Skodje kommune Kultureininga Møtereferat Referat frå møte i Skodje namnenemd 05.02.15 Dato / tid: Torsdag 05.02.15 kl 1900 Referent: Stad: Møteleiar: Til stades: Forfall: Kopi til: Magne Fylling Gomerhuset Kari Grindvik Kari Grindvik, Per Stette, Reidulf Erstad, Dag Brusdal, Arne Utvik, Harald Honningdal, Bent Leite, Magne P. Fylling Sak 1/15: Håhjemsvik bustadfelt namn på veg. Stadnamnstenesta på Vestlandet har signalisert bruksnamnssak dersom Nymarken blir vedtatt som vegnamn. Ei bruksnamnssak vil truleg ta lang tid, derfor foreslår namnenemda Nymarktunet som namn på denne vegen, og får då halde på Nymark-namnet. Vegen startar på gnr 14, bnr 3 - men endar på gnr 14, bnr 6 der det er regulert inn to tomter som vil få denne adressa. Gnr 14, bnr 6 er utskild frå 14/3 i 1918 og har namnet Nymarken, jf Bygdebok for Skodje, band 1 s 267. Skodje Bondelag: Foreslår Nymarkvegen med utgangspunkt i primærnamnet på gnr 14/6. Namnenemda: Det eksisterer allereie ein veg i Skodje med namnet Nymarkvegen. Skodje namnenemd tilrår namnet Nymarktunet. Sak 2/15: Valle- namn på to vegar Veg 66 på kart W: Vegen, som i førre runde hadde aktuelt namn Vallevegen, blei teken ut då det vegnamnet kan vere aktuelt på ein annan vegparsell. Veg 66 går parallelt med europavegen frå Valleskiftet og vestover kloss til bensinstasjonen. Ved å namnsetje vegparsellen Valleskiftet blir dette namnet løfta fram og teke vare på for ettertid. Skodje Bondelag: Foreslår Skogvegen. Meiner namnenemda sitt forslag er misvisande. Reguleringsvegen austover frå fv 656, parallelt med E39, har namnet Skogvegen, og då kan det vere naturleg å bruke same namn vestover. Liv S. Helgesen støttar forslaget Valleskiftet. Sak- /dok.nr.: 14/336-55 Arkivkode: L32 Dato: 05.06.2015
Namnenemda: Dersom Skogvegen skal forlengast mot vest, må eksisterande veg omadresserast, som vil bli til ulempe for innbyggjarane som har fått ei adresse. Eksisterande adresser er innarbeidde i kart og GPSsystem. Fv 656 skil Skogvegen frå vegen vestover, og det er også ei parallellforskyving på dei to vegane.. Skodje namnenemd tilrår namnet Valleskiftet. Veg 66 b på kart W: Vegen er komen til fordi oppsitjarane på Vallegardane v/lars Kristian Valle har sett fram ønske om namnsetjing slik dei kan få adresse knytt til vegen. Vegnamnet Vallegardane er foreslått av dei som vil få adressa si knytt til denne vegen. Vallevegen er sett fram som aktuelt namn fordi denne vegparsellen er del av den gamle «Vallevegen». Vallevegen vil heller ikkje så lett kunne forvekslast med Vallegrenda, som blir adressenamn for alle som bur i Vallegrenda butadområde. Innspel i høringsrunden Skodje Bondelag: Støttar forslaget Vallevegen. Meiner heile vegstrekninga frå Vallegardane til Storvågen, som før utgjorde den gamle «Vallevegen», burde få det namnet. Namnenemda: Vegparsellen er del av den gamle «Vallevegen». Namnet Vallevegen vil heller ikkje så lett kunne forvekslast med Vallegrenda, som blir adressenamn for alle som bur i Vallegrenda butadområde. Skodje namnenemd tilrår namnet Vallevegen. Sak 3/15: Glomset namn på veg Namnsetjing av denne vegen på Glomset er kome fram etter ønske frå Geir Ola Vatne, framsett i mail dat 17.12.2013. Det gjeld første sideveg til den foreslåtte Nerstølsvegen, som har 5 hus inkl. fritidsbustader, bedehuset og gamle Glomset skule. To frådelingar i det aktuelle området kjem frå gnr 8/1, resten frå gnr 8/2 som har bruksnamnet Bakken. I høyringa er vegen lagt ut med namneforslaget Bakken. Skodje Bondelag: Foreslår Bakkevegen, gammal bygdeveg, og strekningen mellom dei to kryssingane med fv 656 i dag, må sjåast som ein heilskap. Denne vegstrekningen ligg for det meste på innmark som opphavleg tilhøyrde gnr 8 bnr 2, Bakken. Primærnamnet her tilseier at vegnamnet naturleg må vere Bakkevegen. Styret v/glomset bedehus: Foreslår namnet Bakkevegen. Påpeiker faktafeil i saksutgreiinga, og meiner grunneigarar langs vegen burde blitt rådspurt før behandling i namnenemda. Meiner elles at namnet bør vere på heile strekninga som knyter seg til fv 656 i begge endar. Namnenemda: Merknadene frå bondelag og bedehusstyre gir mange faktaopplysningar som namnenemda tek til vitande. 2
Namnenemda ser det uheldig å gje same vegnamn til heile strekninga som knyter seg til fv 656 i begge endar. Det er ikkje råd med bil å kome opp på Bakken frå aust då delar av strekninga er gangrås. Ukjende som berre brukar GPS-styring kan kome til å prøve å køyre der. Bakkevegen er elles allereie brukt som vegnamn i kommunen. Skodje namnenemd tilrår namnet Bakken. Sak 4/15: Fylling namn på veg Vedtak i formannskapet i sak 47/14: «Formannskapet gjer om inkje vedtak i sak 23/14 om namneval for veg nr. 16, og foreslår namnet Peder Fyllings veg. Saka går tilbake til namnenemnda for ny handsaming». Vegen startar ved Fv 106 på Fylling og går austover ca 1 km til Solli. Skodje Bondelag: Støttar forslaget Peder Fyllings veg. Dersom det andre alternativet skal veljast, bør det skrivast Hjellvegen, for å få fram at det er eit vegnamn. Liv S. Helgesen støttar forslaget Peder Fyllings veg. Vetle Tronstad stiller spørsmål om det har vore rett å ta opp att denne namnesaka når klageretten berre gjeld skrivemåte. Lena Gulbrandsen held fram at namnet Hjellen må takast vare på. Torgeir Fylling meiner endepunktet må styre vegnamnet som då blir Sollivegen. Per Fylling peiker på at Solli er den siste staden på vegen, og vegen Solliveien vil vere naturleg val. Inger Bakke grunngir også forslaget sitt Sollivegen med at vegen endar på garden Solli. Tone Fylling held fram i sitt innspel at ho bur på Hjellen og brukar i dag nemninga «vegen fram til Sollid». Ho ønskjer adresse knytt til Sollidvegen. Skodje namnenemd har tilrådd Hjellen som namn på vegen. Første delen av vegen går på Hjellen, som har fått namnet etter ein hjell, ei høgd i lendet som er flat oppå. Det har vore mykje kol- og tjørebrenning oppå denne flate høgda gjennom fleire hundreår, derav namn som tjørehjell. I den nye høyringsrunden støttar to merknader opp under Hjellen/Hjellvegen. Formannskapet ba om ny høyringsrunde med Peder Fyllings veg som aktuelt namn. Grunngjevinga er å kalle opp att denne vegen etter Peder Fylling for innsatsen han på 1800-talet gjorde som folkeminnesamlar, bok- og antikvitetssamlar, lokalhistorikar og forfatter av kulturhistoriske bøker og skrifter. I den nye høyringsrunden støttar to merknader opp under Peder Fyllings veg. I den siste høyringsrunden er det kome inn fire forslag på å kalle vegen Sollivegen, m.a. frå to som vil få vegadresse ved vegen. Grunngjevinga er å bruke stadnamnet på endepunktet som grunnlag for vegnamnet. Sollivegen var lagt ut som aktuelt namn i første høyringsrunde, men ikkje siste. Vetle Tronstad stiller spørsmål om det har vore rett å ta opp att denne namnesaka når klageretten berre gjeld skrivemåte. Eit politisk organ kan i mange saker gjere om inkje eigne vedtak. Det kan likevel ha konsekvensar for korleis folk oppfattar gyldigheita av politiske vedtak når det blir gjort avvik frå det folk oppfattar som reglar i saksbehandlinga. 3
Skodje namnenemd legg alle dei fire aktuelle namneforslaga fram for drøfting og vedtak, utan nærare tilråding. Hjellen Hjellvegen Peder Fyllings veg Sollivegen Sak 5/15: Skodje sentrum namn på område Teknisk avdeling v/ingunn Stette tok i mai dat 21.10. kontakt for å få namnsett eit område: «Planen heiter foreløpig «områdeplan for gnr.23 Bnr.7, 146 og 193 med fleire - Skodje sentrum. Om vi ikkje får eit namn som kan dekkje heile planområdet, treng vi i alle fall namn på det nye offentlege området». Området er skilt ut frå gnr 23/7, som har namnet Birkelund, jf Bygdebok for Skodje, band 1 s 585. Aktuelle namn lagt ut på høyring er Birkelunden, etter gardsnamnet, og Emmamarka etter Emma Johansdatter Birkelund f. 1915, som saman med Rasmus Hatlelid (g. 1944) har vore brukarar i nyare tid på Birkelund. Skodje Bondelag: Foreslår Runnane, fordi det er det namnet som til vanleg er brukt på området. Liv S. Helgesen støttar forslaget Birkelunden Stadnamntenesta tilrår Emmamarka. Line M. Sandven synest Emmamarka er eit koseleg namn. Namnenemda: Runnane er som bondelaget påpeiker mykje brukt som namn på heile innmarka til gnr 23/7, Birkelund. Emmamarka vil bli eit eksklusivt namn på det aktuelle området som no er utskilt og skal namnsetjast. Skodje namnenemd tilrår namnet Emmamarka. Sak 6/15: Engesetdal namn på bygd I mail dat 25.08.15 tek Statens Vegvesen kontakt med Skodje kommune v/bent Leite og etterspør godkjent namn på bygda Engesetdal: «Viser til samtale om skilting til Engesetdal, og manglende stedsnavn registrert i kartverket. Setter stor pris på tilbakemelding når navnet har blitt vedtatt/avslått». I mail frå kartverket v/gaasvik blir ansvar for namnsetjing plassert: «I lov om stadnamn. 5 Fastsetjing av skrivemåten står det i andre avsnitt: Kommunen gjer vedtak om skrivemåten av offisiell adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg og liknande. Bygder er ikkje nemnt, men KD meiner dei høyrer saman med namneobjekta som kommunen har ansvaret for». I samband med ny stadnamnlov gjorde Kartverket i 1992 ein omfattande jobb med å fastsetje primærnamn for stader i heile Noreg. I SSR Sentralt stadnamnsregister - er vedteken skrivemåte frå 1992 for gardsnamnet Engset, og t.d. Engsetdalsvatnet som namn på vatnet. Skodje kommune har i 2007 vedteke Engsetdalsvegen med presiseringa «fylkesvegen til Engsetdalen». 4
Namnenemda la ut både Engesetdal og Engsetdal som aktuelle namn i høyringa. Skodje Bondelag: Foreslår Engsetdalen fordi det best tek vare på den nedervde uttalen. Liv S. Helgesen støttar forslaget Engesetdal. Stadnamnstenesta tilrår at bygdenamnet blir skrive i bunden form med skrivemåten Engsetdalen. Kirsti Strand gjer framlegg om å halde på Engesetdal som namn på bygda. Ho peiker på at denne skrivemåten er innarbeidd over lang tid. Mange har Engeset som familienamn og endring vil skape forvirring. Ei endring av skrivemåten vil vidare føre til kostbare utlegg til nye skilt og kart. Torill Vegsund Terøy støttar Engesetdal. Egil Fjellheim støttar Engesetdal Namnenemda legg til grunn i tilrådinga fastsetjing av primærnamn og hovudprinsippet med bruk av bunden form. Dette blir understreka både av bondelaget og stadnamnstenesta. Skodje namnenemd tilrår namnet Engsetdalen. 5