stokk for innteikning av beitelagsgrenser er 1: 50-100 000. Endringar blir meldt inn frå beitelaga til kommunen som samordnar og sender dette til NIBIO. Det hadde vore ønskeleg at Fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA) hadde hatt koordi - neringsansvar her. Slik var det tidlegare, men ansvaret er no lagt til kommunen. NIBIO knyter kart og statistikk saman for kvart år. Beitelag som ikkje søker tilskot eit år blir borte frå kartet, men dukkar opp att når dei søkjer neste gong. Knyting mot andre kart og register Data for fleire andre kartverk og register kan knytast til IBU. I «Kilden» er systemet integrert i NIBIO sine andre kartdata. Det betyr at ein kan sjå kva som er innafor beitelaget i dei andre kartprodukta insti - tuttet har. Systemet hentar også inn data frå andre kartprodusentar, som verneområde frå Miljødirektoratet, kulturminne frå Riksantikvaren med meir. Ulik kvalitet Kvaliteten på dataene er ulik. Nokre lag er teikna svært grovt, medan andre er veldig detaljerte. Grove kart, der til dømes heile kommunar er teikna ut som eitt beitelag, gjev lite informasjon om beitebruken. Skal beitelagskarta ha bruksverdi er det viktig at teikninga av beiteområda er truverdige, elles vil ikkje informasjonen bli lagt vekt på. Det er òg viktig at karta er oppdaterte og at dei held omlag same detaljeringsgrad. Oppdatering av beitelagskartet blir gjort kvart år i april-mai. Dei fleste laga er stabile frå år til år, men nokre endringar er det. Kilden blir oppdatert ein gong i året i mai, men vi tek imot oppdateringar fortløpande. Dessverre er det lag som ikkje melder inn endringar og karta kan dermed bli misvisande. Kva kan vi bruke IBU til? Beitenæringa er den mest arealkrevjande næringa vi har. 35 % av landet blir bruka av organiserte beitelag. Informasjonssystem for beitebruk i utmark (IBU) skal vera ein reiskap for forvalting av utmark og næringsutvikling innan utmarksbasert husdyrbruk. Systemet kan brukast på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå: Næringsutvikling Systemet gjev grunnlag for planlegging av betre beitebruk ved at ein kan synleggjera så vel ledige, lite utnytta som høgt nytta beite. Kopla saman med vektdata og data om naturgrunnlaget kan det gje grunnlag for meir detaljerte kapasitetsberekningar og planer for skjøtsel av beite. GPS-data frå radiobjeller kan gje kunnskap om korleis ein innan beitelag bør sette inn tiltak for styring av dyr, gjerding, saltsteinar m.m. Systemet gjev oversikt over sankelagsstrukturen som grunnlag for å finne gode løysingar for beitebruk i kommune og fylke. Beredskap Sjukdomar og ulykker rammar utmarksbeitande dyr. Da er det viktig å veta kvar dyra går. Eit døme er Tsjernobyl-ulykka der arbeidet med tiltak vart organisert gjennom beitelaga. Fleire smittsame sjukdomar er trugsmål for beitenæringa. Scrapie, skrantesjuke og fotråte er stikkord her. Smitte - overføring kan foregå på beite. For å finne smittevegar er det viktig å veta kvar dyra i ulike beitelag kjem ifrå. Gjennom IBU kan ein vise kva for driftseiningar som har sauer i det enkelte beitelag, og kvar hovudbølet for desse driftseiningane ligg. Kopla opp u Tapsprosent for sau/lam på utmarksbeite per beitekommune i Hedmark. Gjennomsnittstap i 10-årsperiodar 1973-2012. SAU OG GEIT 3/2018 37

mot sjukdomsdata, gjev systemet moglegheiter for arbeid med forebyggjande tiltak mot spreiing av husdyrsjukdomar. Rovdyr Konfliktnivået mellom rovdyr og beitedyr er høgt. Reiskap for å finne konflikt - dempande rådgjerder er viktig. Kopla med geografisk stadfesting av kadaverfunn og forekomst av rovdyr kan ein planlegge tiltak som kan redusere konfliktnivået mellom beitebruk og vern av rovdyr. IBU har også historisk statistikk som gjer at ein kan få eit bilete av korleis tap av husdyr utviklar seg. IBU var den viktigaste dokumentasjonen av beitenæringa i utgreiinga kring rovdyr og landbruk som vart utført ved NIBIO i 2016. Forsking For forskingen ligg det ei gullgruve av data og moglegheiter i denne koplinga mellom kart og register. Noreg har stor variasjon i natur- og landskapstypar. Bruk av ulike data kring naturgrunnlag kan avdekkje faktorar som er viktige for produksjonsresultatet. Forsking er også viktig for utforming av offentleg verkemiddelbruk. Ver på plass der beslutningane blir fatta - Skal beitebruk bli teken omsyn til, må næringa vera på plass der dei politiske beslutningane blir fatta, understrekar Angeloff og Rekdal. - Presset på norsk utmark er aukande. Fleire brukarinteresser, både nye og tradisjonelle, vil vera med å avgjera korleis utmarka skal forvaltast, understrekar dei to. Skal beitebruk bli teke omsyn til, må nær inga synleggjera arealinteressene sine og vera til stades der areal blir dispo nert. IBU bidrar til dokumentasjon av husdyrbruket sine arealinteresser i utmark. Dokumentasjonen kan brukast både i arealplanlegging og til løysing av arealbrukskonflikter. Systemet er særleg eigna i høve til arbeid med kommunale beiteplaner, men òg i høve til regionale problemstillingar. I tilskotsforvaltning er systemet ein sentral arbeidsreiskap. Michael Angeloff Yngve Rekdal 38 3/2018 SAU OG GEIT

Korleis finne og bruke IBU? NIBIO si kartteneste «Kilden» finn du på internettadressa https://kilden.nibio.no/ Når du startar «Kilden» vil noregskartet koma fram på skjermen. Tilgjengelege kartlag blir vist på venstre side. Trykk på «+» knappen framfor beitelag for å sjå temakarta for beitelag. Slå av og på kartlag ved å hake av i boksane på venstre side. Karta legg seg oppå kvarandre og blir teikna i rekkefølgja dei er haka av. Nedst i menyrekka på venstre side finn du «Valgte kartlag». Verkty for teikning og utskrift finn du øvst i menyen på venstre side. Nede på høgre side av skjermen kan du velge mellom ulike typar bakgrunnskart eller flyfoto. Detaljert brukarveiledning til Kilden finn du under menyvalget «Informasjon» og hjelp oppe til høgre i det grå bandet. Her er det mykje nyttig informasjon. Navigering i kart På høgre side av skjermen finn du ein målestav. Trykk på + eller for å zoome inn og ut i kartet. Navigér ved å halde museknappen inne og «dra» deg rundt i kartet. Om du kjem heilt på villstrå er det berre å trykkje på knappen med norgeskartet på høgre side. Den zoomar ut til landskartet. I det grå bandet øvst på sida kan du søke på fylke, kommune, stadnamn, adresse eller eigedom. Karta i Kilden er laga slik at du får fleire tema tilgjengeleg når du zoomar inn i kartet. Kartlaga som visast med grå skrift er ikkje synlege i aktuell kartmålestokk. Zoomar du innover vil fleire kartlag og tema bli tilgjengelege. Finne informasjon om beitelag Trykk i kartet for å få fram meir informasjon om kartlaga som er slege på. Trykkjer du på eit beitelag, vil det dukke opp eit vindauge med ein liten tabell med samletal for beitelaget. Temakart Ulike tema kan visast ut frå beitelags - informasjonen som er lagt inn. Temakarta er delt inn i klassar og fargelagt etter desse. Kart som kan visast er dyretalet som er sleppt og tapsprosentar for sau og lam, storfe og geit. Temaet «Sau per km²» viser tal sau og lam per km² tilgjengeleg areal. I tilgjengeleg areal er bre, vatn, tettstad, dyrka mark, bart fjell og blokkmark ikkje med. Beitelagskartet kan òg visast saman med dei andre karta som ligg i Kilden. Vegetasjonskart finst for om lag 10 % av landet og gjev detaljert informasjon om beitekvalitet for storfe og sau. Infor - masjon om naturgrunnlaget finst òg i karta som viser arealressursar. Areal - ressurskart i målestokk 1: 250 000 og 50 000 er heildekkande kart basert på generalisert markslagskart under skoggrensa og tolking av satellittfoto i fjellet. Statistikk Statistikk for alle beitelag ligg tilgjengeleg på nettsidene om beitelag. Gå inn på https://www.nibio.no/tema/ landskap/kart-over-beitebruk-ogseterdrift/beitestatistikk, velg område (fylke) og last ned rekneark med data frå Organisert beitebruk 2013-2017. Bla til venstre for å sjå alle kolonner. Bruk filter for å få fram informasjon om eit enkelt beitelag eller ein kommune. Trykk på kolonneoverskrifta og velg aktuell verdi. På statistikksida ligg òg data for alle beitelag frå 1992 til 2013 som nedlastbare filer saman med fylkestal som er tilgjengeleg tilbake til 1970. Beitelag i Noreg. Beitelag i Midt-Gudbrandsdalen fargesett etter talet på sleppte sau og lam. SAU OG GEIT 3/2018 39